Forskningsdaganehefte 2016

Page 1

22.–29. september 2016

Tema: Grenser


FORSKINGSDAGANE 2016 Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I 2016 er det nasjonale temaet «Grenser». Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn tusen arrangement over heile landet og vert i 2016 arrangert for 22. gong. Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum og næringsliv står bak.

Ansvarleg utgjevar

Foto

Kontor for samfunnskontakt

Kib & Morits, Tone Solhaug, Olav Standal Tangen, Marte Aubert, Marius Beck Dahle, Joachim Åsebø

Redaksjon og produksjon Geir Tangen og

Web

Tone Solhaug

hivolda.no/forskingsdagane facebook.com/hivolda

Design Kib & Morits www.kibogmorits.no

Arrangementa er gratis og opne for alle. Trykk Printing As


Velkomne til Forskingsdagane 2016! Høgskulen i Volda driv omfattande forskings- og utviklings­arbeid. Forskarane våre er blant landets fremste i vitskapleg publisering. Til dagleg er det mest kollegaer og studentar som får del i denne forskingsaktiviteten. Gjennom dei nasjonale Forskingsdagane blir forskarane ut­fordra til å fortelje om forskinga si til eit breiare publikum – til å gå i dialog med sin region, til å drive forskings­kommunikasjon.

Johann Roppen rektor

Hovudtemaet for Forskingsdagane er i år «Grenser». Innanfor dette temaet er det mange møtepunkt mellom arbeidsliv, næringsliv og organisasjonsliv i regionen og forsking ved Høgskulen i Volda. Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda, og eg håper resultatet blir mange spennande samtalar om fag og forsking. Forskingsdagane 2016

3


Innhald 22.09 22.09 23.09 23.09 24.09 24.09 24.09 25.09 25.09 26.09 26.09 26.09 26.09 26.09 27.09 27.09 27.09 27.09 27.09 27.09 27.09 27.09 27.09 28.09 29.09 29.09

U H/N

H H H K

V K/I

H Å H H R H H H H H S R H R R H H

H R I K N

4

Grenseoverskriding eller grensesetjing? Animasjon i Volda Opning av Forskingsdagane 2016 og utdeling av FoU-prisen Seminar: «A Train to Spain» Grensesprengjande rørsleleik «12-konsert» Samfunnshistorisk vandring i Volda Matkultur i Volda Bygdetun Bibel over alle grenser – høgmesse og seminar Egypts første grensekrig Ora et labora-prosjektet Juridiske grenser for publisering av personbilder på sosiale medier Digitale grenser? Om skjeringspunktet mellom teknologi og media Mastermøte – dokumentar og journalistikk Samfunnsplanleggingsdagen Mastermøte – undervisning og læring Avhandlingsforum LimIT unlimIT Det siste limet Utfordre dine fysiske grenser med trening som fungerer Animerte grenser Fagseminar for praksislærarar Pecha Kucha Onsdagskviss Donald Trump, Sørstatane og presidentvalet i USA Hvordan er det å være ateist i USA?

Høgskulen i Volda Studenthuset Rokken Ivar Aasen-tunet Volda kyrkje Norsk Animasjonsentrum

V S U Å

6 7 8 9 10 11 12 13 14 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 30 31 32 33

Volda Bygdetun Stamina Trening Volda Ulsteinvik Ålesund

Forskingsdagane 2016


Utan grenser trasjon: Vladystock/Shutterstock. Design: Jan Neste

Grensesprengande festivali Grensesprengjande festival Krisekommunikasjon i det moderne regi av Noregs forskingsrĂĽd i regi av Noregs forskingsrĂĽd samfunn - kasus og teori s. XX

Forskingsdagane 2016

forskningsdagene.no

5


Grenseoverskriding eller grensesetjing? Den lutherske reformasjonen i Noreg Torsdag 22. september 19.00 Senioruniversitetet i Ulstein, Ulsteinvik

I 2017 blir det feira 500-årsjubileum for den lutherske reformasjonen. I Noreg tok det rett nok enda tjue år før reformasjonen blei innført. Dette blir gjerne karakterisert som ei grensesprengjande hending, eit ledd i religiøs frigjering og modernisering. Men var det òg slik at reformasjonen sette nye grenser? Foredrag ved professor Anders Aschim, Institutt for religion, livssyn og kyrkje­­fag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda. Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein.

6

Forskingsdagane 2016


Animasjon i Volda Eit internasjonalt senter for animasjonsfilm Peter Lord er grunnleggjar og leiar av Aardman Animations, det leiande dokke­­­film/stop-motion-studioet i verda (Wallace & Gromit, Sauen Shaun, Morph, Pirates). Som nytilsett professor ved Høgskulen i Volda held Lord ei open illustrert tiltredingsforelesning, ei storhending alle animasjonsskular i verda misunner oss. Filmfestivalen Animation Volda blir i år arrangert for tiande gong. Festivalen vil i år feire seg sjølv og animasjons­utdanninga ved Høgskulen i Volda ved å invitere tilbake gamle studentar og tidlegare gjester. Lista over norske og inter­nasjonale animatørar vitnar om den sentrale posisjonen Volda har i norsk og internasjonal animasjon. Sjå eige programhefte. www.animationvolda.com. I galleriet til Norsk Animasjonsentrum vert det utstilling av teikningar og celler frå musikkvideoar med Tom Waits, Peter Gabriel, a-ha, «U», Moto­ psycho. Hovud­fokus er den første utstillinga av teikningar og celler frå musikkvideoen ‘Tom Waits for No One’ av John Lamb. www.tomwaitsfornoone.com. Forskingsdagane 2016

