Kunst og kultur i skulesekken! Skuleåret 2019/20

Page 1

Kunst og kultur i skulesekken! ©ELIN GRIMSTAD

SKULEÅRET 2019/20

www.skulesekken.no

www.skulesekken.no


Kunst og kultur i skulesekken! Den kulturelle skulesekken (DKS) tilbyr alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring eit mangfaldig tilbod innan kunst og kultur. Tilbodet 2019/2020 er som tidlegare sett saman av ulike kunst- og kulturuttrykk; musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, film og kulturarv. Vi vonar tilboda vil gje elevane gode møte og fine opplevingar, og ynskjer lukke til! Godt skuleår!

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN SOGN OG FJORDANE Øyvind Høstaker, fagkoordinator Trygve Apalset, rådgjevar Guro Høyvik, rådgjevar Solfrid Bygstad, turnekonsulent Øyvind Lyslo, produsent

2


3 Foto: Tingh


Produksjon

Uttrykk

Innhald

Klasse

Geitejazz

Scenekunst

I denne framsyninga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane»

1.-4.

Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Naustdal

Konrad Kråkebolle

Musikk

På konserten ”Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar” har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for barn basert på ei bok av Lisbeth Dreyer, illustrert av Per Ragnar Møkleby.

1.-4.

Flora, Gaular, Gulen, Solund

Hus i hodet

Visuell kunst

Utstillinga viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå eventyrpalass til utedo

1.-4.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Vesleblakken

Scenekunst

Dramatisering av novella "Vesleblakken"

1.-4.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Bufaste tonar

Musikk

På denne konserten får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel som tek elevane med på ei folkemusikalsk reise i Sogn og Fjordane.

1.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Slåttar og stev, rim og regler

Musikk

Ein konsert med dei tre unge folkemusikarane Malin Alander (folkesong), Ingrid Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel).

1.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Tungeskjærerne

Film

Vi er i Nord-Noreg, i Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud.

1.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Farfars bombekrater

Litteratur/ Scenekunst

Eit nært og konkret bilde på korleis krig kan påverke ein heilt vanleg famile.

1.-7.

Askvoll, Fjaler, Flora, Hyllestad

Smeltedigelen

Musikk

Bli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop.

1.-7.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les for livet!

Litteratur

To framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.

5.-7.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Verken fugl eller fisk

Visuell kunst

Ein undrande og fargerik workshop der elevane byggjer fuglar og fisk ved hjelp av små plastbitar funne på norske og europeiske strender

5.-7.

Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund

Ringeren i Notre Dame

Scenekunst

Spennande klassikar for barn og unge!

5.-7.

Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund

Evige jaktmarker

Film

Animasjonsfilm der to barn leikar i et ope og vilt kystlandskap. Der leiter dei etter daude dyr som dei tek med til sin eigen gravplass.

5.-7.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Tidskapselen

Kulturarv

Kva har vi med oss frå fortida og kva skal vi vise framtida?

Forfattarbesøk Terje Torkildsen

Litteratur

Forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing.

8.-10.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy, Førde, Sogndal, Vik

Eit lite stykke Brasil

Musikk

I konserten fortel Gabriela, Per Olav og Audun om sin kjærleik til den brasilianske musikken, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine.

8.-10.

Heile fylket

En folkefiende

Scenekunst

Ibsen-klassikar som er tilrettelagt for ungdom. Tema rundt korleis vi kan takle dagens samfunnsproblem når vi ikkje lenger kan snakke, lytte og diskutere med kvarandre?

8.-10.

Fjaler

Adoptert nynorskforfattar

Litteratur

Brynjulf Jung Tjønn viser kor viktig nynorsk er for han. Ei reise til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar.

8.-10.

Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund

Forfattarmøte Anders Totland

Litteratur

Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive om natur, miljø og klima.

8.-10.

Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal

Møtepunkt himmel og jord

Kulturarv

Ressurskasse som skulane kan bestille med tema: dei fire verdsreligionane

1.-10.

