MAGASIN FOR HØGSKULEN I VOLDA SOMMAR/HAUST 2014
STUDENTBANDET
P3MORGEN-SILJE:
AMONG COLORS
– Eg kan eigentleg vere ganske morgon gretten
LEVE
OPPLEVE
STUDERE
Satsa alt på P3 PROSJEKT: RENT VANN
«Kia ora» fra New Zealand Arktisk friluftsliv på Svalbard
Lærargnisten Heimelaga – men enkelt
ØYEBLIKKET
1
2
3
4
5
6
7
8
9
1. @birgittekalvatn: Friluftslivstudentar på skitur med 25 kg på ryggen. 2. @arnechr: Selfie i lag med duoen frå P3morgen. 3. @eirikfure: Journalistikkpraksis. 4. @meretheaas: Utekos i Volda sentrum. 5. @siljebihaug: Kos med #hivoldapusen. 6. @stinebraun: Praksisavisa Næravisa, klar til distribusjon. 7. @sviska: Støyping av skulptur til eksamensoppgåve. 8. @ragnhildusoldal: Ferdig med 1. året på barnehagelærarutdanninga! 9. @alaskanhawaii: Padling på Hjørundfjorden. #HiVolda – bli kjend med høgskulen og studentmiljøet gjennom studentane og dei som jobbar der.
2
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEIAR
Lille store Volda Volda er ein liten stad med store mogeleg heiter. Lave bukostnader gjer at studentane både har tid og råd til å forme sin eigen kvardag, anten det er innanfor friluftsliv, studentmedia, som frivillig på festivalane eller innanfor andre interesseområder. I denne utgåva kan du mellom anna lese om studentbandet Among Colors som lagar sin eigen musikk, og om korleis voldastudentar har bidratt til å bygge ein brønn i Malawi. Grunnskulelærarstudentane Jeanette-Kristin, Heidi og Rebekka fortel om si utveksling til Waikato på New Zealand.
Friluftslivsstudentane Sol og Mathilde deler sine opplevingar frå studietur til arktiske Svalbard. Du får også vite korleis tidlegare journalist student Silje Nordnes blei programleiar i P3morgen. Anita fortel om korleis ho brukte interessa for mat i si bacheloro ppgåve i Planlegging og administrasjon. Kvar haust kjem det over 1000 nye studentar som tek i bruk studiebygda vår. Vi håpar du også blir ein av dei. Velkommen til Volda! ANN KARENE RASMUSSEN rasmuann@hivolda.no
Bidragsytarar
HALVOR SOLHJEM NJERVE Studerer journalistikk
CAROLINE D. WEDELBORG Studerer PR, kommunikasjon og media
MARIUS BECK DAHLE Fotograf - mariusbeckdahle.com
EIVIND ØVERÅS Studerer Media, IKT og design.
Fotoredaktør for studentavisa Peikestokken. Fotograf for studenthuset Rokken. Tidlegare redaktør for Student-TV.
Fotoansvarleg på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Jobbar med PR- og informasjons arbeid for Malawifriends.
Fotograf frå Volda med oppdrag over heile landet. Jobbar primært innan reklame- og motefotografi.
Jobbar med det tekniske på Rokken. Fotograf for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen og for studentavisa Peikestokken.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
3
INNHALD
– DET Å SJÅ SÅ MANGE STUDENTAR STØTTE OPP OM PROSJEKTET VAR HEILT UBESKRIVELEG. 14
Meir! 2014 6 NYHENDE Småsaker om det som skjer på høgskulen, om miljøet og studentane.
16 LÆRARGNISTEN Ingolf slutta som snekkar og flytta til Volda for å bli grunnskulelærar.
12 SATSA ALT PÅ P3 Silje Therese Reiten Nordnes har drøymt om å jobbe med radio sidan ho var lita.
18 MODERNE EVENTYR PRINSESSER Eksamensprosjekt i emnet Photo- Art and Illustration.
14 PROSJEKT: RENT VANN Engasjerte studentar frå Volda bygde brønn i Malawi.
22 AMONG COLORS Studentband som spelar eigenkomponert musikk.
4
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
24 «KIA ORA» FRA NEW ZEALAND Grunnskulelærerstudenter på utveksling til Waikato i New Zealand.
30 ARKTISK FRILUFTSLIV PÅ SVALBARD Friluftslivsstudentene Sol og Mathilde på studietur til Svalbard.
26 VOLDAKART Ei oversikt over campus og fritidsaktivitetar i Volda.
34 FESTIVALBYGDA Ei oversikt over dei største festivalane i Volda.
28 HEIMELAGA – MEN ENKELT Anita brukar si interesse for mat i både fritid og studium.
INNHALD
28
22
MAGASINET FOR HØGSKULEN I VOLDA SOMMAR/HAUST 2014 Redaktør Ann Karene Rasmussen rasmuann@hivolda.no Redaksjon Informasjonskontoret: Informasjonsleiar – Per Arne Brandal Informasjonskonsulentar – Ann Karene Rasmussen og Tone Solhaug Produksjon Tone Solhaug og Ann Karene Rasmussen
12
Design Kib & Morits www.kibogmorits.no Foto Marius Beck Dahle, Janne Marit M. Falch, Eivind Øverås, Halvor S. Njerve, Marte Aubert, Arne Christian Ingvaldsen, Ingeløw Elise Kopperud, Hilde Ranheim, Arnfinn Kjelland, Espen André Breivik, Caroline D. Wedelborg, Hilde Fredriksen, Linn Andrea Valde, Hege K. Warhuus, Jeanette-Kristin Gjerde, Rebekka Iversen, Heidi Elisabeth Bjørdal, Chris-Håvard Berge, Ann Karene Rasmussen, Tone Solhaug Trykk Printing AS Opplag 6000
24
30
Web www.hivolda.no
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
5
NYHEITER
Studenter i jury på Gullruten
Studentar arrangerte Bjorli Open Studentar frå Idrett, Musikk og Media, IKT og design (MID) hadde i vår ei veke praksis på Bjorli for å arrangere spenningskurs for folk med spesielle behov. Idrettsstudentane var instruktørar og hjelparar for deltakarane, med god hjelp av elevar frå Møre Folkehøgskule og studentar frå Åbo Akademi i Finland. Deltakarane blei utfordra i aktivitetar som alpint, snør afting og hundekøyring. Musikkstudentane hadde eigen stasjon i ein av lavvoleirane, med instrument der deltakarane kunne få prøve seg og vere med på songleikar. MID-studentane dekte heile veka gjennom både fotografering og filming. Høgskulen i Volda har vore med i prosjektet sidan starten i 1993. Målet har vore å gi deltakarane ei triveleg kursveke med aktivitetar tilpassa deira ulike føresetnader. FOTO MID-STUDENTAR
Millionstøtte til animert film Tidligere animasjonsstudent, produsent og regissør Martine Grande, mottar 1 million kroner fra Norsk filminstitutt i produksjonstilskudd til kortfilmen «The Lonely Catwalk». Det blir gitt tilskudd til fire kortfilmer og en kinofilm. The Lonely Catwalk er en animert collagefilm som kommenterer og stiller spørsmål rundt store tema som femininitet, diskriminering, myter og makt. Gjennom en bitter og forlatt mannsmonolog til en liten jente, får vi innblikk i kvinne rollens plass i historien. Martine Grande leder selskapet Grande Produksjon AS i Volda, som mellom annet er kjent for filmen «Kakerlakken med den stygge frakken» og «Hodet fullt av triste tanker». FOTO HILDE RANHEIM
I februar fikk vi som studerer master i Journalistikk og dokumentar, en e-post fra læreren vår, Pål Aam, om at Gullruten hadde henvendt seg til høgskolen. De så etter studenter til å sitte i jury. Vi så på det som et veldig interessant arbeid, som ville gi oss et unikt innblikk i prosessen som ligger bak å dele ut slike priser. Fra masterklassen var det Kaia Viki, Trine Lise Sviggum Helgerud, Roger Oldeide, Ingeløw Elise Kopperud og Liv-Hilde Siri Dimmestøl. I tillegg var journalistikk- student Atle Sandhals Syversen også med i en av juryene. Vi fikk være med på mottakelse med rød løper, selve showet og etterfesten. Alle jurymedlemmene fikk også være med å stemme frem årets tv-øyeblikk. Til sammen ble det vurdert nesten 450 bidrag og 13 juryer var i arbeid. Studentene var fordelt på juryer i åtte kategorier, blant annet Beste TV-drama, Beste underholdningsprogram og Beste kvinne lige skuespiller.
Det var interessant å diskutere programmene med andre fra TV-bransjen og morsomt å være med på å påvirke utfallet. I tillegg var det spennende å se hvordan TV-bransjen virkelig feirer seg selv. TEKST OG FOTO INGELØW ELISE KOPPERUD
6
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
NYHEITER
Styret i Fadderveka.
