Studiekatalog 2014–2015

Page 1

2014 - 2015

STUDIEKATALOG


2

HØGSKULEN I VOLDA Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 www.hivolda.no www.facebook.no/hivolda Twitter og Instagram: @hivolda Opptak: Postboks 114 6101 Volda Ansvarleg: Informasjonskontoret Studieadministrasjonen Rekrutteringsgruppa ved høgskulen Produksjon: Informasjonskontoret Design: Kib & Morits www.kibogmorits.no

Foto: Jose Eduardo Garcia Aldama | Mona Klausen | Chris-Håvard Berge | Hilda Nyfløt | Håvard Brennhovd | Julia Scur | Maria Fagervoll | Vidar Nyhammer | Marius Sunde | Kristin Sævik | Halvord Njerve | Gina Næss Korslund | Ole Andreas Vekve | Audun Berdal | Iris Engen Skadal | Ann Karene Rasmussen | Tone Solhaug | Kib & Morits Trykk: Printing AS Svanemerka trykkeri Papir: Omslag, 250 g Matt Silk Innmat, 130 g Matt Silk Opplag: 10 000


3


INTRODUKSJON

KUNNSKAP FOR FRAMTIDA GODT STUDENTLIV HØGSKULEN I VOLDA OPPTAKSRETTLEIING MANGE TILBOD DET SKJER I VOLDA KOM TIL VOLDA OG OPPLEV VERDA STUDIETILBOD

ADMINISTRASJON, PLANLEGGING OG LEIING 6 7 8 10 11 12 15 16

PLANLEGGING OG ADMINISTRASJON / SAMFUNNSVITSKAP SAMFUNNSPLANLEGGING OG LEIING

18 19

KULTURFAG

DRAMA/TEATER MUSIKK KUNST OG HANDVERK

21 22 23

HELSE- OG SOSIALFAG

SOSIONOM / BARNEVERNSPEDAGOG HELSE- OG SOSIALFAG – MEISTRING OG MYNDIGGJERING

24 25


MEDIEFAG

HISTORIE, KULTUR, SAMFUNNSFAG OG RELIGION

HISTORIE RELIGION OG SPRÅK / RELIGION, LIVSSYN OG ETIKK KULTURMØTE MATKULTUR OG HELSE

27 28 29 30

IDRETT OG FRILUFTSLIV

GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGAR / PRAKTISK-PEDAGOGISK UTDANNING BARNEHAGELÆRARUTDANNING UNDERVISNING OG LÆRING FAGLÆRARUTDANNINGAR

DOKUMENTAR OG JOURNALISTIKK JOURNALISTIKK PR, KOMMUNIKASJON OG MEDIA ANIMASJON MEDIA, IKT OG DESIGN / MEDIEKUNNSKAP

38 39 40 41 42

SPRÅK OG LITTERATUR

FRILUFTSLIV IDRETT

32 33

LÆRAR- OG BARNEHAGELÆRARUTDANNING

34 35 36 37

SPRÅK OG LITTERATUR NYNORSK SKRIFTKULTUR

44 45


6

KUNNSKAP FOR FRAMTIDA Kunnskapsrike og engasjerte førelesarar, saman med eit stimulerande studiemiljø, er avgjerande for at du skal få størst mogleg utbytte av studietida di.

Høgskulen i Volda har eit breitt utval av ulike studietilbod, og vi tilbyr profesjonsutdanningar for mellom anna skule og barnehage, velferd, media og kultur. Målet vårt er å leggje til rette for personleg vekst og ei best mogleg utrusting for jobb og karriere vidare i livet. Høgskulen er også blant dei fremste utdannings­ institusjon­ ane i landet når det gjeld å tilby studieopphald i utlandet. Eit slikt opphald gjev deg nye impulsar og erfaringar som kan kome godt med seinare i karrieren.

Studentane trivst i Volda. Vi har eit kreativt og inkluderande miljø. Eit godt studiemiljø er viktig, ikkje berre for det faglege utbyttet, men også for det sosiale livet. Vi håper at du finn studietilboda våre interessante, og kanskje ser vi deg som student neste studieår. Velkomen til Volda!

Per Halse, rektor


7

GODT STUDENTLIV Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) er ein service- og velferdsorganisasjon for studentar i Volda og Ålesund.

BUSTAD SfS har 415 bustader i Volda med tilgang til gratis Internett, uttak for kabel-tv og vaktmeisterteneste. Vi har også 14 hyblar til leige på korttidsbasis. KANTINE SfS tilbyr sunn og god mat til rimelege prisar i eit triveleg miljø på campus.

BARNEHAGE SfS har ein flott barnehage for student­ barn på campus.

HELSESTASJON Her får du informasjon og rettleiing. Kontakt med lege vert formidla ved behov.

PSYKOLOGISK HELSETENESTE I samarbeid med høgskulen er det inngått avtale med psykologar som står til disposisjon for studentar.

TRENING SfS har avtale med treningssenter som gjev rabatt når du teiknar medlemskap.

STUDENTBOKHANDEL Studentane sin eigen bokhandel finn du på campus i Ivar Aasen-huset.

GRATIS RÅDGJEVING Studentrådgjevar kan gje individuelle råd, og du kan kome med alle slags spørsmål og problemstillingar.

HELSEKASSE Ei ordning der du kan få tilbake delar av utgiftene ved til dømes psykolog­ konsultasjon.

HELSEFOND Du kan søkje økonomisk støtte dersom du har store helseutgifter i studie­tida, til dømes til briller eller fysioterapi.

KONTAKT OSS Hovudkontoret ligg i Elvegata 24, like ved høgskulen. Måndag til fredag: 9.00–15.00. T: 70 07 52 40 | E: sfs@hivolda.no

WWW.STUDENTSAMSKIPNADEN.NO


8

HØGSKULEN I VOLDA Med om lag 4000 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den klart største utdanningsinstitusjonen i Møre og Romsdal, og mellom Bergen og Trondheim.

Høgskulen i Volda er plassert midt imel­ lom dei majestetiske Sunnmørsalpane. Her finn du frodige dalar og lier, heilt opp til dei høgste tindane med kvite brear. I Volda kommune bur det i overkant av 8000 innbyggjarar. I tillegg bur her om lag 2000 heiltidsstudentar i studieåret. Studentane og miljøet kring høgskulen set sitt preg på Volda sentrum, som i dag er eit intimt og koseleg handelssenter. Her har studentane råd til å vere heiltids­ studentar. I Volda er buutgiftene til student­ane blant dei lågaste i landet. LANGE TRADISJONAR Lærarutdanninga i Volda tok til med Voldens høiere Almueskole i 1861. Med nokre korte opphald har Volda utdanna lærarar i over 150 år. I dag er Høgskulen i Volda også kjend for medieutdanningane

og det gode og aktive studentmiljøet. VEKA, Animasjonsfilmfestivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er nokre av høgdepunkta. Høgskulen i Volda er oppdelt i fire avdelingar: humanistiske fag og lærar­ utdanning, kulturfag, mediefag, og samfunnsfag og historie. Høgskulen er også medeigar i Møreforsking AS, og har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gjer utdanningstilboda eit solid grunnlag. INTERNASJONALISERING Høgskulen i Volda legg til rette for at studentane kan ta delar av utdanninga si i utlandet. Nokre utdanningar legg også til rette for praksisperiodar i utlandet.

Høgskulen har avtalar i mange land og utvekslingsavtalar gjennom Erasmus og Nordplus. MODERNE FASILITETAR Høgskulen ligg i kort gangavstand frå sentrum og har gode og moderne fasilitetar. I tillegg ligg alle student­ bustadene nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til skulen. På campus er det to kantiner og ein bokhandel. Høgskulen har eit moderne bibliotek, som er ei sentral kunnskaps­ kjelde for både studentar og tilsette. I tillegg er det god tilgang til datamaskiner og nettverk, og det er mange spesialrom som studio, redaksjonslokale og teatersal. Saman med øvings­ rom, datarom og lesesalar gjev dette gode rammevilkår for læring.


9


7 10

OPPTAKSRETTLEIING GENERELL STUDIEKOMPETANSE Høgskule- og universitets­ utdanning byg­­ gjer på vidaregåande utdanning, og gen­ erell studiekompetanse er normalt opp­ taks­ kravet til alle grunn­ utdanningar. Generell studie­ kompetanse opp­ når ein oftast gjennom treårig vidare­gåande ut­ dan­n­ing eller yrkes­kompetanse med fullført påbygging. Til nokre studium er det særskilde opp­ takskrav i tillegg til generell studie­kompe­ tanse. Desse opptakskrava finn du på dei aktuelle studieomtalane på nett­ sidene våre. REALKOMPETANSE Søkjarar som er 25 år eller eldre i søknads­ året, og som har minst fem år fulltids yrkespraksis, men ikkje generell studie­ kompetanse, har krav på å få vurdert om dei er kvalifiserte for eit bestemt

studium på grunnlag av real­kompetanse. Realkompetanse er kunnskap søkjaren har fått gjennom yrkes­ praksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte. Real­ kompetansen må vere relevant for det studiet ein søkjer på. ANDRE VEGAR TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE Det finst også andre måtar å oppnå generell studiekompetanse på. Sjå Samordna opptak sine nettsider for meir informasjon om dette (www.samordnaopptak.no). WWW.HIVOLDA.NO/SOK


11

MANGE TILBOD Høgskulen i Volda har ei rekkje spennande studietilbod, og du kan velje mellom ulike fagområde og studieformer. I tillegg tilbyr høgskulen mange vidareutdanningar på ulike område. BACHELORGRADSSTUDIUM Høgskulen tilbyr 18 bachelorgrads­ studium. Alle desse kan du søkje på i Samordna opptak. Ein bachelorgrad er treårig og gjev 180 studiepoeng. Nokre av bachelorgradsstudia har ei fast oppbygging, medan du i andre kan velje emne etter at du har gjennomført den første delen av studiet. Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av bachelorgraden ved utdanningsinstitusjonar i utlandet. GRUNNSKULELÆRARUTDANNING Høgskulen tilbyr to grunnskulelærar­ utdanninga, 1–7 og 5–10. Studia er fireårige og gjev 240 studiepoeng.

