Syns|rand Eit magasin om forsking og utvikling
#1 / 2018
s. 23
- Elevane må bli tatt på alvor
Kvar er kvinnene?
Litteraturhistoria er full av mannlege forfattarar. Professor Marie Nedregotten Sørbø meiner mennene har fått urettmessig stor plass i historia.
Professor Peder Haug er kritisk til korleis spesialundervisninga i grunnskulen fungerer. Han meiner manglane er mange.
s. 23
Virtuell framtid i media
Ny foto- og videoteknologi gir journalistar fleire spennande formidlingsmåtar. Men reiser også mange etiske problemstillingar.
s. 23
s. 23
Kva skal til for at ein tur i naturen blir god?
s. 23
Problem som ungdom – vanskeleg vaksentid?
Syns|rand
2
#1 / 2018
Leiar Kjære lesar Forskingsmagasinet du no held i handa gjev eit tverrsnitt av forskingsaktiviteten ved Høgskulen i Volda dei siste åra. Eller meir presist: Forskings- og utviklingsaktiviteten vår.
Rektor Johann Roppen
Dei som forskar ved Høgskulen i Volda er tilsette som lærarar på utdanningar og skal gje studentar ei utdanning. Dei arbeider som lærarutdannarar, lærarar i mediefag, lærarar på barnevern eller sosionom eller andre utdanningar. Det er heilt nødvendig med forsking for å kunne gje god utdanning. Det er fordi lærarane skal innanfor sine stillingar gje forskingsbasert undervisning. Det vil seie at lærarane både skal kunne forske sjølv, men også kunne vurdere andres forsking for å vurdere kva studentane bør kunne lære. Kunnskapsgrunnlaget for utdanningane våre og for heile samfunnet endrar seg heile tida, ikkje minst på grunn av den teknologiske utviklinga. Delvis treng vi nye kunnskapar for å bruke og forstå nye verktøy og nye fenomen i samfunnet. Delvis gjev ny teknologi oss betre verktøy for å svare på gamle spørsmål, og å stille nye spørsmål. Eitt av våre forskingsprosjekt handlar om korleis bruk av nettbrett i skulen utfordrar noko så grunnleggande som handskrift. Men kva tema skal det forskast på? Like høgverdig som forskingbasert undervisning er det om forskinga vår er undervisnings- og praksisbasert. Med det meiner eg at gode forskingsprosjekt kan springe ut av aktivitetar i utdanningane våre eller bidra til å forstå eller finne løysingar på samfunnsutfordringar. Det kan også bety at studentane blir dregne med i våre forskingsprosjekt. Det kan bety at tema for for-
Syns|rand
MAGASIN FRÅ HØGSKULEN I VOLDA
skinga blir inspirert av kva som skjer i utdanningane eller i praksisfeltet - i yrkesutøvinga. Og i samfunnet i stort. Som i utdanningspolitikken. Vi ønskjer oss meir samarbeid med regionale og nasjonale aktørar og diskuterer gjerne idear til faglege samarbeid på alle nivå. I Forskingsmagasinet finn du fleire døme på forskingsprosjekt som spring ut av aktuelle samfunnsproblem. Blant anna fortel professor Peder Haug om resultat frå eit fleirårig prosjekt der spesialundervisning i Ålesund og Lillehammer har vorte undersøkt. Haug har uroande funn som kort og godt tyder på at spesialundervisning fungerer dårleg i Noreg. Dette er kunnskap som det er viktig at studentar i spesialpedagogikk får tilgang til slik at spesialundervisninga kan bli betre. Dei komande åra vil Høgskulen i Volda årleg lyse ut 8 stillingar som doktorgradsstipendiat innanfor våre fagområde. Det er berre å ta kontakt med aktuelle fagmiljø eller FoU-administrasjonen for å få meir informasjon. For dei som ønskjer å bli doktorgradsstipendiat er det ofte starten som er vanskelegast - å skrive ei god prosjektskisse kan vere svært krevjande. Ta kontakt med oss i god tid for å få råd og vink om dette. Forskarane ved Høgskulen i Volda håper at dette magasinet gjev deg lyst til å vite meir om oss og våre forskingsaktivitetar, og vi håper på å sjå deg hos oss i framtida som student, tilsett eller som samarbeidspart.
Prosjektgruppe:
Per Straume, Tone Solhaug, Per Arne Brandal, Ola Teige: Kontor for samfunnskontakt Geir Tangen: FoU-administrasjonen
Syns|rand
#1 / 2018
Innhald s. 23
På Cuba: I møte med cubanske journalistar og journalistikkstudentar fekk stipendiat Anne Natvik innblikk i ei presse heilt ulik den ho er kjend med i Noreg.
4
Forskingsnytt
18
– Elevane må bli tatt på alvor
6
Jakta på den rette turbalansen
22
Sårbar ungdom i vidaregåande skule – vaksenliv på særvilkår?
10
– Litteraturhistoria må skrivast om 26
Utfordrande som forskar på Cuba
28
Forskingsnytt
12
Teknologiske muligheiter og farar
16
Disputert
Redaktør:
Web:
Trykk:
Terese Balsnes, kontor for samfunnskontakt
hivolda.no/forsking
Printing AS
Produksjon:
Design:
Per Straume og Tone Solhaug
Kib & Morits
3
4
Syns|rand
#1 / 2018
Nyheiter: Forsking Populær kjemi på kjøkkenet Hausten 2017 gav første amanuensis ved HVO Erik Fooladi ut boka «Kjemi på kjøkkenet» saman med den finske professoren Anu Hopia på norsk og finsk. No vil den også kome på engelsk. Det anerkjende amerikanske forlaget Taylor & Francis kjøpte rettigheitene til “Kjemi på kjøkkenet” i januar 2018. Dei vil gi ut boka på engelsk. Boka gir svar på kvifor kaka fell saman og byr også på andre kjøkkenhistorier.
– Ein merkedag for høgskulen Siv Elin Nord Sæbjørnsen vart den første kandidaten som disputerte for ph.d.-utdanninga «Helse- og sosialfag. Profesjons utøving - vilkår og utvikling», som er ein fellesgrad mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskolen i Molde.
Sæbjørnsen forsvarte si avhandling ved Høgskolen i Molde våren 2017. Avhandlinga har tittelen Exploring Adolescent Service Users’ Subjective Views about Participation in «Responsible Teams» («Utforsking av unge brukarar sine subjektive syn på deltaking i ansvarsgrupper»). Ei utdanning for framtida Ph.d.-utdanninga er den første som er gitt av to høgskular i samarbeid i Norge. Etter fleire år
med planlegging vart den starta opp hausten 2015. Drygt halvanna år etterpå var det med stor glede at prorektor ved HVO, Jens Standal Groven, var til stades i Molde under Sæbjørnsen sin disputas. – Det er ein historisk ph.d.-grad som vi er svært fornøgd med å ha fått i gang på felles kjøl med Høgskolen i Molde. Sæbjørnsen måtte finne seg i å vere gallionsfigur denne dagen for prosjektet som vi håpar skal leve i mange år framover, sa Standal Groven etter disputasen. Lovar godt For etter ein start med god søking til utdanninga har prorektoren stor tru på det felles prosjektet. – Vi har 17 kandidatar som er i løypa til ei avhandling i dag. Det lovar godt, og no har vi fått ein god
start med den første disputasen. Standal Groven er glad for det fruktbare samarbeidet ein klart å skape med Høgskolen i Molde. – Det var verkeleg ein merkedag for oss som høgskule og helse- og sosial-miljøet i Volda og Molde. Vi har lært mykje av Høgskolen i Molde i denne prosessen, dei har ei ph.d.-utdanning frå før og har erfaring med dette. Sæbjørnsen har forska på korleis ungdommar i barnevernet opp lever å delta i ansvarsgrupper. – Det er svært gledeleg at Sæbjørnsen har skrive ei avhandling som tek for seg tverrprofesjonelt samarbeid (TPS). Det er noko vi er opptatt av i Volda og som på sikt kan verte eit eige fag, fortel Standal Groven.
Må biffen romtempererast før den steikast? Fell kaka saman viss du ikkje er forsiktig når du tek den ut av omnen? Og er det mulig å lage eplepai heilt utan eple? Matlaging er kjemi, biologi og fysikk. Når du koker eit egg eller sett ein gjærdeig jobbar du med kjemiske, biologiske og fysiske prosesser på kjøkkenet ditt. Samtidig bruker du handverkskunnskap du har lært av andre eller ved å prøve deg fram sjølv. I boka ønsker forfattarane å balansere kjemi, handverk og smaks opplevingar, noko som kan gjere matlaginga meir spennande, hovudet litt klokare, og maten litt betre. Kjemi på kjøkkenet er ei bok som vekker nysgjerrigheit og utforskartrang på kjøkkenet.
Syns|rand
#1 / 2018
5
Skal forske på bruk av nettbrett i skulen Stadig fleire barn får utdelt nettbrett når dei startar i skulen. Høgskulen i Volda vann fram i den harde konkurransen og har fått tildelt midlar til eit forskingsprosjekt som skal sjå på kva nettbrett har å seie for elevane sine skriveferdigheiter.
Forskingsprosjektet, som har fått namnet DigiHand, har fått tildelt midlar gjennom Noregs Forskingsråds program FINNUT. Dette er institusjonsforankra strategiske midlar. Prosjektet har fått om lag 12 millionar kroner. Av 16 prosjektsøknadar har 4 fått forskings midlar, der dei andre utanom Høgskulen i Volda (HVO) er NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Sørøst-Norge. Nybrotsarbeid Førsteamanuensis Wenke Mork Rogne er prosjektleiar for DigiHand, medan førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem er forskingsleiar. Dette er elles eit samarbeidsprosjekt med forskarar ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger. – Kvifor trur de at DigiHand vart vald? –Barns bruk av nettbrett i skulen er eit svært aktuelt tema. Samstundes er det også – naturleg nok – svært lite forsking på dette frå før. Mange skular nyttar seg no av heildigitale klasserom, noko vi i DigiHand ønsker å finne meir ut av. Begynneropplæringa i skulen er viktig, og skriveferdigheitene til elevane får også store kon-
sekvensar for det som skjer vidare i elevane sin skulegang. Handskrift, bokstavar og tastatur Rogne og Gamlem gjennomførte doktorgradsløpet samtidig og har etter det gitt ut fleire bøker og skrive artiklar saman. Difor vart det litt ekstra spesielt for duoen, som vart svært glade då dei fikk meldinga om at søknaden deira hadde gått gjennom. Prosjektet vil gå over tre og eit halvt år og vart starta opp i januar 2018. Fleire tilsette frå grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda og frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger vil vere medforskarar i prosjektet. – Vi skal studere to ulike tilnærmingar til skriveopplæring i 1. klasse i grunnskulen og følgje dei gjennom to år. Den eine der elevane nyttar nettbrett i skriveopplæringa og den andre der dei ikkje gjer det. Vi vil undersøke kva som gjer ein forskjell på skriveutviklinga til dei to gruppene, fortel Rogne og Gamlem. Til dette vil dei nytte seg av videoopptak i klasserom og ulike instrument for å fange opp skriveprosessen. – Vi kan til dømes finne ut om skriveutviklinga går fortare når elevane bruker nettbrett og tastatur. og er det enklare å lære bokstavane med tastatur?, lurer førsteamanuensisane på. Og kva skjer med handskrifta?