Fadderveka 2014
Barnehagelærarstudentar til London I mars reiste vi som går første året ved barnehage lærarutdanninga, på studietur til det fleirkulturelle området Redbridge aust i London. Turen var i samband med emnet «Samfunn, religion, livssyn og etikk». Tidlegare i år har vi hatt undervisning om barnehagane i Noreg, mangfaldet i barnehagane og fått kunnskap om forskjellige religionar og kulturar. Det var dette som var i fokus då vi reiste til London i tre dagar for å besøkje både pedagogiske- og ulike religiøse institusjonar. Vi blei viste rundt på Fairlop Primary School og Christchurch Primary School og fekk kome inn i klasseromma til dei forskjellige årsstega for å sjå korleis dei hadde det. På begge skulane var bøker tema denne veka, og i klasse romma var det mange ivrige små som skreiv, las, teikna og fortalde om favorittboka si til kvarandre. På Sri Murugan Hindu temple fekk vi god tid til å gå rundt og sjå på alle statuane, offergåvene som var gitt til gudane, og observere menneska som var der for å tilbe. Vidare reiste vi til Illford Mosque & Islamic Centre. Der vart vi tatt imot av Imamen som fortalde oss om Islam, korleis muslimane lever, bønnerituala, og vi fekk høyre Adhān, kalle til bønn. Det siste gudshuset vi besøkte var Gurdwara Karamsar, eit Sikh-tempel. I tillegg til å ta av skoa, måtte både menn og kvinner dekke til hovudet. Turen var svært innhalds rik, kjekk og interessant, og gav opplevingar vi ikkje kjem til å gløyme med det første!
Helt siden januar i år har vi i faddervekestyret hatt møter hver onsdag, der vi har lagt både små og store planer for det vi tror kommer til å bli tidenes fadderveke. Årets tema er «Eventyrlige Volda». Vi vil få vist fram de mest unike og særegne tingene som vi alle liker så veldig godt med Volda, og vi mener at studietiden i denne nydelige bygda er et eventyr i seg selv. I år har vi valgt å ha fokus på alkoholfrie arrangementer og aktiviteter som kan fenge de fleste. For mange handler Fadderveka om fyll og fanteri, men vi vil prøve å legge til rette for at folk kan få en god start og blir kjent med hverandre på andre arenaer også. Vi kan blant annet friste med vårt kjære studentband Cinnamon City, allerede på Faddervekas første dag, men vi har også andre store band som vil skape god stemning, liv og røre på Studenthuset Rokken. Vi byr på opp til flere gratis kinovisninger og et ellers fullspekket program med noe for enhver smak. Se programmet på www.fadderveka.no. Følg også med på facebook.com/Fadderveka. Vi i fadderveke styret gleder oss utrolig mye til å møte nye og gamle studenter, og ikke minst til å vise Volda fra si vakreste side. TEKST ASTRID SINGSTAD HAGEN, LEDER, FADDERVEKASTYRET 2014
Når studentane tek over skulen – Elevane trudde dei skulle få frie tøylar denne veka, men vi sa klart i frå på måndag at dette ikkje blei nokon feriekoloni, seier grunnskulelærarstudent Nina Iren Rogne. Om lag 30 av tredjeårsstudentane ved grunns kulelærar utdanningane på Høgskulen i Volda tok over Vartdal skule ei veke, og hadde ansvar for undervisning og oppfølging av elevane. To av studentane hadde også rolla som inspektør og rektor. Skuleovertakinga er ein del av praksisen deira i vår. – Vi har plutseleg ansvar for alt, og situasjonen blir veldig reell. Det er veldig nytt for oss, for vi har alltid hatt rettleiing frå praksislærar. No rettleier vi i stor grad kvarandre og har stort utbytte av å følgje dei andre studentane si undervisning, seier Rogne. FOTO MARTE AUBERT
TEKST SINA LUND KLEIVA
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
7
NYHEITER
Gjev studiemogelegheiter Med den nye Kvivsvegen kan studentar frå indre Nordf jord som ikkje har mogelegheit til å flytte heimanfrå, studere ved Høgskulen i Volda. – Om lag 90 studentar pendlar dagleg gjennom Kviven for å ta høgare utdanning i Volda. For sosionomstudentane Rita Eide og Marita Ulvedal er Kvivsvegen avgjerande for at dei kan bu heime medan dei studerer ved høgskulen. – Kvivsvegen har betydd alt for oss. Vi har begge born og familiar, så det hadde ikkje vore mogeleg for oss å flytte til Volda for å studere. Utan Kvivsvegen hadde vi ikkje blitt studentar, seier Marita.
From Script to Screen
Voldastudent på Oslo Nye Allereie før han var ferdig å studere, fekk Martin Trondsen ved Drama og teater i vår høve til å spele i «Da Hilde ble 50» på Oslo Nye teater. Blant medskodespel arane var Sturla Berg-Johansen og Mari Maurstad. Martin spelar Kim, som er i starten av 20-åra og får eit forhold til hovudpersonen på 50 år. – Det er kjempeartig å få ei slik mogelegheit, og det er ei stadfesting på at ein gjer noko riktig. Det har vore veldig inspirerande og lærerikt, seier Martin. Ved Drama og teater-studiet har Martin hatt roller som Scrooge i «Et Juleeventyr» av Charles Dickens og Lysander i «En midtsommernatts drøm» av William Shakespeare. – Eg har gjennom studiet i Volda fått mykje erfaring, og vågar å dumme meg ut i prøvesituasjonar, noko som gjer at eg til slutt endar opp med eit betre resultat. Eg har også fått gode råd frå dyktige lærarar og høve til å vere kreativ. Etter planen kjem eg tilbake til Volda våren 2015 for å fullføre studiet.
Mathilde Sofie Henriksen, Vilde Hansen Sævik og Richard von Løwensprung frå bachelor i Drama og teater har dette semesteret laga kortfilm med Sturla Aslaksen frå bachelor i Media, IKT og design (MID) og internasjonal student Corinna Scherer i det tverrfaglege emnet From Script to Screen: The fictional short. – Det har vore eit kontrasterande møte mellom Drama og teater og MID. MIDstudentane kan andre ting enn vi kan. Vi lærer mykje av å vere ute i felten og har hatt ein enorm auke i teknisk forståing, seier Vilde. Saman har dei laga ein film om ei sjuk jente som får ny livsgiv etter at ein fugl krasjar i vindauget hennar. Ho pleier fuglen og slepp han etter kvart fri. Samstundes tar ho sjølv steget ut av rullestolen ho har vore bunden til på sjukehuset. – Vi har jobba med alt frå idé til manus, location, filming, klipping og redigering. Vi er godt nøgde med filmen, og det hadde vore kjekt å få vist han på småfilmfestivalar, seier Mathilde.
Stor auke i søkarar for idrett og friluftsliv Studietilboda i Friluftsliv og Idrett har opplevd stor auke i søkartala i år. Bachelor i Friluftsliv har hatt ein auke på heile 77 % frå i fjor og årsstudiet 57 %. Bachelor i Idrett har ein auke i søkartal på 58 % og årsstudiet 3 %. – Seksjon for Idrett og Friluftsliv er svært glade for dei gode søkartala. Vi har i alle år hatt fokus på å skape spanande studium og ha høg kvalitet i undervisninga, både når det gjeld teori og praktisk aktivitet. I tillegg får vi eit nært forhold til studentane gjennom mykje praktisk undervisning. Naturen på Sunnmøre, med nærleik til fjord og fjell, er dei perfekte rammene for friluftslivs undervisning, seier seksjonsleiar Frode Sætre.
8
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
NYHEITER
Ugras på menyen
Historie på studietur til Roma
Sommaren er i anmarsj i den vesle studie bygda vår, og eg tar med meg kamera og ei notatblokk og reiser på siste samling med årsstudium i Matkultur og Helse. I dag skal vi lære korleis vi kan lage mat av det vi finn i den største matbutikken av dei alle, nemleg naturen. Med på tur er høgskulelektor Kari Ryslet og førsteamanuensis Eirik Fooladi, som er utdanna organisk kjemikar. Saman utgjer dei ein av dei kulaste lærarduoane eg har møtt. Mens Kari er Ingrid Espelid Hovig, er Eirik den heilsprø professoren som fortel om dei mange spanande kjemiske prosessane som foregår når ein lagar mat. Eg tar med meg ein pose og sankar vekstar med dei andre i klassen. Nokre skal sjå etter grantreknoppar, medan andre skal sjå etter løvetann og bjørkeblad.
Roma er en by der du ikke bare hører om historie, men kan også se, lukte og føle den rundt deg. Gjennom emnet HI 100 – et innføringsemne i historie er det mulighet for å dra på en fantastisk og informativ tur til den italienske hovedstaden. Vi startet med Berninis fantastiske fontene av Triton og den betraktelig mer kjente Trevi. Videre har vi vært innom barokk-kirker av enorme proporsjoner spekket med både kunst og symbolisme. Deriblant Peterskirken hvor man kan klatre opp i kuppelen og få en utrolig utsikt over Petersplassen og Roma. Videre besøkte vi Spansketrappen og det hedenske tempelet Pantheon som senere ble omgjort til en kirke. Vi var i Forum Romanum som var et utrolig viktig sentrum for Romerriket i form av maktbalanse, politikk og annet. Her kan vi blant annet se mye av grunnen til at Julius Cæsar og hans sønn Augustin så mektige. Colosseum fikk vi også med oss. Denne bygningen gir ærefrykt og er en slags avbildning av hierarkiet i det romerske samfunn. Alle kunne komme til Colosseum, og hvor du fikk sitte, var bestemt ut i fra din plass på den sosiale rangstigen. Alt dette og mye mer historie er å oppleve på turen til Roma. Lærerne har god kunnskap og kan fortelle det du vil vite om disse severdighetene spekket med historie. TEKST JØRGEN GRØNVOLD BØE | FOTO ARNFINN KJELLAND
Dei mest effektive studentane Høgskulen i Volda er best i Noreg på «gjennom strøyming» av studentar i treårige løp. I Volda gjennomfører 63 % av studentane bachelorstudiet på tre år, medan landsg jennomsnittet er 43 %. – Nærleik til studentane, det interne faglege fellesskapet og høgskulen sitt samarbeid med regionen representerer verdiar som gjer at høgskulen lukkast så godt som han gjer, fortel dekanane Ketil Jarl Halse ved Avdeling for samfunnsfag og historie og Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag.
Etterpå samlast vi inne på kjøkkenet. Alle tømmer posane sine og vaskar det dei har sanka. Nokre set i gang med å koke vatn, medan andre lagar brøddeig. Det begynner å danne seg ein symbiose av ulike friske lukter. Etter nokre timar er det reine buféen. Alle samlar seg rundt langbordet og presenterer dei ulike rettane som er laga. På bordet står mellom anna bjørkeb aguett og brennes le sufflé. Éin etter éin forsyner seg, og endeleg er det min tur. Maten smakar nydeleg, heilt ulikt noko eg har smakt før. Og alt dette finn ein i naturen - fantastisk. Heldigvis fekk eg med meg oppskriftene så det blir ikkje siste gong. TEKST OG FOTO ARNE CHRISTIAN INGVALDSEN
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
9
NYHEITER
PR-Praksis PR, kommunikasjon og media student Becky Bakr har i vår hatt praksiso pphold på informasjons avdelingen i Flyktningh jelpen, som er Norges største hjelpe organisasjon med rundt 4000 ansatte i over 20 land. Becky jobbet med medieinnsalg, kampanje for barn på flukt, nettsider og sosiale medier i forbindelse med TV2s Artistgalla for Flyktninghjelpens arbeid for barn på flukt. – Verden står overfor store humanitære kriser i dag. Det har vært en fantastisk mulighet for meg å kunne få jobbe for å fremme situasjonen til mennesker på flukt gjennom mitt praksisopphold for Flyktninghjelpen. FOTO FLYKTNINGHJELPEN/ CHRISTIAN JEPSEN
Bachelorkonsertar Kvar vår har musikkseksjonen gleda av å invitere til eksamens konsertar. I år var det heile 13 konsertar, der nokre blei gjennomførte på studenthuset Rokken og andre i den nye Konsertsalen i Kaarstadhuset på høgskulen. Det blei presentert musikk av ulike sjangrar og frå fleire epokar i nyare musikkhistorie. Blant konsertane var «Datarock. You gotta Dance», presentert avAnders Tjøme Hagen, Lena Fet med musikk av den amerikanske bluesm usikaren «Stevie Ray Vaughan» og Vidar Vasset med ein hyllest til Gary Moore.
Sosialfagsstudenter på studietur til Riga
Når TV2 og NRK er på jakt etter nye dokfilmer, drar de til Volda De mener den studentdrevne dokumentarfilmfestivalen Dokfilm er best i klassen. Volda-studentene kan festival. Over 200 frivillige har sørget for at det hele gikk av stabelen som planlagt den siste helga i april. Men de har også bidratt til å opprettholde en annen tradisjon: festivalens posisjon som et viktig bransjetreff for Norges dokumentarfilmmiljø. Kristine Ann Skaret i Norsk Filminstitutt bekrefter at Dokfilm er blitt en innflytelsesrik festival for norsk dokumentarfilmbransje. – Det er rett og slett et viktig møtested, og jeg tror Volda på mange måter har vært norsk dokumentarfilms vugge. NRK er «alltid» på plass, og eksternsjef i NRK Petter Wallace er selv på Dokfilm for femte året på rad. – Vi har vært over hele floraen av festivaler, og vi har endt opp med å gjøre to ting: Vi har en stor satsing på Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) og vi er her. For her møter vi den nye vinen, forteller han. TEKST VILDE SAGSTAD IMELAND OG PETTER FLØTTUM, UNIVERSITAS.NO
10
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
I 2. klasse på sosionom- og barnevernspedagog studiene er det lagt opp til et feltstudium, der vi selv får velge hvor vi vil dra. For 40 av studentene gikk turen i vår til Riga i fem dager. I løpet av turen besøkte vi blant annet et kvinnefengsel hvor vi fikk om visning og innblikk i hvorfor noen av de innsatte var der. Vi var innom et barnehjem, hvor to av studentene sikret seg tre måneders praksisplass til høsten. Vi var også på MARTAsenteret, som er et anti-trafficking senter. Der jobbes det for at kvinner ikke skal bli utsatt for menneskehandel, prostitusjon, vold i nære relasjoner og for likestilling. På sentret hjelpes også jenter og kvinner som er blitt utsatt for menneskehandel gjennom juridisk og psykologisk hjelp. Feltstudiet ga oss innblikk i flere mulige arbeidsområder og problemstillinger vi kan møte som ferdig utdannede. TEKST CAMILLA NANDITHA JENSEN
NYHEITER
Er det noko du lurer på?
SØK-korpset er studentrettleiingstenesta ved Høgskulen i Volda, og i heile sommar svarer dei på spørsmåla dine om søknaden, studietilbod, fritid, bustad eller andre ting om det å vere student i Volda. I år er Haakon Stensrud og Elisabeth Busengdal på plass for å hjelpe deg. – Ikkje nøl med å ta kontakt, spesielt viss du har særlege utfordringar som krev tilrettelegging, seier Elisabeth. Søkjarar og andre skal kunne kontakte oss med alle typar spørsmål. Vi er òg studentar og har truleg hatt mange av dei same spørsmåla. Fram mot studiestart finn du også mykje nyttig informasjon på www.hivolda.no/studiestart. Her er mellom anna kontaktpersonar, rettleiing og rådgjeving, ofte stilte spørsmål og nyttige lenkjer. Kontakt søkkorpset på telefon: 70 05 48 00 (måndag til fredag 09:00-15:30) eller på e-post: sok@hivolda.no
Forskingsdagane 19.–23. september arrangerer høgskulen Forskingsdagane 2014. I år er det nasjonale temaet «Kommunikasjon», som kan knytast til alle fagområda ved høgskulen. Det vil mellom anna bli foredrag om «Selfies i sosiale media» og «Språktrendar på Facebook» , kommunikasjons seminar og «Pecha Kucha». hivolda.no/forskingsdagane
#Selfie!
Jeg hadde lenge tenkt å jobbe med selvportrett, men slet med å finne en ny og interessant vinkling. I en veiledningstime for bacheloroppgaven min i Kunst og håndverk ble selfies nevnt, og dette fikk meg til å undersøke den nye selfietrenden nøyere. Jeg ble fascinert av hvordan trenden har påvirket hvordan vi velger å portrettere oss selv i dag. Til dette ville jeg skape en visuell samfunnskommentar med hjelp av referanser fra kunsthistorien. Ved å trekke inn kunsthistorien kunne jeg sette selfies i et nytt perspektiv som paroderte hvordan vi strekker oss etter å nå samfunnets forventninger. Edvard Munch sitt Skrik var et av de kunstreferansene jeg jobbet med som ga sterkest uttrykk. Samtidig er det et svært angstfylt og alvorlig bilde med fokus på det indre, som i kombinasjon med selfie gav et komisk uttrykk. Dette trakk fram det absurde med selfies, hvordan de spiller så mye på det ytre og parodierer hvordan vi alltid prøver å vise andre at vi er lykkelige fordi samfunnet forventer det. TEKST OG MALERI ELIN GRØNVIK
Sommarfestival i Volda Behovet for ei scene og ein møtestad for kultur i studiebygda Volda resulterte i festivalen Exit Volda. Det starta som ein eksamen i emnet Entreprenørskap i kultur næringar. Cecilie Sandvik, Jørgen Rodem, Carolina Lindesteg og Torbjørn Øvrevik frå Avdeling for kulturfag gav liv til den, i utgangspunktet teoretiske og skriftlege, eksamens oppgåva. Med Exit Volda tek vi med kulturen ut til eit felles samlingspunkt. Vi ville hylle avgangsstudentar og arbeidet dei har gjort i løpet av studietida i Volda, fortel Sandvik. Exit Volda fann stad i ein svært triveleg bakgard, der studentane hadde saga, spikra, rydda og sikra ekte festivalpreg. Inne i huset var det kunstutstilling og filmvising. Utandørs sto fleire band og musikkstudentar på scena. – Det her kan berre oppsummerast med eit ord; fantastisk. Det er mange initiativtakarar her i Volda i alle fall, for det her har eg ikkje opplevd andre stader, seier festivaldeltakar Jens Haumann. TEKST OG FOTO ESPEN ANDRÉ BREIVIK, FRAMTIDA.NO
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
11
LEVE
Satsa alt på P3 TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO HALVOR SOLHJEM NJERVE
Ho har vore P3-fan sidan kanalen kom på lufta i 1993. Alt som lita jente tok ho opp sekvensar frå sendingane og laga eigne program. No er Silje Therese Reiten Nordnes programleiar i P3morgen, med om lag 250 000 lyttarar kvar morgon. – Heilt sidan eg var lita har eg drøymt om å jobbe med radio, sjølv om det tok litt tid før eg begynte på journalistikkstudiet. VOLDA- EIT NATURLEG VAL Med ein Bachelor i latinamerikanske studiar frå Universitetet i Oslo og erfaring frå Radio Nova, som er studentradioen i Oslo, flytta Silje til Volda og tok til på journalistikkstudiet. – Av journalistar og vener fekk eg høyre at det var Høgskulen i Volda som var tingen viss ein hadde lyst til å jobbe med radio. Volda var difor eit naturleg val. Vi var ein flott gjeng i klassen som, trass i av stort mangfald, også var veldig like på mange måtar. Vi er mange som framleis held kontakta og fleire av mine næraste venner er frå studietida i Volda. Som student var Silje med i programmet «Kjerringprat» i Volda Studentradio, beskrive som «latterlig underholdning av og for kjerringer». – Det var veldig kjekt! Vi hadde stor fridom til å gjere det vi hadde lyst til. I «Kjerringprat» hadde eg ei fast spalte kvar veke der eg las høgt frå kiosklitteratur, ler ho. P3 VAR MÅLET Karrieren i P3 starta med ein tre måneder lang praksisp eriode det siste semesteret i journalistikkutdanninga. – I praksisperioden fekk eg vite at det var høve til sommarjobb, men sjefen i P3 sa eg ikkje måtte satse alt på ein hest. Det gjorde eg likevel. Eg planla ingenting den sommaren. Eg søkte ingen andre jobbar, og kjøpte verken
