Studiekatalog 2016-2017
2
Høgskulen i Volda Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Opptak: Postboks 114 6101 Volda hivolda.no facebook.com/hivolda hivolda (Instagram, Twitter og Snapchat)
Ansvarleg utgivar: Kontor for Samfunnskontakt Design: Kib & Morits kibogmorits.no Trykk: Printing AS Svanemerka trykkeri Opplag: 9 000
Foto: Marius Beck Dahle, Kib & Morits, Ann Karene Rasmussen, Olav Standal Tangen, Per Straume, Gina Næss Korslund, Susann Sivertsen, Trigger, Ante Lundberg, Bjørn Wad/TV2, Tone Solhaug, Tina Kjensli Dyrseth, Elisabeth Innselset, Jose Eduardo Garcia Aldama * Med atterhald om endringar i studietilbodet.
3
4
5
Johann Roppen, rektor
Kompetanse for framtida Katalogen du no held i handa viser kva Høgskulen i Volda har å tilby deg. Vi håper at du finn studietilboda våre interessante, og kanskje ser vi deg som student neste studieår.
Høgskulen i Volda har røter heilt attende til 1861, og har eit breitt utval av studietilbod. Høgskulen tilbyr mellom anna nokre av landets leiande medie utdanningar, og er kjend for eit godt studentmiljø. I fleire år har Høgskulen i Volda vore blant dei fremste høgskulane på internas jonalisering. Studentar frå meir enn 100 land har funne vegen hit, og mange norske voldastudentar vel også å ta ein del av utdanninga si i utlandet. Lukke til med valet av utdanning. Om du vel Volda, så håper vi du vil oppleve studietida i Volda som dei beste åra i ditt liv. Eller som det heiter i slagordet til vårt internasjonale kontor: «Volda is the place you’ll never forget». Velkomen til Volda!
6
VOLDA
Volda er berre 50 minutt frå Oslo Lufthavn om du tar fly til den lokale flyplassen, ØrstaVolda lufthamn. Det går fleire daglege flygningar til og frå Oslo og Bergen. avinor.no
50 MIN
7
Velkomen til Volda! Midt i mellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Høgskulen har om lag 4000 studentar, og er kjent for sitt gode studentmiljø. I Volda er det rimeleg å bu, gangavstand til det meste, og du er berre ein kort flytur frå dei store byane.
Godt å leve - mykje å oppleve
Internasjonale Volda
Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar. Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open-Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet. Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda og Den Norske Doku mentarfilmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester. Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.
Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor- og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. Høgskulen i Volda tek kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda.
8
9
Studietilbod Administrasjon, planlegging og leiing
Idrett og friluftsliv
Samfunnsvitskap, årsstudium 12
Naturguideutdanning 34
Planlegging og administrasjon, bachelorgrad
12
Friluftsliv, årsstudium 34
Samfunnsplanlegging og leiing, mastergrad
13
Friluftsliv, bachelorgrad
35
Idrett, årsstudium 36 Idrett, bachelorgrad 37
Estetiske fag, kunst- og musikkfag Drama / teater. årsstudium
16
Lærarutdanning
Drama/teater, bachelorgrad 16 Musikk, årsstudium
17
Barnehagelærarutdanning, bachelorgrad
40
Musikk, bachelorgrad 18
Kunst og handverk, bachelorgrad
40
Kunst og handverk, årsstudium
18
Grunnskulelærar 1. til 7. årssteg
41
Kunst og handverk, bachelorgrad
18
Grunnskulelærar 5. til 10. årssteg
42
Undervisning og læring, mastergrad
42
Praktisk-pedagogisk utdanning, årsstudium
43
Helse- og sosialfag Medie- og journalistfag
Sosialt arbeid - barnevernspedagogutdanning, bachelorgrad
22
Sosialt arbeid - sosionomutdanning, bachelorgrad
Mediekunnskap, årsstudium 46
22
Helse- og sosialfag
Media, IKT og design, bachelorgrad
46
Animasjon, bachelorgrad 47
– meistring og myndiggjering, mastergrad
23
PR, kommunikasjon og media, bachelorgrad
Helse- og sosialfag, Ph.d.
24
Journalistikk, bachelorgrad 48
Dokumentar og journalistikk, mastergrad
Historie og religion
47 49
Språk og litteratur
Historie, årsstudium 28 Historie, bachelorgrad 28
Norsk (nordisk), årsstudium 52
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
29
Engelsk, årsstudium 52
Religion og språk, bachelorgrad
30
Språk og litteratur, bachelorgrad
52
Kulturmøte, mastergrad 30
Nynorsk skriftkultur, mastergrad
54
Matkultur og helse, årsstudium
31
10
11
Administrasjon, planlegging og leiing Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til bĂĽde sakshandsamarar og leiarar i offentleg og privat sektor. Det er eit mĂĽl at plan- og utviklingsarbeid skal skje i samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar. Studia gir aktuell og yrkesretta kompeÂtanse gjennom teori og praksis.
12
Samfunnsvitskap årsstudium
sjektarbeid og er definert som obliga torisk arbeidskrav.
Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Bachelor i planlegging og administrasjon
Årsstudiet er aktuelt for yrkesgrupper som treng innføring i samfunnsvitskap. Målet er å gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Studiet utgjer første året av Bachelor i planlegging og administrasjon, og det er difor mogleg å byggje på for å fullføre denne graden.
Studieinnhald Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne. Det er eit mål at studentane skal få kunnskap om og forståing av økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk og dei politiske utfordringane desse gir. Under visninga er særleg retta mot samfunn sutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst. Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg pro-
ved samfunnsvitskapleg tenkjemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Dette dannar grunnlaget for ei vidare innføring og fordjuping i offentleg administrasjon, samfunnsplanlegging og regionalt utviklingsarbeid.
Aktuelle yrke og vidare studium
Bachelor i planlegging og administrasjon er ei yrkesretta og tverrfagleg utdanning som gir deg attraktiv og etterspurd fagkompetanse som er tilpassa ulike still ingar innanfor administrasjon, planleg ging og forvaltning. Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne.
Med Bachelor i planlegging og administrasjon har du eit godt grunnlag for ein yrkeskarriere innanfor ulike felt i offent leg forvaltning: som administrativ leiar, leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggjar. Utdanninga gir også aktuell kompetanse for arbeid i privat og frivillig sektor, som til dømes innanfor media, rådgiving og næringsutvikling. Studiet kvalifiserer for opptak ved Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.
Studieinnhald
Eit semester i utlandet
Studiet gir ei brei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvits kap og organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkjelyset er retta mot viktige trekk
Høgskulen i Volda har avtalar med utdan ningsinstitusjonar i mange land og kan hjelpe deg med å finne gode utdanningsog utvekslingstilbod.
Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
13
Master i samfunnsplanlegging og leiing Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars
opparbeide evne til å knyte saman teori og praksis i kritiske analysar, og få eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet.
Aktuelle yrke og vidare studium Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. I masterstudiet vert det lagt vekt på at alle leiarar har eit samfunnsansvar, og dette gjeld ikkje minst leiarar i offentleg sektor. Plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar.
Studieinnhald Studiet skal gi deg kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heil skapleg og berekaftig utvikling. Du skal
Med Master i samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert leiarutdanning. Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde. Fullført mastergrad kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram, som kan leggje grunnlaget for ein karriere som forskar.
Eit semester i utlandet Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i Storbritannia og Irland, og du kan også få hjelp til å finne aktuelle studium i andre land.
Karoline Strand – Det beste med å bli utplassert i praksis er at ein får knaggar å henge teorien frå forelesingane på. I min praksis i Volda Næringsforum fekk eg utfordrande arbeidsoppgåver og eit innblikk i næringslivet.