– Vi veit ikkje svara på desse spørsmåla enno og veit lite om effekten av nettbrett i skulen. Men vi er begge opptatt av læringsprosessar, kvalitet i undervisning og ein skule som er i endring. Svarer på NOKUT-utfordring Ideen til prosjektet dukka opp med utgangspunkt i at NOKUT skulle godkjenne den nye femårige grunnskulelærarutdanninga ved HVO. NOKUT meldte mellom anna tilbake at ein ved HVO var for svake på begynneropplæring og lese- og skrivevanskar. Søknadsprosessen for prosjektet tok for alvor til då Per Henning Uppstad frå Lesesenteret i Universitetet i Stavanger (UiS) vart tilsett som professor II ved HVO. Han vil vere deltakar og samarbeidspartnar i prosjektet. Uppstad framheva at høgskulen kunne få til eit prosjekt med kompetanseheving for dei tilsette på desse felta. – Uppstad har erfaring frå leiing og deltaking av fleire større forskingsrådsprosjekt, og hadde eit rammeverk for søknaden, og vi
tenkte at «dette må vi få til». Da ble det til at Per Henning, Siv og eg tok tak i det ilag og utvikla det vidare, seier Rogne. – Ja, og det er vi glade for no. Dette prosjektet svarer på fleire delar av det NOKUT stilte spørsmål om. Det bygger kompetanse i begynnaropplæringa for tilsette ved HVO, det er tverrfagleg og det handlar om digital læring, seier Gamlem. Og ikkje minst har vi vist at Høgskulen i Volda kan få tildelt slike store prosjekt. Gode saman Rogne representerer Institutt for språk og litteratur, medan Gamlem er ein del av Institutt for pedagogikk, begge Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Ein viktig kombinasjon meiner dei to. – For å bli gode er tverrfagleg samarbeid essensielt – vi må bli gode saman. Dette er først og fremst ein lagsiger – heile avdelinga har støtta opp om arbeidet og har gjort det mogleg å kome dit vi er i dag.
6
Syns|rand
#1 / 2018
Tekst:
Foto:
Per Straume
Marius Beck Dahle
Jakta på den rette turbalansen Å aldri kome seg ut på tur kan vere eit helseproblem der ein går glipp av viktige helse fremjande effektar, men det kan også vere helseutfordringar for dei som stadig jaktar den neste fjelltoppen. Kva er det som gjer ein tur i naturen god?
Helga Synnevåg Løvoll, første amanuensis ved Høgskulen i Volda, forskar på kva det er som gjer at vi opplever ein tur ute i det fri som god.
Hausten 2016 disputerte ho for doktorgraden sin med avhandlinga ”Inside the outdoor experience. On the distinction between pleasant and interesting feelings and their implication in the motivational process.” Ho er oppteken av spesielt to omgrep. Synnevåg Løvoll meiner at vi menneske treng ulike typar av opplevingar som gir oss to typar av lykkekjensle: engasjementslykke og velbehagslykke. – Velbehagslykke kan vere å slå leir ein fin plass, sitte rundt bålet, smake på moltebær eller blåbær, ha eit godt måltid, ha det hyggeleg med gode tur kameratar, stresse ned og kanskje sjå ein fin solnedgang. Ja, glede seg over kor vakker naturen er. – Engasjementslykke er det som får oss til å presse oss litt når vi er ute på tur. Gå litt ut av det vande, erfare noko nytt. Det er på ein måte eventyraren i oss. Raskt opp og ned = snevert og kanskje til og med skadeleg Ei god blanding av desse to formene for lykke er det
Synnevåg Løvoll ser på som det optimale. Er ein for mykje i ytterkantane vil det over tid ikkje skape noko god turoppleving, meiner forskaren. – Ein kan ikkje sitje i leiren rundt bålet i fem dagar og koke kaffi – det vert kjedeleg. Men det kan også vere sånn at fem dagar med heftige turmålprosjekt heller ikkje er bra for ein. Kjem ein frå ein litt stressande kvardag og skal kople av fem dagar ute i naturen, er det ikkje så lurt å kjøre seg sjølv hardt og berre drive personleg utvikling. Då kan det vere ein fare for å brenne seg ut. Dei siste åra har ordet topptur snike seg inn i vokabularet til det norske folk. Tidlegare snakka ein gjerne om fjelltur i staden. Synnevåg Løvoll er ikkje nokon stor tilhengar av det nye ordet for ein tur opp på eit fjell. – Det vert snakka om at ein skal opp på den og den toppen. Det handlar om prestasjon, og ein skal gjerne dele det i sosiale medium og vise fram at ein har vore der. Det er typiske trekk for ytre motivasjon. – Kan det ikkje vere sunt, med tanke på fysisk
#1 / 2018
fostring, å sette seg mål om å kome seg opp på ulike fjelltoppar? – Fysisk aktivitet er bra for kropp og sinn, men om turopplevinga handlar om å kome seg raskast muleg opp og ned og vise det fram til andre, vert det feil. Viss dei første turane du er med på handlar om dette prestasjonselementet, er det sjanse for at du ikkje liker verdien som knytast til turen. Då minskar lysta til å bli med på tur igjen. Det er ei betre tilnærming å gjere oss medvitne om kva som gir dei gode opplevingane. Vi må finne rom for å kjenne at vi har det bra på tur. Vi har også behov for ”sakte tid” på tur, og gjerne fleire overnattingar for å legge vekk kvardagen. Ny vitskap Kombinasjonen av velbehagslykke og engajsementslykke er det ikkje forska mykje på. Synnevåg Løvoll omtalar det som ny vitskap å forske på det psykologiske ved ”det gode liv”. I Noreg meiner ho professor Joar Wittersø ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet har teke dette lengst ved å utvikle teorien ”Functional well being approach”. Den skal seie noko om korleis kjensler informerer oss om korleis vi har det på ulike måtar. I doktorgradsarbeidet sitt brukte Synnevåg Løvoll studentar som gjekk første året på bachelorgradstudiuum i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda som informantar. Ho målte motivasjonen deira for friluftsliv
Syns|rand
7
ved bruk av ein standardisert skala. Skalaen er basert på Self-Determination Teory (SDT) – ein mykje brukt motivasjonsteori som mellom anna skil mellom indre og ytre motivasjon. Ho følgde 64 studentar gjennom 13 månadar og hadde 15 spørjetidspunkt i løpet av det dryge året. I tillegg hadde ho datainnsamling over fem dagar knytt til eit brekurs. Den siste innsamlinga for å undersøke studentane sine utdanningsval. Indre motivasjon Etter det første året kunne studentane velje om dei ville gå vidare med idrett eller friluftsliv. Synnevåg Løvoll fann da at dei som valde å studere friluftsliv vidare også hadde ein høgare indre motivasjon for friluftsliv. – Desse studentane rapporterte høgare intensitet av positive følelsar etter vinterturen eg var med på. Då målte eg seks forskjellige positive følelsar. Slike positive turfølelsar vert integrert i den indre motivasjonen hos dei som seinare blei friluftslivsstudentar. Og her er det ein forskjell frå dei studentane som valde å gå vidare med idrett. Dei kunne også ha positive følelsar for turar og friluftsliv, men dei vart ikkje integrert i den indre motivasjonen. Intensiteten av positive følelsar var klart lågare hos dei. Ut i frå dette så var det allereie ein forskjell i korleis dei opplevde vinterturen og kva for utdanningsval dei sikta mot.
8
Syns|rand
#1 / 2018
“Vi veit at natur har ein positiv effekt på oss menneske. Ein treng ikkje å gjennomføre dei store prosjekta ute i naturen for at det skal ha ein positiv effekt”
– Kva kan dette skuldast? – Har ein hatt ein oppvekst der ein er ute på tur eller har vore mykje på tur med vennar, er det ei gåve for å dyrke friluftsliv som vaksen, særleg om minna frå turane er positive. Men sjølv om ein ikkje har blitt tatt med på tur i oppveksten, har positive følelsar byggande effekt i seg sjølv på indre motivasjon. Dermed er det ikkje for seint å utvikle ein indre motivasjon for friluftsliv, særleg om du har kjent på engasjementslykke undervegs på tur. Lite kan gi mykje Dette gjeld altså ikkje berre for dei som vel å studere aktive studium som idrett og friluftsliv, men for heile befolkninga, ifølge Synnevåg Løvoll. – Vi veit at natur har ein positiv effekt på oss menneske. Ein treng ikkje å gjennomføre dei store prosjekta ute i naturen for at det skal ha ein positiv effekt. I eit samfunnsperspektiv ser ein at stadig fleire vaksne slit med psykiske problem. Det er då ein må prøve å lære seg å like å vere ute i naturen. Eg forstår at det skal mykje til å kome seg over dørstokken når ein er langt nede, men då kan ein prøve å finne dei enkle stadene å vere i naturen. Det kan vere nok å gå ned i fjøra og kjenne lukta av tang. Berre det å kome seg ut, har så stor helsefremjande effekt, meiner forskaren. I motsett ende av skalaen snakkar Synnevåg Løvoll om dei som kan verte avhengig av å vere på tur. Dei som heile tida skal nå nye mål settingar og ikkje slappar av i naturen.
– Då er ein inne på psykologiske mekanismar som fører til utbrentheit. For lite velbehagsfølelse kan føre til depresjon, det same kan også for mykje engasjementslykke. Når ein søker det gode liv, men også den gode turen, må ein ha eit passeleg godt forhold mellom desse to følelsane, seier Synnevåg Løvoll. Gode turtips Ho kjem avslutningsvis med nokre gode råd til folk som skal ut på tur og nyte naturen: – Noko av opplevingsindustrien knytt til naturbaserte aktivitetar trur at for å oppnå personleg vekst, må folk søke utfordringar og kome seg utanfor komfortsona si. Ein skal heile tida gi folk nye utfordringar, forenkla sagt. Men gode opplevingar har ein meir kompleks logikk. Når ein skal legge til rette for gode opplevingar for andre må ein gi gode rammer for tilfredsheit, hugnad, tryggleik, tilhøyrsle og sanseopplevingar. For ein som er uvand med friluftsliv kan ein starte med å koke kaffi rundt eit bål og støtte opp om våre grunnleggande psykologiske behov. Når ein så er trygg på det, kan ein finne ut kva som skapar engasjementslykke hos den einskilde. Då er det meir informativt å finne ut kva som triggar engasjementet enn å planleggje bestemde aktivitetar. Nokon blir skikkeleg engasjert av flugefiske, andre av å meistre å lese kart, medan for nokon vil det vere det fysiske ved å ha gått ein distanse. Det er ein prosess å finne ut ei ferdigheit som personen vil utvikle. Når turen har eit element av læring styrker dette engasjementslykka og det er større sjansar for at turen også blir hugsa med positive turminne.
#1 / 2018
Syns|rand
9
10
Syns|rand
#1 / 2018
Tekst og foto: Per Straume
– Litteraturhistoria må skrivast om Kvinnelege forfattarar er i alt for høg grad gløymde i litteraturhistoria, meiner professor Marie Nedregotten Sørbø.
Nedregotten Sørbø sørgde i 2013 for at Høgskulen i Volda fekk sitt første EU-støtta forskingsprosjekt. Prosjektet var i regi av Humanities in the European Research Area (HERA) og hadde tittelen Travelling Texts 17901914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe. Saman med forskarar frå Storbritannia, Nederland, Finland og Slovenia har professor ved HVO, Marie Nedregotten Sørbø, forska på korleis kvinner si skriving i dei store kulturane som England, Tyskland og Frankrike vart teke imot i de små landa i Europa. Prosjektet hadde økonomisk støtte frå HERA fram til hausten 2016, men arbeidet har halde fram etter det. Tusenvis av spor Nedregotten Sørbø har med hjelp frå forskarassistentar i Volda leita i til dømes Aftenposten, Morgenbladet og Christianiaposten frå ulike delar av tidsperioden 1790-1914 og sett etter romanføljetongar, annonsering og redaksjonell omtale av bøker av kvinnelege forfattarar. Bokkatalogar for leseforeiningar på 1800-talet har også vore ei god kjelde til å finne fram til skrivande kvinner på denne tida og korleis dei vart mottekne i ulike land i Europa. Materialet frå HERA-prosjektet og fleire andre forskarnettverk og prosjekt er samla i ein database. Der finn ein om lag 27 000 spor av resepsjonen av kvinnelege forfattarar frå denne tida, og den tel om lag 30 000 verk av 6 500 kvinner. Desse tala vil halde fram med å auke etter som dei ulike forskarane rundt om i Europa gjer nye funn og legg dei inn i databasen. Vert gløymde I HERA-prosjektet har Nedregotten Sørbø og hennar kollegaer funne over at over 500 kvinnelege forfattarar vart lesne i Noreg rundt 1900. – Få av dei har ”overlevd” fordi dei ikkje har vorte omtalt i litteraturhistoria. – Kvifor er det slik? – Det er sjølvsagt fleire grunnar til det, og ein trur gjerne det har med kvalitet å gjere. Når ein ser nærare etter, kan utvalet mange gonger vere
vanskeleg å forstå. Det har vore lettare for menn å kome inn i litteraturhistoria. Kjønnsfordommar har gjort at kvinner har vorte unntaket. Ser ein i lærebøker i skulen som omtalar 1800- og 1900-talet er det flest mannlege forfattarar som er omtalt, og det gjeld også pensumlistene på høgskular og universitet. Forguding At mange kvinner i Europa skreiv litterære tekstar på 1800-talet får ein bekrefta gjennom forskinga Nedregotten Sørbø driv. Ho meiner det har vore ein tendens til å dyrke ei elite-tenking i måten å skrive litteraturhistorie på. – Ein vel seg ut nokre få forfattarar som Shakespeare og Dickens, og dyrkar myten om dei store menn. Det er ikkje noko gale med dei som blir valde, tvert om er dei utan tvil fantastiske forfattarar. Men ein har mykje vanskelegare for å sjå geniet hos damene, og det er problematisk at historieskrivinga består av ei slik forguding av nokre få, og gløymsle for resten av dei mange som skreiv gode ting, seier Nedregotten Sørbø og held fram: – Litteraturhistoria må skrivast på ein annan måte, der ein tenkjer breiare. Den må spegla det som vart lese i fortida. Kva var det som påverka folk på 1800-talet, kven vart lese og høyrt då? Ofte vert berre dei ti største forfattarane løfta fram, men det gir ikkje noko godt bilete av det folket har lest. Ser mønster I HERA-prosjektet har forskarane sett på heile spekteret av kvalitet og kvantitet når det kjem til kva folk las av tekstar. Nedregotten Sørbø peiker på at litteraturhistoriene ofte er nasjonale, og at det igjen kan gjere at forfattarar som har vore med på å gjere nasjonen stolt og stor vert sett i fremste rekke. – Prosjektet vårt er det motsette, sidan det er transnasjonalt. Vi har funne mønster som er like for fleire nasjonar. Det har vore mange like tendensar i dei landa vi har sett på, mykje same lesing både sør og nord i Europa, der dei same forfattarane dukkar opp på tvers av kontinentet.
#1 / 2018
Antonette Meyn, født i 1827, og Alvilde Prydz, født i 1846, er døme på norske forfattarar på 1800-talet som var populære. I forskinga har ein funne at verka deira vart lesne av mange i både Nederland og Finland. Dei er gløymde no, men ifølge Nedregotten Sørbø var dei bestseljarar i Nord-Europa for litt over 100 år sidan. Austen ville ha ledd Nedregotten Sørbø ser at det ikkje er ei enkel øving å gjere eit utval og skrive litteraturhistorie, men er likevel kritisk til mykje av det som skal vere med på å opplyse generasjonane i dag. – Problemet er at lærebokforfattarar ikkje nemner breidda av kvinnelege produksjonar og kanskje er dei ikkje klar over det sjølve heller. Då lærer ein barn og ungdom i skulen feil historie, undervisninga vert ikkje rett. Ho har eit døme frå ei lærebok frå ungdomsskulen der det stod at den kjende britiske forfattaren Jane Austen som skreiv på starten av 1800-talet, var den første kvinnelege romanforfattaren i England. Nedregotten Sørbø påpeikar at der var ei rad britiske kvinner frå slutten av 1600-talet og framover som skreiv romanar, og før det i andre sjangrar. – Jane Austen ville ha ledd stort av den setninga som stod i den norske læreboka, for ho las jo sjølv litteratur av kvinner som inspirerte henne
Syns|rand
11
og var hennar litterære formødrer, humrar Nedregotten Sørbø. Trur på endring Mot slutten av 1700-talet og på starten av 1800-talet var det nokre år der det var flest kvinner som gav ut romanar i England. – Det er eit godt døme på at den allmenne oppfatninga om at menn skreiv mest, er ei sanning med modifikasjonar. Utover 1800-talet tok menn over dominansen igjen i England med forfattarar som Walter Scott, Anthony Trollope og Charles Dickens, og vart heva over dei kvinnelege forfattarane. Seinare har ein gløymd at der var så mange kvinnelege forfattarane og at dei hadde så stor påverknad. Sjølv om Nedregotten Sørbø ikkje er einig i korleis litteraturhistoria ofte blir skriven, har ho tru på at det kan betra seg. – Å studere kvinnelitteratur har vorte eit vanleg fag ved mange universitet verda over. Det håper eg vil gi resultat. Det vert forska meir på dette også, og i åra som kjem trur eg vi vil sjå at fleire vil gi ut bøker om dette temaet. Fleire databasar gir lett tilgjengeleg kunnskap om kvinnelege forfattarskap, og slike digitale verktøy vil hjelpe på kunnskapsmangelen, og tette hola i tradisjonelle litteraturhistorier. Då kan historia verte ei annan.
12
Syns|rand
#1 / 2018
Tekst:
Foto:
Per Straume
Marius Beck Dahle
Teknologiske muligheiter og farar i journalistikken Ved hjelp av ny teknologi kan journalister ta med publikum inn i ei virtuell verd som eit katastrofeområde etter krig eller naturkatastrofar og få sjåaren til å føle at han er der. Kva gjer det med mottakaren og kva ansvar har journalistikken for publikum i den virtuelle verkelegheita?
Kva grenser set journalisten når personar vert med inn i drama tiske hendingar med sterke, til dels fysiske påverknadar gjennom VR?, spør Utne og Laws i sitt forskings- og utviklings prosjekt om bruk av VR i journalistikken.
360-videoar, laga gjennom filming med eit kamera som filmar 360 grader, og animerte videoar av verkelegheita er teknologi som har kome for full fart inn i nyhenderedaksjonar verda over. Enkelte mediebedrifter i Noreg har også prøvd seg på denne måten å fortelje ei historie eller nyheit på – utan at det har tatt heilt av i redaksjonane her heime enno. Samarbeid med bransjen Det siste året har Høgskulen i Volda hatt eit samarbeid med Sunnmørsposten kalla «Utvikling av redaksjonelle VR-produksjoner», der VR tyder virtuell verkelegheit. Førstelektor Tormod Utne har vore leiar og hatt med seg førsteamanuensis Ana Sanchez Laws i prosjektet, der også Teknisk Vekeblad har vore ein samarbeidspartnar. – Då vi starta prosjektet var det lite forsking i norsk samanheng på korleis desse teknologiane kunne brukast til å formidle nyheiter. Teknisk Ukeblad hadde vore tidleg ute med første forsøk og testing av tekniske aspekt, blant anna takka vere deira Google-
finansierte prosjekt om 360-video, fortel Utne og Laws. Dei begynte med å utforske eksisterande teoretisk og eksperimentelt arbeid, og gikk i djupna i viktige publikasjonar og prosjekt frå den amerikanske journalisten og dokumentarfilmskaparen Nonny de la Peña og omgrepet “immersive journalism”. Immersiv (oppslukande) journalistikk er ein form for journalistikk som bygger på premisset om at å bruke virtuell verkelegheit til å plassere sjåarar “inne i nyhendehendinga”, som kan auke deira følelsesmessige respons og empati. Teknologigigantane skapte interesse Ut frå dette arbeidet publiserte Laws ein teoretisk artikkel med tittelen “Can immersive journalism enhance empathy?”, i tidsskriftet Digital Journalism. Artikkelen gav ein oversikt over det teoretiske grunnlaget for omgrepet empati, og nytta dette til å analysere ferske “immersive journalism”-prosjekt
#1 / 2018
i store aviser, blant anna The New York Times’ “The Displaced” og The Guardians “6x9”, i tillegg til Nonny de la Peñas prosjekter “ISPRESS” og “Hunger in Los Angeles”. – Store investeringar i VR og 360 video-teknologier fra Facebook og Google for nokre år tilbake førte til ein renessanse av interesse for immersiv journalistikk i store nyhendeorganisasjonar. Retorikken var at denne type journalistikk kunne gi større engasjement og empati med nyhendesaker, fortel Laws. Noko empati I artikkelen tok ho for seg spørsmålet om korleis vi kunne forstå “empati-effekten” av immersiv journalistikk. Følgande empati-modellar vart undersøkt: Lipps’ (1906, 1907) modell for empati som simuleringprojeksjon, Titcheners (1915) definisjon av empati som “å føle seg inn”, Brandts (1976) empati som ein skala frå emosjon til rasjonalitet, Hoffmanns (2000, 2002) syn på empati som ein læringsprosess, og Coplans (2011) argument om forskjell mellom emosjonell smitte, pseudo-empati og “ekte empati”. Laws brukte desse modellane på dei fire eksempla av immersiv journalistikk som er nemnt tidlegare.
