MAGASIN FOR HØGSKULEN I VOLDA JULI 2013
FERDIGUTDANNA:
Ankerspiren MØT SYNNØVE HALKJELSVIK, NYHEITSANKER PÅ TV 2
DRAUMEHELGA:
– Skal vi verkeleg gjere alt dette? VINNAREN AV #TYPISKVOLDAKONKURRANSEN
LEVE
OPPLEVE
STUDERE
The Siverts Dokumentarskaparen Livet før og etter Rokken
Uforglemmelige India Kalender - Det skjer i Volda! Mitt semester i paradis
Ta sats! Tindeveiledere på verdensnivå Sommarjobb i Tyskland
ØYEBLIKKET
1
2
3
4
5
6
7
8
9
1. @mariusbeckdahle: naking på fjellet. 2. @mariusbostrand: sommargrilling i Volda. 3. @vildegronvold: på gåtur i Vinter-Volda. 4. @cecsandv: sommar i Volda. 5. @trinekolbustuen: med hjartet for Volda. 6. @hpetrine: klatring i solveggen. 7. @siripalles: ekte sunnmørsvêr. 8. @wibekenord: hjarterom i Volda. 9. @ostfoto: Xzibit på Rokken. # TypiskVolda – bli kjend med Volda gjennom studentane og innbyggarane sine auge.
2
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEDER
Velkomen til Meir! Magasinet Meir! er for deg som får tilbod om studieplass ved Høgskulen i Volda. I dette magasinet får du vite meir om kva du kan vente deg av Volda, meir om opplevingane og meir om tilboda i studiebygda ved Sunnmørsalpane. Du har kanskje ikkje vore i Volda før og veit ikkje heilt kva du kan vente deg. I Meir! møter du fleire studentar som har fått mykje ut av studieopphaldet i Volda. Camilla engasjerte seg i Studenthuset Rokken og fortel om sitt sterke møte med Studentsamfunnet. Thorvald kom til Volda for å studere dokumentarfilm og vart leiar for den internasjonalt kjende Dokumentarfilmfestivalen. The Siverts er
historia om fire musikkstudentar som har fått kjendisstatus på Rokken. Rektor fortel om kva han synest er viktig for studentlivet. Kristian skriv om korleis han hadde det som utvekslingsstudent på Hawaii. Du får også vere med bak kamera på ein musikkvideo fem avgangsstudentar laga som ein hyllest til Volda. Over 1000 nye studentar kjem til studiebygda vår i august, og vi ser fram til å møte nettopp deg. Vi håpar at magasinet i mellomtida gir deg meir kunnskap om og interesse for Volda. Velkomen til Volda! ANN KARENE RASMUSSEN rasmuann@hivolda.no
Bidragsytarar
KAJA SKATVEDT Studerer journalistikk
KRISTOFFER TANGEN GJERDE Studerer PR, kommunikasjon og media
MARINA RUNDE Ferdig utdanna sosionom
OLAV STANDAL TANGEN Går på Medium og kommunikasjon på Volda vidaregåande skule
Kaja skriv saker for magasinet Peikestokken, som blir utgitt av studentar ved høgskulen.
Ved sida av studiet er Kristoffer styremedlem i PR-studentane, jobbar i StudiebygdA som journalist for Karriereavisa 2013, og jobbar for lokalavisa Møre.
Jobbar på Volda omsorgssenter og likar å lage mat. Har vore frivillig på Rokken og under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.
Har mellom anna jobba frivillig på X2, jobba som fotograf for «Fri Flyt» under Ekstremsportveko og som fotograf på Rokken.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
3
INNHALD
– DETTE ER BERRE HEILT FANTASTISK. KULT Å PRØVE NOKO NYTT, MED GOD OPPLÆRING AV EIN SKIKKELEG SVENSK KJEKKAS. 18–21
Meir! 2013 10 THE SIVERTS Husbandet på Rokken. 12 TINDEVEILEDERE PÅ VERDENSNIVÅ Om å lede mennesker i utfordrende fjellområder. 14 MITT SEMESTER I PARADIS Kristian valgte å dra på utveksling til Hawaii, USA.
4
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
16 TA SATS! Rektor meiner det er viktig å investere i både studium og fritid.
24 UFORGLEMMELIGE INDIA Sosionomstudent Maria på praksis i Mangalore, India.
30 DOKUMENTARSKAPAREN Thorvald flytta til bygda for å skape magi.
18 DRAUMEHELGA Cecilie vann draumehelg for seg sjølv og to vener i Volda.
26 ANKERSPIREN Synnøve Halkjelsvik fortel om draumejobben i TV 2.
32 «VOLDA I MITT HJARTE» Ein siste hyllest til studiestaden Volda.
22 LIVET FØR OG ETTER ROKKEN Om å engasjere seg i Studentsamfunnet.
28 SOMMERJOBB I TYSKLAND PR-studenter med pressedekning under Nord-Europas største sommerfestival.
34 DET SKJER I VOLDA! Ei oversikt over dei største festivalane i Volda.
INNHALD
14
32
MAGASINET FOR HØGSKULEN I VOLDA JULI 2013 Redaktør Ann Karene Rasmussen rasmuann@hivolda.no Redaksjon Informasjonskontoret: Per Arne Brandal – Informasjonsleiar Ann Karene Rasmussen og Tone Solhaug – Informasjonskonsulent Steffen Djupvik Brandtzæg – konsulent Kib og Morits Produksjon Tone Solhaug Ann Karene Rasmussen Design Kib & Morits www.kibogmorits.no
26
Foto Kib og Morits, Bjørn Langsem, Ann Karene Rasmussen, Tone Solhaug, Olav Standal Tangen, Halvor Njerve, Carl Nesset Trykk Printing AS Opplag 1500
12
10
Web hivolda.no
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
5
NYHEITER
Annette tildelt presitsjetungt stipend – Dette blir ei oppleving heilt utanom det vanlege, seier PR- og kommunikasjonsstudent Annette Fischer. Det prestisjetunge stipendet gjer at ho kan studere kommunikasjon ved The University of Wisconsin–Madison i sommar. Kvart år utlyser The Brittingham Viking Organization (BVO) The Apeland Viking Scholarship, som blir tildelt ein student innanfor PR og kommunikasjon med gode akademiske og sosiale ferdigheiter. I tillegg skal studenten også ha vist engasjement utanfor studia, og vere god i engelsk. Annette synest det er litt vanskeleg å svare på kvifor nettopp ho vart vald ut.
But milk is important Ein mann med sosial angst blir skugga av ein naiv, nysgjerrig og klumsete skapning. Forferda prøver mannen å rømme, uvitande om at skapningen er ein hjelpar som brukar ukonvensjonelle metodar. Animasjonsfilmen til studentane Eirik Grønmo Bjørnsen og Anna Mantzaris var den einaste skandinaviske filmen som var nominert i kategorien Graduation Films på The Annecy International Animation Film Festival, som vart arrangert 10.–15. juni. Annecy er kjend som ein av dei viktigaste animasjonsfilmfestivalane i verda.
– Det er heilt vilt! Å få filmen vist på festivalen er ein pris i seg sjølv. Dette er vanvittig stort, og vi er veldig stolte. Dei tallause timane vi har lagt ned i prosjektet, har verkeleg vore verdt det, seier Eirik. Filmen skal i tillegg visast på Guanajuato International Film Festival i Mexico. Med norsk tittel «Melk er også viktig» blir filmen vist på barnefilmfestivalen «Kult og kort II – ni korte filmer for barn», som blir å sjå på kinoar over heile Noreg i sommar. www.butmilkisimportant.blogspot.com
Effektive studentar 60,4 prosent av bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda fullfører på normert tid. Dette gjer studentane ved høgskulen til dei nest flinkaste i landet. Med eit nasjonalt gjennomsnitt på 39,7 prosent, kjem HVO godt ut. – I Volda har ein både tid og råd til å vere fulltidsstudent. Det blir også forventa at studentane skal vere ferdige på normert tid. Det er det som er normalt, seier Eirin Sørensen Røkke, som studerer PR, kommunikasjon og media.
6
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Administrerande direktør i kommunikasjonsbyrået Apeland, Ole Christian Apeland, og Annette Fischer. Foto: Katrine Lunke. – Eg håpar dei ser at eg har ambisjonar og lidenskap for kommunikasjonsfaget. I tillegg er eg ein positiv person som kan representere både Apeland og Brittingham Viking Organization på ein god måte. Sjølv om Annette har vore i USA før, ser ho fram til å oppleve landet i ein annan kontekst. – Eg likar utfordringar og å bli pusha litt utanfor komfortsona. Dette veks eg mykje på både fagleg og sosialt.
NYHEITER
Første kull uteksaminert frå ny mediemaster – Dette er stort for Avdeling for mediefag, seier dekan Sverre Liestøl. Ti studentar var nyleg oppe til munnleg eksamen der dei forsvarte masteroppgåvene sine. Karakternivået var høgt, noko som lova godt for den nye masteren, Dokumentar og journalistikk, som starta opp hausten 2012. Opptaket for komande haust er i full gang, og hittil har over 30 søkt studieplass.
Søkjarrekord! Søkjarar til barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda har gått opp med 55 prosent frå i fjor. Nasjonalt er det ein nedgang på nesten 18 prosent. I fjor hadde høgskulen 56 førstevalssøkjarar til førskulelærarutdanninga, i år er det 87 søkjarar til den nye barnehage-lærarutdanninga.
Symfoniorkesteret Som einaste høgskule i Noreg har Volda sitt eige symfoniorkester. Orkesteret held mange konsertar for året. Nyttårskonserten og den nasjonale fest-konserten 17. mai er tradisjonelle høgdepunkt. I tillegg turnerer orkesteret i regionen. Dei om lag 40 musikarane er ei fin blanding av bygdefolk, studentar og tilsette ved høgskulen. Ved særskilde høve blir det leigd inn musikarar for å dekkje spesial-instrument. Medlemmer i orkesteret betaler ikkje kontingent. www.orkesteret.no
Noregs beste studentmiljø Er du framleis usikker på om du skal velje Volda som studiestad? Du bør ikkje tvile. Sjølv om Volda er ein liten stad, yrer det av liv heile året. Studenttinget i Volda er det øvste studentdemokratiske organet ved Høgskulen, tilsvarande elevrådet frå grunnskulen og den vidaregåande skulen. Formålet vårt er å arbeide for at alle skal få ein best mogleg studiekvardag. Du er med på å bestemme kva saker vi skal arbeide for og korleis vi skal få det endå betre som studentar i Volda. Kom gjerne innom oss med både ris og ros, og vi blir også veldig glade om du vil vere med i Studenttinget. Som student kan du vere med på å styre din eigen kvardag. Vi har mange organisasjonar som vil ha deg med på laget, og du kan delta som frivillig på fleire ulike arrangement. Volda har rykte på seg for å ha eit godt studiemiljø. Sidan Volda er ein liten stad, vil du ikkje berre bli kjend med di eiga klasse, men også mange andre på tvers av studieretningane. Om du i tillegg engasjerer deg, kan nettverket ditt blir stort, og du vil få fleire gode minne for livet. Same kva studium du måtte velje, er vi sikker på at du ikkje vil angre på Volda som studiestad! – Med vennleg helsing Studenttinget i Volda.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
7
NYHEITER
Fadderveka Den 20. august står 120 fadrar klare til å ta imot dei nye studentane. Eit engasjert fadderstyre lovar ei festivalveke du ikkje kan gå glipp av. Det er berre å glede seg! Fadderstyret har stått på for at du skal få ein kjempebra start på studentlivet i Volda. – I år tilbyr fadderveka FestiVolda, Sportsfestival, Matfestival, Kulturfestival, Musikkfestival og Søndagsfestival, seier Kristian Glomnes, som har hatt ansvaret for å få sponsorane på plass. På programmet er aktivitetar som fjellturar, rebusløp og kviss. På Rokken er det konsert kvar dag med artistar som SKAM, Young Dreams og Erik og Kriss. – Målet er at alle skal finne noko dei vil vere med på. Vårt hjartebarn er musikkfestivalen på laurdag, seier fadderansvarleg Sondre Styrk Styrkson. Volda er kjent for å ha et av Norges beste studentmiljøer. Men studentenes kontakt med de fastboende i bygda har ikke alltid vært like sterk. – Å bygge gode relasjoner og skape sosial integrasjon mellom innbyggere og studenter er nøkkelen til å gjøre Volda til Norges beste studiebygd, sier prosjektleder i StudiebygdA, Ragne Ørstavik Sørheim. StudiebygdA vil ved å tilrettelegge og støtte opp om kulturelle og sosiale tilbud synliggjøre Volda og regionen rundt som et attraktivt sted å bo og studere. – Noe av det viktigste vi jobber med akkurat nå, er den nye nettportalen vår. Ved studiestart skal nettstedet studiebygda.no være klar til lansering, og der skal både studenter og fastboende finne alt de trenger for å orientere seg i lokalmiljøet, forteller Ragne. – Vi ønsker alle nye og gamle studenter velkommen til studiebygda Volda, og vi ser fram til å møte og samarbeide med dem, avslutter hun. TEKST HAAKON STENSRUD
Arrangementansvarleg Jens Haumann studerer friluftsliv og er oppteken av å gje dei nye studentane fine naturopplevingar i løpet av Fadderveka. – Eg vil trekkje fram sportsfestivalen som eit anna høgdepunkt. Det blir mellom anna tur til det karakteristiske Rotsethornet, volleyballturnering og klatring, seier han. I løpet av Fadderveka vil mange lag og organisasjonar presentere seg for dei nye studentane. – I Volda er det mange studentorganisasjonar å engasjere seg i. Men det kan vere greitt å vite at det også finst andre lag og organisasjonar i Volda som ønskjer studentane velkomne i sine rekkjer, avsluttar PR- og multimedieansvarleg Heather Ørbeck Eliassen. facebook.com/Fadderveka | fadderveka.com
8
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Tidsfelle Den gamle tidsmeisteren og hans læregut jobbar med å halde i gang den store verdsklokka som driv sjølve tida framover. Arbeidet er hardt, og ivrig etter å vise seg verdig prøver læreguten å gjere meisterens arbeid. Men han er ikkje sterk nok, og tida sjølv stoppar! Filmen med originaltittel «Warp» var eksamensprosjektet til Simon Furdal og Kristian Kim Larsen på Bachelor i animasjon i fjor. Filmen er blitt vald til å visast på ei rekkje festivalar rundt om i verda. Den blir også å sjå på barnefilmfestivalen «Kult og kort II – ni korte filmer for barn», som blir vist på kinoar over heile Noreg i sommar.
NYHEITER
Årets student Paddelandet skal bli ein attraksjon, og studentar ved høgskulen har kome med forslag til korleis det kan gjerast. I Volda finst den største paddebestanden i Europa. Den lokale interessegruppa for Paddelandet utfordra studentar ved høgskulen om idear på korleis denne attraksjonen kunne gjerast tilgjengeleg for publikum. Nokre studentar på emnet Mediedesign og konseptutvikling satsa stort og lanserte konseptet om eit leikeland. – Vår idé er Paddeparken med badeland, utandørs klatrepark, natursti og overnattingstilbod. Leiaren for interessegruppa tok med seg ideane våre vidare, men vi veit enno ikkje om han har tenkt å bruke dei, seier PR-student Fredrik Meilegård Arnesen. I haust vil det kome ein mobilapp med informasjon om paddene, og kunstnaren Robert Steinnes vil montere ei gigantisk paddestatue, som vil vere godt synleg frå Kvivsvegen.
I samarbeid med Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden for Sunnmøre deler Studenttinget i Volda ut en pris til en særs engasjert student/studentgruppe, pålydende 7500 kroner. Vinneren av Studentprisen 2013 er Jonas Østvik. Gratulerer! Han har jobbet hardt for studiehverdagen til studentene i Volda gjennom hele sin tid her. Vedkommende har vist et ekstra sterkt engasjement i studentpolitikk, og han har utmerket seg både i Volda og i studentpolitikk nasjonalt. Vinneren av Studentprisen 2013 er også initiativtaker til et prosjekt som framover vil ha mye å si for Volda som studiested. Da han i 2010 kom med ideen til StudiebygdA, ble dette godt mottatt av både høgskolen, Studentsamskipnaden og kommunen. Prosjektet er nå i gang for fullt, og vinneren av studentprisen har som initiativtaker mye av æren. TEKST STUDENTTINGET
Har du spørsmål?