MASTERGRADSSTUDIUM Høgskulen har seks mastergradsstudium. Treårig utdanning på bachelorgradsnivå dannar ofte grunnlag for opptak til master. Mastergradsstudium kan takast på heiltid eller deltid. Du søkjer om opptak direkte til høgskulen. ÅRSSTUDIUM Høgskulen har 14 årsstudium som du kan søkje på i Samordna opptak. Nokre av års­ studia kan takast på deltid, og då i løpet av to år. Eit årsstudium kan vere avsluttande i seg sjølv, det kan brukast som vidare­ utdanning, eller det kan vere ein del av ein bachelorgrad.

TILRETTELEGGING Høgskulen i Volda arbeider kontinuerleg med å lage eit godt læringsmiljø for alle, og prøver å leggje opp studia slik at flest mogleg kan følgje undervisninga. Treng du tilrettelegging, er det viktig at du gjev oss melding om det, slik at vi kan finne gode løysingar. Dette kan vere dysleksi, allergi, fysiske eller psykiske vanskar. NOKO DU LURER PÅ? Kontakt Studentsørvis på telefonnummer 70 07 50 18 mellom klokka 9.00 og 15.00 alle kvardagar, eller send ein e-post til studentsorvis@hivolda.no.


12

DET SKJER I VOLDA Etter øktene på lesesalen kan det vere godt å kople av med noko heilt anna. I Volda kjem du ikkje til å mangle aktivitetar å fylle fritida di med. Studentane er engasjerte, og du vil få mykje igjen for å bli med i organisasjonar eller som frivillig på festival.

STUDENTTINGET (STIV) Studenttinget er det øvste student­ organet ved Høgskulen i Volda. STIV er til for å hjelpe studentane og betre student­ kvardagen. DEN INTERNASJONALE KLUBBEN OG PANGAIA Pangaia er den internasjonale møte­ staden ved høgskulen. Her kan du slappe av, melde deg på ulike aktivitetar og bli kjend med dei internasjonale studen­t­a­n­e­. Den internasjonale klubben er tett knytt til Pangaia. Klubben arrangerer kveldar med tema frå ulike land, karaoke­kveldar, danse­kurs, film­kveldar og fjellturar. STUDENTHUSET ROKKEN Rokken er studentane sin samlingsplass i Volda. Her er det ulike aktivitetar

gjennom heile veka, alt frå konsertar, kviss, open mic, live sportssendingar og diverse kultur-arrangement. Alle som vil, kan vere med. PEIKESTOKKEN Peikestokken er studentmagasinet som tek for seg det som skjer i Volda. Alle som vil vere med, uansett studieretning, er velkomne. STUDENT-TV Dette er fjernsyn om og for studentar. Om du vil skrive manus, vere programleiar, spele inn fiksjonsfilm, lage reportasjar, vere fotograf eller er interessert i grafikk, finst det garantert ein plass for deg. VOLDA STUDENTRADIO Dette er studentane sin eigen radiokanal.

Kvar kveld klokka 19 kan du høyre ny musikk, gamle vitsar, beinharde fakta og finurlege reportasjar laga av studentar. Alle detaljane er med på å gjere den vesle stasjonen til Noregs koselegaste studentradio. NATURA Natura er friluftsgruppa der du kan ut­ fordre deg sjølv gjennom fjell­turar, bre­ vandring, surfing og mykje meir. Har du lyst til å oppleve den ville og vakre sunnmørs­ naturen tett på, er Natura student­organisasjonen for deg. VOLDA STUDENTIDRETTSLAG Bli med dei rundt 200 medlemene på trening, anten du vil symje, spele fotball, handball, volleyball, bordtennis, innebandy eller trene styrke.


13

SYMFONIORKESTERET Landets einaste symfoniorkester som er knytt til ein høgskule, har eit allsidig repertoar og spelar alt frå populærmusikk til symfoniske og kyrkjemusikalske verk. HØGSKULEKORET Likar du å syngje? Framføringar som «Juleoratoriet» av J.S. Bach og musikalen «Spelemann på taket» viser litt av spennvidda. KRIK Eit aktivt miljø med kristelege verdiar, id­r­e­tts­glede og gode relasjonar i sentrum. VOKS Volda kristelege studentlag er ein student­­­­­­ organisasjon som ønskjer å vere eit inkluderande fellesskap.

FADDERVEKA Kvar haust møter spente og ivrige studentar opp i Volda. Nokre er heilt ferske, andre har studert litt frå før. Felles for alle er at dei står framfor ei lærerik og morosam tid. For at starten på studieåret skal bli best mogleg, blir den årvisse Fadderveka arrangert ved studiestart i august. Dette er ei veke der nye og gamle studentar får bli kjende med kvarandre. VEKA Få med deg den magiske stemninga under studentVEKA i Volda. Noko av det du kan oppleve, er konsertar, revy, radiosendingar og kviss. VEKA byr på noko for einkvar smak, og i tillegg til lokale talent i studentrevyen kjem stjerner og talent frå inn- og utland for å skape ei stemning og ein atmosfære du seint vil gløyme.

DOKUMENTARFILMFESTIVAL Noregs eldste og største årlege dokumentarfilmfestival trekkjer til seg filmskaparar frå inn- og utland. Mellom femti og seksti filmar blir viste under festivalen. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum til gode filmopplevingar. ANIMATION VOLDA Høgskulen har eit anerkjent animasjonsmiljø som utdannar nokre av dei mest kreative og dyktige animatørane i Noreg. Med festivalen Animation Volda kan alle ta del i den kreative atmosfæren i Volda – og det i ein festival som tiltrekkjer seg nasjonal og internasjonal merksemd. Mellom workshops og konsertar kan du sjå eksklusive kinopremierar på banebrytande animasjonsfilmar.


14


15

KOM TIL VOLDA OG OPPLEV VERDA Som student ved Høgskulen i Volda har du mange val i studieløpet. Vi har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land, og du har mykje å velje i dersom du vil ut i verda medan du studerer i Volda, anten på utveksling eller i ein praksisperiode. Det kjem også studentar frå heile verda for å studere i Volda.

Alle studieprogram legg til rette for at studentane skal kunne reise på utveksling eit semester. To av dei som har nytta seg av dette, er Christine Skarstein Olsen og Helle Ulvestad. OPPLEVING FOR LIVET Christine valde å reise til Australia for å oppleve noko nytt og gjere noko ekstra ut av journalistikkstudiet. – Eg har fått mange nye venner frå heile verda og fått innsikt i nye kulturar. Eg har fått opplevd korleis det er å bu i eit anna land og samtidig blitt kjent med den vennlege, australske kulturen. Eg har fått reist rundt i landet og gjort ting eg aldri trudde eg skulle gjere, som å hoppe i fallskjerm og ta på ei skjelpadde. FAGLEG OG SPRÅKLEG UTVIKLING På Griffith University tok Christine fire emne som hadde stor relevans for Bachelor i journalistikk. – Faga var alle veldig praktiske, og eg fekk gjere alt frå å lage kortfilm til å ta flotte

bilde. Eg forbetra engelsken min veldig ved å studere i utlandet, særskilt sidan all undervisning var på engelsk. Eg har også forbetra studieteknikken min og fått stort utbytte av å ha opplevd å gå på skule i eit anna land enn Noreg, fortel Christine. SVÆRT LÆRERIKT Helle valde å reise til England og Scandinavian Study Center York. – Sidan eg studerer engelsk, er det å studere i eit engelskspråkleg land svært lærerikt. Undervisningsmetodane er noko annleis enn i Noreg, men eg har lært å tilpasse meg det. Å gå på skule i eit anna land har alltid vore ein draum for meg, og då eg høyrde om det norske studiesenteret, var det ikkje spørsmål ein gong, dette var svaret på draumane mine. TILRÅR UTVEKSLING Eit semester eller to i utlandet kan gje viktig lærdom og personleg utvikling. – Det aller viktigaste eg har lært, er at eg kan stole på meg sjølv. Eg kan faktisk reise

til eit land der eg ikkje kjenner nokon, og klare meg veldig godt. Eg har køyrt bil på venstre side av vegen, besøkt Edinburgh, sett feiring av Guy Fawkes Night og fått mange nye venner. Eg vil absolutt tilrå andre å reise ut. Sjølv blir eg att eit semester til, for eg har det så utruleg kjekt her, fortel Helle. NYE PERSPEKTIV Arne Humberset, leiar ved Internasjonalt kontor, peikar på fleire fordelar ved å reise på utveksling. – Som utvekslingsstudent får du kjenn­ skap til nye land, innsyn i språk og kultur, og heilt nye perspektiv. Du får også høve til å studere fag som du ikkje kan ta her heime. Ein annan fordel med utveksling er at du får sjansen til å vise at du er sjølvstendig, initiativrik og open for nye impulsar, noko som vert verdsett av dei fleste arbeidsgjevarar, fortel Humberset. www.hivolda.no/internasjonalisering