14
15
Estetiske fag, kunst- og musikkfag Høgskulen i Volda har eit av dei breiaste kulturfagtilboda på bachelornivå i Noreg. Gjennom teori og praksis gir utdanningane utøvande kompetanse innan dei ulike fag områda. Høgskulen har eige symfoniorkester og kor, ny teater- og konsertsal, profesjonelt musikkstudio, gode øvingslokale og ulike verkstader.
16
Drama/teater årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Årsstudiet skal gi deg forståing for og innsikt i dei verdiane drama og teater har som fag og ulike arbeidsmåtar innanfor fagfeltet. Det vert lagt vekt på spelkom petanse og dugleik i ulike dramatiske uttrykksformer.
Studieinnhald Etter fullført årsstudium skal du mellom anna ha grunnleggjande kunnskap om
teaterhistorie og tradisjonar, og sentrale drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar. Du skal kunne nyttiggjere deg drama- og teaterkunnskap på prak tiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala dine og analysere relevante kunstnarlege uttrykk. Planlegging og leiing av praktiske øvingar og opplegg saman med andre inngår også i studiet.
Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet i Drama/teater kvalifiserer for arbeid som drama- og teaterpedagog i grunnskulen, i kulturskulen eller som utøvar i det frie kulturlivet. Studiet er identisk med første året av Bachelor i drama/teater og kan danne grunnlag for vidare studium i faget. Det kan også gå inn som valfri del i andre bachelorgradar.
Bachelor i drama/teater Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april Studiet passar for deg som er interessert i teater og har lyst til å lære meir om skapande prosessar. Det er også aktuelt for deg som vil lage interessante undervisningsopplegg i grunnskulen, i skulefritidsordningar, i kulturskular eller i ulike organisasjonar som driv med amatørteater.
Studieinnhald Bachelor i drama/teater gir deg kunnskap om teaterproduksjon, kommunikasjon
17
det frie kulturlivet. Om du ønskjer under visningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i Drama og teater.
frie kulturlivet. Studiet er identisk med første året i Bachelor i musikk ved Høg skulen i Volda. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i musikk.
Eit semester i utlandet Femte semesteret i studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, t.d. i Norden, Europa, USA eller Australia.
Musikk årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
og mellommenneskeleg samspel som du kan nytte både sosialt og i yrkessaman heng. Studiet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og skal utvikle deg både som utøvar i teaterproduksjonar og som drama- og teaterpedagog. Du lærer å bruke drama- og teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala dine og analysere relevante kunstnarlege uttrykk. I tillegg skal du lære å bruke drama- og teater kunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer.
Aktuelle yrke og vidare studium Bachelor i drama/teater kvalifiserer deg for arbeid som drama- og teaterpedagog i grunnskulen og den vidaregåande skulen, i kulturskulen eller som utøvar i
Årsstudiet gir deg ei grunnleggjande inn føring i musikkteoretiske emne, praktisk musisering og musikkpedagogikk for grunnskulen. Som musikkstudent får du ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Høgskulen i Volda har mellom anna eige kor, symfoniorkester, musikkstudio og gode øvingslokalitetar.
Studieinnhald Du skal opparbeide pedagogisk og sosial kompetanse for å kunne utøve musikkfaget i undervisningssamanhengar med vekt på aktivitetar innanfor musisering, komponering og lytting. Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet.
Anette Finnanger
Aktuelle yrke og vidare studium
– Vi lærer mellom anna skodespelar-
Årsstudiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i sam funnet, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det
teknikk, retorikk, lyd, lys og musikk. Sjølv synest eg det er mest spennande å jobbe med produksjonsprosessen.
18
Bachelor i musikk Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Har du lyst til å lære meir om musikk, spele og komponere saman med andre? Som bachelorstudent i musikk får du ei solid og allsidig musikkutdanning som kombinerer praktisk musikkutøving, teori og fagdidaktikk. Høgskulen har eige høgskulekor og symfoniorkester og kan tilby musikkstudio på profesjonelt nivå og gode øvingslokalitetar. Studentane får høve til å opptre i varierte saman-
hengar, og høgskulen arrangerer både lukka og offentlege konsertar.
Studieinnhald Bachelorprogrammet gir deg kunnskapar og ferdigheiter mellom anna innanfor musikkpedagogikk, instrumentaldida ktikk, musikkutøving og -formidling, komponering og arrangering. Du skal utvikle fagleg, kunstnarleg, didaktisk og sosial kompetanse i tillegg til yrkesetisk refleksjon. Gjennom individuell hjelp og rettleiing skal du få eit grunnlag for å utvikle deg sjølv på eit instrument eller som songar.
Studieinnhald
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudiet kan saman med anna utdan ning vere nyttig i ulike former for formid lingsarbeid, til dømes i skulen, museum/ galleri og kulturarbeid. Studiet er identisk med første året i Bachelor i kunst og handverk, og gir grunnlag for opptak til Kunst og handverk fordjupingsstudium.
Bachelor i musikk kvalifiserer for arbeid både i privat og offentleg sektor, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det frie kulturlivet. Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Eit semester i utlandet Delar av studiet kan takast ved utan landske institusjonar, som til dømes musikkonservatoriet i Riga.
Kunst og handverk årsstudium Jørn Trollebø Kvalheim, andreplass i Idol 2014
Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
– I Volda har jeg utviklet meg innen musikk. Gjennom undervisningen har jeg fått mange tips om hvordan man skal stå og prestere på en scene. I Volda har man også en unik mulighet til å kunne spille foran et stort publikum på Studenthuset Rokken.
verk årsstudium skal du gjennom praktisk arbeid med oppgåver utvikle eiga formog uttrykksevne.
Samfunn i utvikling treng menneske med estetisk kompetanse og evne til nyskaping. Kunnskap om kunst- og formkultur og formidling er viktig når ein skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre. Som student ved Kunst og hand-
Årsstudiet skal gi deg fagleg og didaktisk kompetanse til å planleggje og gjennom føre ulike former for undervisnings- og formidlingsoppgåver i skulesektoren eller på andre område der kunst-, kul tur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Gjennom året skal du utforme utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt.
Aktuelle yrke og vidare studium
Bachelor i kunst og handverk Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Bachelor i kunst og handverk kvalifiser er for utøving og formidling av kunst og kultur i skulen eller kultursektoren. Studiet er i hovudsak praktisk, der oppgåveløysing knytt til fagteori er sentralt. Det praktisk- skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kultur skule og andre samfunnsinstitusjonar og omfattar fagdidaktikk og kunst- og formkultur.
19
Studieinnhald Studiet gir innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor varierte materialområde i arbeid med ulike visuelle uttrykkssjangrar. Du lærer å nytte kunst- og formkultur som grunnlag for å oppleve og forstå ulike kulturar og andre tiders uttrykksformer som inspirasjon og ut gangspunkt for eige skapande arbeid. Utforming av utstillingar og presentas jonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff
eller prosjekt inngår også i studiet. Det er eit mål at du skal utvikle di eiga kreative form- og uttrykksevne i varierte materi alar og teknikkar.
eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til mastergradsstudium i Kunst og handverk.
Aktuelle yrke og vidare studium
Eit semester i utlandet
Studieprogrammet kvalifiserer for arbeid i kulturskulen, formidlingsarbeid i mu seum/galleri, kulturarbeid i kommunar m.m. Om du ønskjer å arbeide i skulever ket, må du byggje på utdanninga med
Studentane kan gjennomføre delar av bachelorgraden ved University of Glam organ i Wales eller University of Norwich i England.
20
21
Helse- og sosialfag Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Dei er etter trakta arbeidskraft i mange ulike yrkessamanhengar innanfor mellom anna helse- og sosialsektoren, offentleg for valtning og humanitære organisasjonar.
22
Bachelor i sosialt arbeid, barnevernspedagogutdanning Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Barnevernspedagogutdanninga har fokus på barn, unge og familiar, der hovudoppgåva er å sikre og betre leve- og oppvekstvilkår. Dette gjeld særskilt for dei som har sosiale og/eller psykiske problem, eller som står i fare for å få det. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte yrke sutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje, iverksetje og evaluere tiltak som kan betre livsvilkåra for utsette grupper.
hengar. Du kan mellom anna arbeide ved barnevernstenesta i kommunesektoren, i kultur- og oppvekstsektoren, i ungdomsklubbar, i skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar. Studieprogrammet dannar grunnlag for opptak ved Master i helse- og sosialfag eller Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium i Noreg og i utlandet.
Aktuelle yrke og vidare studium Som barnevernspedagog er du kvalifisert for omsorgsarbeid med barn og unge menneske i mange ulike yrkessaman
Institutt for sosialfag tilbyr studentane studieopphald, til dømes på Hawaii (tredje semesteret), og praksisopphald (femte semesteret), til dømes i Kenya og India.
Bachelor i sosialt arbeid, sosionomutdanning Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Studieinnhald Studiet skal gi kompetanse til å kunne planleggje og organisere målretta tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld. Arbeidsområdet omfattar både førebyg gjande og klientretta arbeid, sakshand saming og oppfølging. Du skal kunne reflektere over og grunngi verksemda di i eit overordna fagleg og etisk perspektiv. Praksisutplassering i eksterne institus jonar/organisasjonar/nærmiljø under ret tleiing av faglærarar og erfarne sosialar beidarar er ein viktig del av studiet. Det er to praksisperiodar: prosjektpraksis på om lag seks veker i det andre studieåret, og ein klientretta praksisperiode på om lag fjorten veker i det tredje studieåret. I tillegg er det feltstudium knytt til aktuelle arbeidsfelt for sosialarbeidarar.
Eit semester i utlandet
Ingrid Brenne – Høgskulen har mange gode forelesarar med høg kompetanse. Det blir også leigd inn gjesteforelesarar som gjer undervisninga interessant og
Samfunnet treng flinke sosialarbeidarar som forstår korleis psykiske og sosiale problem oppstår, og korleis ein kan tilby hjelp på ein profesjonell måte. Studiet byggjer på teoretisk og praktisk kunnskap, kommunikasjonsdugleik og etisk refleksjon. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum. Sosialarbeidarutdanninga kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt og med ulike målgrupper.
variert. I den tre månader lange
Studieinnhald
praksisperioden i tredje klasse jobba
Målet er å gi studentane innsikt og kompetanse i korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skaper og held ved like sosiale problem. Du skal kunne ta utgangspunkt i brukarane sine behov og planleggje og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld, og dessutan kunne reflektere over og grunngi verksemda di i eit overordna fagleg og etisk perspektiv.
eg i andrelinjetenesta i psykiatrien. Dette var den beste og mest lærerike perioden i studiet. Eg fekk meir kunnskap om korleis denne typen arbeidsplass fungerer, samtidig som eg fekk oppleve korleis ein samhandlar i eit stort tverrfagelig team.
23
Praksisutplassering i eksterne institus jonar/organisasjonar/nærmiljø under rettleiing av faglærarar og erfarne sosialarbeidarar er ein viktig del av studiet. Praksisperiodane har eit samla omfang på om lag 20 veker. Studieprogrammet førebur og gir deg eit godt grunnlag for praktisk yrkesutøving.
Aktuelle yrke og vidare studium Sosionomar er ettertrakta arbeidskraft i mange ulike yrkessamanhengar: i helseog sosialsektoren i kommunane, i fylkeskommunale institusjonar og behan dlingstilbod, i kriminalomsorg, i humanitære organisasjonar og NAV. Ein finn
såleis sosionomar mellom anna i sosialog barnevernstenesta, i tilbod for funksjonshemma, i skuleverket, ved familierådgivingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i rusmiddelomsorga. Studiet dannar grunnlag for opptak ved Master i helse- og sosialfag eller Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium i Noreg og i utlandet.
Eit semester i utlandet Studentane kan ha studieopphold til dømes på Hawaii (tredje semesteret) og praksisopphald (femte semesteret) til dømes i Kenya og India.
Master i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars
Masterstudiet rettar seg mot både helseog sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit tverrfagleg studiemiljø, som kan gi studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og
24
helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er eit viktig mål med studiet. Undervisninga er samlingsbasert for både deltids- og fulltidsstudentar og gjer det mogleg å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid.
Studieinnhald I studiet vert det fokusert på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar. Du skal få
kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Studiet skal også gi deg kompetanse i å undervise, rettleie og initiere FoU-prosjekt med vekt på slike mål.
og kommunikasjon mellom yrkesutøvar og klient, profesjonelt skjønn, verdiar og etikk og korleis administrative og politiske system påverkar yrkesutøvinga. Utdanninga vil legge vekt på vitskaplege teoriar og metodar som kan nyttast til å studere slike tema.
Aktuelle yrke og vidare studium
Målgrupper
Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for klinisk arbeid, undervisning og førebyggjande arbeid. Særleg er slik kompetanse etter spurd i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helseog sosialtenester med slik profil. Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid (FoU) og kan kvalifisere for opptak til doktor gradsstudium.
Utdanninga rettar seg mot studentar med gjennomført masterutdanning (120 stp) på relevante fagområde. Både sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernsutdanning og andre direkte helse- og sosialrelaterte profesjonar er relevante fagområde som gir god bakgrunn for å gå inn på ph.d.-utdanninga. Kandiatar frå andre fagområde kan også få opptak om ein er oppteken av spørsmåla som blir dekt av ph.d.-utdanninga. Det kan til dømes vere: Lærarutdanning, psykologi, sosiologi, etikk, filosofi, juss, statsvitskap, leiing- og administrasjonsfag, logistikk og kommunikasjonsfag.
Eit semester i utlandet Som student ved masterstudiet i Sosialt arbeid kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved univer sitet eller høgskular i utlandet.
Ph.d. i Helseog sosialfag. Vilkår for profesjonsutøving Camilla Nanditha Jensen
Studielengd: 3 år Søknadsfrist: Sjå hivolda.no
– Med ei slik utdanning trur eg at sjansane til å få ein jobb der eg kan utgjere ein forskjell, er stor. Eg ønskjer å jobbe anten i barnevernstenesta eller ved ein institusjon der ein hjelper vanskelegstilte barn.
Høgskulen i Volda samarbeider med Høgskulen i Molde om ph.d.-utdanninga Profesjonsutøving mellom fag, brukar og forvaltning. Ph.d.-utdanninga vil handle om arbeidsvilkåra for dei som arbeider i helse- og sosialtenesta: Om relasjon
Søknad og opptak Søkjarar får opptak på studiet ved å sende ein prosjektbeskrivelse til ph.d.-utvalet. Du må også ha ein plan for finansiering av ph.d.-studiet, som til dømes ei stipendiatstilling, offentleg ph.d. frå eigen arbeidsgjevar eller anna finansier ing. Ta kontakt med oss på førehand for å få meir informasjon. Ph.d.-studentar vil kunne ha arbeidsstad og få rettleiing på den eine eller begge høgskulane. Dei to høgskulane delar på å gje undervisning knytt til studiet. Det vert oppmoda til å gjennomføre utan landsopphald som ein del av ph.d. -ut danninga.
25
26
27
Historie og religion I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeidsÂtakarar som har kunnskap og forstĂĽing for kva rolle historie, religion og kultur spelar i kvardagen. Høgskulen i Volda tilbyr fleksible studium innanfor dette fagfeltet.
28
Historie årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Er du interessert i historie og vil forstå og kunne reflektere over samfunnsut vikling og samanhengar? Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonalhistorie frå tidleg mellomalder og fram til i dag, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode.
Studieinnhald Årsstudiet tilsvarer første året i Bachelor i historie ved Høgskulen i Volda. Det kan også inngå som valfri del i andre bache lorgradar og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i faget.
Aktuelle yrke og vidare studium Historie årsstudium kan saman med anna utdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område. Fagkombi nasjon og spesialisering vil ha mykje å seie for framtidig yrke. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og administratorar i vid forstand (ABMsektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.
Bachelor i historie Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Martine Raknes Holte
Kunnskapar om historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament for å forstå endringar i notida. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får du kompetanse til å forstå samanhen gar og utvikling over tid og kan byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. Du får også trening i å tenkje system atisk, analytisk og sjølvstendig – ferdigheiter som er viktige i arbeidslivet.
– Historie er viktig for å forstå korleis
Studieinnhald
dagens samfunn er blitt slik som
Studiet gir brei brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg og fram til i dag. I studiet vert det også sett fokus på sentrale teoriar og metodespørsmål
det er, blant anna med tanke på kulturskilnader.
knytt til historisk forsking. Studentane skal opparbeide kompetanse til å kunne reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem. Om du ønskjer å byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdan ning (PPU) for å oppnå undervisningskompetanse, må du ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag innanfor graden.
Aktuelle yrke og vidare studium Bachelor i historie kvalifiserer for ulike former for formidlings- og kulturarbeid og internasjonalt arbeid. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak til Master i kul turmøte og Master i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og andre relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.
Eit semester i utlandet Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved institusjonar i Europa og andre stader i verda. Dette inkluderer Erasmus-partnarar i ulike europeiske land, eller Luther College Decorah i USA.
Religion, livssyn og etikk årsstudium (RLE) Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Årsstudiet gir innsikt i religions- og livssynsmangfaldet i Noreg. Det er difor relevant for mange yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, media og i kyrkja.
29
Studieinnhald I studiet vert det lagt vekt på innsikt og forståing av religiøse tekstar, om historia til kristendomen og andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. Religionspedagogiske
spørsmål knytte til undervisning og formidling av religiøse tradisjonar inngår også i studiet.
Aktuelle yrke og vidare studium Emna i årsstudiet i RLE kan innpassast
i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til RLE fordjupingsstudium.
30
Aktuelle yrke og vidare studium Studieprogrammet kvalifiserer for yrke der ein treng språkleg, litterær og religionsfagleg kompetanse, til dømes innanfor kultursektoren, i helsesektoren, i kyrkje og media. Vil du bruke utdan ninga i skulen, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet vil då kvalifisere for undervisning i Religion, livssyn og etikk (RLE) på mellomsteget og ung domsteget i grunnskulen, og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule. Bachelor i religion og språk kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte og nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
Eit semester i utlandet Høgskulen i Volda har utvekslingsavtalar med fleire relevante institusjonar, som til dømes Åbo Akademi University, Fin land, og Universitetet i York, England.
Master i kulturmøte
Bachelor i religion og språk Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for kva rolle språk, litteratur og livssyn spelar i kvardagen. I vårt fleirkul turelle samfunn er slik kompetanse meir
Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars og meir etterspurd. I Bachelor i religion og språk får du grunnleggjande kunnskap og innsikt i religion/livssyn og språk/litteratur (nordisk eller engelsk).
Studieinnhald Du vil mellom anna få innføring og kunnskap om sentrale filosofiske og vitskapsteoretiske spørsmål. Studiet gir innsikt i dei store verdsreligionane og sekulære livssynstradisjonar. Språk og litteratur frå det nordiske eller engelsk språklege området er sentralt.
Master i kulturmøte er eit tverrfagleg studium om kulturar og møte mellom kulturar sett i eit historisk perspektiv. Nye flyttemønster og nye kommunikas jons- og informasjonsteknologiar krympar avstandar og fører kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte i eit historisk perspektiv, men òg i eit samtidsperspektiv – regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Studiet kan gjennom førast på heiltid (to år) eller deltid (tre eller fire år).
31
Studieinnhald
Studieinnhald
Aktuelle yrke og vidare studium
Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.
Studiet er delt i to fagdelar: Mat, kosthald og helse og Mat, kultur og konservering. Du lærer å planlegge og undervise i mat, kosthold og helse i grunnskulen. I tillegg vil du få kunnskapar om norsk matkul tur og korleis denne har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag.
Studiet er eigna for dei som vil formidle mat, kosthold og helse til barn, ung dom og vaksne i skuleverket eller anna formidlingsverksemd. Det kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad.
Aktuelle yrke og vidare studium Fullført mastergrad gir ein brei kompetanse med relevans for ulike yrkesvegar: • Internasjonalt arbeid • Arbeid i organisasjonar og politiske parti • I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU) • I skuleverket • I medie- og informasjonsverksemd • I offentleg og privat forvaltning • I ABM-sektoren • Kultursektoren elles Mastergraden kvalifiserer for opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.
Eit semester i utlandet Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.
Mat, kosthald og helse årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Er du interessert i mat og kosthald? Som student ved årsstudiet vil du lære å arbeide med mat frå mange ulike perspektiv.
32
33
Idrett og friluftsliv Høgskulen i Volda har høg kompetanse og lang erfaring med å tilby utdanning i idrett og friluftsliv. Som student får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Undervisninga foregår mellom anna i Sunnmørsalpane, i vakker fjordnatur og ute ved kysten. Høgskulen har også eigen undervisningsbase på Yksnøya.
34
Naturguideutdanning årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Behovet for naturguidetenester innanfor norsk reiseliv er i vekst. Målet for studiet er å kvalifisere for profesjonelt guidearbeid i kyst- og fjordlandskap sommar og vinter. Solid kompetanse innafor friluftsliv er ein føresetnad for å gjennomføre studiet.
Studieinnhald I studiet vil ein både i praksis og teori arbeide med problemstillingar knytte
til å gi gjester gode og trygge opplevingar i norsk natur. Studiet inneheld tema frå lokalgeografi, lokalhistorie og brukstradisjonar til opplevingspsykologi, gruppeprosessar og innsikt i turisme og reiseliv. Du skal få allsidig kjennskap til ulike former for guiding frå hav til fjell under vekslande tilhøve, bygd på opplev ingar og erfaringar i naturen. I tillegg skal du få kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føre setnader i høve til ulike naturkrav.
skulen i Volda har frå før bachelor og årsstudium i Friluftsliv. Naturguideutdan ninga kan takast som ein del av bache lorgrad i Friluftsliv, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande studium.
Friluftsliv årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Aktuelle yrke og vidare studium Målet med studiet er å kvalifisere studentar for arbeid som naturguide etter Norsk Naturguideforbund sin bransjestandard for naturguide (NNG). Høg
I studiet vert det lagt vekt på å gi studentane gode naturopplevingar og inspire rande fysiske aktivitetar. Undervisninga er lagd opp med nær samanheng mellom
35
teori og praksis, gjennom turar og aktivi tetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Naturmiljøa er varierte og spennande: skog, fjell, fjord, kyst, høgfjell og bre.
