Bremangernytt 2013

Page 1

Nr. 2 – 2013

Bremangernytt

INFORMASJONSAVIS FOR BREMANGER KOMMUNE


BREMANGER KOMMUNE, Pb. 104, 6721 Svelgen. Tlf: 57 79 63 00 (08.00 - 15.30), Fax: 57 79 63 01 E-post: post@bremanger.kommune.no Heimeside: www.bremanger.kommune.no

Litt av innhaldet: Nytt frå Bremanger Hamn og Næring KF

s. 8

Kva skjer i Bremanger 2013

s. 9

Om Gunnar sine gode år i Bremanger kommune

s. 14

Keipen Turlag

s. 18

INNLEGG I BREMANGERNYTT SKAL SENDAST PÅ E-POST TIL: mah@bremanger.kommune.no (kopi: hj@bremanger.kommune.no) Neste Bremangernytt kjem ut i starten av desember, og siste frist for å sende inn stoff er søndag 17.11.2013. Vi ønskjer å få tilsendt stoff via e-post og det bør vere ferdig redigert når vi mottek det. Om du ikkje har høve å sende det på e-post, skal det sendast til Bremangernytt v/Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen. Ansvarleg redaktør: Medlemmar i redaksjonen: Framsidefoto: Baksidefoto: Utgjevar: Utforming/ Trykk: Opplag:

2

Tom Joensen. Liv Marit Bøen, Espen Frøysland, Marianne Herje og Gro Bakke Abildsnes. Nysnø ved Myklebustsætra, Ålfoten. Fotograf: Randi Tveit Solheim Frå Svelgsdalen. Fotograf: Randi Tveit Solheim Bremanger kommune. skrivargarden.no 1750.


Ordføraren har ordet Den flotte kulturskulen vår er 30 år i år. Dette vart markert 27. mars med utstilling på skjæret og «jam» på Havly der «kulturskulebandet» og yngre krefter stod for den musikalske biten. Mykje folk og god stemning. Kulturskulen har markert sitt jubileum med fleire arrangement. Vi gratulerer kulturskulen med dei 30 år og set stor pris på den gode jobben som blir gjort.

Då er hausten komen, «det er hjortejakt og det er eit fole styr» som Vassendgutane syng. Mannfolka og fleire og fleire damer er ute i skog og mark for å få tilfredsstilt jaktinstinktet sitt i tillegg til fysisk fostring og flotte naturopplevingar. No er det om å gjere å få lagt ned den største, mektigaste, tyngste og flottaste hjorten i manns minne og formidle dette i sosiale lag i ettertida, det hender vel ikkje reint sjeldan at dyra veks både i volum og gevir etter kvart som åra går ☺. Hjorten er ein viktig ressurs for Bremanger kommune og det er fellingsløyve på totalt 857 dyr i kommunen i 2013. Ein ressurs som ein absolutt ikkje skal undergrave både i forhold til sal av kjøt, tilberedning og oppleving. Det skjer mykje i Bremanger kommune og eg føler at eg har gått rundt og stråla med det flotte ordførarkjedet på meg i heile år. Det har vore mange opningar og markeringar. Eg kan berre nemne: Ingeborg Holm -107 år. Fantastisk flott å få være med å feire dagen til ein 107 åring som deklamerte dikt so det song etter. «To må ein være» kom som perler på ei snor utan manus, forøvrig eit flott dikt til ettertanke.

Vi har opna ny ambulansestasjon på Rise i kommunesenteret Svelgen. Flott stasjon tilrettelagt med gode butilhøve, garasje og gode fasilitetar for dei som jobbar i ambulansetenesta. Viktig at ambulansen fortsatt er stasjonert i Svelgen sjølv om ein no er i turnusordning med Florø. Det vart poengtert at det er godt samarbeid mellom ambulansetenesta og fastlegane i kommunen. Veldig bra. 6. mai var det opning av ny fiskerikai på Kalvøya der fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen i lag med barnehagen i Kalvåg stod for den offisielle opninga. Fiskerinæringa er ei viktig næring for kysten, regionen og ikkje minst for Bremanger kommune. Vi har 340 årsverk og høg kompetanse innan fiskerinæringa i Bremanger kommune. Og legg vi alle fiskebåtane etter kvarandre har vi ca. 700m med fiskebåt totalt. Det er gledeleg at sjarkhamna på Kalvøyaprosjektet er komen inn NTP-Nasjonal Transport Plan med 68 mill. Det er veldig viktig at vi no får ei komplett fiskerihamn med tanke på arbeidsplassar, bygge klynge/kompetansemiljø og ikkje minst rekruttering av nye fiskarar. Når tilrettelegginga av fiskerikaier, landareal og sjarkhamn er klar vil aktiviteten auke, ein vil utvide etablerte næringar og ein vil kunne dra til seg nye spennande bedrifter. Vi blir meir robuste og bærekraftige. 3


16. mai 2013 er ein merkedag i Bremanger kommune si historie på samferdslesida. Då vart Bremanger II sambandet opna av Fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Dagen vart markert med hornmusikk og taler som seg hør og bør. KKU hadde ansvaret for servering, noko som dei løyste med bravur. Johnny Sælemyr presenterte den flotte Bremanger fanfara som han sjølv har skrive til Bremanger kommune. Det var ein gledens, historisk dag. Etter opninga av Bremanger II var det «siste ferd» med ferja Førdefjord som har gått mellom Kjelkenes og Smørhamn. Det må no seiast at kontrastane vart store denne dagen der ein gjekk frå opning av eit nytt samband og stor glede til «siste reis» og litt vemod om bord på Førdefjord. Men det er no ein gong slik at for å komme eit skritt vidare må ein gjerne gje slepp på noko. Fyrste veka etter at sambandet var opna hadde det passert 4266 bilar gjennom den nye tunnellen. Vi ser allereie ein auke på at trafikken nord-sør går via Bremanger, og det vart registrert 12% auke på ferjesambandet Måløy-Oldeide i juni. Vi ser at sambandet gir mykje betre intern kommunikasjon i kommunen, noko som igjen fører til betre samarbeid og nye måtar å løyse ting på. Eg er sikker på at Bremanger II vil auke både bu- og bli lysta og vil bidra til ei positiv folketalsutvikling. 28. mai opna vi nytt, moderne folkebibliotek i Svelgen. Dette ligg sentralt til med god plassering mot Coop Marknad Svelgen og kafèen på Svelgen Hotell. Perfekt beliggenheit der lokalet rettar seg fint mot publikum med dei store glasa og flott profilering. Vi ser ei fin auke i bruk av biblioteket no etter nyopninga. Gledeleg. Og takk til Randi og Berit for kjempeinnsats i samband med flytting og profilering. 1. juni var det duka for folkefest i kommunesenteret. Svelgen opp og fram pynta sentrum til fest. Her var det fotballturne4

ring for ca. 20 lag i aldersbestemte klassar, det var utdeling av byggeskikkpris som i år gjekk til STIF sitt nybygg ved fotballbana. Eit flott bygg og eit imponerande antal dugnadstimar. Takk til alle som har vore med å bidra til realisering av dette bygget. Lag og organisasjonar hadde «stand» på torget. Seniordansen hadde oppvisning. Vi hadde badeand-race i Svelgselva. Bremanger mannsangforeining song for oss, trekkspelklubben spelte og vi hadde innmarsj av alle skulekorpsa i kommunen som kom i frå fleire retningar og til slutt enda opp i eitt stort korps. Noko som symboliserte at Bremanger II er med å samle kommunen. På kvelden var det fellesarrangement på idrettshuset i Svelgen med påfølgande dans. Det er slike dagar ein ser at kultur- og organisasjonslivet er sterkt og flott i Bremanger kommune. Takk til alle som bidrog til å gjere denne dagen til ein flott og minnerik festdag. 5. juli var det tid for sommararrangement i Kalvåg. 540 000 tv-sjåarar fylgde med når Sommaråpent vitja Kalvåg denne dagen om bord i gamle hurtigruteskipet “Ragnvald Jarl”, no omdøypt til “Sjøkurs”. Det var utrulig flott å komme til Kalvåg denne dagen der omtrent samtlege hadde heist flagget, det var eit yrande folkeliv og folk ville være med å setje Kalvåg og Bremanger kommune på kartet ved å møte opp og delta på denne festdagen. God reklame for Kalvåg og Bremanger kommune. Slik likar vi det. 31. august hadde eg gleda av å opne det nye nærmiljøanlegget i Bjørsvika. Imponerande å sjå kva ein her har bygd opp på dugnad. Bremanger Idrettslag og Nye Bremanger har samarbeidd om dette flotte anlegget og har gjort ein kjempejobb. Nærmiljøanlegget er flott i seg sjølv med ulike baner innan fotball, basket og volleyball. Flotte hytter og leikestativ. Ikkje berre er det eit område der fysisk fostring er i høgsetet i eit folkehelseperspektiv, men det er òg eit viktig samlingspunkt. Her kan folk i alle aldrar treffast. Dei som ynskjer å være i aktivitet kan være det. Dei


Det vart eit flott bilde av Ordførar Karl Vidar Førde og Flode på båtscena om bord på gamle "Ragnvald Jarl" Foto: Ruth Marit Igland.

som ynskjer å være sosiale kan være det. Dette blir eit viktig samlingspunkt fyrst og fremst lokalt. Men òg regionalt og for forbipasserande. Ein får løfta heile bygdesamfunnet med eit slikt prosjekt. Eit område som låg meir eller mindre brakk er no “shina” til det det er blitt i dag. Takk til alle som har engasjert seg i prosjektet, jobba dugnad og stått på for å realisere nærmiljøanlegget. Elles må eg få gratulere Nora-Band med flotte prestasjonar i ungdomens kulturmønstring, der dei gjekk heile vegen til den nasjonale mønstringa.

avklaringar. Utfalla frå desse sakene vil sjølvsagt bety mykje for Bremanger kommune. So vil eg avslutte med fylgjande sluttord: Moglegheiter er som soloppgongar. Dersom Du drøyer for lenge, vil Du gå glipp av dei. Ha ein flott haust.

Karl Vidar Førde - Ordførar -

Hausten er òg tid for budsjettarbeid der vi skal legge kabalen for komande år. Vi går ein spennande haust i møte både med tanke på saka i forhold til den Danske Bank, og andre saker der vi ventar på 5


Rådmannen sin spalte

blem og sikre god helse hos barna, er nokre av dei viktigaste ansvarsområda til samfunnet. Det er difor eit overordna mål for oss å kunne auke vår eigen kompetanse til å sikre at barna deltek i samfunnsutviklinga. Vi må og sikre at kvart barn og kvar familie får naudsynte og tilstrekkelege tilbod frå kommunen sine ulike tenester. Skal vi lukkast, krev det tverrfagleg samarbeid og tidleg samordna innsats. Barn som har risiko for å utvikle vanskar, må verte oppdaga tidleg og få hjelp i rett tid. For å verte endå betre til å samhandle mellom dei ulike tenestene, deltek kommunen i Fylkesmannen sitt prosjekt «Sjumilssteget». Skal Bremanger kommune lukkast med dette viktige arbeidet, krev det og god lokal innsats. Sjølv om ei førebels kartlegging syner at vi er komne eit godt steg på vegen med dette arbeidet, har vi framleis eit stykke veg å gå før vi har gått heile «sjumilssteget».

Hausten er her og vi lagt bak oss ein sommar, som kanskje ikkje vert hugsa for det gode veret. Likevel har vi hatt mange store og små hendingar og arrangement som skapar lokal trivnad og som gjer at Bremanger vert lagt merke til utad på ein positiv måte. I den kommunale verksemda startar no budsjettprosessen, men det pågår det ei rekke spanande ting som vil kunne påverke både aktivitet og prioriteringar framover. Utviklingsprosjekt Det pågår til ein kvar tid store om små utviklingsprosjekt i kommuneorganisasjonen. Eg vel denne gongen å nemne to, som kvar for seg, vil kunne ha stor påverknad på korleis vi vil arbeide i åra framover innanfor respektive fagområde. Sjumilssteget i praksis: Dei fleste barn får ein god oppvekst. Dei har gode omsorgspersonar, vener og utviklar seg evne- og kunnskapsmessig gjennom barnehage og skule. Dei fleste barn utviklar seg også godt sosialt. Dei er stolte av sin eigen kultur, har respekt for andre, utviklar empatiske evner, er tolerante og nyttar evnene sine og talenta sine til beste for seg sjølv, sin familie og for samfunnet elles. Men utviklinga i landet vårt har også ei anna side. Ein aukande del av barna utviklar problem, nokre av dei heilt frå startfasen av livet. Nokre barn vert og utsette for vald av foreldra sine eller vert vitne til vald i heimen. Barn av foreldre som slit med rusmisbruk eller psykiske problem, er særleg utsette med tanke på eiga psykisk helse. Barna sine behov for tilbod frå Barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar har auka, og det er i dag om lag 6 månader å vente på behandling i vårt område. Denne utviklinga stiller nye krav til dei kommunale tenestene. Bremanger kommune sitt ansvar for barn gjeld heile barndommen deira. Vi må samordne tenestene våre betre for å sikre at barna sine rettar og behov vert ivaretekne, jf. barnekonvensjonen sine krav. Å satse på å skape gode oppvekstkår, å førebygge pro6

Med dette som utgangspunkt er det starta eit eige prosjekt i Bremanger som har som effektmål alle born og unge sine utviklings-, lærings- og omsorgsbehov sikra gjennom tidleg innsats, god planlegging, tverrfagleg samarbeid og god koordinering av offentlege og frivillige organisasjonar sitt arbeid. Prosjektet er no er inne i første fase – forstudien – der målsettinga er at vi innan 31.12.2013 skal ha gjennomført ei brei, lokal kartlegging blant offentlege tenester og frivillige organisasjonar der dei formidlar dei utfordringane dei ser i arbeidet. Med bakgrunn i kartlegginga skal vi lage ein konkret plan (forprosjekt) som skal sikre endå betre samhandling mellom dei ulike instansane utifrå eit felles, overordna mål. Forstudien skal og bidra til auka forståing og forankring av prosjektet om kor viktig det er med heilskapleg tenking, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid. Den 6. september var representantar for dei ulike instansane samla til inspirasjonsseminar i Svelgen. Her deltok m.a. to 16-år gamle representantar med lang erfaring frå møte med hjelpeapparata. Ungdomane sine erfaringar og tankar, var til ettertanke for alle deltakarane og understrekar kor viktig det er å ta barn og unge på alvor og lytte til deira tankar og behov. Tidleg samordna innsats for barn og unge i Bremanger er ein god investering for framtida! Næringsutvikling i Bremanger kommune Initiativ til forprosjektet «Næringsutvikling i Bremanger kommune» er teke i samband med ein pågåande prosess som omhandlar å revitalisere næringspolitikken og reorganisere næringsarbeidet i kommunen. Bremanger Næringsråd deltek aktivt i prosessen. Forprosjektet skal gje innspel til ny næringsstrategi for kommunen, herunder organisering og prioritering av virkemiddel med fokus på auka verdiskaping blant bedriftene i Bremanger. Auka verdiskaping kan skje gjennom styrka innovasjonskraft, auka lønnsemd og attraktive arbeidsplassar. Eit av hovudmåla er å skape og oppretthalde ein attraktiv bukommune.


Den 17. oktober vert næringsliv og interesserte inviterte til workshop på Rugsund Handelsstad. Her blir førebelse analyser og resultat av intervjurundar med Bremanger Næringsråd, næringsliv, organisasjonar, lag, kommune og øvrig befolkning presentert av Deloitte, som har ansvaret for prosjektleiing og fagleg metodikk. Ved avslutning av forprosjektet vil Deloitte presentere ein rapport til kommunen som viser resultatet av kartlegging, analyser, intervju og workshops. Deloitte vil også bidra med forslag til tiltak og forbetringar. Dette skal danne grunnlaget for arbeidet med ein ny næringsplan for kommunen. Framlegg til ny næringsplan for Bremanger vil bli lagt fram for kommunestyret ved årsskiftet. Byggeprosjekt Vi held for tida på med ei rekke byggeprosjekt i kommunen. Dette gjeld innanfor oppvekstsektoren og omsorgssektoren. Arbeidsplassar for lærarane og utviding av barnehageavdeling på Kalvåg Oppvekst Nytt klasserom og arbeidsplassar for lærarar ved Kalvåg oppvekst er straks klare. No gjenstår utviding av barnehagen. Gjennomføringa her bli planlagd i nært samarbeid med barnehagen for å ha minst mogleg forstyrring dagleg drift. Arbeidsplassar for lærarane på Hauge oppvekst Arbeidet med ombygging av den gamle gymsalen på Hauge er i full gang. Går alt etter planen vil dei nye, flotte arbeidsplassane for lærarar vere klare til innflytting i laupet av hausten. Omsorgsbustader på Hauge Omsorgsbustadene for menneske med nedsett funksjonsevne og ny avlastningsheim på Hauge er straks klare for innflytting. Eg vonar dei åtte nye omsorgsbustadane vil bli gode heimar for bebuarane til glede dei tilsette som skal yte tenester der. Den nye avlastningsbustaden vil og gje eit betre tilrettelagd tilbod for brukarane og dei tilsette i avlastningstilbodet. Svelgen omsorgssenter Når dette vert lest, har det vore anbodsopning på omsorgssenteret i Svelgen. Det er spanande å sjå kor mange tilbydarar som melder seg i konkurransen om det største investeringsprosjektet i kommunen sin regi nokon sinne. Dersom alt går etter planen kan grunnarbeidet starte før årsskiftet. Estimert byggetid for prosjektet er 1 ½ år. Kommunal økonomi Arbeidet med budsjett 2014 og handlingsprogram 20142017 er starta, og utgangspunktet er at vi fortsatt står overfor store økonomiske utfordringar. Etter planen skal vi dekke inn 25 millionar av det akkumulerte underskotet i 2013 og tilsvarande i 2014. Førebels ser det ut som om vi kan greie inndekning som planlagd i 2013. Dette vil i så fall bety at akkumulert underskot ved inngangen til 2014 vil vere på 154 millionar kroner.

Det pågår for tida prosessar som kan bli svært viktige for kommunen sitt økonomiske handlingsrom i år som kjem. Dette er tingrettsaka mot Den Danske Bank (Fokus bank), mogleg sal av Svelgen I og II frå statkraft til SFE samt rettssak vedkomande ACE si profesjonsansvarsforsikring i Terra Securities ASA. Tingrettsaka mot Den Danske Bank Vi stemna som kjend Den Danske Bank for tingretten i Oslo for å få kjend derivatavtalane med banken ugyldige. Saka gjekk for tingretten i Oslo i tida 19.-23. august og dom er venta i løpet av september. Det er uråd å gje noko sikkert tips om korleis saka vil ende, men eg meiner, ved hjelp av godt førebudde advokatar og gode prosedyrar, fekk belyst saka godt. Og det er ingen tvil om at saka har sider som gjer at det er god grunn til å stille spørsmål ved lovlegheit av avtalane. Dersom kommunen vinn fram, kan dette bety ein netto effekt på ca. 60 millionar kroner i kommunen sin favør – noko som vil førast rett mot det akkumulerte underskotet. Sal av kraftverk Det er gjort kjend at Statkraft og SFE forhandlar om sal av kraftverka Svelgen I og II. Dette er kraftverk som er heimfalt til Staten og som Bremanger kommune har rettigheitar i. Etter gjeldande avtale har kommunen rett på 1/3 av overskotet i kraftverka, noko som og gjev kommunen rett til ein del av salssummen. Etter at salsavtalane er godkjende i respektive styre, skal konkurransetilsynet og NVE behandle saka. Dersom alt klaffar, vil vi kunne vente ei avklaring rundt årsskiftet. Kommunen sin del av ei eventuell salssum skal førast som driftsinntekt og vil såleis førast mot det akkumulerte underskotet. Sak mot ACE – profesjonsansvarsforsikring Terra Securities ASA hadde profesjonsansvarsforsikring i AC, noko som inneber at «Terra-kommunane» har forsikringskrav i forhold til tapa som kommunane er påført. Tvisten mellom partane dreier seg om kommunane har krav for eitt, eller fleire år. Noko som påverkar erstatningssummen. Uansett resultat vil Bremanger kommune ha rett på ei forsikringsutbetaling, men på grunn av tvisten er beløpet førebels ukjend. Partane skal møtast til rettsforhandling i oktober. Dersom det ikkje partane vert samde, vil det bli rettssak i Oslo i januar 2014. Desse sakene samla, eller kvar for seg vil kunne få stor innverknad på kommunen sin økonomiske handlefridom i åra som kjem. Tom Joensen

