P책 kulturminnetur i Skj책k 2013
Les på www.skjak.no og finn fleire stigar og perlar frå kultur, natur og fiske i Skjåk
Skjåk kommune 61 21 70 00 Turistinformasjon 61 21 29 90 Per Dagsgard 959 89 940 Skjåk Folkebibliotek 90 94 70 20
Skjåk kommune
Kulturminne Skjåk og Bismo 2 Nord-Ottadalen
12
Nordberg
20
Bråtå og Sota
26
Billingsdalen
34
Grotli
40
svein kvitingen minne – sota seter
Trykk: Dale-Gudbrands Trykkeri AS
foto: m. kielland
Design: Cathrine Kildal
skj책k og bismo
2
Skjeltreko Skjeltreko var ein reiskap for 책 spreie vatn fr책 vassveita utover jorda. 3
1
skjåk kyrkje
skjåk kyrkje
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 5,9 km austover frå Bismo eller 11,6 km vestover frå Lom. Parker ved kyrkja. Skjåk kyrkje er ei tømra korskyrkje frå 1752. Byggmeister var Ola Rasmusson Holø. Han leigde med seg ni av dei beste tømrarane i bygda og hadde ansvar for alt arbeid frå felling av fyrste stokk i 1748 til kyrkja stod ferdig sommaren 1752. Da var Ola R. Holø 25 år. Det er sagt at meisteren var så flink og rask at han hogg to laft medan dei andre hogg ei kvar. Tårnstokken vart reist om natta, for Ola R. Holø ville ikkje ha nysgjerrige til stades. Skjåk kyrkje har rik treskurd og 23 bilettavler, som er gjevne som gåver av bygdefolk. Dei fleste tavlene er usignerte og frå tidsrommet 1696–1738. Altertavle, preikestol og korboge er skoren av Jakub Klukstad og Sylfest N. Skrinde ca. 1750. Smedarbeidet er ved Kristen R. Øygard. Døypefont og ljoskrone er skoren av Lars O. Gjeilo. Det er parkeringsplass framfor kyrkja, med ei kyrkjestugu som vart innvigd i 2012. GPS Kulturminne 32 V 467033 6860725 Avstand frå Bismo 5,9 km Tidsbruk med bil 10 min
4
2
skjåk-ola
skjåk-ola skap på uppigard skjåk
foto: morten kielland
Uppigard Skjåk ligg ved Rv.15, 5,9 km aust for Bismo. Her står det einaste stoveinteriøret som framleis er att etter Skjåk-Ola. Uppigard Skjåk er i privat eige og det bur folk der. Det er til vanleg ikkje ope for publikum. Interesserte kan ringe 909 34 935 og avtale visning. Ola Rasmussen Skjåk Teigroen var fødd 1744 og levde til 1803. Medan han voks opp, vart Skjåk kyrkje bygd og dekorert, noko som truleg inspirerte han. Skjåk-Ola er rekna for å vera av dei dyktigaste og mest særmerkte treskjerarane i Gudbrandsdalen. Særleg kjend er han for stoveinteriøra sine, med mellom anna storslegne framskåp. Karakteristisk for arbeida hans er fine proporsjonar, livleg, brei og variert akantusskurd. Det er eit framskåp etter han på Maihaugen på Lillehammer, eit på Kunstindustrimuseet i Oslo, to på Norsk Folkemuseum i Oslo og to i heimbygda Skjåk. Det er eit minnesmerke over Skjåk-Ola i Bismo i Skjåk. Det er laga av Asbjørn Øyberg, som er ein lokal treskjærar. GPS kulturminne 32 V 466683 6860518 Avstand frå Bismo 5,9 km Tidsbruk med bil 10 min
5
3
vollungsbru
vollungsbru
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 3,1 km austover frå Bismo eller 14,4 km vestover frå Lom og ta av Fv.483 mot aust. Køyr 0,5 km og parker ved brua. Vollungsbru var nemnt i veigabota frå år 1400. Brua er i dag ei steinkvelvbru frå 1912. Vass-Per (Peder Pedersen Dagsgardsødegård) skal ei tid ha vore kvernmeister ved Vollungsbru i Skjåk og husmann på Smedsmoen. Rv.15 gjekk over Vollungsbru fram til 1981, da ny vegbru vart bygd like ovanfor. Området rundt Vollungsbru var administrasjonssenter i Skjåk fram til kommunehuset vart flytta til Bismo i 1968. Skjåk Kraftverk flytta nokre år etter. Barneskulen i Holemork og Ofossen samvirkelag er lagt ned. Aust for Vollungsbru ligg Aurmo bustadfelt med gang- og sykkelveg fram til Vollungsbru. Det er også gang- og sykkelveg langs Rv.15 til Bismo. Otta-elva ved Vollungsbru er mykje brukt til rafting. Like nedanfor brua ligg ein attraktiv bølgeformasjon i elva for padlarar. Det har vore arrangert Europameisterskap i rodeopadling på denne bølga. GPS kulturminne 32 V 464923 6861186 Avstand frå Bismo 3,6 km Tidsbruk med bil 10 min
6
4
ofossen mølle
ofossen mølle
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 2,2 km austover frå Bismo eller 15,3 km vestover frå Lom. Over brua mot sør ser du Ofossen Mølle. Parker ved mølla. Ofossen er ei gamaldags mølle som framleis er i drift. Folk har male bygg på mølla i mange generasjonar. Bygg har på mange måtar vore eit slags gull for Skjåkbygda. Gardbrukarane sette æra si i å produsere bygg av den beste kvalitet. Den fyrste mølla vart sett opp ved Ofossen i 1875 av Kveinn-Esten. Same året vart brua over Otta elv bygd på same staden av gardbrukarar i Lundagrenda. Frå den tid og fram til i dag har det vore samanhengande drift på Ofossen mølle. Mange møllarar har hatt sitt virke under ulike eigarar. I og rundt bygningane har det også vore mykje anna aktivitet. I mølla si historie utmerkar åra 1910–1930 seg som særleg aktive. I denne perioden vart det starta ysteri, landhandel, skofabrikk, hanskefabrikk og snikkarverkstad på Ofossen. I dag produserer Ofossen mølle «Skjåkmjøl» og «Skjåkgryn» av bygg som er dyrka i Ottadalen. Bruken av vatnet har vore sentralt i Skjåk til alle tider. Lom og Skjåk Adventures driv elveaktivitetar på Ofossen GPS kulturminne 32 V 463558 6861231 Avstand frå Bismo 2,2 km Tidsbruk med bil 5 min 7
5
tørrstugu
tørrstugu
foto: bjørn dalen
Gå gang og sykkelvegen langs Rv.15 1,0 km vestover frå Bismo sentrum. Tørrstugu var brukt til tørking av korn. Denne tørrstugu var bygd i 1923 og var i bruk til ut på 30-talet. Ei tørrstugu er eit minne frå ei tid der skjåkværen sette æra si i å dyrke godt korn. Det er framleis korndyrking i Skjåk, men ikkje på langt nær i slikt omfang som tidlegare. For at kornet skulle få god kvalitet og tåle lagring, måtte det tørkast godt før maling. Dei gamle låvane hadde hesjer på solveggen der kornbanda hekk til tørk. Etter trusking vart kornet tørka i ei tørrstugu som var felleseige for fleire gardar. Denne tørrstugu hadde 20 eigarar. Det vart fyrt godt på omnen før kornet vart lagt på hyllene – dei såkalla skjellane. I denne tørrstugu var det sju skjellar i to høgder. Dei kunne tørke om lag eit tonn korn på ein gong. Malt til ølbrygging vart også tørka der, da var det ei god søtleg lukt rundt tørrstugu. Malt er korn som er spira i rennande vatn. Før det vart vanleg med komfyr på gardane, var det ikkje uvanleg at kvinnfolk tok med brøddeigen og fekk steikt brød i den gode varme omnen der. GPS kulturminne 32 V 460733 6862235 Avstand frå Bismo 1,0 km Tidsbruk fottur 10 min 8
6
aura kraftverk
aura kraftverk
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 austover 3,2 km frå Bismo og ta Fv.483, Solsidevegen, til venstre. Køyr 1,8 km og parker ved brua over Aura. Stigen startar like aust for brua over Aura. Følg merka stig 0,6 km langs Aura opp til Aura kraftverk. Aura kraftverk sto driftsklart i 1920. Skjåk kraftselskap vart stifta 23. juni 1919 av Skjåk kommune og Skjåk Almenning med 50 % kvar. Anleggsarbeidet starta opp i juni 1919 og Aura kraftverk vart prøvekøyrt 16. januar 1920. Den offisielle igangsetjinga var den 22. februar 1920 med forsyning til 40 abonnentar over 7 transformatorar, frå Forberget til Sveen og med avgreining til Mallaug. Kraftstasjonen i Aura vart driven fram til midten av 60-talet. Etter at planane om utbygging i Høgfossen i Otta vart lagde bort, vart det i staden bestemt å byggje kraftstasjonen Skjåk 1 like ved Nordberg skule. Den skulle utnytte fallet frå Aursjoen til bygda. Aura vart da tørrlagt. Aura vatningsanlegg vart teke i bruk i mai 1966 og gjev vatn til 1400 da dyrka mark og beite. Anlegget utnyttar restvassføringa i Aura med delvis bruk av inntaket og trykkrøyret for det gamle Aura kraftverk. GPS kulturminne 32 V 465888 6862438 Avstand frå Bismo 5,6 km Tidsbruk bil og fottur 30 min 9
7
reinsjakt på lendbreen
jakt med boge på lendbreen
foto: per dagsgard
Køyr Rv.15 mot aust frå Bismo og ta fylkesvegen mot Lundagrendi etter 3,5 km. Køyr fylkesvegen og ta av vegen til Dalom til venstre etter 1,2 km, før brua over Skjøli. Følg vegen til Dalom 1,6 km gjennom ei grind og parker. Gå opp ein merka stig til Lendhytta og vidare i terrenget langs Lenda til Lendbreen. Arkeologar har funne ein 1000 år gamal jernalderleir som har smelta fram frå Lendbreen på Lomseggen i Breheimen nasjonalpark. Lendbreen ligg på 1900 moh i Skjåk og Lom kommune. Villreinen trekte opp på fonnene og isbreane om sommaren for å kjøle seg ned og for å sleppe unna reinsbrems. Jegerane jakta derfor ofte rein på snøfonnene. Funna frå isen er knytt til reinjakt, slik som piler, bogar, spyd og skremmepinnar. Skremmepinnane er laga av spalta treverk, med eit hakk for feste av ei snor av ull, dyrehår eller sener. Snora har vore brukt til å feste ein lett og tunn vimpel av trespon til stikka. Desse vart sette på rekke for å leie reinsdyra mot jegerane, som sat gøymde i bågåstø i terrenget. GPS kulturminne 32 V 463813 6854184 Lengde fottur 6,5 km Høgdeforskjell 1400 m Tidsbruk fottur 5 timar
10
8
fjuken vatningsanlegg
forbergstjønna med dammar
foto: morten kielland
Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv.15 og følg ein bustadveg 300 meter til enden. Her ser du skilta for stigstart til Skamsarkampen. Kjeldene til Fjuken er samla opp i Forbergstjønna med 3 dammar, før bekken renn vidare ut dalen. Dammane er eit imponerande byggverk for å skaffe vatningsvatn. Før Fjuken renn utfor og ned i Skeidsholet, vert det meste av vatnet teke ut i ei vassveit som går over Bispberget til Forbergsdammen. Vatnet renn i ein foss øvst i berget og ned Fjuklia sør for Bispberget til Forbergsgardane. Vatnet vert delt mellom gardane etter å ha runne gjennom steinur. Det naturlege faret til bekken går ned gjennom Skeidsholet. Garden Skei tok vatningsvatn frå bekken. Fjuken kjem fykande utfor berget og renn ned i ura. For å få fram vatn til garden, måtte Skeimannen ta vatnet høgt oppe og føre det i vasstro ned og nordover til Skei. Det var eit fall på to hundre meter og lengde på tusen meter i grov steinur og ulende. Normalnedbøren er 31 mm til saman i mars, april og mai, og vatningsvatn var avgjerande for avling. Tidleg om våren, fall isblokkar og stein frå berget og splintra trolaget. Det var tungt og seint arbeide å slepe uthola stokkar på fem meter oppover bratta for å bøte skaden. GPS kulturminne 32 V 463096 6863283 Lengde fottur 5,1 km Høgdeforskjell 800 m Tidsbruk fottur 3 timar 11
nord-ottadalen
12
Vassveit Vassveit for Fjuken over Bispberget. Du ser vatnet som kjem fykande ned p책 austsida av berget om v책ren til Forbergsgardane.
13
9
reinsgraver i søre døkte
reinsgrav i søre døkte
foto: per dagsgard
Køyr Rv.15 3,1 km mot aust og ta av Fylkesveg 483. Køyr Fylkesvegen 3,7 km til Marlo og 4,4 km austover frå Marlo til nedkøyringa til Øygard. Parker langs Fylkesvegen eller ved nedkøyringa til Øygard. Gå opp skogsvegen mot nord og vidare innover fjellet til Døktahytta. Stigen er merka opp til Høyvelta. Deretter er det god og tydeleg stig innover til Døktahytta. Reinsgravene ligg i Søre Døkte mot nord og aust. Søre Døkte er svært rik på fangstminner. Totalt er det registrert om lag 50 reinsgraver i dette området. Dei finaste gravene ligg oppover frå nordenden av Fjell okkertjønne mot Finndalshorrungen. Her ligg over 20 graver på rekke og rad, nokre heilt intakte. Eldre folk har fortalt at desse gravene tilhøyde Me- Ramstad på Ramstadstronde. Da odelsguten fekk spørsmål om å overta garden, valde han reinsgravene i fjellet framfor garden. GPS kulturminne 32 V 472467 6864724 Lengde fottur 4,6 km Høgdeforskjell 750 m Tidsbruk fottur 2 timar
14
10
krossen
krossen med skjåkbygda
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 3,1 km mot aust og ta av Fylkesveg 483. Køyr fylkesvegen 3,7 km til Marlo og 4,4 km austover frå Marlo til nedkøyringa til Øygard. Parker langs fylkesvegen eller ved nedkøyringa til Øygard. Gå opp merka stig mot nord og opp til Krossen. I 1836 gjekk Gunnil Larsdatter Guldbakke på stigen her for å vere budeie i Finndalen. Krossen er eit minnes merke over henne. Du bør opne Krossen og lese soga som er skriven inni. I følgje Snorre kom Heilag Olav frå Lesja i 1021. Tanken var å kristne bygdene her, men å brenne dei dersom folk ikkje tok imot kristendomen. Han vart ståande og sjå utover bygda og tykte det var så vakkert der. Det var her han skal ha sagt dei berømte orda, «Det er synd at så fager ei bygd skal brennast». Han og mennene hans gjekk over Skim og kom til Synstnes. Følget budde på Nes i fem dagar. Kongen slapp å brenne bygdene, fordi lom- og skjåkværane let seg kristne utan kamp. GPS kulturminne 32 V 473204 6861759 Lengde fottur 2,7 km Høgdeforskjell 500 m Tidsbruk fottur 1,5 timar
15
11
vatnet kulturstig
flåtåtjønnbue
foto: morten kielland
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr Aursjovegen til fjells. Etter 8,7 km ser du Aursjoen og parkeringsplassen ved hytta på Vikhø. Stigen startar frå parkeringsplassen. Dette er ein kulturstig som gjev deg ein flott fottur medan du lærer korleis folk har streva for å få vatn fram til åkrane i tidlegare tider. Skjåk har eit lunt og godt klima med høge temperaturar om sommaren. Bygda ligg i regnskuggen bak dei høge fjella mot vest, og har difor berre omlag 300 mm i årsnedbør. Fjellet her har over 1000 mm i årsnedbør. «Vil Vårherre gje’ oss sol, ska’ oss sjølve skaffe væte», sa dei gamle skjåkværane og bygde desse sinnrike vatningsanlegga som du skal få sjå litt av på denne turen. Turen vil syne deg også annan bruk av vatnet. Utgangspunktet for vatningssystemet er Flåtåtjønn med ei demning. Ein ser ofte regnbyger inne på høene her, og da seier folk i Skjåk at «dæ grin i høåm». Ved Flåtåtjønn ligg det ei restaurert hytte, som står open. GPS kulturminne 32 V 459752 6866139 Lengde fottur 4,8 km Høgdeforskjell 80 m Tidsbruk fottur 1,5 timar
16
12
Fellingsvatnet
halvøya med restar etter ledegjerde
foto: per dagsgard