12
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
interrail- eller jorda rundt-billett. Eg ville til P3. Silje fekk først avslag, men etter ei veke ringte dei med tilbod om sommarjobb, og ho byrja som produsent i P3morgen. – Etter ei stund fekk eg prøve meg litt som reportar, og då ho som var fast reportar gjekk ut i mammapermisjon, steppa eg inn som vikar. Etter ei stund blei eg vikar for programleiar Live Nelvik då også ho gjekk ut i mammapermisjon. Så litt flåsete kan ein seie at min karriere er bygd på andre si familieauke. Overgangen frå å vere utegåande reportar til å bli vikarierande programleiar var stor. – I byrjinga fekk eg ikkje sove. Eg blei veldig stressa av tanken på å skulle sitte der i tre timar og alltid ha noko å snakke om. Som programleiar har ein eit mykje større ansvar enn som reportar. Men det er ikkje noko problem, vi finn alltid noko å snakke om. Eg trivst godt i talkshow-formatet, med gjester og underhaldning. Eg likar å finne ut av korleis ting heng saman, og så elskar eg å snakke med folk. Eg dreg nytte av ting eg lærte i Volda kvar einaste dag, som til dømes intervjuteknikk og etikk. Eg har også mykje igjen for det eg lærte om forteljarteknikk og dramaturgi. Og så kjem kurset « Digital sporhund» veldig godt med når eg skal finne informasjon om folk på internett. EKTE RADIO Sjølv om Silje ikkje er A-menneske, står ho gladeleg opp klokka 5 kvar dag for å lage morgons how for P3-lyttarane. – Eg kan eigentleg vere ganske morgongretten,
men vi har det så kjekt saman på sending at all grettenheita forsvinn som dogg for sola i den augeblinken eg går inn i studio. Vi er på lufta frå klokka 6 til 9, og så går det i eitt resten av dagen med møte og førebuingar til morgondagens sending. Det er mange som trur at vi berre går heim rett etter sending, men det kan eg avkrefte. I P3morgen snakkar ho og medprogramleiar Ronny Brede Aase om kva som skjer i verda, og det dei trur lyttarane bryr seg om. – P3morgen er ikkje plassen for dei store «scoopa». Vi stiller ikkje folk til veggs, men har ein hyggeleg morgonprat. Vi skal vere lyttarane sine vener om morgonen. Vi er utadvente og personlege, men prøver å vise at det vi fortel om, er noko lyttarane kan kjenne seg igjen i. Vi spelar aldri roller. Vi skal vere oss sjølve og ta utgangspunkt i det som er ekte, utan manus. TÅRENE TRILLA Nokre av dei beste opplevingane Silje har hatt i sin radiokarriere, har vore i møte med lyttarane. – I desember kvart år arrangerer vi julefrukost i Store Studio. Då køyrer vi livesending med gjester, artistar og publikum i salen. Det at folk står opp midt på natta for å komme å sjå på at vi lagar radio i tre timar, er beint fram rørande. Då Silje fekk tilbod om fast jobb i P3 i vår, gjekk draumen i oppfylling, og tårene trilla. – Eg får jobbe med dei beste folka og ha dei mest fantastiske lyttarane. For det er eg heilt sikker på nemleg, at lyttarane til P3morgen er dei beste.
LEVE
– I BYRJINGA FEKK EG IKKJE SOVE. EG BLEI VELDIG STRESSA AV TANKEN PÅ Å SKULLE SITTE DER I TRE TIMAR OG ALLTID HA NOKO Å SNAKKE OM.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
13
LEVE
Prosjekt: Rent vann TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO CAROLINE DOKKEN WEDELBORG
I år blei det bygd ein brønn i landsbyen Chikwawe i Malawi. Det hadde aldri skjedd utan engasjementet til studentane i Volda. Lise Marit Syftestad frå Telemark starta i 2012 hjelpeorganisasjonen Malawifriends for å vidareføre arbeidet til bestefaren Birger Høisæt i landsbyen Chikwawe i Malawi. I 1999 køyrde han aleine på motorsykkel frå Noreg til SørAfrika. I løpet av seks månader var han innom 24 land. Han blei spesielt knytt til menneska i Chikwawe og hjelpte dei med alt dei trong i fleire år. Han betydde mykje for befolkninga der, og har til og med to av landsbybuarane oppkalla etter seg og dottera Tone. – Eg hadde eit nært og godt forhold til bestefar, noko som gjer dette prosjektet heilt spesielt for meg. Eg føler meg veldig heldig og privilegert som har høve til å fortsette bestefar sitt arbeid gjennom mitt eige prosjekt, seier Lise. LÆRTE MYKJE OM ORGANISASJONSARBEID Etter tilråding flytta ho i 2013 til Volda og byrja på årsstudium i samfunnsvitskap. – Eg hadde fått vite at studentmiljøet i Volda var noko heilt spesielt. Eg søkte først på journalistikk, men då eg ikkje kom inn, valde eg eit fag som var relevant for journalistikk utdanninga. I studiet lærte eg utruleg mykje om korleis ein byggjer eit samfunn, og dette har eg hatt stor nytte av i organisasjonsarbeidet. Studentmiljøet i Volda lærte henne mykje om engasjement og viktigheita av frivillig arbeid. – Dokfilm er eit godt eksempel. Då eg var ansvarleg for dei frivillige på festivalen i 2013, fekk eg innblikk i kor stor verdi alle dei frivillige hadde og kor mykje det betydde for eit team dersom nokon ikkje var til stades, seier Lise. «MENN FOR MALAWI » I mai 2013 arrangerte Malawifriends ein inn
14
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
samlingsa ksjon på Studenthuset Rokken for PROSJEKT: RENT VANN som skulle skaffe pengar til ein brønn i Chikwawe i Malawi. – Det kom over 200 studentar for å støtte prosjektet, og for å få med seg ein heidundrande kveld. Hovudattraksjonen var auksjonen av fem menn til høgstbydande. Den kvelden samla vi inn over 25 000 kr. Det å sjå så mange studentar støtte opp om prosjektet var heilt ubeskriveleg. Studentane i Volda har vore heilt avgjerande for at PROSJEKT: RENT VANN kunne finansierast og realiserast, seier Lise. BRØNNBYGGING I påska 2014 reiste Lise og tre frivillige til Malawi for å bygge brønnen i Chikwawe under PROSJEKT: RENT VANN. I reisef ølgjet var to andre Voldastudentar, Tuva Bjordal og Caroline Dokken Wendelborg, som begge studerer PR, kommunikasjon og media. – Då vi blei kjent med Lise i Fadderveka i fjor, introduserte ho oss for Malawif riends og prosjektet ho ville gjennomføre, og vi fann ut at det var ei felles interesse. Både eg og Caroline har vore i Afrika før, og vi veit kor mykje ein brønn betyr for samfunnet der, fortel Tuva. I nabolaget der brønnen blei bygd, bur det åtte familiar som no får sikker tilgang til vatn. – Den nye brønnen betyr vatn til betre helse og til dyrking, og at dei som bur der, slepp å bruke tid på å hente vatn i ein brønn der vatnet kanskje ikkje er reint, seier Tuva. KOMMUNIKASJON VIKTIG I PROSJEKTET Som PR-studentar har Tuva og Caroline hatt ei viktig rolle i utviklinga av PROSJEKT: RENT VANN. Dei har mellom anna jobba med å skaffe pressedekning, skrive pressemeldingar og publisert i sosiale medium. Caroline var også
fotograf under opphaldet i Malawi. Dei to har gjennom heile prosessen fått testa det dei har lært ved høgskulen i praksis. – All teori som omhandlar kommunikasjon, frå å legge ein strategisk kommunikasjonsplan, til korleis vi bør kommunisere, kva kanalar det bør kommuniserast i og korleis vi skal finne rett målgruppe, har vi hatt stor nytte av. Det er fint at vi kan bidra med vår kunnskap og engasjement i prosjektet. Vi har stor personleg interesse for denne typen arbeid, og det er nok difor vi er så engasjerte i organisasjonen, seier Caroline. – Tuva og Caroline har vore fantastiske hjelparar og støttespelarar, og eg hadde aldri klart det utan deira ekspertise, gode forslag og ikkje minst gode humør. Dei er begge ein stor del av Malawifriends, seier Lise. NYTT PROSJEKT Lise og resten av Malawifriends er allereie i planleggingsfasen av eit nytt prosjekt. – Denne gongen har vi fokus på skule og ut danning, og vi vil prøve å nå ut til fleire enn før. Eg gler meg til å sjå Malawifriends si utvikling internt og eksternt, seier Lise. Sjølv har ho nettopp fullført eit år med journali stikk ved ein folkehøgskule i Danmark og skal til på studiar der til hausten. – Eg flytta til Danmark fordi eg trengte nye utfordringar og ville oppleve noko heilt nytt. Eg kom inn på journalistikk i Odense, og eg gler meg til å oppleve eit nytt studiem iljø. Dersom det berre er halvparten så godt som i Volda, er eg fornøgd! www.malawifriends.com
LEVE
1
2
3
1. Landsbybarna i Chikwawe jublar for at brønnbygginga endeleg er i gong. 2. Grunnleggaren av Malawifriends, Lise (til høgre), reiste til Malawi saman med Tuva Bjordal (til venstre), Caroline Dokken Wendelborg (framme) og Ingvild Holm-Risøe Myrstrand. 3. Før PROSJEKT: RENT VANN blei realisert, måtte landsbybefolkninga gå nærare ei mil for å hente vatn.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
15
STUDERE
– DEI FRIVILLIGE BETYR ALT FOR STUDENTMILJØET OG FOR ROKKEN.
