Speiderbladet nr 1 - 2022

Page 6

Mensen

TE K ST : Heidrun Sunde Stokke F OTO : Helene Moe Slinning

på tur

Har du nokon gong vore nervøs for å dra på tur på grunn av mensen? Å ha mensen på tur burde ikkje vere verken flaut eller skummelt. Sjølvsagt kan det vere meir utfordrande, likevel skal ikkje mensen vere ei hindring eller ein grunn for å ikkje dra på tur.

EG HAR SJØLV VORE PÅ TUR med mensen mange gonger, og det har som oftast gått veldig fint. Det viktigaste er at ein sjølv er komfortabel og kjem seg ut på tur! FORSKJELLEN PÅ å ha mensen på tur og på ein vanleg dag er

ikkje så stor. Likevel er det litt vanskelegare når ein har mensen ute i naturen. Første tips er å bytte bind og tampong eller bruke menskopp som normalt. Ikkje vent med å skifte bind eller tampong, men gjer det så ofte du treng det. Finn ein stad som gjerne er litt skjult, kanskje bak ein stein eller nokre tre, eller bygg eit dotelt ved hjelp av tre, tau og presenning. Det er uansett fint når de er på tur, slik at alle får privatliv når ein går på do. Ha med ­ekstra bind og/eller tampongar, eventuelt ei truse og ein plastpose til å oppbevare dei brukte binda eller tampongane i, slik at du kan kaste dei når du kjem heim. Produkta er ikkje nedbrytbare, så dei må ikkje kastast i naturen. God hygiene er viktig, vask henda i ei elv, vatn eller ved bruk av våtservietter og antibac.

dotelt for it e e rn je g g g y B r . Det er fint fo meir privatliv skal på do! alle som SNAKK MED NOKON i patruljen eller turfølget om at du har men-

sen, dersom du er komfortabel med det. Det kan vere lettare om ein har nokon å snakke med og nokon å spørje om hjelp. Er du plaga med smerter kan det vere fint å fortelje det, slik at dei andre kan ta omsyn til deg. Det er viktig å respektere at andre har mensen på tur, og at det kan vere ubehageleg. MENSEN PÅ TUR er ikkje noko ein burde bekymre seg for. Berre ta

det med ro, og bruk den tida du treng for å skifte bind, tampong, truse eller liknande. Mitt beste tips er å respektere at ein sjølv eller andre har mensen på tur, og at ein ikkje må tenke at det er flaut eller ekkelt. Det er jo heilt naturleg!

6


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.