7


Nytt frå Bremanger Hamn og Næring KF Turistinformasjon i Bremanger Turistinformasjonane i Bremanger kommune hadde i 2013 totalt 1753 besøkande. Dette er godt besøkstall for sommarsesongen til tross skiftande vær. Bremanger kommune vil takke vertane i Kalvåg og servicekontoret ved Svelgen Rådhus for ein fantastisk innsats.

QR kode direkte til vår facebook side:

Gratis etableringsrettleiing / bedriftsrettleiing / tilskottsmidlar Bremanger kommune gir gratis etableringsrettleiing / bedriftsrettleiing / informasjon om tilskottsmidlar til personar og verksemder i Bremanger kommune. Ta kontakt med dagleg leiar, Ann Irene Gulestøl for meir informasjon. Med ynskje om ein flott haust.

Bremanger turistinformasjon Bremanger turistinformasjon er å finne på Facebook: Bremanger Turistinformasjon Her held vi deg oppdatert om arrangement, aktivitetar og attraksjonar. Her finn du og masse fine bilde og informasjon om turruter i kommunen vår. Veit du om eit arrangement eller tilstelling er det fint om du gir oss informasjon om dette så kan vi få lagt det ut på sidene våre.

Twitter under: #BremangerTurist

8

Bremanger Hamn og Næring Ann Irene E. Myrheim Gulestøl Dagleg leiar ann.gulestol@bremanger.kommune.no

Sogndal Storband Svelgen 26. oktober Arr: Svelgen opp og fram


Kva skjer i Bremanger 2013 Oktober 06.: 06.: 08.-10.:

kl. 16:00 kl. 19:00

10.:

kl. 19:00

12.10.-23.11.: 20.:

kl. 19:00

Søndagskafé i Grendahuset i Botnane Bingo på Havly Utstilling og kurs. Hverdags engler. Galleri Loftet, Galleri Frøya Kalvåg SoFT – «Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn», Bremangerhallen Tekstil utstilling – “Frå en kvinnes hånd”, Galleri Frøya Kalvåg Bingo på Havly

November 01.-23.: 01.:

kl. 17:00

02.:

kl. 16:00

03.: 03.: 08.: 16.: 17.: 21.:

kl. 16:00 kl. 19:00

kl. 19:00 kl. 19:00

22.:

kl. 19:00

30.:

Tekstil utstilling – “Frå en kvinnes hånd”, Galleri Frøya Kalvåg Halloween Party for dei minste, Gymsalen, Kalvåg Skule 50 års Jubileumskonsert v/Kalvåg Skulemusikk Gjesteartist: Ole Edvard Antonsen, Frøya Kyrkje, Kalvåg Søndagskafé i Grendahuset i Botnane Bingo på Havly Kulturnatt i Bremanger. Eige program. Hjortefest i Botnane Grendahus Bingo på Havly SoFT – «Ein god dag kjem aldri for tidlig», Bremangerhallen SoFT – «Ein god dag kjem aldri for tidlig», Svelgen Samfunnshus Juleverkstad i Grendahuset i Botnane

Feil, manglar og andre arrangement kan førekomme. For meir info kontakt: Kalvåg Turistinformasjon, Postboks 57, 6729 Kalvåg, tlf.48 14 04 88 Følg oss på Facebook: www.facebook.com/BremangerTuristinformasjon

