LANDSSTYRETS HJØRNE
Kjære speidarleiar! KVA MOTIVERER DEG? Kva gir deg kjensla av at du kan gjere kva det skal vere?
Kva gir deg energi? MOTIVASJON OG ENGASJEMENT kan variere gjennom livet. I periodar kan ein kjenne på at alt er mogleg, og at energien strekk til alt mogleg og meir til. Andre gonger kan det holde hardt å komme gjennom det ein har på blokka. SOM FRIVILLIGE legg me ned utruleg mykje tid, energi og motivasjon i å skape
gode møter – både for speidarane, roverane og leiarane våre. Og me gjer det i fellesskap. Men korleis drar me fellesskapet saman, og sørger for at ein får nok støtte, utvikling og variasjon til at det gir meir energi enn det tapper? NOKRE GONGER klarer me sjølv å finne ut kva me treng for å lade opp batteria
våre. Kanskje klarer me til og med å formidle det til dei rundt oss. Andre tider klarer me korkje å sjå sjølv eller fortelje andre kva me treng. I begge tilfelle er det naudsynt å ta ein fot i bakken – kva skal eg gjere no? Skal eg halde fram med det eg gjer, ønsker eg nye utfordringar eller treng eg ein pustepause? KVA TRENG DU? Kva motiverer deg? Og veit du kva som motiverer og gir energi
til dei du har rundt deg? I SPEIDAREN HAR ME mange arenaer der me kan vere deltakar, bidrags-
ytar eller leiar på ulike vis. Me kan vere med på kurs eller konferanse, vere i ei gruppe, delta i eit prosjekt eller utval, stille til val på ulike nivå eller planlegge landsleir. Me kan ta pause. Og treng me avveksling er det mogleg å prøve noko anna, og sjå korleis ei anna rolle endrar både ein sjølv og dei ein arbeider saman med. Nokon av oss får energi i samværet, andre i pusterommet i mellom. ME TRENG å bli følgt opp, me treng å bli sett, me treng å få utvikle oss og me treng støtte. Og dei rundt oss treng at me følger dei opp, at me ser dei, at me gir dei rom for utvikling og støtter dei. ME TRENG kvarandre.
Speidarhelsing Gunvor, landssjef og Thor Andreas, viselandssjef
10 • LEDERFORUM