Studieinnhald Studiet gir kompetanse til å undervise og rettleie i friluftsliv og allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve. Studentane skal opparbeide kompetanse til å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav, og kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid. Du får høve til å ta følgjande kvalifiser ingar: brattkort, våttkort, NF-skredkurs, DNT-turleiar og båtførarprøva.
Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverk, reiseliv og organisasjonar. Studiet kan takast som vidareutdanning for lærarar, eller det kan inngå i Bachelor i friluftsliv ved Høgskulen i Volda eller som valfri del i andre bachelorgradar. Det gir også grunnlag for opptak til Frilufts liv fordjupingsstudium.
Bachelor i friluftsliv Sol Kvavik Idland Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
- Gjennom fordjuping i vinterfriluftsliv fekk vi fantastiske naturopplevingar
Høgskulen i Volda er kjend for sine studium innanfor idrett og frilufsliv, og har
på Svalbard.
36
eit fagmiljø som har høg kompetanse og lang erfaring innanfor fagfeltet. Som bachelorstudent i friluftsliv får du vere med på allsidige aktivitetar i eit stimu lerande fagleg og sosialt miljø. Den vari erte og utfordrande sunnmørsnaturen er ei kraftfull ramme rundt undervisninga og opplevingane. Høgskulen har også eigen kystfriluftslivsbase med både naust, båtar, telt og hamner.
Studieinnhald Du skal lære å planleggje, gjennomføre og vurdere friluftslivsopplegg og opplæring for barn, ungdom og vaksne. Det vert lagt vekt på refleksjon over eiga fagleg utøving. I tillegg må du kunne bruke relevante faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer. Første stud ieåret vert det fokusert på grunnleggjande opplæring i friluftsliv. Andre studieåret skal du fordjupe deg i friluftsliv og helse i tillegg til å skrive bacheloroppgåve. Tredje studieåret vel du den fagretninga du vil bruke bachelorgraden til.
Aktuelle yrke og vidare studium Bachelorgraden kvalifiserer for arbeid i frivillig organisert og uorganisert friluftsliv. Aktuelle arbeidsstader er skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena, og dessutan reiseliv/ turisme og forvaltning. Utdanninga vil også gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og reha bilitering og arbeid med barn og unge med spesielle behov. Bachelor i friluftsliv kan gi grunnlag for opptak til mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell kompetanse i skuleverket må du byggje på med eittårig praktiskpedagogisk utdanning.
Eit semester i utlandet Heile eller delar av tredje studieåret kan takast i utlandet ved ein samarbeidsinstitusjon.
Idrett årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april
Programmet gir grunnleggjande inn føring i arbeid med idrett i undervisning og trening i grunnskulen. Høgskulen har gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium.
Studieinnhald Du får erfaring og innsikt i idretts- og fri luftsaktivitetar og eigenutvikling. Studiet er sett saman av praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings- og instruksjonspraksis. Du skal tileigne deg
dugleik, erfaring, kunnskap og innsikt i fagområdet med dei tilpassingane som er nødvendige for å møte barn og unge med ulike føresetnader. Du skal mellom anna vere med på å planleggje og under vise barn, unge og vaksne med særlege behov i samband med kurs på Bjorli.
Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet i idrett er særleg relevant for deg som ønskjer å arbeide i ulike skuleslag eller andre felt der det vert drive fysisk aktivitet, som t.d. i frivillig organ isert og uorganisert idrett, i privat og offentleg verksemd. Studiet kan takast som vidareutdanning for lærarar, eller det kan inngå i Bachelor i idrett ved Høgskulen i Volda eller inngå som valfri del i andre bachelorgradar.
37
Bachelor i idrett Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Høgskulen i Volda er kjend for sine studium innanfor idrett og frilufsliv, med eit fagmiljø som har høg kompetanse og lang erfaring innanfor fagfeltet. Som student ved Bachelor i idrett får du vere med på spennande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium, og ikkje minst sunnmørsnaturen.
Studieinnhald I studiet vert teori kopla til praktiske
aktivitetar innanfor trenings- og rørslelære, pedagogikk, didaktikk, helse og idrettspsykologi. Du skal lære å plan leggje, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for barn, ungdom og vaksne, og gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak, med vekt på fysisk aktivitet. Refleksjon over eiga faglege utøving er ein viktig del av studiet, i tillegg til å kunne bruke relevante faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer. Første studieåret legg eit generelt grunnlag for å forstå ulike sider ved idrett. Andre studieåret får du mellom anna fordjupe deg i korleis fysisk aktivitet verkar på helsa og ta skiinstruktør utdanning i alpine teknikkar.
Aktuelle yrke og vidare studium Studiet kvalifiserer deg for arbeid innan for idrett og kroppsøvingsfaget. Aktuelle
arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for ar beid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med barn og unge med spesielle behov. Bachelor i idrett gir grunnlag for opptak til ein mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Eit semester i utlandet Studentane kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.
38
39
Lærarutdanning Læraryrket er svært viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Skal norske elevar lære, treng dei engasjerte og dyktige lærarar. Høgskulen i Volda har utdanna lærarar i over 150 år, og har i dag eit breitt tilbod innanfor lærarutdanningar. Som lærar vil du vere attraktiv på arbeidsmarknaden.
40
Barnehagelærarutdanning
for opptak til masterstudiet i Under visning og læring ved Høgskulen i Volda.
Grunnskulelærar 1. til 7. årssteg
Eit semester i utlandet Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
I tredje studieåret vil det bli lagt til rette for eit internasjonalt semester ved ein institusjon som Høgskulen i Volda har samarbeid med.
Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet, og er den viktigaste faktoren for å skape eit godt barnehagetilbod. Som barnehagelærar kan du vere med på å påverke og ta vare på den eigenarten barnehagen har, som arena for leik, omsorg, danning og positiv læring i det daglege.
Studielengd: 8 semester/4 år Søknadsfrist: 15.april
Grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. årssteg er ei fireårig profesjonsutdanning som er aktuell for deg som likar å arbeide med barn, og som ønskjer å arbeide i skuleverket. I studiemodellen ved Høg skulen i Volda er det høve til både å velje breidde og/eller fordjuping i fag.
Studieinnhald
Barnehagelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing og innsikt hos studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen. Utdanninga skal gi deg solid fagleg, didaktisk og sosial kompetanse, og evne til yrkesetisk refleksjon i pedago gisk arbeid med barn. Gjennom studiet skal du opparbeide kunnskap om teoriar og arbeidsformer på tvers av fag, og få innsikt i kva samfunn og kultur har å seie for barns oppvekst og utvikling. Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer i eit sosialt samspel.
Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar. I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggjande ferdigheiter, begynnaropplæring, kreative uttrykksmåtar og digital kompetanse. Studentane vil få tett oppfølging frå faglærarane, og det er eit mål at kvar student skal oppnå ei god profesjonsforståing. Erfaringar frå prak sis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar, og det vert lagt vekt på å knyte praksisfeltet og faga tett saman. Det er praksis i grunnskulen i alle fire studieåra.
Aktuelle yrke og vidare studium
Aktuelle yrke og vidare studium
Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døg ninstitusjonar for barn, skulefritidsord ningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er førskulelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. Barnehagelærarutdanninga gir grunnlag
Grunnskulelærarutdanning 1–7 kvalifiserer i første rekkje for å arbeide som lærar i barneskulen. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke, som til dømes med pedagogiske og adminis trative oppgåver i skuleverket eller andre formidlingsinstitusjonar i offentleg og privat sektor. Under føresetnad av at vala dine har gitt nødvendig fordjuping, kan du i fjerde studieåret ta til på eit toårig masterprogram i Undervisning og læring.
Studieinnhald
Anders Svensli - Det er eit stort ansvar å leie ei barnegruppe og ha ansvar for læring og progresjon. Studiet i Volda har gjort meg fagleg trygg og utvida horisonten min.
41
Eit semester i utlandet I det åttande semesteret vil det vere høve til å ta eit semester i utlandet ved ein av Høgskulen i Volda sine mange samarbeidsinstitusjonar. Det er også høve til å søkje om praksisperiode i tredje studieåret ved skular i Spania og Norden.
Grunnskulelærar 5. til 10. årssteg Studielengd: 8 semester/4 år Søknadsfrist: 15.april
Grunnskulelærarutdanning for 5. til 10. årssteg er ei fireårig profesjonsutdan ning som er aktuell for deg som likar å arbeide med litt større barn og ungdom, og som ønskjer å arbeide i skuleverket.
I studiemodellen ved Høgskulen i Volda er det høve til både å velje breidde og/ eller fordjuping i fag.
Studieinnhald Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Studentane skal i løpet av det fireårige programmet opparbeide seg faglege og fagdidaktiske kunnskapar i faga, og kunnskap om faga både som skuleplanleggje og gjennomføre tilpassa undervisning og bruke digitale verktøy i og på tvers av fag. Studentane vil få tett oppfølging frå faglærarane, og det er eit mål at kvar student skal oppnå ei god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teore tiske refleksjonar, og det vert lagt vekt på å knyte praksisfeltet og faga tett sa man. Det er praksis i grunnskulen i alle fire studieåra.
Aktuelle yrke og vidare studium Denne grunnskulelærarutdanninga kval ifiserer i første rekkje for å arbeide som lærar i 5.-10. årssteg i dei faga som utdanninga di omfattar. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke, som til dømes med pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket eller andre formidlingsinstitusjonar i offentleg og privat sektor. Under føresetnad av at vala dine har gitt nødvendig fordjuping, kan du i fjerde studieåret ta til på eit toårig masterprogram i Undervisning og læring.
Eit semester i utlandet I det fjerde studieåret vil det vere høve til å ta eit semester i utlandet ved ein av HVO sine mange samarbeidsinstitus jonar. Det er også høve til å søkje om å få ta ein praksisperiode i tredje studieåret ved skular i Spania og Norden.
42
Master i undervisning og læring Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april Mastergraden har tre valbare spesialiseringar: spesialpedagogikk, matematikk og norsk. Retninga spesialpedagogikk er retta mot arbeid i barnehage, skule og PP-tenesta. Spesialiseringane i norsk og matematikk er retta mot arbeid i skulen. Undervisninga er samlingsbasert, og det er mogleg å ta studiet som heil- eller deltidsstudent.
Studieinnhald Master i undervisning og læring gir deg vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda du har valt å spesialiserere deg i. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilretteleg ging for læring. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring og inklud ering er sentralt.
Aktuelle yrke og vidare studium Avhengig av kompetansekrav og studiespesialisering kvalifiserer studiet mellom anna til:
• pedagogisk arbeid i barnehage og skule • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar • undervisning i matematikk eller norsk i grunnskulen og den vidaregåande skulen • arbeid i PP-tenesta • FoU-aktivitet i barnehage og skule • doktorgradsstudium
Eit semester i utlandet Studentar som ønskjer det, kan ta en kelte emne ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet.
43
Øystein Venås Sørensen
Praktisk-pedagogisk utdanning Studielengd: 2 semester/1 år (heiltid), 4 semester/2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit påbyggingsstudium som gjer det mogleg å setje saman di eiga lærarutdan ning. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før.
Studieinnhald Studiet er sett saman av emna Pedagogikk
(30 stp.) og Fag- eller yrkesdidaktikk (30 stp.). I tillegg er det lagt opp til 60 dagar med praksis på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Programmet gir kompetanse i å planleggje, gjennom føre og kritisk vurdere undervisning. Det vert fokusert på klasseleiing og læringsmiljø og korleis gode relasjonar til og mellom elevar kan utviklast. Etikk og yrkesidentitet og samarbeid med elevar/lærlingar, kollegaer og føresette er også vektlagt i studiet.
– Eg trur at jobben som lærar er ein av dei viktigaste jobbane ein kan ha for å utvikle samfunnet i ei positiv retning. Eg har lyst til å bli ein lærar som ser det beste i kvar enkelt elev, og som hjelper dei å nå sitt potensial. Som lærar kan eg gjere ein forskjell. I løpet av praksisperiodane i studiet har eg fått prøve korleis yrket verkeleg er. Nyfikne og engasjerte elevar utfordrar og syter for at ingen arbeidsdag blir lik.
Aktuelle yrke og vidare studium Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning som primært kvali fiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande sku
len. Utdanninga gir også undervisning skompetanse i andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.
44
45
Mediefag Høgskulen i Volda tilbyr ei av landets leiande journalistut danningar, og har utdanna fagfolk til den norske mediebran sjen sidan 1971. Utdanningane har jobbrelevante interne og eksterne prosjekt- og praksisordningar. Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa i Noreg og i utlandet.
46
Mediekunnskap årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år Søknadsfrist: 15. april Årsstudiet gir deg brei innføring i tradis jonelle og nye medium relatert til skule, arbeidsliv og samfunn.
Studieinnhald Studiet gir studentane teoretisk og teknisk kunnskap innanfor mediefeltet, og prak tisk innføring i medieproduksjon. Det er eit mål å gi eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå den rolla media spelar i samfunnet og for kvart einskilt individ.
Aktuelle yrke og vidare studium Årsstudiet i mediekunnskap gir ei brei innføring i fagfeltet som eit grunnlag for vidare spesialisering. Det kan også takast som vidareutdanning for lærarar. Studiet kan inngå i Bachelor i media, IKT og design ved Høgskulen i Volda.
Bachelor i media, IKT og design Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Er du kreativ, engasjert og vil arbeide i mediebransjen i framtida? I dette studiet arbeider du med mediedesign, medieproduksjon eller medieutvikling for å skape innhald på dagens og morgendagens plattformer. Besøk bloggen vår på MIDlabs.no, der du kan lese om kvardagen vår.
Studieinnhald Studiet har tre studieretningar. Medieproduksjon fokuserer på visuelle medi um som film, foto og fleirkameraproduksjon. Du arbeider med bilet- og video produksjonar innanfor fleire sjangrar. Mediedesign tek utgangspunkt i grafisk design, og du fordjupar deg i konseptut vikling og visuell utforming med vekt på digitale flater. Medieutvikling gir kompetanse i utvikling av brukarvenlege løysingar for nettbrett, mobil og web. Med relevante programmeringsspråk i verktykassa får du fordjupe deg i utvikling av apps og problemløysing i utviklingsprosjekt.
Aktuelle yrke og vidare studium Bachelorgraden kvalifiserer til ulike yrke innanfor mediebransjen. Studieretning Medieproduksjon kan danne grunnlag
for ein karriere som medieprodusent innanfor foto, oppdragsfilm og event produksjon, medan studieretning Mediedesign opnar for arbeid innanfor grafisk design, webdesign, layout for magasin/aviser, reklame og informasjon. Studieretning Medieutvikling kan mellom anna gi grunnlag for ein karriere som webutviklar, front end-designar, app-utviklar, interaksjonsdesignar og UX-designar. Bachelor i media, IKT og design kvalifiserer for vidare studium på mastergradsnivå.
Eit semester i utlandet Studentar kan reise utanlands som del av studiet om våren i andre studieåret. Høgskulen i Volda har avtalar med universitet og høgskular i Norden, USA, Australia, Canada, Irland, Storbritannia, Spania, Tyrkia og ei lang rekkje andre land.
47
Bachelor i animasjon Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april Animasjonsutdanninga er den eldste utdanninga på høgskulenivå i Norden. Mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda. Utdanninga er også kjend for filmfestilvalen Anima tionVolda som vert arrangert kvar haust. Undervisningsspråket er i hovudsak engelsk. Animasjon er med sin sentrale plass i både data, fjernsyn og film eit viktig element innanfor både underholdning, nyheiter, informasjon og undervisning.
Studieinnhald Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium. Animasjonsutdanninga kvalifiserer studentane til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk og animasjon i kombinasjon med andre medium. Studiet gir innføring i alle vanlege animasjonsteknikkar (teiknefilm, dokkefilm, cut-out og data-animasjon).
Aktuelle yrke og vidare studium Den norske animasjonsbransjen er i sterk vekst og rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Animerte TV-seriar og animerte langfilmar for kinodistribusjon er viktige arbeidsområde for animatørar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag svært vanleg, og i tillegg treng digitale medium (Internett, dataspel m.m.) animatørar. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante master program i Noreg og i utlandet.
Eit semester i utlandet
Aktuelle yrke og vidare studium
Det vert lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved utdanningsinstitusjonar vi samarbeider med, til dømes i Danmark, Storbritannia, Estland, Tyrkia, Kroatia, Frank rike og Australia.
Bachelorgraden gir kompetanse som kan brukast på ei rekkje område i vårt medieog kommunikasjonsorienterte samfunn. Relevante arbeidsplassar vil vere kommunikasjonsbyrå og ulike line- og stabsfunksjonar i både privat og offentleg sektor.
Bachelor i PR, kommunikasjon og media
Utdanninga kan også gi grunnlag for andre karrierevegar avhengig av arbeids marknaden, personlege interesser, og eventuelt vidare utdanning. Studentane våre gjer karriere innanfor ulike sektorar i samfunnet.
Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Studiet dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar innanfor fagfeltet i Noreg og i utlandet.
Høgskulen i Volda har i dag eit av dei sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg, og har gitt tilbod om kommunikasjonsutdanning sidan 1980-talet. For organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er, og kva ein driv med på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer med seg sjølv og omverda, har innverknad på omdøme, effektivitet og økonomi.
Studieinnhald Bachelorprogrammet tilbyr studentane forskingsbasert undervisning innanfor eit breitt spekter av emne og fagfelt: journalistikk, medievitskap, politisk økonomi, organisasjon og leiing, marknadsføring og ulike sosiologiske og statsvitskaplege emne. Undervisninga er kombinert med omfattande og jobbrelevante interne og eksterne prosjektog praksisordningar. Studentane får inngåande kjennskap til tilhøvet mellom teori og praksis. Dette er kanskje det viktigaste konkurransefortrinnet til kommunikasjonsutdanninga i Volda.
Rasmus Sivertsen, regissør – Gjennom utprøving av forskjellige animasjonsteknikkar fann eg mitt eige uttrykk. I Volda fekk eg også eit kjempestort nettverk av folk innan animasjon og media som eg framleis har god kontakt med.
48
Bachelor i journalistikk, spesialisering avis/nett
Eit semester i utlandet Det er tilrettelagt for å gjennomføre delar av studiet (inntil eitt semester) ved universitet i utlandet, til dømes ved West minster i London, Griffith College i Irland eller Hawaii Pacific University.
Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Bachelor i journalistikk, spesialisering tv/radio Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april Studieprogrammet i tv/radio utdannar journalistar med særleg vekt på lyd og levande bilete. Det gir ei brei innføring i kringkastingsjournalistikken sine mange format, teknikkar og teknologiar. Studiet gir også kompetanse i nettpublisering. Høgskulen legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn i mediebransjen.
Studieinnhald
Preben Carlsen, Konsern sjef og styreleder i Trigger – At man ikke bare leste teori, men tidlig fikk utøve håndverket og lære gjennom konkrete oppgaver, gjorde blant annet at det var vesentlig enklere
Studieprogrammet i avis/nett-journalis tikk gir brei innføring i moderne, digitalt basert journalistikk for papir- og nettme dia. Studiet gir kunnskap om både lyd-, bilete- og tv-teknikk. Høgskulen legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn i mediebransjen, og i å undervise i digital presentasjon basert på dei nyaste publiseringsprogramma.
Studieinnhald Studentane får systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskap om journalistikk som fag. Det blir gitt teo retisk undervisning i journalistikk og medievitskap.
å takle overgangen fra student- til yrkesliv. Teoretisk ballast har gitt meg
Studentane får systematisk trening i jour nalistisk arbeid og kunnskap om journali stikk som fag. Det blir gitt teoretisk under visning i journalistikk og medievitskap. Studiet gir også kunnskap om og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål.
faglig tyngde og gode verktøy til å lage
Arbeidsmåtane varierer frå enkle arbeids teknikkar til meir analyserande og undersøkande journalistikk. Studentane må søke hovudspesialisering i anten fjernsyn eller radio siste året.
Både i NRK, TV2 og VGTV arbeider mange journalistar som har studert i Volda. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.
Aktuelle yrke og vidare studium
Eit semester i utlandet
Utdanninga har fire periodar med obliga torisk praksis. I siste semesteret blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkande eller regionale medieverk semder der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar.
Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.
Studiet gir også kunnskap om og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål.
kommunikasjon. Kombinasjonen er uvurderlig.
Arbeidsmåtane varierer frå enkle journa listiske arbeidsteknikkane til meir analy serande og undersøkjande journalistikk.
Aktuelle yrke og vidare studium Utdanninga har fire periodar med oblig atorisk praksis. I siste semesteret blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkande eller regionale mediev erksemder der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar. Både i dei store mediehusa og i mindre redaksjonar arbeider mange journalistar som har studert i Volda. Bachelorgraden dannar grunnlag for opp tak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.
49
Eit semester i utlandet Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsi nstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.
Master i dokumentar og journalistikk Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars
I dagens samfunn vert det stilt stadig høgare krav til utøvarane i mediebransjen. Dette gjeld særleg dei som arbeider med krevjande stoff innanfor kritisk og under søkjande journalistikk.
Studieinnhald Masterstudiet opnar for produksjon av reportasjar og dokumentarar innanfor både radio, avis, nett og tv/film og byggjer på lange tradisjonar i undervisning i doku mentar og journalistikk.
istikk, avansert digital presentasjon og lengre featureproduksjoner.
Aktuelle yrke og vidare studium
Du kan velje mellom to studieløp: • Praktisk-teoretisk mastergrad med ein medieproduksjon for avis, radio, nett eller tv/film kombinert med ei skriftleg oppgåve.
Mastergraden gir aktuell kompetanse til utøvarar innanfor kritisk og undersøkjande dokumentarjournalistikk. Begge studieløp kvalifiserer til vidare doktorgradsprogram.
• Teoretisk grad med ei masteroppgåve av same omfang som ved medievitskaplege studium ved universiteta.
Studentar som tidlegare har gjennomført eittårig dokumentarfilmutdanning, kan søkje om innpassing.
Studentar som vil lage ein sjølvstendig do kumentar får tilbod om særs kvalifisert rettleiing. I tillegg vert det gitt tilbod om samarbeid med redaksjonsgrupper som arbeidar med undersøkjande journal
Eit semester i utlandet Det er høve til å ta emne over eitt semester ved ein utanlandsk lærestad.
Silje Nordnes, Programleiar i P3morgen - Eg dreg nytte av det eg lærte i Volda kvar einaste dag, som til dømes intervjuteknikk og etikk. Eg har også mykje igjen for det eg lærte om forteljarteknikk og dramaturgi.
50
51
Språk og litteratur Det er stort behov for språk- og tekstkompetanse både i offentleg og privat sektor. Høgskulen i Volda har eit fleksibelt studietilbod innanfor språk og litteratur, både på bachelorog masternivå. Som einaste i landet tilbyr høgskulen Master i nynorsk skriftkultur.
52
Norsk (nordisk) årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år (heiltid), 4 semester/2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april
Studieinnhald Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Årsstudiet gir ei generell innføring i språkkunnskap og språket som kultur. Det vert mellom anna lagt vekt på å analysere tekstar i ein kulturell og historisk samanheng.
Aktuelle yrke og vidare studium Dei fleste som tek Norsk årsstudium nyttar faget i undervisningssamanheng, men det høver også godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring. Undervisninga er samlingsbasert med fire samlingar pr. emne. Studiet vert også tilbydd som nettstudium med avgift (kr. 4000 pr. emne).
Årsstudiet kan inngå i ei lærarutdan ning eller i andre yrkesutdanningar der ein treng kompetanse i norsk. Det gir dessutan grunnlag for opptak til fordjupingsstudium innanfor faget. Det er identisk med første året av Bachelor i språk og litteratur.
Engelsk årsstudium Studielengd: 2 semester/1 år (heiltid), 4 semester/2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda og er morsmålet til om lag 400 millionar menneske. Det er dessutan eit viktig andrespråk for mange fleire. Som student vil du få tilbod om eit to vekers opphald ved Det norske studiesenteret ved Universitetet i York, England. Studiet kan takast både på heiltid og deltid.
Hege Lende Sørbråten Eg er veldig glad i å både lese og skrive, og valde studiet for å kunne fordjupe meg i litteratur.
Studieinnhald Engelsk årsstudium gir ei grunnlegjande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Etter fullført studi um skal du kunne bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.
Du skal også kunne identifisere og analysere språkstrukturar og eldre og nyare engelsk litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område).
Aktuelle yrke og vidare studium Studieprogrammet gir attraktiv kom petanse som del av kvalifikasjon til yrke, både i privat og offentleg sektor. Det gjeld til dømes i skulen, reiselivet, administrasjon, forlag og andre stader der det krevst gode engelskkunnskapar. Årsstudiet kan også inngå som del av bachelorgradar (t.d. Bachelor i språk og litteratur).
Bachelor i språk og litteratur Studielengd: 6 semester/3 år Søknadsfrist: 15. april
Visste du at både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde vert forma gjennom språk? I det moderne mediesamfunnet møter vi kvar dag ein flaum av språk og tekst, og å orientere seg i denne stadig meir komplekse situasjonen er ei utfordring.
Studieinnhald Studieprogrammet gir utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gir innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Du kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege, litterære eller didaktiske tema. Det vert også lagt vekt på å gi stu dentane kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking, for
53
å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
Aktuelle yrke og vidare studium Bachelor i språk og litteratur kvalifiserer deg for yrke der det er bruk for språkog tekstkompetanse både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna
i undervisning, informasjonsarbeid og arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv. For å få formell undervisningskompetanse må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Bachelor i Språk og litteratur kvalifiserer for opptak til fleire mastergradar ved Høgskulen i Volda.
Eit semester i utlandet Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer det, kan du spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, til dømes ved det norske studiesenteret ved Universitetet i York, England.
54
Master i nynorsk skriftkultur Studielengd: 4 semester/2 år (heiltid), 8 semester/4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars
Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste i landet Master i nynorsk skriftkultur. Stud iet gir tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Masterstudiet går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid.
Studieinnhald Det vert nytta ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studentane skal få allmenn kompetanse om nynorsk som språk- og kulturfenomen. Dei skal også opparbeide kompetanse til å plassere den nynorske skrift kulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader i verda.
Aktuelle yrke og vidare studium Masterprogrammet gir deg brei språkog kulturkompetanse og kvalifiserer for
undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum og i offentleg og privat kultursektor. Kulturinstitus jonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført master grad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.
Eit semester i utlandet Du kan studere det tredje semesteret ved ein av partnarinstitusjonane våre i Noreg eller i utlandet.
55
Opptaksrettleiing Generell studiekompetanse Høgskule- og universitetsutdanning byggjer på vidaregåande utdanning, Høgskule- og universitetsutdanning byggjer på vidaregåande utdanning, og generell studiekompe tanse er normalt opptakskravet til alle grunnutdanningar. Generell studiekompetanse oppnår ein oftast gjennom fullført og bestått treårig vidaregåande utdanning eller yrkes kompetanse med fullført påbygging. Til nokre studium er det særskilde opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse. Desse opptakskrava finn du på dei aktuelle studieomtalane på nettsidene våre.
Realkompetanse Søkjarar som er 25 år eller eldre i søknadsåret, og som har minst fem år fulltids yrkes praksis, men ikkje generell studiekompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvali fiserte for eit bestemt studium på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er kunnskap søkjaren har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte. Realkompetansen må vere relevant for det studiet ein søkjer på.
Andre vegar til generell studiekompetanse Det finst også andre måtar å oppnå generell studiekompetanse på. Sjå Samordna opptak sine nettsider for meir informasjon om dette på samordnaopptak.no og hivolda.no/sok.
Opptak med førstegongsvitnemål Når du søkjer opptak til høgare utdanning med krav om generell studiekompetanse vert du vurdert i ein ordinær kvote og eventuelt kvoten for førstegongsvitnemål. For å kon kurrere i førstegongsvitnemålkvoten må du ikkje fylle meir enn 21 år i opptaksåret og ha • fått førstegongsvitnemål frå vidaregåande opplæring på normal tid eller • generell studiekompetanse på bakgrunn av vitnemål frå yrkesfag bestått på normal tid og tatt studiekompetansefaga i tillegg. Skal du søkje studium med spesielle opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse, og konkurrere i kvoten for førstegongsvitnemål, må faga som inngår i det spesielle opp takskravet stå på førstegongsvitnemålet ditt.
56
57
Nettstudium Med om lag 1000 nettstudentar er Høgskulen i Volda blant landets største tilbydarar av nettstudium! Høgskulen arbeider kontinuerleg med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller studium og andre aktivitetar. Difor har vi utvikla ei rekke aktuelle nettstudium: Administrasjon, planlegging og leiing
Lærarutdanningar
Forvaltningsarbeid
Digital kompetanse i læring
Kommunal økonomi
Engelsk 1 for 1.-7. årssteg
Offentleg rett
Engelsk 1 for 5.-10. årssteg Matematikk 1 og 2 for 1.-7. årssteg Matematikk 1 og 2 for 5.-10. årssteg
Historie, kultur, samfunn og religion
Norsk: Lese- og skriveopplæring Nynorsk i opplæringa
Film, populærkultur og livstolking
Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur
Historie
Vidareutdanning for lærarar i religion, livssyn og etikk
Religion, livssyn og etikk Skuleretta samfunnsfag
Andre studium Språk og litteratur Engelsk Norsk (nordisk)
Les meir på hivolda.no/vidare.
Examen philosophicum
58
Bli student i Volda du også! På hivolda.no/innblikk kan du lese kva studentane sjølve fortel om det å studere i Volda.
59
hivolda.no