OVERRASK PATRULJEN MED
R U T Å BL
Når patruljen skal på tur er det vanleg at heile patruljen er med på å planlegga turen i fellesskap. Men kva om dei andre i patruljen ikkje visste noko om turen? Ein blåtur er ein tur der deltakarane ikkje veit kvar dei skal eller kva som skal skje, ein overraskingstur, om du vil. Det høyrest kanskje ut som mykje arbeid å planlegga ein heil tur åleine. Då kan du spørja patruljeassistenten din om hjelp. Det er ikkje om å gjera å overraska heile turen. Det kan vera nok å ikkje vita kor ein skal eller å ha ei eller to overraskingar i løpet av turen. Overraskingane kan gjerne vera tilpassa dei tinga patruljen din synest er kjekt.
EIT BLÅTUR-DØME: Kari får ein uvanleg invitasjon i postkassa ein dag. Invitasjonen er utan avsendar, men det er ei pakkeliste, tidspunkt og oppmøtestad til ein tur. Ho trur det er frå nokon i speidaren fordi oppmøtestaden er der ho vanlegvis er på speidarmøte. Ho møter opp til avtalt tidspunkt, og ho har rett. Resten av patruljen hennar er der allereie. Det er ingen leiar der, men dei finn ein konvolutt med patruljenamnet deira på. Inni konvolutten ligg det litt pengar og ein beskjed. «Ta 74 bussen til Sandvik». Der har ingen av jentene i patruljen vore før, men dei gjer som det står på lappen. I Sandvik er det heller ingen folk, men nedst på brevet dei fann tidlegare, stod det at dei skulle innom lokalbutikken i Sandvik og få meir informasjon. Dei går inn i butikken, og mannen i kassa har eit nytt brev til patruljen. Denne gongen står det at patruljen skal finna patruljeføraren sin på ein parkeringsplass utføre eit industribygg i nærleiken. Når dei treff på patruljeføraren ser dei at foreldra til nokre i patruljen køyrer. Speidarane sett seg inn i bilane og får bind for auga. Neste stopp er ukjend. Patruljen har lenge snakka om å bruka dei ekstra pengane i patruljekassa til å reisa på klatring. Og det er akkurat det dei skal nå. Foreldra venter utføre medan patruljen klatrar.
TE K ST : Astrid-Amalie Heldal F OTO : Lars Røraas
14
Etter klatringa køyrer bilane til ein fin tursti som patruljen har vore på før. Dei finn ein fin plass dei kan slå leir på. Etter middag overraskar patruljeføraren dei igjen med heimelaga kake og bålpopkorn. Etter turen avtaler dei å reisa på blåtur ein gong i året, men at dei skal byta på kven som skal planlegga turen.