3 minute read

GRØNN SONE Ta turen ut i vinter

Foto: Jiri Paur

TA TUREN UT

Advertisement

I VINTER Når det vert kaldt ute er det deilig å sette seg framfor peisen eller under eit teppe med ein kopp kakao. Men det er ekstra deilig dersom

du tek ein tur ut i naturen først.

TEKST: Heidrun Sunde Stokke VINTEREN ER perfekt for tur, enten om du vil på dagstur eller overnatting. Kva for ein tur vil du gjennomføre i vinter?

Skitur

Det er ikkje lange tida til snøen kjem. Då kan ein endeleg reise på skitur igjen. Pakk sekken med sitjeunderlag, ein appelsin og noko varmt å drikke, og hugs å ta med ein ullgenser!

Fjelltur

Noko av det beste eg veit er å dra på fjelltur. Det er heilt spesielt å gå opp på ein topp og få utsikt over flott natur. Sjølv om det er vinter er det fullt mogleg å gå på fjelltur, så lenge det ikkje er for mykje snø. Ettersom det er vinter kan det vere fint å ikkje gå på den høgaste toppen, då toppturar om vinteren krev kunnskap og forståing om vinterfjellet. Er det komt ein del snø, kan du gå på ski eller truger. Hugs å ha med ein varm genser og ei vindjakke i sekken, det kan vere mykje vind på toppen. I tillegg er det lurt å ha med litt ekstra mat og drikke.

Overnatting i hengekøye eller telt

Å overnatte i naturen om vinteren er kjekt! Det er litt kaldare enn dei andre sesongane, men om ein tek med ekstra varme klede, ein god sovepose og varmt liggeunderlag går det heilt fint. Du kan enten sove i hengekøye eller i telt, eller finne ein gapahuk eller ei hytte å sove i. Det blir fort mørkt, og uten mat og drikke blir du fort kald, hugs difor å ha med lommelykt og mat. Å sove ute om vinteren er fint. Er du heldig, vaknar du til ein fin vintermorgon. Dersom det er nok snø, kan du prøve å lage ei snøhole i løpet av vinteren saman med nokon som kan det. Ei overnatting i snøhole er spennande, og noko ein bør oppleve.

Foto: Magnus Heltne Foto: Anne Månum

Dagstur med bål

Pakk sekken med sitjeunderlag, ved og kniv, og gå ein tur i nærmiljøet ditt. Er du heldig finn du ein allereie etablert bålplass du kan bruke. Lag eit bål av vedkubbar, småkvist og never du finn på vegen. Det er godt å ha noko å steike på bålet, du kan for eksempel ha med pinnebrøddeig eller lage pizzabolle. Noko varmt å drikke er også fint å ha på ein vinterdag. Når du skal forlate bålplassen din er det viktig at du ryddar opp etter deg, slik at det er fint for dei neste som kjem.

Tur i fjøra

Dersom du bur ved ein fjord eller ved sjøen er det fint å gå ein tur langs med sjøen. Her er det mykje spennande ein kan sjå etter, både fisk, fugl, krabber og skjell for å nemne noko. Kanskje finn du ein fin plass å setje deg ned for å ete matpakken? Dessverre kan det vere du kjem over søppel når du vandrar i fjøra, så det kan vere lurt at du har med ein plastpose for å plukke det du finn av søppel. Då kan du samtidig gjere noko bra for naturen og dyra som bur i sjøen. Snart vert det også minusgrader, og er du heldig kan du gå på skøyter i løpet av vinteren. Hugs å sjekke om isen er trygg å gå på før du startar skøyteturen.

This article is from: