2 minute read

ROVERSIDENE

Next Article
MITT FJELL

MITT FJELL

Bli med på ROVERKONGRESS

Roverkongress er ein sosial møteplass for roverar frå heile Noreg. Det er ikkje berre «speidarpolitikk», det blir også festmiddag, kristent innhald og mange sosiale og kjekke aktivitetar.

Advertisement

TEKST: Dagni Myrene FOTO: Tomas Liberg Foshaugen

ROVERKONGRESS 2021

Født i ’05 t.o.m 25 år

12.–14. februar 2021

Valderøy Skole, Giske kommune, Ålesund

775,–

Innen 15. januar HOVUDPROGRAMMET til roverkongressen er roverting, der ein stemmer på saker som har med roverane å gjere. Som for eksempel val av ny Rovernemnd, delegat til ungdommens kyrkjemøte og lokalkomitear for neste års arrangement.

Roverar som har betalt medlemskontingent og er i roveralder har møte-, tale-, forslags-, og stemmerett på rovertinget. Roveraspirantar kan også vere med som observatørar.

PÅ ROVERKONGRESS får du eit innblikk i korleis organisasjonen og roverarbeidet er lagt opp. Det er ein stad du kan få sagt meiningane dine og bli høyrd. Du kan kome med dine synspunkt og meiningar på sjølve tinget både i plenum og i mindre grupper, men du kan også sende inn saker på førehand til Rovernemnda på rover@kmspeider.no.

ROVERKONGRESS ER eit av årets største roverarrangement, og alle roverlag burde sende minst ein delegat. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Roverkongress er din sjanse til å påverke kva roverane skal gjera det neste året. Du får stemme på ny rovernemnd, velge arrangør til arrangement som roverlandsleir og femkamp, og ta opp saker som betyr noko for deg. Det er også festmiddag og sosialt program, så meld deg på for ei hyggeleg, lærerik og givande helg med rovervener frå heile landet!

Ta et rovermerke

I tider hvor det er vanskelig med store arrangementer er det desto viktigere og gøyere å jobbe med merker lokalt. Her kommer erfaringer fra to rovere som har tatt merker i det siste, med forslag til hvordan dere kan gjøre det selv.

INGVILD (19 ÅR)

I roverlaget mitt, Supergluntane, var vi fleire som tok rovermerket påske. Å ta merker er jo ein sosial ting, så vi var litt spente på korleis det ville gå utan å kunne møtast! Heldigvis er det mogleg å ha digitale møter, og slik gjennomførte vi to av merkekrava, som var påskequiz og å lage påskekrim i form av adjektivhistorie.

Då vi gjorde punkt frå påskefresen, sendte vi bilete til kvarandre. Slik fekk vi mange idéar, og vart motiverte til å gjere fleire punkt sjølve. Populære punkt var å lage ein video om ein fjellvettregel, sove ute ei natt og lære helsinga god påske på eit anna språk.

Sjølvsagt er det kjekkast å møtast fysisk når ein skal ta merker, men om ein tenkjer kreativt, kan det verte ganske kjekt å ta merker utan å møtast også! Å ta rovermerket påske var ein fin ting å gjere i ei elles litt spesiell tid!

INGRID (18 ÅR)

Jeg og fem venner dro på hengekøyetur, og tilbrakte 15 timer i hengekøye som en del av hengekøyemerket. Det ble veldig gøy og sosialt med et «klatrestativ» bestående av mer enn ti hengekøyer, klatremuligheter og tau-sende-system. Siden det ble mye tid i ro, tok vi et par andre merker som kan gjøres ved å snakke og søke på nettet, som for eksempel Stop poverty-merkene. Selv om mange av speideraktivitetene våre begrenses for tiden er det viktig å huske at mye fortsatt kan gjennomføres utendørs!

This article is from: