Kvinnheradferie 2019

Page 1

K

D A R E VI N N H GR ATIS FERIEAV IS SOM M A R EN 2019


2

KVINNHERAD-FERIE 2019

Velkommen til eventyrlege

KVINNHERAD!

MED DRAMATISK OG VAKKER NATUR, FRÅ IDYLLISK SKJERGARD I SØR OG INNOVER HARDANGERFJORDEN TIL MAJESTETISKE FJELL, ELVAR, VATN OG ISBREEN FOLGEFONNA I NORD.

VERDT Å FÅ MED SEG: Baroniet Rosendal, Halsnøy Kloster, bygdetunet Rød i Uskedalen, Steinparken, Vangssago og Folgefonnsenteret i Rosendal og Galleri G Guddal i Guddalsdalen. Festivalar/familieunderhaldning Festidalen i Uskedalen. Sæbøvikfestivalen på Halsnøy. Sundesprell på Sunde. Skutefest i Rosendal, m.m. Brepadling Å padla blant isfjell i Møsevatnet er ei spesiell oppleving, høgdepunktet er å komma inn til breen og gå inn i isen.


KVINNHERAD-FERIE 2019

BUNNPRIS SEIMSFOSS OPE KVAR DAG

7-21 (8-20) Sønd.11-18

3

Den raskeste veien mellom Bergen og Hardanger. Daglige avganger med Hardangerfjordekspressen mellom Bergen og Rosendal, året rundt. Enten du skal oppleve Hardanger eller Trolltunga, begynner turen hos Rødne Fjord Cruise. Billetter kan kjøpes på rodne.no, om bord på båten og hos Turistinformasjonen i Bergen.

(t.o.m veke 34)

Hus/hyttedraum?

Hver dag. Hele året.

Har du ein hus- eller hyttedraum i Kvinnherad eller omegn? Vi er klare til å hjelpa deg med planlegging og bygging. Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Tinga abonnement i dag! Tlf. 52 70 82 61 abonnement@kvinnheringen.no

Bestill vår hus eller hyttebok på www.norgeshus.no eller kom innom vårt kontor i Skålafjæro 10 i Rosendal.

BOLIG HYTTE REHABILITERING OMBYGGING TILBYGG

kjell.hoyland@norgeshus.no • 928 52 363 christian.smith@norgeshus.no • 951 18 496 helene.hoyland@norgeshus.no • 928 19 475

Hallo der, du ja!

Vi har ope i sommar, Måndag - fredag 9-17 og laurdag 9-14 Vi har det meste til folk og fe, velkommen til supertriveleg sommarhandel hos oss!

FK Butikken Dimmelsvik Kvinnherad Tlf. 993 84 870 fkra.no/fkbutikken


4

KVINNHERAD-FERIE 2019

Endeleg sommar! Vi er mange som er glade i sommaren, av fleire gode grunnar. Dei fleste av oss kan ta ut ferie, og nyta fritida saman med vener og familie. Og sjølv om ingen kan spå kva sommarvêr vi får, er det i alle fall lysare ute, temperaturen er høgare, og det er grønare rundt oss enn om vinteren. Det er jo til å bli glad av, berre det! Nokon av oss reiser utanlands i ferien, andre blir heime. Vi er nok litt inhabile når vi seier dette, men vi meiner heilt klart at Kvinnherad er ein ypparleg stad å feriera på! I kommunen vår finst det kjekke folk og mange perler å utforska. Vi har fleire flotte kulturinstitusjonar, festivalar og arrangement, etestader og butikkar. I tillegg har vi flott natur, og du kan gå tur i skog og fjell, eller vera ved sjøen. I dette magasinet har vi prøvd å visa fram litt av det Kvinnherad har å by på, både for deg som er tilreisande, og for deg som bur i kommunen. Ha ein strålande sommar! Med venleg helsing fungerande redaktør Mona Grønningen på vegner av alle oss i Kvinnheringen

Kvinnheradferie BILAG TIL KVINNHERINGEN 19. JUNI 2019 Distribuert til alle husstandar i Kvinnherad, Odda, Jondal, og Skånevik Opplag: 15.000 Utgjevar og grafisk produksjon

Redaktør: Mona Grønningen Epost: redaksjon@kvinnheringen.no Layout/design: Vidar Håland Rotasjonstrykk: Schibsted Trykk Bergen Framsida: Halsatoppen i Uskedalen er ein fin destinasjon der ein ikkje treng gå så langt, men likevel ha god utsikt. Bli med opp på toppen på side 26. Foto: Jorun Larsen.

IDYLLISK: Halsnøy båt- og bubilhamn på Sæbøvik ligg idyllisk til rett ved sjøen, med samfunnshus, pub, butikkar

På Halsnøy har dei eigen caravan-klubb, og i år feira gjengen 10-årsjubileum.

bubil-klubbar i Kvinnherad. På vårtreffet i år hadde dei forskjellige kjekke aktivitetar, som hesteskokasting, lotteri og felles middag på Trallehuset.

TEKST OG FOTO Mona Grønningen

Samhald

mona@kvinnheringen.no

Fleire og fleire kvinnheringar legg sin elsk på bubil-livet, og på Halsnøy Caravanklubb sitt vårtreff som var helga 10.–12. mai, var heile 24 bubilar samla på bubilparkeringa ved samfunnshuset på Sæbøvik. I år fyller klubben 10 år. To av entusiastane som er med i klubben er Liv og Reidar Sæbø. – Eg trur vi er rundt 30 bubilar i klubben, og det er òg folk frå fastlandet med. Det er veldig sosialt og kjekt. Vi plar å ha eitt treff på våren og eitt på hausten. Alle kjenner alle, og skal nokon på tur ein plass går jungeltelegrafen mellom oss, slik at andre òg kan slenga seg med og reisa til same plassen, fortel Liv. Ho kjenner ikkje til at det finst andre slike

Liv og Reidar kjøpte sin første bubil i 2006, og reiser både i inn- og utland. Dei har vore i Kroatia, Tyskland, Danmark og Sverige med bubilen. – Mange av dei vaksne som i dag har bubil, har hatt båt tidlegare, og det gjeld oss òg. Vi har båt framleis, men vi bur ikkje i den lenger. Med bubil slepp du å venta til solgangsbrisen er over før du kan flytta på deg, og det er ikkje like vêravhengig. Du berre pakkar i bilen og køyrer etter godvêret, fortel Liv. Ho skryt over samhaldet mellom bubil-­ eigarane. – Kjem du til ein ny plass kjem folk nærmast springane for å hjelpa til med å kopla deg til straum og vatn, og tar godt imot deg. Vi kosar oss i lag! Dei som vurderer å kjøpa bubil må berre hoppa i det, dei kjem ikkje til å angra!


KVINNHERAD-FERIE 2019

5

Bubilparkeringar i Kvinnherad Sundal Camping, Mauranger Ligg ved sjøen i Sundal, Mauranger. I nærleiken: Bondhusvatnet, Hardanger Fjord Lodge. Pris per natt: 130 kroner + 30 kroner for straum. Enes camping, Ænes Enes Camping ligg i bygda Ænes, midt mellom Rosendal og Odda. I nærleiken: Kiosk, Lakseparken. Kapasitet: 10 plassar, kombinert bubil- og teltplassar. Pris per natt: 100 kroner + 40 kroner for straum. I tillegg kostar det 30 kroner per vaksen og 15 kroner per barn. Rosendal bubilparkering, Rosendal Bubilparkering i Skålavika i Rosendal sentrum, på det tidlegare industriområdet. I nærleiken: Butikkar, Folgefonnsenteret, Baroniet Rosendal, restaurantar, rådhus. Kapasitet: 80 plassar. Pris per natt: 250 kroner (tre døgn kostar 600 ved betaling første dag) Rabben feriesenter, Uskedalen Plass til bubilar ved tangen mellom elva og sjøen. Båthamna i bygda tilbyr også oppstillingsplassar. I nærleiken: Butikkar, gymsal med klatrevegg. Pris per natt: 150 kroner + 50 kroner for straum.

og restaurant i umiddelbar nærleik. Det var mange bubilar samla der under Halsnøy Caravanklubb sitt treff der 10.–12. mai.

Husnes camping, Husnes I Husnes sentrum ved Opsangervegen. I nærleiken: Gry Helge’s Bar og restaurant, Husnesparken, handlesenter, golfbane. Pris per natt: 250 kroner inkl. straum. Husnes båthamn, Husnes Parkering ved båthamna i nærleiken av Hydro Husnes. I nærleiken: Handlesenter, golfbane, Husnesparken, restaurantar. Pris per nett: 150 kroner + 50 kroner for straum.

10 ÅR: Etter det Kvinnheringen veit er Halsnøy Caravanklubb den einaste lokale bubil-klubben i Kvinnherad. I år feira den 10-årsjubileum. LEIK: Halsnøy Caravanklubb var heldig med vêret under årets vårtreff på Sæbøvik 10.–12. mai, der heile 24 bilar var samla på parkeringa ved samfunnshuset. Dei hadde fleire kjekke aktivitetar i lag, og her ser du Reidar Sæbø prøva seg på hesteskokasting.

Halsnøy båt- og bubilhamn, Sæbøvik Ligg ved sjøen på området til Halsnøy Samfunnshus i Sæbøvik sentrum. I nærleiken: Butikkar, restaurant, Halsnøy Kloster. Kapasitet: 10-12 plassar. Pris per natt: 150 kroner inkl. straum. Matre båtlag, Matre Ligg ved båthamna i Matre. I nærleiken: Bensinstasjon, badeplass, Sunnhordland Kraftlag si avdeling. Pris per natt: 100 kroner + 50 kroner for straum.


6

KVINNHERAD-FERIE 2019

Mil etter mil etter mil etter mil e Erna Olaug og Peder Hauge har funne seg godt til rette som bubil-turistar. Sidan 2005 har dei køyrt land og strand, året rundt. Dei er enno ikkje bitten lei, og ser fram til kjekke arrangement og mange timar på vegen også denne sommaren. Først ut skal dei danseglade svinga seg på Bildøy, Sotra. TEKST OG FOTO Jorun Larsen

redaksjon@kvinnheringen.no

– Før vi kjøpte bubil var vi båtfolk. Men dette er mykje billigare enn båt, og me kjem oss mykje lenger på ein tank no, smiler Peder nøgd frå førarsetet. Det er han som høyrer heime der, sjølv om Erna også har sete i førarsetet på dei andre bubilane dei har hatt. Denne er den tredje i rekkja, og for kvart nykjøp har buarealet blitt ørlite større for kvar gong. Denne er komfortabelt romsleg, tilsynelatande godt utstyrt og heimekoseleg dekorert. Solan og Ludvig frå Flåklypa er med på køyreturane – figurane er strikka av Erna og ei bubilveninne. Små potter med fargerike blomar pryder dei små hyllene oppunder taket, og dei har sjølvsagt ei bubilpute å lena seg på i «salongen». Med sine i overkant av åtte gonger to meter, er det god plass for ekteparet sine mange utflukter, både åleine og med gjester. Dei erkjenner at det ofte er mindre romsleg i dei ytre omgjevnadane, særleg på vestlands­ vegane. – Men når trailerar kjem seg fram, kjem vi oss også fram, slår dei optimistisk fast. Dei har fleire gonger opplevd at det har vore minimalt med avstand mellom mot­gåande køyrety på eine sida og fjellsida på den andre, og vegane innover mot Hardanger vert trekt fram som verstingar blant strekningar. Peikefinger og tommel er ikkje langt i frå einannan når Erna engasjert viser kor nær dei har vore eit uhell. Sjølv om ho er nord frå, kan det ikkje feiast bort som ei retorisk overdriving. Så smale er jo vegane her omkring.

Vedunderlege Danmark Men likevel er dette ein livsstil som ligg dei nærast hjarta. Fridommen til å køyra

Omgjevnadane speglar seg i den blanke bilen til ekteparet Hauge. Skulle ein vera i tvil, kan ein berre kikka nærare på dei utskorne bokstavane i glaset på passasjersida.


KVINNHERAD-FERIE 2019

7

etter mil etter mil etter mil etter mi

Måla på denne rullande mikrobustaden er 8,42 x 2,38 meter.

Ekteparet har med seg sine trufaste gjester på kvar ein tur, Solan og Ludvig har nok opplevd mykje gøyalt.

Denne heksa kjøpte Erna til sin kjære på ein av turane deira. – Så no har eg to! skjemtar Peder lunt.

mot fint vêr, delta på sosiale treff og kjekke arrangement, er noko dei tydeleg set pris på. Mogleg er det på grunn av dei slanke vestlandsvegane at dei ofte legg turane sine til Danmark, Tyskland og andre bubil-venlege land utanføre lande­ grensene. Danmark vert drege fram som ein favoritt, både grunna god service, hyggjelege prisar og sitt store utval av fine stader. – Vi har òg køyrt like til Kroatia. Der har vi faktisk vore to gonger, fortel Erna vidare. Kor mange mil dei har rulla på vegane i Skandinavia og Europa er uvisst, men at det er mange kan ein nok vera trygg på. Ofte er dei borte i mange veker i slengen. Som pensjonistar er det lite som held dei attende, men i år skal hus og heim få litt pleie, lovar dei. Staudene i dei flotte beda utanføre vitnar om at ekteparet trivst heime på Husnes også. – Kor lang tid treng de frå ideen om å køyra på tur kjem, til de sit klare i bilen?

– Vi er klare på ti minutt. Det er berre å fylla opp kjøleskapet med mat, og frysen med fisk, så er vi klare! Ofte er det slik at eg må gå i bubilen for å henta kle som eg treng, det er sjeldan motsett. Her har vi alt vi treng, fortel Erna blidt, med si nordnorske dialekt. Nordpå har dei også vore. Tre gonger til Nordkapp og to gonger til Finnmark kjem dei fram til, etter litt om og men. Kjøleskap­ magnetar frå fleire av dei ulike turmåla deira heng over kjøleskapet, og dei fortel om noko av det rare dei har fått med seg. Eit nisse-museum er ei av dei spesielle opplevingane dei har hatt nordpå, der bubilcampingen var lagt til eit gammalt gardsbruk. Satsinga der var den originale kombinasjonen jul og turisme. Litt av ei oppleving, skryt ekteparet. – Og nord for Trondheim finst om lag ikkje bommar! legg Erna engasjert til. – Jo, me køyrde gjennom ein bom lenger nord, rettar Peder. Men han seier seg til slutt samd i at det er >>>


8

KVINNHERAD-FERIE 2019

Peder og Erna Olaug har det som plommer i egg når dei er på bubiltur. – Her har vi alt vi treng, smiler dei.

