HØGSKULEN I VOLDA STUDIETILBOD 2019-2020
Velkomen til Volda 1 TIME
VOLDA Volda er berre ein time frå Oslo Lufthavn om du tar fly til den lokale flyplassen, Ørsta-Volda lufthamn. Det går fleire daglege flygningar til og frå Oslo og Bergen. avinor.no
Midt i mellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Høgskulen har om lag 4000 studentar, og er kjent for sitt gode studentmiljø. I Volda er det rimeleg å bu, gangavstand til det meste, og du er berre ein kort flytur frå dei store byane. Aktivt studentmiljø Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar. Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open-Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet. Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen X2, Animation Volda og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.
Midt i mellom fjord og fjell
STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA Er til for at du skal ha ein så god studiesituasjon som mogleg. SiVolda gir deg tilbod om: • • • • • •
studentbustad kantine på campus studentbarnehage studenthus Rokken gode helseordningar psykologisk helse tjeneste
www.sivolda.no
Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Nokre av tindane er så høge som 1700 meter, og blant dei mest kjente finn vi Slogen, Kolåstinden og Hornindalsrokken. Sunnmørsalpane har eit unikt terreng for fjell- og klatreturar, og blir mykje brukt av studentane våre. Voldsfjorden og Rotevatnet legg til rette for vassport og lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.
Nærleik til alt Som student i Volda blir du ein del av eit tett studiemiljø. Du får tett oppfølging frå lærarane dine, og det er lav terskel for å ta kontakt. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester. Volda er mellom dei studiestadane som har dei lågaste bustads utgiftene i landet, alle studentbustadene ligg nær høgskulen, og det er gang avstand til sentrum.
Utveksling og praksis i utlandet Høgskulen har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med over 100 utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor- og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet, og ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. Høgskulen i Volda tek kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda.
Studietilbod Alle studietilboda finn du på hivolda.no/studium Administrasjon, planlegging og leiing
Idrett og friluftsliv
Planlegging og administrasjon, bachelorgrad
Naturguide, årsstudium
Samfunnsplanlegging og leiing, mastergrad
Friluftsliv, årsstudium
Samfunnsvitskap, årsstudium
Friluftsliv, bachelorgrad Idrett og kroppsøving, årsstudium
Estetiske fag, kunst- og musikkfag
Idrett og kroppsøving, bachelorgrad
Teater og drama, årsstudium Teater og drama, bachelorgrad
Lærarutdanning
Musikk, årsstudium
Barnehagelærarutdanning, bachelorgrad
Musikk, bachelorgrad
Grunnskulelærar 1. til 7. årssteg, mastergrad
Kunst og handverk, årsstudium
Grunnskulelærar 5. til 10. årssteg, mastergrad
Kunst og handverk, bachelorgrad
Undervisning og læring, mastergrad Praktisk-pedagogisk utdanning, årsstudium
Helse- og sosialfag
Spesialisering i norsk/matematikk/spesialpedagogikk
Barnevernspedagog, bachelorgrad Sosionom, bachelorgrad
Medie- og journalistfag
Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering,
Mediekunnskap, årsstudium
mastergrad
Medieproduksjon, bachelorgrad
Helse- og sosialfag, Ph.d.
Mediedesign, bachelorgrad Animasjon, bachelorgrad
Historie og religion
PR, kommunikasjon og media, bachelorgrad
Historie, årsstudium
Journalistikk, spesialisering tv/radio, bachelorgrad
Historie, bachelorgrad
Journalistikk, spesialisering avis/nett, bachelorgrad
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
Media Practices, mastergrad
Religion og livssyn, bachelorgrad Kulturmøte, mastergrad
Språk og litteratur
Matkultur og helse, årsstudium
Norsk (nordisk), årsstudium Engelsk, årsstudium Språk og litteratur, bachelorgrad Nynorsk skriftkultur, mastergrad
Nettstudium og fordjupingsstudium Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller studium og andre aktivitetar. Sjå hivolda.no/vidare
Fagområde Høgskulen i Volda tilbyr fag- og profesjons utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur. Høgskulen er nasjonalt leiande innanfor yrkes retta medieutdanning og har eit breitt og offensivt lærarutdanningsmiljø med høg kvalitet. I Volda er det eit levande, attraktivt og godt studiemiljø med tett kontakt mellom lærar og student og mellom ulike studentgrupper.
Administrasjon, planlegging og leiing
Helse og sosialfag
Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til både tilsette og leiarar i offentleg og privat sektor. Studia legg vekt på at plan- og utviklingsarbeid skal skje i samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar. Studia gir aktuell og yrkesretta kompetanse gjennom teori og praksis.
Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Dei er ettertrakta arbeids kraft i mange ulike yrkessamanhengar innanfor mellom anna helse- og sosial sektoren, offentleg forvaltning og humanitære organisasjonar.
Estetiske fag, kunst- og musikkfag
Historie og religion
I Volda finn du eitt av dei breiaste kulturfag tilboda på bachelornivå i Noreg. Høgskulen har eige symfoniorkester og kor, ny teaterog konsertsal, profesjonelt musikkstudio, gode øvingslokale og ulike verkstader. Gjennom teori og praksis gir utdanningane utøvande kompetanse og legg grunnlag for undervisningskompetanse i mellom anna skule og kulturskule.
I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for kva rolle historie, religion og kultur spelar i kvardagen. Høgskulen i Volda tilbyr fleksible studium innanfor dette fagfeltet.
Idrett og friluftsliv
Mediefag
Høgskulen i Volda har høg kompetanse og lang erfaring med å tilby utdanning i idrett og friluftsliv. Som student får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Undervisninga foregår mellom anna i Sunnmørsalpane, i vakker fjordnatur og ute ved kysten. Høgskulen har også eigen undervisningsbase på Yksnøya.
Høgskulen i Volda tilbyr ei av landets leiande journalistutdanningar, og har utdanna fagfolk til den norske mediebransjen sidan 1971. Utdanningane har jobbrelevante interne og eksterne prosjektog praksisordningar. Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransje miljøa i Noreg og i utlandet.
Lærarutdanning
Språk og litteratur
Læraryrket er svært viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Skal norske elevar lære, treng dei engasjerte og dyktige lærarar. Høgskulen i Volda har utdanna lærarar i over 150 år, og har i dag eit breitt tilbod innanfor lærarutdanningar. Det er eit stort behov for lærarar i Noreg i dag, og med lærarutdanning vil du vere attraktiv på arbeidsmarknaden.
Det er stort behov for språk- og tekst kompetanse både i offentleg og privat sektor. Høgskulen i Volda har eit fleksibelt studietilbod innanfor språk og litteratur, både på bachelor- og masternivå. Som einaste i landet tilbyr høgskulen Master i nynorsk skriftkultur.
Alle studietilbod finn du på hivolda.no/studium WWW.HIVOLDA.NO FACEBOOK.COM/HIVOLDA SNAPCHAT, INSTAGRAM AND TWITTER: @HIVOLDA