På bestillling

James Bond

Scenekunst

Teaterframsyning med fem skodespelarar i forrykande tempo.

VGS

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Melting

Scenekunst

VGS

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

9.

Kommunar

Heile fylket


Innhald Kunst og kultur i skulesekken!. . . . . . . . . 2

Smeltedigelen

Om Den kulturelle skulesekken (DKS). . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 6

Møtepunkt himmel og jord. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18

Program 2019–2020. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8

Les for livet!

Geitejazz.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 9

Verken fugl eller fisk - i et hav av plast. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20

Konrad Kråkebolle. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10 Hus i hodet. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Vesleblakken. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12 Bufaste tonar

.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

13

Slåttar og stev, rim og regler. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Tungeskjærerne

.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

15

Farfars bombekrater. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16

.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

...................................

Ringeren i Notre- Dame

................

17

19

21

Adoptert nynorskforfattar

.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

27

Forfattarmøte: Anders Totland – Litteratur på dagsturhyttene . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 28 .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

29

.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

30

James Bond Melting

Evige jaktmarker.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 22 Tidskapselen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 23 Forfattarbesøk med Terje Torkildsen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 24 Eit lite stykke Brasil. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 En folkefiende.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26

5


Om Den kulturelle skulesekken (DKS) Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar og bygger på at «Kunst og kultur gjev opplevingar som kan vere avgjerande for det enkelte mennesket sin personlegdom og livskvalitet» St.meld. nr. 8 2007 – 2008. Den kulturelle skulesekken (DKS) vart i 2001 vedteken som Stortinget si nasjonale satsing på kunst og kultur til barn og unge. Frå regjeringshald heiter det at ein «har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet». Eit hovudmål skal vere «å medverke til gode vilkår for å formidle kunst og kultur», og vidare at «Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem frå». Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Norge er den overordna etaten for Den kulturelle skulesekken.

6

Det er fylkeskommunen som administrerer ordninga for Sogn og Fjordane, der kvar elev i grunnskulen får tre til fire profesjonelle kunst- og kulturtilbod kvart skuleår. I tillegg er det tilbod til alle elevane i vidaregåande opplæring. Skuleåret 2019-2020 blir det siste i noverande organisering av DKS. Frå skuleåret 2020-2021 blir Hordaland- og Sogn og Fjordane

fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune. Dette vil også medføre endingar for organiseringa av Den kulturelle skulesekken.

Nasjonale og lokale aktørar Fylkeskommunen har eit stort nettverk av nasjonale og lokale aktørar, utøvarar og grupper ein samarbeider med. I skuleåret 2018 – 2019 var dette mellom andre Sogn og Fjordane teater, distriktsmusikarane, fylkesbiblioteket og Musea i Sogn og Fjordane.

Økonomi DKS vert finansiert av overskotet til Norsk Tipping. Kommunane disponerer 1/3 av midlane for grunnskulane og 2/3 av dei vert brukt til turnéar i regi av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ansvar for å dekke kostnadane knytt til administreringa av ordninga.

Les meir om Den kulturelle skulesekken her


Kontaktinfo Nettside Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har si eiga nettside, www.skulesekken.no, med informasjon om skulesekken og dei ulike produksjonane.

Facebook På Facebook kan du følgje oss, gje tilbakemeldingar og få nyhende om aktuelle saker.

