Miljøskule 3
MIA, MORTEN
OG miljøet
Endeleg heime att?
Kor mange tonn CO2 har du øydelagt jorda med?
Ein plastkork!
Kva skal du med han?
Vi kjøpte miljøkvote.
Eg har vore på ein lang, fin flytur: Cape Town, Kolkata, Bangkok, Sydney, Surabaja, Ulan Bator, Chicago, Montevideo.
Vi kan ikkje fortsetje som før. Jorda toler det ikkje!
Jammen, eg får aldri sjansen att. Onkel og tante betalte turen.
Plast kan brukast om att. Bra for miljøet.
Vi druknar i klimaproblem. Og du samlar på ein liten plastkork?!
Eg vert heilt fortvila over kva vi menneske driv med ...
Nytt, nytt, nytt!
Kast! Kvifor ikkje like godt kaste kleda i butikken? Så slepp dei å bere kleda heim?
Vaksne flyg til møte kvar dag. Dei vert så slitne at dei flyg over heile verda for å kvile seg.
Ting ting ting ting ting ting ting ting ting ....
TIL LAND ETTER LAND ETTER LAND MED VARER OG VARER OG VARER
For ei verd vi lever i ...
Og du samlar på bruskorkar! Tenkjer du ikkje litt smått?
Ingen dag utan krig.
Det blir varmare på jorda. Det går ikkje bra. Les her.
Bli med inn til meg. Eg skal vise deg noko. Vi hadde ei oppgåve på skulen medan du var borte. Om klimaet.
OK. Så skal eg vise deg noko etterpå.
DRIVHUSEFFEKTEN
Sjå figuren med forklaring på www.miljostatus.no, drivhuseffekten.
DET VERT VARMARE Drivhuseffekten er ei årsak til at vi kan leve på jorda. Balansen mellom livet på jorda og atmosfæren er utvikla over lang tid. Det nye som har skjedd, er at vi menneske lagar for mykje av dei gassane som fangar varme. Temperaturen stig. Levekåra til menneska, plantene og dyra på jorda vert no endra så fort at det er stor fare for skadar. Arter kan bli utrydda. Nokre stader får
meir flaum, andre stader meir tørke. Mange stader kan det verte vanskelegare å drive jordbruk og skaffe mat og vatn. Havet stig. Fleire land, der det bur mange menneske, kan risikere å bli setne under vatn. Fleire kan bli sjuke. Havet vert surare. Syre løyser opp kalk og øydelegg skala til dyr. Korallrev, skaldyr og dyreplankton er trua av dette. Kva vil skje med maten til fisken? Kva vil skje med næringskjeda i havet?
Atmosfæren vert ofte samanlikna med eit drivhus. Sola sender energi til jorda, som vert varma opp. Jorda sender det meste av varmen ut i verdsrommet att. Men ein stor del av desse varmestrålane frå jorda vert fanga opp av skyer og gassar i atmosfæren, og dette fører til ekstra oppvarming av bakken. Det er bra, for elles ville det ha vore veldig kaldt på jorda.
VI KAN GJERE NOKO! Vi kan snu. I Noreg aukar utsleppa av karbondioksid (CO2) frå transportsektoren og oljeverksemda. Korleis kan vi redusere utsleppa? Det store forbruket i dei rike landa aukar stadig. Produksjonen, transporten bruken og handteringa av avfallet er ei belastning for miljøet. Kva kan vi gjere?
Får eg låne PC-en din? Eg har eit døme på gjenvinning.
Tryll i veg, Morten!
Aluminium kan brukast om att til mykje. Les her.
Aluminium I bauksitt finn vi mykje aluminium. Aluminium er lett, mjukt, sterkt og rustar ikkje så fort. Det kan blandast med andre metall om vi vil ha det mindre mjukt. For å lage eitt tonn aluminium trengst det mellom tre og sju tonn bauksitt. Bauksitt er ei jordart som må gravast opp frå bakken, og det blir store sår i landskapet. For å lage reint aluminium trengst det mykje energi. Fordi Noreg hadde så mykje billeg vasskraft, starta vi tidleg med å lage aluminium. Aluminium kan brukast igjen og igjen. Å resirkulere aluminium krev berre 5–10 prosent av den energien som skal til for å framstille aluminium frå bauksitt. Då sparar vi pengar, energi og miljøet. Aluminium blir brukt til kyllingformer, hermetikkboksar, folie, brusboksar og kraftleidningar. Det trengst òg mykje aluminium i produksjonen av syklar, bilar, fly, båtar og master.