Hønekroki
Søkkorpset er studentrettleiingstenesta ved Høgskulen i Volda, og i heile sommar svarer dei på spørsmåla dine om søknaden, studietilbod, fritid, bustad eller andre ting om det å vere student i Volda. I år er Haakon Stensrud og Karoline Stokke på plass for å hjelpe deg. – Ikkje nøl med å ta kontakt, spesielt viss du har særlege utfordringar som krev tilrettelegging, seier Karoline Stokke. Søkjarar og andre skal kunne kontakte oss med alle typar spørsmål. Vi er òg studentar og har truleg hatt mange av dei same spørsmåla. Fram mot studiestart finn du også mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart. Her er mellom anna kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, ofte stilte spørsmål og nyttige lenkjer. Kontakt Søk-korpset på telefon: 70 05 48 00 (måndag til fredag 9.00–15.30) eller e-post: sok@hivolda.no.
Førsteamanuensis Karen Brænne tok i vår med seg hønene sine på jobb ein dag for at studentane på Kunst og handverk og førskulelærarutdanninga skulle få ei uvanleg kroki-utfordring. Kroki er fransk for rask skisse, og fokuset ligg difor på kvantitet framfor kvalitet. Studentane leitar etter form og rørsle, og trenar på auge–hand-koordinasjon. Ettersom teikning blir meir og meir digitalt, blir det mindre tid til kroki. Det er difor viktig å ha slike tiltak som ekstra påfyll. Det er vanlegvis menneske som blir skisserte, og høner er relativt lite brukt.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
9
LEVE
– I STARTEN VAR DET HEILT SJUKT Å STÅ PÅ EI SCENE DER DET HAR SPELA SÅ MANGE KJENDE BAND. MEN NO ER DET JO SÅNN AT DEI HAR STÅTT PÅ SCENA VÅR.
10
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEVE
The Siverts TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO OLAV STANDAL TANGEN
På scena i Studenthuset Rokken har Kaizers, BigBang, Erik og Kriss, Honningbarna, Susanne Sundfør, John Olav Nilsen & Gjengen, LidoLido, Xzibit, Madcon og Karpe Diem stått. Og så The Siverts.
– I starten var det heilt sjukt å stå på ei scene der det har spela så mange kjende band. Men no er det jo sånn at dei har stått på scena vår, seier ein smilande Anders Tjøme Hagen. Det starta med ein konsert under Fadderveka 2012. Sidan har dei vore husbandet til Studenthuset Rokken med konsertar minst ein gong i månaden. Musikkstudentane Eirik Sognnes (vokal, gitar), Anders Tjøme Hagen (trommer, vokal), Kristian Haugen (gitar, vokal) og Ørjan Vingen (bass, vokal) utgjer The Siverts. Kvar namnet kjem ifrå, er ei bandhemmelegheit. – Vi kan nok ikkje seie kvar det kjem ifrå. Sidan ingen i bandet heiter Sivert, er det gøy når vi står på scena og folk ropar til meg: «Sivert, Sivert, Sivert!», seier Anders. FRIDAY I’M IN LOVE The Siverts er eit coverband som spelar slagerar folk har høyrt før. Det er særskilt éin song som er publikumsfavoritten.
– Kjenningsmelodien vår er «Friday I’m in love» med The Cure, som er passande sidan vi stort sett har hatt konsert på fredagar, smiler Eirik. Tida som husband har gitt dei ein forsmak på kjendislivet, og nokre fans har det blitt. Som til dømes mora til Anders, med fast plass på galleriet. – Ho bur i Sande i Vestfold og har vore her tre-fire gonger. Åtte timars biltur. Det er engasjement det! I tillegg til familie og vener er det også mange andre som kjenner oss att, fortel Anders. LITA BYGD, STORE MOGLEGHEITER – Vi har fått utruleg mykje erfaring frå å stå på scena på Rokken. I tillegg til spelinga har vi fått kunnskap om rigging av lyd og lys og andre aspekt ved det å arrangere konsertar. Vi har vore heldige å kome til eit så dekka bord på mange måtar. Det er ei lita bygd med store mogelegheiter, seier Anders.
«THE SIVERTS OM 25 ÅR» To av fire i bandet skal no flytte frå Volda, og då tek The Siverts ein pause. Men dei er absolutt opne for comeback om nokre år. – Det er mange studentband som plutseleg dukkar opp igjen 10 til 20 år etter dei reiste kvar til sitt. Det er draumen. «The Siverts om 25 år», ler Eirik. NYTT HUSBAND? Bookingansvarleg ved Rokken, Eivind Marøy, seier at dei ikkje har konkrete planar for eit nytt husband, men at han ikkje ser bort ifrå at det kan bli aktuelt. Eirik oppfordrar musikkinteresserte til å gripe sjansane i Volda. – Her er eit stort musikkmiljø med mange dyktige musikarar, øvingsrom og lydstudio. Har du lyst til å satse på musikk, er alle faktorane til stades i Volda.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
11
STUDERE
Tindeveiledere på verdensnivå TEKST KAJA SKATVEDT FOTO TONE SOLHAUG
Å lede en gruppe mennesker på turer i utfordrende fjellområder krever stor psykisk og fysisk styrke. Holde hodet kaldt, veilede og gjøre alt rett, slik at ingen trår feil og ulykkene uteblir.
Tindeveglederstudiet i Norge skal fra høsten ligge under Høgskulen i Volda, og er Norges eneste utdanning for ferdsel i krevende fjell. Forbundet for Norske Tindevegledere, Nortind, har ansvaret for denne utdannelsen og følger en internasjonal standard. For å komme inn på studiet krever det at man bevisst trener mot det i flere år. – Jeg hadde besøk av en gutt her om dagen som ønsker å søke. Han er særdeles god på ski. Han klatret også godt, men ikke godt nok. Jeg anbefalte ham å trene mye på klatring et års tid og søke tindeveglederstudiet først neste år. Jeg mener det må til om han skal kunne komme inn, forteller Ola Einang, president i Nortind. Nortind har drevet studiet siden 1980, men fra 1990 har studiet ligget under Norges idrettshøgskole (NIH). Studiet har hele tiden vært drevet av Nortind, men Idrettshøgskolen har hatt det overordnede faglige ansvaret og gjort det mulig for studentene å få studielån, og har samtidig gitt studiet status som høyere utdanning. HVORFOR TIL VOLDA? Volda var en kandidat også på 90-tallet, men Nortind følte da at Idrettshøgskolen var et mer passende valg. I dag er situasjonen slik at flere av de store ekspertene på ferdsel i krevende fjell i Norge jobber nettopp ved Høgskulen i Volda. Flere andre ansatte på høgskolen har også sterk kompetanse for ferdsel i krevende fjellområder. Derfor var Volda et naturlig valg da Norges idretts-
12
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
høgskole følte de ikke lenger hadde ansatte med den nødvendige kompetansen til å ha et overordnet ansvar for studiet. Når de formelle papirene er i orden, vil Norges hardeste friluftsstudium være lokalisert mellom Sunnmørsalpene. – Det ligger ikke noen økonomisk gevinst i å ha et slikt studium, men det er masse prestisje i det, sier Einang, som i tillegg til presidentstillingen i Nortind jobber på friluftslinja ved Høgskulen i Volda. Han mener prestisjen kommer fordi dette er et studium med internasjonal anerkjennelse. I flere land kreves denne typen utdannelse for å få lede grupper i fjellet. I Norge kan i prinsippet hvem som helst lede grupper i fjellet. Reiseselskaper ønsker likevel ofte guider med denne utdannelsen, fordi det er en kvalitetssikring som minsker faren for ulykker. FJELLFOLKETS NÅLØYE Det kommer årlig inn mellom ti og femten studenter. Det treårige studiet består av femten ulike kurs, som holdes på diverse steder rundt om i landet eller utlandet, alt etter hvilken ferdighet som skal trenes. – Vi holder blant annet et ski- og brekurs i Alpene, men flere reiser ned på egen hånd i tillegg for å få stabile forhold til å trene, blant annet på breklatring, sier Einang. Eksamen avlegges praktisk. Studentene testes i ulike ferdigheter. Er man ikke god nok, må prøven tas på nytt ved et senere tidspunkt, og det er mulig å bruke opp til fem år på studiet.
– Ingen består før vi i Nortind mener de er gode nok. Kravene følger en internasjonal standard og kan på ingen måte lempes på, sier Einang. KREVER MYE EGENTRENING Studentene må selv ta ansvar og dokumentere egen aktivitet og framgang. I tillegg til de femten fastsatte kursene må man ha en praksisperiode i fjellguiding sammen med en guide som alt har bestått det treårige tindeveglederkurset. Høgskolen godkjenner studieplanen og organiserer en avsluttende eksamen, men har ellers ingen aktiv rolle i studiet. – Det krever spesielt høye ferdigheter og erfaring for å kunne undervise på dette kurset. Vi i Nortind er nødt til å ha all styring og ansvar, sier Einang. Studiet har problemer med rekruttering av jenter. Nortind mener det er rart at man ikke har sett en større økning av kvinnelige søkere de siste årene, for de mener mange jenter i dag er på nivå med gutta. De siste årene er det kun fire jenter som har tatt det treårige kurset. – Vi har altfor få kvinnelige søkere. Det er en stor utfordring å skulle lede en gruppe under risikofylte forhold, som for eksempel en isklatretur, men det er mange jenter som er gode nok, sier Einang. Artikkelen har tidligere vært publisert i studentmagasinet Peikestokken. Peikestokken.no | #Peikestokken
STUDERE
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
13
OPPLEVE
1
2
3
4
1. På vei opp Stairway to heaven, en fjelltur bestående av 3922 trappetrinn. 2. Nedkjøling i et idyllisk vannfall. 3. På toppen av Diamond Head med Waikiki i bakgrunnen. 4. 17. mai-feiring, der 200 nordmenn gikk i tog langs hovedgata i Waikiki. 5. Gutta på tur: Fredrik, Kristian, Simen, Niclas og Johan.
14
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
5
OPPLEVE
Mitt semester i paradis TEKST/FOTO KRISTIAN KYRKJEBØ FREDHEIM
Hei! Jeg heter Kristian Kyrkjebø Fredheim, fra Nannestad, er 23 år og ble ferdig utdannet innen PR, kommunikasjon og media i år. Studiet er lagt opp slik at alle kan dra på utveksling i fjerde semester, noe jeg selvfølgelig benyttet meg av.
Jeg valgte å dra til USA, nærmere bestemt til paradiset Hawaii. Først og fremst fordi jeg ville dra på utveksling til et engelsktalende land, men utelukker selvfølgelig ikke at varmen, palmene, strendene og muligheten til å kunne surfe, skate og svømme i et halvt år også var ett pluss. Hawaii er fantastisk og akkurat slik som du ser på film. Det er varmt. Faktisk veldig varmt. Shorts er et must, og trøyer er forbeholdt skoletid.
Hawaii er mer likt videregående skole enn høyere utdanning, slik vi kjenner det i Norge. Man har lekser, hyppige innleveringer, og tre-fire eksamener i hvert fag i løpet av semesteret. Dette var likevel en helt passende mengde etter min mening, og jeg fikk godt utbytte av de fagene jeg tok: business, sportsjournalistikk, politisk reklame og salg, og kreativitet.
som alle var klare for et spennende og annerledes halvår. Vi flyttet inn i 34. etasje i en blokk med eget treningsstudio, badebasseng, tennisbane, basketbane og bowlingbane. I tredje etasje lå det et utested. Ganske ålreit det også.
HØYT OG LAVT Jeg fikk oppleve mye under oppholdet på Hawaii. Jeg dro på mange fjellturer, fikk endelig surfet, tok opp igjen skating (noe jeg ikke har gjort siden jeg var 16) og møtte mange interessante mennesker fra ulike land og steder. Jeg fikk en forkjærlighet for bud light og all den billige maten man kan kjøpe døgnet rundt. Favoritten ble raskt frityrstekte kyllingvinger på en resturant kalt Dennis. Et syn ofte observert i de mørke nattestider.
Under oppholdet gikk mye av tiden med til skole og skolearbeid. Skolesystemet på
«SPRING BREAK» Det er én opplevelse jeg anser som semesterets
LUKSUS OG HARDT ARBEID Jeg dro dit sammen med fire klassekamerater,
høydepunkt. I «Spring break» fløy jeg og mine fire kompiser til Big Island, den største øya på Hawaii. (Hawaii består av åtte øyer, for dere som ikke visste det!) Der leide vi en jeep, kjøpte oss soveposer og reiste rundt i fem dager uten å vite hvor vi skulle være eller bo neste dag. Under disse fem dagene reiste vi rundt hele øya to ganger, var på øyas høyeste fjell (4205 moh.), tok salto ned i vannet fra USAs sydligste punkt, var innom 11 klimasoner (jorda har 13) og overnattet på en minigolfbane, under palmen til en uteligger og på brygga til en lokal kirke. Hawaii var fantastisk. Jeg opplevde sol og sommer i et halvt år (minus tre dager med massiv tropestorm og uvær) og fikk inntrykk og erfaringer jeg vil ta med meg videre. Jeg ble bedre i engelsk, men langt fra flytende siden det er veldig mange nordmenn der. Overraskende mange faktisk. Likevel er det en erfaring i livet jeg er kjempeglad for å ta med meg videre. Jeg unner alle å oppleve det samme!
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
15
STUDERE
Ta sats! TEKST KRISTOFFER TANGEN GJERDE FOTO CARL NESSET
Per Halse er nettopp blitt pappa igjen. Han dyrkar sine eigne poteter og bur på garden der han voks opp. Han er også rektor på høgskulen og meiner at det er viktig at studentane investerer i både studium og fritid. – Fyrst og fremst vil eg ynskje alle nye studentar velkomne. Samstundes vil eg bu dei på at Høgskulen i Volda ikkje er nokon kvileheim, men ein stad der ein får høve til å bruke kreftene og evnene sine. Det vil ein få mykje igjen for. Halse meiner at ein viktig nøkkel til ei hyggeleg og innhaldsrik studietid er å velje rett studium. Studentar som vel emne dei sjølve synest er interessante, får jamt over ein trivelegare kvardag. – Det handlar også om at ein ikkje skal utføre studiet med venstrehanda, men tenkje at skulen no er arbeidsplassen. INVESTER I FRITIDA Sjølv om studiet har prioritet, minner rektor om at ein også skal leve ved sida av. Ein skal kunne dyrke interessene i fritida, og i Volda har ein høve til det meste. Studentorganisasjonar, flotte kulturtilbod og andre aktivitetar kan vere med på å gjere kvardagen både innhaldsrik og variert, samstundes som du byggjer deg eit nettverk som kan kome til god nytte seinare. – Det er slik at utbyttet, både fagleg og sosialt, står i forhold til korleis ein vel å investere. Sjølv brukar Halse mykje av tida på eigne interesser. – Eg er glad i å bruke naturen både sommar og
16
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
vinter. Eg bur på småbruket i Hovdebygda der eg voks opp, og eg trivst godt med avvekslinga som ligg i å hogge ved og å dyrke poteter til eige bruk. Eg har to vaksne søner som bur i Oslo, og sist vinter opplevde eg den store gleda å bli far til vesle Nikolai. Samværet med han utgjer no ein vesentleg del av den tida eg ikkje gjer rektorarbeid. Samstundes er eg framleis engasjert i det faglege, og når det er tid om sommaren, likar eg både å lese og skrive. Rektor tenkjer tilbake på si eiga studietid som spennande, kjekk og lærerik. – Det var, og er, eit privilegium å få arbeide på fulltid i årevis med noko som du sjølv har valt, og som du finn både interessant og meiningsfullt! Kvar dag var sjølvsagt ikkje like strålande, men lærarane var kunnskapsrike, og samværet med nye studievener – både i klasserom og i lange kantinediskusjonar – gav svært mykje. Samstundes vart eg engasjert i fagutval og studentpolitikk, og slikt gjev verdifulle røynsler attåt det reint faglege. YNSKJER AUKA INTEGRERING Noko av det som gjer Volda spesiell som studiestad, er at om lag 40 prosent av innbyggjarane i sentrum er studentar. Det gjer relasjonen mellom studentane og dei lokale mykje viktigare enn mange andre stader.
Halse understrekar at både høgskulen, kommunen og det private næringslivet i Volda tek dette på alvor, og dei siste åra har dei teke nokre viktige steg på vegen for å betre relasjonane. – Eit av dei mest spennande tiltaka er prosjektet StudiebygdA, som arbeider for at studentane og dei lokale ikkje skal hamne i to forskjellige bobler, men vil bryte ned skilja mellom studenten og voldingen. Volda har alltid vore ein studiestad, og studentane og høgskulen set eit tydeleg preg på bygda. ARBEIDER FOR INKLUDERANDE FADDERVEKE Den 20. august tek nye studentar fatt på sitt fyrste semester ved høgskulen, medan fleire kjem tilbake frå sommarferie. Halse fortel at studentane i år vil få ein litt annleis velkomst enn tidlegare. I år vil det vere meir fokus på inkluderande og spennande arrangement med appell til ulike grupper av studentar. Vi har hatt ein god dialog med dei ansvarlege for Fadderveka, og dei har kome opp med mykje godt program. Det er også eit ynske frå dei som planlegg Fadderveka, at dei lokale skal vere med på å ta imot studentane i større grad enn tidlegare.
STUDERE
– EG VIL BU DEI PÅ AT HØGSKULEN I VOLDA IKKJE ER NOKON KVILEHEIM, MEN EIN STAD DER EIN FÅR HØVE TIL Å BRUKE KREFTENE OG EVNENE SINE. MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
17
LEVE
Draumehelga TEKST ANN KARENE RASMUSSEN OG TONE SOLHAUG FOTO HALVOR NJERVE OG ANN KARENE RASMUSSEN
Tre forventningsfulle jenter sit i baksetet i bilen. Etter eit gledeleg gjensyn på flyplassen får dei utdelt program for #TypiskVolda-helga, og entusiastiske skrik breier seg. – Skal vi verkeleg gjere alt dette?
18
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEVE
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
19
OPPLEVE
KVA ER #TYPISKVOLDA? Høgskulen i Volda oppfordra i vår studentane til å vise kva dei meinte var typisk for Volda i ein biletkonkurranse på Instagram, med taggen #TypiskVolda. Bakgrunnen for konkurransen var at høgskulen hadde fått eigen instagramkonto. Informasjonskontoret ville markere dette med å engasjere studentane. Til konkurransen kom det inn over 650 bilete. Dei ni beste bileta vart kåra av ein jury, og deretter kunne alle stemme på sin favoritt på voldablogg.no. Det kom inn til saman 1112 stemmer, og biletet til Cecilie Sandvik vann med 367 stemmer.
Juryen sa om biletet: «Eit flott fotografisk bilete som viser at ein i Volda får vener for livet. Flott blikk-kontakt mellom dei to individa.» Premien var ei helg for vinnaren og to av hennar vener i Volda, der reise og opphald var betalt.
Cecilie Sandvik vann i vår Instagram-konkurransen #TypiskVolda, i regi av høgskulen, og premien var ei draumehelg i Volda for henne sjølv og to vener. Cecilie fekk besøk av veninnene Anette Gjone og Bamidale Badejo frå Oslo. På programmet stod mellom anna konsertar, klatring og surfing på Stad. VEGEN TIL VOLDA Frå baksetet kjem det begeistra utrop om vakker natur og majestetiske fjell. Jentene kan avsløre at dei ikkje hadde høyrt om Volda før Cecilie flytta hit. – Eg trudde Volda låg ved Stavanger, men det viste seg altså å vere feil, smiler Anette. I studentbygda Volda og i området rundt er det mykje å finne på, og i forkant av helga har Cecilie kome med ønske om aktivitetar. – Eg valde aktivitetar som eg aldri har prøvd før, nemleg klatring og surfing. Eg har vener her i Volda som har gjort det, og har sjølv hatt lyst til å prøve. No fekk eg endeleg sjansen, seier ho. DINGLANDE, HØGT DER OPPE Jentene starta helga med lunsj og omvising på høgskulen, før dei traska bort til klatresiloen som ligg like ved. Med lunefullt vêr er dei glade for at klatringa er inne. Dei får på seg klatresele og klatresko. Ingen av dei har klatra før, og Cecilie avslører at ho har høgdeskrekk. Likevel kjem ho seg godt over halvvegs opp klatreveggen to gonger, og Bamidale og Anette klatrar heilt til topps. Det er tydeleg at dei likar seg godt i siloen. – Dette er verkeleg slitsamt, men utruleg kjekt, seier jentene. Cecilie spør instruktøren om kva ho kan gjere neste gong for å minske høgdeskrekken, og han svarar betryggande at det blir betre for kvar gong. Etter klatringa ventar god mat på Rokken før konsert med den svenske artisten Alina Devecerski. SURF’S UP Etter ein god frukost på Volda Turisthotell, kjem Arne Christian Invaldsen ved Informasjonskontoret og plukkar dei opp.
20
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Neste punkt på agendaen er surfing på Stad. Smale og kronglete vegar fører dei til det idylliske surfeparadiset: Hoddevika. Ein stad der tida står stille, med verken mobildekning eller matbutikk. Med om lag 1650 innbyggjarar set dei tilreisande surfarane sitt preg på bygda. Her er det ein avslappa atmosfære, og ingen forhastar seg. Lapoint, ein av surfeskulane som held til i Hoddevika, tilbyr dagskurs og forskjellige pakkeløysingar for dei som vil surfe. Jentene får innføring om bølgjer, straum og teknikkar, før dei dreg på seg kvar si våtdrakt. Dei tek brettet i handa og går ned til den kritkvite sandstranda. Forholda er perfekte med mange store bølgjer, og etter mykje prøving og feiling klarer alle å stå på brettet. – Dette er berre heilt fantastisk. Kult å prøve noko nytt, med god opplæring av ein skikkeleg svensk kjekkas, smiler jentene fornøgde, og legg vekt på at dette gir meirsmak. EIN SMAKEBIT AV STUDENTMILJØET Surfinga tek på, men jentene er likevel klare for ein tur «ut på byen». Cecile tek med seg Anette og Bamidale på fest, der ho får presentert dei for venene her i Volda. Dei går på Rokken, der husbandet The Siverts spelar sin siste konsert. Det er god stemning, og Anette og Bamidale blir rivne med av stemninga frå dei «innfødde» og får eit godt innblikk i korleis det er å vere student i ei lita bygd. FANTASTISK HELG – Helga har vore heilt fantastisk! Det var utruleg fint å få besøk av to gode veninner i Volda for første gong, og samtidig ha høve til å vise dei skikkeleg kva Volda har å by på. Anette og Bamidale vart sette ut av kor imøtekomande menneska i Volda var, og det gode studentmiljøet, fortel Cecilie. #TypiskVolda-helga er planlagd i samarbeid med StudiebygdA, og Studenthuset Rokken er med som sponsor.
OPPLEVE
1
2
3
1. * TypiskVolda-vinnar Cecile Sandvik (i midten) har nettopp henta veninnene Bamidale Badejo og Anette Gjone på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden. 2. Surfing på Stad. 3. Cecilie testar ut klatresiloen i Volda.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
21
LEVE
– ROKKEN HAR DEI BESTE FRIVILLIGGODA I NOREG. DU JOBBAR BERRE TO GONGER I MÅNADEN, NOKO SOM ER LITE I FORHOLD TIL ANDRE STADER.
22
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEVE
Livet før og etter Rokken TEKST ANN KARENE RASMUSSEN / FOTO KIB & MORITS
– Kvifor Volda, tenkte eg først. Men steik, det blei jo bra. Camilla Haugland skulle ikkje flytte til Volda. Heller ikkje bli leiar i Studentsamfunnet. Tre år seinare har ho ofra både studieopphald til Hawaii og praksis i Kenya for lidenskapen: Rokken. ALT FOR ROKKEN I andre semester blei Camilla med i styret i Studentsamfunnet, og planane for dei neste åra blei raskt endra. – Første året her meinte eg Volda var for lite. Eg skulle ikkje vere her tre år i strekk, men slik blei det. Det seier vel ganske mykje om kor kjekt det er her når eg prioriterte vekk Hawaii og Kenya, seier ho smilande. EIT SAMFUNN AV FRIVILLIGE Studenthuset Rokken blir drive av studentar på frivillig basis gjennom Studentsamfunnet, og er avhengig av engasjerte studentar. – Om hausten står studentane i kø for å jobbe på Rokken. Du kan jobbe i bar, i crew som har
ansvar for inngang og garderobe, som vakt, artistansvarleg, med det tekniske, og med PR. – Å stå på galleriet på Rokken og sjå ned på eit fullstappa konsertlokale og vite at det er vi som har fått dette til, er veldig rørande. Eg veit at det ikkje hadde skjedd viss det ikkje hadde vore for alle dei frivillige som jobbar på Rokken. Utan dei hadde ikkje Volda vore den kulturbygda ho er i dag. Rokken har i snitt 26 arrangement i månaden, så det skjer noko for dei fleste, påpeikar Camilla. – Open Mic har blitt så populært at vi sist hadde 300 menneske innom dørene. Med andre ord, stappfullt og ståande jubel. FORDELANE ER MANGE – Rokken har dei beste frivilliggoda i Noreg. Du jobbar berre to gonger i månaden, noko som er lite i forhold til andre stader. Nesten alle konsertar er gratis, og det er gratis kaffi,
pizza og brus på jobb. Camilla nemner fleire fordelar som hyttetur og 17. mai-lunch, men det er ikkje desse goda som gjer at ho engasjerer seg. – Fordelen med å vere frivillig er også å kome inn i eit anna miljø og møte mange flotte menneske, og det er derfor eg framleis er her. Det er jo livet før og etter Rokken. Eg kunne ikkje vore denne tida forutan. ETTER VOLDA – Eg har etter kvart blitt veldig glad i Volda. Her er ei ro som er heilt fantastisk. Eg er no ferdig med bachelor i barnevern, og framtida er litt uviss. På grunn av leiarvervet i Studentsamfunnet blir eg her til januar, og så får vi sjå. Kanskje vert eg berre verande her, seier ho med eit smil. Rokken.no facebook.com/StudenthusetRokken #Rokken
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
23
OPPLEVE
Uforglemmelige India TEKST/FOTO MARINA POPULOVSKAJA RUNDE
Mitt navn er Marina Populovskaja Runde, jeg er 24 år gammel og ble ferdig utdannet sosionom i år. Den 9. september 2012 reiste jeg og åtte andre studenter til India for å gjennomføre en praksisperiode på tre og en halv måneder.
India har alltid vært et land som har fascinert meg, og jeg konkluderte med at dette var en gyllen anledning til å oppleve landet. Jeg sa til meg selv at dette var noe jeg skulle gjennomføre uansett hva, og sommeren 2012 satt jeg med en vaksine i hver arm og begynte å innse at jeg virkelig skulle reise. Den 10. september 2012 var ni spente studenter på plass i Mangalore. En kystby sørvest i India. Jeg husker at jeg var sliten, varm og tørst i det jeg krøp inn i baksetet på en slags sjuseter uten alle setene. Idet vi kjørte (humpet) av gårde mot byen, begynte jeg å innse at jeg var i India, og at dette de neste tre og en halv månedene skulle være mitt nye «hjem». JOBB PÅ RUSKLINIKK Og så var praksistiden i gang. De første ukene
jobbet jeg på to forskjellige praksisplasser – et eldresenter og en rusklinikk for menn. Dette var noe som jeg trivdes svært godt med, men ble etter hvert nødt til å bestemme meg for å jobbe heltid en av plassene. Jeg valgte rusklinikken som fast arbeidsplass, og ble jobbende her sammen med en av mine med-
24
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
studenter resten av praksistiden. Dette valget er noe jeg ikke angrer på i dag. Jeg lærte utrolig mye av å jobbe der, både av de ansatte og klientene. Jeg og min medstudent ble kastet rett ut i arbeidet med brukerne – til tross for både kultur- og språkforskjeller. Og selv om det noen ganger kunne være både skummelt og tungt, ser jeg i dag at det er slik man lærer. Da den siste arbeidsdagen var kommet, var avskjeden mye vanskeligere enn det jeg trodde det skulle bli. For å sitere en av mine klienter: «Det føles som om jeg mister en del av min familie.» Jeg er utrolig takknemlig for å ha fått muligheten til å jobbe på en slik fantastisk og lærerik praksisplass. EN OPPLEVELSE FOR LIVET Det er utrolig mange ting som kunne blitt sagt om India, og skulle jeg tatt med alt, hadde jeg nok trykt på tastaturet enda. India er et land som du ikke glemmer med det første. På den ene siden er det de store kontrastene, den enorme fattigdommen og den enda større mangelen på et system som fungerer i praksis. På den andre siden vil jeg huske de fantastiske og nysgjerrige menneskene, mangfoldige
smaksopplevelser – og sist, men ikke minst, følelsen av å komme til et helt nytt land hver gang man setter foten i en ny by. Jeg har reist mye rundt om i India og kunne sikkert ha skrevet en hel bok dersom jeg skulle fortalt om hver enkelt by. Det er et svært overbefolket land, og du føler deg sjelden alene. Menneskene er nysgjerrige, de vil gjerne spørre, snakke og hjelpe – alt på en gang. I tillegg vil de introdusere deg for resten av sin familie. Maten er sterk og fargerik, og «not spicy» eller «no chili» kan være vanskelig å forklare. Religion er livsviktig, og familie betyr alt. Alt man ser og føler, kan oppleves som svært intenst. Men uten disse inntrykkene, hadde det heller ikke vært det India som jeg og så mange andre har blitt fascinert av. Livet i India har vært en opplevelse for livet uavhengig av tunge dager og hjemlengsel. Jeg har i etterkant aldri angret på at jeg dro. En dag skal jeg tilbake, det har jeg allerede bestemt.
OPPLEVE
1
2
3
1. Utfordra skjebnen i New Delhi. 2. Pilgrimsvandring til toppen av et hellig fjell. I bakgrunnen ligger en «liten» indisk by, ikke så langt unna Puducherry (Pondicherry). 3. På frukt- og grønnsaksmarkedet i Mangalore. Kokosnøttvann – en perfekt tørsteslukker.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
25
LEVE
– SOM EIN DEL AV ARBEIDET VURDERER EG SJØLVSAGT JOBBEN EG GJER. EG EVALUERER MIN EIGEN PRESTASJON, OG EG VERT ALDRI HEILT NØGD. 26
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEVE
Ankerspiren TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO BJØRN LANGSEM
Synnøve Halkjelsvik er B-menneske, men byrjar som regel på jobb klokka fire eller fem om morgonen. Likevel har ho draumejobben. – Dette krev disiplin, og det tok tid å venje seg til den tidlege starten. Men så lenge ein stortrivst på jobb, er det ikkje noko problem å vere morgonfugl. Eg er så privilegert at eg får jobbe med hovudinteressa mi, nemleg nyheiter. Dette, kombinert med eit fantastisk godt arbeidsmiljø her i TV 2, gjer at eg har draumejobben. Etter tre år som ankerkvinne på TV 2 Nyhetskanalen synest Synnøve framleis at det er rart å sjå seg sjølv på skjermen, og ho stiller høge krav til seg sjølv. – Som ein del av arbeidet vurderer eg sjølvsagt jobben eg gjer. Eg evaluerer min eigen prestasjon, og eg vert aldri heilt nøgd. Det er alltid noko å ta tak i, ting å jobbe meir med, men slik er det nok i dei aller fleste yrke. Nettopp difor er det godt å få positive tilbakemeldingar frå både medarbeidarar og sjåarar, det varmar alltid! Å vere nyheitsanker er ein hektisk jobb, med gjester og hendingar fortløpande gjennom heile dagen. Og innimellom dette må Synnøve flikke på språk og presentasjon. – Det er ikkje mange ledige minutt i løpet av ein arbeidsdag, og etter jobb må eg framleis oppdatere meg på det som skjer, og få med meg alle nyheitssendingar.
Synnøve beskriv arbeidsplassen som raus og open. Å byrje som nyheitsanker i ein alder av 27 var ikkje noko problem, men heller kanskje ein styrke. – Eg vart svært godt tatt vare på av røynde, dyktige medarbeidarar som aldri sa nei til å hjelpe. Eg har fått suverent god oppfølging og rettleiing av sjefane, og eg har fått både kurs og individuell trening. VEGEN TIL DRAUMEJOBBEN Interessa for TV 2 har kome undervegs, men Synnøve bestemte tidleg at ho skulle bli journalist. – Eg var glad i å skrive, og eg følgde med på nyheitene. Under studia i Trondheim fekk eg bli med i Student-TV, og eg fann ut at TV-mediet og den gode biletforteljinga var utruleg spennande å jobbe med. Etter studietida i Trondheim kom Synnøve tilbake til heimstaden Volda for å studere journalistikk, og der fekk ho ein fot innanfor TV 2. – Høgskulen i Volda har ei av dei absolutt beste journalistikkutdanningane i landet, og vil ein spesialisere seg innanfor tv eller radio, er Volda eit klart førsteval. Dyktige lærarar, godt utstyr og kreativt studiemiljø.
Høgskulen har eit godt samarbeid med kanalen, og eg var så heldig å få sommarjobb etter berre eitt år på journalistutdanninga. I løpet av den sommaren forstod eg at det var her eg ville satse, og det vart dermed praksis i TV 2-nyheitene og sporten andre studieåret i Volda. Klarer ein å levere og gjere ein god jobb, så veit arbeidsplassen å verdsetje det. Etter at ho var ferdig utdanna, var Synnøve innom kanalen som nyheits- og sportsreporter fleire gonger, og innom ulike vikariat. Ho trur at arbeidserfaringa, i tillegg til hennar samansette utdanning, har vore avgjerande for at ho har kome så langt. – For min del er det ein styrke at eg har fleire bein å stå på. At eg har tatt fag som historie, statsvitskap og journalistikk, og at eg har jobba med alt frå forbrukarjournalistikk i TV 2 hjelper deg til kommersiell radio i P4. Då sjefen for Nyhetskanalen ringde meg for å tilby ankerjobb, arbeidde eg som reporter og videojournalist i P4, men det var nok fartstida i TV 2 som fekk leiinga til å satse på akkurat meg.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
27
STUDERE
Sommerjobb i Tyskland TEKST HEATHER ØRBECK ELIASSEN
Som student i Volda finnes det mange muligheter, også utenfor skolehverdagen. For oss gikk turen til Tyskland og Nord-Europas største sommerfestival! Vi er fire studenter ved PR, kommunikasjon og media på Høgskulen i Volda: Krishan, Mia, Mari og Heather. Denne sommeren fikk vi muligheten til å jobbe med mediedekningen av festivalen Kieler Woche, Tysklands nest største festival. Arrangementet kan beskrives som en eneste stor folkefest som arrangeres i midten av juni hvert år i den nordtyske byen Kiel. Festivalen har over 3 millioner besøkende fra over 70 forskjellige land. Festivalen er opprinnelig et regatta-event, men i dag består den av alt fra seiling til konserter, mat, tivoli og øl. VIDEOREPORTASJER OG SOSIALE MEDIA Våre arbeidsoppgaver gikk hovedsakelig ut på å lage videoreportasjer i samarbeid med mediestudenter fra den tyske høgskolen, Fachhoschule Kiel. Vi fikk tildelt lokalene til den offentlige TV-stasjonen i Kiel, Offene Kanal Kiel, som redaksjonslokaler. Filmene ble lagt ut på hjemmesiden, kielerwoche.de. Vi ble godt mottatt av to høyt utdannede tyske studenter som var med oss under hele oppholdet. De ga oss opplæring i bruk av
28
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
kamera- og lydutstyr, i tillegg til redigeringsprogrammet Adobe Premiere. Ettersom vi var fire PR-studenter uten så mye erfaring fra filmproduksjon, var det svært lærerikt for oss. Vi fikk også ansvaret for all publisering på Kieler Woches engelskspråklige sosiale medier. Festivalen varte fra 21. til 30. juni, og i løpet av uken var vi med på alt fra artistintervjuer til stemningssjekk rundt festivalbodene. Alt vi publiserte, var på engelsk ettersom ingen av oss kunne snakke tysk. Dette syntes ledelsen var et positivt bidrag til å gjøre festivalen mer internasjonal og multikulturell. VARIERT ARBEIDSDAG Under hele oppholdet vårt i Kiel bodde vi sammen i en leilighet ikke langt fra universitetet. Vi hadde med egen bil tilhørende medieavdelingen på Høgskulen i Volda, som gjorde det lett for oss å forflytte oss i den store byen. Avdeling for mediefag dekte også kost og losj, og dermed slapp vi ekstra utgifter.
Det ble lange dager og mange Redbull ved pultene i redaksjonen. Ikke sjelden strakk arbeidsdagen seg fra klokka 8 til 23. Men enkelte dager fikk vi en del fritid, som ga oss muligheten til å oppleve festivalen på kveldstid. Vi fikk smake mye god mat og drikke, høre på konserter, og i tillegg komme først i alle køer med backstagepass. Det ble også tid til fest og grilling i redaksjonen, og vi ble godt kjent med alle våre kolleger. LÆRERIK ERFARING Samarbeidet mellom Høgskulen i Volda og Fachhoschule Kiel ga oss en unik mulighet til å bli kjent med de tyske mediestudentene der. Dette er en svært ressurssterk skole med utstyr på et svært høyt nivå. I år er første gang Volda-studenter har blitt sendt til Kiel for å dekke Kieler Woche. Etter en lærerik og morsom erfaring håper vi at prosjektet fortsetter, og at nye studenter fra Høgskulen i Volda får være med på dekningen av Kieler Woche til neste år.
STUDERE
1
2
3
1. Heather, Mia og Mari intervjuer crewet på seilbåten Gøteborg. 2. Heather har fått seg pressepass, og er meget fornøyd med det. 3. Mari tar lydsjekk, og gjør seg klar til å lage videoreportasje.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
29
LEVE
– DET SOM FASCINERER MEG MEST, ER FOLK SOM TRUR PÅ NOKO, FRAMSTÅR SOM LITT SPRØ, MEN SAMTIDIG ER VELDIG NORMALE.
30
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEVE
Dokumentarskaparen TEKST/FOTO ANN KARENE RASMUSSEN
Han har sett omtrent 500 dokumentarfilmar dei siste to åra. Han var leiar for Dokfilm 2013. I masterprosjektet laga han ein dokumentar om ein konspirasjonsteoretikar. Thorvald Nilsen er mannen som flytta til bygda for å skape magi.
– Eg er veldig glad i film. Og så er eg samfunnsengasjert. Med ein dokumentarfilm klarer du å skape den same magien som i vanleg spelefilm, samtidig som du har kopling til det verklege livet. Det gjer at dokumentaren kan slå mykje hardare enn ein fiksjonsfilm, og er ein sterk måte å nå ut til folk på. «HANS GAARDER: SANNHETSSØKEREN» Thorvald tek master i Dokumentar og journalistikk ved høgskulen. Om to dagar har han sin siste eksamen. Då skal han forsvare masterprosjektet som han har brukt eit år på. – For eit år sidan laga eg ein film om Per-Aslak Ertresvåg frå Ålesund. Han er ein del av eit miljø med mange konspirasjonsteoretikarar. Eg blei veldig fascinert av dette og valde å lage ein film om Hans Gaarder, som også er innanfor dette miljøet. Ein mann med eit veldig annleis bilete av røynda. Thorvald er oppteken av kontrastar. – Det som fascinerer meg mest, er folk som trur på noko, framstår som litt sprø, men samtidig er veldig normale.
I sitt møte med Gaarder prøver Thorvald å vere open. Han vil gje eit nyansert bilete. Samstundes er ikkje målet å overbevise Gaarder at han tek feil. – Eg ville heller la han fortelje om korleis han opplever verda, og få eit innblikk i den. Mi rolle har vore å få han til å opne seg. Dette var til tider litt vanskeleg, sidan han tidlegare har hatt negative opplevingar med media. Når Thorvald jobbar med folk som har ei annleis røyndomsforståing enn han sjølv, prøver han å setje seg inn i deira verd. – Eg har lese mykje av det Gaarder har skrive og vore open når han har snakka med meg. For å prøve å forstå, rett og slett. Men eg klarer jo verkeleg ikkje å setje meg heilt inn i ei verd som er så ulik. Korleis folks oppfatning av seg sjølv differerer frå andre si, interesserer han. – Eg har ein draum om ein gong å kunne intervjue Thorbjørn Jagland. Eg er fascinert av personar som ikkje framstår som absolutt vellukka, men som har hatt ein fantastisk
karriere. Draumen er å lage ein film om ein sånn type person. DOKUMENTARFILMFESTIVALEN I VOLDA Thorvald Nilsen var i år leiar for Dokfilm. – Før eg kom til Volda, hadde eg kikka litt på kva som skjedde her. Då eg såg at det var ein dokumentarfilmfestival her, tenkte eg at det har eg lyst til å vere med på. Den første hausten eg var her, blei eg med i styret som programansvarleg og hadde ei flott tid. Og så var eg så heldig å bli leiar for Dokfilm i år. Med 5000 besøkjande og 200 frivillige i sving er det ein relativt stor festival. – Det er ei heilt fantastisk dugnadsånd knytt opp mot eit slikt arrangement, og det er jo det beste i verda å sjå at andre kosar seg med noko ein sjølv har vore med på å arrangere. At eg har fått vere med på dette, er eg veldig takksam for. Dokfilm.no | #Dokfilm| facebook.com/Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
31
LEVE
“Volda i mitt hjerte” TEKST/FOTO ANN KARENE RASMUSSEN
Det er siste Open Mic på Rokken dette semesteret. To sosialfagsstudentar kastar seg utpå. Dei har laga ein song som hyllar kvinna i deira liv, Volda. Ståande jubel. Nervøsiteten går ut av kroppen. No er det berre artig. Bak miksebordet står musikkstudent Åge Staurset. Han kjenner på stemninga. Dette må det bli musikkvideo av. Dei er ferdige med utdanninga i Volda og vil leggje igjen noko, skape eit minne. – Vi tar det ein gong til, seier MID-student Chris-Håvard Berge, som har fått oppdraget med å lage filmen. Han trykkjer på IPADen, og songen byrjar. «Volda du e’ det beste som har hendt …» Latterkrampar. Pause i filminga. – Vi har aldri gjort noko liknande, men er kjempeheldige som har med oss Chris-Håvard, som er proff. Vi er sikre på at dette blir ein kjempehit, seier vokalist Christoffer Thunes Hansen lattermildt. – OK, eg trur eg er klar, seier gitarist og andrestemme Johannes Vartdal når han får summa seg litt. OVER VOLDA Dei står på ein utsiktspost over Volda. Her skal dei filme refrenget. Blå himmel, strålande sol. Rotsethornet og sentrum i bakgrunnen. Resten av scenene blir filma rundt om i Volda. Taket på kjøpesenteret Spinneriet, ved hamna, ved Rotevatnet. – Vi kunne jo filma heile songen her og klipt inn litt andre ting her og der. Då hadde det vore gjort på to timar. Det hadde blitt bra det og. Då vi laga musikkvideoar med Egil Olsen og Mikhael Paskalev i samband med X2-
32
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
festivalen i vår, filma vi alt på same fjelltoppen. Men ein får mykje meir ut av å filme på ulike stader, seier Chris-Håvard. Han veit nok kva han snakkar om. Berre i vår har han laga fire musikkvideoar. Alle har bygda han ikkje vil forlate som kulisse. – Eg er snart ferdig med ein bachelorgrad i Media, IKT og design no, men eg er ikkje klar til å reise frå Volda enno. Eg har søkt på eit nytt studium til hausten, slik at eg får bli her litt til. I tillegg til Christoffer og Johannes har også barnevernsstudent Erlend Tønnesen ei rolle i musikkvideoen. – Han spelar handlinga i filmen og måtte faktisk bade nede ved kaia i dag. Han var ikkje glad, men vi sa at det var for historia sitt beste, ler Chris-Håvard. VOLDA FOR FØRSTE GONG Johannes og Christoffer sitt mål med songen var å prøve å treffe alle på ein eller annan måte, ikkje berre dei som gjekk på sosionomutdanninga. – Vi ville lage ein song som fleire kunne kjenne seg igjen i, både studentar og lokale innbyggjarar. Vi ville også prøve å gje eit bilde av
plassen til dei som ikkje kjenner til Volda og studentmiljøet, seier Johannes. Songen og musikkvideoen skildrar korleis bergensaren Christoffer opplevde å kome til Volda for første gong. – Eg hugsar mitt første inntrykk av Volda, då eg gjekk gjennom gatene og omtrent ikkje møtte ei sjel. Eg tenkte at det kom til å bli tre svært lange år. Eg tenkte også at det var ei lita bygd, og at ho ikkje kunne dekkje mine behov for attraksjonar, butikkar, hurtigmat, trening og liknande. Dette blei jo på ein måte det eg begynte å setje pris på med tida. At det var så lite, med gangavstand til alt. Eg fann også ut at eg ikkje treng hundre butikkar, med alt slag dill-dall. Då eg også møtte så utruleg mange flotte menneske gjennom skulen og diverse verv, var dette med på å gjere studietida til ei fantastisk flott tid. Det er eit vanvittig godt studiemiljø i Volda, alle kjenner alle. Eg er utruleg glad for at eg enda opp i Volda, det finst ikkje ein betre studiestad. Eg kjem til å sakne denne tida, seier Christoffer. YouTube: Volda i mitt hjerte
LEVE
1
– EG TENKTE AT DET KOM TIL Å BLI TRE SVÆRT LANGE ÅR.
3
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
33
KALENDER
FOTO OLAV STANDAL TANGEN
Det skjer i Volda! Studiestaden Volda er kjend for sitt gode studentmiljø og mange festivalar gjennom året. Det er studentane sjølve som skaper den særmerkte festivalstemninga år etter år, ei stemning som dreg gamle studentar tilbake til Volda.
34
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Dei fleste festivalane i Volda er studentdrivne, noko som gjev deg som ny student mange høve til å engasjere deg. Festivalane er avhengige av at frivillige hjelper til, anten det er som sjåfør, fotograf, jobb med det tekniske, i kafé eller på andre område.
Sjølv om nokre av festivalane er retta mot særskilde aktivitetar eller studium, er alle hjarteleg velkomne til å delta, og til å vere frivillig. Bruk åra dine i Volda godt, og få med deg det som skjer!
KALENDER
FADDERVEKA 20.–25. AUG. Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein fin start. www.fadderveka.com
ANIMATION VOLDA 19.–22. SEP. Volda har eit anerkjent animasjonsmiljø som utdannar nokre av dei mest kreative og dyktige animatørane i Noreg. Festivalen tiltrekkjer seg internasjonal merksemd. www.animationvolda.com
VEKA I FEBRUAR VEKA tilbyr varierte opplevingar for studentar, lokale og tilreisande. På programmet står det alltid kjende artistar, skidag og Vekerevyen. www.veka.no
X2-FESTIVALEN 3.–6. APRIL X2-estivalen er den største vinterekstremsportfestivalen i Noreg. Det er eit freeride- og toppturarrangement midt i hjartet av Sunnmørsalpane. www.x2festivalen.no
DOKFILM I APRIL/MAI Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er den største og eldste i sitt slag i Noreg og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Mellom femti og seksti filmar blir viste under festivalen. www.dokfilm.no
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
35
Hald deg oppdatert! Få med deg nyttige oppdateringar, konkurransar, nyhende, informasjon om gratis vaflar i kantina og mykje anna kjekt på våre sosiale kanalar. Du finner Høgskulen i Volda (hivolda) på: Facebook, Twitter, Instagram og YouTube.