Kulturkonferansen «Felles barn, felles ansvar» Kvar haust arrangerer UKM, Kulturskulerådet og DKS ein felles konferanse. I år vert konferansen arrangert 31. oktober – 1. november og vender seg i første rekke til leiarane og dei ansvarlege for ordningane i kommunane. Informasjon om påmelding m.m. vert sendt til skulane og tilgjengeleg på www.skulesekken.no

E-post postmottak.kultur@sfj.no

Telefon 57 63 80 00

Postadresse Sogn og Fjordane fylkeskommune Nærings- og kulturavdelinga, Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde

7


IBSEN IE SOFIE

JENSEN

OG LARS

AL

© O AM

0 2 0 2 – 9 1 0 2 m Progra

8

1.–4. klasse

1.–7. klasse

5.–7. klasse

8.–10. klasse

VG1

VG2

VG3

HALVOR

SSEN ANDREA


1.–4. klasse

I denne framsyninga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». I eventyret møter vi geitemamma og dei sju geitekillingane hennar, i tillegg til ein litt småsvolten ulv. Ein dag må geitemora ut for å leite etter mat og dei sju killingane må vere att aleine heime. Ho gir killingane sine streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for nokon, og iallfall ikkje ulven. Killingane gjer så godt dei kan, men ulven kan mange triks som ein må ha levd i fleire geiteår for å kunne gjennomskue. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane sine. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? Framsyninga er eit samarbeid med Sogn og Fjordane Teater. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

© ESPEN NYTTINGNES, RAKKAR AS

Geitejazz

Idun Losnegård og Jacob Wyrtz Musikk, jazz 1.- 4. klasse Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Naustdal.

9 Les meir om tilbodet


Konrad Kråkebolle

©KONRAD KRÅKEBOLLE

1.–4. klasse

Medverkande: Lena Skjerdal, song, Knut Lothe, perkusjon, Erik Halvorsen, tangentar Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-4. klasse Kommunar: Flora, Gaular, Gulen, Solund Les meir om tilbodet

10

©KONRAD KRÅKEBOLLE

På konserten ”Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar” har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for barn basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.


TTEN ©KULTURSKA

Hus i hodet

1.–4. klasse

Utstillinga Hus i hodet består av 24 plansjar som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Dette tilbodet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane. Gjennom utstillinga og samtale med formidlar får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid - og utan avansert teknologi. Medverkande: Morten Kildevæld Larsen Uttrykk: Visuell kunst - arkitektur Målgruppe: 1. – 4. klasse Kommunar: Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland, Lærdal, Førde

11 Les meir om tilbodet


1.–4. klasse

Vesleblakken

Framsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødelig då Nordahl Rolfsen tok den med i boka «Lesebok for folkeskolen.» Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskeste hesten på garden og barna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok. Medverkande: Teater Grimsborken Uttrykk: Teater Målgruppe: 1.-4.klasse Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

12 Les meir om tilbodet

SEN ©ATLE KNUT


Bufaste tonar Når vi er i lag med andre, kan det ofte vere fint med musikk til spel, song eller dans. Slik var det også før i tida. Slåttar, songar og stev vart lært vidare og spreidd til nye delar av landet. Dei beste spelemennene sette kvarandre i stemne på dei store marknadane til kappspel og for å tene seg ein slant. Dette var møtepunkt der slåttar og songar vart vidareført, og mange drog heim med ny musikk og nye musikalske impulsar.

Les meir om tilbodet

©BUFASTE TONAR

På konserten «Bufaste tonar» får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel. Dei vil ta publikum med på ei folkemusikalsk reise der elevane får møte den levande tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og sjølve få oppleve korleis folke­musikk kan vidareførast frå generasjon til generasjon i munnleg tradisjon. Elevane skal i løpet av konserten også få lære seg ein song, og ei regle eller to.

1.–7. klasse

Medverkande: Judith Vestrheim, Håkon Høgemo og Tom Karlsrud Uttrykk: Musikk/Folkemusikk Målgruppe: 1.-7. klasse Kommunar: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal.

13


1.–7. klasse

I dette programmet får elevane møte tre av våre fremste unge folkemusikarar Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og fengande meny med både gneistrande slåttespel, vakre folke­tonar, stev, rim og regler, som elevane også skal få lære seg nokre av. Kanskje blir det tid til litt dans også?

© M S LJONES

Slåttar og stev, rim og regler

Medverkande: Malin Alander, Ole Nilssen, Ingrid Stuhaug Uttrykk: Folkemusikk Målgruppe: 1.-7. klasse Kommunar: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy. Les meir om tilbodet

©EIVIND-KAASIN.