16

STUDIETILBODA BA

= Bachelorgrad, MA = Mastergrad, Å = Årsstudium, GLU = Grunnskulelærarutdanning

ADMINISTRASJON, PLANLEGGING OG LEIING BA Planlegging og administrasjon MA Samfunnsplanlegging og leiing Å Samfunnsvitskap DIGITAL KOMPETANSE Å Digital kompetanse i læring ESTETISKE FAG BA Drama/teater Å Drama BA Kunst og handverk Å Kunst og handverk BA Musikk Å Musikk HELSE- OG SOSIALFAG Sosialt arbeid, sosionom BA Sosialt arbeid, barnevernspedagog MA Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering BA

HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION BA Historie Å Historie BA Religion og språk Å Religion, livssyn og etikk MA Kulturmøte Å Matkultur og helse

* Med atterhald om godkjenning

IDRETT OG FRILUFTSLIV Friluftsliv Å Friluftsliv BA Idrett Å Idrett BA

LÆRAR- OG BARNEHAGELÆRARUTDANNING, SPESIALPEDAGOGIKK BA Barnehagelærarutdanning BA Faglærarutdanning i formgjeving, kunst og handverk BA Faglærarutdanning i musikk* GLU Grunnskulelærarutdanning 1–7 GLU Grunnskulelærarutdanning 5–10 Å Praktisk-pedagogisk utdanning MA Undervisning og læring MEDIEFAG BA Animasjon BA PR, kommunikasjon og media BA Media, IKT og design Å Mediekunnskap BA Journalistikk MA Dokumentar og journalistikk SPRÅK OG LITTERATUR BA Språk og litteratur Å Norsk (nordisk) Å Engelsk MA Nynorsk skriftkultur

WWW.HIVOLDA.NO/UTDANNING


17


18

ADMINISTRASJON, PLANLEGGING OG LEIING

GODE PLANLEGGJARAR Kunnskap innanfor administrasjon, planlegging og forvaltning er attraktiv og etterspurd fagkompetanse. Ei av dei som søkjer denne kunnskapen, er Ida Theodorsen.

– Eg har ein draum om å starte eige firma, og då kjem det eg har lært i dette studiet, godt med, seier ho. FØRELESING I DET FRI Noko av det ho likar best, er at studiet er praktisk. For å lære god sakshandsaming fekk til dømes studentane byte ut kart og pensumbøker med ekskursjon i det fri. Tema var ny E 39-tunnel på sambandet mellom Kristiansand og Trondheim. – Vi fekk sjå kvar tunnelen skulle gå, snakke med representantar frå grunneigarane, kommunen og Statens vegvesen. Det var viktig for å forstå prosessane og nytte/ kost-vurderingane som ligg til grunn for dei ulike forslaga. I staden for å berre studere kart fekk vi vere ute i felten og forstå kva denne saka handlar om. Det er ingenting som er betre enn det, fortel Ida engasjert. ULIKE EMNE Administrasjon og planlegging består av fleire ulike emne. Eit av emna er

«Regional utvikling i Noreg og EU». – Her får studentane grundig innføring i Den europeiske unionen (EU). Dei lærer korleis organisasjonen vart danna, korleis han er oppbygd, og kva relevans EU har for Noreg, fortel førsteamanuensis Nathalie Homlong. STUDIETURAR For å sjå korleis regional utvikling fungerer i praksis, blir det også arrangert studietur til eit av medlemslanda i EU. – Tidlegare år har vi blant anna vore i Austerrike, Hellas og Latvia. Her har vi besøkt næringshagar, vinbondegardar og sjokoladefabrikkar som har fått støtte frå EU, fortel Homlong. VERDIFULL PRAKSIS For å teste ut det ein har tileigna seg av lærestoff og metodeinnsikt, får alle studentane høve til å vere i tre månaders ekstern praksis. – Her står studentane fritt til å velje mellom offentleg, privat eller frivillig

sektor i inn- og utland. Til dømes har vi hatt studentar i Kambodsja, fortel ho. TVERRFAGLEG Bachelorgraden er ei yrkesretta og tverrfagleg utdanning som gir deg fag­ ­­ kompetanse som er tilpassa ulike stillin­ gar innanfor administrasjon, plan­legging og forvaltning.

BA

BACHELOR I PLANLEGGING OG ADMINISTRASJON Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Grethe Mattland Olsen T: 70 07 51 82 | E: gmo@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM I SAMFUNNSVITSKAP Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Grethe Mattland Olsen T: 70 07 51 82 | E: gmo@hivolda.no


ADMINISTRASJON, PLANLEGGING OG LEIING

TRYGG OG KOMPETENT LEIAR Morgondagens leiarar skal utøve leiarskap i eit samfunn i kontinuerleg omstilling. Det er ei utfordring å forstå kvifor det er slik, og samstundes kunne etablere strategiar til fordel for eigen organisasjon. – Med ein master i samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert utdanning som gjer deg til ein ettertrakta leiar både i privat og offentleg sektor, fortel professor Roar Amdam. HØGT KVALIFISERT PERSONALE Saman med professor Jørgen Amdam leier han masteren som gjev aktuell, yrkes­­retta kompetanse i plan­legging, utviklings­arbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. I tillegg til å vere ansvar­ lege for mykje av den faglege litteraturen er professorane aktive forskarar på felt­et. Nyleg sette Roar Amdam i gang eit nytt

prosjekt saman med fleire av master­ studentane. Prosjektet er støtta av høg­ skulen. – Vi skal sjå på koplinga mellom planlegging, læring og innovasjon, fortel han. FLEKSIBELT STUDIUM Tidlegare student Marte Cecilie W. Solheim omtalar master­ studiet som lærerikt og svært fleksibelt. – I løpet av studiet fekk eg lov å utforme oppgåver etter interessene mine. I tillegg er det mange dyktige førelesarar som tek seg tid til å diskutere med studentane,

seier Solheim. Etter fullført master tok ho til på ein doktorgrad med spesialisering i leiing ved Handelshøgskulen i Stavanger.

MA

MASTER I SAMFUNNSPLANLEGGING OG LEIING Studielengd: 4 semester / 2 år (heiltid), 8 semester / 4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars Kontakt: Roar Amdam T: 70 07 51 24 | E: ram@hivolda.no

19


20

KULTURFAG


KULTURFAG

TEATER I ALLE FORMER Det blir komiske forviklingar når skiljelinja mellom den verkelege verda og eventyrverda blir forsvinnande lita i Drama og teater si oppsetjing av «En midtsommernattsdrøm».

To jenter speglar rørsler og framfører samstemte replikkar med stor innleving. Ei av dei er Anette Finnanger som saman med Julie Christensen Valla spelar intrigemakaren Puck, tenaren til alvekongen Oberon. Dette er ei krevjande fysisk rolle. – Det mest utfordrande er stemmebruken og å lage karakteren, særskilt når vi er to som skal vere samstemte, fortel Anette, som alltid har hatt ei stor interesse for teater. SHAKESPEARE FOR FØRSTE GONG Det er første gongen studentar ved Høg­ skulen i Volda set opp Shakespeare, og 2. klasse på Bachelor i drama og teater er klare med si tredje teateroppsetjing i studiet. Tidlegare har dei sett opp ei barneframsyning og ei vaksenframsyning. FAR, SKREDDAR OG LØVE Christian Peder Arthur Alhaug har ikkje mindre enn tre roller i skodespelet.

– Eg spelar den strenge og regelbundne faren til Hermia som set seg imot hennar val av ektemann. Eg spelar også skreddaren Nåløye, som er ein av klovnane i stykket, og løva. Utfordringa er å skape karakterar eg kan spele på ein truverdig måte, fortel han. KREVJANDE OPPSETJING Med ei så krevjande teateroppsetjing blir det lange dagar på studentane, men det har dei heldigvis ikkje noko imot. – Det er fantastisk morosamt å byggje noko som blir betre og betre, og som har ein viss kunstnarleg verdi, synest Christian. LÆRER ULIKE VERKTY OG METODAR I løpet av studiet er studentane innom ulike verkty og metodar, og dei lærer korleis dei kan bruke drama og teater i ulike samanhengar. – Vi lærer mellom anna skodespelar­ teknikk, retorikk, å ordne med lyd,

lys og musikk. Sjølv synest eg det er mest spennande å jobbe med produksjonsprosessen, fortel Anette.

BA

Å

BACHELOR I DRAMA / TEATER Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Sigrun Meisingset T: 70 07 53 34 | E: sme@hivolda.no

ÅRSSTUDIUM I DRAMA / TEATER Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Vibeke Preus Bech T: 70 07 52 54 | E: vibekepb@hivolda.no

21


22

KULTURFAG

MUSIKK FOR FRAMTIDA Studentane følgjer nøye med. Tema er musikkteknologi, og medan førelesaren viser på storskjerm, får studentane prøve seg fram på eigne skjermar. Framtidas musikk vert nemleg i stadig større grad komponert på PC. Undervisninga skjer i eit splitter nytt undervisningsrom med datamaskiner og ny programvare. – Vi ser eit stort potensial innanfor dette området og ønskjer å gje studentane våre eit godt tilbod i musikkteknologi, fortel høgskulelektor Svein Hunnes.

Gjennom studiet lærer studentane å spele både åleine og saman med andre, og dei disponerer 20 øvingsrom i tillegg til eige bandrom. – Studentane har mange framføringar i løpet av studiet, både huskonsertar og eksamenskonsertar, fortel Hunnes.

HENG MED I TIDA Tidlegare var det vanleg at musikk vart sett saman i studio. I dag er det meir og meir vanleg at denne jobben skjer framfor ei datamaskin ved hjelp av digital audio workstation.

BREI UTDANNING Otto Myrvold Hegge er ein av dei som vil gjere musikkhobbyen til jobb. – Som musikkstudent i Volda får ein ei brei musikalsk utdanning, og ein lærer mykje innanfor fleire felt. Eg satsar først og fremst på å bruke utdanninga som instrumentallærar i musikkskulen.

SAMSPEL På timeplanen står også musikkhistorie og musikkteori med blant anna notelære, rytme og arrangering. I tillegg blir det lagt stor vekt på den pedagogiske delen og det å kunne undervise i musikk.

Volda og omegn har også eit rikt musikkliv med fleire kor og korps på forskjellige nivå. Otto spelar både klarinett i høgskulen sitt symfoniorkester og i The Blues, the

Brass and the Big Band i lag med andre musikkstudentar. – Reint musikalsk er det mykje ein kan få til i Volda. Det blir fort danna band, og det er lett å få med seg andre i ulike spelesituasjonar.

BA

BACHELOR I MUSIKK Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Henny Koppen T: 70 07 53 27 | E: hennyk@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM I MUSIKK Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Henny Koppen T: 70 07 53 27 | E: hennyk@hivolda.no


KULTURFAG

ROM FOR KREATIVITET Kreativ oppgåveløysing, utforming av utstillingar og presentasjon av eige arbeid er sentralt i kunst og handverk-studiet. Pia Cathrin Habostad brukte erfaringane ho fekk i Volda, til å ta ein mastergrad i arkitektur ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. – Eg hadde nok ikkje kome inn i Oslo utan dei erfaringane og den kunnskapen eg fekk då eg studerte kunst og handverk i Volda. Eg lærte mykje som kjem til stor nytte i studiet no, og eg er utruleg glad for at eg har med meg dei åra, seier Habostad. BEVISST VAL Valet om å studere kunst og handverk var bevisst. – Eg følte meg ikkje klar for å studere arkitektur rett etter vidaregåande skule og valde difor å studere kunst og handverk. Faget var relevant for det eg ville bli. Eg var positivt overraska over lærarane og hadde ei utruleg bra klasse. Det andre året fekk vi i nokre emne frie hender, noko som eg likte svært godt, fortel ho. BRUK SKULEN Pia sitt råd til nye studentar er å bruke

skul­en for det han er verdt. – Tenk på kva du blir utfordra på, og bruk tida i Volda til å bli betre på dei felta. Jobb med problemstillingar, materiale og teknikkar du ikkje har kunnskap om, slik at du kan utvide ditt kreative spekter, er hennar oppmoding. PRAKTISK STUDIUM Studentane har mellom anna under­ visning i visuell kommunikasjon, kunst, arkitektur og funksjonell design. I tillegg kjem emnet Fagdidaktikk, kunst- og form­ kultur. – I studiet vil studentane få innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor varierte materialområde i arbeid med ulike visuelle uttrykkssjangrar. Studiet er i hovudsak praktisk, der oppgåveløysing knytt til fagteoriar er sentralt. Studentane skal gjennom studiet utforme utstillingar

og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt, seier høgskule­ lektor Thorstein Vasset.

BA

BACHELOR I KUNST OG HANDVERK Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Britt Loven Ølnes T: 70 07 53 71 | E: blo@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM I KUNST OG HANDVERK Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Britt Loven Ølnes T: 70 07 53 71 | E: blo@hivolda.no

23


24

HELSE- OG SOSIALFAG

VIL HJELPE ENKELTMENNESKE Camilla Nanditha Jensen og Ove Mikael Risjord vil arbeide med menneske og hjelpe dei i vanskelege livssituasjonar. Dette førte dei til Volda for å studere til barnevernspedagog og til sosionom. Camilla fortel at ho valde barneverns­ pedagogstudiet fordi ho ønskjer å arbeide med barn og hjelpe dei med å meistre ein vanskeleg kvardag. – Med ei slik utdanning trur eg at sjansane til å få ein jobb der eg kan utgjere ein for­ skjell, er stor. Eg ønskjer å jobbe ant­en i barnevernstenesta eller ved ein institu­ sjon der ein hjelper vanskeleg­stilte barn, fortel Camilla. Som sosionom eller barne­ verns­pedagog er det fleire jobbarenaer. Ein kan til dømes arbeide både i offentleg og privat sektor, på NAV-kontor, med rehabilitering og rusfeltet. Å MØTE MENNESKE Bachelorstudia i barnevernspedagog og sosionom gjev innblikk i korleis ein skal møte og forholde seg til andre menneske. – Eg har lært korleis ein skal forstå

eventuelle brukarar/klientar ut frå deira ulike føresetnader, fortel Camillla. Studentane har mellom anna peda­ go­ giske, samfunnsvitskaplege og sosial­fag­ lege emne. – Det er mange dyktige førelesarar på studiet. I tillegg har vi nokre gjeste­ førelesarar som gjev ein ekstra inspira­ sjon, seier Ove Mikael. TETT OPPFØLGING Både Camilla og Ove Mikael fortel om god oppfølging frå førelesarane. – Vi har eit godt samarbeid med faglærarane, og det er noko eg set stor pris på. Ved eit universitet blir ein fort éin i mengda, men her i Volda blir ein sett og lagd merke til av alle, både lærarar og medstudentar, fortel Camilla.

– Førelesarane er veldig engasjerte i studiet. Dei stiller seg til disposisjon dersom vi har spørsmål eller det er noko vi treng hjelp til, fortel Ove Mikael.

BA

BACHELOR I SOSIONOM Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Hallgerd Conradi T: 70 07 50 81 | E: hc@hivolda.no

BA

BACHELOR I BARNEVERNSPEDAGOG Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Hallgerd Conradi T: 70 07 50 81 | E: hc@hivolda.no


HELSE- OG SOSIALFAG

MEISTRING PÅ HØGT NIVÅ Eit sterkt og solid fagmiljø har, saman med aktiv forsking, gjort at master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering har etablert seg godt. Institutt for sosialfag har fem professorar innanfor område som pedagogikk, psykologi, sosiologi og sosialfag, og i tillegg tilsette med spesialkompetanse på felt som sjukepleie og rus. Eit døme er professor Willy Pedersen ved Universi­ tetet i Oslo, som er tilsett i bistilling. – Ved å ha tilsette som er spesialistar på ulike felt, kan vi gi studentane ei grunnleggjande innføring, men også tilbod om spesialisert kompetanse både gjennom undervisning og forskingsrettleiing, fortel professor Kåre Heggen. AKTIVE FORSKARAR Professorane er også aktive forskarar og arbeider stadig med nye, spennande prosjekt. I samarbeid med andre universitet og høgskular på Vestlandet

er det sett i gang prosjekt innanfor barnevern, rus og NAV-systemet. Desse prosjekta har også studentane høve til å vere med i. – I fleire år har to av professorane ved instituttet, Rune Kvalsund og Jon Olav Myklebust, arbeidd med sårbar ungdom. I 16 år har dei følgt eit utval ungdom fram til tidleg vaksenliv og studert deira utdanning og etablering i arbeid, familie og fritid. I tillegg har dei sett på spørsmål knytte til eventuelle helse- og sosialproblem, fortel Heggen.

og myndiggjering på både individ- og systemnivå. Dette kjem godt med i arbeidet, der eg motiverer asylsøkjarane og hjelper dei til å meistre kvardagen, fortel ho.

MA

INDIVID- OG SYSTEMNIVÅ Tidlegare masterstudent Svetlana Rotaru frå Moldova arbeider i dag som rettleiar for asylsøkjarar som har fått avslag på søknaden om opphald i Noreg. – På masteren lærte eg om meistring

MASTER I HELSE- OG SOSIALFAG – MEISTRING OG MYNDIGGJERING Studielengd: 4 semester / 2 år (heiltid), 8 semester / 4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars Kontakt: Kåre Heggen T: 70 07 52 16 | E: khe@hivolda.no

25


26

HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION


HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION

HISTORISK FORSKING – Historie handlar om mykje meir enn å vite at noko har skjedd. Det handlar om å forstå kvifor det skjedde, og kva for konsekvensar det har for oss i dag. Orda kjem frå Arnfinn Kjelland, første­ amanuensis i historie. Han er oppteken av å engasjere studentane og få dei til å reflektere rundt historiske hendingar og prosessar. Ein av desse studentane er Martine Raknes Holte, som alltid har interessert seg for historie. – Historie er eit middel til å forstå korleis dagens samfunn er blitt slik som det er, blant anna med tanke på kulturskilnader. Eg har alltid vore spesielt interessert i vikingtida, og i studiet har eg lært mykje om korleis samfunnet var i denne og andre tidsepokar, både nasjonalt og internasjonalt. TETT OPPFØLGING Martine fortel at førelesarane er tett på studentane og gjev god rettleiing. – Oppfølginga frå føreleserane er svært god, noko som kjem til nytte i eit fag der oppgåveskriving står svært sentralt. Ved å bruke prosessoppgåver som arbeidskrav,

der ein leverer inn både ein disposisjon og eit første utkast, kan førelesaren gje tilbakemelding og rettleiing tidleg i prosessen. Slik aukar studenten si forståing av korleis ein skal svare på oppgåver og spørsmål på ein god måte, og ein vert godt førebudd både til eksamen og vidare studium. MEIR ENN BØKER For at studentane skal lære best mogleg, legg Historisk institutt opp til både filmkveldar og studieturar. Kvar haust går turen til Stadlandet og klosterruinane på Selja, og på våren er det Roma som er reisemålet. – Slik kan studentane sjølve få sjå stadene dei les om i pensum, og få ei større forståing av kva studiet handlar om. Ein tur til Stad og Selja kan fortelje mykje om kysthistorie, katolsk klosterverksemd og dramatikk frå andre verdskrigen. Når vi har filmkveldar, ser vi fagrelevante filmar og diskuterer innhaldet i dei. Før turen til Roma såg vi til dømes «Life of Brian». Det

er ein ironisk film, men med referansar til faktiske historiske prosessar, fortel Kjelland. HISTORISK FORDJUPING Ved å studere historie i Volda lærer ein om norsk og internasjonal oversyns­­historie frå år 300 til 2000. Ein kan også fordjupe seg i global­­historie, kysthistorie, lokal-, familie- og mikrohistorie, stormakts­poli­ tikk og norsk utanriks­politikk etter 1945.

BA

BACHELOR I HISTORIE Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Grete Marry Brøste T: 70 07 51 76 | E: gmb@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM I HISTORIE Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Grete Marry Brøste T: 70 07 51 76 | E: gmb@hivolda.no

27


28

HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION

DET FLEIRKULTURELLE SAMFUNNET Det er ein vanleg time på ein multikulturell skule i London. Studentar frå Høgskulen i Volda observerer det heile. Dei er her for å sjå korleis ulike religionar blir framstilte i eit samfunn med mange ulike kulturar.

I løpet av opphaldet skal studentane bli kjende med religionsundervisning i England. Dei vil også møte hinduar, muslimar, sikhar, jødar og kristne. Det er sjette året på rad at det blir arrangert studietur for studentane til Redbrigde i London. Å LÆRE RELIGIONEN Å KJENNE – Målet er å bli kjend med engelsk skule og religionsundervisning og lære religionane betre å kjenne og høyre korleis dei ulike trus­ retningane sjølve presenterer seg. I England, og særleg London, er multikulturelle og multi­ religiøse samfunn vanlege. Vi får dermed også sjå korleis det fungerer med ulike religi­onar i klasserommet, og korleis ein tek omsyn til dette i undervisninga, fortel førsteamanuensis Ralph Meier. Han for­ klarer at studieturen er ein fin måte å bli kjend med andre religionar og oppleve dei i praksis.

– Studentane får snakke med både ungdommar, lærarar og religiøse leiarar. Vi besøkjer ulike skular og religiøse hus, og tilbakemeldingane frå studentane er at dette er nyttig og verdifullt, fortel Meier. LÆRERIKT OG SPENNANDE Studentane Ann Charlotte Humberset og Rita Monica Knotten Torvik er akkurat heimatt­komne frå Redbridge og fortel at dei gjerne reiser dit neste år også. – Å møte menneske med andre kulturar er utruleg lærerikt og spennande. Den religions- og kultur­kunnskapen vi får i dette faget, gir hjelp til å forstå samfunnet vi lever i, og er nyttig i ulike yrke, seier Ann Charlotte. HØG KOMPETANSE Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har tilsette med høg fagleg kompetanse og tilbyr spennande undervisning som

legg vekt på historiske, kulturelle og aktuelle sider ved religionar og livssyn.

BA

Å

BACHELOR I RELIGION OG SPRÅK Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Knut Willy Sæter T: 70 07 53 40 | E: setherk@hivolda.no

ÅRSSTUDIUM I RELIGION, LIVSSYN OG ETIKK Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Hildegunn Valen Kleive T: 70 07 50 96 | E: hvk@hivolda.no


HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION

NÅR KULTURAR MØTEST I dagens samfunn, som stadig blir meir samansett av ulike kulturar og religionar, er det naudsynt å kjenne si eiga og andre si historie for å forstå kvifor verda er som ho er i dag. – Mastergrad i kulturmøte gir innsikt og kunnskap til å møte dagens multi­ kulturelle utfordringar på ein betre måte, fortel professor Inger Marie Okkenhaug. EIN DEL AV KVARDAGEN Slik kulturkunnskap er nyttig og etterspurd i eit samfunn der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Ho meiner at ein i dagens samfunn ikkje kan la vere å ta inn over seg at verda er samansett av ulike kulturar, religionar og ulike politiske synspunkt. – Studiet har som mål å styrkje studentane i å meistre dette – i kvardagen, skulen og arbeidslivet elles. SEKULARISERINGA AV SKULEN Som student kan du mellom anna lære om skulen sitt møte med endringar i

relasjonane mellom religion, kultur og samfunn i det nye emnet «Den sekulære skulen i eit religiøst og kulturelt mangfald». – Emnet legg vekt på spørsmålet om religion i skulen i eit internasjonalt perspektiv og gir ei innføring i spenninga mellom foreldrerett og skule i ei sekulær offentlegheit, fortel Okkenhaug. AKTUELLE TEMA Student Mette-Karin Vik er svært godt nøgd med masterstudiet og synest emnet Brennpunkt Midtausten har vore ekstra spennande. – Førelesarane er dyktige og engasjerte, og dei har teke oss med frå utbreiinga av islam og fram til den arabiske våren. Vi har lært om årsakene til konfliktane, deling av landområde og korleis religionen har

spelt inn, seier ho. Grunnskulelæraren røper at ho er freista til å byggje på studiet med ein doktorgrad etter kvart. Fullført mastergrad gir deg ein brei kompetanse med relevans for ulike yrkesvegar, som til dømes internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar, i offentleg og privat forvaltning, og i undervisningsog kultursektoren.

MA

MASTER I KULTURMØTE Studielengd: 4 semester / 2 år (heiltid), 8 semester / 4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars Kontakt: Inger Marie Okkenhaug T: 70 07 54 22 | E: okkenhai@hivolda.no

29


30

HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION

MATGLEDE, HELSE OG VITSKAP Studentane på Matkultur og helse er samla på kjøkkenet. Når ein skal studere mat, er praktisk arbeid viktig. Å vere med på slakting og å sylte og yste er berre noko av det som står på timeplanen.

– Mat er glede, helse og vitskap. Maten ber også med seg mykje historie, kultur og identitet. Difor underviser vi både om kva mat er, korleis ein laga mat før i tida, og korleis ein kan lage god og sunn mat i framtida, fortel høgskulelektor Kari Ryslett. – KVIFOR ET VI SOM VI GJER? Kollega og førsteamanuensis Erik Fooladi supplerer: – Vi går tilbake i tid og lærer om kvifor vi et slik vi gjer, og korleis kultur, matvarer, teknologi og kunnskap har vore med på å forme oss. Studentane lærer også å lage mat frå botnen av, og i samband med Forskingsdagane har dei i oppgåve å lage tradisjonsmat og formidle matkultur på Volda Bygdetun. – Då står gjerne flatbrød, brenneslesuppe og vikingsuppe på menyen, fortel Ryslett. LEIK MED MAT For å forstå korleis vellykka mat ser ut og

smakar, gir Fooladi studentane lov til å eksperimentere på kjøkkenet, og han går ikkje av vegen for å trekkje inn naturfag når han skal forklare matlaging. – Mat består jo av molekyl, og ved å samanlikne det gode resultatet med eit som er «mislykka», lærer ein meir om kva som gjekk gale, og kvifor det gjekk gale, fortel han. GOD MAT, GOD HELSE Målet er å gi studentane ei djupare for­ ståing av mat, samstundes som dei skal lære å lage mat som fremjar både god helse og gode matopplevingar. Dette er kunnskap som er viktig for arbeid både i barnehagen og skulen, men også på andre område der mat kan inngå som tema. FORSKINGSPROSJEKT Fooladi er oppteken av nye idear og å sjå ting i samanheng. Han leier eit internasjonalt prosjekt som består av

kokkar, lærarar, forskarar, journalistar og studentar, og alle studentane på Mat­ kultur og helse får delta om dei ønskjer det. – Målet er å forstå kvardagsføre­stillingar om mat, fortel han. Han har også ein eigen blogg om mat og utdanning på www.fooducation.org.

Å

ÅRSSTUDIUM I MATKULTUR OG HELSE Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Erik Fooladi T: 70 07 53 22 | E: ef@hivolda.no


HISTORIE, KULTUR, SAMFUNN OG RELIGION

31


32

KULTURFAG

FRÅ TARE TIL TIND Båtane er fortøygde, lavvoen er sett opp, og studentane er samla på Yksnøya. Det er førelesing for studentane på friluftsliv. – På Friluftsliv legg vi opp undervisninga med nær samanheng mellom teori og praksis gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og i alle årstider, fortel høgskulelektor Dag Erik Wold. UNIKE «KLASSEROM» Høgskulen i Volda har lang erfaring med å tilby høgskuleutdanning i friluftsliv. Med den vakre naturen på Sunnmøre har studentane eit unikt «klasserom».

I tillegg til nasjonalparkar i nærområdet blir Yksnøya ofte besøkt. Her disponerer høgskulen eit naust, ei lun hamn, leirplass og ei rekkje større og mindre farty, og studentane får lære om båtbruk, fiske og fangst, navigering, livredning og segling. – Om vinteren blir den populære Standal­ hytta på Standaleidet mykje besøkt. Sunnmørsalpane er eit dramatisk og svært vakkert fjellområde som er godt eigna til å undervise i snø og skredlære, fortel Wold.

– Friluftsliv er eit veldig praktisk fag, og vi brukar naturen mykje som klasserom. Dette gir oss høve til å lære ved å gjere, og det er slik ein skaffar seg erfaringar som aukar kunnskapen innanfor friluftslivet, seier student Sol Kvavik Idland.