Syns|rand
13
– Analysen viste at nokre trådar av immersiv journalistikk begynte å møte dei teoretiske krava for empati. Konklusjonen i artikkelen er at immersiv journalistikk har mykje å bidra med i forhold til journalistikkens rolle i utforminga av det virtuelle domene. Men denne typen journalistikk må definere betre kva “førstepersonsoppleving” vil medføre for publikum, særleg kva slags ansvar for publikum journalisten har i den virtuelle verkelegheita, forklarar Laws. Dette teoretiske arbeidet var grunnlaget for ein empirisk test av fire ulike immersive journalistikk-prosjekt; “The Displaced” av New York Times, “6X9” av Guardian, “Ålesund fengsel” av Sunnmørsposten, og “Venterommet”, eit masterprosjekt ved Høgskulen i Volda. Elleve informantar i aldersgruppa 25-50 år brukte ei anonym nettundersøking for å rangere styrken av sympati/empati etter å ha sett desse fire prosjekta. Informantane bytta mellom å bruke Google Cardboards og Samsung VR-briller med Iphone eller Samsung-mobilar. Vekker sympati Undersøkinga omfatta to delar. Den første delen besto av spørsmål frå Toronto Empathy Questionnaire (TEQ) blanda med spørsmål relatert til informantens erfaringar med online-nyheiter i virtuell verkelegheit
14
Syns|rand
#1 / 2018
og 360-video. I den andre delen av undersøkinga brukte ein Empathy and Sympathy Scale for å evaluere informantens engasjement i og med kvart prosjekt. – Vi brukte TEQ for å få eit basis empatinivå for gruppa. Gjennomsnittleg poengsum for gruppa var 48,8, litt over den observerte gjennomsnittlege poengsummen på 45 for denne testen. Vår gruppe syntes å spegla av ei vanlig gruppe av norske konsumentar av nettnyhende. I våre sympati/empati-spørsmål var vi interessert i å skilje mellom eit rasjonelt engasjement (sympati) og eit emosjonelt engasjement (empati). Til vår overrasking var VR-prosjektet “6x9” det mest engasjerande for vår gruppe, dette fikk den høgste rangeringa for ein kombinert måling av sympati/empati, seier Utne og Laws, som gjorde fleire spennande funn: – Testpersonane viste høg grad av rasjonell forståing av hovudpersonens problem i filmar (sympati). Testen viste at publikum beheldt ein viss avstand til produksjonane, til tross for det intense sterke inntrykket som desse opplevingane kan gi. Dette utfordrar påstanden om at VR/360-video per definisjon gir ein auka grad av empati og engasjement.
Etiske utfordringar Utne og Laws er klar på at det er ein veg å gå for at virtuell verkelegheit og 360-videoar skal verte ein godt integrert del av nyhendeformidlinga. – Det kan vere med på å gjere formidlinga rikare og har sine kvalitetar som formidlingsverktøy. Men mediebransjen står også overfor ein del utfordringar. Etiske problemstillingar knytt til VR og overføring av erfaringar inngår ikkje i noko presseetisk regelsett i dag. Det finst heller ikkje presedens i saker ført for Pressens Faglige Utval (PFU) eller andre europeiske sanksjonsmyndigheiter som vi er kjend med.
Spørjeskjemaet deira inneheldt spørsmål om korleis skriftlege komponentar og korleis VR/360-videokomponenter hjelpte dei med å engasjere seg i opplevinga. Prosjektet sin foreløpige konklusjon er at eit prosjekt som “6x9”, som bruker 3D-representasjoner som gjer at publikum føler djupna av den virtuelle verkelegheita, er mykje meir effektivt i å engasjere publikum enn 360-video.
Høgskulen i Volda og Sunnmørsposten vil halde fram med samarbeid om utvikling av VR/360-videoar. I dette arbeidet spelar også mediestudentar ved høgskulen ei viktig rolle.
– Det er i det heile tatt ei utfordring i det faktum at presseetikken generelt er opptatt av å beskytte dei som blir omtalt i media, men ikkje brukarane. Spørsmålet er om prosjekt som skaper så sterke opplevingar, som påverkar publikum i ein slik grad som The Guardians “6x9”, betyr at de presseetiske regelsetta i nær framtid må ta opp i seg korleis teknologien vert brukt. Kva grenser sett ein når personar vert med inn i dramatiske hendelser med sterke, til dels fysiske påvirkninger?, spør Utne og Laws.
#1 / 2018
“Store investeringar i VR og 360 videoteknologier fra Facebook og Google for nokre år tilbake førte til ein renessanse av interesse for immersiv journalistikk i store nyhendeorganisasjonar”
Syns|rand
15
16
Syns|rand
#1 / 2018
Disputasar 16-17 Avdeling for kulturfag
Avdeling for mediefag
Helga Synnevåg Løvoll
Idar Flo
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Avdeling for samfunnsfag og historie
Kjartan Leer-Salvesen
Kjersti Straume
Straume disputerte i 2016 for ph.d.-graden med avhandlinga: «Interpretation-based land cover mapping; possibilities and challenges for rural land management».
Løvoll disputerte i 2016 for ph.d.-graden med avhandlinga: «Inside the outdoor experience. On the distinction between pleasant and interesting feelings and their implication in the motivational process»
Flo disputerte i 2016 for ph.d.graden med avhandlinga: «Et ugiendrivelig bevis på nazistenes barbari» - Rettsoppgjer, minneproduksjon og gjenreising i Norsk Filmrevy 1945 — 1949.
Leer-Salvesen disputerte i 2016 for ph.d.-graden med avhandlinga: «På tilliten løs? En studie av læreres og presters skjønnsutøvelse i spenningen mellom taushetsplikt, melde plikt og avvergeplikt».
Denne avhandlinga undersøker forskjellen mellom engasjementslykke (eudaimonia) og velbehagslykke (hedonia) på turar over fleire dagars varigheit og om følelsane si betyding i forhold til motivasjon for friluftsliv.
Avhandlinga undersøker i kva grad Filmavisa (Norsk Filmrevy) bidrog til å legitimere det reetablerte demokratiet i dei fyrste etterkrigsåra.
Avhandlinga tek opp korleis profesjonsutøvarar som lærarar og prestar tek sine val, og kva er eit godt nok grunnlag for å melde til barnevernet?
Ein hovudkonklusjon er at Film avisa legitimerte det re-etablerte demokratiets gjenreisingspoli tikk ved å sette det innanfor ei einsretta tolkingsramme kor både retts oppgjeret og den fysiske gjen reisinga blei fram stilt som fornuftig og rettvis. Dette blei understøtta ved at minnene etter krigen blei satt i ei tolkings ramme kor nordmenn hadde ei moralsk plikt til å gjenreise landet, og for alltid minnast dei som gav livet sitt for fedrelandet.
I Leer-Salvesens studie står profesjonsutøvarane fram som meir villige til å melde til barnevernet eller politiet med utgangspunkt i hypotetiske dilemma enn i verkelege situasjonar i yrket. LeerSalvesen konkluderer med at det er behov for meir kunnskap både i skulen og kyrkja om faresignal som gir grunnlag for bekymringsmeldingar.
Resultata tyder også på at interessante opplevingar, t.d. rapportert som nedkøyring på ski eller øving på kanoredning, vert huska meir behageleg i etterkant. Resultata antydar også at gjennom å analysere positive turminne som forskjellig frå indremotivasjon, hadde positive turminner ein byggande funksjon på indremotivasjonen for idrettsstudentane, også når tidligare motivasjon var kontrollert for.
Resultata frå avhandlinga understrekar behovet for å skape medvit rundt dei ulike interessene som er til stades i kart-produksjonsprosessen, dei multiple bruksområda til kartet og viktigheita av kven som har «makt» til å definere arealtypar. Resultata kan ha implikasjonar for korleis arealressurskart vert produsert, forstått og brukt i arealforvaltninga. Straume argumenterer for at større allmenn medverknad i utforming av kategoridefinisjonar og retningslinjer for kartlegging er nødvendig for å legge grunnlag for auka medverknad i avgjerdsprosessar knytt til arealplanlegging og arealforvalting.
Avdeling for for humanistiske fag og lærarutdanning
Avdeling for for humanistiske fag og lærarutdanning
Avdeling for for humanistiske fag og lærarutdanning
Avdeling for for humanistiske fag og lærarutdanning
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Pernille Fiskerstrand
Stine M. Ekornes
Stig J. Helset
Kibsgaard Sjøhelle disputerte i 2016 for ph.d.-graden med avhandlinga: «Å skrive seg inn i språket. Ein intervensjonsstudie av ny norsk sidemålsopplæring for vidaregåande trinn».
Fiskerstrand disputerte i 2017 for ph.d.-graden med avhandlinga: «Fagspråk og språkfag – om møtet mellom skrivekulturane i norsk og samfunnsfag for elevar på Vg2 yrkesfag».
Helset disputerte i 2017 for ph.d.-graden med avhandlinga: “Norm og røyndom – Ein statistisk studie av operative normer i det nynorske skriftspråket”.
Avhandlinga har sidemålsopp læring på nynorsk i vidaregåande trinn som emne. Studien ser på korleis elevar og lærar nytta nynorsk som bruksspråk i digitale tekstar og papirbaserte tekstar i norskundervisninga gjennom eit skoleår.
Utgangspunktet for studien er kva som skjer når lærarar frå ulike fag går saman og dannar eit tverrfagleg skriveprosjekt.
Ekrones disputerte i 2016 for ph.d.-graden med avhandlinga: «School Mental Health - Teacher Views. An Exploratory Study of Teacher’s Perceived Role, Competence and Responsibility in Student Mental Health Promotion.»
Hovudfunna frå studien er at elevane nyttar fleire ulike strategiar for å skrive god nynorsk i forskjellige fasar av skrivinga, og at det å nytte nynorsk i både formelle og uformelle tekstar aktiverer fleire skrivestrategiar hos elevane. Elevane opplever likevel vinsten av å skrive formelle og uformelle tekstar på nynorsk svært forskjellig. Studien syner eit potensiale i å arbeide med skrivestrategiar i sidemålsarbeidet, som er tilpassa elevane i ulike fasar av skrivinga.
Eit sentralt funn i avhandlinga til Fiskerstrand er korleis ansvaret for teksten som heilskap kan forsvinne mellom skulefaga når ein samarbeider på tvers av fag. Analysane frå prosjektet viser korleis lærarane heller arrangerer eit parallelt skriveprosjekt i to fag, enn at dei går saman og dannar eit felles skriveprosjekt. Det kjem fram at skriving på tvers av fag er ein krevjande måte å arbeide på, då alle rammer for teksten må avklarast mellom dei involverte lærarane. Samtidig opnar denne skrivinga for rike læringssituasjonar.
Ekornes si overordna problemstilling var: Korleis opplever læraren si rolle og sitt ansvar i arbeid med psykisk helsefremmande arbeid i skulen? Dei viktigaste funna i arbeidet er at psykisk helse som omgrep opplevast nokså framand i skulen, men at det ser ut til å gå føre seg ei gradvis endring i lærarane si omgrepsforståing i retning av at psykisk helse ikkje berre handlar om sjukdom og diagnosar, men er noko som angår alle og som kan fremmast i den daglege undervisninga.
Det særmerkte med språksitua sjonen i Noreg er ikkje at vi har fleire offisielle språk. Det særmerkte er at norsk skriftspråk har to offisielle målformer, nynorsk og bokmål, som båe har stor valfridom når det gjeld staving, bøying og avleiing, og som dermed kan bli temmeleg like kvarandre dersom ein nyttar valfridomen i radikal lei. På grunn av den tidlegare til nærmingspolitikken hadde vi ved inngangen til dette hundreåret ei offisiell norm for nynorsk med særs stor valfridom mellom det som gjerne blir omtala som høvesvis radikale, moderate og konservative former. Funna i avhandlinga tilseier at ein ved normering av nynorsk bør gå i retning av ei meir snever rettskriving som er prega av moderate former.
18
Syns|rand
#1 / 2018
Tekst:
Foto:
Per Straume
Marius Beck Dahle
– Elevane må bli tatt på alvor Professor Peder Haug slår alarm om spesialundervisninga i den norske skulen. For få kvalifiserte spesialpedagogar, manglande samhandling mellom lærarar og svake forventningar til elevar som får spesialundervisning er noko av det som rammar alt for mange barn og ungdom i den norske skulen, meiner Haug.