14


Tungeskjærerne Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.

1.–7. klasse

På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg. Medverkande: Solveig Melkeraaen, regissør Uttrykk: Film Målgruppe: 1. – 7. klasse Kommunar: Jølster, Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Selje, Vågsøy, Bremanger

Les meir om tilbodet

RATØRENE

©MEDIEOPE

15


1.–7. klasse

«Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gongen du nesten vart arrestert!»

©ADELE LÆRUM DUUS

Farfars bombekrater

I denne spennande teaterframsyninga får elevane oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos til middag, ikkje ha lov til å gå med nisselue eller høyre på radio, og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm? Kva skjer når doktorhuset vert treft av ei bombe i aprildagane i 1940?

16

Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus spelar ut historiene som farfaren hennar fortalde då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebyte, bilete og musikk. Historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater». Framsyninga gir eit nært bilete av korleis krig kan påverke ein heilt vanleg familie, og viser korleis håp, humor, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår. Les meir om tilbodet

Medverkande: Adele Lærum Duus Uttrykk: Scenekunst Målgruppe: 1.-7. klasse Kommunar: Askvoll, Fjaler, Flora, Hyllestad


Smeltedigelen Bli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop. På konserten vert det både klassisk musikk av Bach og opera av Handel, godt blanda saman med populære låtar av nyare dato. Elevane skal også medverke på deler av konserten.

1.–7. klasse

Medverkande: Distriktsmusikarane i Gloppen Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7.klasse Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

© ØYVIND LYSLO

Les meir om tilbodet

17


Møtepunkt himmel og jord «Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk» - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka. «Møtepunkt himmel og jord» består av ei innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytt til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion. Ressurskassen vert sendt kostnadsfritt til dei skulane som melder interesse.

1.–10. klasse

Sentrale emne i «Møtepunkt himmel og jord» er religiøst mangfald og integreringsproblematikk, og er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for KRL og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege samanhengar. Uttrykk: Målgruppe: Kommunar: ©ILLUSTRASJONSFOTO

18

Visuell kunst 1.–10. klasse På bestilling

Les meir om tilbodet


Les for livet! I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.

©VIGDIS NIELSEN

Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i.

©VIGDIS NIELSEN

Dei to menneska elevane møter i framsyninga Les for livet!, er fanga i romsonden Littera. Etter at klimaendringar gjorde jorda uleveleg i år 2018, måtte menneska flytte til ein romstasjon. No, mange tusen år seinare, er det mogeleg å bu på jorda igjen, men for å få lov til å vende tilbake, må dei to i romsonden løyse eit livsviktig oppdrag!

5.–7. klasse

Medverkande: Siri Beate Fossum og Kim Helge Strømmen Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 5.-7. klasse Kommunar: Flora, Naustdal, Gaular, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Solund, Gulen, Jølster, Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Selje, Vågsøy, Bremanger

19 Les meir om tilbodet


© PRESTGAARD/ANDERSEN

Kvifor er det så mykje plast i havet? Kvar kjem all plasten frå? Kva skjer med fuglar og fisk når dei et plast? Dette er spørsmål miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen tar opp i møtet med elevane.

1.–7. steg

© PRESTGAARD/ANDERSEN

5.–7. klasse

20

Verken fugl eller fisk - i et hav av plast

”Verken fugl eller fisk” er ein undrande og fargerik workshop der elevane byggjer fuglar og fisk ved hjelp av små plastbitar funne på norske og europeiske strender. Bilda som vert laga på workshopen kan skrivast ut slik at skulane kan lage eigne utstillingar med kunstverka elevaene produserer. ”Verken fugl eller fisk” har gjenbruk, resirkulering og økologi som sentrale emne. Workshopen er eit godt utgangspunkt for tverrfagleg læring og er godt tilpassa Kunnskapsløftet. Medverkande: Kari Prestgaard og Astor Andersen Uttrykk: Visuell kunst Målgruppe: 5. - 7. klasse Kommunar: Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund. Les meir om tilbodet


Ringeren i Notre- Dame Spennande klassikar for barn og unge! Ei natt blir eit lite deformert barn funne på steintrappa til Notre-Dame i Paris. Eit barn ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har barnet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.

5.–7. klasse

Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 25 forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for framsyninga. Medverkande: Anders Sanzén, Bo Platzack, Uttrykk: Scenekunst Målgruppe: 5.-7.klasse Kommunar: Askvoll, Flora, Naustdal, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Gulen, Solund. Les meir om tilbodet

©LP

Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre-Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre-Dame i Paris på 1400-tallet. Historia om den pukkelrygga Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botnen ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.

21


©ELIN GRIMSTAD

Evige jaktmarker I animasjonsfilmen «Evige jaktmarker» leikar to barn i et ope og vilt kystlandskap. Der leitar dei etter døde dyr som dei tek med til sin eigen gravplass. I bornas leik vaknar dyra opp til et vakkert dyreparadis. Alt i filmen er laga av papir, og resultatet er eit fascinerande, detaljrikt visuelt uttrykk. Animatør og regissør Elin Grimstad besøker skulen med sin unike animasjonsfilm. Ho har med dokker og rekvisittar frå filmen som blir presentert i ei lita utstilling. Grimstad vil også animere «live» og forklare elevane korleis denne spesielle filmen har blitt laga. Det blir tid til samtalar og refleksjon rundt tema i filmen: liv/død, ritual, tru og tvil. ©ELIN GRIMSTAD

©ELIN GRIMSTAD

5.–7. klasse

22

Medverkande Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Elin Grimstad Film 5. – 7. klasse Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet


Også i år vil elevane på 9. steg i fylket få kulturarvtilbodet «Tidskapselen». I samarbeid har DKS og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet, der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø. «Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

©LARS OPSTAD

Tidskapselen

9. klasse

Medverkande: Musea i Sogn og Fjordane Uttrykk: Kulturarv Målgruppe: 9. klasse Kommunar: Heile fylket Lenkjer til tilboda på dei ulike musea

23


© MARIUS VERVIK

Forfattarbesøk med Terje Torkildsen Dette er eit forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing. Torkildsen har jobba som standup-komikar i tjue år og brukar mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Han skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.

8.-10. klasse

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Litteratur 8.- 10.klasse Førde, Sogndal, Vik, Jølster, Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid, Selje, Vågsøy, Bremanger

Les meir om tilbodet

24


© ØYGARDEN SKULE

Eit lite stykke Brasil Brasiliansk musikk i tidlaust trioformat. Gabriela, Per og Audun har gjennom åra lært seg ulike instrument, dei har vore innom mange forskjellige musikksjangrar og samarbeidd med mange musikarar dei har møtt på sin veg. Det bergenske musikkmiljøet førte desse tre saman, og dei fann raskt «tonen». Kjærleiken til den brasilianske musikken vart ein fellesnemnar. På konserten fortel dei korleis denne kjærleiken oppstod, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Gabriela Lie Garrudo, Per Olav Kobberstad, Audun Humberset Musikk/world samtid 8.-10. klasse Alle kommunane i fylket

8.-10. klasse

Les meir om tilbodet

25


© TINGH

En folkefiende

Uttrykk: Teater Målgruppe: 8.-10.klasse Kommunar: Fjaler

Les meir om tilbodet:

26

© TINGH

8.-10. klasse

© TINGH

Den kulturelle skulesekken samarbeider også i år med teaterfestivalen i Fjaler. Teaterproduksjonen «En folkefiende» med Teateret vårt vert synt for ungdomsskuleelevar i Fjaler. Stykket er ein Ibsen-klassikar som er tilrettelagt for ungdom. Handlinga tek opp tema rundt korleis vi kan takle dagens samfunnsproblem når vi ikkje lenger kan snakke, lytte og diskutere med kvarandre?


