Bla i boka

Page 1

kristian a. bjørkelo

EKSTREMISME

HUMANIST FORLAG



K r i s t ian a . B jør Ke l o

ekstremisme

h u ma n i s t f o r l ag 2 0 1 6


© Humanist forlag 2016 omslag: lilo design Bokdesign/sats: synne tangen trykk: scandBook, Falun isBn: 978-82-82821-25-4 Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond Boka er gjeve ut med støtte frå institusjonen Fritt ord www.humanistforlag.no


Innhold Innhald

Forord 7 1. Innleiing 11 2. Kva er ekstremisme? 22 3. Ei samfunnsform fødd i blod 43 4. Høgreekstremismen 59 5. Venstreekstremismen 78 6. Når Gud har sagt det: Religiøs ekstremisme 103 7. Det umenneskelege menneskelege 120 8. Nettekstremisme 136 9. Frykt, terror og terrorisme 151 10. Nyskapande fascistar, som meg og deg 175 11. Demokratiet og ekstremisten 189 12. Tilrådde kjelder 211



Forord

dette er ei bok om ekstremisme. ekstremisme er noko vi alle snakkar om i dag, utan eigentleg å vete heilt kva vi legg i det. ekstremisme er noko vi i all hovudsak kallar ting vi ikkje likar, både gjerningar og meiningar. Men meiner vi alltid det same når vi bruker ordet? Det er eit vanskeleg ord som sjølv ekspertar slit med å bli einige om kva inneheld. Denne boka vil nok ikkje gje eit heilt eintydig svar heller, men den er ein stad å byrje. Det er iallfall mi von. Denne boka har tatt si tid å verte ferdig, ikkje minst fordi det har vore så mykje eg har hatt lyst til å fortelje om, men som alltid har tatt meg av garde på lange og kompliserte tanketurar. og det er ikkje det denne boka skulle vere. Denne boka skal vere enkel og grei å forstå; du skal ikkje måtte kunne noko om ekstremisme når du først les henne, men gjerne kunne litt meir 7


når du er ferdig. eit tidleg utkast til boka var på nesten tre hundre sider med politisk historie. Det var ikkje det eg ville boka skulle vere. eg vonar at dette er meir lettleseleg og interes­ sant enn det. tida har gått medan eg har skrive boka. og vi har vore vitne til ekstremistar og terrorgjernin­ gar som har komme og gått. Den siste store ter­ rorgjerninga på europeisk jord når eg skriv dette forordet var den 13. november 2015 i Paris. 130 menneske vart drepne i eit omfattande åtak som bestod av sjølvmordsbombarar og gisseltaking. Det var heilt ufatteleg, og eg skulle gjerne ha nytta mykje plass på det i denne boka, men eg må seie stopp ein stad. Boka var ferdig. innan den er komen i hendene på lesarane frykter eg at vi har vore vitne til fleire terrorgjerningar. eg vonar denne boka kan gjere meir enn berre å fortelje om desse, men leggje grunnlaget til å forstå kven og kva som ligg bak. eg har hatt mykje hjelp med å skrive denne boka, og det er fleire som må takkast. eg må mellom anna takke ragnfrid trohaug på sam­ laget som sparka i gang boka, sjølv om eg måtte vidare til eit anna forlag for å gjere henne fer­ 8


dig. eg vil takke Bente Pihlstrøm og Marianne egerdal for å ha hatt trua på prosjektet, og Kristin l. strøm for ein hard redaksjonell hand i sluttfasen. ein særleg takk må gå til min gode ven øyvind strømmen for fagleg input og moti­ verande kontorbesøk. ein stor takk må òg gå til Didrik søderlind og john Færseth, som for­ utan trufast venskap òg har gjeve god fagleg input. Det same gjeld arnfinn Pettersen, Kjetil Braut simonsen og tor Bach. takk til Benjamin eriksen for å ha nytta sine lærarbriller på tidlege manuskript. og så ein takk til Vegar Martinsen for lån av bøker og myndig tiltale når det har vore naudsynt. og det er så mange, mange fleire. takk. (og om det skulle vere tvil: eventuelle feil og manglar i boka er min eigen feil, ikkje desse tapre sjelene som held ut med meg). Familien min fortener òg ein takk for å ha trudd på meg, eg har vore så heldig å ha ei mor og ein far som heier på meg uansett kva eg finn på. ei tante som alltid passar på meg. ei syster som alltid er kritisk, ein svoger eg kan drikke whisky med, og to onkelbarn som motiverer til å tenkje positivt. takk. 9


eg er omringa av vener, veldig mange vener. Gjennom jobb, studiar og hobby har eg erverva eit stort nettverk av tenkjande og skrivande menneske som alltid inspirerer eller får meg til å le. tusen takk alle saman! ein ekstra takk til ida som haldt ut med meg i store delar av skri­ vinga. og ein takk til «amanda», eg vonar du er trygg der du er. Kristian a. Bjørkelo, jula 2015


1. Innleiing

22. juli 2011 opplevde norge bomber og masse­ drap. ei bombe gjekk av i regjeringskvartalet, så slo gjerningsmannen til på Utøya. til saman 77 personar vart drepne, fleire såra. nasjonen vart råka hardt. For mange kjentest dette som første gang noreg vart råka av ekstremisme. tankane gjekk lett til ei ugjerning som skjedde ti år tidlegare. Den 11. september 2001 styrta sjølvmordaktivistar knytt til al­Qaida fly inn i viktige bygningar i Usa. nesten 3000 menneske døydde i dette terroråtaket, og hundretusenvis har mista livet i krigane og terroraksjonane som har følgd. Dei siste hundre åra har millionar mista livet til ekstreme prosjekt utan noko slags omsyn til enkeltmennesket. Kva er det som driv folk til så ekstreme tankar og gjerningar? Kven er desse folka? For femten år sidan satt ein heilt vanleg kar 11


World Trade Center vart truffen av to kapra passasjerfly 11. september 2001. Eit av dei mest spetakulære terroriståtaka til dags dato. Nesten tre tusen døde. Foto: SETH MCALLISTER / AFP / NTB scanpix

og tenkte at demokratiet var falskt. Han meinte at demokratiet ikkje lét ein endre dei store feila i vårt samfunn. Denne mannen drøymde om å gjere ei endring. Han tykte ikkje det var nok å bare syne kva ein meinte: om du skrik høgare enn alle andre i ein demonstrasjon mot urett­ vise, så har du ikkje gjort anna enn å skrike høgast. og du får vondt i halsen dagen etterpå. Men kva har du endra? Har du svekka fienden på noko vis? 12


På internett kunne mannen finne likesinna verda over. Han kom i kontakt med folk som ville bruke vald for å skape eit betre samfunn. Via datamaskina kom han i kontakt med gerilja­ krigarar, anarkistiske aktivistar, fridomskjem­ parar og til og med vaskeekte terroristar. nett­ verket han vart ein del av eksisterte berre på nett, ingen møtte nokon andlet til andlet. Men det var eit fabelaktig vis å halde folk oppdatert om aktivitetar og planar på. På nettet fann den unge mannen «oppskrifter» på alt frå å okku­ pere hus til å lage bomber. særleg sistnemnte var farleg, då oppskrifta hadde større sjanse for å skade den som produserte bomba enn dei til­ tenkte bombemåla. Verdsveven var ei gigantisk kokebok. Her fann mannen alt han trengte for å gjennomføre ein valdeleg aksjon. Det var godt det vart med svermeri og drau­ mar, for denne unge mannen var meg sjølv. På overflata var eg ein heilt vanleg ungdom som meinte at kommunismen ville gjøre verda til eit betre sted. Denne sterke trua vart ein viktig del av min identitet, utan at nokon reagerte på akkurat det. Det er jo ikkje akkurat så uvanlege merkelappar på ein ung nordmann, og det er 13