Peder Haug: Skulen skal vere god for alle. Det tyder at alle elevar skal ha eit positivt og inspirerande læringsmiljø. Slik er ikkje skulen i dag, og det er den største utfordringa den har.
Sidan 2012 har professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda (HVO), Peder Haug, leia SPEED-prosjektet. Eit forskingsprosjekt der Haug saman med kollegaer frå HVO og Høgskolen i Innlandet har studert innhaldet og utbyttet av spesialundervisning i den norske skulen. Resultata frå prosjektet er nedslåande synest Haug. – Eg er uroa over korleis spesialundervisninga fungerer i Norge i dag. Hovudsakleg på grunn av at dei barna og ungdomane det gjeld ikkje får eit godt nok opplæringstilbod. Om fleire av elevane som får spesialundervisning hadde opplevd ein litt trivelegare kvardag i skulen og nådd litt betre faglege resultat, ville det ha vore godt både for dei sjølve og samfunnet vårt, seier Haug. Grundig til verks SPEED-prosjektet har samla inn informasjon frå nesten 3000 elevar i Ålesund og Lillehammer. Datainnsamlinga har gått føre over to år, og starta då dei utvalde elevane gjekk i 5., 6., 8. og 9. klasse. Året etter henta forskarane inn ny informasjon om dei same
elevane då dei hadde tatt eit steg opp til 6., 7., 9. og 10. klasse. For å få eit best mogleg bilde av elevane og den undervisninga dei fekk, samla forskarane inn informasjon frå fleire kjelder. I tillegg til informasjonen dei fekk frå elevane sjølve, fekk dei også kunnskap om elevane frå kontaktlærarane som har uttalt seg om kvar einskild elev. Foreldra til elevane har også gitt opplysningar om sine eigne barn. Lærarane har så svart på spørsmål om ulike forhold ved sin eigen skule. I datainnsamlinga har 165 elevar, som har fått spesialundervisning ved dei aktuelle skulane i Ålesund og Lillehammer, vorte observerte i undervisninga. Desse elevane har vorte intervjua særskild og det same gjeld lærarane deira. Tre doktorgradsstipendiatar har vore knytte til prosjektet. To av dei har gått djupare inn i tilbodet til fire elevar som har fått spesialundervisning. Dei har sett på alt som har med eleven å gjere – både på og utanfor skulen. I tillegg
#1 / 2018
Syns|rand
19
til å trekke med seg synspunkt frå forelda og skulen har dei også vore i kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) i kommunane, for å få deira bilde av desse elevane. Den tredje stipendiaten har nytta dei data som er samla inn i prosjektet elles.
ninga har eit potensial som er større enn den ordinære undervisninga, i og med at ein har færre elevar per lærar. Ei forklaring kan vere at lærarane har lågare forventningar til elevar som får spesialundervisning og legg opp undervisning og behandlar elevane deretter.
Dårlegare med spesialundervisning Som ein del av forskingsprosjektet har Haug og kollegaane gitt elevane ei prøve i norsk og ei i matematikk. Den same prøva er gitt eit år etter når elevane har gått opp eit klassetrinn. På den måten har dei skaffa seg data til å studere og analysere utviklinga over eitt år til kvar einskild elev.
Sett på som annleis Når Haug først har nemnt lågare forventningar, har han eit ønske om å utdjupe det. I følgje opplæringslova § 5.1 skal elevar som ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa, få tilbod om spesialundervisning. For å få det må den aktuelle eleven få ei sakkyndig vurdering av PP-tenesta. Vurderinga vert sendt vidare til eleven sin skule. På dette grunnlaget skal skulen fatte eit enkeltvedtak om eleven skal få spesialundervisning, korleis den skal organiserast og kva den skal gå ut på. – Dei som får spesialundervisning har gått gjennom ein prosess som påverkar både dei og omgivnadene deira. Først vert det slått fast at vedkomande elev ikkje fungerer tilfredstillande i skulen. Så må han eller ho gjennom ei sakkyndig utredning i PPT-regi. Til slutt skal skulen vedta og sette i verk eigna tiltak. Denne prosessen gjer at desse elevane vert definerte som annleis. Det igjen gjer at omgjevnadene, inkludert lærarar, får mindre forventningar til dei. Følgja av det er at elevane sjølve også får redusert eigne forventningar og ambisjonar til seg sjølve.
Og resultata på desse prøvane i norsk og matematikk er ikkje heilt uventa svake for mange av dei elevane som får spesialundervisning. – Samanliknar ein elevar som er ganske like og stort sett har dei same føresetnadane, har dei som får spesialundervisning ein mindre tilvekst i prestasjonane over eit år, enn dei elevane som ikkje får spesialundervisning, fortel professoren. – Kvifor fungerer ikkje spesialundervisninga betre for desse elevane? – Det er uråd å hevde at det er spesialundervisninga som ikkje fungerer godt. Resultatet viser at det samla undervisningstilbodet til elevane som får spesialundervisning ikkje gir godt nok utbyte. Spesialundervis-
20
Syns|rand
Mange av elevane kjem inn i ein negativ spiral og får eit dårlegare sjølvbilde. Resultatet av dette er svakare faglege prestasjonar i skulen – dei har ikkje så god framgang som dei burde ha, seier Haug. Dette har fleire konsekvensar, Haug nemner fire. For svak læringsprosess At elevar som får spesialundervisning har dårlegare utvikling enn dei som ikkje får spesialundervisning, er funn som er gjort i tidlegare forsking også. Resultata av SPEED-prosjektet viser at spesialundervisninga er meir instrumentell enn den ordinære undervisninga. Det vil seie at elevane i høg grad vert fortalt at dei skal «gjere slik og slik», men ikkje kvifor dei skal gjere det. Då vert læringsprosessen for dårleg, meiner Haug. – Dei mistar den grunnleggande forståinga som skal til for å fungere i faget. Eit godt døme er at elevane ofte kan å plusse saman og trekke i frå, men dei veit ikkje når dei skal bruke pluss eller minus. Frå matematikkoppgåvene vi har gitt dei, ser vi at dei taklar oppstilte reknestykke ganske godt, men når det kjem tekstoppgåver der dei sjølve må stille opp reknestykket og vite korleis dei skal løyse det, slit dei. Det same gjeld å trekke ut informasjon frå tabellar, som er det aller vanskelegaste for dei. For mykje overflatisk læring Haug meiner at manglande læring kan ha ein samanheng med at ein i norsk skule i dag må innom for mykje lærestoff. Omfanget av alt ein skal lære i alle fag vert for stort med tanke på den tida som er til rådvelde. – Om ein ser på lærestoffet i skulen i dag, er det enormt. Elevane skal lære mykje om mange ting, og det ser ut til å ha gått ut over det å lære noko grundig og som dei har nytte av. Dette vert også støtta av Ludvigsen-utvalet som har sett på kva elevane i den norske skulen vil ha behov for å lære i dei neste 20-30 åra. Deira andre rapport frå 2015 peiker mellom anna på djupnelæring, som skal bidra til at elevane meistrar sentrale deler i faga betre, og lettare kan overføre læring frå eitt fag til eit anna og til andre situasjonar. – Når ein skal kutte i omfanget i faga i skulen, vil elevane då lære nok til å fylle rollene i samfunnet? – Det som kanskje er viktigast for spesialundervisninga i framtida er å bruke meir tid på det grunnleggande og vanskelege for elevane. Går ein med harelabb over mange ting lærer ikkje elevane stort. Det er i alle fall vekk-kasta tid og energi. Mangel på spesialpedagogar Debatten rundt spesialundervisninga i den norske skulen har rasa gjennom fleire år. Ofte dukkar argumentet opp om at dei som gir spesialundervisninga ikkje er skikka til det. Talmateriale frå SPEED-prosjektet viser at over 50 prosent av spesialundervisninga vert gitt av lærarar utan spesialpedagogisk kompetanse. – Vi ser også at bruken av assistentar aukar. 50 prosent av elevane vi har studert får spesialundervisning av assistentar i ein time eller meir i løpet av veka, og 30 prosent av desse får spesialundervisning mest av ein assistent, seier Haug, før han dreg ei samanlikning med helsevesenet:
#1 / 2018
– Dilemmaet er at dei som strevar mest treng hjelp frå kyndige fagfolk. I helsevesenet er det slik at er du forkjøla, går du til ein allmennlege, medan du kjem til ein spesialist når du er alvorleg sjuk. I skulen er det nesten omvendt – det er skremmande. Haug fortel at spesialundervisning i skulen ofte vert sett på som «noko lærarane må ta på seg for å fylle opp timeplanen».– Vi har sett at kvaliteten på spesialundervisning er betre med ein spesialpedagog enn med andre tilsette. – Kvifor er det slik? – Det er kvalitetar ved spesialpedagogikken som den allmenne pedagogikken ikkje har. Spesialpedagogar har truleg også meir positive haldningar til elevar som strevar. Og i tillegg er det tilsette, som til dømes assistentar, som ikkje har pedagogisk utdanning i det heile teke. Samanheng med ordinær undervisning I dag får omtrent 50 000 elevar spesialundervisning i den norske skolen. Barneombudet kom i mars 2017 med ein rapport om temaet som dei hadde kalla «Uten mål og mening?». Barneombud Anne Lindboe er i likskap med Haug bekymra. – Vår rapport avdekker store brot på barna sin rett til undervisning. Mykje av denne undervisninga er så dårleg at vi er bekymra for korleis barna vil klare seg, sa Lindboe til NTB då rapporten vart offentleggjort. Av elevane i grunnskulen som får spesialundervisning, får 75 prosent sju timar eller mindre spesialundervisning i veka med lærar. 70 – 80 prosent av denne spesialundervisninga går føre seg einskildvis eller i grupper utanfor det ordinære klasserommet. Det vil seie at dei aller fleste elevane får brorparten av undervisninga si i det vanlege klasserommet som ordinær undervisning. Ordinær undervisning og spesialundervisning må henge tettare i hop enn det gjer i dag, meiner Haug. – Skal elevar som får spesialundervisning få utbytte av den, er det ikkje nok at berre spesialundervisninga fungerer godt. Mesteparten av undervisninga desse elevane får, er ordinær undervisning, og ein må sjå dette i ein samanheng. Vi har sett døme på lærarar som har spesialundervisning som ikkje veit kva elevane gjer i den ordinære undervisninga – og omvendt. Samhandlinga er generelt sett for dårleg mellom desse to felta, påpeikar Haug. Solskinshistorie Sjølv om professoren er kritisk til tilbodet til elevar som får spesialundervisning har han sett døme på solskinshistorier der skular har fått det til å fungere godt. Det gir håp for alle skular, meiner Haug. – Skulane i Essunga kommune i Sverige låg lågast på nasjonale prøver over fleire år. Alle tilsette ved skulen vart einige om at ein måtte ta eit felles stort tak for å snu dette. I tillegg til kompetanseutvikling for dei tilsette, flytta ein spesialundervisninga og lærarane som hadde ansvaret for den inn i dei ordinære klasseroma. Då fekk ein også større lærartettleik og eit nært fagleg samarbeid mellom spesialpedagogane og allmennlærarane. I dag er skulane i denne kommunen mellom dei beste på nasjonale prøvar i Sverige.