>>> ein heilt annleis bom-situasjon nord i landet enn det ein har lenger sør. Dersom ein til motsetnad skal til Karmøy køyrer ein visst gjennom eit A4-ark fullt med bommar. Den engasjerte diskusjonen pendlar over på Kvinnherad og det gledelege nyhendet om at Halsnøysambandet vert gratis. For dei som helst rullar på dei beste vegane, vert slikt teke imot med opne armar. Peder, som kjem frå Halsnøy, håpar no at ferjestøet på Sunde vert teke i bruk igjen, så dei slepp unna hårrørs-­ vegane på hi sida av den undersjøiske tunnelen.

Jamt over bra

Den vesle dansedama svingar seg i frontruta, framføre den svarte cowboyhatten til Peder. – Ho er mi, seier han stolt. Det blå skjørtet svingar seg ekstra fint denne dagen, for det er solenergi som får ho til å dansa. – Peder har både dansedame og heks, vert du ikkje sjalu? spør vi Erna Olaug. – Nei, eg har Solan og Ludvig, ler ho til svar.

Men det er ikkje berre vegane som engasjerer bubilentusiastane. Kvaliteten på bubilparkeringar er også noko dei merkar seg på turane. – Korleis er det rundt om i Kvinnherad? Har de sjekka ut fasilitetane? – Det er jo mange bygder med bubilcampar i Kvinnherad. Vi har vel vore på alle utanom den i Matre, og det er jamt over godt tilrettelagt for bubil no. Det ein treng er straum, vatn og ein stad å tømma tanken. På desse felta er det bra alle stadane i Kvinnherad, meiner dei. – Nei, me har heller ikkje budd på campingen til GryHelges, skyt Erna lattermild inn.

Den campingplassen ligg eit steinkast unna, så det har si naturlege forklaring. Men i båthamna på Husnes har dei budd. Dersom det er arrangement der, plasserer dei gjerne bubilen ved naustet og deltar på selskaplegheitene før dei går til sengs. – Eg søv veldig godt i bubilen, smiler Erna. Peder understrekar at dei ikkje er så kravstore som bubilturistar. Dei treng ikkje aktivitetar eller leikeplassar der dei legg seg til, slik som familiar kanskje ønskjer. Men éin ting dei ofte ser etter, er om det er mogleg å fiska i området der dei parkerer. Det er lite som er like godt som fersk fisk direkte på steikeplata, slår dei fast. Fiske er ein stor del av livet deira både når dei er i bubil og ikkje. – Det viktigste me må hugsa på før me reiser nokon stad, er å få nokon til å ta inn posten vår, og gi beskjed til Peder sine fiske- og krepsekundar om at dei ikkje treng å ringa han på nokre veker, fortel Erna. I sommar går turen til Nordisk bubiltreff på Mors i Danmark, eit arrangement dei ser fram til. På dette treffet, som rullerer mellom å skipast i Noreg, Sverige og Finland i tillegg til Danmark, møter dei alltid kjenningar frå heile Skandinavia, og det er lagt opp til fleire dagar med ulike aktivitetar.


KVINNHERAD-FERIE 2019

9

Juni 21.–23. Sankthans-festival på Fjelberg

28. Konsert med Håkon Kornstad Trio i Baroniet Rosendal

28.-29. Festidalen i Uskedalen Juli

5. Konsert med Audun Sandvik (cello) og Sveinung Bjelland (klaver) i Baroniet Rosendal

9. Konsert med Ingebjørg Bratland med band i Baroniet Rosendal

10. Konsert med Stein Torleif Bjella i Baroniet Rosendal

11. Konsert med Ingrid Olava i Baroniet Rosendal

13. Konsert med Thomas Dybdahl i Baroniet Rosendal

14. Konsert med Tenorane og Steffen Horn i Baroniet Rosendal

16. Konsert med Bjørn Eidsvåg med band i Baroniet Rosendal

19. Konsert med Maria Mena med band i Baroniet Rosendal

Det skjer i Kvinnherad

17.–21. Den store krabbe- og rekefesten på Sæbøvik, Halsnøy

23. Konsert med Karoline Krüger og Sigvart Dagsland i Baroniet Rosendal

24. Konsert med Åse Kleveland (song/gitar) og Tove Kragset (klaver) i Baroniet Rosendal

25. Konsert med Minor Majority i Baroniet Rosendal

26. Konsert med Ole Paus (song/gitar) og Ketil Bjørnstad (klaver) i Baroniet Rosendal

27. Midnattskonsert med Jonas Fjeld i Hellebergshillaren mellom Hatlestrand/Ølve

30. Konsert med Kari Bremnes med band i Baroniet Rosendal

August

1. Konsert med Ingrid Andsnes (klaver) i Baroniet Rosendal

2. Konsert med Anne Grete Preus med band i Baroniet Rosendal

3. Sundesprell på Sunde

8.–11. Rosendal Kammermusikkfestival i Baroniet Rosendal

23. Konsert med Vamp i Baroniet Rosendal

23.–25. Skutefest i Rosendal

31. Konsert med Herborg Kråkevik med band i Baroniet Rosendal

OBS: Kvinnheringen tar atterhald om at denne oversikta ikkje er fullstendig, og at vi kan ha oversett arrangement.

Det skjer mykje kjekt rundt om kring i Kvinnherad i sommar. Ta deg ein tur på konsert eller festival, då vel!


10

KVINNHERAD-FERIE 2019

Hardanger Fjord Lodge

– No pustar huset igjen! Det historiske gjestgiveriet i Sundal vart reist i 1889. Eit ungt, entusiastisk par har gitt bygget lys, luft og liv, og gjenopnar denne sommaren – 130 år etter. TEKST OG FOTO

Marie Skaaluren marie@kvinnheringen.no

Turistane har funne fram til Sundal sidan midten av 1800-talet. Den gong, som no, var det djupe fjordar, høge fjell, fossar og isbre som lokka. Utanlandsk fintfolk vart frakta med hest opp Keisarstien, og sat godt og varmt under teppe på sledeturen over Folgefonna til Odda på den andre sida av isbreen. På slutten av 1800-talet gjekk jamvel dampskip kvar veke frå England til Sundal. Pensjonatet i sveitsarstil midt i bygda var ein sentral del i denne tidlege turismen på Vestlandet. Etter å ha stått avstengt dei seinare åra, måtte det

eit ungt par med stor arbeidskapasitet, hjarte for historia og blikk for detaljar og berekraft til for å pusta liv og lys i bygningen att. Dei tok over i desember, og har arbeidd dag og natt sidan då for å kunna opna dørene i 2019.

Frå bydn til bygd Caroline Steine (31) og Harald Andreassen (31) er ingeniørparet som forlét Stavanger til fordel for Hardanger. – Det handlar om å ta tida tilbake. For oss gir det meir å jobba direkte med menneske. Vi likar å leggja til rette for at folk kosar seg saman med kvarandre, at folk har det godt, fortel Caroline. Etter å ha skrella vekk lag på lag i veggar, golv og tak, har dei funne tilbake til det opphavlege. Men ikkje slik å forstå at paret prøver å skru tida attende til 1889 med kvite dukar og stiv snipp. Historiske, originale grunntankar er ispedd moderne fasilitetar og sjarmerande vriar i alle rom og hjørne. Pensjonatet har no 11 rom, med vask på kvart rom. Den delte dusjen har utsyn mot fjell og fjord. – Her søv ein hundre prosent naturleg, på spesialbestilte madrassar frå Hellas. Slag­ ordet er «sleeping on nature», noko som jo er perfekt her, seier Caroline. Caroline og Harald har sjølve blanda målinga til veggane. Den er laga av linolje, og fargane er nøye bestemte etter kva som passar huset. Kvart rom har ei historie og har fått namn frå området og historia. – No pustar huset igjen! Vi har tatt vare på det gamle, og tilført det noko nytt. Vi ville gå ein litt annan veg enn å berre rekonstruera fortida, så vi har tillate oss å gjera staden til vår eigen. Paret har reist land og strand for å finna møblar og interiør til pensjonatet. I Kongsberg fann dei til dømes ein støypejernsomn som Harald har pussa og sett saman i eine stova. Ekstra kjekt er det at omnen er like gamal som huset, frå 1889.

Nært Dei ynskjer at huset, bygda og naturen skal vera eit pusterom for besøkande. Sakte turisme, med ei berekraftig og kortreist vinkling, skal få folk til å senka skuldrane og roa ned. I Hardanger Fjord Lodge får besøkjande bu nært. Nært naturen, breen og fjorden. Dei får også nærleik til vertskapet om dei vil. Caroline og Harald bur nemleg sjølve i pensjonatet. >>>


KVINNHERAD-FERIE 2019

11

RO: – Det handlar om å ta tida tilbake. Harald Andreassen og Caroline Steine opna denne sommaren Hardanger Fjord Lodge og ynskjer at besøkjande skal finna ein stad å trekkja pusten og senka skuldrene.


12

KVINNHERAD-FERIE 2019

VERTSKAPET: Harald Andreassen og Caroline Steine har laga den gamle gjestgjevarstaden i Sundal om til ein heim for seg og hunden Frøya, og eit pensjonat for tilreisande.

>>> – Det blir jo eit personleg opphald, sidan dette er ein liten plass. Her er vi tette på einannan og på naturen. Caroline fortel at målet er å få besøkjande til å pusta ut under opphaldet sitt, og gjerne bli fleire netter. Her skal ein tora å ikkje vera perfekt. Om ein kjem rett frå fjellet eller frå byen så skal du føla deg komfortabel ved middagsbordet. – Her har vi maksimalt plass til 41 middags­g jester, og dei som vil kan dela lang­ bordet med andre. Slikt blir det gode samtalar av, seier Caroline.

Kortreist og økologisk Tanken om berekraft ligg i heile konseptet til Hardanger Fjord Lodge, frå materialvalet og oppvarmingsløysinga til maten som blir servert. Tanken er å nytta mest mogelege

råvarer frå nærområdet. Her får du heller hardangersider enn prosecco. Så langt det let seg gjera vil det bli servert økologiske rettar, og gjerne vegetarisk. – Men vi ynskjer ikkje å vera belærande. Vi vil at folk skal oppdaga lekre rettar og smakar frå regionen. Her har vi jo mellom anna hjort, aure og sjøkreps, og det skal vi servera når vi klarer å skaffa det.

Breen I Sundal bur ein midt i nasjonalromantikken, og med ein liten spasertur kan ein sjå Bondhusbreen. Caroline peikar på at også det vakre landskapet kan vera til ettertanke. – Det er noko med det å vera i Folgefonna nasjonalpark i ein slik mektig natur, med fantastisk utsikt. Litt av konseptet til Hardanger Fjord Lodge er samanhengen mellom utsikt


KVINNHERAD-FERIE 2019

PÅ KAIEN: Gjestgjevarstaden ligg vendt mot fjorden. Frå midten av 1800-talet kom turistane sjøvegen.

BRUDEFERD: Ein kopi av «Brudeferd i Hardanger» følgde med då Harald og Caroline kjøpte huset, og måtte sjølvsagt hengast opp att etter oppussinga.

GLAS: Då paret tok over huset var det grøn finér i ornamentikken. No er drôpane i andrehøgda i glas att.

og innsikt. Vi ynskjer også å gje folk innsikt, seier Caroline, og peikar på at ho med det meiner auka medvit. Paret ynskjer å bidra til at ein tek innover seg korleis menneske påverkar miljøet og verda rundt seg. – Her har vi jo breen, som alle kan sjå minkar litt år for år. For oss i 2019 er det essensielt at dette med berekraft er sentralt i driftskonseptet vårt. Som i tidlegare tider samarbeider vert­ skapet på Sundal tett med lokale breførarar. Folgefonni Breførarlag kan henta turistar i Sundal og visa dei trygge vegar til og på breen. Også med folket på andre sida av fjorden har Caroline og Harald samarbeid, med kasjmirgarden ein kan besøkja etter avtale. Då kan ein låna robåt av Hardanger Fjord Lodge og ta vegen over fjorden, den einaste

11 ROM: – Her søv ein hundre prosent naturleg, på spesialbestilte madrassar, fortel Caroline medan ho gjer klar til kveldens gjester.

vegen folk hadde å nytta tidlegare. Til sommaren skal jamvel den 22 meter lange seglskuta «Frøya» frå Stavanger liggja til kai her, slik at folk kan overnatta. – Hos oss skal folk få velja om ein vil vera aktiv eller vera heilt i ro. Tenk deg å lytta til rolege jazztonar her ein sommarkveld. Pusta ut i stovene med rå, originale veggar og takteikningar og eit glas hardangercider i handa, seier Caroline. Ho finn fram eit dikt av Øystein Hauge som forklarer: [no hastar det] no haster det meir enn nokon gong med å ta det heilt med ro

13


14

KVINNHERAD-FERIE 2019

Halsnøy

– Ei perle i Kvinnherad VERDENS FØRSTE

Velkommen til Halsnøy Samfunnshus!

Automower 435X AWD

Husqvarna automower med 4-hjulstrekk!

Ekstrem god i skråning med helling opptil 70%. Vi hjelper deg å finna den rette klipparen til din plen!

Her kan me tilby: • Bubilparkering • Tømmestasjon • Sandvolleyballbane • Bademulighet • Leikeplass • Sanitæranl. m/dusj/vask • Flytebrygger m/straum.

Puben er open kvar laurdag i sommar.

Simonsen Bensin Tlf. 971 04 155

Velkommen til Sæbøvik Hamn

Sæbøvik – Tlf. 905 36 916 Man-fre: 08–22 Laurdag: 09–22 Søndag: 10–22

SUPERDEKK-forhandlar

Ditt lokale Supermarked Post i butikk • Tipping • Rikstoto • Apotek

• Gjestehamn med plass til 40 båtar. • Midt i sentrum med butikkar og spiseplassar i nærleiken • Straum, internett, vatn, vask, dusj, • Fint område på land med grill, bord og benker, leikeområde, sandvolleybane m.m.