© FREDRIK ARFFCAPPELEN DAMM

Adoptert nynorskforfattar Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn og Fjordane stilt seg ofte. Då han voks opp følte han seg annleis enn dei andre barna og lengta bort. Han flytta til Oslo og slutta å skrive på nynorsk. Men etter ei stund skjønte han at dette var feil. Etter å ha vakse opp med nynorsk, forstod han at nynorsken var altfor viktig del av identiteten hans.

8.-10. klasse

I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar.

Les meir om tilbodet

Medverkande: Brynjulf Jung Tjønn Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 8. – 10. klasse Kommunar: Flora, Naustdal, Gaular, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Solund, Gulen

27


© PER EGIL LARSEN

Forfattarmøte: Anders Totland – Litteratur på dagsturhyttene Verda er i forandring. Kvifor endrar klimaet seg? Er det mogleg å forstå, mogleg å gjere noko med? Kva betyr livsstilen vår for miljøet? Korleis kan vi ta miljøvenlege val? Og er vi eigentleg villige til å gjere det som må til?

8.-10. klasse

Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive ein tekst som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss. Medverkande: Anders Totland Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 8. – 10. klasse Kommunar: Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal.

28

Dette tilbodet er eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket, folkebibliotek og Den kulturelle skulesekken, og blir gitt på dagsturhyttene i dei aktuelle kommunane Les meir om tilbodet


«James Bond» Ein scenisk versjon av den ikoniske filmen GoldenEye. Det er laga som teikneserieteater, ei leiken og actionfylt uttrykksform full av humor, harselas og kjende referansar. Skodespelarane brukar ikkje kostymer eller kulisser; alt frå motorsyklar til pinballmaskinar vert gjort levande gjennom aktørane sine eigne kroppar. Når dei så skal spele ut ein to timar lang film på berre 20 minutt, er det klart at dette blir ei framsyning i eit forrykande tempo.

© AMALIE SOFIE IBSEN JENSEN OG LARS HALVOR ANDREASSEN

James Bond

«Rett under nesa på oss» Eit engasjerande drama der ekteparet Herman og Viktoria Kakk lever liva sine tilsynelatande utan bekymringar. Men når Herman ein dag heilt uventa seier han vil skiljast, vert verda til Viktoria snudd på hovudet. Brått kjem ho i sentrum av ei dramatisk politietterforsking. Skodespelarane brukar ikkje kostymer eller kulisser; alt frå motorsyklar til pinballmaskinar vert gjort levande gjennom aktørane sine eigne kroppar. Når dei så skal spele ut to omfattande handlingar på berre 50 minutt, er det klart at dette blir ei framsyning i eit forrykande tempo.

Framsyninga er sett saman av to uavhengige produksjonar. Medverkande: Feil teater Uttrykk: Scenekunst Målgruppe: VG1, 2 OG 3 Kommunar: heile fylket Les meir om tilbodet

VG1 VG2 VG3

29


©TRYGVE SOLHEIM

Melting Kva skjer når kloden smeltar? Veit du eigentleg kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO2 det kostar å laga ei teaterframsyninga? MELTING er tre ting på ei gong; føredrag, konsert og teater. MELTING er politisk analyse, musikk framført på vinglas, og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket.

30

Les meir om tilbodet

© AMUND SJØLIE

VG1 VG2 VG3

©THOR BRØDRESKIFT

Medverkande: Amund Sjølie Sveen, Anne Hytta, Kathrine Schiøtt Uttrykk: Musikk/scenekunst Målgruppe: VG1-VG3 Kommunar: Dei vidaregåande skulane i fylket


FRÅ TEATERFESTIVALEN, © DAVID ZADIG.


NÌrings- og kulturavdelinga Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde 57 63 80 00 post@sfj.no www.sfj.no www.skulesekken.no

32


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.