roversidene
Bli med på
ROVERKONGRESS Roverkongress er ein sosial møteplass for roverar frå heile Noreg. Det er ikkje berre «speidarpolitikk», det blir også festmiddag, kristent innhald og mange sosiale og kjekke aktivitetar. TEKST: Dagni Myrene FOTO : Tomas Liberg Foshaugen
HOVUDPROGRAMMET til roverkongressen
er roverting, der ein stemmer på saker som har med roverane å gjere. Som for eksempel val av ny Rovernemnd, delegat til ungdommens kyrkjemøte og lokalkomitear for neste års arrangement. Roverar som har betalt medlemskontingent og er i roveralder har møte-, tale-, forslags-, og stemmerett på rovertinget. Roveraspirantar kan også vere med som observatørar. PÅ ROVERKONGRESS får du eit innblikk i
ROVERKONGRESS 2021 Født i ’05 t.o.m 25 år 12.–14. februar 2021 Valderøy Skole, Giske kommune, Ålesund 775,– Innen 15. januar
12 • LEDERFORUM
korleis organisasjonen og roverarbeidet er lagt opp. Det er ein stad du kan få sagt meiningane dine og bli høyrd. Du kan kome med dine synspunkt og meiningar på sjølve tinget både i plenum og i mindre grupper, men du kan også
sende inn saker på førehand til Rovernemnda på rover@kmspeider.no. ROVERKONGRESS ER eit av årets største
roverarrangement, og alle roverlag burde sende minst ein delegat. Dette vil du ikkje gå glipp av! Roverkongress er din sjanse til å påverke kva roverane skal gjera det neste året. Du får stemme på ny rovernemnd, velge arrangør til arrangement som roverlandsleir og femkamp, og ta opp saker som betyr noko for deg. Det er også festmiddag og sosialt program, så meld deg på for ei hyggeleg, lærerik og givande helg med rovervener frå heile landet!