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr Aursjovegen 14,2 km opp på fjellet, langs Aursjoen fram til dammen i austenden og parker. Følg umerka men god stig mot nord i 8,8 km til Fellingsvatnet. Stigen heitte Løvegen i tidlegare tider. Løvegen er ei gammel form for namnet Lomsvegen. Stigen går over til Lordalen i Lesja. Folk frå bygdene nytta ferdselsvegen for å reise til Romsdalen og Romsdalsmarknaden på Veblungsnes. Fellingsvatnet ligger i Lesja kommune og like nord for grensa mot Skjåk. Ved Fellingsvatnet låg eit masse fangstanlegg for rein. Her kan du sjå restane etter ein steinmur som strekker seg over halvøya du går over, og vidare opp mot Fellinghø. Totallengde av muren var om lag 1200 m. Da den var i bruk, har muren truleg vore høgda med treverk. Reinsflokken vart jaga mot steinmuren og pressa langs med og ut i vatnet. Reinen vart fanga i vatnet eller mot den bratte kanten på vestsida av vatnet. I vatnet var det truleg lagt ut lenser for å styre reinen mot den bratte skrenten på andre sida av Fellingsvatnet. GPS kulturminne 32 V 465969 6874943 Lengde fottur 8,8 km Høgdeforskjell 160 m Tidsbruk fottur 2,5 timar 17
13 gravhaugar ved aursjotjønn
gravhaug ved aursjotjønn
foto: morten kielland
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den opp på fjellet og 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø. Følg merka stig til Aursjotjønn. Det er 2 gravhaugar og 3 fangstgroper på nordsida av Aursjotjønn. Gravhaugen på tangen nord for vatnet er tydeleg. Truleg er gravene samiske, fordi dei ikkje kan relat erast til nærliggande busetting. Truleg har samane hatt reintrøer eller gieddi på staden. Reintrø er ein samleplass for rein, der den samlast for mjølking eller merking. Gieddi lagar svært få spor i terrenget, men terrengform og vegetasjon kan indikere bruk. Det vart gjerne reist eit gjerde av stokkar som vart halde oppe av kløftstenger. Eit vanleg mål på reintrø er 20–25 m i diameter. Dette kulturminnet kan tyde på at det sørsamiske området har vore mykje større enn i dag. GPS kulturminne 32 V 459016 6868362 Lengde fottur 2,4 km Høgdeforskjell 40 m Tidsbruk fottur 1 time
18
14
Engelskmannsbue
engelskmannsbue
foto: per dagsgard
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den opp på fjellet og 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø. Følg merka stig mot Aursjotjønn og blåmerka stig vidare til Sveinbu. Engelskmannsbue ligg på vestsida av Lortjønnbekken og om lag 400 m frå samløpet med Lora. Eller 2,2 km nordaust for Sveinbu. Steinbua vart bygd kring 1850 av Erland Holset frå Lora på bestilling frå engelskmannen Mr. Gordon som jakta rein i området ei rekkje år. Til steinbu å vere, var dette rein luksusstandard. Mr. Gordon hadde sitt eige avlukke med ein benk i stein, nisje og hylle i veggen. Truleg var dette soverommet hans. I gangen og hovudrommet heldt nok oppassaren til. Her var eldstaden, spisekroken og utstyrsplassen. Til utstyret høyrde også etter datida eit moderne turkokeapparatet for parafin, som hadde ei vekt på 8 kg. Bua ligg i gode reinsstrøk, og frå taket på bua er det utsikt til store delar av indre Lordalen. Mr. Gordon hadde alltid med seg ei geit på jaktturane sine, og ho heldt ham med fersk mjølk. At han helst ville ha kvite geiter, var nok fordi dei var lettare å sjå i fall dei kom på vidvanke. GPS kulturminne 32 V 456171 6876123 Lengde fottur 12,8 km Høgdeforskjell 265 m Tidsbruk fottur 3,5 timar 19
nordberg
Skjåk kommune er medlem i Norsk Kulturarv. Norsk Kulturarv sin visjon er «Vern gjennom bruk», og skal: • ivareta interessene til eigarar og brukarar av freda og verneverdige kulturminne • delta aktivt i forsvarleg næringsutnytting av kulturarven • gjennom økonomisk og fagleg hjelp drive aktivt kulturminnevern over heile landet.
20
15
Nordberg kyrkje
nordberg kyrkje
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 6,7 km vesttover frå Bismo eller 3,4 km austover frå Dønfoss. Parker ved kyrkja. Nordberg kyrkje i Skjåk ligg i Nordberg sokn i NordGudbrandsdal prosti. Kyrkja er lafta og åttekanta. Den er bygt i perioden 1861–64 og innvigd 7. juli 1864. Kyrkja har sentraltårn med våpenhus i vest og sakristi i aust. Kyrkja er teikna av Jacob Wilhelm Nordan, og liknar på Åsmarka kyrkje. Byggmeister var Johannes Jonsen Storlien frå Dovre. Grunnen som kyrkja står på, er utskilt frå Dagsgardsøygarden. Kyrkja har 300 sitteplassar og to galleri. Utskjeringane på preikestol og altartavle vart gjorde av Johannes J. Odde frå Garmo, med motiv frå oppstandelsen. Jacob Langleite frå Skjåk har stått for korbogen. Orgelet er dansk som i Skjåk kyrkje. Dei to kyrkjeklokkene er støypt av Peder Eriksen Bu. Kyrkjegarden ligg kring kyrkja, der mellom anna forfattaren Tore Ørjasæter er begraven. Det er parkeringsplass vest for kyrkja, med ei lafta kyrkjestugu og eit servicebygg. GPS kulturminne 32 V 455578 6863977 Avstand frå Bismo 6,7 km Tidsbruk med bil 10 min
21
16
fel-jakupstugu
fel-jakupstugu
foto: bjørn dalen
Køyr Rv.15 8,1 km vesttover frå Bismo eller 2,0 km austover frå Dønfoss. Parker ved parkering for badeplass Bångråttjønn. Jakop Olsen Felodden, Fel-Jakup eller Loms-Jakup var ein vidkjend spelemann. Han hadde ein høgt utvikla teknikk, og mange av slåttane hans kravde posisjonsspel. Truleg er han den mest kjende spelemannen på vanleg fele og har vore samanlikna med Myllarguten og hardingfelemusikken. Jakup vart fødd i Skjåk i 1821. I store delar av livet reiste han omkring i Gudbrandsdalen, Nord-Østerdal, Nordfjord, på Sunnmøre, i Romsdalen, på Nordmøre og på Oppdal, og han fekk mykje å seie både for spelestil og repertoar. Han spreidde den nyare dansemusikken, runddansslåttane, valsespelet, og springdansen. FelJakup reiste også rundt saman med Fant-Karl eit par år midt på 1840-talet. Fel-Jakup er den spelemannen som har sett størst merke etter seg i Ottadalen. Han var det store idealet i samtida og for spelemenn i seinare tid. Ei mengd slåttar er knytt til Fel-Jakup-namnet. Mellom dei mest kjende er Lomsvogga og Vindflogoleiken. Fel-Jakup var busett på husmannsplassen Felodden. Huset står no ved Rv.15 i Nordberg. GPS kulturminne 32 V 454189 6864655 Avstand frå Bismo 8,1 km Tidsbruk med bil 10 min 22
17
Uppnose elgfangstanlegg
skuleklasse ved elggrop
foto: bjørn dalen
Køyr 2,2 km mot Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Parker ved oppkøyringa til Uppnose bustadfelt. Her startar kulturstigen for elgfangstanlegget. Til samen meiner ein å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Gropene kan også ha vore nytta til fangst av hjort. Fangsten må ha vore godt organisert og har truleg sikra eit overskot av produkt som kunne nyttast i vareutveksling og byttehandel langt utover dei lokale forholda. Gevir, huder og skinn vart eksportert eller bytta mot varer frå sørlegare strok. Naturlege stengsler i kvar ende av anlegget gjorde at dyra ikkje kunne passere der. Eit ledegjerde mellom fangstgropene gjorde at dyra måtte trekke mellom desse og bidrog og til eit effektivt fangstsystem. Elgtrekket er i dag truleg slik som det var da gropene var i bruk. Elgen held til i heile den skogkledde delen av Skjåk kommune. Elgen trekker inn i fjelldalane når snøen forsvinn og trekker ut att når det er for mykje snø. Området har mest elg i perioden desember til mai. GPS kulturminne 32 V 450219 6864918 Lengde fottur 1,2 km Tidsbruk fottur 30 minuttar
23
18
radioholo i øybergsura
øybergsura har mange gøymestader
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 10,2 km vestover frå Bismo til Dønfoss Camping, parker og følg Hæradalsrunda 1,6 km. Etter at Tyskland hadde okkupert Norge i 1940 prøvde nazistane å avgrense ytringsfridomen i landet. Den 2. august 1941 startar inndraging av radioapparat over heile landet. Berre medlemmar av nazipartiet Nasjonal Samling får behalde radio. 10. september same år var inndraginga gjennomført, men enkelte klarte å lure unna apparata sine. Over heile landet tjuvlytta dei på radio og skreiv ned nyhende som så vart mangfaldiggjort som illegale aviser og distribuert til folket. Her i Øybergsura vart det gøymt eit radioapparat. Når det var norsk sending frå London radio, BBC, kopla dei radioen på eit bilbatteri som straumkjelde. Dei skreiv så ned nyhende som dei distribuerte til folk i bygda. Nazistane var på sporet av radioen og den var flytta fleire gonger. Sidan Øybergsura var så stor, med mange ideelle gøymestader, vart ikkje radioapparatet funne. Den 12. oktober 1942 innførte nazistane ei forordning med dødsstraff for å høyre på radio eller lese illegale aviser. I løpet av krigen vart 3000–4000 menn eskje arrestert i Norge for illegal aktivitet med aviser. Av desse vart 62 henretta og 150 døydde i fangenskap. GPS kulturminne 32 V 451196 6865818 Lengde fottur 1,6 km Tidsbruk fottur 0,5 time 24
19
Tjyrumile på Tundramoen
tjyrumile
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 vestover 10,1 km frå Bismo og parker ved Bruvoll Handelslag. Følg stigen mot Gjelbrua 3,2 km. Gjennom mange hundre år har tjærebrenning vore ei viktig næring i Skjåk. Folk trong tjære bl.a. til å impregnere treverk. Tjære var ei viktig handelsvare som syrgde for handel med Vestlandet. Der var det eit enormt behov for tjære til båtar og reiskap. Røter og stubbar av gamle furutre inneheld harpiks. Røtene vart tørka, reinska for bork og kløyvde. Tjærevangen, der tjæra skulle brennast, vart mura opp med botn som ei trakt. Botn vart dekt med ei spesielt tett leire, så tjæra skulle renne ned i trerenna som førde ned i tønna der tjæra vart oppsamla. Den tørre veden vart lagt i eit bestemt mønster til det fekk form som ei halvkule. Veden vart dekt med torv så ikkje for mykje luft skulle koma til. Nede ved bakken vart det sett att opningar i torva slik at ein kunne tenne opp mila der. Ei tjæremile skal ikkje brenne, berre ulme. Det er den høge temperaturen som gjer at tjæra skil seg ut. Det tek vanlegvis om lag tre dagar å brenne ei tjæremile, og mila må vaktast heile døgnet. Kolet var eit viktig biprodukt og ble brukt til smedkol. I dag blir det mest brukt til grillkol, noko det er godt eigna til. GPS kulturminne 32 V 449934 6863687 Lengde fottur 3,2 km Tidsbruk fottur 1 time
25
bråtå og sota
Sota Sæter Alt for over 100 år sidan blei fjellfolket teke i mot på Sota Sæter. Den erfarne fjellmannen og jegeren Svein Kvittingen budde store delar av livet sitt på Sota. DNTkontakta han i 1894 og fekk avtale om losji og enkel servering i Sveinstugu.
26
20
pålebrua
pålebrua over ostri i bråtå
foto: bjørn dalen
Køyr av Rv.15 ved Dønfoss og 8,2 km mot Sota. Køyr ned til venstre og over brua i Bråtåvatnet. Ta til høgre etter 2,2 km og etter nye 1,1 km. Gå ned skogsvegen til Pålebrua. Pålebrua går over Ostri i botn av dalføret i Bråtå. Pålebrua er ei såkalla utleggsbru. Ein byggjer seg ut frå kvar breidd ved å lafte ei hol tømmerkasse som ein fyller med stein. Så legg ein utover trestokkar som går eit stykke inn på steinkista. På stokkane blir det lagt steinblokker som motvekter. Fleire stokkar blir lagt oppå kvarandre med motvekter og slik at kvar stokk stikk litt lengre ut enn den som ligg under. Når dette er gjort frå båe breiddene av elva, blir det til slutt lagt over ei stokklengd som bitt båe sidene saman. Dette var ein vanleg brukonstruksjon her i distriktet, men nå er det berre Pålebrua og brua over Tora att her i Skjåk. Ein veit ikkje kor gamal brua er. Mange undrar seg over at brua er både brei og solid til å vera bygd der ein ikkje finn teikn på køyreveg i samband med ho. På nordsida av brua var det ei kvern som var i bruk til byrjinga av 1900-talet. Der budde «Pålen» eller Iva Pålsen. Det er han som er opphavet til namnet på brua i dag, men brua er heilt klart mykje eldre enn Pålen. Folk i Bråtå har restauret brua. GPS kulturminne 32 V 441702 6864042 Avstand frå Bismo 21,6 km Tidsbruk med bil 30 minuttar 27
21 tore ørjasæter sin heim i bråtå
tore ørjasæter sin heim i bråtå
foto: morten kielland
Køyr av Rv.15 ved Dønfoss og 11,6 km mot Sota. Adkomstvegen går opp til høgre. Privat eigedom. Tore Ørjasæter vart fødd 3. mars 1886 i Bråtå i Skjåk. Han døde 29. februar 1968, 82 år gamal. Ørjasæter er ein norsk lyrikar, som debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Hovudverket er trilogien om Gudbrand Langleite, som er eit episk verk om konflikten mellom å vere bufast og å vere fri, og mellom gammalt og nytt. Spenninga mellom det tradisjonelle bondesamfunnet og eit moderne samfunn og splitta psykologi er viktige tema i forfattarskapet. Ørjasæter var tidleg ute med å ta i bruk nye retningar innan lyrikken. Han braut med tradisjonell, fast verserytme på sine eldre dagar. Ørjasæter skrev på nynorsk. Han tok opp den nynorske tradisjonen etter Aasen, Vinje og Sivle, og vart den store vidareføraren av det nynorske skriftspråket og målrørsla. GPS kulturminne 32 V 440925 6864582 Avstand frå Bismo 21,7 km Tidsbruk med bil 30 minuttar
28
22
svein kvitingen
svein kvitingen
foto: ukjent
Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Svein Kvitingen (1856–1939) var ein namngjeten fjellkar frå Skjåk. Han utmerka seg som jeger, børsemakar og kjentmann. Svein Kvitingen vaks opp på garden Kvitingen i Nordberg. Han las alt han kom over. Særleg interessert var han i optikk og våpen. Kvitingen hadde god teknisk innsikt og konstruerte kikkertar, gevær og var ein dyktig urmakar. Statsminister Johan Ludwig Mowinckel jakta rein i Skjåk saman med Svein Kvitingen fyrst på 1900-talet. Den erfaringa han fekk gjennom jakta her, gjorde at Mowinckel fekk gjennomført forbod mot bruk av finkalibra gevær under reinsjakta 1901–1906. Det hindra flokkskyting og desimering av villreinen. Svein Kvitingen deltok som kjentmann for høgfjellskommisjonen og grenseoppgang av statens høgfjell. Kvitingen var også turistførar og patentførar for DNT. Han førde i mange år på ruta Sota–Nørstedalsseter i Breheimen. Svein Kvitingen bygde fleire hytter og buer i fjellet. Mest kjent er Sveinbu ved Lortjønn i Reinheimen. Han etablerte Sota turisthytte og dreiv denne i mange år. Han budde på Sota dei siste åra av sitt liv. GPS kulturminne 32 V 431983 6853602 Avstand frå Bismo 39 km Tidsbruk med bil 1 time 29
kleberbrot på raudhaug i bråtå 23
klebergryte under uthogging
foto: morten kielland
Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Køyr opp ein lokalveg mot aust 750 m før Sota Sæter og parker. Gå opp stigen mot Rundhaug og Raudhaug. Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla Tafjord-Grotli-Lesjaskogkomplekset. Nokre stader i raudberga som på Raudhaugen på Sotflya finn vi linser av kleberstein og talk. Her kan du sjå at folk i eldre tider har skore ut emne til gryter av kleber. Kleberstein går frå mørk grå til grøn farge, ofte også med rustfarga felt. Kleberstein er ein relativt blaut og feit bergart, og den er frostsikker og har motstand mot kjemikaliar. Klebersteinen er lett å forme og skjære med kniv. Den nyttast ofte til dekor. Fleire slott og kyrkjer har utsmykking av kleberstein. Relativt hard kleber har også vore nytta til bygningsstein, til dømes i Nidarosdomen. Kleberstein vart tidlegare kalla grjotstein. Gryte er avleda av det gamalnorske ordet grjot. Og av «grytestein» laga folk kokekar i vikingtida. GPS kulturminne 32 V 436214 6856257 Lengde fottur 5,3 km Høgdeforskjell 650 m Tidsbruk fottur 3 timar
30
24
Falkefangst Rundhaug
rundhaug ved sota
foto: morten kielland
Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Køyr opp ein lokalveg mot aust 750 m før Sota Sæter og parker. Gå opp stigen mot Rundhaug. Stortida for falkefangsten var i perioden frå midten av 1700-talet og fram til 1800-talet. Falkefangsten var den aller gjævaste av alle jaktformer, i det vesentlegaste utøvd av det øvste sosiale sjiktet. Falkefangsten omfatta både fangst, dressur og stell for å lære opp falkane til kontrollert jakt til europeiske kongelege jaktselskap. Dei som stod for fangst og dressur – falkonerane – var for det meste frå MellomEuropa. Falkoneriet var levebrød for mange menneske. Ein falk kunne tilsvare prisen på ti kyr. Fangstsesongen varte om lag ein månad, frå slutten av juli til slutten av august. Det er funne tufter etter falkefangstanlegg her ved Rundhaug. Når falken stuper ned mot lokkeduen, trekker falkefangaren dua raskt ned mot bakken der slagnettet ligg. Falken stuper ned mot dua, og begge fuglane bør treffe bakken samstundes. I same augeblink trekker fangstmannen i den snora som løyser ut fangstnettet, og nettet klappar samen over begge fuglane. GPS kulturminne 32 V 434461 6854706 Lengde fottur 2,1 km Høgdeforskjell 450 m Tidsbruk fottur 1,5 timar 31
25
jernvinne på puttberget
jernvinne og slagg etter jernutvinning
foto: p. dagsgard
Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Gå opp stigen Sota–Brennsetra. Stigen går over ei turr sandrande. Her låg det ei jernvinne. Jernvinna var i bruk fram til 1700-talet i Noreg. Folk brukte myrmalm i jernvinna. Myrmalmen var jernforbindelsar som var vaska ut frå berggrunn og lausmasser. Myrmalmen var samla rundt røter og andre faste substansar i klumpar i myra. Folk fann klumpane med lange, spisse kjeppar og grov dei opp. Dei samla malmen og gløda den på open eld i grunne groper. Det vart kalla røsting og produktet vart til råmalm. For å lage jern, bygde folk eigne omnar. Dei fyrte med trekol i omnen, la på råmalm, og jernet rann ut. Du kan sjå rustraude spor av jern i bekken rett nordafor sandranden. Prosessen fram til det ferdige jernet er komplisert. Sjølv med all kunnskapen vi har i dag om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde før i tida. Jernvinna var driven om sommaren ved sidan av fjellgardar eller seterdrift, og ga eit monaleg tilskot til drifta. Jern var ofte byttemiddelet som fjellgardane trong for å byte til seg nødvendige varer som til dømes korn og salt. GPS kulturminne 32 V 433322 6853867 Lengde fottur 1,6 km Høgdeforskjell 200 m Tidsbruk fottur 1 time 32
26 Bågåstøanlegg ved Sottjønn
bågåstø på tangen mellom sottjønna foto: morten kielland
Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Gå opp DNT-merka stig mot Nørdstedalseter til 1300 moh. og ta av i terrenget mot Søre Sothogget og fram til Sottjønna. Bågåstø er ei skytestilling i form av ei rund eller heste skoforma oppmuring av stein. Jegerar bygde bågåstø for å komme innpå reinsdyra med pil og boge. På tangen mellom Sottjønnen, er det funne eit stort system av bågåstø. Det er mykje truleg at namnet Sota kjem av såte eller sote, som er det gamle namnet for bågåstø. Å veide rein med pil og boge var ein enkel, men effektiv jaktmetode. Folk i Skjåk kunne dra opp i fjellet til Sottjønnanlegget der dei la seg bak bågåstillingene og vente på reinsdyrflokken til den var på skothald. Jegerane måtte ha svært god innsikt i trekkvegane til reinen for å lage gode fangstanlegg. Mange dagsverk gjekk med til å grave groper og mure veggar for bågåstø og til å byggje steingjerde som leidde reinsflokken mot anlegget. Etter slakten måtte skrott og gevir fraktast til bygda. Alt dette kravde planlegging og ei form for leiing. GPS kulturminne 32 V 434765 6850748 Lengde fottur 5,1 km Høgdeforskjell 730 m Tidsbruk fottur 2,5 timar
33
billingsdalen
30 Fieldfare ligg 20 km nordvest for Billingen.
pollfoss hotell
Pollfoss hotell ligg i Billingsdalen ved Rv.15. Hotellet blei bygt i 1897 rett ved den spektakulĂŚre Pollfossen i Ottaelva. FrĂĽ 1889 til hotellet blei bygt, var Pollfoss skysstasjon, gjestgiveri og brevhus. 34
Sagnet om Steinbrua ved Billingen Lengde fottur 2,7 km Tidsbruk 1,5 time tur-retur Høgdeforskjell 234 m Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord til parkering. Følg merka stig på austsida av Tora. Billingen kjem av det gamalnorske ordet billingr som tyder «tvilling». Namnet er avspegla av elvene Tora og Føysa som møtest her. Friarar som var på Billingen før i tida hadde det morosamt med å ta med budeiene opp for å gå over Steinbrua i Føysa. I følge eldre overleveringar er bakgrunnen for fenomenet følgjande: Eit sagn fortel at for lang tid sidan levde eit uhyre av eit troll, eller jøtul, langt vest i Tordalsfjella, som vart kalla Tore og som dalen er opkalla etter. Summe trudde til og med at det var guden Tor som hadde teke bolig der. Trollet skulle vera gift med dottera til eit anna troll som levde i Synstålfjella. Ein gong hadde denne kona som heitte Føysa vore på vitjing hjå foreldra sine i jula, og ho vart der framover vinteren, men da det lei mot våren tok ho til å lengta etter mannen sin. Så bestemte ho seg for å reise heim ein dag, og ho la i veg som berre gygrer kan gå. Dette råka til å skje midt i den verste snøsmeltinga, så alle elver gjekk fulle av is og snøsørpe. I slikt føre kom ho til denne elva, og sjøl for eit troll var det ikkje godt å kome fram da det ikkje fanst nokon overgang. Da snøen var djup og blaut kom ho ikkje verken fram eller attende. Da gjekk ho opp på ein haug og ropte til mannen sin at han skulle kome med saltsteinen deira – ein rundstein som vart brukt til å knuse salt med, og leggje den over elva så ho kunne kome over. Enda avstanden mellom dei var over ei norsk mil, høyrde dei einannan svært godt, så han kom og fekk si elska hustru med seg heim, men steinen vart liggjande att og elva vart frå denne dag kalla Føysåa, etter gygra.
35
27
tora utleggsbru
tora utleggsbru
foto: bjørn dalen
Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva. Følg merka stig på austsida av Tora. Brua er truleg bygt på 1700-talet. Brua kryssar Tora elv ned for samløpet mellom elvane Tora og Føysa. Brua gjorde at ein kunne reise gjennom Billingsdalen utan å måtte vade over større elvar. Brua ligg som ein del av Billingen kulturstig med Føyssteinen. Brua er ei utleggsbru. Ein byggjer seg ut frå kvar breidd ved å lafte ei hol tømmerkasse som ein fyller med stein. Så legg ein utover trestokkar som går eit stykke inn på steinkista. På stokkane blir det lagt steinblokker som motvekter. Fleire stokkar blir lagt oppå kvarandre med motvekter og slik at kvar stokk stikk litt lengre ut enn den som ligg under. Når dette er gjort frå båe breiddene av elva, blir det til slutt lagt over ei stoklengd som bitt båe sidene saman. Det meste av den gamle brua fall ned i 1986. I 2008 vart det bygdt oppatt bru på same staden, med delvis bruk av den gamle. GPS kulturminne 32 V 440610 6876026 Lengde fottur 0,3 km Tidsbruk 10 minutter Høgdeforskjell 15 m
36
28 jan magnus bruheim diktarstig
haustkveld på billingen
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva. Følg merka stig på austsida av Tora. Jan Magnus Bruheim (1914–88) var ein norsk forfattar og lyrikar. Frå 1958-61 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk. Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing. Jan Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon. Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentral lyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar. Bruheim var mykje på Billingen. Naturen her med to fossande elver som møttest, inspirerte ham. GPS kulturminne 32 V 440662 6875778 Lengde fottur 0,6 km Tidsbruk 20 minutter Høgdeforskjell 15 m
37
29
sunnivaleia
gamel varde på stigen
foto: per bakken
Køyr av Rv.15 ved Pollfoss og følg vegen vidare til Framrustsetra. Etter 3 km køyrer du over Framruste. Da ser du inngangen til Framruste kraftverk rett framfor deg. Etter nye 3 km tek du av vegen til høgre og du kjem da fram til brua over til Framrustsetra. Parker ved brua. Gå stigen Framruste-Glitterbue. Olav Tryggvason og biskopen hans vart gjort kjent med dei mennskebeina som fanst i ei hole oppe i fjellet på Selje under kristninga av dei nordlege fylka i gulatingslaget. Det var pilgrimsvandring i den katolske tida i Norge frå austlandet og vestover til Selje. Ferdselsvegen over Glittervatnet har fått namnet Sunnivaleia etter heilagdomen på Selje. Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, så gjekk ferdselsvegen på sørsida av dalen til Vollungsbru i Skjåk, gjennom Bismoen, over Bruheimsbru til Lindsheim, og vidare til Dønfoss, over Gjelbrue, innover Ostradalen forbi Brekkom seterstul, og over Bråtååsen til Framrustsetera. No gjekk vegen over Glittervatnet og ned til Heilstugu og over vadet i Måråi. På andre sida av Måråi gjekk leia opp og vestover til Vargevasskulane og ned Videdalen til Stryn, og vidare utover til Selje. GPS kulturminne 32 V 438655 6866243 Lengde fottur 5,8 km Tidsbruk fottur 2 timar
38
30
Fieldfarehytta
fieldfarehytta med joachim rønneberg foto: bengt arild morken
Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva. Gå DNT-stigen til Veltdalshytta. Fieldfarehytta er ei enkel hytte i Veltdalen, berre 10 minutt frå Veltdalshytta. Hytta er ein kopi av krigskvarteret som Kompani Linge-offiserene Joachim Rønneberg, Birger Strømsheim og Olav Aarsæther bygde våren 1944, og budde der det siste krigsåret. Dei tre hadde utdanning som sabotørar frå Storbritannia og vart slept ned i Tafjordfjella for å øydeleggje kommunikasjonane i Romsdal og Lesja. Joachim Rønneberg bygde opp att hytta sommaren 1990. Operasjon Fieldfare: Med base i Fieldfarehytta skulle dei tre rette angrep mot Raumabanen. Gruppa vart sleppte i mars 1944 og oppheldt seg nesten eit år i fjellet før dei sprengte Stuguflåten bru tidleg i januar 1945. Tre vekers stopp på Raumabanen vart resultatet. GPS kulturminne 32 V 432372 6892639 Lengde fottur 19,4 km Høgdeforskjell 515 m Tidsbruk fottur 6 timar
39
grotli
40
Grotli Hotell Planar om veg over fjellet, førte til at Grotli Fjellstugu blei opna i 1869. Gamle Strynefjellsvegen opna i 1894, og i 1905 opna Grotli høgfjellshotell. Hotellet ligg i vegkrysset mellom Rv.15 gjennom Breiddalen og Gamle Strynefjellsvegen. 41
31
reinsdalsråket
skomakerstein i hamsedalen
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 4,3 km vest for Grotli og ta av inn til rasteplass til høgre. Køyr 1,0 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker ved bru over Hamsa. Følg Hamserunda på austsida av Hamsa fram til kryss med Reindalsråket ved Hella. Frå eldgamle tider har det vore ferdsle over Reindalsreset mellom Tafjord og Ottadalen. Samkvemet med vestlandsbygdene var større i eldre tid enn no, fordi landsdelane var meir avhengige av kvarandre med varebyte. Skjåk kunne levere lagga koppar, never, tjære og bek. Dei tok med seg turrfisk og salt heimatt. Ellers var det mykje handel med fe og spesielt hestar. Viss vi startar frå Bismo, går Reindalsråket opp lia frå Harsheim til Veslesetra, forbi Ståkåhø og vidare vestover mot Billingen i lett fjellterreng. Frå Billingen gjekk råket til Nysetra og opp over Flatfjellet. Råket er merka frå Nysetra og fram til Hamsedalen. Det er gjeve namnet Reindalsråket. I Hamsedalen har det vore fleire overnattingsstader som Skomakersteinen og Hella. Frå Hella følger råket DNT si nedlagde rute mellom Hamsevika og Danskehytta over Reindalsreset til Reindalsvatnet. Råket går ned Kaldhusseterreindalen til Kaldhusseter og Tafjord. GPS kulturminne 32 V 423032 6881707 Lengde fottur 3,3 km Tidsbruk fottur 1 time 42
32
Reinsgrav
reinsgrav i vestre ende av grotlivatn foto: morten kielland
Køyr Rv.15 til Grotli og parker ved hotellet. Følg merka stig på andre sida av Rv.15 ned til Grotlivatnet. Reinsgrava ligg 30 m sør for båtplassen. Denne reinsgrava vitnar om at det her ein gong var eit reinstrekk. Saman med gravene ved osen på Heilstuguvatnet og på Vargevasskulane sperra dei reinstrekka som gjekk mellom områda rundt Skridulaupen og Breiddalsområdet. Reinen brukar ikkje reinstrekket forbi grava ved Grotlivatnet i våre dagar. Grava er ellers spesiell fordi den ligg så lågt, berre 875 moh. Det mest vanlege i denne høgda er at fangstgroper i dag framstår som avlange jordgroper terrenget. Dette kjem av at det var vanleg med treverk i lågtliggjande graver for å støtte opp veggene. I høgfjellet var veggane mura slik som her. Når grava var ferdig vart den dekt til med trespildrer og oppå var det lagt lag med mose og annan vegetasjon. Reinsgravene har vore i bruk frå før år 0. Etter 1350 og Svartedauen, minka bruken. Da geværet kom i bruk midt på 1500-talet, vart bruken i praksis godt som borte. Ikkje før Jaktlova kom i 1899, blei det sett forbod mot å fange villrein i graver. GPS kulturminne 32 V 429523 6875907 Lengde fottur 1,3 km Tidsbruk fottur 20 min
43
33
gamle geirangervegen
gamle geirangervegen i breiddalen
foto: bjørn dalen
Køyr Rv.15 til Grotli høyfjellshotell og Gamle Geirangervegen vidare. Etter 5,1 km køyrer du over Hamsa bru. Strekninga fram til Langevatn er 14,2 km. Ved Grotli høyfjellshotell deler vegen frå aust seg i Strynefjellsvegen og Geirangervegen. Fram til 1978 var dette eit trafikknutepunkt. Da stod den nye heilårsvegen ferdig. Den vart bygd etter ny trase. I 1997 vart Gamle Strynefjellsvegen nasjonal turistveg. Vegplanar kom på dagsorden for alvor i 1824 da amtmannen i Romsdal foreslo å få undersøkt om det var mogleg å anlegge veg til Gudbrandsdalen. I 1827 vart det gjort vedtak om å utbetre kløvvegane frå Geiranger til Lom. I 1850 åra auka varetransporten med kløvhest Lom–Geiranger, og i 1857 starta vegstikkinga. 1867 bygde staten Grotli fjellstugu og sette ut fisk i fleire vatn. I 1869 kom fyrste turistbåt til Geiranger og vegutbygginga vart forsert. Vegen stod ferdig i 1889. I 1890-åra var det 21 skysshestar på Grotli, Keisar Wilhelm var på besøk i Geiranger, Djupvassbrakka ble hotell og Strynef jellsvegen stod ferdig i 1894. I 1905 stod Grotli høyfjellshotel ferdig. Geirangervegen var eit av Noregs største veganlegg da den vart bygd. Vegen går for å vere eit av vegdirektør Krag sine store byggverk, og den ble tildelt gullmedalje på verdsutstillinga i Paris i 1900. Vegen er med sine mange svingar og sin store høgdeforskjell ein attraktiv nasjonal turistveg. GPS kulturminne 32 V 428238 6876508 Start frå Grotli hotell Tidsbruk med bil 15 min 44
34
hamsehytta
hamsehytta
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 4, 3 km vest for Grotli og ta av inn til rasteplass til høgre. Køyr 1,0 km vidare på gamle Geirang ervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Følg DNT-stig frå Hamsevika på austsida av Hamsa. I stigkrysset ved bru over Skomakerelva etter 200 meter, går du opp DNT-stigen til høgre. Stigen til Hamsehytta tek av frå DNT-stigen til venstre 50 m etter brua. Stigen er umerka og delvis varda rett mot nord. Varetransporten på kløvvegane frå Geiranger til Lom auka betrakteleg utover i 1850 åra, og det vart behov for ein kvileplass på fjellet. Hamsehytta vart oppført av staten i 1860 til bruk for vegfarande. Seinare i 1867 bygde staten også opp Grotli fjell stug u. Geirangervegen stod ferdig i 1889, og Strynefjellsvegen stod ferdig i 1894. Breidablikk Hytteforeining har sett i stand Hamsehytta. Steinbua står ferdig og er klar til bruk for dei som måtte ønskje å ta ein tur inn. GPS kulturminne 32 V 424636 6879601 Lengde fottur 0,7 km Høgdeforskjell 30 m Tidsbruk fottur 15 min
45
35
skomakersteinen
skomakersteinen
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 4,3 km forbi Grotli og ta av inn til rasteplass til høgre. Køyr 1,0 km vidare på gamle Geirangervegen og parker langs vegen. Gå opp DNT-ruta mot Danskehytta. Etter 2,2 km frå stigkrysset ser ser du Skomakersteinen 100 meter oppe i bakken mot søraust. Ein som heitte Sevald Lund var fødd i Lundagrendi i Skjåk i 1764. Han vart gift med ei som heitte Ellen Kalshussæter frå Norddal på Sunnmøre og blei eigar av Kaldhussæter. Han døydde i 1834. Ikring 1820, medan han dreiv garden, hadde han ein tenestekar som vart kalla Jehans Skomaker. Jehans Skomaker skulle tene halve delen av tida i Kaldhussætra og andre halve delen på Forberget i Skjåk. Han skulle flytta mellom desse 2 gardane kvar fjortande dag. Om sumrane laga Jehans til ein liggeplass innved ein stor stein på fjellet. Steinen har blitt kalla Skomakersteinen sidan. Det renn ei lita å forbi staden. Ho har vorte kalla Skomakerelva sidan. GPS kulturminne 32 V 425431 6880434 Lengde fottur 2,4 km Tidsbruk 1 time Høgdeforskjell 200 m
46
36
heillstugu
heillstugu
foto: bjørn dalen
Køyr Rv.15 til Grotli og gamle Strynefjellsvegen 3 km. Gå på hengebru over Måråi før du går i terrenget 0,7 km langs Heillstuguvatnet og fram til Heillstugu. Mellom bekkane som renn ned i Heillstuguvatnet, ligg restane etter Heillstugu. Slike steinbuer eller sælehus vart sett opp for farande folk i fjellet. Det er sagt at både Harald Hårfagre og Heilag Olav skal ha sove der. Heillstugu ligg på ferdselsvegen frå Ottadalen til Stryn. Ferdselsvegen har fått namnet Sunnivaleia etter heilagdomen på Selje. Det var pilgrimsvandring i den katolske tida i Norge frå austlandet og vestover til Selje. Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, så gjekk vegen på sørsida av dalen til Vollungsbru i Skjåk, gjennom Bismoen, over Bruheimsbru til Lindsheim, og vidare til Dønfoss, over Gjelbrue, innover Ostradalen forbi Brekkom seterstul, og over Bråtååsen til Framrustsetera. No gjekk vegen over Glittervatnet, ned til Heillstugu og over vadet i Måråi, som låg vest for Heillstuguvatnet. På andre sida av Måråi gjekk leia opp og vestover til Vargevasskulane og ned Videdalen til Stryn, og vidare utover til Selje. GPS kulturminne 32 V 427423 6873310 Lengde fottur 3 km Tidsbruk 1 time Høgdeforskjell 100 m
47
37
tysk bombefly
merke for luftkampane ved grotli
foto: morten kielland
Køyr Rv.15 til Grotli og gamle Strynefjellsvegen 3 km. Gå på hengebru over Måråi. Ved osen på Heillstugu vatnet finn du restar etter eit tysk bombefly som nødlanda i 1940. Blackburn Skua var den fyrste engelske stupbomberen som vart bygd. 27. april 1940 fekk ein Skua sjå ein tysk Heinkel-111 ved Åndalsnes og gjekk til angrep. Skuane var ikkje bygde som reine jagerfly og hadde berre 10 knop større fart. Fyrst ved Geiranger/Grotli vart Heinkelen skote i brann, og flyet krasjlanda ved Heillstuguvatnet. Samstundes fekk Skua L2940 motorstopp og måtte nødlande på det isdekte Breiddalsvatnet. Det engelske flymannskapet ved R.T. Partridge, sette fyr på cockpiten, før dei etter fleire timers marsj i djup snø tok seg inn i ei hytte. Seinare høyrde dei lydar på utsida av hytta, og der stod det tre overlevande frå den tyske Heinkelen. Tyskarane som var vepna, vart invitert inn og tilbode det som var å finne. Dei tyske flygarane vart teke som krigsfangar neste dag på Grotli, og seinare sende til Canada. Historia er filmatisert i filmen «Into the white» 2010. GPS kulturminne 32 V 427909 6873668 Lengde fottur 2,3 km Høgdeforskjell 100 m Tidsbruk fottur 45 min
48
38
kongsvarden
kongsvarden på strynefjellet foto: bjørn dalen
Køyr Rv.15 til Grotli og gamle Strynefjellsvegen 14,9 km. Kongsvarden står like ved vegen. Sagnet fortel at ein av småkongene frå Oppland var på tokt vestover. Da han sto på brinken ned mot Stryn, såg han krigarar som kom mot ham. Andre segner fortel at kongen som fôr over fjellet var Harald Hårfagre. Kongen, kven det nå måtte vere, fann det rettast å røme unna overmakta. Han slo leir på fjellet på attendeturen, og på denne plassen vart Kongsvarden bygd. Kvar mann i følget til kongen la ein stein på varden. Sjølv sette han den største steinen på toppen. Kongsvardhytta eller telegrafhytta kom opp i 1918 da dei laga telefonsamband over fjellet. Dette var enormt viktig for sambandet i 1940, då sambandet gjennom Ottadalen vart øydelagt av tyskarane. GPS kulturminne 32 V 417785 6871903 Avstand frå Grotli i bil 14,9 km Tidsbruk i bil 20 min
49
39
vassvendingsherberget
vassvendingsherberget på strynefjellet
foto: b. dalen
Køyr Rv.15 til Grotli og gamle Strynefjellsvegen 10,4 km. Gå i terrenget 200 m ned mot Vassvendtjønn. Her ser du ein bekk i sør som kjem frå Raudeggbreen og delar seg, slik at noko vatn renn austover og noko vestover. Namnet Vassvendinga kjem av dette vasskillet. Om lag 200 meter nedanfor vegen går den gamle kløvvegen. Du vil sjå ein stor stein med ein mørk varde oppå. Under denne steinen finn du restar etter Vassvendingsherberget, ei steinbu som har vore brukt av folk som har fare over fjellet og av reinsjegerar. Vassvendingsherberget ligg i sikre reinstrakter. Herfrå kunne reinsjegerane jakte i Mårådalen, Skridulaupen og Vassvendeggen. Herberget er på det næraste naturleg forma av store steinblokker. Herberget har vore nytta av dei som gjekk over Strynefjellet etter ferdselsvegen forbi Heillstugu ved Heilstuguvatnet og kryssa Måråi ved vadet vest for vatnet. Ferdselsvegen gjekk vidare forbi Tystigen og ned til Stryn. GPS kulturminne 32 V 421596 6873170 Lengde fottur 0,2 km Tidsbruk fottur 5 min
50
om kulturminne Heftet har eit utval av våre kulturminne i Skjåk. Halvparten ligg ved veg. Andre er knytte til fjellet. Verdien til kulturminna ligg i den historia som dei dokumenterer, og i at dei bidreg til å bygge identitet. Alle kulturminne frå før 1537 automatisk freda etter Kulturminneloven. Viss du finn… Vi registrerer alle nyare og automatisk freda kulturminne. Mange av kulturminna i heftet er frå nyare tid, men det er også nokre eldre. I fjellet ligg det mange kulturminne som ikkje er funne enno. Dersom du kjem over eit kulturminne, er vi takksame om du kartfester det og tek nokre bilde. Bruk GPS viss du har. Kontakt Per Dagsgard i Skjåk kommune, 61 21 70 00.
pilspiss frå pallan i mårådalen
foto: bjørn dalen
Denne pilspissen vart funne på Pallan i Mårådalen. Spissen er spesiell ved at den har 3 eggar. Pilspissen er frå folkevandringstida før år 500 e.Kr. Dette er eit av mange pilfunn som er gjort i fjellet i Skjåk. I Mårådalen er det fleire reinsgraver og på Pallan på austsida av dalen, er det fleire bågåstø.
51
skjåk almenning
minneplate
foto: skjåk almenning
I 1798 var Almenninga på sal, og gardbrukarane i Skjåk slo seg saman og kjøpte eigedomen av kammerherre Bernt Anker. Skjåk Almenning er Noregs største private eigedom, og har no vore forvalta lokalt i meir enn 200 år. Skjåk Almenning er eigar av nesten alt høgfjell i Skjåk over 1080 moh. og det meste av skogen. Almenninga utgjer ein stor del av Reinheimen Nasjonalpark, og størstedelen av Breheimen Nasjonalpark. Nordberg blir stundom omtala som skogbygda i Skjåk. Denne delen av bygda har vore ressurstilgang i form av materialar, beite og fôr for gardane i båe sokna. Skogen hadde kommersiell betyding for Almenninga ved sal av rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri i Bismo, der all trelast vart foredla. Jakt og fangst har lange tradisjonar i Skjåk, og kommunen er mellom dei store i landet når det gjeld faunarikdom og jaktmoglegheiter. Villreinen står i ei særstilling som jaktobjekt i Skjåk. Skjåk Almenning er største jaktrettshavaren innan Otta dalen Villreinområde. Dei siste 30–40 åra har utmarksnæringar som hytte utbygging, jakt, fiske og anna friluftsliv fått stadig meir verdi for Skjåk Almenning.
Skjåk Almenning sitt administrasjonsbygg ligg i Bismo. 52
norsk fjellmusem
norsk fjellmuseum i lom
Norsk Fjellmuseum opna i 1994 og har samspelet mellom mennesket og fjellet som hovudtema, der fjellturismen si historie og friluftsliv i landet har fått ein sentral plass. Museet er også nasjonalparksenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Senteret gir informasjon om naturen, dyrelivet, landskapet og turmoglegheitene i nasjonalparkane. Utstillinga «Ut av isen» viser unike arkeologiske funn som har smelta fram frå isfonner i høgfjellet. Arkeologar har funne ein minst 1000 år gamal leirplass som har smelta fram av Lendbreen på Lomseggen i Breheimen. I 2011 blei Noregs eldste og best bevara boge funnen. Bogen er datert til å vere 3300 år gamal.
Informasjonsportal på Dønfoss
Norsk Fjellmuseum har ein informasjonsportal for Reinheimen og Breheimen på Dønfoss. Informasjonsutstillinga «Levende Landskap» om Reinheimen og Breheimen er plassert i bygget.
53
Informasjon
telefon
Skjåk Turistinformasjon
468 29 564
Lom Turistinformasjon
61 21 29 90
Skjåk Folkebibliotek
90 94 70 20
Norsk Fjellmuseum
61 21 16 00
Norsk Kulturarv
46 97 51 00
Reiseliv
telefon
Gjeilo camping
61 21 30 32
Storøya camping
47 26 16 72
Lom og Skjåk Adventure
47 26 16 72
Bispen camping
61 21 31 40
Skjåk Turistheim
61 21 40 24
Skeid kro
61 21 43 33
Nigard Flækøy
61 02 28 11
Furuly camping
61 21 47 43
Dønfoss camping
61 21 48 98
Pollfoss Hotell
61 21 47 00
Skjåk Sæter
41 10 18 78
Øyberg Sæter
61 21 39 18
Grotli Høyfjellshotel
61 21 74 74
Sota Sæter
47 81 59 77
Skjåk Almenning
61 21 39 00
Service
telefon
Brann
110
Polti
112
Sjukebil
113
Lege
61 21 71 00
Skjåk kommune
Bank, veksling
61 21 90 00
Sparebank 1 Lom og Skjåk
Bensin
61 21 41 53
Statoil Bismo
Bensin
61 21 48 99
Statoil Nordberg
Bilverkstad
61 21 36 70
Skjåk Bil
Bilverkstad
61 21 44 00
Bismo Bilverksted
54
NAMN
internett
stad
www.visitjotunheimen.com
Norsk Fjellmuseum i Lom
www.skjakfolkebibliotek.blogspot.no
Kommunehuset i Bismo
www.fjell.museum.no
Lom
www.kulturarv.no
Vågå
internett
Overnatting servering
www.gjeilocamping.piczo.com
Hytte/camping
www.storoya.com
Hytte/camping
www.lsadventure.no
Hytte/camping
www.bispencamping.no
Hytte/camping
www.skeidkro.no
Hytte/rom/camp-servering
www.skeidkro.no
Servering
www.nigardflakoy.blogspot.no
Hytte
www.furulycamp.no
Hytte/camping
www.donfosscamping.no
Hytte/camping
www. pollfoss.com
Rom-servering
www.skjaaksaeter.no
Hytte/rom/camp-servering
www.kortlink.no/4L7
Hytte/rom/camp-servering
www.grotli.no
Rom-servering
www.sotaseter.turistforeningen.no
Hytte/rom-servering
www.skjak-almenning.no
Hytter i fjellet
Bøstugu i Bismo
Jehanshøbue
55
Nasjonalparkbibliotektet Nasjonalparkbiblioteket er eit samarbeid mellom folke biblioteka i Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå. Her finn du bøker om nasjonalparkar i Noreg. Samla er biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen eit ressurssenter for skriftleg og digital informasjon om nasjonalparkane våre.
Ord om fjell er ei digital fjellvandring med dikt. Dei er relaterte til Nasjonalpark riket og til fjell generelt. ordomfjell.blogspot.no
Skjåk Folkebibliotek
skjakfolkebibliotek.blogspot.no I Lokalsamlinga til Skjåk folkebibliotek finn du litteratur av lokale forfattarar, litteratur om Skjåk og Nord-Gudbrandsdalen og ei fotosamling på om lag 12 000 bilete. Opplandsarkivet avd. Skjåk er samlokalisert med biblioteket.
56
Nasjonalparkriket er Dovrefjell, Rondane, Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Reinheimen og Breheimen ligg i Skjåk.
vassdele på flækøyhø
foto: morten kielland
57
Reinheimen Reinheimen ligg i Skjåk, Lesja, Romsdalen og Tafjord. Fleire av kulturminna i heftet ligg i Reinheimen. Billingen er ein inngangsport til nasjonalparken. Reinheimen er villreinen sitt rike. Det er mange kulturminne knytt til den gamle reinsfangsten. Kystfjella i vest har høge fjell og djupe dalar. Landskapet i aust har slake fjell, innsjøar og vidder.
Breheimen Breheimen ligg i Skjåk, Lom og Luster. Mange av kulturminna i heftet ligg i nasjonalparken. Sota er ein inngangsport til Breheimen. Breheimen er særprega av dei store breane og av ein rik vassdragsnatur. Tverrådalskyrkja ved Sota er eit toppunkt.