#1 / 2018
Syns|rand
“Det som kanskje er viktigast for spesial undervisninga i framtida er å bruke meir tid på det grunnleggande og vanskelege for elevane. Går ein med harelabb over mange ting lærer ikkje elevane stort”
21
22
Syns|rand
#1 / 2018
Tekst og foto: Per Straume // Illustrasjonsfoto
Sårbar ungdom i vidaregåande skule – vaksenliv på særvilkår? Ei gruppe forskarar ved Høgskulen i Volda har følgd ungdommar i vidaregåande skule som har fått særskild tilrettelagd opplæring og sett kva som skjer gjennom ungdomslivet og langt opp i vaksen alder.
Livsløps-forsking studerer sam anhengar over tid. Det er såleis verdt å merke seg at spesial pedagogiske tiltak som er sette i verk med gode hensikter (spesial klasse, lærarassistent) oftast har motsett verknad: det forsterkar risikoen for marginal isering og sosial isolasjon, risikoen for å hamne på trygd og risikoen for ikkje å ha sjølvstendig liv med eigen bustad seinare i livet. Dette er resultat med både sosialpoli tiske og spesialpedagogiske kon sekvensar.
Forskingsprosjektet «Sårbare menneske – i overgangar frå ungdomstid til vaksenliv», tek utgangspunkt i longitudinelle studiar som starta opp i 1995 ved Høgskulen i Volda og Møreforsking og har halde på i meir enn 20 år. I Noreg byrjar nesten alle i vidaregåande opplæring. Fram mot tidelen av elevflokken kvart år får særskilt tilrettelagd opplæring – i ordinærklassar og i ulike typar spesialklasser og smågrupper – fordi dei har problem av somatisk, psykisk eller sosial art. I dette prosjektet blir dei kalla særvilkårselevar fordi systemvilkåra like mykje som eleveigenskapane, kan påverke kva dei lærer i skulen. Dette er sårbare personar som ein fryktar kan få ei vanskelegare tilpassing enn andre på forskjellige samfunnsarenaer, for eksempel når det gjeld vidare skulegang, arbeid, sosialt liv og familiedanning. Spørsmål om vilkår og prosessar for avvik og normalitet, sosial integrasjon og isolasjon, men også spørsmål om identitet
og livsmeining gjennom overgangar i livsløpet, er sentrale i prosjektet. Denne livsløpsforskinga har såleis hatt to hovudmål. Det første hovudmålet er å gi stemme til ungdom som sjeldan kjem til orde og som fører til at dei får betre tilrettelegging av opp læringa i skulen. Det andre hovudmålet er vidare kvalifisering av fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda. Forskinga i dette prosjektet har såleis medverka til at fire har fått professorkompetanse, samstundes som fleire er på veg til å få første-kompetanse. Publiserte forskingsarbeid frå prosjektet, blir aktivt nytta i undervisninga av profesjons-studentar på helse- og sosial-feltet både i grunnutdanninga (bachelor-nivå) og i masterstudiet. Fleirfagleg prosjektgruppe Gruppa har i dag åtte medlemmer og er fleirfagleg samansett. Forskingsgruppa er organisert rundt det longitudinelle forskingsprosjektet Sårbare men-
Syns|rand
#1 / 2018
23
Bak frå venstre: Jon Olav Myklebust, Finn Ove Båtevik, Vidar Myklebust og Rune Kvalsund. Framme frå venstre: Eli Fjeldseth Røys , Irene Velsvik Bele, Emmy Elisabeth Langøy og Gerd Skjong.
neske. Professor Rune Kvalsund (pedagog), professor emeritus Jon Olav Myklebust (sosiolog) og professor Finn Ove Båtevik (samfunnsgeograf) har vore med heilt frå starten midt i 1995. Dei fem andre i prosjektgruppa er professor Irene Bele (pedagog), førstelektor Vidar Myklebust (psykolog), høgskulelektor Eli Fjeldseth Røys (statsvitar), høgskule lektor Gerd Skjong (sosionom og master i sosialt arbeid) og doktor stipendiat Emmy Langøy (vernepleiar). Forskarane har fått kunnskap om tilpassinga i skule og vaksenliv ved å følgje årskull av særvilkårselevar gjennom dei viktige åra i vidaregåande opplæring og deretter undersøkje korleis dei seinare finn seg til rette på ulike arenaer i samfunnet. Metodar og materiale Både kvantitative (ekstensive) og kvalitative (intensive) tilnærmings måtar i livsløpsforskinga er relevante og har blitt nytta i løpet av dei meir enn 20 åra denne longitudinelle forskinga har blitt gjennomførd. Midt på 1990-talet vart det samla inn data om så godt som alle elevane som på den tida tok til i vidaregåande opplæring på særvilkår i NordTrøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark, Finnmark, Oslo og Rogaland. I alt var dette rundt 2000 særvilkårselevar, og 760 av dei vart valde ut for
vidare oppfølging. Forsking der så mange sårbare unge er følgde over så lang tid er sjeldan både i norsk og internasjonal samanheng. Forskingsprosjektet byggjer på prospektive data, dvs. deltakarane i studien blir følgde på fleire tidspunkt framover i tid. Skulane leverte såleis data om desse elevane i ein treårsperiode. Elevar ved skulane blei også intervjua. Seinare er det blitt gjennomført fire intervjurundar frå ulike aldersfasar: 23 – 24 år, 28 – 29 år, 33 – 34 år, og 36 – 37 år. Då desse tidlegare særvilkårselevane var først i 20-åra, vart også foreldra deira intervjua. I tillegg til desse store kvantitative undersøkingane er det gjennomført kvalitative retrospektive studiar der ein får fram hendingsmønster ved å gå bakover i tid. Det er såleis gjort analysar av strategiske utval av sårbare unge, for eksempel jenter som fekk barn i tenåra og unge vaksne med psykososiale vanskar. Den innsamla informasjonen har gjort det mogleg å studere kva konsekvensar skuleerfaringane har for tilpassinga i vaksenlivet.
24
Syns|rand
#1 / 2018
Døme på publikasjonar: Langøy, Emmy, Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (2016). Tilpasning til voksenlivet – samspillet mellom generelle lærevansker, psykososiale vansker og spesialpedagogiske hjelpetiltak, Tidsskrift for velferdsforskning, nr. 3, 221-240 DOI: 10.18261/ issn.2464-3076-2016-03-02 (https:// doi.org/10.18261/issn.2464-30762016-03-02) Myklebust, J. O. & Båtevik, F. O. (2014): Economic independence among former students with special educational needs: changes and continuities from their late twenties to their mid-thirties. European Journal of Special Needs Education. Vol. 29. (3) s. 387-401. http://www.tandfonline.com/doi/abs/10.1080/08856257.2 014.922791 Myklebust, V.K. & Myklebust, J.O. (2017). Mental health among former students with special educational needs who are now in their mid-30s. British Journal of Special Education 44(2):126-143, June 2017 Bele, Irene. & Kvalsund, R. (2016): A longitudinal study of social relationships and networks in the transition to and within adulthood for vulnerable young adults at ages 24, 29 and 34 years: compensation, reinforcement or cumulative disadvantages? European Journal of Special Needs Education. Vol. 31(3), s.314-329. (http:// www.tandfonline.com/eprint/XMvSuBMvptEwj5zjchbZ/full)
Røys, Eli. F. (2015). Arbeid til unge som starta vidaregåande med særskilt opplæring – om foreldreforventningar og tilpassingsprosessar. Fontene forsking 15 (1): 48–59.
Skjong, Gerd & Myklebust, J. O. (2016). Men in limbo: former students with special educational needs caught between economic independence and social security dependence. European Journal of Special Needs Education, Vol. 31(3), 302–313. Spesialpedagogikk, nr. 05, 2013, s.2047, Spesialnummer av tidsskriftet med norske artiklar frå prosjektet.
Resultat Forskinga gir ny kunnskap om korleis det har gått med særvilkårselevane etter vidaregåande skule og innsikt i samspelet mellom opplæringa i vidaregåande og det som pregar tilpassinga seinare i livsløpet. Her er nokre av dei viktigaste: • Longitudinelle studiar gir ny innsikt, for eksempel når det gjeld utdanningsløp over tid. I alderen 23 – 24 år har vel 45% studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men mindre enn halvparten av desse var i rute i opplæringa si tre år tidlegare. Dette viser at grensa for fullføringstid på vidaregåande nivå truleg er sett for lågt i Noreg. Ungdom treng tid for å finne ut av kva det skal bli til i livet – det gjeld ikkje minst dei som er særvilkårselevar. Dette speglar ein allmenn mekanisme i det norske systemet, men blir tydlegare når forskarane analyserer denne tilsvarande situasjonen for særvilkårselevar. • På utdanningsfeltet ser ein også at segregerande pedagogiske hjelpetiltak som t.d. lærarassistent og spesialklasse, ikkje fungerer særleg godt for dei
fleste av særvilkårselevane. Kompetanseoppnåinga er for eksempel betre i ordinærklasser enn i spesial klasser, og det gjeld særleg blant jentene. • Tilpassingane arbeid og trygd dekkjer eit stort spekter av livsbaner, prega av stabilitet for nokre og omskiftingar for andre. Kjønn er ein viktig variabel. Mennene er i større grad enn kvinnene i arbeid. Samtidig er det interessant å merke seg at formell kompetanse i form av fullført vidaregåande opplæring, er særleg viktig for at kvinnene kjem i arbeid. Ein annan type kompetanse, i form av det å ha førarkort er langt viktigare for mennene. • Trygderisiko er også undersøkt for undergrupper i materialet: Særvilkårselevar med generelle lærevanskar og psykososiale vanskar har to-tre gonger større risiko for trygding enn dei som ikkje har slike vanskar. Kvinner har klart større risiko for trygding enn menn. • At desse unge tidlegare gjekk i spesialklasse, hadde lærarassistent eller har etterslep i utdanninga si, au-
#1 / 2018
kar også klart risikoen for å bli trygda. Dette er konsekvensar fleire år etter skulegangen er avslutta. • Ved overgangen frå vidaregåande skule til livssituasjonen dei tidlegare særvilkårselevane har tidleg i 20-åra, aukar det å gå i spesialklasse risikoen vesentleg for å bli sosialt isolert og marginalisert. • Ved overgangen frå tidleg til seint i tjueårsalder endrar forklaringsbiletet seg ved at konteksten og livssituasjonen er ein annan: Endra livssituasjon (familiedanning og arbeid) overstyrer verknadane av å ha gått i spesialklasse. Er ein utan arbeid og eigen familie, er risikoen vesentleg større for sosial isolasjon og marginalisering. Tidsfjerne forklaringsfaktorar blir såleis svekte og tidsnære faktorar får dominerande forklaringsstyrke. • Om ein samanliknar dei sosiale nettverka som er skapte ansikt-tilansikt med dei som er internett-formidla eller ansiktslause, finn forskarane ulike utfall. Størst risiko for ikkje å vere i internett-formidla nettverk finn ein mellom menn som er i små ansikt-til-ansikt nettverk og som har generelle lærevanskar eller psykososiale vanskar. Her finn ein såleis forsterking av uheldig tilpassing (cumulative disadvantages). Internett-formidla relasjonar og nettverk kunne ha kompensert for marginalisering og isolasjon i små ansikt-til-ansikt nettverk, men gjer
Syns|rand
25
det hovudsakleg ikkje - sjølv om ein finn nyanserande unntak. Eit viktig poeng i dei ekstensive, kvantitative analysane er at forskarane har kontrollert for fleire bakgrunnsopplysningar, til dømes kva andre funksjonsvanskar ungdomane hadde ved starten av vidaregåande opp læring. Det er også gjort kvalitative studiar – opne intervju og analyse av narrativ – som understøttar og nyanserer dei kvantitative resultata. Det er verdt å merke seg at spesialpedagogiske tiltak som er sette i verk med gode hensikter (spesialklasse, lærarassistent) oftast har motsett verknad: det forsterkar risikoen for marginalisering og sosial isolasjon, risikoen for å hamne på trygd og risikoen for ikkje å ha sjølvstendig liv med eigen bustad seinare i livet. Dette er resultat med både sosial politiske og spesialpedagogiske konsekvensar. Publisering Resultata frå forskingsprosjektet har blitt vurdert av fagfellar og publisert i forskingsrapportar, bok-kapittel, redigerte bøker og artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift. Samla publikasjonsliste finn du i rapporten om design og metode for prosjektet. Den omfattar omkring 80 publikasjonar. Les meir her: www.hivolda.no/media/18604
26
Syns|rand
#1 / 2018
Tekst:
Foto:
Per Straume
Privat
Utfordrande som forskar på Cuba Stipendiat Anne Natvig måtte trå varsamt då ho skulle intervjue journalistar og journalistikkstudentar på Cuba. – Om eg snakka med feil folk, ville alle dører lukke seg for meg, fortel Natvig. Anne
Natvig stipendiat ved Avdeling for mediefag. Forskar på korleis det er å jobbe som journalist i eit autoritært samfunn.
