Selje hotal & thalasso spa

Page 1

Velkommen til Selje Spa Thalasso Thalassoterapi er ei av verdas mest naturlege og effektive anti-stress behandling og er heilt kompatibel med den menneskelege organismen. Behandlinga er basert på sjøvassbad oppvarma til ca. 33- 35 grader. Huda absorberer ulike element som finns i overflod i sjøvatn, som jod, svovel, kalsium og magnesium. Desse elementa veg opp mot mangelen av salt og mineral forårsaka av stress og trøttheit i kroppen og bidreg til å få til ei rask betring av nervøse plager. Thalassoterapi er ikkje berre anbefalt for stress-relaterte plager, men bidreg også til å forebygge og gir lindring for alle type smerte relatert til revmatisme, leddgikt og forholdet mellom bein og musklar. Behandlingar med thalassoterapi er også anbefalt for luftvegssjukdommar, hudpleie, og ikkje minst for alle som vil investere i velvære og er oppteken av å halde seg slank og i god form. Thalassoterapi er balsam for heile sanseapparatet, og etter to timar med algeterapi, bølgjemassasje, saltvassbobler og høgtrykkspyling er kroppen fullstendig nullstilt; velværet breier seg frå isse til tær... Hugs å slappe av etter ei behandling, bruk gjerne kvileromet vårt.

14 Selje magasin

Brusande balsam

for kropp og sjel


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.