VIL VIDAREFØRE TURKUNNSKAP Sol fortel at ho likar studiet fordi det gir henne ein læringsarena der ho får utvikle seg innanfor faget på ein måte ho ikkje hadde klart på eiga hand. – Dette studiet gir meg høve til å utvikle

kunnskapane som trengst for å kunne ferdast i den frie naturen og etter kvart bli så flink at eg kan vidareføre denne kunnskapen og ta med meg andre på tur.

BA

BACHELOR I FRILUFTSLIV Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Dag Erik Wold T: 70 07 54 58 | E: woldde@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM I FRILUFTSLIV Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Dag Erik Wold T: 70 07 48 33 | E: woldde@hivolda.no


KULTURFAG

GODE IDRETTSOPPLEVINGAR Idrettsstudentane er samla i symjehallen, der det klare vatnet innbyr til aktivitet. Det er tid for opplæring i frisymjing. Symjing, ballidrett, livredningskurs, turn, alpinteknikkar, kystfriluftsliv og fjellturar er berre noko av det som fargelegg dag­ane på Idrett. Den utfordrande sunnmørs­ naturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar. – Idrettsstudiet legg vekt på å gi stud­ ent­ane gode idrettsopplevingar, lærerike utfordringar og spennande fysisk aktivi­ tet, fortel førsteamanuensis Kjetil Høydal. TEORI OG PRAKSIS Høgskulen i Volda har gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, ulike trenings­ baner, treningsrom og test­labora­torium, og dessutan eit utemiljø som byr på alt frå fjord til fjell. – I dei idrettsfaglege emna lærer ein å

kople teori og praktisk aktivitet innanfor trenings- og rørslelære, pedagogikk, didaktikk, helse og idrettspsykologi. Om vinteren blir det blant anna arrangert skikurs og spenningskurs på Bjorli skisenter. I spenningskurset får studentane vere instruktørar for born, unge og vaksne med særlege behov, utdjupar Høydal. EIT BEST MOGLEG UTGANGSPUNKT Ein av studentane som har fått eit godt utbytte av å studere idrett, er Ivar Steffen Os Nord. – Undervisninga varierer mellom vanleg førelesing, seminar, oppgåver og praktisk undervising. Dette gir god breidde i undervisinga og gir oss eit best mogleg

utgangspunkt for læring. Førelesingane er planlagde av gode førelesarar med mykje fagkunnskap. Dette gjer at vi som studentar får eit godt innblikk i dei viktige aspekta ved idrett.

BA

Å

BACHELOR I IDRETT Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Øyvind Hagen T: 70 07 52 83 | E: ohag@hivolda.no ÅRSSTUDIUM I IDRETT Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Elisabeth Innselset T: 70 07 53 23 | E: ein@hivolda.no

33


34

LÆRAR- OG BARNEHAGELÆRARUTDANNING

DEN GODE LÆRAREN Ønsket om å jobbe med menneske og høve til å gjere ein forskjell for kvar enkelt av elevane, er grunnen til at Øystein Venås Sørensen vil bli lærar. Tredje året valde han å ta praksisen sin på Den norske skulen i Albir i Spania, som er ein av samarbeidsskulane til høgskulen. – På skulen eg jobba, fekk eg svært god rettleiing frå praksislæraren min. Eg fekk prøvd meg åleine i klasserommet med både ulike klasser og fag. Ute i praksis får ein verkeleg prøvd kva det vil seie å jobbe som lærar. Etter kvart som ein blir kjend med elevane, skjønar ein kor viktig det er å sjå kvar enkelt av dei, fortel han. TETT OPPFØLGING Praksis, fagkunnskap og pedagogikk står sentralt i dei to grunnskule­ lærar­ utdanningane, 1–7 og 5–10 . – Som lærarstudent i Volda blir du følgd opp som enkeltstudent, og faglærarane ser deg og kjenner deg. Det er veldig viktig for å kunne utvikle seg til å bli ein god lærar sjølv. Ein god lærar treng både fag-­

l­ eg kompetanse og form­idlings­evne, fortel høgskulelektor Jorunn Aske. AKTIVE FORSKARAR For å gje studentane ei best mogleg utdanning er forsking viktig. – Vi har eit sterkt forskingsmiljø med Peder Haug i spissen. I mange år har fag­ lærarane vore kopla på ulike forskings­ prosjekt og vore aktive forskarar ute i grunnskulen. Dette kjem studentane våre til gode, fordi vi kan førebu dei og gjere dei meir kvalifiserte til den kvar­dagen dei etter kvart skal ut i. Vi har også samar­beid med andre høgskular om direkte­ sende felles­føre­lesingar. Dette gjer at vi får dei beste førelesarane på dei ulike fagfelta, fortel Aske. INTERNASJONALISERING Studentar i grunnskule­lærar­­utdanninga

har høve til å få praksis i til dømes Spania, eller ein kan velje å studere eit heilt semester i utlandet. Høgskulen i Volda har mange internasjonale samar­ beids­­ part­narar over nesten heile verda. GLU

Å

GRUNNSKULELÆRAR 1–7 Studielengd: 8 semester / 4 år (Kan også takast på deltid.) GRUNNSKULELÆRAR 5–10 Studielengd: 8 semester / 4 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Odd Helge M. Tonheim T: 70 07 53 68 | E: oddht@hivolda.no ÅRSSTUDIUM I PRAKTISKPEDAGOGISK UTDANNING Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Marit Gascogne T: 70 07 52 78 | E: gascogne@hivolda.no


LÆRAR- OG BARNEHAGELÆRARUTDANNING

VARIERT KVARDAG Med regnklede, refleksvest og sand rundt munnen spring barnehageborna frå sandkassa til leikeslottet. Det er uteleik og praksisdag i Hovdebygda barnehage. Barnehagen er ein arena for omsorg og leik, læring og danning; her tek borna sin personlegdom og verdiar form. Barnehagelæraren skal ha gode kunnskapar om å ta vare på både barnegruppa og det enkelte barnet. FRAMTIDSRETTA LEIARUTDANNING Barnehagelærarutdanninga er framtids­ retta, nytenkjande og oppdatert om korleis barnehagane er i dag. Utdan­ninga er eit treårig profesjons­retta studium som gjev utsikt til stillingar med mykje ansvar. – Tek du barnehage­lærar­utdanning, har du teke eit val om å bli ein leiar. Utdanninga er spennande og gjev eit godt grunnlag for arbeid som pedagogisk leiar, fortel studieleiar Elisabeth Welle. TEMABASERT BACHELORUTDANNING Gjennom studiet skal studentane opp-

ar­ beide seg kunnskap om teoriar og arbeidsformer på tvers av fag, og få innsikt i kva samfunn og kultur har å seie for oppveksten og utviklinga til barn. Utdanninga er organisert med temabaserte kunnskapsområde, og arbeids­ f­ ormene er varierte med ein kombinasjon av førelesing, rettleiing, sjølv­­studium, prosjekt og praksis. – Vi har tre ulike fordjupingar som byg­ gjer på kunnskapsområda. Studentane kan velje fordjuping i «Kunst, kultur og kreativitet», «Natur, helse og rørsle», eller «Barns utvikling, leik og læring», seier Welle. EIN VIKTIG LÆRINGSARENA Praksis i barnehagen er ein integrert del av barnehagelærarutdanninga og ein viktig læringsarena for studenten. Som

pedagogisk leiar skal du leie personalog barnegrupper som krev å bli sett og følgt opp. Student Anders Svensli har nettopp hatt sin første praksisperiode og stortreivst. – Praksis var eit godt høve til å få prøvd ut kva vi har lært i studiet. Barnehagen byr på ein utruleg variert kvardag, og i praksis får du kjent på kroppen om dette er rett yrkesval for deg.

BA

BACHELOR I BARNEHAGELÆRAR Studielengd: 6 semester / 3 år (Kan også takast på deltid.) Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Elisabeth Welle T: 70 07 54 50 | E: wellee@hivolda.no

35


36

LÆRAR- OG BARNEHAGELÆRARUTDANNING

SAMLINGSBASERT LÆRARMASTER Med ein samlingsbasert master der ein kan velje mellom tre spesialiseringar, legg Høgskulen i Volda opp til ein lærarmaster som skal passe dei fleste.

I Master i undervisning og læring har studentane høve til å spesialisere seg innanfor spesialpedagogikk, norsk eller matematikk. Master i undervisning og læring gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. STORT BEHOV Behovet for lærarar med høg kompetanse i desse faga er stort. – Spesialiseringane tek utgangspunkt i behova i grunnskulen og kompe­tansen vi har på høgskulen. Mate­ matikk og norsk er dei to største skule­faga. Spesi­al­­ pedagogikk er sentralt i barne­hagen, i alle fag i skulen og i skule­kvardagen generelt, fortel Peder Haug, professor i pedagogikk.

GOD OPPFØLGING Astrid Dorte Brandal har undervist i mate­ matikk og naturfag i mange år, og ynskte å vidareutdanne seg i realfag. Ho har valt å spesialisere seg innanfor matematikk i lærarmasteren. – Eg lærer mykje som er nyttig i undervisninga, spesielt om tilpassa opplæring. I matematikk lærer eg om problemløysing og modellering, og det er svært lærerikt og interes­sant. Eg merkar at eg har fått større kompetanse på problemløysing, og har alt fått bruk for det eg har lært i under­visninga. Vi har dyktige og engasjerte førelesarar, og i matematikk får eg særleg god opp­følging og person­leg rett­leiing.

SAMLINGSBASERT MASTER Master i undervisning og læring er organisert med samlingar, og let seg slik kombinere med arbeid ved sida av. Det er høve til å ta utdanninga på fulltid over to år, eller som deltidsstudium over fire år.

MA

MASTER I UNDERVISNING OG LÆRING Studielengd: 4 semester / 2 år (heiltid), 8 semester / 4 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Grete Berg T: 70 07 53 55 | E: gdb@hivolda.no


LÆRAR- OG BARNEHAGELÆRARUTDANNING

SPESIALISERTE LÆRARAR – Å bli lærar innanfor noko som ein verkeleg brenn for, må jo vere draumen. Å ha ein særskild kompetanse er også viktig og noko skulen treng, seier faglærarstudent Astrid Singstad Hagen.

Høgskulen tilbyr Faglærar­ utdanning i formgjeving, kunst og handverk, og ei heilt ny Faglærar­utdanning i musikk. – Faglærarutdanningane vektlegg heil­­­ skap og samanheng mellom fag, fag­didak­ tikk, profesjons­fag og praksis­opplæring, seier første­­amanuensis Karen Brænne. FORDJUPING I EIT FAGFELT Faglærarutdanningane fokuse­rer på eit fag i skulen, og student­ane skal etter avslu­­tta utdann­ing kunne leie barn og ung­­dom i deira eige skapande arbeid i faget. – Eg lærer mykje forskjellig innanfor kunst og handverk, som til dømes visuell kommunika­sjon, funksjo­nell design, kunst og arkitektur. Studiet sin overbygnad er fag­­didaktikk og pedagogikk, fortel Astrid.

NY FAGLÆRARUTDANNING I år blir det også mogleg å studere til å bli faglærar i musikk. – I Volda har vi eit godt og allsidig musikkmiljø, og lang erfaring med lærarutdanning. I den nye fag­ lærar­ utdanninga får du solide faglege og didaktiske kunnskapar, og du blir kvali­­ fisert for arbeid i skule­ ver­ ket og i kulturskulen, seier seksjonsleiar ved Seksjon for musikk, Svein Hunnes. SJÅ TEORI I PRAKSIS På Faglærarutdanning i formgjeving, kunst og handverk har dei første student­ ane alt vore i praksis. – I praksis får ein sjå korleis lærarlivet verkeleg fungerer i forhold til planlegging,

undervisning, etterarbeid og særskild til­ rettelegging, fortel Astrid.

BA

FAGLÆRARUTDANNING I FORMGJEVING, KUNST OG HANDVERK Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Karen Brænne T: 70 07 53 29 | E: karenb@hivolda.no

BA

FAGLÆRARUTDANNING I MUSIKK* Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Svein Hunnes T: 70 07 52 89 | E: sveinh@hivolda.no * Med atterhald om godkjenning.

37


38

MEDIEFAG

PRAKTISK MEDIEMASTER På master i Dokumentar og journalistikk kan du arbeide praktisk gjennom studiet, og du får kompetanse innanfor kritisk og undersøkjande dokumentarjournalistikk. Masteren opnar for produksjon av reportasjar og dokumentarar innanfor både radio, avis, nett, tv og film og byg­ gjer på lange tradisjonar i under­visning i journalistikk og media ved høg­skulen. – Vi vil vere den beste staden å ta ein mas­ ter med praktisk innhald sidan dette er noko vi har halde på med svært lenge, seier program­ansvarleg Pål Aam. Han har sjølv ein lang karriere som doku­m­en­tar­ regissør, og representerer fag­miljøet bak masteren.

nett­­ dokumentarar som blandar ulike medium.

REPORTASJAR OG DOKUMENTARAR Studentane kan lage ulike produksjonar gjennom studiet. Eksamens­ produk­ sjo­­n­en kan vere eit større journali­stisk repo­r­tasje­arb­eid, ein radio­dokumentar eller ein dokumentar­ film. Det er også mogleg å lage avis­ dokumentarar eller

FØRELESARAR FRÅ BRANSJEN Studentane lærer mellom anna om samfunnsoppdraget til journalistikken og korleis dei kan jobbe med gravande journalistikk. Dei lærer også om etikk, kjeldekritikk, djupe søk på nett og dokumentarfilmhistorie.

Ingeløw Elise Kopperud har ein bachelor­ grad i medieproduksjon frå Høgskolen i Gjøvik, men valde å ta masteren i Volda. – Eg valde å ta denne masteren fordi eg då får jobbe med det eg synest er den beste delen av journali­stikken, samtidig som eg får høve til å lage dokumentar­film. Vi får bruke tida og gå i djupna på sakene vi lagar. Det liker eg veldig godt.

– Mange av førelesarane er leigde inn frå bransjen, noko som er ekstra interessant og lærerikt. Vi har også hatt besøk av journalistar som har fortalt korleis dei har jobba med avdekkjande journalistikk, fortel Ingeløw. BEHOV FOR HØGARE UTDANNING I mediebransjen er det stadig større behov for høgare utdanning. Fullført masterstudium kvalifiserer for opptak til doktorgradsutdanning.

MA

MASTER I DOKUMENTAR OG JOURNALISTIKK Studielengd: 4 semester / 2 år (heiltid) 8 semester / 4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars Kontakt: Pål Aam


MEDIEFAG

I KØ FOR Å SIKRE SEG VOLDA-STUDENTAR Kvart år utdannar Høgskulen i Volda journalistar til Medie-Noreg, og dei ferske journalistane er attraktive på arbeidsmarknaden. Kjetil Frugard, som sjølv har studert i Volda, er redaksjonssjef i TV2 Nyhetene og har hatt mykje kontakt med journalistikkstudentar frå Volda. – Grunnen til at studentane er attraktive hos oss, er at dei kan mykje når dei kjem. Dei har hatt god internpraksis og kan dermed ofte meir enn andre praktikantar. Dei kjenner verktøya, har både fotografert og redigert saker, og har arbeidd delvis som videojournalistar, utdjupar han. DIGITAL KOMPETANSE Også Hallstein Vemøy, distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, har berre positive erfaringar, og meiner at Volda-studentane sit inne med ein etterspurd kompetanse. – Dei har ein digital kompetanse som mange av våre journalistar manglar, og som vi treng meir av, slår Vemøy fast.

GODT RUSTA TIL ARBEIDSLIVET Tidlegare journalistikkstudent Eirin Aardal arbeider i dag som journalist i NRK Innenriks. Ho meiner at kombinasjonen av gode førelesingar og praksisperiodar var viktige for at ho følte seg klar for arbeidslivet. – Å kunne jobbe med saker og ha sendingar i internpraksis, med flinke lærarar som støttespelarar, er veldig lærerikt. Eg fekk kjenne pulsen på direkten, kor brått deadline ofte kjem, og korleis ein skal jobbe frå idé til ferdig sak. Det førte til at eg ikkje fekk sjokk den første arbeidsdagen min i NRK. Eirin trekkjer også fram den korte avstanden frå studentane til kunn­ skapsrike førelesarar som svært positivt.

– I Volda lærer du ikkje berre at du alltid bør ha saker på blokka på morgonmøtet, men også korleis du skal få det til. Der er mange dyktige og kunnskapsrike førelesarar som proppar inn alt frå etikk til offentleglova. Og om ein lurer på noko, er det ofte berre å banke på kontordøra deira og ta ein prat. LEIANDE I LANDET Journalistutdanninga i Volda er ei av landets leiande og utdannar journalistar for både avis, fjernsyn, radio og nett.

BA

BACHELOR I JOURNALISTIKK Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Jan Ytrehorn T: 70 07 51 05 | E: jy@hivolda.no

39


40

MEDIEFAG

VIKTIG KOMMUNIKASJON For organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er, og kva ein driv med på ein presis og god måte. Måten ein organisasjon kommuniserer på internt og med omverda, har innverknad på omdøme, effektivitet og økonomi. Eit godt forskingsmiljø gjer at studentane på PR, kommunikasjon og media får forskingsbasert undervisning innanfor eit breitt spekter av emne og fagfelt. Dei lærer om journalistikk, medievitskap, organisasjon og leiing, politisk økonomi og ulike sosiologiske og statsvitskaplege emne. – Undervisninga er knytt saman med omfattande og jobbrelevante interne og eksterne prosjekt og praksisordningar, fortel førsteamanuensis Helene P. M. Johansen. Ho har mellom anna arbeidd med politisk kommunika­sjon, makt­- og samfunnsøkonom­iske strukturar. DEN VIKTIGE PRAKSISEN Det var den tette samanhengen mellom teori og praksis, og gode avtalar med private og offentlege organisa­sjonar, som

gjorde at Eirik Skarsbø søkte seg til Volda. – Eg visste kor viktig det var å få praksis og å få ein fot innanfor. I dag har eg draumejobben i kommunikasjonshuset Dinamo. MANGE KARRIEREVEGAR PR, kommunikasjon og media er ei brei utdanning der studentane tileignar seg kunnskap og kompetanse som kan nyttast på ei rekkje område i vårt medieog kommunikasjonsorienterte samfunn. – Nokre søkjer seg til den veksande kommunikasjons­byråbransjen, medan andre siktar seg inn mot ulike linje- og stabsposisjonar i både privat, ideell og offentleg sektor, fortel Johansen, og ho legg til: Karriere­vegane er på ingen måte avgrensa til kommunikasjons- eller informasjons­­jobbar. Det er berre arbeids­

marknaden, personlege interesser og preferansar og eventuell vidare utdanning som set grenser. Våre tidlegare studentar gjer karriere overalt i samfunnet. AKTIVE STUDENTAR Studentane er aktive med eige lokallag av Kommunikasjonsforeininga og eigen blogg: www.privolda.no.

BA

BACHELOR I PR, KOMMUNIKASJON OG MEDIA Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Jens Standal Groven T: 70 07 51 66 | E: jensg@hivolda.no


MEDIEFAG

STARTA ANIMASJONSSTUDIO Torjus Førre Erfjord har alltid likt å tenkje kreativt. Etter tre år som animasjonsstudent grunnla han produksjonsselskapet Raindog Studios i Volda saman med seks medstudentar og ein av animasjonslærarane. – Då eg kom for å studere animasjon i Volda, ante eg ikkje at det var her eg kom til å slå meg ned, fortel Torjus Førre Erfjord. VANN PRIS MED MUSIKKVIDEO Det Torjus visste, var at han hadde mange kreative idear. Han visste også kva han likte best, nemleg å lage animasjon med masse fart og spenning. Det har han også fått gjort, både gjennom musikk­­video til sitt eige band og musikk­video til låt­ane «Evig Vandrar» og «Blodtørst» av det nor­ ske rocke­ bandet Kvelertak. Sistnemnde musikk­­­video var eksamens­­filmen til Torjus, og for den fekk han Film­politiet sin kortfilmpris 2012. – Eg laga musikkvideoen heilt åleine, og etter alt det harde arbeidet var det ekstra stas å vinne prisen, seier Torjus.

PÅ RETTE STADEN Han fortel at det trengst stor eigeninnsats, inspirasjon og vilje for å studere anima­ sjon, men at tilhøva og ressursane er lagde godt til rette for studentane. – Det gjeld å nytte seg av alle dei flinke fagfolka og dei andre studentane, seier han og er særdeles godt nøgd med utdanninga i Volda. – Så rart at eit studium kan vere så kjekt, tenkte eg mange gonger. INTERNASJONALE FILMFESTIVALAR Animasjonsutdanninga i Volda er kjend langt utanfor landegrensene, og studentar haustar årleg prisar i internasjonale filmfestivalar. Mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurs­personar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda.

Animasjon er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjons­­teo­re­ tiske emne, og design- og produk­sjons­­ teori. Studentane arbeider med blant anna tradisjonell animasjon, cut out, stop motion og 3D.

BA

BACHELOR I ANIMASJON Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Andres Mänd T: 70 07 50 72 | E: andresma@hivolda.no

41


42

MEDIEFAG

KREATIV MEDIEUTDANNING Studentane på Media, IKT og design (MID) skal lære om blant anna lyd, foto, film, web, produksjon av nyhende og fleirkameraproduksjon. Kva er vel då betre enn å få teste teorien i praksis?

Det er duka for FIRST LEGO League, ein internasjonal forskings- og tekno­ logi­ konkurranse for ungdom. Studentane frå MID har vore med som støttespelarar for arrangørane i Møre og Romsdal i mange år, og dei har ansvaret både for storskjermproduksjon og streaming på web på sjølve konkurransedagen. FÅR TESTE ALT DEI HAR LÆRT – Dette er ein kompleks og krevjande produksjon der studentane får bruk for alt dei har lært om fleirkamera- og eventproduksjon, fortel høgskulelektor Dag S. Roland. Med opptil 35 studentar i sving samtidig handlar det ikkje berre om at teknikken må vere på plass. Det stiller også store krav til organisering, god kommunikasjon og evne til samarbeid.

NYTTIGE ERFARINGAR Student Miriam Edler er produksjonsleiar og har ansvar for å planleggje alt nøye, slik at produksjonen skal bli best mogleg. – Då eg fekk tildelt rolla, var eg veldig spent, for det er ein stor produksjon. Men eg har kome raskt inn i rolla, og lært mykje: frå at god planlegging er gull verdt til korleis eg kan vere ein god leiar. Det er fantastisk at vi får høve til å bli med på slike arrangement med reelle arbeidsgjevarar, fortel ho. ULIKE TYPAR ARBEID MID kvalifiserer til ulike typar arb­ eid i medie­ bransjen eller kan ut frå val av studieretning gje under­ visnings­ kompetanse i den vidaregåande sku­len. Studentane lærer både medie­kommuni­

kasjon, -produksjon og design. Dei deltek på mange ulike prosjekt, og det er utvikla ein fellesportal for ulike studentprosjekt. Her kan du få innblikk i studentkvardagen: http://midlabs.no/

BA

BACHELOR I MEDIA, IKT OG DESIGN Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Ivar John Erdal T: 70 07 50 72 | E: erdali@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM I MEDIEKUNNSKAP Studielengd: 2 semester / 1 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Svein Arnesen T: 70 07 50 85 | E: sa@hivolda.no


SPRÅK OG LITTERATUR

43


44

SPRÅK OG LITTERATUR

SPRÅK ER MAKT John Verkland har alltid vore interessert i språk og litteratur, og ein av grunnane til at han søkte seg inn på studiet, var at han endeleg fekk ei orsaking til å bruke mykje tid på å lese bøker av forfattarar han alltid har høyrt om. – Då eg byrja å studere i Volda, var eg mest interessert i engelsk. Men eg fekk raskt opp auga for at norsk og andre språk var minst like spennande. Eg innsåg at det er skrive mykje interessant litteratur og­så på norsk, inkludert nynorsk, fortel John. SPRÅK ER MAKT Ifølgje John kan kunnskap om språk og litteratur vere nyttig i mange saman­­­ henga­r. – Det er eit kjent uttrykk som seier at «Språk er makt». Det vil ikkje berre seie at ein kan nytte denne makta sjølv. God kunnskap om språk kan bidra til å av­dek­ kje maktmisbruk på ulike samfunnsnivå. Og sjølvsagt fungerer språk som makt i mange andre situasjonar. Det er i dag også både viktig og nyttig å kunne kommunisere både på norsk og engelsk.

ØNSKJER Å UNDERVISE Etter utdanninga har John planar om å arbeide som lærar. Han fortel likevel at han alt no har fått bruk for det han har lært her. – Eg har utvikla skriveevna, både ved å lese mykje, og ved å lære meir om korleis litteraturen og språket fungerer. SPRÅK- OG KULTURKUNNSKAP Ivar Aasen-instituttet for språk og littera­ tur gjev hovudsakleg tilbod innanfor norsk og engelsk, språk og litteratur, i tillegg til kommunikasjon. Instituttet tilbyr også undervisning i norsk litteratur på engelsk. Studia gjev kompetanse til undervisning, kan brukast som basis for og del av vidare studium, og vil vere til nytte for alle som treng språk- og kulturkunnskap i yrket sitt.

BA

BACHELOR I SPRÅK OG LITTERATUR Studielengd: 6 semester / 3 år Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Kjetil Myskja T: 70 07 50 78 E: km@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM NORSK (NORDISK) Studielengd: 2 semester / 1 år (heiltid), 4 semester / 2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Giuliano D’Amico T: 70 07 50 63 | E: damico@hivolda.no

Å

ÅRSSTUDIUM ENGELSK Studielengd: 2 semester / 1 år (heiltid), 4 semester / 2 år (deltid) Søknadsfrist: 15. april Kontakt: Alf Tomas Tønnessen T: 70 07 54 56 | E: toenness@hivolda.no


SPRÅK OG LITTERATUR

NYNORSK SKRIFTKULTUR I Noreg handlar fokuset på nynorsk gjerne om hovudmål og sidemål. I utlandet er derimot nynorsken vel så kjend for korleis han vart til. Det er høgskulelektor og doktorgradsstudent Stig J. Helset sine ord.

– Erfaringane har vorte brukte til mellom anna å danne mal for å kartleggje språk i Afrika, seier Helset. EINASTE I LANDET Som einaste i landet tilbyr Høgskulen i Volda Master i nynorsk skriftkultur. Studiet er komparativt og tverrfagleg, og det tek opp skriftkulturen allment og bruker det nynorske som døme på korleis menneska har forma skrifta, og på korleis skrifta har forma dei. Fagmiljøet er samansett av ulike miljø, både i Volda og frå andre institusjonar i inn- og utland. VERDIEN AV SKRIFTSPRÅK Masterstudent og gründer Monika Haanes Waagan studerer dei maritime industribedriftene på Nord-Vestlandet

som språksamfunn. Dette er særleg interessant på grunn av kombinasjonen global industri og tette lokale band. Dette geografiske området er også kjerneområde for det nynorske skriftspråket. – Vi veit at næringslivet er eitt av samfunnsområda der nynorsken aldri har fått skikkeleg fotfeste. Eg er nyfiken på kvifor enkelte bedrifter trassar fleirtalet i klynga og vel nynorsk som bedriftsspråk.

seie for valet deira av målform? Øvrelid har tidlegare arbeidd som journalist og fann tidleg ut at ho ville skrive ei masteroppgåve knytt til media, haldningar og påverknad. Elevar frå tre ulike vidaregåande skular i Møre og Romsdal er med på forskingsprosjektet, i form av ei større spørjeundersøking.

MA

NYNORSK OG LOKALAVISER Iselin Nevstad Øvrelid skriv master­ oppgåve om lokalavisene si rolle i målbytesituasjonen. – Målrørsla argumenterer med at det er viktig at ungdomar får møte nynorsk i media, men er det eigentleg slik at lesevanane blant ungdom har noko å

MASTER I NYNORSK SKRIFTKULTUR Studielengd: 4 semester / 2 år (heiltid), 8 semester / 4 år (deltid) Søknadsfrist: 1. mars Kontakt: Roger Ole Rangsæter T: 70 07 52 17 | E: ror@hivolda.no Stig Jarle Helset T: 70 07 51 59 | E: helsets@hivolda.no

45


46


47


WWW.HIVOLDA.NO


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.