Sæbøvik Hamn Sæbøvik Hamn

www. sæbøvikhamn.no

OPE: 8–21 (20) TLF. 53 47 61 02

Sæbøvik


KVINNHERAD-FERIE 2019

REKEBORD OG FAMILIEFEST FREDAG 19. juli frå kl 17.00

v/Halsnøy Senter. • Stor sjømatbuffet: Reker, krabbe, makrell, lubbesild, poteter med tilbehør. • Stort lekeland for borna. • Musikk, underhaldning, servering

DANS I TELTET fredag 19. og laurdag 20. juli.

BYGGJEFELT MED FANTASTISK UTSIKT I SANDVIKJO PÅ HALSNØY!

her me! Me é

Tlf. 53 47 63 07

Sommar er bolletid dsbyBakaren n a L Tlf.: 465 19 099

f

k l e d e INTERIØR

GÅVER kaffi

Glede

stemning NYHETER

Halsnøy Trelast

Billettar på Spar Sæbøvik, tlf. 970 24 324

e!

VELKOMMEN

15

53 47 62 07

S Æ B Ø V I K TLF 53 47 62 07

klede

INTERIØR GÅVER leiker

Glede

VELKOMMEN

stemning

NYHETER

HAR DU LYST PÅ TOMANNSBUSTAD I SANDVIKJO? Sørvendte fine tomter med kort veg til skule, barnehage, kunstgrasbane og butikk. Flott turområde. Mulighet for kjøp av nausttomt. Tomtene har ei fantastisk utsikt over Sunnhordlandsbassenget! Fleire tomannsbustader i ulike prisklassar under planlegging/oppføring.

Ta kontakt med Kjell Ståle Tofte for meir informasjon, tlf. 951 46 615. Tlf. 53 47 30 10 post@htrelast.no • www.htrelast.no


16

KVINNHERAD-FERIE 2019

Sommerope 2019

VELKOMMEN TIL GOD HEIMELAGA MIDDAG PÅ DILL.

(Måndag - fredag 13.00-15.00 (torsdag til 17.00)

Halsnøy kloster •

Kvar torsdag, heile sommaren:

KOMLEMIDDAG

Historisk utstilling:

(M/KJØT, PØLSE,BACON OG KÅLRABI)

«Frå klosterliv til storgardsdrift» krabbe- og rekefesten

n – Den store Sæbøvikfestivale

Halsnøy kloster

• Sommarutstilling

«Halsnøy kloster – tur/retur» samling av verk frå fotokunstnarane sine opphald 2011 - 2017

• Sommarutstilling

Historisk utstilling:

«Frå klosterliv til storgardsdrift» 18.juni – 11.august

•• Opningstider: Historisk utstilling: «Frå klosterliv til storgardsdrift» Sommarutstilling

Tysdag - sundag «Halsnøy kloster –mellom tur/retur samling av verk frå 11.00 – 16.30 fotokunstnarane • Kl. Sommarutstilling sine opphald 2011 - 2017 «Halsnøy kloster – tur/retur» samlingVelkomne av verk frå fotokunstnarane sine opphald 2011 - 2017 Utstilling/omvising:

«Halsnøy kloster – tur/retur» -

Open kaféav verk frå fotokunstnarane samling sine opphald 2011 - 2017

Opningstider:

18.•juniOpen - 11. august kafé tysdag - sundag mellom kl 11.00-16.30

• Opningstider:

18.juni – 11.august

V! Born kr. 50.- / Vaksne kr. 70.-

• Open kafé

• Opningstider:

Historisk utstilling:

Sommerope 2019

Halsnøy kloster

Følg oss på facebook

«Frå klosterliv til storgardsdrift»

• Open kafé •

Sommerope 2

Første etasje i Halsnøytunet - Sæbøvik Tlf. 41 69 04 25 – www.dill.as

@halsnoy_kloster Tysdag - sundag mellom 5455 Halsnøy kloster Kl. 11.00 – 16.30 http://halsnoykloster.no

Velkomne Utstilling/omvising: V! Born kr. 50.- / Vaksne kr. 70.-

TOMTER & HUS PÅ HALSNØY

18.juni – 11.august Tysdag - sundag mellom Kl. 11.00 – 16.30

@halsnoy_kloster 5455 Halsnøy kloster http://halsnoykloster.no

EIN UNIK PLASS!

Velkomne

Tomannsbustad Utstilling/omvising: i V! Born kr. 50.- / Vaksne kr. 70.Landamarka

@halsnoy_kloster 5455 Halsnøy kloster http://halsnoykloster.no

00,-

2.850.0

7 TOMTER LEDIGE, UTBYGD INFRASTRUKTUR, FANTASTISK UTSIKT! TOMTEPRIS FRÅ 590.000,-

NYBYGD, FLOTT OG MODERNE PART AV TOMANNSBUSTAD I LANDAMARKA TIL SALS. Ca 115m2 HYTTETOMTER I GRUNNAVÅG

VI HAR BYGGEKLARE, SOLVENDTE TOMTER FRÅ 800 TIL 1000 M2, MED NYDELEG SJØUTSIKT PÅ HALSNØY.

Me har 4 tomter igjen i hyttefeltet i Grunnavåg. Tomtene er solvendte med fantastisk utsikt. Ferdig opparbeid felles strand nedanfor hyttefeltet. Tomtene er klargjort med vatn (eige borehol og pumpehus), avløp, fiber og straum. Gode fiskemuligheter, flott turterreng.

Tlf. 53 48 00 00 – epost: post@oybygg.com

TA KONTAKT FOR INFO/VISNING: TLF. 53 48 00 00


S

om

m

t i g e las i r a

>>> TEKST OG FOTO

Hilde Elise Førde-Tislevoll hilde@kvinnheringen.no


18

KVINNHERAD-FERIE 2019

>>>

''

– Ein skal ikkje kjenna forskjell på ein drink med og utan alkohol. Det er då du veit at du har laga ein god drink.

Silje Reime-Johansen (30) frå Herøysund fekk interessa si for drinkar då ho jobba som bartender ved Garman i Stavanger medan ho studerte i oljebyen. – Eg jobba der i fire år, så eg lærte mykje om drinkar, smiler ho. Veldig ofte kom det innom kundar som var ute etter eit alkoholfritt alternativ, då dei gjerne skulle køyra bil eller av andre grunnar ikkje ville eller kunne drikka alkohol. – Det er veldig kjekt å kunna tilby gjester noko anna enn brus og vatn om dei er ute etter eit alkoholfritt alternativ. Det blir med

ein gong litt meir stas med ein fancy drink, seier Silje, medan ho legg nokre limebitar og mynteblad i eit glas. Ho finn fram ein drinkmortar for å mosa desse saman med brunt sukker for å trekka ut smakane. Silje bruker alltid mynteplante kjøpt på eit gartneri, då desse har fått god tid til å veksa og utvikla flotte og velsmakande blad. I tillegg har Silje laga eigen «sourmix» og blanda til ein rom-essens. – Ein bruker vanlegvis rom i mojito, så å få rom-smaken på den alkoholfrie drinken er prikken over i-en spør du meg.


KVINNHERAD-FERIE 2019

19

FARGEKLATT: – Det er litt ekstra stas med ein drink som er dandert flott med friske fargar og smak, smiler Silje. ALKOHOLFRITT: Alkoholfri drikke blir stadig meir populært, og det er kjekt å kunna ha eit alternativ til brus og vatn, anten det er til barn eller vaksne.

Målet til Silje er å laga ein alkoholfri drink som smakar så likt originalen som mogeleg. – Ein skal ikkje kjenna forskjell på ein drink med og utan alkohol. Det er då du veit at du har laga ein god drink, understrekar Silje. For at drinken skal sjå innbydande ut, pyntar ho den alltid opp med frukt og bær i flotte fargar. Gjerne med hovudingrediensane ein finn i drinken for å visa kva den inneheld. Med eitt unntak: – Eg pyntar alltid opp med mynteblad, trass i at eg ikkje brukar det som ingrediens

i alle drinkane. Det ser så delikat ut, smiler Silje, og klipper ei grein av mynteplanten. Mojito-drinken er ferdig og underteikna får smaka. Den er farleg god!

Eit hav av drinkar Dei alkoholfrie drinkane passar til alle anledningar, rundt lunsjbordet så vel som på ein sosial kveld med vener. Og det er ikkje berre vaksne som kan nyta dei – dei passar også godt til barn. – Vil du kalla drinkane du lagar i dag for typiske sommardrinkar? >>>


Oppskrifter

JORDBÆR: Strawberry daiquri er ein kald drink med tjukk konsistens. Det er herleg å kjøla seg ned med denne fargerike og innbydande drinken, som ofte blir presentert i eit høgt stettglas, i sommarvarmen.

Mojito 2 lime i bitar 1–2 ts brunt sukker Mynteblad 1 cl rom-essens (utblanda) 2 cl sourmix Club soda Knust is Pynt: Lime og mynteblad Legg lime, sukker og mynteblad i botnen av eit tjukt og stort glas. Bruk drinkmortar (reiskap til mosa ingrediensane) til alt er godt blanda. Fyll glaset med knust is. Tilset rom-essens og sourmixblandingane og rør godt. Topp glaset med club soda. Pynt med ei limeskive og mynteblad. Strawberry daiquiri 5 frosne jordbær 5 friske jordbær 1 dl sourmix (heimelaga)* 2 cl rom-essens (utblanda) Isbitar Pynt: Lime, jordbær og mynteblad * prøv deg litt fram ut i frå kor søte jordbæra er.

BÆR: Silje har laga ein eigen vri med drinken Procecco-sangria med bær. Sangria er vanlegvis laga av raudvin og frukt, men om sommaren synest Silje det er det meir leskande med bobler og bær.

Bruk ein blender. Ha alle ingrediensane i blendaren og køyr den til det blir ei jamn og fin blanding. Server i eit drinkglas med stett og eitt tjukt sugerøyr, og pynt med ei skive lime, eitt jordbær og mynteblad.

MOJITO: Ein klassikar er mojito-drinken, og den velkjende mynteog limesmaken er ein favoritt hos mange.

Prosecco-sangria med bær 75 cl alkoholfri Prosecco (Richard Juhlin sparkling white wine) 2 ss sukker 1 sitron i tynne skiver 1 lime i tynne skiver 5–6 jordbær i skiver Isbitar Pynt: Jordbær, sitron og mynteblad Legg sitron- og limeskivene i botn av ei sangria-mugge. Tilset sukker og bruk ein drinkmortar til å mosa ingrediensane. Legg så i jordbær og mos lett. Tilset ei flaske nedkjølt Prosecco. Fyll sangria-mugga med isbitar og server i sangria-glas pynta med jordbær, sitron eller mynteblad. Sourmix (heimelaga) Saft av 2 lime og 1 sitron 5 dl sukker 5 dl vatn Rom-essens (utblanda) 1 flaske rom-essens (Idun) 2,5 dl kaldt vann

''

– Eg pleier å justera oppskriftene litt, alt etter sødmen i bæra og kor kraftig smak ein likar av dei forskjellige ingrediensane.

>>> – Ja, dei passar veldig godt til denne årstida, fordi dei er friske, inneheld bær og er lettdrikkelege. Ved andre årstider er det gjerne andre drinkar som er meir passande, eksempelsvis om vinteren er det ofte juledrinkar det går i, seier Silje. – Har du ein favoritt-drink? spør vi. – Ja, men det er ikkje ein som er lett å laga alkoholfri, svarer Silje før ho held fram: – Den heiter «Manhattan», men eg har ikkje funne noko erstatning for whiskey-­ smaken. Og tru meg, eg har prøvd litt forskjellige oppskrifter! Så det blir ei stund til eg kan drikka den igjen, smiler ho og ser ned på den gravide magen sin. Oppskriftene til drinkane har Silje stort sett i hovudet, men alt er ikkje hogd i stein. – Eg pleier å justera oppskriftene litt, alt etter sødmen i bæra og kor kraftig smak ein likar av dei forskjellige ingrediensane. Det er alltids lov å eksperimentera, avsluttar ho smilande etter å ha presentert tre flotte og herlege drinkar som alle kan nyta og drikka i sommarvarmen.


KVINNHERAD-FERIE 2019

21

Sommaropningstider

GALLERI G GUDDAL YNSKJER VELKOMEN TIL

SOMMARUTSTILLINGAR

på biblioteket 17. juni – 17. august

(Kafè med enkel lunsj, kaffi og kaker • Ope alle dagar frå kl 11–16)

FRANK BRUNNER Måleri • Grafikk

15. juni – 14. juli

Betjent opningstid:

Ubetjent opningstid:

Måndag stengt. Tysd.-fred.: 10-16 Laur.: 10-14

Meirope-bibliotek er ope kvar dag 08-22

LARS ELLING

(Kom innom biblioteket og oppgrader lånekortet ditt for å få tilgang til Meirope)

Måleri • Grafikk Guddalstunet (5 km frå Rosendal) Tlf. 957 86 322 • www.galleriguddal.no

20. juli – 18. august

Kvinnheradbibliotek www.kvinnheradbibliotek.no

Kvinnherad Bibliotek Tlf. 53 48 27 70

Global oppleving lokal service.

Vi kan tilby ei unik breibandsdekning i Kvinnherad.

Vikjo 7 5464Fimmelsvik www.kband.no 53 47 46 40

Dette kjem til Kulturhuset

LINDA EIDE -

OPPDRAG MOTTRO Ei personleg jakt i ei felles fortid av og med Linda Eide.

LAURDAG 31. AUGUST 2019 KL 18.00 Pressa meiner

«I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse.» Bergens Tidende

«Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker»... Bergensavisen

Tlf.: 902 83 243 Sentrumsvegen 37, 5460 Husnes kulturhuset.husnes@kvinnherad.kommune.no

www.kulturhusethusnes.no

KJØP BILLETT Billettar på www.tikkio.com


22

KVINNHERAD-FERIE 2019

Dei ringde ein kontaktmann i Norge som dreiv med turformidling. Denne mannen skildra norsk natur og hobbyfiske i sjøen på ein svært overtydande måte. – Slik hamna vi på Halsnøy for første gong i 1994. Vi vart overvelda av naturen, både når vi køyrde over fjellet, og når vi kom til Vestlandet og fekk sjå fjell og fossar, fjordar og skjergard. Opp gjennom åra har dei besøkt mange turistattraksjonar i Norge, som Preikestolen, Geirangerfjorden og Trollstien. Men Halsnøy er basen, og lokale turmål som Borgundnuten, Toftåsen, Halsnøy Kloster og Blådalen, er òg stader tyskarane set høgt. Dei er elles sosiale, og kjenner etter kvart mange halsnøybuar. – Vi likar også å gå på konsert med Strupe­ bandet – dei har så kjekke konsertar. thar Lange t av Eva og Lo ei å fr i er H : Å ldet vart tatt DEN GONG D Hyttefelt. Bi ys lø Ko i d al ). to sine opph 95. (Privat fo september 19

Til Halsnøy for 50. gong Det tyske paret Eva (65) og Lothar (66) Lange elskar det gode ferielivet på Halsnøy. TEKST OG FOTO

Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no

I slutten av april kom dei trivelege tyskarane til Halsnøy for 50. gong. Jubileet vart markert med festleg velkomst ved hytta Eva og Lothar leiger på Asalneset, nær Sæbøvik. Ein lokal velkomstkomité hadde ordna med skilt, kaffi og marsipankake, og tok vel imot dei flittige halsnøygjestene, klare for fire nye veker på Perlo. Og i august kjem dei tilbake.

Ganz wunderbar! Eva og Lothar sin første tur til Halsnøy skjedde i 1994. Den gongen leigde dei hytte i Koløys hyttefelt. – Kvifor vart det Halsnøy? Det sympatiske, tyske paret tar seg tid til å forklara, og det får dei imponerande nok til på forståeleg norsk. Eva og Lothar bur nær vakre Dresden som i si tid høyrde til DDR. Då muren fall i 1989, og Aust- og Vest-Tyskland

SAMARBEID: Lothar og Eva samarbeider effektivt om fiskefileteringa.

etter kvart vart slått saman, opna verda seg for austtyskarane. – I 1990 reiste vi til Danmark for første gong og gjentok det i tre år. Der òg er det fint. Men så las vi om fiske i Norge i eit tysk blad, forklarar Lothar.

Tre gonger i året I starten av kjærleiksforholdet til Halsnøy var Eva og Lothar yrkesaktive og kunne berre ta turen éin gong i året. Seinare vart det gjerne to opphald i året, og etter at dei vart pensjonistar kjem dei som regel til Halsnøy tre gonger i året. Dei siste 12 åra har dei leigd hytte via formidlingsselskapet Fjordferie Feriehus på Halsnøy (Kurt og Kjersti Henriksen), og dei siste ti åra er det Asalneset som har vore staden. – Vi har ofte reist saman med venner og kjente i minibuss. Ungane har vore med, og etter kvart også barnebarn av og til. Vi føler oss heime her, smiler Eva og Lothar. Turar i naturen, både i skjergarden, til skogs og til fjells, og samvær med vener og kjende, både hyttevener og fastbuande, gjer opphalda på Halsnøy til eit herleg liv, fortel paret. Den dagen Kvinnheringen var på besøk, hadde Eva og Lothar vore på sjøen i 04-tida om morgonen, slik dei ofte gjer. – Då bit fisken godt og det er stillare på sjøen. I dag vart det ikkje så stor fangst, men i går fekk vi 13 lyrar og fire seiar – alle i fin storleik. Vi får også sild, og ein sjeldan gong får vi lange, ler herr og fru Lange. Filetering, vakuumpakking og nedfrysing skjer etter alle kunstens reglar, slik at turistfiskekvota blir fylt opp på skikkeleg vis. Eva og Lothar elskar å fiska og dei elskar også å eta norsk fisk. – Eva er veldig flink til å laga sildesalat. Dersom vi inviterer venner på mat, og kanskje spør om kva dei ønskjer å eta, ber dei fleste om norsk fisk. Eva og Lothar rynkar på nasa ved tanken på fiskediskar med fleire dagar gamal fisk. Å ha fisk i frysen som ein veit vart frosen ned heilt fersk, er ein luksus heime i Tyskland. Og så er det kjekt å tenkja på kor fangsten kjem frå. – Tenk å sitja i båten ute ved Hilde-­øyane og med fiskestanga, og samstundes nyta utsikta mot Kvinnheradfjella! Det er balsam for sjela, meiner Lothar.


KVINNHERAD-FERIE 2019

23


24

KVINNHERAD-FERIE 2019

På skattejakt i eit gammalt båtnaust TEKST OG FOTO

Hilde Elise Førde-Tislevoll hilde@kvinnheringen.no

I høve auksjonen som skal vera på Borgundøy 13. juli, fekk Kvinnheringen vera med Ingrid Fjelberg på eit aldri så lite eventyr på jakt etter skattar i båtnaustet hennar.

BLIKKFANG: Ei dame utskoren i tre er eit blikkfang, og ein heldig person kan bli den nye eigaren etter auksjonen på Borgundøy i sommar.

Ingrid flytta til Fjelberg med familien for nesten to år sidan, etter at ho overtok barndomsgarden til farfaren etter onkelen sin. No er ho i gang med å leita etter skattar til auksjonen som skal vera utanfor butikken på Borgundøy 13. juli. Og kor er vel betre å starta skattejakta enn i sitt eige båtnaust? – Vi har konsentrert oss om å pussa opp huset, så eg har faktisk ikkje kikka på tinga i naustet sidan i fjor sommar, informerer ho. Spent låser ho opp døra, og sonen Vincent (4) er ivrig og smett seg inn den vesle glipa for å sjekka kva som gøymer seg i naustet. – Alt står så og seia slik onkelen min hadde det, så her kan vi nok finna ein del kjekke og finurlege ting, smiler Ingrid. Vi følgjer etter Ingrid inn i båtnaustet, og noko av det første som fangar merksemda er ei vegghengt dame, utskoren i tre. – Eg veit ikkje heilt kven kunstnaren er,

men denne kan jo kanskje gjera seg hos ein einsleg kar ein stad! ler Ingrid. Vidare innover i båtnaustet ligg det mange skattar. Kanskje dei gamle kjelane kan bli flotte blomsterkrukker? Ei gammal kiste på loftet fangar merksemda til Ingrid, og ho kastar seg over stigen og klatrar opp. Då får ho i tillegg auge på ein gammal stol som gøymer seg i ein krok. – Har du sett ein så fin farge? spør ho medan heile ansiktet framhevar spørsmålet. Og det beste står att. Inne på eit rom i naustet har vi treft «jackpot». Det er overfylt av gamle og flotte møblar, og vi får auge på den eine skatten etter den andre. Ingrid begynner å klatra over møblane. Ho har nemleg sett seg ut ein vase plassert i eit vindauge. – Denne var jo riktig så stilig! bryt ho ut. Og det er nok ikkje berre i Ingrid sitt båtnaust det gøymer seg skattar.

– Me tar gjerne imot fine ting om nokon har skattar som dei ikkje treng eller har plass til, smiler ho.

Utflukt Inntekta etter auksjonen skal gå til bygdelaget, slik at dei kan halda fram med å vedlikehalda stiar, setja opp benkar og arrangera forskjellige sosiale arrangement for øyfolket. På auksjonen vil det vera ei god blanding av møblar, nips og naps, slik at både båtfolk og tilreisande med ferja kan frakta tinga med seg etter auksjonen.


HJELPAR: Sonen til Ingrid, Vincent (4), var ein god hjelpar under skattejakta i båtnaustet. Her er eit lite utval av skattane dei fann skjult i krinkar og krokar.

– Me har tilpassa auksjonen til ferjetidene, så det er berre til å ta turen til Borgundøy og «Fossen» om ein er på jakt etter ein skatt, smiler Ingrid. Om ein vil tilbringa meir tid på Fjelberg medan ein først er på utflukt, er det mykje å gjera der for både store og små. – Ein kan gå på Borgundnuten, vandra rundt og utforska øya eller gå i leikeparken ved den gamle skulen. Om ein vil slappa av, er eg ganske så sikker på at ein får det flott med ein kopp kaffi og noko godt attåt på brygga ved butikken, avsluttar Ingrid.


26

KVINNHERAD-FERIE 2019

Fine turar for dei med korte bein TEKST OG FOTO Jorun Larsen redaksjon@kvinnheringen.no

Det er mange som traktar etter dei høge og spektakulære fjelltoppane Kvinnherad har å by på om sommaren. Likevel kan det vera greitt å vita om at det finst fleire mindre fjelltoppar å utforska. For ein småbarnsfamilie, kan til dømes Halsatoppen i Uskedalen vera ein fin destinasjon.

Ein fin ettermiddag møtest eit turfølgje på seks øvst i Halsabrekko. Det er der turen byrjar, og dei minste – to gode veninner, Johanne (2,5) og Pia (snart 3) – er vane med å gå denne turen for eiga maskin. Dei to litt eldre veninnene, Sina Annabelle og Aurora, er begge ni år i sommar, og har gått denne turen mange gonger. Mødrene til dei to yngste, Silje Øye og Sara Hjelmeland Arnesen, synest turen er super, både for å gje dei minste turglede og meistringskjensle, samstundes som det er ein tur som høver like godt for ein toåring som for ein niåring. For ein vaksen òg, for den saks skuld.


KVINNHERAD-FERIE 2019

27

Pia Gurine fann straks tonen med den glinsande tordivelen.

''

– Viss me slår med ein pinne og bråkar, skremmer me vekk hoggormen!

Nedstiginga frå Halsatoppen har byrja. Framleis varmar ettermiddagssola godt. Pia kviler i hengekøya medan Johanne gir fart.

– Viss me slår med ein pinne og bråkar, skremmer me vekk hoggormen! Viss den er her, då. Det er dei minste hoggormane som er farlegast, for dei har ikkje lært seg å kontrollera gifta si enno, fortel dei eldste jentene engasjert, medan dei dannar fortroppen og slår rundt seg med ein pinne. Me møter ikkje på hoggorm denne dagen, og det er heilt greitt.

heller ikkje lenge før ungane får servert fiske­ kaker med ketchup i burgerbrød. Silje og Pia inntek posisjonane nærast matstasjonen, sistnemnde med tordivelen trygt plassert mellom fingrane. – Ho plar setja seg her og seia «Mamma, sjå den utsikten!», smiler Silje, og legg til at det er eit utsegn som verkeleg varmar mamma­ hjarta.

Kort, og litt bratt

Kongestolen

Turen til Halsatoppen går langs ein fin skogssti, med buskar og berg å utforska undervegs. Noko av det første som fører til eit stopp er det spanande funnet av ein stor og glinsande tordivel. Den blir med på heile turen, i Pia sit faste grep. Stundom får den seg litt pusterom i ein boks med forstørringsglas. Turfølgjet putlar seg oppover den relativt bratte stien. Dette er ingen tur der ein kikkar på klokka, så det er store variasjonar i kor lang tid ein bruker opp. På kvart eit strå kan ein sjå små insekt, og på berga kan ein både klatra, kvila og bli kjend med mauren som bur der. – Har du nokon gong blitt bitt av ein tusenbein? spør Sina, og svarer på sitt eige spørsmål samstundes som undereikna svarer. – Det har eg òg! Vel framme breier det seg ut ei graskledd flate. Det er ein platting og to benkar her, samt fleire flotte klatretre. Mellom to av stammene heng Silje opp ei lita hengekøye, som straks vert tatt i bruk. Med primus i sekken er det

Å leggja til rette for at ungane skal oppleva turglede er viktig for begge mødrene, og ved å sjå på ungane som leikar og utforskar Halsatoppen kan ein forstå at dei er godt på veg. Johanne har eit klart ønskje her oppe, og no kan det ikkje venta. – Visa deg kongestolen, seier ho, og viser veg. I berget på tuppen av toppen er det ei grop med eit sete som stikk ut – heilt tydeleg ein stol. Med god hjelp frå Sina Annabelle er Johanne på plass i høgsetet, og tydeleg nøgd med det. Kongestolen har vore der lenge, og held fram som både uttrykk og attraksjon ved turmålet. Men kongestolen er ikkje ein stad ein vert sitjande særskilt lenge. Det er tre som må klatrast i, saft som må drikkast og kjeks som må etast. Små og store gjer sitt beste på alle felt. Sko og sokkar kjem av, og tordivelen er framleis ein høgst interessant del av turfølgjet. Sjølv om Halsatoppen er dagens destinasjon og eit godt turtips for ei koseleg utflukt, >>>


28

Tips: Har du lyst på ein kort tur i nærområdet der du er, kan dette vera ei fin nettside å sjekka ut: tursti. kvinnherad.no. Der finn du ei oversikt over dei merka turstiane i Kvinnherad, inndelt etter bygder og kor krevjande dei er.

KVINNHERAD-FERIE 2019

>>> er den samstundes ein inngangsport til mange andre fjellturar på denne sida av Uskedalen. Ved å fortsetja på ein av stiane herfrå, kan ein gå vidare til Ådnaklett, Storhaug, Mannsvatnet eller Solfjell. På den andre sida av dalen finn ein nokre av dei meir utfordrande toppane, med Ulvanåso og Englafjell som to ettertrakta destinasjonar. – Mamma! roper plutseleg Pia. Ho og tordivelen er klare for å gå heimover. Dei er faktisk allereie godt på veg. Utfordringa med å koma seg ned frå det store klatretreet vert møtt med glans, og det vert hoppa frå greinene i høgt tempo. Johanne hoppar mange gonger før ho er klar til å gå. Aurora kjem seg også trygt ned til slutt. Sekkane vert pakka og det er dags for nedstigning. Også i denne retninga dukkar det opp mang eit insekt som må studerast, og Johanne held fast på hoppe-trenden, medan mor går bak med hjarta dels i halsen. Det går heldigvis bra, heile vegen ned. Tordivelen er i løpet av dei siste timane blitt adoptert, og får dermed følgja med Pia heilt heim. Me takkar alle for den fine turen, og fer nøgde kvar til vårt.

''

– Sjå, me fann ei marihøne!

Frå venstre: Sina Annabelle, Johanne og Aurora


KVINNHERAD-FERIE 2019

29

SPAR VALEN Velkommen innom!

TOTALLEVERANDØR

Ope: 7–22 (9–20)

av elektrikar- og røyrleggartenester. Kundane våre slepp å forhalda seg til handverkarar frå fleire firma. Vi kan ordna med ny kran på badet og ein ekstra stikkontakt, samt avanserte el-installasjonar eller sanitæranlegg og miljøvenleg varmepumpe.

Daglegvare • Bakevare • Tipping • PostNord

INTO ELEKTRO

INTO RØYR

Ope 7-22 (9-20)

Vi kan utføra: • Bustadinstallasjonar • Service • Industriinstallasjonar • Nettverk • Brannalarm • Innbrotsalarm • Elektrisk kontroll • Varmepumper, luft og vannboren

Vi kan utføra alle tenester innan: • Sanitæranlegg • Varme- og kjøleanlegg • Sprinkleranlegg • Va-anlegg • Sal av røyr- og deler • Røyrinspeksjon med kamera • Alt av sanitærutstyr

J. Lyngnes Bensinstasjon AS MATRE – TLF. 53 47 91 15

Husk at du kan få tilskot til varmepumpe frå Enova.Vi kan hjelpa til med søknad.

•DAGLEGVARER •DRIVSTOFF •ALT INNAN DEKKSERVICE

KVINNHERAD MILJØSERVICE • Spylebil/slamsugar

Vi er store nok til å ta større oppdrag og små nok til å ha tid til deg.

Sundsvegen 77, 5450 Sunde • Tlf. 53 48 20 30 E-post: tore@intoelektro.no • thomas@intoroyr.no

Opningstider: måndag – fredag 8–19 laurdag 9–18 søndag 14–17

God bostandard – enklere servicenivå

SKAL DU BYGGJA hus, hytte, garasje, naust, SKAL DUleikehytte, BYGGJA kai, påbygg, vedskjul, etterisolera, hus, hytte, bod, garasje, naust, SKAL DU BYGGJA byta vindauga, kai, påbygg, leikehytte, pussa opp eller rehabilitera? hus, hytte, garasje, naust, vedskjul, bod, etterisolera, Me har det meste for kai, påbygg, leikehytte, byta vindauga, dei fleste. vedskjul, pussa oppbod, elleretterisolera, rehabilitera? byta vindauga, Me har detOSS. meste for PRØV pussa opp eller rehabilitera? dei fleste. Me har konstuksjonsvirke, vindauge, Me har det meste dører, skyvedører, PRØV OSS. for dei fleste.festemiddel, maling, isolasjon, Me har konstuksjonsvirke, verktøy og mykje meir. vindauge, Me har konstruksjonsvirke, vinPRØV OSS. dører, skyvedører, dauge, dører, skyvedører, isolasisolasjon, festemiddel, maling, Me har konstuksjonsvirke, jon, festemiddel, maling,vindauge, verktøy og mykje meir. dører, skyvedører, verktøy og mykje meir. isolasjon, festemiddel, maling, verktøy og mykje meir.

Veketilbod Veketilbod Veketilbod

OVERNATTING SENTRALT• ENKELTROM • DOBBELTROM • FAMILIEROM

NYTT HOTELLTILBOD PÅ HUSNES! HUSNES SENTRUM HOTELL OPNAR

1. AUGUST 2019

Det gamle hotellet er totalrenovert og har fått 44 rom med god standard. Hotellet tilbyr både døgnleige og langtidsleige. Info og online booking på: hotellhusnes.no

GLASSREKKVERK

2490,-

Moderne og stilige

rom

Pr.m.

SANDVOLL Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebooksider for gode tilbod og tips. Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebooksider for gode tilbod og tips. Ring oss eller send oss gjerne ein e-post. Sjekk våre Facebooksider for gode tilbod og tips.

Tlf. 53 47 05 00 www.sandvollhandel.com

SANDVOLL salg@sandvollhandel.com Tlf. 53 47 05 00

SANDVOLL

www.sandvollhandel.com salg@sandvollhandel.com

Tlf. 53 47 05 00

www.sandvollhandel.com salg@sandvollhandel.com

Sentrumsvegen 52, 5460 Husnes Tlf. 905 89 522 • post@hotellhusnes.no www.hotellhusnes.no


30

KVINNHERAD-FERIE 2019

lave priser LETT GORE-TEX JAKKE OG BUKSE TIL DAME OG HERRE Modell: Foray herre/Aspire dame. Vanntett, vindtett og pustende skalljakke og bukse. Tapede sømmer. Regulerbar hette. YKK® AquaGuard® glidelås. To-veis Torso-Flo-glidelåser på siden av jakken for lufting i poncho stil. Jakken finnes i flere farger. LIVSTIDSGARANTI

Editors’ Choice 2014

PAKKES I LOMME

PR DEL:

975,-

LIATOPPEN FLEECEJAKKE/ FLEECEGENSER

STORMKJØKKEN INKL. GASSBRENNER Modell: LM70010. Kompakt tursett laget i hardanodisert aluminium. Passer for 3-4 personer. Trekk,1,2 L og 1,0 L panne, og kaffekjele, 7,5” stekepanne og gassbrenner på 3000 Watt. Vekt: 890 gram.

En stilig fleece som er ypperlig til hverdagsog turbruk.

175,-

JUNIOR/DAME/HERRE:

600,-

Du finner oss i Sentrumsvegen 72 på Husnes og på Odda Kjøpesenter Annonsen gjelder fra 19. juni til 1. august. Vi tar forbehold om trykkfeil, for sent ankomne- og utsolgte varer!


KVINNHERAD-FERIE 2019

31

KINOTRIO: Desse tre deltidstilsette kinomedarbeidarane slår eit slag for sommarkino. F.v. Erik Voster Solberg, Vebjørn Røssland og Rikke Løland Sælen.

Lei av finvêr eller regn? Skjer det ingenting? Husnes Kino byr på sommarkino også denne sommaren.

Husnes Kino held sommarope

TEKST OG FOTO Jonn Karl Sætre

jonn.karl@kvinnheringen.no

I fjor var første runde med sommarkino på Husnes. Tidlegare år har kinoen stort sett vore stengt om somrane. Einingsleiar for Kvinnherad Kultursenter, Águst Magnússon, fortel at det – trass rekord­sommaren i fjor – etter kvart kom ein del folk på kino. – Eg trur folk til slutt vart litt leie av alt finvêret i fjor sommar. Men ofte er det jo ein del regn her

i sommarmånadane. Då kan det vera kjekt å ha eit kinotilbod, både for dei som jobbar i ferien, dei som kjem heim på ferie, ungar og ungdom med skuleferie, pensjonistar og for turistar. Alle er velkomne, seier Magnússon. Han fortel at det stort sett blir filmframsyningar fredag og søndag, men òg nokre onsdagar i samband med norgespremierar.

– Onsdag 3. juli viser vi til dømes den nye Spiderman-filmen «Far from home». Og onsdag 17. juli er det klart for endå ein premiere; den nye versjonen av «Løvenes konge». Elles blir det litt grøss og gru og litt av kvart. Kinoprogrammet til Husnes Kino kan du finna på Kulturhuset Husnes sine heimesider, og på Husens Kino sine Facebook-sider.


32

KVINNHERAD-FERIE 2019

PROSJEKT PÅ GANG? Vi har fagfolk i alle ledd som hjelper deg med jobben! Besøk vår byggjevareforretning, for ein uforpliktande prat.

Teigen Bygg & Trelast AS, Husnes Tlf. 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no


KVINNHERAD-FERIE 2019

33

Husnes – handels- skule og idrettssenter

VI TEIKNAR BADET DITT Investering i nytt bad, betrar ikkje berre den daglege komforten din, den aukar også verdien på huset. TOTALENTREPRISE: Vi hjelper deg med heile prosessen frå idè til ferdig produkt. God planlegging er viktig for å halda kostnadane nede, og sikra deg kvalitet i alle ledd.

A! V I H A R F LY T T kt Ta konta eit i dag for ande uforplikt tilbod

Husnes Røyr AS Onarheimsvegen 92, Husnes • Tlf. 53 47 59 00 • Vakttlf: 404 04 396/95/86 • www.husnesroyr.no

«Kvinnheringen til det tidlegare s sentrum. bygget» i Husne m! Velkommen inno


KVINNHERAD-FERIE 2019

34

Alt til sommaren

Vår handlekorg er billegast!

VI HAR BÅT & MOTOR

billig hos KIWI

07 – 23

Hos oss får du Terhi-båtar, Honda- og Tohatsu utanbordsmotorar. Vi har og stort utval i båt- og fiskeutstyr! Mekk Husnes Husnes Storsenter, Tlf 53 48 01

alle dagar

Skikkeleg bra greier!

Logo Husnes Frisør

Sommarkampanje! LOREAL XXL

149

SILVER CMYK: SHAMPO

500 ml, før 259,

usnes

LESESTOFF LESESTOFF •• KART KART •• LEIKER LEIKER

WELLA EMI

40%

HELE Svart: SERIEN

÷

usnes

WELLA SP HELE SERIEN

risør

risør

Tlf 53 48 93 93

40%

÷

Kvit;

usnes Husnes Storsenter risør

Tlf. 53 47 16 26 kvinnherad@libris.no

Sommerens solkrem kjøper du hos våre to Vitusapotek på Husnes! Vitusapotek Husnes v/MEKK

Vitusapotek Kvinnherad

v/Clas Ohlson og Vinmonopolet

Vitusapotek Kvinnherad

Sentrumsvegen 15, Kvadraten, 5460 Husnes Tlf: 53 47 18 00, Fax: 53 47 18 01 E-post: kvinnherad@vitusapotek.no Åpningstider: man-tor 09-17, fre 09-18, lør 10-15

Vitusapotek Husnes

Sentrumsvegen 15, Husnes Storsenter, 5460 Husnes Tlf: 53 48 43 80, Fax: 53 48 43 99 E-post: husnes@vitusapotek.no Åpningstider: man-fre 09-18, lør 10-16


KVINNHERAD-FERIE 2019

35

TREN I SOMMAR PÅ TRIMX! SOMMARTILBOD 1 mnd: Kr 699,2 mnd: Kr 1.100,3 mnd: Kr 1.500,-

Vi har stort utval av syklar, sport- og fritidsutstyr! Vi er her for deg. Stort og velutstyrt treningssenter. Medlemsskap som er tilpassa deg og ditt behov. Ta kontakt i dag! Telefon: 53 48 46 42 E-post: post@trimx.no Internett: www.trimx.no

Husnes

Måndag - fredag: 10–19, laurdag 10–16 HUSNES STORSENTER, tlf. 53 47 14 04 husnes.sport@sport1.no

NÅR FAGKUNNSKAP OG SERVICE TEL!

SOMMARKLAR!

Vil du LESA ÅRETS LOKALAVIS – på print eller digitalt, tilgang til aktuelle nyhende kvar dag på nett, og få med deg det som skjer i kommunen? Lesa høgaktuelle anonsar om stort og smått, ledige stillingar og gode tilbod? Ja, då kan det verkeleg løna seg å abonnera på kvinnheringen Tinga abonnement i dag! Tlf. 52 70 82 61 abonnement@kvinnheringen.no

VELKO M M EN TIL

M ER K E VA R EBUTIKKEN I HUSNES STORSENTER

Du finn oss i 2. etasje Husnes Storsenter T 53 47 29 10 OSS ÒGdame PÅ INSTAGRAM OG FACEBOOK MoteFØLG for herre, og ungdom FØLG OSS ÒG PÅ INSTAGRAM OG FACEBOOK


36

KVINNHERAD-FERIE 2019

Huser meir enn du trur


Distriktet sitt største og flottaste senter

Kle/Sko Cubus Senter Woman You Who Kapp Ahl Eurosko Sport 1 Husnes

Mat/Drikke Servering Peppes Pizza China Plass Yngves Konditori Mix Kiosken Spar Kiwi Vinmonopolet Bar 5460

Andre Butikkar Clas Ohlson Elkjøp Power TrimX Fargerike Husnes Flittige Lise Blomster Husnes Gull & Ur Husnes Møbler Jysk Kitch’n KID interiør Kvinnherad Libris Ringo Leker Mekk Nille Sparebank1 SR-bank Sparebanken Vest Husnes Biopat-klinikk Husnes Frisør Specsavers Solstudio Vitus Apotek Vita

Butikkane bugnar av gode tilbod, og mengder av varer. Velkommen til strålande sommardagar på Husnes Storsenter!


38

KVINNHERAD-FERIE 2019

HUSNES CAMPING

På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir.

Husnes Tannlegesenter

TRENG DU: • Implantat-behandling • Snorkeskinne • Profesjonell tannbleiking • Akuttbehandling

Hytteutleige & campingplass ved Opsangervatnet. Restaurant a-la-carte og alle rettar. Kjøken ope kl 12.00-21.00.

Tlf. 53 47 70 00 Stabburshaugen 5, Husnes

Tlf. 53 47 32 52

Velkommen til

Husnes båthavn!

• Straum • Vatn • Dusj/wc • Vaskemaskin/tørketrommel • Diesel • Strand • Gratis internett • Golfbane • Grillhus • Slipp • Beachvolleyball • Tennisbane • Heis for bevegelseshemma på kai Husnes Båtlag • Mange fine turløyper m.m www.husnesbaathavn.no Vakt tlf: 907 18 599

Frå fredag veke 26 tom veke 31;Gratis buss til sentrum, avis og rundstykker kvar morgon.

Deilige

Sommardagar

Husnes

1,4 km frå husnesbåthamn! Pølser/Hamburger Sjølvsmurte Baguetter Nysteikte brød/boller Kiosk/Daglegvare 1/2 baguette + jus/vatn Frappe/Milkshake KUN Propan/Maskin-/Sjølvvask/Drivstoff

Frukost-tilbod

Per stk.

10

,-

Softis/Yoghurtis

39,+ pant

Lonav. 15, Husnes, Tlf. 53 47 81 91 OPE: Måndag-onsdag 10-18, torsdag-fredag 10-19, laurdag10-16

• Avskorne • Potteplanter • Sommarblomar • Rosetre • Bærbuskar • Vintergrønt • Jord • Gjødsel m.m

Følg oss på facebook/annemariesblomster og INSTAGRAM www.annemariesblomster.no

Me køyrer Uskedalen, Herøysund, Husnes, Sunde, Valen, Utåker og Halsnøy.

RETRO

Cafè & brukthandel 1 km frå båthavna ved Hellandsbrua.

Nybakt i cafèen kvar dag & koseleg brukthandel Ope i heile sommar! Mån.-fre. 10–15.30. Vi har òg catering!

10,-

Tlf. 918 75 887 Gjeld heile sommaren - mån.-fre. fram til kl 10.00

45,-

HUSNES

7-23(8-21)


KVINNHERAD-FERIE 2019

Spennande sommar­ utstilling TEKST Jorun Larsen

redaksjon@kvinnheringen.no

Fotograf Oddleiv Apneseth tolkar det lokale gruvelandskapet i Ølve.

39

I sommar kan ein få med seg utstillinga «Spor i berg» – ei utstilling om gruvebygda Ølve – i nettopp Ølve. Opninga er sett til laurdag 6. juli, og utstillinga vil henga fram til 18. august. Den finn stad i Banken ved Dalsjøen i Ølve. Basis i utstillinga er fotografia til Oddleiv Apneseth. Han har dokumentert spora etter bakstehellebrot og gruvedrift i Ølve, og med eit omfang på rundt tjue bilete får ein eit rikt og interessant inntrykk av korleis områda ser ut i dag. Spora etter gruvedrifta vert tolka og formidla gjennom linsa til Apneseth, ein fotograf som ein kanskje har kjennskap til frå bøkene «Noregs låver» (2014), «Av stein» (2017) eller «Klyngetunet – Den norske landsbyen» (2018). Desse bøkene er resultat av eit samarbeid med forfattar Eva Røyrane, og med denne utstillinga held samarbeidet om å fremja kulturarv og lokalhistorie såleis fram. Fotografia som er laga til utstillinga er store, og motiva får ein til å undra seg. Tid, og kanskje særleg avstanden mellom før og no, er ein tematikk ein kan sjå fotografia i lys av. Måten naturen gjer krav på ruinane etter den menneskeskapte drifta, er ein annan. For underteikna, som fekk ein sniktitt då bileta var komne til bygda, fortel dei også om kor lite ein faktisk veit om den lokale gruvehistoria. Og sjølv om fotografia er vakre og spanande som dei er, vert ein svolten på meir informasjon av å sjå dei; Ein anar mest ikkje kva ein ser. Apneseth fotograferer med eit lunt og undrande blikk som smittar over på betraktaren. Kanskje hans erfaring frå portrettfotografering kan seiast å kleba ved desse mennesketomme bileta òg? – Fotografia i utstillinga fortel om ei 900 år lang bergverkshistorie på nordsida av Hardangerfjorden, fortel kulturnemnda i Ølve bygdalag i ei pressemelding. Vidare informerer dei om at Ølve er den eldste gruvebygda på Vestlandet med kisgruvedrift frå kring 1640. Apneseth sine bilete viser blant anna korleis det i dag ser ut inne i dei nedlagde gruvegangane og korleis landskapet i Dalen og Attramadal er prega av kisgruvedrift gjennom fleire hundre år. – Enno eldre er produksjonen av baksteheller. Frå 1000-talet, gjennom heile mellomalderen og til ny tid vart det hogge heller for utskiping frå Fuglebergsåsen i Ølve og Netland på Hatlestrand. Ingen annan stad i landet blei det produsert fleire slike runde steinheller av klorittskifer til å steikja mat på. Restar av baksteheller frå Ølve er funne blant anna ved utgravingar i dei norske mellomalderbyane. I Fuglebergsåsen ser vi spora etter hellehoggarane i form av meir enn femti små og store hellarar, store avfallsdungar framom desse og ein utskipingskai som fortel om transportvegen, held bygdelaget fram. Utstillinga er produsert av Ølve bygdelag med god hjelp av SMIL-midlar, ei gåve frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad og kulturmidlar frå Kvinnherad kommune. Kvar tysdag, fredag og laurdag kan ein vitja utstillinga i sommar. Meir informasjon kan ein finna på Ølve bygdelag si Facebookside.

UTSTILLING: Her ser du ein smakebit frå utstillinga, og fotografen er sjølvsagt Oddleiv Apneseth.


40

KVINNHERAD-FERIE 2019

– Eg har ein idé! TEKST OG FOTO Jorun Larsen redaksjon@kvinnheringen.no

Ablane gard ligg flott til på eit høgdeplatå på Seimsfoss. Ein går gjerne gjennom tunet dersom ein skal frå Rosendal til Guddal, eller om ein tilfeldigvis kjem utanfrå og skal til Malmangernuten. Dei siste åra har det vore mykje aktivitet på tunet, og endringane har gått slag i slag. Det er no fem år sidan eigedommen fekk ny eigar, og sjølv om mange seier Olav er heldig som har fått tak i denne perla, seier han sjølv at eigedommen er heldig som har fått ein eigar som ønskjer å ta vare på og utnytta staden.

Satsar på kortreiste turistar No er nyleg Askelsbuo klar til bruk, og Kvinnheringen er på synfaring dagen før dei første gjestene kjem. Rett så flott er det blitt i det vesle raude tunhuset. – I går kveld kom møblane, så kvelden vart nytta til å skru dei saman og setja dei på plass, fortel Øye, før han byr på kaffi og lunsj. To koppar med logoen til Kvinnherad Spare­bank vert sett på det runde bordet, samt to fat med påsmurde skiver og lune skillingsbollar vert plasserte like ved. Kaffikoppane seier noko om yrkeshistoria til den tidlegare bankmannen. Det gjer forsåvidt også dei høgthengande lampane i taket, sjølv om dei kjem utan banklogo. Olav har tatt vare på lampane etter at banken la ned kontoret i Rosendal, og no er dei verkeleg komne til sin rett igjen. – Det er første gong eg serverer kaffi her. Og det er første gong eg serverer varme bollar, smiler Olav, og får bladfyken til å føla seg både spesiell og heldig som får ta del i denne hendinga. Gjestmild, positiv, sosial og engasjert er nok omgrep som kan skildra Ablane gard sin relativt nye eigar. Olav fortel at han ønskjer å prata med folk, og fleire av ideane hans går

Slik byrjar mange av ytringane til Olav Øye. Og at han i tillegg evnar å gjennomføra ideane sine kan Ablane gard på Skeie vitna om.

ut på nettopp dette; å skapa ein stad der folk kan møtast. – Mange som går forbi her medan eg jobbar er redde for at dei heftar meg i arbeidet om dei stoppar og pratar, men eg vil jo at dei skal stoppa og prata!

Tidkrevjande, men givande arbeid Og etter at Olav gjekk av med pensjon tidlegare i vår har han nytta mange timar på tunet, anten det har vore å ordna i hagen, rydda i gravhaugen, stella med blomebeda eller ordna med det som skulle gjerast i Askelsbuo. Planane med dette bygget er å leiga det ut. I starten hovudsakleg som korttidsleige til kortreiste turistar, men på vinterstid kan det verta aktuelt med lengre leigeperiodar. Her er totalt seks sengeplassar, fordelt på hems, soverom og i ein sovesofa i stova. Olav viser fram rom for rom, og fram syner det seg imponerande løysingar over små flater. Han kunne i grunn tenkt seg å bu der sjølv, så fint det er blitt! Medan me drikk den første kaffitåren i den nye Askelsbuo si historie, fortel Olav om dei lokale firmaa som har bidrege til at det har blitt så bra. Kjell Høyland har vore byggansvarleg og Irene Ravndal har teikna inn det vesle, vindaugskledde utbygget, som gjer at rommet kjennest mykje større og luftigare. Det har vore eit poeng å nytta lokale verksemder og fagfolk, og resultatet er veldig bra. Utsynet mot fjorden og Snilstveitøya vert mest som eit landskapsmaleri av den realistiske sorten. Sjølv om det er både vått og surt utanføre, er det eit vakkert skode. – Det er ein radio her, men ingen tv? >>>

Sjølv arbeidsreiskapane utgjer estetiske blikkfang rundt om på eigedommen.


KVINNHERAD-FERIE 2019

41


42

KVINNHERAD-FERIE 2019

Den ytste grøne flata vil mogleg bli nytta til utekonsert ein vakker dag.


KVINNHERAD-FERIE 2019

1

Ei gamal og trøytt eik måtte vika for utsynet frå Askelsbuo. Snilstveitøy ruvar i bakgrunnen.

2

Eldhuset treng restaurering, og det skal det få. Olav har fleire idear til dette vesle bygget, som truleg endar opp som eit fleirbruksareal.

3

Eldhus, låve, gravlok og gravrøys i skjønn foreining.

4

Dette gamle kvelvet kjem frå Kvinnherad Sparebank. Det husar fleire historiske skattar, mellom anna stemplingskortet til Olav Øye sjølv. Kvelvet er 120 år gamalt, og vert teke vare på i garasjen på Ablane gard.

>>> – Ja, men det kjem ein tv. Den skal henga her, seier han og peikar på ei førebels veggflate. – Eg vågar ikkje noko anna, held han fram, nesten litt unnskuldande, før han legg til at det i alle fall ikkje kjem internett her. Det er i grunn nok å kvila augo på garden, synest underteikna. Det ville dessutan vore spanande å ikkje gi gjestene tilbodet om å sjå på ein vegghengt skjerm. Elles er nemleg veggene pynta med fargerike og lokale naturfotografi, teke av sambuaren hans, Geir Instanes, samt nokre kunstverk signert Kjell Stig Amdam og Sigrid Øyrehagen. Praten sviv lett inn i kunsten si verd, og det kjem tydeleg fram at det er noko som engasjerer på begge sider av bordet.

Ein kunstfavoritt Lul Krag (1878-1956) er ein av kunstnarane som ligg Øye nært til hjarta. Ho budde i Rosendal i meir enn tjue år, og landskapsmotiva ho malte herfrå er blant hennar mest kjende. Krag var elev av både Harriet Backer og Christian Krogh, og skreiv i dagboka si at ho ville «kunne blomstens form og farve, træets blade som gren og stamme, fjeldenes megtige form – dyrene – fuglene». Då ho laga dei flotte bileta frå Rosendalsområdet, var ho inspirert av kinesiske maleri, noko som viser att i dei vakre og poetiske landskapa hennar, anten ho laga fargerike måleri eller monokrome teikningar i kol eller tusj. Sistnemnde kategori dekorerer Rosendal

1

43

2 3

samfunnshus, med store, stemningsfulle tusjmotiv i høgdeformat. – Det er ei utstilling på Smelteverket no i sommar, der dei mellom anna viser bilde av Lul Krag. Dit skal me, fortel Øye engasjert, som sjølv eig fleire av Krag sine verk. Eit anna dekorativt element i Askelsbuo er det originale reisverket frå 1940. Det har fått spela ei stor rolle i interiøret, og viser bygningsstrukturen på det som tidlegare gav rom til ei skykkje i øvste etasjen, og grise- og hønsehus i kjellaren. Mellom hemsen og stova kjem bjelkane godt fram. Likeeins er bjelkane ein del av blikkfanget i kjøkenkroken, og løysingane som er valt tek omsyn til det gamle skykkje-skjelettet på ein innbydande måte. Olav rosar dei lokale fagpersonane som har samarbeidd med han raust og ofte i løpet av samtalen, men han har sjølv gjort alt det andre – også dét heilproft; lagt golv, bygd trapp, valt møblar, med meir. Ein av føresetnadane for å koma så vel i hamn, trur han ligg i god logistikk i planane. – Timing er viktig. Det har vore viktig for meg å gjera ting i riktig rekkefølgje. Og dessutan likar eg å gjera meg ferdig med ein ting før eg byrjer på neste steg. Så kva er neste steg? Vel, det gjeld å ha logistikken i orden også som tilhøyrar, for ideane hans spenner seg ut over heile eigedommen – som består av om lag 70 mål innmark, ein god del utmark, samt eit fjellbeite. Det kan virka som det finst ein plan for kvar ein kvadratmeter, men dersom ein fokuserer

4

på gardstunet vert det litt enklare å følgja med. Det første som skal skje er å dyrka poteter. – Gi meg eit par dagar, så er dei nok i jorda, smiler Olav. Pallekarmar og ymse reiskapar er på plass allereie dagen etter, og like etter kjem potetene i jorda.

Gard med lang historie Vidare er det ein plan med å klargjera kjellaren i Askelsbuo, ein bolk som er sett til hausten. Også det lokalet vil kunna husa ein leigetakar eller to, men enn så lenge er det berre nokre planter som bur der nede. Andre idear som kjem fram i mindre kronologisk rekkefølgje, er å laga eit grindebygg over benken der vegen går vidare mot Galleri G Guddal, og setja opp eit informasjonsskilt til dei forbipasserande. Informasjonsskilt ønskjer han også å setja opp ved den gamle gravhaugen ved det gamle eldhuset. – Gravhaugen her er 2000 år gamal! Då eg overtok her låg der mykje avfall og greiner, skit og lort der. Eg har køyrt vekk og køyrt vekk, og no kan ein endeleg sjå i restane av den. Det ligg ei lang steinhelle like ved, som ein antar har vore loket på ei grav knytt til denne gravhaugen, som vert kalla Smalehaugen. Den har ein gong vore mellom 15-20 meter i tverr­ mål og 1,5 meter høg. Her har ein også gjort funn, som ifølgje Kvinnheradsoga kan daterast til tidleg vikingtid – rundt år 400. >>>


44

KVINNHERAD-FERIE 2019

1

2

3

4


KVINNHERAD-FERIE 2019

45

''

– Det er berre fantasien som set grenser!

>>> Men der er også gjort funn elles på Skeie som ein reknar med stammar frå jernaldaren, som i Noreg vert rekna frå omkring 500 år før vår tidsrekning. I Bygdesoga frå Kvinnherad kan ein lesa at det frå denne tida er funne «en mængde smaa hvide flintstene, 1 øx, 1 sverdhefte og 1 bidselring» (Bok 1, s. 107). Ablane gard har bruksnummer 1, og gardsnummer 90. I si tid var den hovudgard på Skeie, og også dette stadsnamnet har eit gamalt opphav. Det høver godt å sitera vidare frå Kvinnheradsoga; «Her vart det i gammal tid halde skeid, med hestekappriding og våpenleikar, og dette skeidet har gitt garden namn. (…) Kappriding har røter langt attende i heidensk tid. Då var denne kappridinga innleiinga til ei heste­ofring. Det var den sprekaste av hestane som måtte blø for å blidgjera gudane, så avlekreftene og grøderikdommen ikkje vart borte frå grenda eller bygdene.» (Bok 3, s. 299) Historie til å fylla informasjonsskilt med er i alle fall ikkje mangelvare på hovudgarden på Skeie, men kva tid det høver inn i logistikken til Olav får ein nesten berre sjå.

Langsiktige planar

1

Askelsbuo er klar til å ta imot kortreiste turistar. Reisverket frå 1940 spelar ei hovudrolle i interiøret.

2

Her blir det poteter!

3

Det vesle utbygget løyser opp skiljet mellom inne og ute og skapar ei kjensle av romslegheit med det store vindauget.

4

Framføre garasjedøra står utebenkar og vitnar om at det truleg ikkje blir køyrt ein bil inn her med det første.

– Eg blir nok skulda for å ha for mange idear, men det meste vert jo faktisk gjennomført, smiler Olav audmjukt, før han byrjar å fortelja om flekken mellom Skeie og Seglem der dei har nokre pæretre ståande. Olav vil sjølvsagt laga seg ein større frukthage der, for mat og fruktproduksjon ligg tydeleg langt framme i idé-senteret hans. – Geir seier at eg kanskje burde planta desse frukttrea snart då, for det tar jo trass alt lang tid før dei veks opp, held han fram, og legg til at det eigentleg ikkje hastar så veldig. – Viss ikkje me får glede av det, er det nokon som kjem etter oss som kan få det, slår han fast. Det er noko herleg optimistisk ved heile prosjektet til Olav. Sjølv om han er pensjonist likar han framleis å arbeida. Søndagen er kviledag, men elles nyttar han ofte ti timar på garden til ulikt arbeid. Han har sett eit tiårs mål for eigedommen, at då skal det meste vera gjort. No har det gått fem år sidan han kjøpte, og med dei lange listene han kunne fylt med idear – noko han også gjer – vil prosjektet med Ablane gard vara i lengre tider. Der gamlehuset tidlegare stod, ønskjer Olav å byggja opp eit nytt «gamalt» hus. Og ytst på, kanten, der utsynet er friast, har han ein ide om å skipa til utekonsertar. – Ikkje som ein konkurrent til Baroniet

Rosendal og Gøril Guddal, men som eit supplement! utbroderer han engasjert. Vidare vil han restaurera den store låven, og skapa eit fleirbrukslokale over dei 180 kvadratmetrane som er tilgjengelege der. Vidare er det behov for restaurering av det gamle eldhuset, der han også ønskjer å gjera den til ein sosial møtestad for ymse bruk. Garasjen er bygget som har stått ferdig lengst, og også den er bygd og innreia på ein måte som inviterer til fleire bruksområde – og garasje er truleg det siste den vil bli brukt til. På loftet er det soverom, og nede er det eit stort rom for sosiale lag. Olav finn fram portopnaren, og slår opp garasjeporten.

Sjå etter skilt i vegen – Her kan ein opna opp, så er det eit stort lokale for ulike selskap. Plutseleg dukkar det opp ein «pop-up» kafé her i løpet av sommaren. Det kan skje på kort varsel allereie i juli. Då set eg eit skilt i vegen, så kan Ablane vera eit turmål i seg sjølv, pratar han i veg og legg til at det fints så mange moglegheiter. – Det er berre fantasien som set grenser! Og fantasien set tydeleg ikkje mange grenser her i garden. Underteikna poengterer at han verkar som ein person som heller ser moglegheiter enn utfordringar, og han smiler audmjukt av kommentaren. Olav Øye framstår som den riktige eigaren for ein gard som dette, noko ein ser att i det enormt store talet timar han har investert i å rusta tunet opp til det det er i dag. Og held han fram i same tempo, vil nok tunet utmerka seg enno tydlegare som ein eigen destinasjon, enn som ein mellomdistanse for turglade turistar og kvinnheringar når det har gått fem nye år. Då er kanskje låven restaurert, og kan husa både dans og kino og fungera som ein stor verkstad for ymse prosjekt. Kanskje er det kome på plass ein visningsstad for dei gamle gjenstandane som Olav tek vare på og finn lokalhistorisk verdi i. Kanskje får ein servert utekonsert med Vamp på kanten av Skeissrindane, med utsyn mot ein blenkjande blå Hardangerfjord, sitjande på gamle kyrkjebenker, med Malmangernuten som majestetisk bakteppe? I så fall kan ein nok samstundes rekna med at det er duka for sosialt lag og pop-up kafé i garasjen, med kortreiste og økologiske tilbod frå gardens heimedyrka råvarer. Alt dette medan humlene nøgd nippar nektar frå dei bugnande staudene på tunet, samstundes som den svake raslinga frå blada på dei store lauvtrea set punktum for ein god kveld på Skeie.


46

KVINNHERAD-FERIE 2019

Rosendal – museum, festivalar, kunst & natur

Fotballgolfbane – Kom og prøv!

Knallgøy familie-/venneaktivitet. Ope: 8-21 8-20 Mob. 905 48 000 / 959 67 797

Søndagsope: f.o.m 16/6 t.o.m 25/8

12-18

53 48 42 20 - ROSENDAL


KVINNHERAD-FERIE 2019

Baroniet

47

Slottet fra 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

2. ETG. VAREHUSET ROSENDAL Følg oss på Facebook & Instagram @primaoptikk

Renessansehave med roser og romantisk landskapspark fra 1850-årene med utsikt til fjord, fjell og fossefall. Hagecafé i Kjøkken & Urtehaven.

En omvisning på Slottet fra 1665 er en vandring gjennom ulike stilepeoker. Saler og rom er formet av eiere gjennom 250 år, og bevart som et hjem.

Overnatting med frokost og tilbud om 3-retters middag i historiske omgivelser på Avlsgård & Fruehus fra 1850årene. NB! Bordbestilling!

I den velduftende, bugnende Kjøkken & Urtehaven finner du Hagecafèen som serverer varme og kalde lunsjretter, samt hjemmebakte kaker.

DSCH Kunstnerisk leder: LEIF OVE ANDSNES 8.-11. august 2019 www.rosendalfestival.com

HÅKON KORNSTAD TRIO Konsert i Riddersalen Fredag 28. juni kl. 20.00

INGEBJØRG BRATLAND Konsert i Riddersalen Tirsdag 9. juli kl. 19.00

STEIN TORLEIF BJELLA Konsert i Riddersalen Onsdag 10. juli kl. 19.00

INGRID OLAVA Konsert i Riddersalen Torsdag 11. juli kl. 19.00

THE FESTIVAL PLAYERS in William Shakespeare’s Much Ado About Nothing Borggården 12. juli kl. 19.00 Lørdag 13. juli kl. 13.30

THOMAS DYBDAHL Konsert i Riddersalen Lørdag 13. juli kl. 18.00

TENORANE & STEFFEN HORN i Riddersalen Søndag 14. juli kl. 18.00

BJØRN EIDSVÅG med band i Borggården Tirsdag 16. juli kl. 19.00 Onsdag 17. juli kl. 17.00 Torsdag 18. juli kl.19.00

MARIA MENA med musikere i Riddersalen Fredag 19. juli kl. 19.00 Lørdag 20. juli kl. 18.00

KAROLINE KRÜGER & SIGVART DAGSLAND Konsert i Riddersalen Tirsdag 23. juli kl. 19.00

MINOR MAJORITY Konsert i Riddersalen Torsdag 25. juli kl. 19.00

Utstillinger, konserter, teater og foredrag i Den Røde Sal, Vinkjelleren, Borgstovo og Borggården på Slottet fra 1665.

OLE PAUS & KETIL BJØRNSTAD Konsert i Riddersalen Fredag 26. juli kl. 19.00

VAMP i Riddersalen ANNE GRETE PREUS KARI BREMNES Fredag 23. aug. kl. 19.00 med band i Riddersalen med band i Riddersalen Lørdag 24. aug. kl. 18.00 Fredag 2. aug. kl. 19.00 Tirsdag 30. juli kl. 19.00 Onsdag 31. juli kl. 19.00 Se hele kulturprogrammet på www.baroniet.no Rosendal Kammermusikkfestival i TROND MOHN samarbeid med:


48 Lars Nerhus og Eva Røyrane gler seg til å prøva seg som Airbnb-vertskap i sommar.

KVINNHERAD-FERIE 2019


KVINNHERAD-FERIE 2018

B

Fi

49

på a o r nn

eddingen

TEKST OG FOTO

Jorun Larsen

Å bruka Airbnb for å finna overnatting er stadig meir populært, også i Kvinnherad. Blant nykomarane på lista er tilbodet om å sjekka inn på idylliske Beddingen gjestegard i Ølve.

Utsynet frå huset er ikkje noko å klaga på.

Dersom ein vil feriera i Kvinnherad skal det ligga godt til rette for overnatting. Eitt av alternativa er å leiga seg eit krypinn gjennom Airbnb, der det fins om lag 80 ulike heimar og rom spreidd utover alle krikar og krokar av kommunen. Ein av plassane du kan overnatta, er Beddingen gjestegard. «Romsleg og velutstyrt Vestlandshus frå 1986 ved Hardangerfjorden», lokkar Lars Nerhus i annonsen. Den la han ut i slutten av april, og berre nokre veker etter var det kome bestillingar frå Kina, Guatemala, Ukraina, London, Austerrike og Noreg. Framleis er det mykje ledig i kalenderen, men den ferske utleigaren håpar sjølvsagt den vil fyllast opp.

Å leiga ut familiebustaden saman med kjærasten Eva Røyrane ser han fram til. – Me vil bringa verda inn til Ølve, strålar dei i kapp med sola. Dei to siste åra har barndomsheimen til Lars blitt restaurert, og det staselege huset frå 1924 er no innflyttingsklart – om enn ikkje hundre prosent ferdigstilt. Med det står bustaden frå 1986 ledig, noko dei gler seg til å gjera nytta av. Sjølv om dei to husa ligg på same tun, er det ein verkstad, ei skykkje, samt mange frodige buskar og tre som skil dei frå einannan. Privatlivet skal dei dermed kunna verna om, båe partar. – Når ein bur på ein så fin plass er det kjekt

å kunna dela det med andre, smiler Eva, og inviterer Kvinnheringen med inn på syn­faring og kaffi.

Kulturutveksling Paret er samde om at huset eignar seg godt for familiar eller grupper, med sine seks soverom og den store boltreplassen ute. Etter ein kort spasertur gjennom det grøne graset er ein nede ved fjorden, der det er tilrettelagt for late dagar og sjøliv på den lange moloen. Frå den ser ein like over til Rosendalsalpane, som denne dagen er kledd i eit tynt og kledeleg lag nysnø. No gler dei seg til å ta fatt på utleige gjennom Airbnb, og håpar på å bli kjend med mange nye folk og kulturar. Begge er glødande engasjerte i å formidla lokalhistorie, noko som kjem tydeleg fram på Beddingen gjestegard. I bokhyller og på bord finn ein mellom anna fleire bøker ført i pennen av Eva – om klyngetun, Norge sine låvar, om stein og steinbygging, og om fabrikkbyar i Hardanger. Vidare heng det båtmodellar og bilete av båtar i mest alle rom. Vegg- og hylleplass deler dei med familieportrett, heimelaga trolldeigfigurar og fargerike maleri laga av borna til Lars, samt luftige figurar og kunstverk i streng og metalltråd, laga av søstera hans, kunstnaren Marta Nerhus. Ho har mellom anna jobba med båt som motiv i kunsten sin, og fleire av båtbileta hennar dekorerer romma i huset. – Kvart rom er dedikert til skipsbyggjar­ historia til garden, forklarar Lars, og understrekar at Ølve har ein lang båtbyggjartradisjon. Denne garden er eitt av døma på dette. Omgrepet bedding viser til staden der båtane stod medan dei vart bygde, og ved fjorden på >>>


50

>>> Nerhus ligg beddingen som vart drive gjennom tre generasjonar av slekta hans, frå midten av 1800-talet. Skipsbyggeplassen heiter Øyra, og Hardangerjakta «Mathilde» er ein av dei mest kjende båtane som vart bygd her. Sjølv sit Lars på ei rik og unik kjelde til informasjon om historia frå garden. Han har eit rom fullt av ymse historiske dokument, fotografi, modellar og meir i den nyrestaurerte barndomsheimen, og han står sjølv fram som ei raus kjelde for lokal båtbyggjarhistorie og -historier. – Du kunne sikkert fortalt om dette i fleire dagar til endes, kommenterer vi. – Ja, svarar han med eit kort nikk.

Skal det vera ein guida tur? Denne kultur-, historie- og formidlingsgleda kan ein få ta del i på Ølve. Både som gjest


KVINNHERAD-FERIE 2019

I stova får ein eit godt inntrykk av tematikken huset og vertskapet kan by på. Båtar og kunst på veggen, samt eit godt utval bøker med lokalhistorie som ein kan fordjupa seg i. Om ein ikkje vel å festa augo på det vakre landskapet som breier seg ut utanføre glaset, då. Modellen på bordet er den siste båten som vart bygd på Øyra, i 1962, ein havsiglar på 41 fot. Frå år 1900 og fram til 1962, då det vart slutt, vart det bygd 72 fartøy ved dette verftet. Verven starta i 1863, men dei førde ikkje byggjelister før år 1900. Modellbrettet som ein ser i bakgrunnen, med fem skipsmodellar av Jens O. Nerhus, var med på Trøndelagsutstillinga i 1930 og vart premiert for god konstruksjon. Uteområdet er stort og innbyr til leik og ro. Dei næraste naboane er bønder, så tunet er omslutta av frodige bakkar. Med seks soverom kan ein ta med heile familien til Ølve i sommar. Veggen på dette rommet til høgre er dekorert med eit av båtbileta til Marta Nerhus. Til venstre ser ein utsynet mot sjøsida.

hjå Beddingen gjestegard eller som interessert sambygding kan ein nemleg tinga guida turar og omvising til lokale perler av Eva og Lars. Mellom anna kan ein få ta den lokale båtbyggjarhistoria i nærare augesyn. På Øyra, der båtane vart bygd, står Saga. Der er det samla og utstilt mengder av tradisjonelt båtbyggjarverktøy. Me tuslar over graset for å sjå. Medan Lars viser fram bek-ausene og fortel om korleis dei vart nytta, kvitrar det flittig frå eit rede utanfor vindauga i bygningen. Gjennom eit lite vindauge i mønet sildrar det inn nok lys til å fotografera dei vakre og godt brukte ausene. Det er her dei har arrangert den populære båtbyggedagen dei siste åra, eit arrangement som forresten vil gå av stabelen i år òg. Men ein må smørja seg med tålmod, for det vert ikkje før på seinsommaren, nemleg 8. september. Fleire sjarmerande trebåtar i

Saga vitnar om at kreative og skapeglade ungar har fått med seg denne båtbygge­dagen allereie. Vidare er det mogleg å tinga ekskursjon til dømes til dei historiske gruvene i bygda. – Bergverkshistoria til Ølve har lange tradisjonar. I 1000 år har ein drive med bergverksindustri her, det er det ikkje alle som veit. Og bakstehellebrotet me har her er det største i landet, informerer Eva. Baksteheller frå Ølve var ei eksportvare, noko ein kan sjå i spora etter den store produksjonen. Det er funne restar av bakste­heller frå Ølve i dei norske mellomalderbyane og på Vesterhavsøyane. Hellebergshillaren, som stundom blir nytta som konsertsal, ligg i klebersteinsona, som ligg austom Kvitebergsvatnet. Gruvedrifta prega bygda i periodar fram til 1920. Her vart det henta fram både jernmalm

og kopar. Eva lovar ei spanande oppleving for dei som ynskjer gruvevandring, der ein går inn med hovudlykt og kjem ut med ny kunnskap. – Elles er det mange små, fine fjelltoppar her, og ein kan fiska aure i, eller ta seg ein sykkeltur rundt, Kvitebergsvatnet. Her er også ein rik fauna, med både edellauvskog og ville orkidear. Og me har helleristingar! Dette er ein stad der ein kan finna roa, slår Eva fast, før ho smilande held fram: – Og det tar beint eit kvarter å gå til butikken. I sommar skal Lars og Eva halda seg heime i Ølve. Det er nemleg den finaste staden å opphalda seg om sommaren, synest dei. Ølve ligg sentralt i forhold til mange attraksjonar både elles i Kvinnherad og i nabokommunane, og ligg heller ikkje i avskrekkande avstand frå Bergen.

51


52

KVINNHERAD-FERIE 2019

Sommarmat med Beate TEKST OG FOTO: Marie Skaaluren marie@kvinnheringen.no


ea te H

inn her ing en ba dB

ttar, var ho snar med sommarre å f ø r e enkle slå a t okre v i s til n kull e sjon l æ ra pira å ins lag ss a io «p lg o da k éb nis an

rst Fø l». ow

tte må

Då K v

53

KVINNHERAD-FERIE 2019

>>>

a ut inn vi f

kva

r. det e


54

KVINNHERAD-FERIE 2018

PONZU: Beate lagar alltid sin eigen ponz usaus, helst med sagogr yn . – Sausen skal stå i minst to timar før serverin g, slik sveller sagogr yna godt og gir konsist ens til sausen, seier ho.

Oppskrifter Poké-bowl i-ris Avkjøla sush Laks 1 mango 1 avokado Wasabi Fennikel Ponzusaus 2-3 reddikar Slik gjer du: grediensane. Hakk opp in mandolin Bruk gjerne reddik. og el ik til fenn : «Kva te Tenk som Bea l eg ha vi va K likar eg? Ta det du på dette?». pet. Finn har i kjøleska tang, k, ur ag du reker, viar, ka e, ill rs bladpe eller uk sylta raudla du det r ta så ingefær, m du du likar og so ssa. Leik håpar kan pa ynet! Leik tr på deg! Gå deg igjen!

Beate Hannisdal er til dagleg kokk ved Hande­land gard, og eit uendeleg oppkome av kulinariske hugskot. – Eg lagar ny mat nesten kvar einaste dag. Men akkurat poké bowl kjem eg stadig tilbake til. Den er veldig velsmakande og du kan variera etter kva du har, fortel Beate. Ho røper at denne retten fyrst oppstod på Hawaii, øygruppa som var svært påverka av det asiatiske kjøkenet. – Fiskarar her tok det dei hadde for å laga eit raskt måltid. Litt kald ris her og litt fisk der, og samla i ei skål. Og hadde dei grøn­ saker og saus så vart det også tatt med, fortel Beate. Enkelte kallar denne retten for sushi-skål, andre poké. Beate forsikrar at dette er ein enkel rett som alle kan laga, mykje lettare enn alt puttelet med å til dømes rulla sushi-maki, og det er like sunt og godt. – Det einaste du må gjera i førevegen er å gjera klar sushi-risen. Den må nemleg serverast kald, seier ho. – Kva viss du ikkje har sushi-ris, då? – Viss du ikkje har sushi-ris så kan du ikkje laga sushi! Løyndomen og poenget med akkurat den ristypen er at risen skal kleba, men kvart riskorn skal vera for seg sjølv. Før du kokar risen må du skylja den godt.

Ponzusaus 1 lime 1 raud chili fær 1 tommel inge uk la it kv 3 fedd 1 dl soyasaus yn 0,5 dl sagogr Slik gjer du: gryn etter Kok opp sago pakken og anvising på p ingefær kjøl ned. Ras kvitlauk p op og hakk blandar te et D . ili og ch en og lim å du i safta fr t dei et ils T . en soyasaus la og a yn kalde sagogr i g se ra dette godgje . minst 2 timar

Svært godt. Beate set ein stor bolle med ris i utslagsvasken og lar vatnet frå springen renna ned i den. Etter kvart som vatnet blir skifta ut, rører ho varsamt rundt i bollen med handa. Sakte rundt og rundt. Poenget med dette er å få ut all stivelsen. Når risen er så blank som mogeleg, er den klar til å kokast. – Det er berre å følgja oppskrifta på pakken. Alle kan gjera dette. Ein del japanarar vil kanskje vera ueinige med meg her. Enkelte meiner at du må trena i mange år før du kan koka ris, seier Beate.

Ingen reglar Beate har ein utåtvend personlegdom som ho også har tatt med seg inn i matfilosofien sin. – Folk må ikkje vera så redde på kjøkenet. Det finst ingen reglar, det er berre å leika seg! Bland gjerne saman ting som du likar, og sjå om det vert bra. Om du likar honning og neter; kanskje likar du dei betre saman? Når risen er kokt set Beate den til avkjøling. Berre på kjøkenbenken, aldri i kjøle­ skåpet. Då vert den hard, tørr og slik ein finn i dei ferdige sushi-måltida på butikken. – Eg lagar min eigen type ponzu-saus til denne retten. Eg er ikkje så glad i berre tynn soyasaus, seier Beate, og viser korleis ho nyt-


KVINNHERAD-FERIE 2019

55

LEIK DEG: – Bruk det du har og det du likar, seier Beate medan ho viser fram poké bowlen som ho har kruna med sin heimelaga ponzusaus.

MANDOLIN: Bruk gjerne ein mandolin til å skjera reddik og fennikel i så tynne skiver som råd. Har du ikkje det, kan du imitera resultatet med ein vanleg kniv.

SOMMAR PÅ BRETTET: Avokado og mango er eit leskande utgangspunkt for mange sommarrettar. TILBEHØR: – Ein enkel salat av vannmelon og fetaost passar til all sommarmat frå grillen, fortel Beate, og pyntar opp med syrinblomar.

tar sagogryn for å få konsistensen tjukkare, i tillegg til lime, ingefær og chilli. – Denne sausen kan du ha ståande i kjøleskapet i mange dagar, og den er nydeleg på mange typar asiatiske rettar.

Blomar i mat I tillegg til poké bowlen skal Beate visa oss korleis vi kan laga verdas mest sommarlege tilbehør; melon- og fetaost-salat. – Det er veldig lett. Det er berre å kutta opp melonen og fetaosten. Så må vi jo pynta med syrinblomar. Syrin er deilig! seier Beate. Beate brukar mange ulike blomar i maten sin, og oppmodar folk om å bruke både villblomar og dei som står i hagen. Ho fortel at heime hos seg sjølv så dyrkar ho både karse­ blom, erteblom og ringblom. Og mynten har vakse seg så livskraftig at ho er usikker på om det er den eller bringebæra som vinn kampen for tilveret denne sommaren.

– Blomar tilfører rettane både farge og smak. Berre ikkje ta dei som står heilt nære vegen eller blomar som er sprøyta. Stemorsblomar som du har kjøpt kan du også bruka i mat, så lenge du lar dei avblomstra éin gong og så bruker blomane som kjem att. På denne måten er du sikra mot sprøyting. – Og denne dagen så treng vi ikkje skylja syrinane eingong. Det har jo nett regna.

Herleg sommarsalat Når Beate lagar sommarmat heime er det ein ting som alltid må med, salat av vannmelon og fetaost. – Det er ingen i storfamilien min som lagar grillmat utan at denne salaten er med som tilbehør. Den er fast hos oss, fortel Beate. Salaten er svært enkel å laga, det er berre å kutta opp dei to ingrediensane og servera. På denne passar det svært godt med syrin, og masse mynte.


56

KVINNHERAD-FERIE 2019

Sosialt i sanden

TEKST OG FOTO

Håvard Røyrvik haavard@kvinnheringen.no

– Volleyball er gøy, og ein veldig sosial lagsport.

Det seier elevane Ludvik Mathias Grasdal (14), Konrad Skarveland (15), Emilia Marta Kudlaczak (13) og Steffen Takvam Dale (14) til Kvinnheringen. Firkløveret har alle valt volleyball som sporten sin. Og det var til og med den som førte dei saman som vennegjeng. Ung­ domane er til dagleg aktive lagspelarar i IL Trio frå Husnes, men når det drar seg mot sommar og sol, blir parketten bytt ut med sand under føtene.

Dei fire er elevar ved Husnes ungdomsskule. Ved skulen kom det for nokre år sidan ny sandvolleyballbane, til stor glede for både idrettsmiljøet, elevar og lærarar. – Den er kanskje ikkje så mykje brukt i skuletida, friminuttane blir nok litt for korte til det. Men den er hyppig brukt på fritida etter skulen, spesielt når vêret er bra. Då er den ofte oppteken. Skal vi spela volleyball utanom dei organiserte treningane, går vi enten hit eller til båthamna, seier dei unge volleyball-spelarane.


KVINNHERAD-FERIE 2019

57

Banar i Kvinnherad

Ølve

Husnes båthamn

ANDRE SIDA: Mange gode volleyballspelarar kjem frå Ølve og Hatlestrand. Og fleire av dei som blir aller best, satsar på å bli gode i sanden. Banen i Ølve ligg ved ungdomshuset. (Foto: Siv Anne Austevoll Silke).

POPULÆR: Då dette bildet blei tatt ein sur vårdag i mai, i arbeidstida, var sandvolleyballbanen i Husnes Båthamn tom. Banen er vanlegvis svært populær blant lokale i alle aldrar og hos båtturistane. (Foto: Håvard Røyrvik).

Åkra

Husnes

TURNERING: Under det årlege Åkraløpet blir det tradisjonen tru òg arrangert volleyballturnering. Her frå pinsen 2018. Banen ligg ved gamle skuletomta. (Arkivfoto).

VED SKULEN: For nokre år sidan kom det ny sandvolleyballbane ved Husnes ungdomskule.

Sæbøvik

Rosendal

VED SJØEN: I Rosendal finn ein volleyballbanen ved sjøen nedanfor Rosendal Fjordhotel. (Foto: Marie Skaaluren).

SENTRUMSNÆRT: På Halsnøy finn ein sandvolleyballbane ved samfunnshuset på Sæbøvik. Ved sida av finn ein leikeplass til dei minste og den nye båthamna. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Hatlestrand

Herøysund FIRKLØVER: Elevane (f.v.) Ludvik Mathias Grasdal (14), Konrad Skarveland (15), Emilia Marta Kudlaczak (13) og Steffen Takvam Dale (14) er glade i eit slag volleyball. Her frå sanden utanfor Husnes ungdomsskule. (Foto: Håvard Røyrvik).

IDYLLISK: Banen i Herøysund er også svært populær. Den finn ein ved å køyra ned til sjøen. Like ved båthamna og sandstranda ligg den idyllisk til. (Foto: Håvard Røyrvik).

SYMBOL: I april kunne Strand-Ulv opna den nye sandvolleyball-hallen sin på Hatlestrand. Det allereie unike volleyball-miljøet håpar å få fram endå fleire talent og meir idrettsglede med det nye og relativ unike fyrtårnet sitt. Hallen er ein del av Hatlestrand Oppvekstsenter. (Arkivfoto).


58

KVINNHERAD-FERIE 2019

Sommarbygda

Uskedalen – bygda med liv i! Beskytt håret mot sol og sjø, vi har gode hårpleieprodukt!

Uskedalen tlf.: 53 48 65 66

Valen tlf.: 53 47 36 46

MOTORTRØBBEL? Assistanse

RING TLF. 926 40 546 VIKING/NAF BILBERGING

Rabben Feriesenter AS

Største campingplassen i Kvinnherad! 5463 Uskedalen, tlf. +47 408 473 87 rabben@rabbencamping.no

Lyst på eit utandørs spabad? Vi leverer og monterer! Alt innan røyrlegging – Totallevering av bad • Nyinstallasjonar • Serviceoppdrag • Kamerainspeksjon • Trykktesting • Vannboren varme

5463 USKEDALEN

BILUTLEIGE

Tlf.: 46 80 80 10 • E-post: uskedal.royr@gmail.com Børnes 23, 5463 Uskedalen


KVINNHERAD-FERIE 2019

59

#ROCK #FJELL #KJÆRLEIK

28. – 29. JUNI 2019 Highasakite

Kvelertak

JanOve

Real Ones

Gåte

Miss Tati Moyka

ISÁK

Hit for hit

Kriminell Kunst

BI

T T E LL

I T : AR

C T E CK

FES

Iris

O N . O

L A D TI

O N . EN Dønhaug Gjestegard


60

KVINNHERAD-FERIE 2019

Fotogrunnlag: Synnøve Olderkjær

Blinkskot! TA ­BILDE

Vinn gåvekort på 1.500,-

Har du eit flott bilde frå sommaren din i Kvinnherad? Då kan du vera med i trekninga av eit gåvekort på 1.500 kroner frå Husnes Storsenter! Både turistar og fastbuande kan delta, og jo meir informasjon du har med om kven og kva som er på bildet, jo betre. Nokre av bilda kan bli brukte i papiravisa og/eller på nettavisa vår.

Send bilde til redaksjon@kvinnheringen.no eller bruk emneknaggen #kvinnheringensommar på Instagram.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.