16
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
STUDERE
Lærargnisten TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO EIVIND ØVERÅS
Ingolf Sakkarus Dyrhaug jobba som snekkar i Oslo, og når klokka var fire var han ferdig på jobb. Det gav han ingenting. Så prøvde han seg som lærarvikar, og det var full klaff. Det førte han til Volda, lærarutdanninga og Studentsamfunnet. Ikkje alle vil ha ein 9-4 jobb. Nokon treng ein jobb som engasjerer utover arbeidstimane. Ingolf er utdanna snekkar, men klarte ikkje å gi så mykje av seg sjølv i yrket. Han ville prøve noko nytt og enda etter kvart som lærar vikar på ein skule. – Det blei lengre og lengre vikariat og til slutt fekk eg eit års vikariat som kontaktlærar i ei 2. klasse. Det var berre så morosamt og gjevande. Eg var mykje meir engasjert i den jobben, og det gjorde at eg bestemte meg for å ta lærar utdanninga. KOLLEGAER SKRYTTE AV VOLDA Som født og oppvaksen i Oslo såg Ingolf seg nødt til å flytte vekk for å studere. – Dersom eg skulle begynne å studere, ville eg vere ein del av studentmiljøet. Det hadde eg ikkje blitt der, for eg ville jo ikkje ha droppa vennene mine. Eg trengde nye impulsar og var litt lei av storbyen. Eg reiste til Volda, og har ikkje angra eit sekund. Han kom til Volda fordi nokre av kollegaene hadde tatt lærarutdanninga her og fortalde mykje positivt om høgskulen og studietida. – Dei skrytte først og fremst av studentmiljøet, men eg er veldig fornøgd med grunnskulelærar
utdanninga for 5.-10. trinn. Eg er spesielt fornøgd med faglærarane. Dei har ein enorm kompetanse og er flinke til å formidle faget. Dei klarer å kombinere fagstoff med didaktikk, som gjer det ekstra relevant for oss. Oppfølginga er eg også godt nøgd med. På høgskulen blir ein alltid sett og høyrt. NY LEIAR I STUDENTSAMFUNNET Som ny i Volda utan kjente, bestemte Ingolf seg tidleg for å engasjere seg. – Allereie i fadderveka meldte eg meg som frivillig i Studentsamfunnet. Eg jobba i baren ei stund, og blei fort hovudansvarleg. Så blei leiarvervet i Studentsamfunnet ledig og nokon sa til meg at eg hadde passa til det. Sjølv hadde eg ikkje tenkt tanken. Eg bestemte meg for å stille til val, og blei vald. Det gjekk fort og var ikkje veldig planlagt. Men eg tenkte at det var ei mogelegheit som ein ikkje får så mange gonger. 220 FRIVILLIGE I tillegg til å vere styreleiar har Ingolf no det øvste ansvaret for dei om lag 220 frivillige i Studentsamfunnet, som driftar arrangement på Studenthuset Rokken. Her kan ein jobbe i bar, i crew som har ansvaret for inngang og
garderobar, som vakt, med det tekniske, og med PR. Saman arrangerer dei frivillige om lag 26 små og store arrangement i månaden, deriblant konsertar, fotballkampvisingar og quiz. – Dei frivillige betyr alt for studentmiljøet og for Rokken. Mykje av det som skjer i Volda er basert på frivillig arbeid. På Rokken kan ein få til arrangement når som helst fordi det er så mange ressurspersonar her. UENDELEGE TURALTERNATIV Ingolf er også medlem av Volda studentidrett (VSI) og friluftsorganisasjonen Natura, som arrangerer turar i Sunnmørsnaturen, av og til også til andre stadar. – Eg er veldig glad i å gå på tur. Det er fjell på alle kantar her, og om ein er villig til å køyre eller sykle litt, så finst uendelege turalternativ. Eg vil tilrå sykkeltur til Hestehornet. Det er omlag åtte kilometer til rota av fjellet, og så er det omlag ein halvtimes spasertur opp det vesle hornet, som har ei heilt rå utsikt. Likevel er høgdepunktet for min del den eviglange sykkel turen heim. Då er det nedoverbakke heile vegen til Rokken. Det er den beste staden å avslutte turane sine.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
17
NYHEITER
18
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
STUDERE
Moderne eventyrprinsesser TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO HILDE VESTBY FREDRIKSEN, LINN ANDREA VALDE OG HEGE KOCH WARHUUS
Ved midnatt trer verkelegheita inn igjen. Det er på tide å møte kvardagen. Fantasien i eventyra varer ikkje evig.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
19
STUDERE
20
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
STUDERE
– I eventyret om Askepott er det midnatt når verkelegheita trer til igjen. Klokka symboliserer vendepunktet i eventyret, seier Hege Koch Warhuus.
behandling av bilde. – Prosessen har vore kreativ og spennande. Eg har lært mykje om korleis ein kan gå frå idé til ferdig produkt, seier Linn.
INSPIRERT AV MOTEFOTOGRAF Saman med Hilde Fredriksen og Linn Andrea Valde har ho i vår jobba med konseptet om «Moderne eventyrprinsesser» frå idé til ferdig fotoserie i emnet «Photo – Art and Illustration».
Gruppa har heile tida hatt eit tett samarbeid. – Det har vore ei kjekk og lærerik erfaring. Vi har tatt val saman heilt frå start til slutt. Alle var med på å lage skissene, ta bilda, og vi brukte fleire timar saman framfor skjermen på etterb ehandling. Datam askinene på skulen er utstyrte med Adobe-program som gir mange mogelegheiter for redigering av bilda, seier Hilde.
– Vårt konsept er eventyrinspirerte bilde med ein moderne twist. Born veks opp med ein fantasi om «så levde dei lykkeleg alle sine dagar». Vi ville formidle at ein må leve i verkelegheita og vakne opp frå eventyrfantasien. Serien handlar om å forme og ta ansvar for eiga framtid. Så snart konseptet var klart, jobba dei vidare med å gje bilda ei djupare meining. – Vi bestemte oss for å lage ein serie på tre bilde, og valde tre Disney-figurar vi ville ta utgangspunkt i, Alice i Eventyrland, Askepott og Snøkvit. Vi valde ut sentrale kjenneteikn frå eventyra for at publikum skulle forstå kva bilda var inspirerte av. Vi brukte «drikk meg»-flaska frå Alice i Eventyrland, skoen til Askepott, og eplet til Snøkvit. Ideen om klokka og repetisjonen av sko og eple i dei forskjellige bilda kom til etter kvart. Vi fekk inspirasjon frå fotografen Annie Leibovitz som har fleire motefotografi inspirert av eventyr, fortel dei. Trass eit gjennomtenkt konsept er bilda utan tittel. – Vi prøvde mange titlar, men fann ingen som sa akkurat det vi var ute etter. Anten avslørte dei for mykje eller for lite, og vi ville ikkje styre publikum i for stor grad, seier Hege. HAR LÆRT MYKJE OM ETTERBEHANDLING Gruppa leita lenge etter ein location som passa til konseptet, og fann til slutt ein plass i den trolske skogen ved Rotevatnet, rett under det karakteristiske Rotsethornet. – Det var viktig at bilda hadde ein eventyrleg glød. Vi ville ha sterke og reine fargar i bilda, og brukte mykje tid på dette i etterbehandlinga, sjølv om vi var heldige med det naturlege lyset. Bilda har eit sterkt lys som kjem ovanfrå for å få fram eventyrstemninga, fortel dei. Studentane har lært mykje om konsept utvikling, fotog rafering og digital etter
PHOTO – ART AND ILLUSTRATION Konseptuelle fotografi er ei av eksamens oppgåvene i emnet Photo – Art and Illustration (15 studiepoeng). Studentane har også eksamens oppgåver om kunstfotografi og kommersielle-/ reklamef otografi. Karakter i emnet er basert på portefølje samt munnleg justerande eksamen. For å ta emnet må ein tidlegare ha bestått Foto for media, Praktisk medieproduksjon, Visuell kommunikasjon eller tilsvarande emne.
