3 minute read

GRØNN SONE

Next Article
GNIST 2022

GNIST 2022

OVERRASK PATRULJEN MED BLÅTUR

Når patruljen skal på tur er det vanleg at heile patruljen er med på å planlegga turen i fellesskap. Men kva om dei andre i patruljen ikkje visste noko om turen?

Advertisement

Ein blåtur er ein tur der deltakarane ikkje veit kvar dei skal eller kva som skal skje, ein overraskingstur, om du vil. Det høyrest kanskje ut som mykje arbeid å planlegga ein heil tur åleine. Då kan du spørja patruljeassistenten din om hjelp.

Det er ikkje om å gjera å overraska heile turen. Det kan vera nok å ikkje vita kor ein skal eller å ha ei eller to overraskingar i løpet av turen. Overraskingane kan gjerne vera tilpassa dei tinga patruljen din synest er kjekt.

TEKST: Astrid-Amalie Heldal FOTO: Lars Røraas

EIT BLÅTUR-DØME:

Kari får ein uvanleg invitasjon i postkassa ein dag. Invitasjonen er utan avsendar, men det er ei pakkeliste, tidspunkt og oppmøtestad til ein tur. Ho trur det er frå nokon i speidaren fordi oppmøtestaden er der ho vanlegvis er på speidarmøte.

Ho møter opp til avtalt tidspunkt, og ho har rett. Resten av patruljen hennar er der allereie. Det er ingen leiar der, men dei finn ein konvolutt med patruljenamnet deira på. Inni konvolutten ligg det litt pengar og ein beskjed. «Ta 74 bussen til Sandvik». Der har ingen av jentene i patruljen vore før, men dei gjer som det står på lappen.

I Sandvik er det heller ingen folk, men nedst på brevet dei fann tidlegare, stod det at dei skulle innom lokalbutikken i Sandvik og få meir informasjon. Dei går inn i butikken, og mannen i kassa har eit nytt brev til patruljen. Denne gongen står det at patruljen skal finna patruljeføraren sin på ein parkeringsplass utføre eit industribygg i nærleiken.

Når dei tref på patruljeføraren ser dei at foreldra til nokre i patruljen køyrer. Speidarane sett seg inn i bilane og får bind for auga. Neste stopp er ukjend. Patruljen har lenge snakka om å bruka dei ekstra pengane i patruljekassa til å reisa på klatring. Og det er akkurat det dei skal nå. Foreldra venter utføre medan patruljen klatrar.

Etter klatringa køyrer bilane til ein fin tursti som patruljen har vore på før. Dei finn ein fin plass dei kan slå leir på. Etter middag overraskar patruljeføraren dei igjen med heimelaga kake og bålpopkorn. Etter turen avtaler dei å reisa på blåtur ein gong i året, men at dei skal byta på kven som skal planlegga turen.

DØME PÅ OVERRASKINGAR:

• Overnatting på ei hytte • God mat, kake, snacks • At ein annan patrulje venter på leirstaden • Å koma fram til ferdig middag • Klatring, go-kart, paintball, sykurs, zipline, besøk på museum, stand up-padling • Kanotur, båttur, sykkeltur

• Overraskingane treng ikkje å vera verken store eller dyre. • Planlegg godt, hugs heimeleiar, fellesutstyr og sikkerheit. • Ikkje legg inn for mange aktivitetar på turen. Å vera på tur er ein viktig del av kosen. • Send ut pakkeliste, oppmøtestad og oppmøtetidspunkt på førehand. • Legg gjerne till litt rare ting på pakkelista sånn at dei som skal vera med byrjar å lura på kva slags tur dei skal på. Hugs at det ikkje må vera for tungt, de skal bera alt med dykk. • Informer gjerne føresette om turen, men pass på at dei ikkje seier noko vidare til speidarane.

Kva med å overraske med ein klatretur?

Tips

Avslutt gjerne blåturen med ein tur til ein fin leirplass. Hugs å ha godt tid til å berre vera på tur og kosa dykk.

This article is from: