3 minute read

TURTIPS

Next Article
FORELDRESIDE

FORELDRESIDE

Velg riktige tursko

Gode tursko kan vera med på å gje deg ei betre turoppleving, men å skaffa gode tursko kan vera både vanskeleg og dyrt.

Advertisement

TEKST OG FOTO: Astrid-Amalie Heldal

DET ER DUMT å skafa sko som ikkje passer til deg og behovet du har. Det er først etter å ha gått fleire turar i ulikt terreng og med ulik lengde at du kan vita kva turar du liker å gå, og dermed også kva eigenskapar turskoa dine bør ha.

I starten, før du veit kva turar du liker å gå, om friluftsliv er noko for deg, og om du faktisk har behov for nye tursko, er det mest berekraftige og billigaste alternativet å bruka dei skoa du allereie har. Det kan også vera ein idé å låna sko frå nokon du kjenner, eller frå andre utlånssentralar som BUA.

GENERELLE RÅD

Felles for alle sko som skal brukast på tur i terreng, er at dei bør vera vasstette. Dei bør også ha tydeleg mønster under solane sånn at dei har godt grep på bakken. I tillegg er det enklare å gå dess lettare skoa er. Likevel kan det vera at andre behov gjer at du ikkje bør velja dei lettaste skoa på marknaden.

Hovudregelen når det kjem til val av sko, er at du mest sannsynleg har behov for meir robuste sko dess røfare turar du går på til vanleg. Både lengda på turen, tyngden på sekken og vanskelegheitsgraden på terrenget er faktorar som speler inn på kva sko som passer best til deg.

ULIKE TYPAR TURAR

Joggesko og låge tursko kan vera eit godt alternativ for deg dersom du liker best å gå kortare turar med relativt lett sekk på grusveg og godt oppgåtte stiar.

Dersom du liker betre å gå lengre turar med tyngre sekk, kan det vera lurt å velja litt høgare tursko sånn at dei støttar opp rundt anklane dine. Både tung sekk og ulendt terreng kan gjera det enklare å trø feil. Høge sko med god støtte kan førebygga at du vrikkar føtene.

KVA SKO PASSER TIL MEG?

På mange turar vil dei skoa du allereie har vera gode nok. Dersom du har sko som egnar seg best for lettare turar, kan du også bruka dei på lengre turar og med tyngre sekk. Då må du berre passa på å ta pausar viss du blir sliten i anklane. Du kan også gå kortare turar sjølv om du har høge, meir robuste sko, men fordi dei ofte er tyngre enn låge sko, vil dei vera tyngre å gå med.

NYE SKO

Dersom du finn ut at du faktisk treng nye sko, kan det vera lurt å spørja folk du kjenner om tips. Det er også lurt å spørja dei tilsette i butikken om hjelp. Dei har mykje kunnskap om dei ulike skoa, og kan hjelpa deg å gjera eit godt val.

SKOTIPS

• «Gå inn» skoa før du legg ut på langtur ved å bruka dei på kortare turar. Då tilpassar skoa seg til føtene dine, og sjansen for at du får gnagsår blir mindre. • Pass på at du har plass til eit ekstra par sokkar i skoa, men at skoa ikkje blir så store at dei er tunge og klumpete å gå med. • Viss du bruker to par sokkar i skoa, vil friksjonen skje meir mellom sokkane og mindre på huda, og det reduserer sjansen for gnagsår. Bruk to tynne par i sommarhalvåret, og eit tynt lag inst og eit tjukkare lag ytst i vinterhalvåret. • Ha med sportsteip og elastisk teip eller gnagsårplaster på alle turar sånn at du er budd på gnagsår. • Hugs å gjera nødvendig vedlikehald, som å reingjere og pusse turskoa dine, sånn at dei varer lengst mogleg.

Reingjer og puss skoa dine med jamne mellomrom, så varer dei mykje lenger!

Foto: Helene Moe Slinning

This article is from: