Kreftsykepleie 01 2020 - Tidsskrift for kreftsykepleiere

Page 5

D

et er tid for året sitt første tidsskrift av Kreftsykepleie. Dette er første tidsskriftet vi kun gir ut digitalt, og det må redaktøren innrømme er litt vemodigt. Vi håpar vi ikkje misser lesarar. Fordelen er at du har oss med deg heile tida, om du skulle få ei ledig stund. Kanskje t.o.m i hytteveggen nå i påska. I dette bladet har vi valt å ha fleire ulike tema. Tidsskriftet kjem ut kun to gangar i året, med fleire sider pr tidsskrift. Det er mange ting vi ønskjer du som lesar, skal få lese og lære meir om. Redaksjonsutvalet og eg, er nok ein gong stolte over å vise dykk kor mange dyktige og flinke fagfolk vi har, rundt om i landet vårt. Og alle har ein ting felles; det beste for kreftpasienten. Ekstra takk til alle artikkelforfatterane i dette bladet. Er fastlegen også lege for kreftpasienten? I dette nummeret kan du lese om «Er fastlegen også lege for kreftpasienten?» På sjukehuset der eg jobbar, oppfordrar vi kreftpasienten til å besøke fastlegen og til å halde kontakt etter han har fått kreftdiagnosen. Når pasienten er i eit pakkeforløp, har han tett dialog med sjukehuset. Det er gjerne naturleg at sjukehuslegen hjelper med litt «småting» som ellers fastlegen ville tatt hånd om. På sjukehuset er det gjerne opptil fleire timeavtalar for veka. Heimesjukehus, er i vinden som aldri før. Pasientar som tradisjonelt har vore isolert på sjukehuset, blir nå behandla i heimen – Kva gjer dette med sjukepleiaren sitt ansvar? Spennande tema som fire kreftsjukepleiarar ifrå Oslo Universitessykehus skriv om. Kommunikasjon når barn og unge er pårørande, er ofte utfordrande. I denne artikkelen brukar artikkelforfattarane fysisk aktivitet for å nærme seg 13 åringen, slik at dei lettare kan snakke om at far skal døy. Kompetansebeskrivelsen Beskriving av kreftsjukepleiaren sin kompetanse, funksjon og ansvar. Fleire krefttilfeller med tarmscreening vil bli oppdaga. Blant dei som får ein kreftdiagnose vil fleire overleve og trenge mindre omfattande behandling. Det er forventnin-

gar når det Nasjonale tarmscreeningprogrammet sender ut sine første invitasjonar til befolkninga i 2021. Dette kan du sjølvsagt lese meir om her. Barnepalliasjon Kvart år døyr omkring 200 barn og unge i Norge. Hos barn og unge kan eit palliativt forløp dreie seg om timar, veker, månader eller år, skriver artikkelforfattar Anja Lee. Kommunesamanslåingar vart gjennomført i 2020, og du kan lese om tankar frå i ei tid med kommunesamanslåingar. Vi får håpe dette er til det beste for kreftpasienten, og at han framleis har like gode tilbod som han hadde før samanslåingane. Kva bør pasienten ete under kreftbehandling? Dette er i alle fall spørsmål eg ofte får i jobben min med lungekreftpasientane. Dei er blant anna opptatt av om dei kan ete sukker. Oppleving av mestring etter brystkreftkirurgi Vi er også heldige og får presentert ein fagartikkel, der du kan lese om kvinnene sine ulike opplevingar av mestring ni år etter brystkreftkirurgi. Tidleg diagnose og betre behandling gir auka opplevelse. I Norge overlever cirka 90 prosent fem år etter diagnosen. God mestring for kvinnene blir viktig. Det er ikkje alltid like lett å møte pasientar og pårørende i krise ved livets slutt. I denne artikkelen får vi presentert ein refleksjonsmodell, som kan gje ei djupare forståing av korleis ytre forhold kan påvirke openheit, kunnskap og vilje hos sjukepleiaren til å gjere godt i utfordrande situasjonar. Skrive fagartikkel Ønskjer du å skrive ein fagartikkel til oss, er det fint om du tar kontakt. Er du ute i god tid, kan den gå via Sykepleien og du vil undervegs få hjelp av fagredaktør Eli Smestad. Den vil bli publisert først på nett hos Sykepleien og etterpå i tidsskriftet vårt. Stor takk til Anne-Lene, Ingvild og Merete i redaksjonsutvalget. Fin fin påske til deg, enten du må jobbe eller har fri. 5


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.