Torsdag 22. september 16.00 Rom 161 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

22.–25. september Volda Filmteater

Torsdag 22. september 18.30 Hamnegata 10 Volda

7


FOU-prisen 2016 Prisutdeling med opning av Forskingsdagane 2016 FoU-prisen for 2016 går til førstelektor Reidun Aambø ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Reidun Aambø er ein pro­du­ktiv forskar og formidlar. Ho har ei svært stor breidde i forskingsproduksjonen sin og har skrive for både lek og lærd.

Fredag 23. september 11.00

Ho har vore redaktør for og skrive eigne artiklar som presenterer forskinga hennar i fagbøker som når eit smalare fagorientert publikum, t.d. i boka Litteraturmøte (1999). Her presenterer ho nybrotsarbeid innanfor feltet litteratur av og for innvandrarar/minoritetsspråklege. Fleire av artiklane der, både hennar eigne og andre, har funne vegen til pensumlister innan for høgre utdanning.

Høgskulen i Volda Biblioteket

Som lærar på NIS (før NUS) i 25 år har ho lese og retta tekstane til studentar frå snart hundre ulike land, og ho har interessert seg for deira møte med den norske akademiske skrivekulturen. Aambø har også vore redaktør for boka Typisk norsk å være uhøflig?, som kom i 2005. Boka er kanskje retta mot eit breiare publikum, men også her har redaktørens innleiingskapittel, omsett til fleire språk som t.d. kinesisk og swahili, funne vegen til pensumlister. FoU-diplomet er utforma av Thomas Lewe, Avdeling for mediefag. Det vert musikalsk innslag ved Magnar Åm, Avdeling for kulturfag. Alle er hjarteleg velkomne til FoU-prisutdelinga og opninga av Forskings­ dagane 2016.

8

Forskingsdagane 2016


A Train to Spain Seminar om dokumentarisk kunst- og filmprosjekt Det er 80 år sidan den spanske borgarkrigen braut ut. «A Train to Spain» (ATTS) er eit nordisk dokumentarisk kunst- og filmprosjekt som presenterer nordiske frivillige soldatar og helsepersonell som drog til Spania for å slåst mot fascismen. Det var ikkje lov for nordmenn å reise til Spania for å slåst mot Franco. Mange gjorde det likevel. Dei internasjonale brigadane er myte-omspunne, men historia om dei er likevel lite kjend i dag. Historia om den spanske borgarkrigen har kome i skuggen av den andre verdskrigen. «A Train to Spain» håpar gjennom prosjektet å auke kunnskapen om borgarkrigen ikkje minst hos ungdomen. «A Train to Spain» starta i Tampere i Finland og har reist via Stockholm, Førde, Oslo, København og til Malaga, Albucete og Alcoy i Spania. Høg­ skulen i Volda er norsk koordinator for dette grensespengjande prosjektet. Nylaga dokumentarar om ungdomen Martin Schei frå Førde som fall under borgarkrigen, og om dei frivillige helsearbeidarane ved det svensk-norske hospitalet i Alcoy vil bli presenterte av Jon Olav Myklebust og Gunnar Strøm. Filmane er baserte på bøker som Jon Olav Myklebust har publisert saman med Ottar Årdal og Angel Beneito Lloris. «Den frivillige» om Martin Schei frå Førde er regissert av Turid Rogne og Kieran Kolle. Filmen er produsert av filmselskapet Aldeles i Bergen av Elisabeth Kleppe. Fleire små filmar om hospitalet i Alcoy er regisserte av Sebastian Holsen og produserte av Gunnar Strøm.

Fredag 23. september 12.15–14.00 Rom 159 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda Vandreutstillinga «A Train to Spain» vert vist i biblioteket, Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda, under Forskingsdagane.

Foredragshaldarar: Gunnar Strøm er dosent ved Avdeling for mediefag, og Jon Olav Myklebust er professor emeritus ved Institutt for sosialfag, Avdeling for samfunns­fag og historie. Forskingsdagane 2016

9


Grensesprengjande rørsleleik Leik og aktivitet for barn i alderen 4–7 år Spenningsfylt leik og aktivitet er skummelt og artig. Dobbeltheita i kjensler som oppstår mellom spenning og glede vs. frykt og angst i ein slik situasjon gir ei heilt spesiell kjensle i kroppen der alle sansar er vid opne. Denne tilstanden av «arousal» aktiverer ei rekkje fysiologiske system og prosessar i kroppen, der ein er fokusert og klar til å respondere og mobilisere. Vi menneske søkjer heile tida etter å teste oss sjølve og omgjevnadene våre for å oppleve denne kjensla. Verdien av å strekkje seg litt lenger og forsøkje seg på noko ein ikkje trur ein tør, er viktig. Det gir oss unike, kontrastfylte opplevingar. Ein får erfaringar med emosjonar frå heile kjensleregisteret, frå ytterpunkt til ytterpunkt. Laurdag 24. september 11.00 – 13.00 Idrettsbygget Høgskulen i Volda