LÆRARAR MED FORSKJELLIGE SPESIALISERINGAR Dei nytta både eige og høgskulen sitt utstyr i samband med oppgåva. – Vi har hatt tilgang til høgskulen sitt fotoutstyr heile semesteret, og vi hadde med to kamera på photoshooten. Vi ønskte også å låne portabelt lysutstyr, men dette kom dessverre ikkje på plass på høgskulen før vi var ferdige med dette prosjektet. Vi fekk derimot kurs i det nye lysutstyret i fotostudioet til høgskulen i ettertid. Utstyret gir oss høve til å eksperimen tere med forskjellige lyssettingar for å oppnå ønskte effektar i bilda, seier dei. I Photo – Art and Illustration har studentane blitt undervist av lærarar frå både mediefag og kunst og handverk. – Høgskulen har lærarar med god fagleg kunnskap og forskjellige spesialiseringar innan fotofaget. At dette emnet har blitt undervist av lærarar frå forskjellige fagmiljø, har gitt oss ulike innspel til korleis vi kan gå fram for å løyse oppgåver. Lærarane gjorde seg også lett tilgjengelege dersom vi trong hjelp, råd eller rettleiing på oppgåvene, seier dei. EIN FORDEL I MEDIEYRKE Gruppa valde fotoemnet både på grunn av interesse og for høve til fagleg påfyll. – Foto er eit spennande fag og Volda har eit flott landskap med fjord og fjell, og mange spennande fotomotiv, seier Hilde. – Gode fotokunnskapar er ein fordel innanfor fleire medieyrke. Sjølv håpar eg å komme inn i reklamebransjen og då er det nyttig å kjenne til fototeknikkar og teoriane bak eit godt bilde, seier Hege.
Alice – modell: Hilde Vestby Fredriksen Askepott – modell: Linn Andrea Valde Snøkvit – modell: Isabelle Kroken Sjøgren
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
21
LEVE
Among Colors TEKST ANN KARENE RASMUSSEN FOTO MARIUS BECK DAHLE
Store band har stått på scena i Studenthuset Rokken og kjent på den intense responsen frå eit kontaktsøkande publikum. Studentbandet Among Colors stengde dørene og slo på kamera. Dei var dei første til å bli livestreama frå Rokken, utan publikum. Among Colors føret rekkjer likevel å få respons frå salen. Preben Dale (vokal/el-gitar/synth), Timmy Aass (el-gitar/vokal/synth), Magnus Magnússon (bass/vokal), Magnus Solheim (trommer) og Marius Jørgenstuen (el-piano/synth/vokal) utgjer Among Colors. Bandnamnet oppstod relativt tilfeldig i eit samarbeid mellom Preben og namngeneratoren Bandnamemaker.com. – Eg trykte oppdater fleire gonger før eg fekk alternativet «Among». Det likte eg ganske godt, og så kom eg med forskjellige forslag til kva som kunne passe med det. Timmy likte Among Colors, så då blei det det. Noko må ein jo heite, seier Preben lattermildt. INSPIRERANDE STUDIUM Med unntak av Magnus Magnússon, som studerer engelsk, går alle i bandet på musikk utdanninga. – På studiet møter ein folk frå heile landet med forskjellig bakgrunn og erfaringar frå musikkmiljøet. Utveksling av kunnskap og erfaring gjer det til eit inspirerande studium. Fasilitetane har forbetra seg mykje med den nye konsertsalen som opna i februar, og med musikktech-labben som no har fått ny program vare med Pro Tools, som er bransjestandarden. SJØLVKOMPONERT MATERIALE Magnus og Preben kjem frå den same bygda, Kvinnherad i Hordaland. Det var på Preben si oppfordring at Magnus også bestemte seg for å studere i Volda. – Preben lovde at om eg kom til Volda skulle eg få eit band, og det har eg fått, ler Magnus.
22
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Det starta i fjor haust med at Preben hadde skrive nokre songar sjølv og ville ha eit band å spele det sjølvkomponerte materiale i. – Eg samla dessa karane og vi byrja spele saman. Vi hadde den første konserten i løpet av ei veke på Bandstand på Rokken, eit konsept der lokale band og studentband viser seg fram for publikum, seier Preben. LIVESTREAM FRÅ ROKKEN Etter å ha spelt i lag i nokre månader stod dei fem igjen på Rokken-scena ein fredag i mai, denne gongen for ein tom konsertsal. – Det begynte som ein idé mellom meg, Timmy og Chris-Håvard Berge som jobbar som frivillig med det tekniske på Rokken. Resultatet blei ein halvtimes livestreama konsert med fleirkamera og 11 personar i teamet, pluss oss. Det blei ein stor produksjon. Vi har ikkje gitt ut noko, så det einaste vi har å vise til, er streamen. Det er heilt unikt å få ei slik mogelegheit som nyoppstarta band og resultatet blei veldig profesjonelt, seier Preben. Among Colors var dei første til å ha ein lukka livestreama konsert på Rokken. – Vi er vande til å spele for publikum og få feed back frå salen. Å spele for ein tom sal vart ganske kleint, eigentleg, seier Marius lattermildt. MYKJE GOODWILL I VOLDA Dei jobbar alle med det tekniske på Rokken. Der har dei fått kunnskap om rigging av lyd og lys og andre aspekt ved det å arrangere konsertar. Det er gjennom arbeidet som frivillige dei har fått nettverket som har gitt dei mogelegheiter som å spele ein livestreama konsert. – Rokken er eit samlingspunkt. Ein blir kjent
med mange frå forskjellige studium som har forskjellig kunnskap og evner. Det er mykje goodwill i Volda og alle hjelper kvarandre, seier Magnus Solheim. Studentane fortel om eit inspirerande musikk miljø med engasjerte studentar og band som er flinke til å sette i stand konsertar og prosjekt. – Maifesten og Exit Volda, som vi fekk æra av å spele på i vår, er døme på festivalar som studentar har tatt initiativ til. SKAL I STUDIO Dei beskriv musikken sin som alternativ rock med titlar som «Mediocre», «Never sleep» og «Live in a dream». – Vi er inspirerte av alt mogeleg, og vi er alle veldig forskjellege. Preben kjem med ideane til musikken og så legg vi andre på våre ting. Då blir det på ein måte vår musikk. Preben kjem med grunnmuren, og så bygger vi huset, seier Timmy til stor latter frå dei andre. Bandet har ambisjonar for framtida og har alle reie fleire speleoppdrag og planar om innspeling i studio. – I første omgong skal vi spele inn ein EP i Playground Studio i haust, og prøve å få litt blest rundt det. Mange av studentane på medieutdanningane er veldig opne for samarbeidsprosjekt, så vi håpar å få laga ein musikkvideo av ein av songane på EP-en. Vi har også fått ein del oppdrag allereie før vi la ut streamen i vår. Dei har vel mest sett på bilda og tenkt: «dei ser profesjonelle ut, dei er sikkert flinke, vi bookar dei», ler Preben. www.amongcolors.com
LEVE
– DET ER MYKJE GOODWILL I VOLDA OG ALLE HJELPER KVARANDRE.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
23
OPPLEVE
«Kia Ora» fra New Zealand TEKST OG FOTO JEANETTE-KRISTIN GJERDE, REBEKKA IVERSEN OG HEIDI ELISABETH BJØRDAL
Her på andre siden av jordkloden trives vi kjempegodt og livet er forbausende likt gode gamle Norge. Misforstå oss rett; motsatte årstider og kjøring på feil side av veien trenger litt tilvenning, men kultursjokket har latt vente på seg. Sakte men sikkert ble vi vant til veldig korte rugbyshortser, folk som går barbeint overalt året rundt og spagetti på brødskiva til frokost. Å dra på utveksling er noe vi har hatt lyst å gjøre i mange år, og i vår fikk vi sjansen til å utvide horisonten med et par breddegrader. De siste fire månedene har gått så altfor fort og det går mot slutten på vårt eventyr i the Land of Adventures: New Zealand. Vi har opplevd mye, selv om vi gjerne skulle gjort så mye mer. SKOLE I EN GRØNN OASE University of Waikato er ranket som et av verdens topp 50 universiteter. Campus er en grønn oase med små innsjøer, trær og gress plener i byen Hamilton på Nordøya. Det er en stor skole med 12 000 studenter, men det merker man ikke så mye til. Utvalget av emner er stort. Som grunnskolelærerstudenter valgte vi Educational Studies, Introduction to Drawing and Learning og Telling the Story. I tillegg har vi alle tatt ett fag hver for oss. Heidi har hatt om ulike kulturer i International Cultures and Languages, Rebekka har fått bryne seg på Social and Moral Philosophy, mens Jeanette har tatt steget inn i den japanske verden ved å begynne å lære seg språket. Alt man gjør teller med på den
24
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
endelige karakteren i faget, så arbeidsmengden er godt spredt over hele semesteret. HOBBITBESØK OG STRIKKHOPP Selv om studier er en stor del av hverdagen, har vi også hatt tid til å oppleve litt av det Hamilton og New Zealand har å tilby. Skolen startet ikke før i slutten av februar, så vi hadde mye tid til å reise rundt før det. Vi har besøkt det skjønne Hobbiton, hoppet i fallskjerm over Lake Taupo, kjørt Jetboat på Waikato River og opplevd ekstremvær på Sørøya. Vi har vært på flere rugbyk amper og synes fortsatt det er ganske komisk at dommerne rocker rosa uniformer, og at kampene stadig blir avbrutt av medisinsk personell som strømmer til for å hjelpe de muskuløse spillerne. Da vi bor i en av studenthallene her, er det alltid en dør å banke på, eller noen som stikker innom. Gjennom semesteret har vi også fått ta del i mange morsomme aktiviteter i hallen, som Amazing Race, sportsturneringer, partyer og temakvelder av varierte slag. Utdeling av norsk melkesjokolade er også veldig populært blant våre nye venner. Siden vi faktisk er 15 norske studenter her nede, hadde vi storfeiring av 17. mai med brunost sendt fra Norge, røyke
laks, nasjonalsang og norske flagg. Vi gikk i tog rundt på campus med glade allsangtoner og hurrarop til tilskuernes store fornøyelse. MINNER FOR LIVET Hva har vi fått ut av vårt semester i utlandet, spør du kanskje? Jo, det er ikke rent lite, det kan vi love. Vi har fått innblikk i nye kulturer, både kiwikulturen og maorikulturen. «Kia ora» er fra det maoriske språket og betyr egentlig «be well/healthy», men brukes av alle new zealandere som «hei». Vi har også blitt bedre kjent med oss selv og vår egen kultur siden vi har fått mange spørsmål om hvordan ting er i Norge. Vi har lært så utrolig mye vi kan ta med oss inn i vårt arbeid som lærere gjennom fagene vi har tatt. Og engelskk unnskapene har forbedret seg betraktelig. Vi har fått mange gode venner og bekjente, for ikke å snakke om minner for livet. Vi kan med hånden på hjertet anbefale utveksling, Waikato og New Zealand på det sterkeste. Det er så mye enklere å prøve noe nytt, og gjøre noe man ikke ville gjort ellers når man bor på et nytt sted. Hvis du skulle være i tvil: Det er verdt det!
OPPLEVE
1
2
3
1. Foran et av hobbithullene i sjarmerende Hobbiton. 2. Skydiving over Lake Taupo. 3. University of Waikato campus, Village Green og innsjøen.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
25
NYHEITER
ØRSTA-VOLDA LUFTHAMN HOVDEN
7
5
29
SE
20
LJE
26
BA KK
VR
IN
G
O ST
EN
ATA RG
OTTAMARKA
PO
RS
EM
V YR
EG
EN
10
KV
D UN EIM ES ÅL NDH O TR
EM
EN
N
YR
VE
GE
N
EV
11
ANDERS VASSBOTNVEGEN
IND 22
R ØY
TA I GA
19 44
SBA
KKE
N
16
SNIPPA
43
TR
HALLKJELSGATE
US
12
HAMNEGATA / E39
N
LN
GA TA
27
GE
9
40
JE
VE
E3
RK
V
NA
KY
KY
GA TA
NE
YS
UA
RØ
HA
SK
A JER
E EG
RS
EG
GA TA OR
STORMYRA
ST
9
PO 21
EN
15
13
GYMNASVEGEN
EN
E3
SE
U HA
SKJERAVEGEN
ENGESETVEGEN
18 E39
E39 24 VOLDSFJORDEN
28
Studiebygda Volda Høgskulen i Volda ligg i kort gangavstand frå sentrum og har gode og moderne fasilitetar. Alle studentbustadane er plassert nær høgskulen. Det er dessutan kort avstand til Volda sentrum, som har eit intimt og koseleg handelssenter. Studentane og miljøet kring høgskulen set sitt preg på Volda, og som student vil du ikkje mangle aktivitetar å fylle fritida di med. 26
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
39
Høgskulen i Volda 1 Berte Kanutte-huset 2 Synnøve Riste-huset 3 Ivar Aasen-huset 4 Hans Strøm-huset 5 Henrik Kaarstad-huset 6 Paviljong A, B, C 7 Idrettsbygget (svømmehall og idrettshall) 8 9 10 11
Heltne studentbustad Myrane studentbustad Porse studentbustad Røysmarka studentbustad
NYHEITER SUNNMØRSALPANE
30
23
14 KÅRSTADVEGEN
2
6
4
BA
EV
KK
EG
EN
EN
SJUKEHUSVEGEN
ØN
SÆBØ
GR
HE
JOPLASSVEGEN
25
LT N
3 1
8
9 VIKEBYGDVEGEN
31
32
17
33
42
34
E39
38 37
36
STADIONVEGEN
OSLO BERGEN
ROTEVATNET
41
Stader
Aktiviteter
12 Kyrkja 13 Kino 14 Sjukehus 15 Volda Turisthotel 16 Studenthuset Rokken 17 Studentsamskipnaden for Sunnmøre 18 Stamina Trening Volda 19 Det Grøne Treet 20 Volda videregåande skule 21 Volda legesenter 22 Busstasjon / taxisentral 23 Kometland 24 Mylnå café
25 Klatresilo 26 Voldahallen 27 Utrøna Seglarlag 28 Volda Dykkerklubb 29 Longboardbakke 30 Volda Skisenter 31 Volda rideklubb 32 Golfbane 33 Sandvolleyball 34 Årneset (grill- og badeplass) 35 Volda Jeger og Sportsfiskarlag
35
36 Utandørs fotballstadion 37 Innandørs fotballstadion 38 Skatepark 39 Utandørs tennisbane 40 Munken badeplass 41 Tursti 42 Frisbeegolf 43 Sentrum 44 Kjøpesenter
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
27
STUDERE
Heimelaga - men enkelt TEKST TONE SOLHAUG FOTO JANNE MARIT M. FALCH, MØRE-NYTT
Matbloggar er i vinden som aldri før, og Anita Stokke Blomvik har funne si nisje: enkel heimelaga mat frå botnen av. Matgleda får ho også vidareføre til studiet Planlegging og administrasjon, der ho i vår har skrive bacheloroppgåve om økologisk mat. Det heile starta då ho vart mamma for første gong i 2009 og ville vita kva ungane fekk i seg. – I starten prøvde eg å lage heimelaga middag nokre gongar i veka. Etter kvart som eg fekk meir kunnskap og erfaring, var det ikkje så vanskeleg å kvitte seg med Toro-posane og lage alt frå botnen av. MAT FOR FOLK FLEST Kvardagsmat byrja med ein Instagramkonto hausten 2013. Anita ville bli betre til å ta bilete og Instagram var ein fin arena for dette. Etter kvart som det kom fleire følgjarar, og folk viste interesse for temaet, oppretta ho også ei Facebookside og etter kvart eigen blogg. – Dette gjorde eg eigentleg mest fordi eg hadde ei tante som ikkje var på Instagram. Interessa eksploderte og har utvikla seg til over 41000 følgjarar i dag og om lag 80 000 sidevisningar på bloggen kvar månad. Det er kjempestas, sjølv om det var med skrekkblanda fryd første tida. Anita synes det er viktig å formidle oppskrifter for «folk flest», så enkelt forklart at du skal kunne få det til utan å ha brukt mykje tid på kjøkkenet. – Tanken var å vise at det går an å lage mat frå botnen utan å gjere det så vanskeleg. Eg hadde inntrykk av at alle kunne å lage sushi, scampi og andre fancy matrettar, men at få i min generasjon kunne å lage kvit saus frå botnen. Samstundes er nok mat i vinden som aldri før, og vi har blitt meir opptekne av kva vi et og kvar maten kjem frå. Det synest eg er kjempebra.
28
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
Det er eit område som har vore neglisjert i altfor mange år. Mat er viktig og har stor betydning for kor friske vi er. ØKOLOGISK MAT I BACHELOROPPGÅVA Anita har nettopp fullført ein bachelor i Planlegging og administrasjon i Volda. – Heile studiet er fantastisk lærerikt og om handlar sjølve samfunnet vårt og korleis vi fungerer i lag, så her har eg nok lært mykje som eg kan bruke både i det verkelege liv og på sosiale medium. I vår har Anita skrive bacheloro ppgåve, og temaet var økologisk mat. – Det høyrest kanskje ikkje heilt logisk ut å skrive om økologisk mat i Planlegging og administrasjon, men det var altså mogleg. Eg ville gjerne skrive om mat, og blei oppmuntra av rettleiar til å velje noko eg synest var interessant. I studieløpet er det eit emne om korleis EU fungerer organisatorisk. Anita ville saman likne og sjå korleis regelverket for økologisk mat er ulikt, og korleis EØS-avtalen påverkar lovgjevinga i Noreg. Samtidig ville ho få med litt av sosiologien som dei hadde hatt i utdannings løpet, og sjå på om haldningane til nordmenn har endra seg dei siste åra. Noko av det Anita fann ut i oppgåva si, er at mange ikkje kjøper økol ogisk mat fordi dei ikkje ser gevinsten i det. – Nordmenn er meir skeptiske til om økologisk
mat faktisk er sunnare, enn kva verknad bruk av sprøytemiddel og giftstoff kan ha på oss. Etter k vart som eg har lese meir om dette, internasjonal politikk og dei ulike driftsformene, er eg ikkje i tvil om at økologisk er det beste valet for oss forbrukarar. INSPIRASJON OG UPRØVDE PROSJEKT Anita likar å lage og å formidle kunnskap om mat basert på økologiske råvarer. Inspirasjonen til matlaging får ho overalt. Instagram, gratisblada frå butikken, samt eit og anna matmagasin. – Å sitte bøygd over kokebøker kan eg gjere ein heil kveld, og eg har gjerne med meg ei eller to på hytta berre for å bla i. Dermed har eg alltid mange uprøvde prosjekt, som berre ventar på rette humøret og høvet for å bli testa. Og matprosjekt er det mange av! På bloggen kan du finne alt, frå spennande thaisalat med biff og mango til meir tradisjonell mat som g jærbakst og fiskegrateng. I ein travel kvardag med skule og familie tek mathobbyen ein del av tida, men då gjeld det å prioritere, og kutte ut andre ting som til dømes TV-titting. – For familien er det berre positivt at eg bloggar om, og lagar god og heimel aga mat. At min porsjon gjerne blir kald før eg får ete den, sidan den skal fotograferast først, får eg leve med … www.kvardagsmat.no
STUDERE
– ETTER KVART VAR DET IKKJE SÅ VANSKELEG Å KVITTE SEG MED TORO-POSANE.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
29
LEVE
Arktisk friluftsliv på Svalbard TEKST SOL KVAVIK IDLAND OG MATHILDE FRIID FLADEBY FOTO SOL KVAVIK IDLAND, MATHILDE FRIID FLADEBY OG JENS HAUMANN
– I leiren var det viktig å holde orden. Alle pulker og ski skulle stå utenfor teltet på fremsiden, og kun det nødvendige skulle inn i teltet. Vi måtte være klare for å evakuere leiren i tilfelle isbjørnbesøk.