Doktorgradsstipendiaten nemner tidleg Raul Garcés når ho snakkar om det tre månadar lange forskaropphaldet hennar på Cuba. Han er dekan ved fakultet for kommunikasjon ved universitetet i Havanna og gjesta Høgskulen i Volda før Natvig reiste til Cuba. Den praten og kontakten dei to fekk i Volda betydde mykje for utbyttet av opphaldet i det kommunistiske landet. Natvig reiste på turistvisum og hadde i grunn ikkje lov til å arbeide som forskar. – Då eg drog nedover var eg i tvil om eg i det heile teke fekk lov til å gjere noko arbeid der, forklarar Natvig. Den første tida gikk ho rundt med eit ark der ein forskar ved universitetet, med støtte frå dekan Garcés, gikk god for at ho ikkje ville gjere noko farleg og skade Cuba. Etter ein månad fekk ho forskarvisum og det vart enklare å snakke med folk. CIA-agent Dei fleste journalistane i landet arbeider i den statsfinansierte pressa som er styrt av kommunistpartiet som styrer landet. Gjennom Garcés kom Natvig i kontakt med fleire av desse og fekk intervjue dei. – I nokon av intervjua verka det som at journalisten oppfatta meg som ein cia-agent. Det verka som at
fleire av dei eg prata med tenkte at eg ikkje ville Cuba vel og det var ikkje særleg behageleg å gjennomføre intervjua. – Var du redd nokon gong? – Nei, eg var aldri redd. Eg tenkte før eg reiste at eg kanskje vil lage problem for nokon ved at dei snakka med meg. Men eg fekk inntrykk av at det gikk greitt. Om eg derimot snakka med feil folk, ville alle dører lukke seg for meg. Eg valde å følgje spelereglane. Studentane vil vere frie Sjølv om journalistane Natvig intervjua arbeidde for den statsstyrte pressa, viste det seg at fleire var kritiske til styresettet i landet og måten pressa er styrt på. – Eg hadde litt fordommar og trudde Garcés ville vise meg journalistar som ikkje støtta kritisk journalistikk og meinte at kommunistpartiet styrar landet godt. Men ha gav meg ei liste med journalistar som var kritikarar, men som ikkje kunne arbeide og skrive på den måten i jobben sin. Likevel ytra dei desse tankane på fritida si. Eg fekk også snakke med journalistikkstudentar som lærer om kritisk journalistikk på skulen. Fleirtalet av desse ønskjer ikkje å arbeide i partipressa når dei er ferdig utdanna, men håper på
#1 / 2018
– I nokon av intervjua verka det som at journalisten oppfatta meg som ein ciaagent. Det verka som at fleire av dei eg prata med tenkte at eg ikkje ville Cuba vel og det var ikkje veldig behageleg å gjennomføre intervjua.
arbeid i den frie pressa, fortel Natvig, som sjølv har studert journalistikk ved Høgskulen i Volda. Mange på Cuba ser på den statlege pressa som viktig for å halde samfunnet saman, men det er også ein del kritikarar blant folket. I leiarstillingane i den statlege pressa sit mange eldre personar. – Ein akademikar eg prata sa at ein del av folket på Cuba håpar på endring i den statsstyrte pressa, men at ingen ting vil hende før dei eldre som sit på toppen vert bytta ut. Det same gjeld også for styringa av landet. Folket vil ha den pressa ein har no, men vil endre den for å kunne snakke fritt , seier Natvig. Dårleg betalt Totalt intervjua ho 12 journalistar, 20 studentar og ein del forskarar under opphaldet. – Utan Garcés` hjelp hadde eg aldri fått intervjua så viktige og profilerte journalistar. Dei la nokre føringar, men ikkje på kva vi skulle snakke om, for dei var ganske opne. Alle journalistane eg snakka med vil ha endring, dei vil ha ei presse som kritiserer og kan gå mot dei som styrer landet. Studentane var ifølge Natvig enda meir kritisk. – Men utsiktene deira er ikkje så gode. Folk som arbeider i pressa har låg løn. Dei tener om lag 80 cent dagen, ikkje stort meir enn det ein kaffikopp på kafé kostar. Alle får jo rasjoneringsblokker utdelt kvar månad, men mange som arbeider i den statlege pressa arbeider i alternative medium for å spe på inntekta. Slutt på informasjonsmonopol Medium som ikkje er statsstyrte har det vorte stadig fleire av på Cuba dei seinare åra. Desse nye tilskota, som er i opposisjon til partipressa, satsar mykje på nettpublisering. I tillegg er også bloggar vorte ein populær kanal for å spreie informasjon til folket. – Det er ikkje eit informasjonsmonopol lenger. Det vert spennande å følgje med på utviklinga, synest Natvig. Avhandlingsprosjektet til Natvig, som er tilsett ved Avdeling for mediefag ved høgskulen, handlar om korleis endringane på Cuba påverkar autonomi for journalistar og journalistikkstudentar i statsfinansierte medium. Viktige aspekt er forholdet til USA og nye medium som utfordrar informasjonsmonopolet til kommunistpartiet.
Syns|rand
27
28
Syns|rand
#1 / 2018
Nyheiter: Forsking
Lærarutdanningsmiløet vert digitale spydspissar Høgskulen i Volda har fått 13,6 millionar kroner til digitalisering av grunnskulelærarutdanninga. – Ei sterk tillitserklæring til fagmiljøa våre, meiner dekan Arne Myklebust.
Av 11 prosjekt frå 10 høgskular og universitet i landet er Høgskulen i Voldas eitt av fem utvalde. Det betyr at høgskulen får 13,6 millionar kroner over tre år frå 2018, i tillegg er det kalkulert med midlar til investering i utstyr samt fylgjeforsking i prosjektet. Framtidsretta studentar Prosjektet skal vere med på å gi grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen i Volda (HVO) ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kunnskap er ein naturleg del i alle fag.
– Det skal dei få gjennom at dei tilsette som underviser ved høgskulen skal auke sin digitale kompetanse og vere trygge og bevisste på pedagogisk bruk av digitale ressursar og didaktikk i eiga undervisning. Dei skal også vere delaktig i utvikling av nye digitale didaktiske løysingar, fortel koordinator for søknaden Ole Frank Bakken. I prosjektet vil ein ha tett samarbeid med praksisfeltet, for å vere med på å digitalisere skulane i regionen. Dei næraste samarbeids partnarane i prosjektstarten vil vere Volda og Ulstein kommune. Sterkt signal Saman med midlar til eit forskingsprosjekt om bruk av nettbrett i skriveopplæringa i grunnsku-
len som høgskulen vann fram i konkurransen om hausten 2017, fekk høgskulen i løpet av ein korte periode om lag 25 millionar kroner til å utvikle framtidas skule. – Dette er viktige midlar for høgskulen, for regionen og nasjonalt, seier dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning Arne Myklebust. – Digitalisering kjem til å sette eit sterkt preg på den faglege aktiviteten vår i åra som kjem, og når vi vinn nasjonale midlar i den eine konkurransen etter den andre så er det ei sterk tillitserklæring til fagmiljøa våre om at vi både har vilje og evne til å utdanne framtidas lærarar. Dette er eit sterkt signal frå ein liten høgskule om fokus på kvalitet, digitale løysingar og om vilje til å satse på å utdanne dyktige lærarar for framtida, meiner Myklebust. Byggjer på erfaringar Prosjektleiar Synnøve H. Amdam ved HVO har arbeidd mykje med søknaden og ser fram til å få prosjektet i gang. – Eg trur vi vann fram fordi vi har laga ein søknad som byggjer på erfaringane vi har fått i pilotprosjektet i lag med Ulstein kommune der vi er midt inne i eit prosjekt der vi vidareutdannar lærarar, seier Amdam. Prosjektet i Ulstein kom i stand etter initiativ frå Ulstein kommune og har også fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune i tillegg til at Høgskulen i Volda har brukt interne ressursar til prosjektet. – Dette viser at eit regionalt spleiselag faktisk kan få nasjonal betyding, seier prorektor Jens Standal Groven.
Norsk-russisk samarbeid Saman med fleire partnar universitet i Russland bidreg Høgskulen i Volda til ein nettbasert manual for undervisning i menneskerettigheiter som vart lansert i januar. Manualen er publisert på russisk og på engelsk, og er et verktøy for opplæring av journalister verda over. Finst det grenser for ytringsfridomen? Korleis kan ord og bilder skape konflikt? Bidreg journalistikken til fordommar og stereotypiar? Korleis bør media handtere radikalisering og ekstremisme, kjønnsdiskriminering og homo fobi? Korleis kan journalistar bruke dei inter nasjonale menneskerettig heitene i sitt arbeid? Slike spørsmål vert drøfta i til saman elleve undervisnings økter, der deltakande og aktivitetsbaserte undervis ningsformer vert tatt i bruk.
Forskar på sosialarbeidarar i Norge og Wales Tilsette ved Høgskulen i Volda har vore i Cardiff for å arbeide vidare med eit forskings prosjekt som tek føre seg sosialarbeidarar sine arbeidsvilkår i Wales og Norge, og ser spesielt på endringar over tid med omsyn til fagleg autonomi og høve for å utøve skjøn i arbeidet. 11. og 12. desember møttest forskarane i Cardiff for å vurdere resultata frå den felles undersøkinga.
Syns|rand
#1 / 2018
29
Over 50 studentar med i stort forskingsprosjekt Saman med tilsette har mediestudentar ved Høgskulen i Volda fått ansvaret for all kommunikasjon og forskingsformidling i eit forskingsprosjekt med ei økonomisk ramme på 60 millionar kroner.
«Alger for fremtiden – A2F» er eit forskingsprosjekt i regi av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), der Høgskulen i Volda (HVO) er ein part. NIBIO var eitt av tre prosjekt som vann fram om midlar i Bionær-programmet, og ein liten del av æra for det skal mediestudentane i Volda ha. Det gav prosjektleiar Stig A. Borgvang tydeleg uttrykk for då han møtte studentane og tilsette i Volda. – I grunngjevinga for forskings-
midlane la dei vekt på at vi hadde tenkt nytt og vore litt eksperimentelle ved å bruke studentar til å formidle frå prosjektet. Utan dykk når vi ikkje fram med det vi vil, sa Borgvang til studentane. Algar på matfatet Med mikroalgar som utgangspunkt vil forskingsprosjektet undersøke algane sitt potensial til å produsere protein, fleirumetta feittsyrer og karbohydrat av høg kvalitet til framtidas matfat. Høgskulelektor ved HVO, Kristian Fuglseth, har vore med på forarbeidet til prosjektet sidan 2014. – Vi er heldige som er ein del av prosjektet. Det er det største forskingsprosjektet i Noreg nokon gong når det kjem til bruk av nye metodar for å utvikle ei ny
verdikjede for matproduksjon, som er basert på lokalproduserte næringsstoff, fortel Fuglseth. Unik mediemiks Over 50 studentar frå bachelorgradene i PR, kommunikasjon og media og Animasjon, frå Master in Media Practices og erasmusstudentar er involvert i prosjektet. Dei lagar kommunikasjonsstrategiar, konsept for algeøl, animasjonsfilmar, mediehandbok, pub-
likumsinformasjon om bruk av mikroalgar, nye nettsider for prosjektet og møteplassar for referansegrupper. – Studentane arbeider med sju ulike prosjekt som er knytt til forskingsformidlinga og leverer produksjonane undervegs i løpet av dei fire åra forskingsprosjektet skal halde på, fortel Fuglseth om studentane si involvering i prosjektet som skal halde fram til våren 2021.
Skal løfte doktorgradsutdanning Eit forum som skal gjere ph.d.studiet i Volda og Molde betre – både for kandidatane og rettleiarane har starta opp.
Ph.d.-studiet i helse og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskolen i Molde. I slutten av november 2017 var doktorgradskandidatane ved studiet og rettleiarar som dei nyttar seg av
samla i Ålesund for det første metodeforumet. Totalt var rundt 45 personar til stades. Metodeforum skal vere ein arena der dei kan diskutere relevante problemstillingar. Det er lagt opp til fire samlingar i året. – Forumet skal vere ein kjerneaktivitet i doktorgraden. Det er også eit viktig møtepunkt sidan dette er eit samarbeid mellom høgskulane i Volda og Molde, seier Kjartan Leer-Salvesen, førsteamanu-
ensis ved HVO og ansvarleg for forumet. Doktorgradsutvalet har vedteke at kandidatane på programmet skal ha ei midtvegsevaluering, som normalt skal leggast til Me-
todeforum. – God rettleiing er eit av dei viktigaste suksesskriteria i eit doktorgradsarbeid. Difor tek vi det på alvor, seier Leer-Salvesen.
30
Syns|rand
#1 / 2018
Nyheiter: Forsking Unik fotosamling mellom to permar Førstelektor Magnar Hjertenæs har gått gjennom 9 000 bilete tatt av fotografen Andreas A. Berge i arbeidet med boka «Horisonten til veggar og himmelen til tak».
Fotograf A. Berge frå Herøy tok totalt om lag 22.000 bilete frå han starta som fotograf i 1905 til ut på 1950-talet. Av desse eksisterer i dag om lag 9.000 bilete i form av glasplater, og desse er no skanna og digitalisert av Hjertenæs. Arbeidet tok til hausten 2012, men er i hovudsak gjennomført dei siste par åra. I boka som kom ut i november 2017 finn ein om lag 200 bilete frå samlinga. – Eg ville ta vare på bileta. Dei er ein kulturskatt for Herøy og for all kystkultur. Difor var det viktig for meg å sikre bileta for ettertida,
seier Hjertenæs. Fotograf A. Berge sine bilete illustrerer blant anna utviklinga av Fosnavåg sentrum frå å vere eit lite fiskevær i 1905 til å på 1950-talet vere eit blomstrande næringssenter med enorm aktivitet knytt til maritim næring.
– Bileta illustrerer også mange sider ved dei sosiale tilhøva, vilkåra for folk flest, organiseringa av arbeidslivet, kjønnsrollemønsteret og om ein vil graden av klasseskilje i samfunnet, seier Hjertenæs.
Var med då fredsprisvinnaren vart kjend Søndag 10. desember vert Nobels fredspris delt ut til ICAN. Då ICAN, organisasjonen som arbeider for forbod mot atomvåpen, vart internasjonalt kjend under ein konferanse i Oslo i 2013 var tre fagtilsette ved Høgskulen i Volda involvert.
Då fredsprisen vart delt ut til the International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN) i Oslo rådhus 10 desember 2017, sat førsteamanuensis Thomas Lewe, dosent Gunnar Strøm og professor Magnar Åm med ei spesiell kjensle. I mars 2013 hadde
dei gleda av å bidra i ein ICANkonferanse som var kopla saman med ein anna konferanse initiert av Utanriksdepartementet, ved dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre – begge med fokus på dei humanitære konsekvensane ved bruk av atomvåpen. Som ein del av det norsk-japanske kulturelle prosjektet PicaDon komponerte Magnar Åm verket «Vil denne augneblinken nokon gong sleppe taket?», som vart framført i Oslo rådhus under konferansen. Thomas Lewe var betalt av Utanriksdepartementet for å lage ein informativ kunstnarisk
gjennomgang av konsekvensane av atomvåpen i eit historisk perspektiv, og hadde utstilling ved hjelp av fem skjermar på hotellet Oslo Plaza under konferansen. – Det var under denne konferansen ICAN vart ordentlig kjend i verda og fekk internasjonal merksemd, seier Gunnar Strøm og held fram: – ICAN gav oss eit løft ved å involvere oss i konferansen, og vi gav vonleg arrangementet deira eit løft med våre bidrag. Det beste er kjensla av at ein har vore med på å lage noko meir enn ein konsert og eit kulturprosjekt.
Naturens skjønnheit Naturens skjønnheit røre ved oss. Kvifor opplever vi naturen som vakker? Skuldast det bestemde kvaliteter i naturen sjølv? Eller er naturens skjønnheit ein følelse som oppstår i oss når vi betraktar den? Professor Knut-Willy Sæthers nye bok «Naturens skjønnhet», som kom ut rett før jul i 2017, er ei religionsfilosofisk reise i naturens skjønnheit. Med på reisa er den amerikanske teologen Alejandro García-Rivera og hans forståing av naturens skjønnheit. Saman med naturens skjønnhet analyserast andre estetiske opplevingar av naturen, blant anna det sublime og menneska si undring. Boka viser at desse heng nøye saman. Opplevingane av skjønnheit, det sublime og undringa i naturen bidreg samla sett til ein meir djuptgåande og fruktbar samtale mellom estetikk, teologi og naturvitskap.
Syns|rand
#1 / 2018
Ei utforska plate Førsteamanuensis i musikk Stein Helge Solstad har brukt forskingsresultat for å perfeksjonere si nye plate, «Elvane møtest», og skal også sjå med forskarauge på den i ettertid.
– Kroppskunnskap er viktig i kommunikasjonen mellom musikarar som spelar saman. Det er mange ting ein ikkje får sagt eksplisitt med ord i eit samspel, men som ein kan lese i kroppsspråk. Mellom improviserande musikarar er denne spesielt viktig fordi den signaliserer musikalske avgjersler som skjer i augneblinken og som
formar den musikalske utviklinga, seier Solstad. I desember gav han ut plata «Elvane møtest», som han har hatt i emning i mange år. Det er ei plate der førsteamanuensisen har sett musikk til dikt av Olav H. Hauge. I arbeidet med doktorgradsavhandlinga «Strategies in jazz guitar improvisation» spelte Solstad saman med fem profesjonelle jazzgitaristar i New York og tok det opp med eit videokamera, for å få med seg det som skjedde i samspelet. Det same har Solstad no gjort med den nye plata som er
spelt inn i Sparkle Sound Studios i Oslo og miksa i Ocean Sound Recordings på Giske. Gjennom å nytta 360 graders kamera i denne prosessen får ein med seg alt som skjer i rommet, og ting som ser uviktige ut med ein gong, kan vise seg å vere svært interessante i ettertid. – Ved å dokumentere denne innspelingsprosessen frå innøving til innspeling, har eg fått høve til å fokusere på ulike utfordrande aspekt ved innspelinga. Videodokumentasjon av intervju/samtalar med dei andre musikarane har supplert det som eg kan observere og såleis gjeve meg høve til å finne ut om vi opplever desse utfordringane på same måten. Det kan vere vanskeleg å setje ord
31
på det som skjer i eit slikt samspel, men i etterkant kan ein faktisk tolke mykje berre gjennom å sjå på kroppsspråket me nyttar i samspelet. God kommunikasjon gir ofte god musikk, og det håper eg lyttarane vil oppleve at dei finn på denne plata, smiler gitaristen.
Internasjonalt forskingsverv for Werenskjold Professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag skal sitje som ein av to norske medlemmer i styringskomiteen for eit forskingsprogram støtta av EU, etter å ha vorte peika ut av Forskingsrådet.
Werenskjold skal sitje i styringskomiteen for Cost Action-programmet “New Exploratory Phase in Research on East European Cultures of Dissent” CA16213 (20172021). Cost Action-programma er viktige faglege nettverk innanfor EU-forskinga og programmet Werenskjold har blitt med i tel fleire enn 30 land. Werenskjold har blant anna vore prosjektleiar for prosjekt som Media and Protest/Media and the Cold War som
blant anna har fått FoU-prisen ved HVO. Konferansar og seiminar til nærområdet – Dette er eg svært godt nøgd med. Eg ser på det som eit svar på at vi har gjort noko rett med forsking ved Avdeling for mediefag. Det viser også at det er viktig å legge godt til rette for å drive forsking ved Høgskulen i Volda, seier Werenskjold. Som medlem av styringskomi teen vil Werenskjold vere med på å gi forskingsprogrammet retning og legge premissar for korleis det skal utvikle seg. – Det er opp til kvart enkelt medlem av komiteen korleis ein vil gripe moglegheita. Eg vil til
dømes arbeide for å få konferansar og seminar til Noreg og i neste omgang til nærområdet vårt. Mykje av arbeidet i dette programmet vil handle om å bygge nettverk, fortel professoren. Nye publiseringskanalar Han ser fram til å vere ein del av eit EU-program, og kallar det «ei fin fjør i hatten» for han sjølv, avdelinga og høgskulen. – Det aller viktigaste blir å få eit innblikk i prosessane når EU gjennomfører eit forskingsprosjekt. Så får vi sjå kva dette kan bety for publisering, eg får i alle fall tilgang til publiseringskanalar eg elles ikkje ville hatt. Programmet har fem ulike arbei
ds grupper som alle vil arbeide med aust europeiske dissensar, disenskulturen og den opposisjonelle kulturen i Aust-Europa frå 1945-1989. Werenskjold sitt perspektiv inn det tverrfaglege programmet vil vere media si rolle.
Heimvegen (utdrag)
Mauren kryp aldri so vidt i Kring, han leitar ei uppatter Tuva, og Mannen løyp inkje so lang ein Sving, han lengtar ei heim til si Gruva. Um og han var glad i framande Stad, so vil ikkje Hugen seg festa, og Heimen med Haugar og Stein og Svad, han verder daa kjÌrast’ aa gjesta.
Ivar Aasen