ikkje einstydande med vilje til vald. Men for meg var vald eit legitimt verkemedel om målet var viktig nok. og det var det jo. at eg faktisk kunne godta politisk vald, sjølv når det vert utførd av andre, vart tydeleg etter terrorangrepet i Usa 11. september 2001. som ein del av den ytste venstresida meinte eg at Usa og kapitalismen deira var fienden. alt og alle som vart råka den 2001. eg fekk nyhenda om kva som hende i new York kort tid etter hen­ dinga, og sette meg ned med direktesendingane til Cnn og nrK. eg var nesten mållaus, men berre nesten. eg byrja å ringe rundt til kompisar og ville høyre korleis dei tenkte. Folk reagerte veldig ulikt på det dramaet som utspann seg på tV­skjermen den dagen. For min del var dette noko eg hadde venta på, noko som i mine auge måtte hende før eller seinare. at fleire tusen menneske mista livet, meinte eg vi måtte sjå i lys av kor mange som var blitt drepne av Usa og deira allierte, særleg i Midtausten der desse terroristane hadde sitt opphav. Det skulle ta meg ei stund før det gjekk opp for meg at å samanlikne på det viset var vanvit. Dei nær 3000 menneska som døydde i tårnet den dagen 14


var uskuldige, dei hadde ikkje gjort seg fortent til dette. På dette tidspunktet vart det å studere ekstre­ mismen meir enn berre ein hobby. eg måtte for­ stå ikkje berre dei som kan gjere slike ugjernin­ gar, men også folk som meg sjølv – som først tenkte at dei hadde fått som fortent. eg var jo berre ein heilt vanleg kar, som ville gjere godt? Korleis kunne eg godta noko slik? Min første reaksjon på terroråtaket på new York vart star­ ten på mi faglege reise inn i ekstremismen.

Ekstremismens ulike andlet ekstremismen kjem i veldig mange ulike farger og fasongar. etter den 22. juli 2011 var høgre­ ekstremisme eit heitt tema i noreg, og telefonen min stod ikkje stille. alle ville ha eit svar på kva det var som hadde hendt: Kva ville gjer­ ningsmannen? og korleis skilde han seg frå nynazistane vi var blitt kjend med på 80­ og 90­talet? Han var jo høgreekstremist, nett som dei. Høgreekstremismen er ei sekkenemning for ein type ekstremisme, og dei er ofte oppfatta som særs valdelege. 15


ein annan type ekstremisme finn vi på den andre sida av den politiske skalaen: Venstre­ ekstremismen, med ulike kommunistiske miljø i spissen. og så har vi ulike religiøse ekstremis­ tar. som dei som i dag reiser til syria og irak for å kjempe for «Den islamske stat». Denne utviklinga er skremmande, og kan få katastro­ fale følgjer. Kvifor reiser nokon av garde til eit framand land for å drepe andre? anders Behring Breivik, som drap 77 nord­ menn i 2011, og islamistane som stod bak terror­ åtaket i Usa i 2001 tilhøyrar to ulike ekstreme retningar, som står i konflikt med kvarandre. til trass for dette deler dei på fleire vis same syn på verda, dei berre sit i kvar si ende av dette verdssynet. Dei er bitre fiendar, og resten av oss er fanga i midten. Det er ikkje nokon tvil om at dei religiøse terroristane har drepe fleirfaldig fleire enn det høgreekstremistane har gjort dei siste åra. Men på verdsbasis så vel som i noreg har det alltid vore høgreekstremistar som har gjort mest skade. i skrivande stund har ei slik religiøs gruppe okkupert store delar av irak og syria og innført eit blodig og brutalt terrorvelde der. Dette gjev vatn på mølla hjå folk som deler 16


Breiviks hat mot den islamske verda. ein stad der ute sit nokon og pønskar på deira neste trekk: Korleis skal dei nedkjempe fienden sin? Denne boka er eit resultat av fleire års inter­ esse for det ekstreme, og eit ønske om å utfor­ ske ekstremismen i sine ulike former. når vi snakkar om ekstremisme meiner vi ulike ytter­ liggåande politiske og religiøse førestillingar og gjerningar. Vi møter ein sterk tro på at samfun­ net må verte endra. terrorisme blir gjerne sett på som eit nødvendig verkemedel på vegen mot målet. Gjennom ulike døme og forteljingar vil eg prøve å syne ulike sider av ekstremismen. slik vonar eg å gje nokre svar på det vanskelege spørsmålet: Kva er ekstremisme? eg har dei siste ti åra oppsøkt ekstremistar, og eg har prøvd å forstå dei som dei er. ikkje som monster, men som menneske som deg og meg: Menneske med eit sterkt og brennande ønskje om å gjere noko med livet sitt og bidra til å endre verda. På det eine eller andre viset. eg finn hjå dei ei sterk tru på den eine og fulle sanninga, ei sanning ein ikkje kan vike frå. i det neste kapitlet skal vi sjå litt på ordet ekstremisme og noko av kva det inneheld. i 17


kapittel tre skal vi sjå nærare på demokratiet og korleis den franske revolusjonen la grunnlaget for korleis vi deler dagens politikk inn i høgre og venstre. i kapittel fire, fem og seks skal vi utforske høgre­ og venstreekstremismen, og den religiøse ekstremismen som har hatt så mykje å seie dei siste femten åra. Kva er likt og kva er ulikt? i kapittel sju ser vi på korleis vi menneske kan gjere så grufulle ting mot kvarandre. Kapit­ tel åtte handlar om internett og korleis det legg til rette for mykje godt, men òg legg til rette for ekstremisme og terrorisme. Difor vil vi i kapittel ni snakke om kva terrorisme er, og korleis det gjerne er eit av medla ekstremistar tar i bruk. i kapittel ti fortel eg om CasaPound italia, eit høgreekstremt miljø som eg vitja i italia. Vi run­ dar av i kapittel elleve, der vi vitjar ein ungdoms­ leir og drøfter demokratiet og samlar nokre av trådane i boka. i kapittel tolv foreslår eg ting du kan lese om du er interessert i å lære meir.

Mellom ekstremistane Gjennom denne boka vil eg presentere menneske og rørsler som ein ofte omtaler som ekstremis­ 18


tar eller ekstreme. eg vil verte betre kjende med dei, for å forstå betre kva det ekstreme er. Mi interesse for det ekstreme vart vekt då eg som ung først engasjerte meg i å skape ei betre verd. spørsmåla eg stilte meg då, er ofte dei same som eg stiller meg i dag: Korleis kan vi skape ei betre og meir rettvis verd? og kva medel kan vi nytte for å nå målet? For dei fleste strander det heile på kva som er realistisk å oppnå, og kor langt ein er villig til å gå for å nå det. For nokre, derimot, finst det ingen slike grenser – dei vil endre verda for einkvar pris. og det er desse som gjerne vert ekstremistar. eg starta arbeidet med denne boka i roma, ein by full av historie og minnesmerker over politisk ekstremisme. og ikkje minst levande ekstremisme. i roma vitja eg ei veksande høgre­ ekstrem rørsle – CasaPound italia. Den fascis­ tiske organisasjonen har slått seg opp ved å gjen­ nomføre fredelege, men høgt profilerte aksjonar og husokkupasjonar. om eg skulle skrive om ekstremismen, så ville eg gjere det med ekstre­ mismen på kroppen, for ikkje å snakke om i kroppen. eg åt storarta måltid med dei, og lét dei fortelje meg om deira liv, om deira motiva­ 19


sjon og draumar. som fascistar rekna dei meg som ein av sine erkefiendar. Fascismen er ein høgreekstrem ideologi som meiner at ein sterk leiar må erstatte demokratiet, og at nasjonalt fellesskap må stå i fokus. Fascismen er veldig krigersk, ei kjensgjerning som førte til andre verdskrig. nazismen er ein fascistisk ideologi som vektlegg rase like mykje som nasjonen. Å møte ekstremistar andlet til andlet gjev eit heilt anna inntrykk av dei enn å lese om dei i bøker og aviser, det er difor eg vel å gjere det. Det er lett å tenkje seg ekstremisten som noko som er så vilt og framand at det er nesten umen­ neskeleg. når ein treff ekstremistar andlet til andlet, finn ein ofte ut at dei er overraskande vanlege. ekstremismen kjem fram når ein pirkar i denne vanlege overflata, når ein snakkar om korleis dei forheld seg til andre menneske som trugslar og fiendar. Kampen deira er ein del av deira liv, og det er vanskeleg å skjule delar av livet sitt, men dette i seg sjølv gjer dei ikkje så annleis enn alle andre. om ein kjem inn på dei, kan ein sjå kva som driv dei og kva som moti­ verer deira engasjement. Deira frustrasjon over det dei opplever som urettvise, sosial nød eller 20


manglar ved demokratiet. ikkje minst mangelen p책 handling. ekstremisten vil gjere noko, han vil sj책 noko gjort. Demokratiet m책 vike for den sterke vilja til 책 handle.

21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.