2 minute read
Dyrsku´n
8. -10. SEPTEMBER!
LANDBRUK OG MAT, HANDEL, KULTUR, HANDVERK OG KUNNSKAP ER SENTRALT PÅ DYRSKU’N. I OVER 150 ÅR HAR FOLK VALFARTA FRÅ HEILE LANDET TIL DEN TRADISJONSRIKE FESJÅPLASSEN I SELJORD.
Her finn du dyreutstillingar, eit rikt kulturprogram, politiske debattar og foredrag, husflidsog handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen også står sentralt under arrangementet.
Dyrsku’n i Seljord er ein viktig arena for både bransje og forbrukar. Organisasjonar, faglag, verkemiddelapparat og bransjen er til stades for å presentere nyheiter og skape relasjonar. Her blir det moderne husdyrbruket presentert, innovasjonar innan landbruksteknikk, samt tradisjonell viten og virke innan dei fleste delar av norsk landbrukskultur. Ein stor del av messeområdet er tileigna lokalmatprodusentar som på få dagar når ut til tusenvis med sine produkt.
Ein stor del av dei besøkande kjem til messa for å søke informasjon og kunnskap. Dyrsku’n sin eigen konferanse, Dyrskukonferansen, har temaet Landbruksrevolusjonen. Her blir det fokus på framtidslandbruket og beredskap, i ljos av krig, klima, kraft og kosthald. Her møtest leiande politikarar, sentrale ekspertar og leiarar frå ulike bransjar til debatt og samtaler om utfordringar og moglegheiter.
Under messa får du også oppleve den «Den store bondeduellen» mellom leiar av Norges Bondelag Bjørn Gimming og leiar av Norsk Bonde- og småbrukarlag Tor Jacob Solberg. Vi vil også utfordre næringsminister Vestre og finansminister Vedum på korleis deira politikk står seg i forhold til utfordringane vi står i.
Den store husflids- og handverkstevlinga, som er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n, er svært prestisjetung og bidrar sterkt til både framsyning av gamle tradisjonar, rekruttering og stimulering til nyskaping i bransjen. Det blir årleg dela ut stimuleringsprisar og rekruttprisar, i tillegg til premiering innanfor ein rekke kategoriar både i tradisjonelt og innovativt handverk.
Handverk blir synt fram på fleire arenaer på plassen. Det er demonstrasjonar som smiing, hovslaging, tømring, tjærebrenning og bunadstilverking, i tillegg til eigen salshall for norske husflidshandverkerar. På plassen er og eit «Kniv- og klokketorg», ei kulturoppleving så vel som eit handelsområde.
FAKTA:
• Dyrsku’n vart etablera av staten i 1866 som eit ledd i ein nasjonal strategi om å auke matforsyninga i Noreg, og Tele markskua er sjølve symbolet på Dyrsku’n i Seljord.
• 90 000 besøker messa årleg.
• Dyrsku’n startar alltid andre fredag i september og varar i 3 dagar.
• Kongelege og ei rekke statsrådar har gjennom åra besøkt Dyrsku’n.
• Dyrsku’n har vore arrangert sidan 1866 og har kun vore avlyst dei topandimiåra sidan oppstarten.
• Meld deg på gourmet-middag, sidersmaking eller guida tur og få endå meir ut av besøket på Dyrsku’n.
• Program, oversikt over utstillarar, billettar mm finn du på dyrskun.no
• Seljord ligg 2 timar frå Oslo, du kjem direkte til Dyrskuplassen med bil eller buss.
Relativt små, men mangler ingenting
Bli bedre kjent med vår hyttemodell Fri. Plassen er effektivt utnyttet, og hytta finnes med både ett og to soverom. I tillegg har Fri én sovehems og én lagringshems.
Les mer om våre hyttemodeller på lyhytta.no lyhytta.no