Studiekatalog 2015

Page 1

leve lĂŚre oppleve Studiekatalog 2015-2016


2

Høgskulen i Volda Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Opptak: Postboks 114 6101 Volda hivolda.no facebook.com/hivolda @hivolda (Instagram og Twitter)

Ansvarleg utgivar: Informasjonskontoret Design: Kib & Morits kibogmorits.no Trykk: Printing AS Svanemerka trykkeri Opplag: 9 000

Foto: Espen Faugstad, Vidar Nyhammer, Halvor Njerve, Ante Lundberg, Olav Standal Tangen, Ole Andreas Vekve, Kristin Sævik, Arnfinn Kjelland, Gina Næss Korsluns, Sol Kvavik Idland, Qvisten Animasjon, Gintare Simtininkaite, Trigger og Kib & Morits


3


4


5

Per Halse, rektor

Kunnskap for framtida Kunnskapsrike og engasjerte førelesarar, saman med eit stimulerande studiemiljø, er avgjerande for at du skal få størst mogleg utbytte av studietida di. Høgskulen i Volda har eit breitt utval av ulike studietilbod, og vi tilbyr profesjonsutdanningar for mellom anna skule og barnehage, velferd, media og kultur. Målet vårt er å leggje til rette for personleg vekst og ei best mogleg utrusting for jobb og karriere vidare i livet. Høgskulen er også blant dei fremste utdannings­institusjon­ane i landet når det gjeld å tilby studieopphald i utlandet. Eit slikt opphald gjev deg nye impulsar og erfaringar som kan kome godt med seinare i karrieren. Studentane trivst i Volda. Vi har eit kreativt og inkluderande miljø. Eit godt studiemiljø er viktig, ikkje berre for det faglege utbyttet, men også for det sosiale livet. Vi håper at du finn studietilboda våre interessante, og kanskje ser vi deg som student neste studieår. Velkomen til Volda!


6


7

Velkomen som student i Volda! Med om lag 3800 studentar er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

Studietilbodet Høgskulen i Volda gir fag- og profesjonsutdanningar på bachelor-, masternivå innanfor skule og barnehage, velferd, media og kultur. Til saman har høgskulen 18 bachelorprogram, seks lærarutdanningar, ei rekkje årsstudium og vidareutdanningar på heiltid og deltid. Høgskulen har seks mastergrader og samarbeidar med Høgskolen i Molde om PhD innanfor helse og sosialfag.

Godt å leve - mykje å oppleve Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar. Studenthuset Rokken arrangerer konsertar med dei beste artistane i landet. Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Animation Volda og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) syter

for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester. Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Internasjonalisering Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor- og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. Høgskulen i Volda har eit internasjonalt miljø og tar kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda.


8


9

Studietilbod Administrasjon, planlegging og leiing

Idrett og friluftsliv

Samfunnsvitskap, årsstudium 12

Naturguideutdanning 34

Planlegging og administrasjon, bachelorgrad

12

Friluftsliv, årsstudium 34

Samfunnsplanlegging og leiing, mastergrad

13

Friluftsliv, bachelorgrad

35

Idrett, årsstudium 36 Idrett, bachelorgrad 37

Drama/teater, musikk, kunst/handverk Drama / teater. årsstudium

16

Lærar- og barnehagelærarutdanning

Drama/teater, bachelorgrad 16 Musikk, årsstudium

17

Barnehagelærarutdanning, bachelorgrad

40

Musikk, bachelorgrad 18

Faglærarutdanning i formgiving,

Kunst og handverk, årsstudium

18

kunst og handverk, bachelorgrad

40

Kunst og handverk, bachelorgrad

18

Grunnskulelærar 1. til 7. årssteg

41

Grunnskulelærar 5. til 10. årssteg

42

Undervisning og læring, mastergrad

42

Praktisk-pedagogisk utdanning, årsstudium

43

Helse- og sosialfag Sosialt arbeid 22

Mediefag

22

Mediekunnskap, årsstudium 46

– meistring og myndiggjering, mastergrad

23

Animasjon, bachelorgrad 47

Helse- og sosialfag, Ph.d.

24

PR, kommunikasjon og media, bachelorgrad

- barnevernspedagogutdanning, bachelorgrad Sosialt arbeid - sosionomutdanning, bachelorgrad Helse- og sosialfag

Media, IKT og design, bachelorgrad

46 47

Journalistikk, bachelorgrad 48 Dokumentar og journalistikk, mastergrad

49

Historie, kultur, samfunn og religion Historie, årsstudium 28

Språk og litteratur

Historie, bachelorgrad 28 Religion, livssyn og etikk, årsstudium

29

Norsk (nordisk), årsstudium 52

Religion og språk, bachelorgrad

30

Engelsk, årsstudium 52

Kulturmøte, mastergrad 30

Språk og litteratur, bachelorgrad

52

Matkultur og helse, årsstudium

Nynorsk skriftkultur, mastergrad

54

31


10


11

Administrasjon, planlegging og leiing Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av The Association of European Schools of Planning, eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging. Utdanningane gjev aktuell og yrkesretta kompetanse gjennom büde teori og praksis.


12

Samfunnsvitenskap årsstudium

lyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid og er definert som obligatorisk arbeidskrav.

Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Bachelor i Planlegging og administrasjon

Årsstudiet er aktuelt for yrkesgrupper som treng innføring i samfunnsvitskap. Målet er å gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Studiet utgjer første året av bachelor i Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, og det er difor mogleg å byggje på for å fullføre denne graden.

Studieinnhald Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne. Det er eit mål at studentane skal få kunnskap om og forståing av økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk og dei politiske utfordringane desse gir. Undervisninga er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst. Lokalsamfunnsana-

jus. Søkjelyset er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkjemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Dette dannar grunnlaget for ei vidare innføring og fordjuping i offentleg administrasjon, samfunnsplanlegging og regionalt utviklingsarbeid.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i Planlegging og administrasjon er ei yrkesretta og tverrfagleg utdanning som gir deg attraktiv og etterspurd fagkompetanse som er tilpassa ulike stillingar innanfor administrasjon, planlegging og forvaltning. Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne.

Med bachelor i Planlegging og administrasjon har du eit godt grunnlag for ein yrkeskarriere innanfor ulike felt i offentleg forvaltning: som administrativ leiar, leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggjar. Utdanninga gir også aktuell kompetanse for arbeid i privat og frivillig sektor, som til dømes innanfor media, rådgiving og næringsutvikling. Studiet kvalifiserer for opptak ved master i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.

Studieinnhald

Eit semester i utlandet

Studiet gir ei brei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap og organisasjonsteori, økonomi og

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i mange land og kan hjelpe deg med å finne gode utdanningsog utvekslingstilbod.

Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april


13

Master i Samfunnsplanlegging og leiing Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars

opparbeide evne til å knyte saman teori og praksis i kritiske analysar, og få eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. I masterstudiet vert det lagt vekt på at alle leiarar har eit samfunnsansvar, og dette gjeld ikkje minst leiarar i offentleg sektor. Plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar.

Studieinnhald Studiet skal gi deg kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekaftig utvikling. Du skal

Med master i Samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert leiarutdanning. Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde. Fullført mastergrad kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram, som kan leggje grunnlaget for ein karriere som forskar.

Eit semester i utlandet Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i Storbritannia og Irland, og du kan også få hjelp til å finne aktuelle studium i andre land.

Karoline Strand - Det beste med å bli utplassert i praksis er at ein får knaggar å henge teorien frå forelesingane på. I min praksis i Volda Næringsforum fekk eg utfordrande arbeidsoppgåver og eit innblikk i næringslivet.


14


15

Drama/teater, musikk, kunst/ handverk Høgskulen i Volda har eit av dei breiaste kulturfagtilboda på bachelornivå i Noreg. Gjennom teori og praksis gjev utdanningane utøvande kompetanse innan dei ulike fagområda. Høgskulen i Volda er med i eit eige internasjonalt utviklingsprogram innan kulturfag i samarbeid med universitet i Tyrkia, Storbritannia, Baltikum m.m. og har stor internasjonal utveksling av studentar.


16

Drama/teater årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Årsstudiet skal gi deg forståing for og innsikt i dei verdiane drama og teater har som fag og ulike arbeidsmåtar innanfor fagfeltet. Det vert lagt vekt på spelkompetanse og dugleik i ulike dramatiske uttrykksformer.

Studieinnhald Etter fullført årsstudium skal du mellom anna ha grunnleggjande kunnskap om

teaterhistorie og tradisjonar, og sentrale drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar. Du skal kunne nyttiggjere deg drama- og teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala dine og analysere relevante kunstnarlege uttrykk. Planlegging og leiing av praktiske øvingar og opplegg saman med andre inngår også i studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet i Drama/teater kvalifiserer for arbeid som drama- og teaterpedagog i grunnskulen, i kulturskulen eller som utøvar i det frie kulturlivet. Studiet er identisk med første året av bachelor i Drama/teater og kan danne grunnlag for vidare studium i faget. Det kan også gå inn som valfri del i andre bachelorgradar.

Bachelor i Drama/teater Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Studiet passar for deg som er interessert i teater og har lyst til å lære meir om skapande prosessar. Det er også aktuelt for deg som vil lage interessante undervisningsopplegg i grunnskulen, i skulefritidsordningar, i kulturskular eller i ulike organisasjonar som driv med amatørteater.


17

for arbeid som drama- og teaterpedagog i grunnskulen og den vidaregåande skulen, i kulturskulen eller som utøvar i det frie kulturlivet. Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i Drama og teater.

Eit semester i utlandet

variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det frie kulturlivet. Studiet er identisk med første året i bachelor i Musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i musikk.

Femte semesteret i studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, t.d. i Norden, Europa, USA eller Australia.

Musikk årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Studieinnhald Bachelor i Drama/teater gir deg kunnskap om teaterproduksjon, kommunikasjon og mellommenneskeleg samspel som du kan nytte både sosialt og i yrkessamanheng. Studiet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og skal utvikle deg både som utøvar i teaterproduksjonar og som drama- og teaterpedagog. Du lærer å bruke drama- og teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala dine og analysere relevante kunstnarlege uttrykk. I tillegg skal du lære å bruke drama- og teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer.

Aktuelle yrke og vidare studium Bachelor i Drama/teater kvalifiserer deg

Årsstudiet gir deg ei grunnleggjande innføring i musikkteoretiske emne, praktisk musisering og musikkpedagogikk for grunnskulen. Som musikkstudent får du ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Høgskulen i Volda har mellom anna eige kor, symfoniorkester, musikkstudio og gode øvingslokalitetar.

Studieinnhald Du skal opparbeide pedagogisk og sosial kompetanse for å kunne utøve musikkfaget i undervisningssamanhengar med vekt på aktivitetar innanfor musisering, komponering og lytting. Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit

Anette Finnanger - Vi lærer mellom anna skodespelarteknikk, retorikk, lyd, lys og musikk. Sjølv synest eg det er mest spennande å jobbe med produksjonsprosessen.


18

Bachelor i Musikk

lukka og offentlege konsertar.

Studieinnhald Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Har du lyst til å lære meir om musikk, spele og komponere saman med andre? Som bachelorstudent i musikk får du ei solid og allsidig musikkutdanning som kombinerer praktisk musikkutøving, teori og fagdidaktikk. Høgskulen har eige høgskulekor og symfoniorkester og kan tilby musikkstudio på profesjonelt nivå og gode øvingslokalitetar. Studentane får høve til å opptre i varierte samanhengar, og høgskulen arrangerer både

Bachelorprogrammet gir deg kunnskapar og ferdigheiter mellom anna innanfor musikkpedagogikk, instrumentaldidaktikk, musikkutøving og -formidling, komponering og arrangering. Du skal utvikle fagleg, kunstnarleg, didaktisk og sosial kompetanse i tillegg til yrkesetisk refleksjon. Gjennom individuell hjelp og rettleiing skal du få eit grunnlag for å utvikle deg sjølv på eit instrument eller som songar.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet kan saman med anna utdanning vere nyttig i ulike former for formidlingsarbeid, til dømes i skulen, museum/ galleri og kulturarbeid. Studiet er identisk med første året i bachelor i Kunst og handverk, og gir grunnlag for opptak til Kunst og handverk fordjupingsstudium.

Eit semester i utlandet

Bachelor i Kunst og handverk

Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

– Her er eit stort musikkmiljø med mange dyktige musikarar, gode til å satse på musikk, er alle faktorane til stades i Volda.

Årsstudiet skal gi deg fagleg og didaktisk kompetanse til å planleggje og gjennomføre ulike former for undervisnings- og formidlingsoppgåver i skulesektoren eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Gjennom året skal du utforme utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt.

Bachelor i Musikk kvalifiserer for arbeid både i privat og offentleg sektor, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det frie kulturlivet. Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Kunst og handverk årsstudium

øvingsrom og lydstudio. Har du lyst

Studieinnhald

Aktuelle yrke og vidare studium

Delar av studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, som til dømes musikkonservatoriet i Riga.

Eirik Sognnes

verk årsstudium skal du gjennom praktisk arbeid med oppgåver utvikle eiga formog uttrykksevne.

Samfunn i utvikling treng menneske med estetisk kompetanse og evne til nyskaping. Kunnskap om kunst- og formkultur og formidling er viktig når ein skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre. Som student ved Kunst og hand-

Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Bachelor i Kunst og handverk kvalifiserer for utøving og formidling av kunst og kultur i skulen eller kultursektoren. Studiet er i hovudsak praktisk, der oppgåveløysing knytt til fagteori er sentralt. Det praktisk- skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar og omfattar fagdidaktikk og kunst- og formkultur.


19

Studieinnhald Studiet gir innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor varierte materialområde i arbeid med ulike visuelle uttrykkssjangrar. Du lærer å nytte kunst- og formkultur som grunnlag for å oppleve og forstå ulike kulturar og andre tiders uttrykksformer som inspirasjon og utgangspunkt for eige skapande arbeid. Utforming av utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff

eller prosjekt inngår også i studiet. Det er eit mål at du skal utvikle di eiga kreative form- og uttrykksevne i varierte materialar og teknikkar.

eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til mastergradsstudium i Kunst og handverk.

Aktuelle yrke og vidare studium

Eit semester i utlandet

Studieprogrammet kvalifiserer for arbeid i kulturskulen, formidlingsarbeid i museum/galleri, kulturarbeid i kommunar m.m. Om du ønskjer å arbeide i skuleverket, må du byggje på utdanninga med

Studentane kan gjennomføre delar av bachelorgraden ved University of Glamorgan i Wales eller University of Norwich i England.


20


21

Helse og sosialfag Institutt for sosialfag har eit fagmiljø med aktive forskarar innanfor pedagogikk, psykologi, sosiologi og sosialfag. I samarbeid med andre universitet og høgskular er det sett i gang prosjekt innanfor barnevern, rus og NAV-systemet. Instituttet tilbyr fleire profesjonsutdanningar på bachelor- og masternivå for deg som ønskjer å arbeide med menneske.


22

Bachelor i Sosialt arbeid, barnevernspedagogutdanning Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

hengar. Du kan mellom anna arbeide ved barnevernstenesta i kommunesektoren, i kultur- og oppvekstsektoren, i ungdomsklubbar, i skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar. Studieprogrammet dannar grunnlag for opptak ved master i Helse- og sosialfag eller master i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre

Barnevernspedagogutdanninga har fokus på barn, unge og familiar, der hovudoppgåva er å sikre og betre leve- og oppvekstvilkår. Dette gjeld særskilt for dei som har sosiale og/eller psykiske problem, eller som står i fare for å få det. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje, iverksetje og evaluere tiltak som kan betre livsvilkåra for utsette grupper.

Aktuelle yrke og vidare studium Som barnevernspedagog er du kvalifisert for omsorgsarbeid med barn og unge menneske i mange ulike yrkessaman-

Eit semester i utlandet Institutt for sosialfag tilbyr studentane studieopphald, til dømes på Hawaii (tredje semesteret), og praksisopphald (femte semesteret), til dømes i Kenya og India.

Bachelor i Sosialt arbeid, sosionomutdanning Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Studieinnhald Studiet skal gi kompetanse til å kunne planleggje og organisere målretta tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld. Arbeidsområdet omfattar både førebyggjande og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. Du skal kunne reflektere over og grunngi verksemda di i eit overordna fagleg og etisk perspektiv. Praksisutplassering i eksterne institusjonar/organisasjonar/nærmiljø under rettleiing av faglærarar og erfarne sosialarbeidarar er ein viktig del av studiet. Det er to praksisperiodar: prosjektpraksis på om lag seks veker i det andre studieåret, og ein klientretta praksisperiode på om lag fjorten veker i det tredje studieåret. I tillegg er det feltstudium knytt til aktuelle arbeidsfelt for sosialarbeidarar.

relevante masterstudium i Noreg og i utlandet.

Ingrid Brenne – Høgskulen har mange gode forelesarar med høg kompetanse. Det blir også leigd inn gjesteforelesarar som gjer undervisninga interessant og variert. I den tre månader lange

Samfunnet treng flinke sosialarbeidarar som forstår korleis psykiske og sosiale problem oppstår, og korleis ein kan tilby hjelp på ein profesjonell måte. Studiet byggjer på teoretisk og praktisk kunnskap, kommunikasjonsdugleik og etisk refleksjon. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum. Sosialarbeidarutdanninga kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt og med ulike målgrupper.

praksisperioden i tredje klasse jobba

Studieinnhald

eg i andrelinjetenesta i psykiatrien.

Målet er å gi studentane innsikt og kompetanse i korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skaper og held ved like sosiale problem. Du skal kunne ta utgangspunkt i brukarane sine behov og planleggje og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld, og dessutan kunne reflektere over og grunngi verksemda di i eit overordna fagleg og etisk perspektiv.

Dette var den beste og mest lærerike perioden i studiet. Eg fekk meir kunnskap om korleis denne typen arbeidsplass fungerer, samtidig som eg fekk oppleve korleis ein samhandlar i eit stort tverrfagelig team.


23

Praksisutplassering i eksterne institusjonar/organisasjonar/nærmiljø under rettleiing av faglærarar og erfarne sosialarbeidarar er ein viktig del av studiet. Praksisperiodane har eit samla omfang på om lag 20 veker. Studieprogrammet førebur og gir deg eit godt grunnlag for praktisk yrkesutøving.

Aktuelle yrke og vidare studium Sosionomar er ettertrakta arbeidskraft i mange ulike yrkessamanhengar: i helseog sosialsektoren i kommunane, i fylkeskommunale institusjonar og behandlingstilbod, i kriminalomsorg, i humanitære organisasjonar og NAV. Ein finn

såleis sosionomar mellom anna i sosialog barnevernstenesta, i tilbod for funksjonshemma, i skuleverket, ved familierådgivingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i rusmiddelomsorga. Studiet dannar grunnlag for opptak ved master i Helse- og sosialfag eller master i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium i Noreg og i utlandet.

Eit semester i utlandet Studentane kan ha studieopphold til dømes på Hawaii (tredje semesteret) og praksisopphald (femte semesteret) til dømes i Kenya og India.

Master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars

Masterstudiet rettar seg mot både helseog sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit tverrfagleg studiemiljø, som kan gi studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og


24

helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er eit viktig mål med studiet. Undervisninga er samlingsbasert for både deltids- og fulltidsstudentar og gjer det mogleg å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid.

Studieinnhald I studiet vert det fokusert på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar. Du skal få

kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Studiet skal også gi deg kompetanse i å undervise, rettleie og initiere FoU-prosjekt med vekt på slike mål.

Aktuelle yrke og vidare studium Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for klinisk arbeid, undervisning og førebyggjande arbeid. Særleg er slik kompetanse etterspurd i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helseog sosialtenester med slik profil. Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid (FoU) og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Eit semester i utlandet Som student ved masterstudiet i Sosialt arbeid kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.

Ph.d. i Helseog sosialfag

Camilla Nanditha Jensen: – Med ei slik utdanning trur eg at sjansane til å få ein jobb der eg kan utgjere ein forskjell, er stor. Eg ønskjer å jobbe anten i barnevernstenesta eller ved ein institusjon der ein hjelper vanskelegstilte barn.

Studielengd: 3 år Søknadsfrist: Sjå hivolda.no

Høgskulen i Volda samarbeider med Høgskulen i Molde om Ph.d.-utdanninga Profesjonsutøving mellom fag, brukar og forvaltning. Ph.d.-utdanninga vil handle om arbeidsvilkåra for dei som arbeider i helse- og sosialtenesta: Om relasjon og kommunikasjon mellom yrkesutøvar og klient, profesjonelt skjønn, verdiar

og etikk og korleis administrative og politiske system påverkar yrkesutøvinga. Utdanninga vil legge vekt på vitskaplege teoriar og metodar som kan nyttast til å studere slike tema.

Målgrupper Utdanninga rettar seg mot studentar med gjennomført masterutdanning (120 stp) på relevante fagområde. Både sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernsutdanning og andre direkte helse- og sosialrelaterte profesjonar er relevante fagområde som gir god bakgrunn for å gå inn på ph.d.-utdanninga. Kandiatar frå andre fagområde kan også få opptak om ein er oppteken av spørsmåla som blir dekt av ph.d.-utdanninga. Det kan til dømes vere: Lærarutdanning, psykologi, sosiologi, etikk, filosofi, juss, statsvitskap, leiing- og administrasjonsfag, logistikk og kommunikasjonsfag.

Søknad og opptak Søkjarar får opptak på studiet ved å sende ein prosjektbeskrivelse til ph.d.-utvalet. Du må også ha ein plan for finansiering av ph.d.-studiet, som til dømes ei stipendiatstilling, offentleg ph.d. frå eigen arbeidsgjevar eller anna finansiering. Ta kontakt med oss på førehand for å få meir informasjon. Ph.d.-studentar vil kunne ha arbeidsstad og få rettleiing på den eine eller begge høgskulane. Dei to høgskulane delar på å gje undervisning knytt til studiet. Det vert oppmoda til å gjennomføre utanlandsopphald som ein del av ph.d. -ut danninga.


25


26


27

Historie, kultur, samfunn og religion I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for kva rolle historie, religion og kultur spelar i kvardagen. Høgskulen i Volda tilbyr fleksible studium innanfor dette fagfeltet. Historisk institutt tilbyr master i Kulturmøte, som er eit tverrfagleg studium om møte mellom kulturar sett i eit historisk perspektiv og møte mellom kulturar i dag.


28

Historie årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Er du interessert i historie og vil forstå og kunne reflektere over samfunnsutvikling og samanhengar? Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonalhistorie frå tidleg mellomalder og fram til i dag, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode.

Studieinnhald Historie årsstudium er sett saman av fire emne à 15 studiepoeng. Obligatoriske emne: • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca. 300–1536 • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca. 1536–1870 • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca. 1870–2000 Valbare emne: • Historisk innføringsemne • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden • Lokal-, familie- og mikrohistorie

Aktuelle yrke og vidare studium Historie årsstudium kan saman med anna utdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område. Fagkombinasjon og spesialisering vil ha mykje å seie for framtidig yrke. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og administratorar i vid forstand (ABMsektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Årsstudiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i faget.

Martine Raknes Holte - Historie er viktig for å forstå korleis dagens samfunn er blitt slik som det

forstå endringar i notida. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får du kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og kan byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. Du får også trening i å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig – ferdigheiter som er viktige i arbeidslivet.

Studieinnhald Studiet gir brei brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg og fram til i dag. I studiet vert det også sett fokus på sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking. Studentane skal opparbeide kompetanse til å kunne reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem. Om du ønskjer å byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for å oppnå undervisningskompetanse, må du ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag innanfor graden.

Aktuelle yrke og vidare studium Bachelor i historie kvalifiserer for ulike former for formidlings- og kulturarbeid og internasjonalt arbeid. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak til master i Kulturmøte og master i Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og andre relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.

Bachelor i Historie

Eit semester i utlandet

Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved institusjonar i Europa og andre stader i verda. Dette inkluderer Erasmus-partnarar i ulike europeiske land, eller Luther College Decorah i USA.

er, blant anna med tanke på kulturskilnadar.

Kunnskapar om historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament for å


29

Religion, livssyn og etikk årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Årsstudiet gir innsikt i religions- og livssynsmangfaldet i Noreg. Det er difor relevant for mange yrkesgrupper som

møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, media og i kyrkja.

Studieinnhald I studiet vert det lagt vekt på innsikt og forståing av religiøse tekstar, om historia til kristendomen og andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. Religionspedagogiske spørsmål knytte til undervisning og formidling av religiøse tradisjonar inngår også i studiet.

Studiet er sett saman av emna • Bibelen – tekst og tolking • Religion og livssyn • Tru og tradisjon • Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn

Aktuelle yrke og vidare studium Emna i årsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til RLE fordjupingsstudium.


30

Aktuelle yrke og vidare studium Studieprogrammet kvalifiserer for yrke der ein treng språkleg, litterær og religionsfagleg kompetanse, til dømes innanfor kultursektoren, i helsesektoren, i kyrkje og media. Vil du bruke utdanninga i skulen, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet vil då kvalifisere for undervisning i Religion, livssyn og etikk (RLE) på mellomsteget og ungdomsteget i grunnskulen, og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule. Bachelor i religion og språk kvalifiserer for opptak til master i Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Eit semester i utlandet Høgskulen i Volda har utvekslingsavtalar med fleire relevante institusjonar, som til dømes Åbo Akademi University, Finland, og Universitetet i York, England.

Master i Kulturmøte Bachelor i Religion og språk Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for kva rolle språk, litteratur og livssyn spelar i kvardagen. I vårt fleirkulturelle samfunn er slik kompetanse meir og meir etterspurd. I bachelor i Religion og språk får du grunnleggjande kunnskap og innsikt i religion/livssyn og

språk/litteratur (nordisk eller engelsk).

Studieinnhald Du vil få innføring og kunnskap om • sentrale filosofiske og vitskapsteoretiske spørsmål • sentrale etiske omgrep og teoriar • dei store verdsreligionane og sekulære livssynstradisjonar • religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og samfunn • språk og litteratur frå det nordiske eller engelskspråklege området • dei kulturelle sidene ved språket og litteraturen

Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars

Master i kulturmøte er eit tverrfagleg studium om kulturar og møte mellom kulturar sett i eit historisk perspektiv. Nye flyttemønster og nye kommunikasjons- og informasjonsteknologiar krympar avstandar og fører kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte i eit historisk perspektiv, men òg i eit samtidsperspektiv – regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Studiet kan gjennom-


31

førast på heiltid (to år) eller deltid (tre eller fire år).

Studieinnhald Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.

Matkultur og helse årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Obligatoriske emne: • Nasjon, kultur og religion • Vitskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon • Masteroppgåve i Kulturmøte

Er du interessert i matkultur og helse? Som student ved årsstudiet vil du lære å arbeide med mat frå mange ulike perspektiv.

Valbare emne: • Al-Andalus – politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711–1501 • Brennpunkt Midtausten • Den sekulære skulen i eit religiøst og kulturelt mangfald

Studiet er delt i to fagdelar: Mat, kosthald og helse og Mat, kultur og konservering.

Aktuelle yrke og vidare studium Fullført mastergrad gir ein brei kompetanse med relevans for ulike yrkesvegar: • Internasjonalt arbeid • Arbeid i organisasjonar og politiske parti • I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU) • I skuleverket • I medie- og informasjonsverksemd • I offentleg og privat forvaltning • I ABM-sektoren • Kultursektoren elles Mastergraden kvalifiserer for opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

Eit semester i utlandet Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.

Studieinnhald

Du skal få grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen, og lære å planlegge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene ved faget. I tillegg vil du få kunnskapar om norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag.

Aktuelle yrke og vidare studium Studiet er eigna for dei som vil formidle matkultur og helse til barn, ungdom og vaksne i skuleverket eller anna formidlingsverksemd. Det kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad


32


33

Idrett og friluftsliv Høgskulen i Volda har høg kompetanse og lang erfaring med å tilby utdanning i idrett og friluftsliv. Som student får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Med den vakre naturen på Sunnmøre har vi eit unikt “klasserom”.


34

Naturguideutdanning Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Behovet for naturguidetenester innanfor norsk reiseliv er i vekst. Målet for studiet er å kvalifisere for profesjonelt guidearbeid i kyst- og fjordlandskap sommar og vinter. Solid kompetanse innafor friluftsliv er ein føresetnad for å gjennomføre studiet.

Studieinnhald I studiet vil ein både i praksis og teori arbeide med problemstillingar knytte til å gi gjester gode og trygge opplevingar i norsk natur. Studiet inneheld tema frå

lokalgeografi, lokalhistorie og brukstradisjonar til opplevingspsykologi, gruppeprosessar og innsikt i turisme og reiseliv. Du skal få allsidig kjennskap til ulike former for guiding frå hav til fjell under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen. I tillegg skal du få kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav.

takast som ein del av bachelorgrad i Friluftsliv, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande studium.

Friluftsliv årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Aktuelle yrke og vidare studium Målet med studiet er å kvalifisere studentar for arbeid som naturguide etter Norsk Naturguideforbund sin bransjestandard for naturguide (NNG). Høgskulen i Volda har frå før bachelor og årsstudium i Friluftsliv og Tindevegleiarutdanning. Naturguideutdanninga kan

I studiet vert det lagt vekt på å gi studentane gode naturopplevingar og inspirerande fysiske aktivitetar. Undervisninga er lagd opp med nær samanheng mellom teori og praksis, gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Naturmiljøa er varierte og spennande:


35

skog, fjell, fjord, kyst, høgfjell og bre.

Studieinnhald Studiet gir kompetanse til å undervise og rettleie i friluftsliv og allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve. Studentane skal opparbeide kompetanse til å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav, og kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid. Du får høve til å ta følgjande kvalifiseringar: brattkort, våttkort, NF-skredkurs, DNT-turleiar og båtførarprøva.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverk, reiseliv og organisasjonar. Studiet kan takast som vidareutdanning

for lærarar, eller det kan inngå i bachelor i Friluftsliv ved Høgskulen i Volda eller som valfri del i andre bachelorgradar. Det gir også grunnlag for opptak til Friluftsliv fordjupingsstudium.

Bachelor i Friluftsliv Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Sol Kvavik Idland Høgskulen i Volda er kjend for sine studium innanfor idrett og frilufsliv, og har eit fagmiljø som har høg kompetanse og lang erfaring innanfor fagfeltet. Som bachelorstudent i friluftsliv får du vere

- Gjennom fordjuping i vinterfriluftsliv fekk vi fantastiske naturopplevingar på Svalbard.


36

med på allsidige aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Den varierte og utfordrande sunnmørsnaturen er ei kraftfull ramme rundt undervisninga og opplevingane. Høgskulen har også eigen kystfriluftslivsbase med både naust, båtar, telt og hamner.

Studieinnhald Du skal lære å planleggje, gjennomføre og vurdere friluftslivopplegg og opplæring for barn, ungdom og vaksne. Det vert lagt vekt på refleksjon over eiga faglege utøving. I tillegg må du kunne bruke relevante faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer. Første studieåret vert det fokusert på grunnleggjande opplæring i friluftsliv. Andre studieåret skal du fordjupe deg i friluftsliv og helse i tillegg til å skrive bacheloroppgåve. Tredje studieåret vel du den fagretninga du vil bruke bachelorgraden til.

Aktuelle yrke og vidare studium Bachelorgraden kvalifiserer for arbeid i frivillig organisert og uorganisert friluftsliv. Aktuelle arbeidsstader er skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena, og dessutan reiseliv/ turisme og forvaltning. Utdanninga vil også gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering og arbeid med barn og unge med spesielle behov. Bachelor i friluftsliv kan gi grunnlag for opptak til mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell kompetanse i skuleverket må du byggje på med eittårig praktiskpedagogisk utdanning (PPU).

Idrett årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Programmet gir grunnleggjande innføring i arbeid med idrett i undervisning og trening i grunnskulen. Høgskulen har gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium.

Eit semester i utlandet

Studieinnhald

Heile eller delar av tredje studieåret kan takast i utlandet ved ein samarbeidsinstitusjon.

Du får erfaring og innsikt i idretts- og friluftsaktivitetar og eigenutvikling. Studiet er sett saman av praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings- og instruksjonspraksis. Du skal tileigne deg

dugleik, erfaring, kunnskap og innsikt i fagområdet med dei tilpassingane som er nødvendige for å møte barn og unge med ulike føresetnader. Du skal mellom anna vere med på å planleggje og undervise barn, unge og vaksne med særlege behov i samband med kurs på Bjorli.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet i idrett er særleg relevant for deg som ønskjer å arbeide i ulike skuleslag eller andre felt der det vert drive fysisk aktivitet, som t.d. i frivillig organisert og uorganisert idrett, i privat og offentleg verksemd. Studiet kan takast som vidareutdanning for lærarar, eller det kan inngå i bachelor i Idrett ved Høgskulen i Volda eller inngå som valfri del i andre bachelorgradar.


37

Bachelor i Idrett Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Høgskulen i Volda er kjend for sine studium innanfor idrett og frilufsliv, med eit fagmiljø som har høg kompetanse og lang erfaring innanfor fagfeltet. Som student ved bachelor i Idrett får du vere med på spennande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium, og ikkje minst sunnmørsnaturen.

Studieinnhald I studiet vert teori kopla til praktiske

aktivitetar innanfor trenings- og rørslelære, pedagogikk, didaktikk, helse og idretts-psykologi. Du skal lære å planleggje, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for barn, ungdom og vaksne, og gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak, med vekt på fysisk aktivitet. Refleksjon over eiga faglege utøving er ein viktig del av studiet, i tillegg til å kunne bruke relevante faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer. Første studieåret legg eit generelt grunnlag for å forstå ulike sider ved idrett. Andre studieåret får du mellom anna fordjupe deg i korleis fysisk aktivitet verkar på helsa og ta skiinstruktør utdanning i alpine teknikkar.

Aktuelle yrke og vidare studium Studiet kvalifiserer deg for arbeid innanfor idrett og kroppsøvingsfaget. Aktuelle

arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med barn og unge med spesielle behov. Bachelor i idrett gir grunnlag for opptak til ein mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Eit semester i utlandet Studentane kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.


38


39

Lærar- og barnehagelærarutdanning Læraryrket er viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Når ein ser arbeidsmarknaden i eit litt lengre perspektiv, så er læraryrket mellom dei mest stabile og sikre yrka ein kan ha. Høgskulen i Volda har utdanna lærarar i over 150 år, og har i dag eit breitt tilbod innan lærarutdanningar.


40

Barnehagelærarutdanning

til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. Barnehagelærarutdanninga gir grunnlag for opptak til masterstudiet i Undervisning og læring ved Høgskulen i Volda.

Studielengd: 6 semester/3 år (Kan også takast på deltid.) Søknadsfrist: 15. april

Eit semester i utlandet

Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet, og er den viktigaste faktoren for å skape eit godt barnehagetilbod. Som barnehagelærar kan du vere med på å påverke og ta vare på den eigenarten barnehagen har, som arena for leik, omsorg, danning og positiv læring i det daglege.

I tredje studieåret vil det bli lagt til rette for eit internasjonalt semester ved ein institusjon som Høgskulen i Volda har samarbeid med. .

Barnehagelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing og innsikt hos studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen. Utdanninga skal gi deg solid fagleg, didaktisk og sosial kompetanse, og evne til yrkesetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn. Gjennom studiet skal du opparbeide kunnskap om teoriar og arbeidsformer på tvers av fag, og få innsikt i kva samfunn og kultur har å seie for barns oppvekst og utvikling. Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer i eit sosialt samspel.

Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er førskulelærarar kvalifiserte

Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Faglærarutdanning er eit treårig profesjonsstudium der formgiving, fagdidaktikk og pedagogikk utgjer kjernen i studieinnhaldet. Formgjeving, kunst og handverk er eit allmenndannande fag, der kunnskap vert utvikla gjennom praktisk og estetisk skapande handling og kritisk refleksjon. Utdanninga har basis i utøvande verksemd og formidling knytt til visuell og materiell kultur. Teknologi og entreprenørskap er grunnleggjande for det faglege arbeidet.

Studieinnhald

Aktuelle yrke og vidare studium

Faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk

Studieinnhald

Anders Svensli - Det er eit stort ansvar å leie ei barnegruppe og ha ansvar for læring og

Utdanninga skal gi kompetanse i å leie barn og ungdom i skapande arbeid med ulike materiale med grunnlag i kunnskap om både faget og lærarrolla. Du skal lære å bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering, i tillegg til å kunne rettleie kollegaer. Det praktisk skapande arbeidet har utgangspunkt i fagfelt som er relevante for opplæringa i grunnskulen og vidaregåande skular. I dei tre studieåra skal studenten ha gjennomført 70 dagar praksis. Praksis er fordelt med om lag fire veker fyrste året, seks veker andre året og fire veker tredje året.

progresjon. Studiet i Volda har gjort

Aktuelle yrke og vidare studium

meg fagleg trygg og utvida horisonten

Faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk kvalifiserer deg til arbeid i skuleverket og i kulturskulen. Graden kan dessutan danne grunnlag for opptak

min.


41

til andre kunstfaglege utdanningar og masterprogram.

Eit semester i utlandet Det er mogleg å ta eit semester i utlandet ved ein av Høgskulen i Volda sine mange samarbeidsinstitusjonar.

Grunnskulelærar 1. til 7. årssteg Studielengd: 8 semester/4 år (Kan også takast på deltid.) Søknadsfrist: 15.april

Grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. årssteg er ei fireårig profesjonsutdanning som er aktuell for deg som likar å arbeide

med barn, og som ønskjer å arbeide i skuleverket. I studiemodellen ved Høgskulen i Volda er det høve til både å velje breidde og/eller fordjuping i fag.

Studieinnhald Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar. I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggjande ferdigheiter, begynnaropplæring, kreative uttrykksmåtar og digital kompetanse. Studentane vil få tett oppfølging frå faglærarane, og det er eit mål at kvar student skal oppnå ei god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar, og det vert lagt vekt på å knyte praksisfeltet og faga tett saman. Det er praksis i grunnskulen i alle fire studieåra.

Aktuelle yrke og vidare studium Grunnskulelærarutdanning 1–7 kvalifiserer i første rekkje for å arbeide som lærar i barneskulen. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke, som til dømes med pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket eller andre formidlingsinstitusjonar i offentleg og privat sektor. Under føresetnad av at vala dine har gitt nødvendig fordjuping, kan du i fjerde studieåret ta til på eit toårig masterprogram i Undervisning og læring.

Eit sememester i utlandet I det åttande semesteret vil det vere høve til å ta eit semester i utlandet ved ein av Høgskulen i Volda sine mange samarbeidsinstitusjonar. Det er også høve til å søkje om praksisperiode i tredje studieåret ved skular i Spania og Norden.


42

Grunnskulelærar 5. til 10.- årssteg Studielengd: 8 semester/4 år Søknadsfrist: 15.april

Grunnskulelærarutdanning for 5. til 10. årssteg er ei fireårig profesjonsutdanning som er aktuell for deg som likar å arbeide med litt større barn og ungdom, og som ønskjer å arbeide i skuleverket. I studiemodellen ved Høgskulen i Volda er det høve til både å velje breidde og/ eller fordjuping i fag.

Studieinnhald Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Studentane skal i løpet av det fireårige programmet opparbeide seg faglege og fagdidaktiske kunnskapar i faga, og kunnskap om faga både som skule-

planleggje og gjennomføre tilpassa undervisning og bruke digitale verktøy i og på tvers av fag. Studentane vil få tett oppfølging frå faglærarane, og det er eit mål at kvar student skal oppnå ei god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar, og det vert lagt vekt på å knyte praksisfeltet og faga tett saman. Det er praksis i grunnskulen i alle fire studieåra.

Undervisning og læring.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i Undervisning og læring

Denne grunnskulelærarutdanninga kvalifiserer i første rekkje for å arbeide som lærar i 5.-10. årssteg i dei faga som utdanninga di omfattar. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke, som til dømes med pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket eller andre formidlingsinstitusjonar i offentleg og privat sektor. Under føresetnad av at vala dine har gitt nødvendig fordjuping, kan du i fjerde studieåret ta til på eit toårig masterprogram i

Eit semester i utlandet I det fjerde studieåret vil det vere høve til å ta eit semester i utlandet ved ein av Høgskulen i Volda sine mange samarbeidsinstitusjonar. Det er også høve til å søkje om å få ta ein praksisperiode i tredje studieåret ved skular i Spania og Norden.

Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april

Mastergraden har tre valbare spesialiseringer: spesialpedagogikk, matematikk og norsk. Retninga spesialpedagogikk er


43

• pedagogisk arbeid i barnehage og skule • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar • undervisning i matematikk eller norsk i grunnskulen og den vidaregåande skulen • arbeid i PP-tenesta • FoU-aktivitet i barnehage og skule • doktorgradsstudium

Eit semester i utlandet

ar/lærlingar, kollegaer og føresette er også vektlagt i studiet.

Aktuelle yrke og vidare studium Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse i andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.

Studentar som ønskjer det, kan ta enkelte emne ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet.

Praktisk-pedagogisk utdanning retta mot arbeid i barnehage, skule og PP-tenesta. Spesialiseringane i norsk og matematikk er retta mot arbeid i skulen. Undervisninga er samlingsbasert, og det er mogleg å ta studiet som heil- eller deltidsstudent.

Studieinnhald Master i undervisning og læring gir deg vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda du har valt å spesialiserere deg i. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt.

Aktuelle yrke og vidare studium Avhengig av kompetansekrav og studiespesialisering kvalifiserer studiet mellom anna til:

Studielengd: 2 semester/1 år (heiltid), 4 semester/2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdanning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før.

Studieinnhald Studiet er sett saman av emna Pedagogikk (30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Programmet gir kompetanse i å planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elev-

Øystein Venås Sørensen – I løpet av praksisperiodane i studiet har eg fått prøve korleis yrket verkeleg er. Nyfikne og engasjerte elevar utfordrar oss og syter for at ingen arbeidsdag blir lik. Det er viktig at ein som lærar ser kvar enkelt av dei.


44


45

Mediefag Høgskulen i Volda har utdanna fagfolk til den norske mediebransjen sidan 1971. I utdanningane gür teori og praksis hand i hand. Undervisninga er kombinert med omfattande og jobbrelevante interne og eksterne prosjekt- og praksisordningar.


46

Mediekunnskap årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april

Årsstudiet gir deg brei innføring i tradisjonelle og nye medium relatert til skule, arbeidsliv og samfunn.

Studieinnhald Studiet gir studentane teoretisk og teknisk kunnskap innanfor mediefeltet, og praktisk innføring i medieproduksjon. Det er eit mål å gi eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå den rolla media spelar i samfunnet og for kvart einskilt individ.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet i mediekunnskap gir ei brei innføring i fagfeltet som eit grunnlag for vidare spesialisering. Det kan også takast som vidareutdanning for lærarar. Studiet kan inngå i bachelor i Media, IKT og design ved Høgskulen i Volda.

Bachelor i Media, IKT og design

kvardagen vår.

Studieinnhald Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Er du kreativ, engasjert og vil arbeide i mediebransjen i framtida? I dette studiet arbeider du med mediedesign, medieproduksjon eller medieutvikling for å skape innhald på dagens og morgendagens plattformer. Besøk bloggen vår på MIDlabs.no, der du kan lese om

Studiet har tre studieretningar. Medieproduksjon fokuserer på visuelle medium som film, foto og fleirkameraproduksjon. Du arbeider med bilet- og videoproduksjonar innanfor fleire sjangrar. Mediedesign tek utgangspunkt i grafisk design, og du fordjupar deg i konseptutvikling og visuell utforming med vekt på digitale flater. Medieutvikling gir kompetanse i utvikling av brukarvenlege løysingar for nettbrett, mobil og web.

Med relevante programmeringsspråk i verktykassa får du fordjupe deg i utvikling av apps og problemløysing i utviklingsprosjekt.

Aktuelle yrke og vidare studium Bachelorgraden kvalifiserer til ulike yrke innanfor mediebransjen. Studieretning Medieproduksjon kan danne grunnlag for ein karriere som medieprodusent innanfor foto, oppdragsfilm og eventproduksjon, medan studieretning Mediedesign opnar for arbeid innanfor grafisk design, webdesign, layout for


47

magasin/aviser, reklame og informasjon. Studieretning Medieutvikling kan mellom anna gi grunnlag for ein karriere som webutviklar, front end-designar, app-utviklar, interaksjonsdesignar og UX-designar. Bachelor i Media, IKT og design kvalifiserer for vidare studium på mastergradsnivå.

Eit semester i utlandet Studentar kan reise utanlands som del av studiet om våren i andre studieåret. Høgskulen i Volda har avtalar med universitet og høgskular i Norden, USA, Australia, Canada, Irland, Storbritannia, Spania, Tyrkia og ei lang rekkje andre land.

Bachelor i Animasjon

Eit semester i utlandet Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Animasjonsutdanninga er den eldste utdanninga på høgskulenivå i Norden. Mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda. Utdanninga er også kjend for filmfestilvalen AnimationVolda som vert arrangert kvar haust. Undervisningsspråket er i hovudsak engelsk. Animasjon er med sin sentrale plass i både data, fjernsyn og film eit viktig element innanfor både underholdning, nyheiter, informasjon og undervisning.

Studieinnhald Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium. Animasjonsutdanninga kvalifiserer studentane til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk og animasjon i kombinasjon med andre medium. Studiet gir innføring i alle vanlege animasjonsteknikkar (teiknefilm, dokkefilm, cut-out og data-animasjon).

Aktuelle yrke og vidare studium Rasmus Sivertsen, regissør – Gjennom utprøving av forskjellige animasjonsteknikkar fann eg mitt eige uttrykk. I Volda fekk eg også eit kjempestort nettverk av folk innan animasjon og media som eg framleis har god kontakt med.

program i Noreg og i utlandet.

Den norske animasjonsbransjen er i sterk vekst og rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Animerte TV-seriar og animerte langfilmar for kinodistribusjon er viktige arbeidsområde for animatørar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag svært vanleg, og i tillegg treng digitale medium (Internett, dataspel m.m.) animatørar. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante master-

Det vert lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved utdanningsinstitusjonar vi samarbeider med, til dømes i Danmark, Storbritannia, Estland, Tyrkia, Kroatia, Frankrike og Australia.

Bachelor i PR, kommunikasjon og media Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Høgskulen i Volda har i dag eit av dei sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg, og har gitt tilbod om kommunikasjonsutdanning sidan 1980-talet. For organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er, og kva ein driv med på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer med seg sjølv og omverda, har innverknad på omdøme, effektivitet og økonomi.

Studieinnhald Bachelorprogrammet tilbyr studentane forskingsbasert undervisning innanfor eit breitt spekter av emne og fagfelt: journalistikk, medievitskap, politisk økonomi, organisasjon og leiing, marknadsføring og ulike sosiologiske og statsvitskaplege emne. Undervisninga er kombinert med omfattande og jobbrelevante interne og eksterne prosjektog praksisordningar. Studentane får inngåande kjennskap til tilhøvet mellom


48

teori og praksis. Dette er kanskje det viktigaste konkurransefortrinnet til kommunikasjonsutdanninga i Volda.

Aktuelle yrke og vidare studium Bachelorgraden gir kompetanse som kan brukast på ei rekkje område i vårt medieog kommunikasjonsorienterte samfunn. Relevante arbeidsplassar vil vere kommunikasjonsbyrå og ulike line- og stabsfunksjonar i både privat og offentlig sektor. Utdanninga kan også gi grunnlag for andre karrierevegar avhengig av arbeidsmarknaden, personlege interesser, og eventuelt vidare utdanning. Studentane

våre gjer karriere innanfor ulike sektorar i samfunnet.

Iben Andrea Syvertsen, PR-rådgjevar i Trigger – Praktisk erfaring er noko av det

Studiet dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar innanfor fagfeltet i Noreg og i utlandet.

for både avis, fjernsyn, radio og nett. Utdanninga har fire periodar med obligatorisk praksis. I siste semesteret blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder.

Eit semester i utlandet

Studieinnhald

Det er tilrettelagt for å gjennomføre delar av studiet (inntil eitt semester) ved universitet i utlandet, til dømes ved Westminster i London, Griffith College i Irland eller Hawaii Pacific University.

Studentane får systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag. Den teoretiske undervisninga i journalistikk og medievitskap er felles for alle. Det er høve til å fordjupe seg i eitt eller fleire medium. Studiet gir også kunnskap om og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål, og øver opp evna til å bruke ulike analysemodellar. Det varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. Studentane må søkje spesialisering i avis, fjernsyn eller radio ved studiestart. Spesialiseringsemna har opptaksavgrensing.

Bachelor i Journalistikk Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

viktigaste du kan ta med deg inn i arbeidslivet, og praksisen er gull verdt ved PR-utdanninga i Volda.

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar og utdannar journalistar

Aktuelle yrke og vidare studium Kunnskapsrike og kreative journalistar


49

med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde innanfor bransjen. Ved Høgskulen i Volda får studentane unike og attraktive praksisplassar i landets største mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing. Både i NRK, TV2 og dei største avisene arbeider det mange journalistar som har studert i Volda. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.

Eit semester i utlandet Det vert lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane. om innpassing. Det er mogleg å ta studiet på heiltid og deltid.

Master i Dokumentar og journalistikk Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars

I dagens samfunn vert det stilt stadig høgare krav til utøvarane i mediebransjen. Dette gjeld særleg dei som arbeider med krevjande stoff innanfor kritisk og undersøkjande journalistikk. Kjernen i studiet ligg i spennet mellom den personlege og faktabaserte dokumentaren og den undersøkjande journalistikken. Masteren opnar for produksjon av reportasjar og dokumentarar innanfor både radio, avis, nett, tv og film og byggjer på lange tradisjonar i undervisning i journalistikk og media ved Høgskulen i Volda. Studentar som tidlegare har gjennomført eittårig Dokumentarfilmutdanning, kan søkje

Studieinnhald Du kan velje mellom to studieløp: • Praktisk-teoretisk mastergrad med ein medieproduksjon for avis, radio, nett eller fjernsyn kombinert med ei skrift- leg oppgåve, som på vitskapleg grunnlag reflekterer og analyserer den inn leverte produksjonen. • Teoretisk grad med ei masteroppgåve av same omfang som ved medievitska plege studium ved universiteta.

Aktuelle yrke og vidare studium Mastergraden gir aktuell kompetanse til utøvarar innanfor kritisk og undersøkjande dokumentarjournalistikk. Begge studieløp kvalifiserer til vidare doktorgradsprogram.

Eit semester i utlandet Det er høve til å ta emne over eitt semester ved ein utanlandsk lærestad.

Silje Nordnes, Programleiar i P3morgen - Eg dreg nytte av det eg lærte i Volda kvar einaste dag, som til dømes intervjuteknikk og etikk. Eg har også mykje igjen for det eg lærte om forteljarteknikk og dramaturgi.


50


51

Språk og litteratur Høgskulen i Volda har eit fleksibelt studietilbod innanfor språk og litteratur, både på bachelor- og masternivå. Studia vert sett inn i eit kulturperspektiv med vekt på forholdet mellom språk, tekst og samfunn. Som einaste i landet tilbyr høgskulen master i Nynorsk skriftkultur.


52

Norsk (nordisk) årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år (heiltid), 4 semester/2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april

Dei fleste som tek Norsk årsstudium nyttar faget i undervisningssamanheng, men det høver også godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring. Undervisninga er samlingsbasert med fire samlingar pr. emne. Studiet vert også tilbydd som nettstudium med avgift (kr 4000 pr. emne).

Studieinnhald Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap: • Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk. • Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teo- retisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn. • Tekst og struktur gir innføring i dei lit- terære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar. • Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike peri odar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet kan inngå i ei lærarutdanning eller i andre yrkesutdanningar der ein treng kompetanse i norsk. Det gir dessutan grunnlag for opptak til fordjupingsstudium innanfor faget. Det er identisk med første året av bachelor i Språk og litteratur.

Engelsk årsstudium

Hege Lende Sørbråten:

Studielengd: 2 semester/1 år (heiltid), 4 semester/2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april

Eg er veldig glad i å både lese og skrive, og valde studiet for å kunne fordjupe meg i litteratur.

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda og er morsmålet til om lag 400 millionar menneske. Det er dessutan eit viktig andrespråk for mange fleire.

Som student vil du få tilbod om eit to vekers opphald ved Det norske studiesenteret ved Universitetet i York, England. Studiet kan takast både på heiltid og deltid.

Studieinnhald Engelsk årsstudium gir ei grunnlegjande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Etter fullført studium skal du kunne bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg. Du skal også kunne identifisere og analysere språkstrukturar og eldre og nyare engelsk litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område).

Aktuelle yrke og vidare studium Studieprogrammet gir attraktiv kompetanse som del av kvalifikasjon til yrke, både i privat og offentleg sektor. Det gjeld til dømes i skulen, reiselivet, administrasjon, forlag og andre stader der det krevst gode engelskkunnskapar. Årsstudiet kan også inngå som del av bachelorgradar (t.d. bachelor i Språk og litteratur).

Bachelor i Språk og litteratur Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april

Visste du at både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde vert forma gjennom språk? I det moderne mediesamfunnet møter vi kvar dag ein flaum av språk og tekst, og å orientere seg i denne stadig meir komplekse situasjonen er


53

ei utfordring. Kunnskap om språk og tekstar gir oss innsikt i kulturen og oss sjølve.

metodar i språk- og litteraturforsking, for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Bachelor i Språk og litteratur kvalifiserer for opptak til fleire mastergrada ved Høgskulen i Volda.

Studieinnhald

Aktuelle yrke og vidare studium

Eit semester i utlandet

Studieprogrammet gir utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gir innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Du kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege, litterære eller didaktiske tema. Det vert også lagt vekt på å gi studentane kompetanse i bruk av sentrale

Bachelor i språk og litteratur kvalifiserer deg for yrke der det er bruk for språkog tekstkompetanse både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna i undervisning, informasjonsarbeid og arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv. For å få formell undervisningskompetanse må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer det, kan du spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, til dømes ved det norske studiesenteret ved Universitetet i York, England.


54

Master i Nynorsk skriftkultur

studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester.

Studieinnhald Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars

Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste i landet master i Nynorsk skriftkultur. Studiet gir tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Masterstudiet går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for

Det vert nytta ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studentane skal få allmenn kompetanse om nynorsk som språk- og kulturfenomen. Dei skal også opparbeide kompetanse til å plassere den nynorske skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader i verda.

Aktuelle yrke og vidare studium Masterprogrammet gir deg brei språkog kulturkompetanse og kvalifiserer for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum og i offentleg og privat kultursektor. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Eit semester i utlandet Du kan studere det tredje semesteret ved ein av partnarinstitusjonane våre i Noreg eller i utlandet.


55

Opptaksrettleiing Generell studiekompetanse Høgskule- og universitetsutdanning byggjer på vidaregåande utdanning, og generell studiekompetanse er normalt opptakskravet til alle grunnutdanningar. Generell studiekompetanse oppnår ein oftast gjennom fullført og bestått treårig vidaregåande utdanning eller yrkeskompetanse med fullført påbygging. Til nokre studium er det særskilde opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse. Desse opptakskrava finn du på dei aktuelle studieomtalane på nettsidene våre.

Realkompetanse Søkjarar som er 25 år eller eldre i søknadsåret, og som har minst fem år fulltids yrkespraksis, men ikkje generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvalifiserte for eit bestemt studium på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er kunnskap søkjaren har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte. Realkompetansen må vere relevant for det studiet ein søkjer på.

Andre vegar til generell studiekompetanse Det finst også andre måtar å oppnå generell studiekompetanse på. Sjå Samordna opptak sine nettsider for meir informasjon om dette på samordnaopptak.no og hivolda.no/sok


hivolda.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.