Bli med heim til meg. Eg har meir å syne deg.
Eg ser poenget med gjenvinning. Men noko er like fullt feil: Vi lagar for mange TING!
Eg skal syne deg kva vi kan lage av ting som er sorterte og samla inn.
Tenk deg ein sirkel eller spiral eller loop ...
Her ser du kor mykje avfall som er samla inn og som blir til noko nytt! Det nyttar!
Så mykje vert panta!
96,7%
90,1%
72,4%
70,6%
78%
66%
73%
Tal frå 2006
100%
92%
82%
Krinsløp er bra Kjeldesortering Aviser, plastposar og bilfelgar er laga av ulike materialar som papir, olje og aluminium. Tinga må sorterast for at vi skal kunne bruke materialane om att. Materialgjenvinning Det betyr å bruke om att dei materialane som tinga er laga av.
Gode resultat: •
Når vi brukar materialane om att, brukar vi mindre energi enn når vi lagar nye. Når den mest brukte energikjelda i verda er olje, er det viktig med gjenvinning for å minke utslepp av CO2.
•
Mindre avfall blir lagt på fyllingar. Dei lagar metangass som er med på å auke drivhuseffekten. Frå fyllingar kan det òg lett sige vatn, som kan ha med seg farlege kjemikal.
•
Mindre avfall vert brent på bål og i småomnar, som lagar mykje forureining. Moderne forbrenningsanlegg forureinar lite.
•
Sortering og gjenvinning gjer at materialane kan gå rundt og rundt i eit krinsløp. Då treng vi ikkje hente nytt frå naturen heile tida.
Ha det! Eg må heim og tenkje ...
Kva driv du med?
Eg vil syne deg noko! Dette fann eg heime hos meg ...
84 ting av plast som det er såper og kremar i! Frå badet og kjøkkenet ...
Vi druknar i ting.
Det er mogleg. Men dess viktigare å bruke materialane på nytt!
Hjelp! Systera mi! Eg tok sjampoen hennar ...
Du kan jo vente til det er tomt!
Vi går inn til deg. Systera mi skjønar seg ikkje på vitskapelege forsøk.
No skal eg vise deg det viktigaste: Å Vi kastar Avfallspyramiden hindre at det vert så Vi kasta 9,7 millionar tonn avfall i Noreg i 2005. Det er avfallet frå mykje avfall frå starten hushalda som aukar mest. av! Les her.
Kvar person kasta over 414 kilo med avfall frå hushalda i 2006. For ti år sidan var talet 270 kilo. Mange har betre råd og kjøper meir. Dei kastar tinga sine fortare enn før. Varer vert frakta langt borte frå. Det fører til mykje emballasje. Alt som blir laga, krev bruk av energi. Ein kan si at det går varmt føre seg i dei rike landa.
EE-produkt kan gjenvinnast, men først kan vi kanskje reparere dei og bruke dei om att.
AVfallspyramiden Mindre avfall er det beste Vi kan gje bort det vi ikkje vil ha lenger Materialgjenvinning og kompost Vi kan brenne avfall og lage energi
jon duks e r s l l a Avf ruk Omb ing nvinn e j g l ria Mate ytting giutn r e n E g nerin Depo
Mia har 7 råd for mindre CO2 - utslepp 1. Bruke tog, buss, trikk, sykkel og føtene oftare. 2. Bruke fly og bil sjeldnare. 3. Sjå om ein ting kan reparerast før du kastar han. 4. Bruke kle og ting litt lenger før du kjøper nye. 5. Sortere det du skal kaste. Avfall kan bli til noko. 6. Kaste på rett stad. 7. Pante flasker og boksar.
Fyllingar vil vi ha minst av
Unødvendige ting?
For å lage denne PC-en, trengst det:
Kva er det mest unødvendige du har? Her er Mias:
1500 liter vatn 250 kilo fossilt brensel som gir 720 kilo CO2-utslepp 22 kilo kjemikaliar
M
Ø M E R KE T ILJ
Når du ser Svanemerket på ein ting, betyr det at han er nøye kontrollert og at han er miljøvennleg.
Kva skal du med ein ny mobiltelefon? Du har jo ein frå før?
Det er ei gåve. Mykje betre enn min.
Ein telefon lagar 75 kilo med avfall. Kvar er skiltet?
Skiltet?
Men han tek gode bilete og nokså bra film
Det har falle ned. Her er det.
lever ee ! her avfall Gratis
10
Vi går heim til meg og et. Om at vi kan levere mobiltelefonar her når dei skal kastast ...
Så kan du ta bilete av brødskivene dine.
Sjå det biletet! Fire gonger så høgt som Oslo Plaza. Her står det om ee-avfall.
EE her, EE der, EE over alt
fire gonger så høgt som Oslo Plaza
Så mykje elektrisk og elektronisk avfall blir samla inn på eitt år. Det går til gjenvinning. Materialane kan brukast om att.
Alt dette blir ee-avfall ein gong. Vi tek bilete av ee-ting heime hos meg.
GJENVINNING AV MOBILTELEFONAR
EE-avfall
1. Batteriet blir teke ut. 2. Resten av mobiltelefonen går i ein varm kjele. Plasten brenn opp. 3. Metalla i telefonen smeltar.
EE-avfall er avfall frå elektriske og elektroniske produkt, altså ting som brukar straum frå nettet eller frå batteri for å verke. EE-avfall inneheld stoff som kvikksølv, kadmium og brom. Når vi leverer det inn, blir stoffa handsama rett, så dei ikkje skader miljøet.
4. Dei blir til ein metallklump som kan innehalde kopar, gull, palladium og sølv. 5. Det fins metodar som skil koparen frå dei andre metalla. 6. Metalla blir selt vidare og blir til nye ting. 7. Ladarar og leidningar blir òg tekne frå kvarandre, så plast og metall kan gjenvinnast.
Mange småapparat blir ikkje leverte inn. Det er dumt, for dei inneheld mykje gift i høve til storleiken. Det er slikt som mobiltelefonar, elektroniske leiker, ur, radioar, barbermaskinar og hårfønarar. Sparepærer og lysrør inneheld kvikksølv, som er giftig. Batteri kan innehalde nikkel, kadmium og bly.
Slik kan vi levere EE-avfall: Leiker: I ein leikebutikk. Lysrør og lyspærer: I butikkar der slikt blir seld. Mobiltelefonar: I butikkar der dei blir selde. Regel: Vi treng ikkje levere tinga akkurat der vi har kjøpt dei, men i ein butikk som sel same type ting. Vi kan òg levere alt på ein gjenvinningsstasjon.
11
BLOGGEN TIL MIA
Klassen min
meg. av klassen min og te le bi t ei de r se Her Morten r på sykkeltur i fjor. Det er frå då vi va ulle sk an sa at han berre tryna i ein bekk. H tolv av skulen sluttar, skal år N . tn va t lit ke ik dr i ei veke! Med telt! oss på sykkelferie
Lag mindre avfall! Kom med forslaga dine! Hallo! Er de klar over at det er fem års klagerett på mobiltelefonar? Få telefonen reparert i butikken – ikkje kast han! Helsing Mia Hei, Mia! Bra nokon tek opp dette. Der eg bur er det ein stor park, og der bruker veldig mange eingongsgrillar. Kven har ei betre løysing? Helsing Undrande
12
Grill Til Undrande! Lag ein stor felles grill i parken – eller bruk turgrillar. Dei kan brukast igjen og igjen. Ei anna sak. På gata går folk rundt med store pappkrus og drikk kaffi. Pappkrusa går garantert ikkje i papirinnsamlinga. Kor mange tonn blir det? Helsing Mia Loppemarknad Hei, Mia. Eg rår alle til å gå på loppemarknad. Eg fann ein kommode med tolv små skuffer, som eg har måla. Han er perfekt på rommet mitt. Helsing Nøgd
Mia
Skule: Går i 10. klasse. m Sysken: Storesyster so trur ho er sjef. en Interesser: Musikk, natur og er og jorda, treffe venn krangle med Morten :)
kva det handlar om for meg... Hei! Eg heiter Mia. Eg går i 10. klasse. Før var eg ikkje særleg oppteken av miljø og klima og slikt, men no er det vanskeleg å ikkje vere det. Det er mykje diskusjon på skulen og i avisene og alle stader. Det er vanskeleg å ikkje bli engsteleg. Eg er oppteken av «løp og kjøp»-maset. No blir vi ofte dømde ut frå kva vi har, og ikkje korleis vi er. Mange i klassen er ikkje nøgde med det. Eg tenkjer òg på om det verkeleg er nødvendig å kjøre t-skjorter med trailerar og fly frå Kina og Thailand. Kan vi ikkje lage fleire kle i vårt eige land? Kvifor må vi kjøre fleire hundre mil med poteter frå langt borte, når vi dyrkar poteter sjølv? Eg tenkjer på havet. Om havet stig, må millionar av menneske flytte. Kvar? Til stader der det bur folk frå før. Er det ny jord å dyrke der? Er det arbeid, bustader, skular og sjukehus? Er det vatn nok? Kan det bli fryktelege krigar om vatn og jord? Eg tenkjer på det som lever i havet. Dersom maten til fisken døyr, døyr fisken, og kva skal menneska ete då? Eg snakkar mykje med Morten. Ein gong blei eg heilt oppgitt over at han tok opp ein plastkork for å leggje han i rett innsamlingsboks. Verda brenn, og han samlar på ein bruskork, for ein dust! tenkte eg. Men vi er eigentleg ganske einige. Eg skjønar poenget hans. Det handlar om å redusere utslepp av klimagassar, det òg. Og vi må gjere så mykje meir! For meg handlar det om å redde verda. Det vil eg vere med på. Kva meiner de vi skal gjere? Skriv til meg! Til slutt vil eg fortelje dykk ei historie.
Den kloke mannen som kunne rekne Det var ein gong ein klok mann som kunne rekne. Kvar dag gjekk han forbi drikkevatnet til byen han budde i. Langs vatnet gjekk ein fredeleg stig mellom gras og små tre, og mannen kjende seg så fri og glad at han tissa i vatnet. Kvar dag gjorde han det. – Det gjer ikkje noko, sa han til seg sjølv. – Det er jo berre eg. Vatnet toler denne vesle mengda tiss. Ingen merkar noko. Så vart det bygd ein stor arbeidsplass i byen. Mange fleire tok til å gå langs drikkevatnet. Det var eit stykke å gå, og det var ein koseleg stig, og den eine etter den andre tok til å tisse i vatnet. Tusen menneske gjorde det kvar dag. Mengda tiss blei større enn kva vatnet tolte for å vere drikkevatnet til byen. Mannen tenkte over dette. – Kvifor skal eg slutte? sa han til seg sjølv. – Mitt tiss tel ikkje eingong ein promille samanlikna med alt tisset frå dei andre. Det veit eg, for eg kan rekne. Det gjer ingen forskjell om eg sluttar. Så den kloke mannen heldt fram med å gå på den hyggelege stigen og tisse i drikkevatnet. Eg spør dykk: Tyder det noko, det vi gjer i Noreg – med våre eigne utslepp?
Gode peikarar Miljøstatus i Noreg www.miljostatus.no Statens forureiningstilsyn www.sft.no Noregs forskingsråd www.forskningsradet.no Polaråret www.polararet.no Norsk polarinstitutt www.npolar.no Senter for klimaforskning www.cicero.uio.no Havforskingsinstituttet www.imr.no Bjerknessenteret for klimaforskning www.bjerknes.uib.no Lågutsleppsutvalet www.lavutslipp.no FN sitt klimapanel www.ipcc.ch Meteorologisk institutt www.met.no Nettverk for miljølære www.miljolare.no Norges Naturvernforbund www.naturvern.no Natur og ungdom www.nu.no Miljøagentane www.miljoagentene.no Debio. Økologiske produkt www.debio.no Grøn kvardag www.gronnhverdag.no Grønt punkt www.grontpunkt.no Returselskapa www.loop.no
13
HEI! VI HAR LAGA OPPGÅVER TIL dykk!
UNDERSØK DER DE BUR 1. Kvar kan du levere ein øydelagt mobiltelefon der du bur? 2. Finst det plakatar i butikkar der du bur, som fortel at du kan l evere EE-avfall? 3. Emballasje: Kor mange ting av plast kan du finne heime hos deg? 4. Kor mange ting som brukar el-strøm eller batteri kan du finne heime hos deg? 5. Korleis blir avfallet frå hushalda i din kommune sortert? Kvar blir det av? 6. Kva kan du kaste i ein innsamlingsboks som det står «glas og metall» på? Kva kan du ikkje kaste der? Dersom du vil ha hjelp, sjå www.loop.no. 7. Sjå www.avfallnorge.no og finn «farlege stoff». Finn ut om nokre av tinga heime hos deg inneheld farlege stoff. Kvar skal desse leverast, om du vil kaste dei?
Leit, leit, leit ... 8. Søk på klimagassar. Kva er det som lagar karbondioksid (CO2)? Kva skjer om det blir for mykje CO2 i lufta? 9. Søk på metan. Kvar kjem gassen frå? 10. Søk på ozon. Kva eigenskap har ozon? Kva kan øydeleggje ozon-laget? 11. Søk på Havforskingsinstituttet. Les om surt hav. Kan noko gjerast? 12. Søk på aluminium. Kvar finn ein det? Korleis blir det laga? Kva blir det brukt til?
Kva må gjerast? 13. Tenk på forbruk: Sjå filmane på www.handlefri.no. Korleis skal vi klare å lage mindre avfall? 14. Korleis kan vi klare å redusere Noreg sine utslepp av klimagassar? 15. Er det noko som kan gjerast på skulen? 16. Er det nokon vits i at eit lite land som Noreg gjer noko for å redusere sine utslepp av klimagassar? 17. Korleis kan verda reddast?
14
FInn ordet!
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 1. Metall. Lett å forme 2. Må sorterast 3. Kan juskartongar bli 4. Må vi gjere før vi kastar 5. Øydelegg ozon 6. Klimagass 7. Mykje brukt som emballasje 8. Sortering av avfall 9. Der smeltar isen 10. Bruke om att
11. Ikkje for mykje er bra 12. Vernar oss mot UV-strålar 13. Blir surare 14. Leverest som farleg avfall 15. Stad der vi leverer avfall 16. Klimagass 17. Farleg stoff i batteri 18. Vil vi verne 19. Må vi sleppe ut mindre av
NÅR VI SER DESSE MERKA, ER DET LETT Å SKJØNNE KORLEIS VI SKAL SORTERE.
MEDLEM
Drikkekartong
Glas- og metallemballasje
Plastemballasje
Kartong og bølgjepapp
Grønt Punkt på emballasjen tyder at produsenten eller importøren er med på å betale returordningane for brukt emballasje.
15
I serien finst: HEFTE 1 Miljøskole 1
Miljøskole 2
FUGLEN SOM FORSVANN
KAIA OG KARIM PÅ
FORBRYTaRJAKT
Miljøskole 3
MIA, MORTEN
OG miljøet
Materiellet kan tingast på www.loop.no Sjå også skulesidene på www.loop.no Utgivar: Retursamarbeidet LOOP Forfattar: Jorun Gulbrandsen Illustrasjonar: Geir Moen Trykk: Grafisk Partner Utgitt: 2007 LOOP Miljøskule vert utgitt med stønad frå Miljøverndepartementet Papiret er laga av resirkulerte drikkekartongar ISBN 978-82-92896-05-1 M
241
Ø M E R KE T ILJ
652