30
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
LEVE
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
31
OPPLEVE
FORDYPNING I FRILUFTSLIV I fordypningsemnet Friluftsliv II (15 studie poeng), som blant annet har fokus på vinter, snø og skred, velger studentene på Bachelor i friluftsliv fordypningstur. De kan velge mellom Nordisk vinterfriluftslivsferd, Alpint friluftsliv med skredkurs i Davos eller Arktisk friluftsliv på Svalbard.
Gjennom fordjupning i vinterfriluftsliv fikk vi muligheten til en fantastisk naturopplevelse på Svalbard. Vi ble en gjeng på fem studenter som bestilte flybilletter i god tid. «BRAINFREEZE» Før vi reiste leste vi om Svalbards historie, om dyrelivet, hvordan ferdes på islagte fjorder og bre av Spitsbergentype, som er større sammen hengende breområder med oppstikkende fjellrygger. Ingen av oss hadde vært på Svalbard før, så vi var veldig spente på hvordan denne turen ville bli. Flyturen fra Tromsø ble guidet av piloten, og alle kjente det krible ekstra i magen da vi for første gang så Svalbard fra luften. Etter å ha hatt en mild vinter i Volda, ble det en stor omveltning å komme til Longyearbyen, hvor det nesten alltid blåser. Å få « brainfreeze » av vind var en ny opplevelse. «IN THE MIDDLE OF NOWHERE» Turen startet med en to timers lang kjøretur i beltevogn til den bredeste dalen vi noen gang hadde sett, slik at vi kunne starte den åtte dagers lange turen litt bort i fra all skutertrafikk. Hele gjengen satt med en følelse av å bli sluppet av «in the middle of nowhere». Så var turen virkelig i gang. Høgskulen i Volda har et samarbeid med Universitetssenteret på Svalbard og Arctic Nature Guide-studentene (ANG) som fungerte som våre guider. Vi hadde også med noen av lærerne fra ANG de første dagene. 30 KULDEGRADER Vi forventet utfordringer som sterk kulde, lange etapper og nye elementer som for eksempel isbjørn, vandring på fjordis og et annerledes landskap. Så snart vi begynte turen fant flere av oss ut at kulden var vår største utfordring. Minus 30 grader på Svalbard føltes ikke som minus 30 grader på Hardangervidda. Med en gang vi var ute av beltevogna startet kampen mot kulden. Vi prøvde å holde kroppen i nok bevegelse til å holde varmen under hele etappen, men samtidig ikke gå for fort slik at vi brukte unødvendig energi. Da leiren var satt opp, var fokus å få i seg nok mat og drikke til å kompensere for resten av dagen, hvor vi ikke fikk i oss like mye væske som anbefalt. ISBJØRNVAKT Snublebluss var ikke med oss på turen, så på vår første natt ute på Svalbard fikk vi en inn føring i systemet med isbjørnvakt. Med en så stor gjeng som vi var, varte vaktene en time av gangen. Siden vi var gjester, var det valgfritt om vi ville gå isbjørnvakt. Dette var nytt for
32
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
oss Volda-studenter, så det måtte prøves. Det var en merkelig følelse å passe på alle teltene som lå på rekke og rad. Selv om sjansen for at isbjørn skulle dukke opp var liten i dette området, følte vi oss litt som lokkemat. Å være isbjørnvakt innbyr både til sterke emosjonelle opplevelser og fantastiske naturopplevelser. Fra å se soloppgang til å kun se sine egne føtter i mørket, og de ekstra heldige fikk se nordlyset. Vaktsystemet vi hadde gjorde at vi følte oss trygge underveis på hele turen, selv om historiene om mennesker som har blitt dratt ut av teltet og slept bort fra leiren av isbjørn, er flere. Vi så dessverre ikke isbjørn på turen, men fikk oppleve noe av det andre dyrelivet. I Reindalen møtte vi på Svalbardreinen, som er en arktisk versjon av reinen vi har på fastlandet. Da vi krysset sjøis, fikk vi øye på Ringsel, som så ut som bevegelige svarte steiner. NEDKJØLT Etter mange dager med kaldt vær opplevde jeg og Mathilde å ikke få varme eller følelse i føttene. Da jeg tok opp foten for å varme den med hendene, merket jeg at det ikke var respons fra den. Dessverre hadde jeg ikke sagt ifra tidligere, så foten hadde blitt så kald at blodet hadde sluttet å sirkulere ut til tærne. Da lærerne forstod hva som hadde skjedd, fikk studentene testet sine redningsferdigheter. Telt ble satt opp, varmeflasker og mager ble satt til oppvarming av foten min, og satellitt-telefonen ble skrudd på. Mathilde, som på dette tidspunktet mest sannsynlig var generelt nedkjølt, ble ganske stressa og nesten hissig da lærerne prøvde å få i gang uthenting. Etter mye om og men viser det seg at redningshelikopteret hadde avsluttet en pågående leteaksjon og kom innom og tok Mathilde med seg. GJENSYNSGLEDE For oss andre gikk turen videre. De resterende dagene skulle vi klare oss uten lærere, noe som gikk fint og rolig for seg. Mathilde, som fikk et kort opphold på sykehuset i Longyearbyen, ble godt kjent i byen og fungerte som guide da resten av oss kom tilbake. Gjensynsgleden var stor da vi alle var tilbake i Longyearbyen. Det var godt å se at Mathilde var like hel, og burgeren på Sval-Bar var magisk! Det var med et trist sinn vi reiste hjem til fastlandet. Etter turen sitter vi igjen med en fantastisk naturopplevelse og et flott bekjentskap med både Svalbard og ANG-studentene. Vi har lært mye om hvordan håndtere kulde, lage rutiner og hvor viktig det er å si ifra! På en slik tur er vi alle avhengige av hverandre, så alt handler om samarbeid.
OPPLEVE
1
2
3
1. Det var en merkelig følelse å passe på alle teltene som lå på rekke og rad. Selv om sjansen for at isbjørn skulle dukke opp, var liten i dette området, følte vi oss litt som lokkemat. 2. Amerikanske Evan skuer utover kullgruvene. 3. Skilt på Svalbard Lufthavn Longyearbyen som er reist til minne om den første landingen av et sivilt passasjerfly der i 1959.
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
33
KALENDER
FOTO CHRIS-HÅVARD BERGE
Festivalbygda I august gjer Volda seg klar til å ta imot nye studentar med ei innhaldsrik fadderveke. På programmet i år står mellom anna rebus løp, gratis kinovisingar og konsertar med Kakkmaddafakka, studentbandet Cinnamon City og ein dobbelkonsert med Hvitmalt Gjerde & Datarock dj-set. Fadderveka er berre den første av dei fem
34
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
store festivalane ein kan få med seg gjennom studieå ret. Ein knapp månad seinare er det Animation Volda med studentproduksjonar, foredrag og diskusjonar om årets tema Fantasy/ Imagination og møte nasjonale og internasjonale animatørar og regissørar. På nyåret er det klart for nye høgdepunkt med VEKA, ekstremsportfestivalen X2 og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. I tillegg
til dei store festivalane har det også vakse fram mindre festivalar som Maifesten og Exit Volda, som satsar på å bli årlege arrangement. Dei fleste festivalane er studentdrivne, noko som gjev voldastudentane mange høve til å engasjere seg som frivillige, få nyttige erfaringar og knyte vennskap på tvers av fagmiljøa.
KALENDER
FADDERVEKA 19.–24. AUGUST Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein fin start. www.fadderveka.no
ANIMATION VOLDA 18.–21. SEP. Volda har eit anerkjent animasjonsmiljø som utdannar nokre av dei mest kreative og dyktige animatørane i Noreg. Festivalen tiltrekkjer seg internasjonal merksemd. www.animationvolda.com
VEKA I FEBRUAR VEKA tilbyr varierte opplevingar for studentar, lokale og tilreisande. På programmet står det alltid kjende artistar, skidag og Vekerevyen. www.veka.no
X2-FESTIVALEN 16.–19. APRIL X2-festivalen er den største vinterekstremsportfestivalen i Noreg. Det er eit freeride- og toppturarrangement midt i hjartet av Sunnmørsalpane. www.x2festivalen.no
DOKFILM I APRIL/MAI Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er den største og eldste i sitt slag i Noreg og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Mellom femti og seksti filmar blir viste under festivalen. www.dokfilm.no
MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA
35
leinetid eller fterparty Midt i mellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Her kan du dyrke interessene dine i fantastisk natur og ta del i eit rikhaldig kulturtilbod. Volda har eit godt studentmiljø, engasjerte studentar og gode høve til å starte eller bli med på det du brenn for! I Volda er det dessutan rimeleg å bu, gangavstand til det meste og du er berre ein kort flytur frå dei store byane. www.studiebygda.no | @studiebygdA
Vil du vite meir? I tillegg til nettsida hivolda.no er Høgskulen i Volda (hivolda) også tilstades på Facebook, Instagram, Twitter og YouTube. Her deler vi fleire gode historier om studentmiljøet, høgskulen og livet i Volda.