Ta med innesko/gymsokkar og drikkeflaske

Gjennom erfaring med spenningsfylte aktivitetar øver ein opp evna til risikomeistring, reaksjonsevna, motorisk kontroll, fysisk styrke og evna til romorientering, slik at ein betre kan handtere plutselege situasjonar gjennom føremålstenlege handlingar og gjere meir realistiske vurderingar. Å stadig prøve ut eigne grenser for fysisk og motorisk kapasitet er med på å auke desse ferdigheitene. Ein blir sterkare, smidigare, hurtigare og meir koordinert. Ein kan få betre biologiske føresetnader og ein betre motorisk kontroll som gjer ein i stand til å takle utfordringar på ein god måte. Ein kan bli meir robust og handlingsdyktig, og ein får testa eigne grenser for meistring. Velkomen til eit variert og spennande rørslemiljø, der særleg barn i alderen 4–7 år kan få fri utfalding! Fagleg ansvarleg for arrangementet er høgskulelektor Eli-Karin Sjåstad Åsebø, Seksjon for idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag.

10

Forskingsdagane 2016


Å sprengje sine eigne grenser «12-konsert» i Volda kyrkje Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda spelar komposisjonar av student­ ane som tok emnet Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikk­­­­filosofi våren 2016.

Laurdag 24. september 12.00 Volda kyrkje, Volda

Lærar for det årlege eitt-semesters-emnet er professor Magnar Åm ved Seksjon for musikk, Avdeling for kulturfag, som på denne konserten også reflekterer litt over verka og prosessen studentane har gått igjennom for å skape dei. Vonleg vil også ein del av komponistane sjølve vere til stades og fortelje litt. Forskingsdagane 2016

11


Samfunnshistorisk vandring i Volda Grenser i fortid og notid

Det overordna temaet for vandringa i år skal vere «grenser». Vi vil prøve å knyte dette vide omgrepet til nokre trekk ved utviklinga av lokalsamfunnet vårt. Med tanke på alle diskusjonane omkring kommunesamanslåing mellom Volda og Ørsta vil bygdebokforfattar Gunnar Ellingsen gi oss ei innføring i korleis grensesetjinga mellom dei to kommunane vart til i andre halvparten av 1800-talet.

Laurdag 24. september 14.00 Oppmøte ved Musikk­ paviljongen, Volda

Deretter vil historikar Eivind Indresøvde ta føre seg eit anna område der grense­markeringa har vore viktig i lang tid, nemleg innegjerdinga av den gamle kyrkjegarden. Korleis har dette vore gjort med kyrkjegarden vår fram gjennom tidene, og korleis ser dei nye planane for kyrkjegarden ut som no er klare? Til slutt vil førsteamanuensis Kolbein Halkjelsvik, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Avdeling for sam­ funns­ fag og historie, ta oss med på ei vandring som vil illustrere trekk ved fram­ veksten av tettstaden Volda. Han vil dokumentere utviklinga med talande illustrasjonar. Dette siste innslaget går føre seg på Volda Turisthotell. Vandringa tek til ved Musikkpaviljongen, deretter går vi til den gamle kyrkjegarden og til slutt til Volda Turisthotell.

12

Forskingsdagane 2016


Matkultur i Volda Bygdetun Matkulturelle opplevingar for små og store Studentar frå Høgskulen i Volda vil vere på plass med råvarer, oppskrifter, kunnskap og matkulturelle opplevingar. Rundt omkring i bygdetunet kan publikum få vere med på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting.

Søndag 25. september

Studentane går på studiet Mat, kultur og konservering, som er eit tverrfagleg studium ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Studiet er retta mot dei som er interesserte i praktisk og teoretisk kunnskap kring matkultur, mattradisjonar og konservering. Studiet er populært og har mange søkjarar.

Fagleg ansvarleg:

13.00–16.00 Volda Bygdetun Volda

Høgskulelektor Kari Ryslett ved Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Om lag tjue studentar vil vere i aktivitet denne søndagen. Tidlegare år har deltakarane fått vore med på steiking av potetkaker, flatbrød og anna på takke, matlaging på bål, til dømes graut og jordskokksuppe, eller produkt av plommer, tyttebær eller nype. Vel møtt til ein sosial, smakfull og lærerik dag i Volda Bygdetun! Forskingsdagane 2016

13


Bibel over alle grenser Har Bibelen og bibelbruk noko med grenser å gjere? Bibelselskapet er i år 200 år. Det betyr at Bibelen har vorte studert og om­sett og distribuert til det norske folk sidan den tid, i tiltakande grad på norsk språk, frå dansk til fornorsking og nynorsk. Han har sett sitt preg på heile den norske kulturen, ikkje berre kyrkje- og bede­hus­livet. Bibelen er frå ei anna tid, ein annan kultur og eit anna land­område. Boka har kryssa mange grenser før ho nådde hit. Det skjer noko med ei tekst når ho skal om­­setjast til eit anna språk. Det skjer også noko med dei som nyttar dette språket, når dei får denne heilage skrifta på eige mål.

Søndag 25. september

Høgmesse i Volda kyrkje

11.00 Volda kyrkje, Volda

14

Bibelomsetjar Anders Aschim held ei lærepreike i Volda kyrkje over forteljings­­teksta for dagen, skapingsforteljinga i 1 Mosebok. Både natur­ forsking, historie­forsking og språk­forsking har interessert seg for denne teksta. Er forsking farleg for Bibelen? Forskingsdagane 2016


Seminar 17.00 Vegen frå og til – Å omsetje Kva utfordringar står ein overfor når ein skal omsetje ei eldgammal og heilag tekst så nær målspråket som mogleg? Meininga i ei tekst er ikkje berre inn­haldet, men også uttrykket. Aschim har skrive ei bok om dette bibel­­om­setjings­­arbeidet: Bibelen 3.0. Bak Bibel 2011. Jan Ove Ulstein var stilist i same prosessen i Bibel 2011. Foredrag av Anders Aschim og Jan Ove Ulstein, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. 17.30 Godt brukande – Peter Hognestad og Bibelen på norsk I år er det 150 år sidan teologen, pedagogen, biskopen og bibelomsetjaren Peter Hognestad vart fødd. Han var sentral i arbeidet med den første fullstendige bibelutgåva på nynorsk, den såkalla «Fyrebilsbibelen» frå 1921. Foredrag ved Per Halse, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Søndag 25. september 17.00–19.30 Salen, Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda, Ørsta Arrangementet er i samar­­beid med Ivar Aasen-tunet, Volda og Ørsta kyrkje­akademi, Bibel­selskapet og Høgskulen i Volda

18.00 Pause, open kafé 18.30 Bibeldikt Bibeldikt redigert av Jan Ove Ulstein og Alf Kjetil Walgermo, kom ut i 2013 med dikt av 88 fram­ståande norske forfattarar som skreiv til oppgitt bibel­ tekst frå heile kyrkje­året. Jan Ove Ulstein presenterer ideen og arbeidet, og vi får smake­bitar av lokale poetar som var med i boka: Marit Kaldhol, Jan Inge Sørbø, Avdeling for samfunnsfag og historie, og Øystein Orten, med musikalske improvisasjonar av Steinar Høydal, Avdeling for mediefag. Bibel­tekstene vert lesne av Siv Tone Myklebust, Avdeling for kulturfag. I tillegg får vi bibelsonettar av Hans Johan Sagrusten, tonesette av Gaute Øvereng, framførte av koret faSong. Forskingsdagane 2016

15


Egypts første grensekrig Ein arkeologs tolking av steinkøller, flintdolkar og knuste kranium i Nubia Bibliotekleiar Henriette Hafsaas Tsakos er arkeolog og har forska på forholdet mellom den tidlegaste staten i Egypt og dei statslause folka som budde i Nubia, landområdet sør for Egypt. Ho har fokusert særskilt på korleis statsdanninga i Egypt og opprettinga av ei grense mot sør hende i perioden frå 3600 til 3000 før vanleg tidsrekning. Måndag 26. september 14.00–15.00 Rom 159 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

Arrangementet er i samar­beid med Eldreuniversi­tetet i Volda og Ørsta

Nilen har vore Egypts livsåre i dei 6000 åra folket der har livnært seg av jordbruk. Elvedalen i Egypt er vid, og jordbruket kunne brødfø folk som budde i landsbyer. Etter kvart vart folket i den øvre delen av Egypt organisert i tre hovding­dømme. Egypt var naturleg avgrensa i vest av Sahara-ørkenen, i nord av Middelhavet og i aust av Raudehavsfjella. Berre mot Nubia i sør var det inga skarp geogra­fisk grense. Landskapet i Nubia hadde likevel ein annan karakter, og folket som budde der, vandra dit dei kunne finne beite til hus­dyra sine. Kva skjedde så når dei jord­brukande folka med sentralisert organi­ sering frå Egypt møtte klanar av omflakkande kveg­ haldarar frå Nubia? Hafsaas Tsakos viser til funn frå grensetraktene mellom Egypt og Nubia, der egyptarar vart gravlagde med våpen som steinkøller og flint­dolkar, medan fleire av dei grav­lagde nubiarane hadde døydd av stump vald mot hovudet. Ho tolkar dette som spor frå Egypts første grensekrig i sør.

16

Forskingsdagane 2016


Ora et labora

Polske katolske arbeidsinnvandrarar på Sunnmøre Dei ti siste åra har svært mange menneske frå Polen kome til Sunnmøre for å arbeide. Ein god del har funne vegen til den lokale katolske kyrkja. Kyrkje­lyden har medlemmer frå om lag 70 nasjonar og er truleg den mest fleir­kulturelle sivil­samfunns­institusjonen på Sunnmøre. Gjennom halvt­anna år har forskarar frå Møreforsking Volda AS og Høgskulen i Volda undersøkt kva den katolske kyrkjelyden har å seie for dei polske medlemmene, både som religiøs institusjon, som møtestad og som inn­ gangs­port til det norske samfunnet. Her presenterer dei funn frå prosjektet.

Måndag 26. september 19.00 Vår Frue kirke/ Den katolske kirke i Ålesund, Ålesund

Forskarar knytte til prosjektet: Marte Fanneløb Giskeødegård, Møre­ forsking Volda AS, Finn Ove Båtevik, Avdeling for samfunnsfag og historie, Lars Julius Halvorsen, Møreforsking Volda AS og Anders Aschim, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Alle er velkomne. Det er messe i kyrkja kl. 18.00. Arrangementet er i samarbeid med Katolsk forum, Ålesund. Forskingsdagane 2016

17


Juridiske grenser

Deling av personbilder på sosiale medier

Digitale grenser? Skjeringspunktet mellom teknologi og media

Juridiske grenser Måndag 26. september 12.15–14.00 Rom 161 Berte Kanutte-huset

I 2015 svarte 17 % av de som bruker sosiale medier i Norge, at de ukentlig eller oftere legger ut bilder av seg selv eller andre på sosiale medier. De fleste nordmenn er brukere av minst ett sosialt medium. Det deles altså mange bilder på sosiale medier.

Høgskulen i Volda

Er det lov å dele bilder av andre på sosiale medier? Det kan det være, men langt fra alltid. Når er det lov, og når er det ikke lov? Hvor går de juridiske grensene for deling av personbilder på sosiale medier? Hva kan skje hvis man overskrider grensene? Foredraget til førsteamanuensis Ellen Lexerød Hovlid, Avdeling for medie­ fag, tar for seg lovbestemmelsene om dette, samt rettspraksis fra Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og Høyesterett.

Digitale grenser Digitalisering og samansmelting av medium gjer at kvar og ein av oss stiller stadig større krav til brukaroppleving og korleis vi ønskjer å oppleve 18

Forskingsdagane 2016


medie­innhald. Samstundes krev dette utan tvil meir av dei som skal lage og presentere medieinnhaldet. Moglegheitene er mange, og brukarane og teknologigigantane driv i ein felles dans fram nye forteljeteknikkar i høgt tempo. Korleis tek medie­ utdanningane omsyn til dette, og kva blir gjort for å leike seg fram til ny­skapande journalistisk bruk av digital teknologi? Høgskulen i Volda har samarbeidd med medie- og teknologibransjen – mellom anna Google og NRK P3 Dokumentar – i utviklinga av nye studie­ tilbod. Førsteamanuensis Ana Luisa Sanchez Laws, Seksjon for medie- og kommunikasjons­­teknologi, Avdeling for kulturfag, og høg­­skule­lektor Tormod Utne, Avdeling for mediefag, fortel om korleis eit tverrfagleg, lab-basert emne i nett­­dokumentar har teke form. Dei vil også vise døme på bruk av virtuell røyndom (VR) frå Web Documentary-studiet. Forskingsdagane 2016

19


Mastermøte

Dokumentar og journalistikk Måndag 26. september 20.00 Studenthuset Rokken Volda Arrangemenet er i samarbeid med Den Norske Dokumentarfilmfestivalen og Doc Lounge

20

Radiodokumentar: To kilo kjærlighet i kofferten. Hvordan er det å være hjelpe­arbeider på Lesvos? Radiodokumentaren er produsert av Malin Sveinsdotter Lystad, som arbeider i NRK og er tidligere masterstudent ved Høgskulen i Volda. Introduksjon til radiodokumentaren ved høgskolelektor Jørgen Lyngvær, Avdeling for mediefag. Dokumentarfilm: When Two Worlds Collide (1 time og 40 minutt). Hva skjer når tørsten etter makt og rikdom har høyere prioritet enn menneske­liv? Regnskogen i Amazonas, en av planetens mest verdifulle natur­ressurser, blir auksjonert bort og dets folk fordømt. Denne pris­­ vinnende dokumentar­filmen forteller om den farlige reisen til en ung inn­ født leder som konfronterer politiske ledere og de store bedriftene. Forskingsdagane 2016


Samfunnsplanleggingsdagen Regjeringa ønskjer å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. For å nå målet, oppfordrar regjeringa til samanslåing av kommunar, og dermed til endring av kommunegrenser. Temaet for Forskingsdagane 2016 er «Grenser», og det er difor naturleg at kommunereforma er tema for samfunnsplanleggingsdagen. Dei siste åra har det vore gjennomført omfattande prosessar for å greie ut moglege endringar i kommunestrukturen, og mange aktørar har vore involverte i desse prosessane. På samfunnsplanleggingsdagen ønskjer vi å sjå nærare på desse proses­ sane. Vi har difor invitert ordførarane i Hornindal og Volda til å for­ midle erfaringane frå prosessane dei har vore igjennom og framleis er i. Råd­gjevar i Sunnmøre regionråd, Erlend Krumsvik, er invitert til å seie noko om deira arbeid «Kommunereform på Sunnmøre», medan forskar Lars Julius Halvorsen vil snakke om kva konsekvensar ei kommune­re­form, med fleire større kommunar, vil kunne ha for utviklingsrolla til fylkes­ kommunen.

Tysdag 27. september 10.15–14.00 Rom 161 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

Program 10.15 Forskar og høgskulelektor Lars Julius Halvorsen: Reformer i utakt 11.00 Rådgjevar Erlend Krumsvik: Kommunereform på Sunnmøre 11.45 Enkel servering 12.30 Ordførar i Hornindal kommune Stig Olav Lødemel og ordførar i Volda kommune Jørgen Amdam: Hornindal og Volda – èin kommune. Kvifor – kvifor ikkje? Forskingsdagane 2016

21


Mastermøte

Undervisning og læring Iselin Lone: Problemåtferd og sosiale dugleikar i skulen Problemåtferd er og har alltid vore ei utfordring i den norske skulen. Kva åtferd som vert oppfatta som problematisk, vil vere ei sub­jektiv vur­­ dering av­hengig av personen som tolkar åtferda. I skulen vert denne tolkinga ofte gjord av vaksne. Lone vil ta opp det dialektiske, men også komplemen­tære for­holdet mellom eit individ- og system­perspektiv, og drøfte funn om saman­hengar mellom ulike former for proble­må­ tferd og sosiale dug­leikar i lys av dei to perspektiva.

Tysdag 27. september 10.15–12.00

Resultata i analysen er basert på data henta frå Speed-prosjektet, der heile 95 barne- og ungdomsskular i 16 kommunar deltok. Både elevar som gjekk i 5.–10. klasse og kontaktlærarane deira har svara på spørjeskjema som gir grunn­lag for funna i masteroppgåva.

Rom 159 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

Cecilie Kvernen: Hvilke strukturelle og relasjonelle faktorer kan påvirke barn som viser utfordrende atferd i barnehagen? Barnehagen er en viktig samfunnsinstitusjon og oppvekstarena for de fleste barn her i landet, også for barn som viser utfordrende atferd. Utfordrende atferd regnes av de ansatte som en del av hverdagen til tross for at atferden kan skape problemer både for barnet selv og omgivelsene. Formålet med denne studien har vært å undersøke hvordan styrer og pedagogiske ledere erfarer at strukturelle og relasjonelle faktorer kan påvirke barn som viser utfordrende atferd. Ved å gå i dybden på disse erfaringene fra hverdagen i barnehagen kan det bidra til større bevissthet om faktorenes betydning i forhold til utfordrende atferd.

22

Forskingsdagane 2016


Avhandlingsforum Spesialundervisninga må reduserast. Det er eit politisk mål som styrer mykje av diskusjonen i utdannings­debatten. Ideologien er at kvaliteten på det ordinære tilbodet skal vere så god at behovet for spesielle tiltak er lågt. Argumentasjonen byggjer på fleire ting: alt frå prinsippet om ei inkluderande opplæring til økonomiske konsekvensar. Realiteten i dagens skule, der behovet for spesielle tilpassingar er stort, reiser fleire spørsmål kring kva spesialundervisninga handlar om, og kva funksjon ho har. Dette er spørsmål som forskings­ prosjektet «The function of special education» (Speed-prosjektet), som prosjektet til stipendiat Anne Randi Fagerlid Festøy, Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærar­utdanning, er ein del av, søkjer å auke kunnskapen om. Bidraget inn i dette biletet er spesial­undervisninga som vert gitt i 1.–4.klasse. Hovud­ problem­stillinga for prosjektet er: Kva funksjon har spesial­undervisninga på barne­steget, og korleis vert den organisert og gjennomført?

Tysdag 27. september 12.15–13.45 Rom 159 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

Hovudfokuset er delt inn i tre underkategoriar/forskings­spørsmål, som går att som tema i dei ulike artiklane: Førsteamanuensis

1. Kva kjenneteiknar samanhengen mellom ordinærundervisning og spesial­undervisning? 2. Spesialundervisninga – kva handlar den om for elevar på 1.–4. steg? 3. Korleis forstår og opplever eleven og dei føresette spesialundervisninga?

Kjartan LeerSalvesen, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, er fagleg ansvarleg for Avhandlingsforum.

På dette avhandlingsforumet vil artikkel nr. 2 som omhandlar spesial­ undervisninga, bli presentert og drøfta. Forskingsdagane 2016

23


limIT unlimIT

Grensesetting av ubegrenset IT Tysdag 27. september 14.15–15.00

Informasjonsteknologi (IT) gir i dag nesten ubegrensete muligheter. Men skal vi alltid være online?

Rom 159 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

Bør vi sette grenser for hvor mye tid vi bruker på Snapchat, Facebook, Twitter, Instagram, nettleseren eller spiller mobilspill? Vi overvåker låse­ systemer, husholdningsapparater og biler via mobiltelefonen. Vi sjekker e-post på mobilen. Den er «livets fjernkontroll». Hva om vi mister den? Før hadde vi bildene i et album, plassert i en kommode. Nå blir vi tilbudt å lagre alt i «Skyen». Dette har sine fordeler og ulemper som vi skal se nærmere på. ID-tyveri kan bli gjort via adresse-endring via nettet. Hvor ofte flytter du? Personer utsatt for ID-tyveri kan få opprettet kreditt/lån med ny adresse. Vi skal se på mulighet for å reservere seg mot adresse-endring via nettet. Overingeniør Peder Magne Sefland, IT-kontoret, Høgskulen i Volda, er faglig ansvarlig for arrangementet. Foredraget kommer i forkant av Nasjonal sikkerhetsmåned oktober 2016. Høgskulen i Volda, gjennom Uninett, deltar på Nasjonal sikkerhetsmåned.

24

Forskingsdagane 2016


Det siste limet Vil endra kommunegrenser føre til færre lokalaviser? Ja eller nei til kommunesamanslåing? Debatten har gått over heile landet dei siste to åra, etter at regjeringa lanserte kommunereforma våren 2014. Men korleis skal det gå med dei mange lokalavisene dersom det vert danna større kommunar? I eit masterprosjekt i dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, har Steinar Høydal og Linda Eikrem forska på akkurat det spørsmålet. Kommune- og lokalavisstrukturen har gått hand i hand dei siste femti åra, og lokalavisene dekkjer gjerne berre éin eller nokre få kommunar. Dei er såleis eit viktig lim i lokalsamfunnet og er viktige for å vedlikehalde lokaldemokratiet og den lokale identiteten. Tysdag 27. september

Hovudmaterialet i prosjektet er henta inn gjennom ei spørjeundersøking til redaktørane i alle lokalavisene i Noreg, saman med djupneintervju med dei fem lokalavisredaktørane på Søre Sunnmøre. I tillegg inneheld prosjektet dokumentar­filmen «Det siste limet. Redaktøren og reform.», som følgjer redaktør Vidar Parr i Synste Møre og Vanylven kommune i arbeidet med kommunereforma.

10.15–12.00 Rom 244 Hans Strøm-huset Høgskulen i Volda

Plassering av kommunesenteret i ein eventuell storkommune ser ut til å vere eit viktig punkt for lokalavisene. Masterprosjektet viser at over ein tredjedel av avisene kjem til å få lengre veg til kommunesenteret etter eventuelle samanslåingar, og det er dei privateigde eindagsavisene som er i fleirtal i denne gruppa. Fleire redaktørar trur difor det vert vanskelegare å dekkje politiske møte og prosessar, og å ha kontakt med den politiske og admini­strative leiinga i dei nye kommunane. I tillegg meiner mange redaktørar at større kommunar vil føre til endringar også for lokalavisene, gjennom oppkjøp, samanslåingar og nedleggingar. Prosjektet har såleis vist at redaktørane trur det kan verte endringar i avis­ strukturen i kjølvatnet av kommunereforma. Forskingsdagane 2016

25


Utfordre dine fysiske grenser med trening som fungerer Intervalltrening i teori og praksis

Mange av oss har ein hektisk kvardag, og vi ønskjer derfor å finne trenings­ økter som gir oss mest mogleg på kortast mogleg tid. Det handlar om å trene smart, variert og leikent. Forsking viser at trening med høg intensitet, på kort tid (ca. 30 min.), gir god helsegevinst og betre kondisjon (maksimalt oksygen­opptak). Ved høgre intensitet trenar du hjartet meir effektivt fordi du trenar med høgre puls. Intervalltrening er gunstig både for deg som ønskjer å komme i betre fysisk form, og for deg som ønskjer vektreduksjon.

Tysdag 27. september

Vi opnar med ei teoretisk og forskingsbasert innføring om intervall­trening. Deretter gjennom­fører vi ei intervalløkt på sykkel for dei som ønskjer det (ca. 15–20 minutt).

18.45–19.30 Stamina Trening Spinneriet, Volda Dei som vil vere med på den praktiske økta, bør møte i treningsklede og sykkelsko/joggesko.

I teorien vil du få ei grunnleggjande innføring i: • Kva intervalltrening er • Kva makspuls er og korleis ein finn makspuls • Treningsintensitet, kor hardt bør ein trene • Helsegevinstar av intervalltrening • Forsking knytt til temaet • Ulike måtar å trene intervall på

Plassar: 40

Høgskulelektor Elisabeth Innselset ved Seksjon for idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag, er fagleg ansvarleg for arrangementet. 26

Forskingsdagane 2016


Animerte grenser Animasjonfilmkveld på Studenthuset Rokken Naboar, krig og abstrakt estetikk. Animasjonsfilmen opnar for metaforikk og tolkingar. Men det finst grenser. Dosent Gunnar Strøm, Avdeling for mediefag, presenterer korte animasjons­­­ filmar av mellom anna Norman McLaren, Anita Killi, Caroline Leaf og Tex Avery, der grenser av ulikt slag er sentral tematikk. Forskingsdagane 2016

Tysdag 27. september 18.00–20.00 Studenthuset Rokken Volda

27


Fagseminar for praksislærarar Grunnskulelærarutdanning Tysdag 27. september 14.30–17.30 Rom 161 Berte Kanutte-huset Høgskulen i Volda

Det er krav om at grunnskulelærarutdanningane skal vere forskings­ bas­erte, og vidare at undervisinga også skal vere det. I grunnskulelærar­ utdanningane ved Høgskulen i Volda er dette eit viktig område. I årets fag­ seminar har vi valt å setje fokus på noko av all den gode forskinga som skjer ved Høgskulen i Volda retta inn mot grunnskulen og lærar­utdanningane. Foredrags­haldarar og tema:

Kjartan Leer-Salvesen: Grenser for taushet? Gjennom daglige møter med barn og unge er lærere i første linje til å avdekke omsorgs­svikt, overgrep og vold i nære relasjoner. Hvilke rammer gir taushetsplikten og meldeplikten for læreres arbeid? Førsteamanuensis Kjartan Leer-Salvesen, Institutt for religion, livssyn og etikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Reidun Aambø: Å krysse grenser. Blir innvandrareleven misforstått? Korleis kan vår uformelle lærarrolle bli tolka? Intervju med elevar og foreldre frå sju land i Asia, Afrika og Midt-Austen viser nokre oppfatningar av norsk skule og nokre andre kulturelle referanse­ rammer for god undervisning og pedagogikk som kan vere nyttig kunnskap i det fleirkulturelle klasserommet. Førstelektor Reidun Aambø, Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. 28

Forskingsdagane 2016


Forskingsdagane 2016

29


Pecha Kucha Japansk foredragskonsept Tysdag 27. september 20.00

Kvar presentasjon inneheld maksimum 20 slides, og kvar slide skal vare i maksimum 20 sekund. Kvar presentasjon varer i underkant av 7 minutt.

Studenthuset Rokken Volda

• Magnar Åm, Avdeling for kulturfag – Lite pianoforedrag: grenselaust skjørt, og likevel uknuseleg

Arrangementet er i samarbeid med Sunnmøre Kulturnæringshage

• Gaute Hareide, Avdeling for mediefag – Doctored Photographs • Jon Harman, Avdeling for kulturfag – Borders and Boxes, Brexit and Creativity • Hege Holmqvist, Avdeling for kulturfag – Samspill mellom toåringer og de voksne i barnehagen – en begrensning eller en berikelse? • Vibeke Preus Bech, Avdeling for kulturfag – Fra dramapedagog til dramatiker – et grensesprengende utviklingsarbeid? • Atle Remmereit, Oclin AS – Tid: å sette grenser • Chris-Håvard Berge, Oclin AS – Live: å bryte grenser

30

Forskingsdagane 2016


Onsdagskviss

Forskingsbaserte spørsmål og andre spørsmål Onsdagskvissen på Studenthuset Rokken brukar å vere eit populært arrangement, så her er det lurt å vere tidleg ute!

Onsdag 28. september 20.00 Studenthuset Rokken

Vinnarane kan stikke av med ekstra fine premiar.

Volda

Arrangementet er i samarbeid med Studentsamfunnet Volda og Student­ huset Rokken, Volda. Alle er hjarteleg velkomne! Forskingsdagane 2016

31


Donald Trump Sørstatane og presidentvalet i USA

Hvordan er det å være ateist i USA?

«Kulturkrigen» mellom liberale og kristenkonservative

Donald Trump Torsdag 29. september 20.00 Rom 159 Berte Kanutte-huset

Sjølv om Donald Trump skulle tape mot Hillary Clinton i talet på røyster på landsbasis, slik George W. Bush gjorde mot Al Gore i år 2000, kan eigedomsmogulen frå New York likevel vinne valet og bli USAs neste president.

Høgskulen i Volda

Arrangementet er i samarbeid med Humanistisk Uke/ Human-Etisk Forbund Søre Sunnmøre

Foredragshaldar Alf Tomas Tønnessen kjem direkte frå ei forskingsreise i Mississippi og vil mellom anna forklare kvifor Sørstatane er viktige for å vinne valet. Foredraget vil drøfte den harde kampen mellom Trump og Clinton få dagar etter den første presidentvaldebatten mellom dei to kandidatane og forklare valsystemet ved å samanlikne med det kontroversielle valet i år 2000. Alf Tomas Tønnessen er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

32

Forskingsdagane 2016


Hvordan er det å være ateist i USA? Even Gran, journalist i Fritanke.no, har skrevet bok om den amerikanske humanist-/ateistbevegelsen – en historie som i høy grad handler om «kultur­­krigen» mellom liberale og kristen­konservative i USA, som vi nå også ser ut­spille seg i president­valg­kampen. Mange i Norge er ikke klar over at USA har et strengt skille mellom stat og kirke. Grunnloven forbyr staten å særbehandle en religion over en annen. Dette motarbeides av kristne som mener USA er «grunnlagt på kristendom». De vil gi kristendommen særfordeler. Parallellene til diskusjonene rundt KRLE-fag og statskirkeprivilegier i Norge er åpenbare. I foredraget vil Even Gran fortelle om hvilke slag som er vunnet, og hvilke som er tapt sett fra et sekulært ståsted. Du får også høre historien til en del mennesker som har ofret mye for USAs sekulære prinsipper, blant annet Jessica Ahlquist (21). Hun ble mobbet ut av lokalsamfunnet sitt som ten­åring. Forskingsdagane 2016

33


KAN » R E ENS R G AR, « G T N I E TN EP OMGR E OM FLYK EMIAR, L D HAND ANSE, EPI E R O G V R TOLE N AT U R LO . G , DATA ANDRE TIN N TUSE DET Å P T KLIT N E T #

34

Forskingsdagane 2016


Takk til samarbeidspartnarane våre Eldreuniversitetet i Volda og Ørsta | Senioruniversitetet i Ulstein | Animation Volda Uninett Volda Bygdetun / Volda Sogelag | Møreforsking Volda AS | Studenttinget i Volda Den Norske Dokumentarfilmfestivalen | Nynorsk kultursentrum / Ivar Aasen-tunet Sunnmøre Kulturnæringshage | Volda og Ørsta kyrkjeakademi | Den norske kyrkja, Volda Bibel­selskapet | Humanistisk Uke / Human-Etisk Forbund Søre Sunnmøre | Vår Frue kirke, Ålesund / Den katolske kirke i Ålesund / Katolsk forum | Studenthuset Rokken | Doc Lounge StudiebygdA | Studentsamfunnet Volda | «A Train to Spain» | Volda vidaregåande skule Noregs forskingsråd | Stamina Trening Volda | Norsk senter for informasjonssikring Studentsamskipnaden for Sunnmøre | Norsk Animasjonsentrum | Sunnmøre regionråd

Forskingsdagane 2016

35



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.