9


NYE TILSETTE I BREMANGER KOMMUNE

'%&(

'%&(

'%&(

! ! " " $ $ Bremanger kommune har sĂĽ langt i ĂĽr fĂĽtt fleire nye ! " $ tilsette i faste stillingar: *! && # *! && #'*+, '*+, " . * " . * ++!+, &, #"(## & ++!+, &, #"(## & ) & '%+'* !& * 3 ) & '%+'* !& * 3 & / ## * & / ## * *! && # '*+, " . * &,* $ %!&!+,* +"'& & &,* $ %!&!+,* +"'& & *' ## !$ +& + *' ## !$ +& +

'%%-& $+" ')). #+,

'%%-& $+" ')). #+, ) & '%+'* !& * 3 & / ## * ++!+, &, #"(## & . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, ,/ ' '*'. -*+ , ++!+, &, *& ++!+, &, *& &,* $ %!&!+,* +"'& & ,/ ' '*'. -*+ , *' ## !$ +& +

'%%-& $+" ')). #+, ) & '%+'* /,* ) & '%+'* /,* . * '$%(/ . * '$%(/ "-# )$ ! * "-# )$ ! * . $ & ')). #+, ,/ ' '*'. -*+ , ++!+, &, *& ) & '%+'* !& * 3 ) & '%+'* !& * 3 *,!& - , *,!& - , "-# )$ ! * "-# )$ ! * ) & '%+'* /,* . * '$%(/ . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, *,!& - , '% + # *%/* $+ & '% + # *%/* $+ & * * * * ) & '%+'* !& * 3 "-# )$ ! * $ ', & ')). #+,+ &, * $ ', & ')). #+,+ &, * */&" * /#$ -+, * * . $ & ')). #+, */&" * /#$ -+, '% + # *%/* $+ & * * * * * * .!# ')). #+, .!# ')). #+, '$. ! ! & '$. ! ! & $ ', & ')). #+,+ &, * */&" * /#$ -+,

'$+ , ')). #+,

'$+ , ')). #+, * &# ' * -+, $ * &# ' * -+, $ * * .!# ')). #+, '$. ! ! & * *

'$+ , ')). #+,

'$+ , ')). #+, !. ,* *',$ !. ,* *',$ ' !+# $ ! * ' !+# $ ! * * &# ' * -+, $ * *

- ')). #+,

- ')). #+,

/ *

/ * * * * *

'$+ , ')). #+, !. ,* *',$ ' !+# $ ! *

- ')). #+,

- ')). #+, '&! %* '&! %* * * * *

/ * ) & '%+'* !& * ) & '%+'* !& *

!$ * ,

!$ * , - - *! ,++" *! ,++"

- ')). #+, '&! %* * * ) & '%+'* /,* 3 ) & '%+'* /,* 3

*!& *',$ *$ & + &

*!& *',$ *$ & + & * ! * * ! * ) & '%+'* !& *

!$ * , - *! ,++" ) & '%+'* /,* 3 ) & '%+'* /,* 3 !&& *!# & $ & !&& *!# & $ & * ! * * ! *

*!& *',$ *$ & + & $ %!$ *!& $ %!$ *!& * ! * * ! * #,!. ' 3 '++ +,* & #,!. ' 3 '++ +,* & ) & '%+'* /,* 3 !&& *!# & $ & .!# ')). #+, .!# ')). #+, * -&& -& ++!+, &, *& ++!+, &, *& #,!. ' 3 '++ +,* & * -&& -& $ %!$ *!& * ! * .!# ')). #+, .!# ')). #+, !0 , !0 , *!& - *!& - ++!+, &, *& ++!+, &, *& * -&& -& .!# ')). #+, .!# ')). #+, $$ & & $ $$ & & $ ++!+, &, +#-$ ++!+, &, +#-$ .!# ')). #+, !0 , *!& - ++!+, &, *& . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, & ! *+ & & ! *+ & * ! * +#-$ * ! * +#-$ .!# ')). #+, $$ & & $ ++!+, &, +#-$ ++!+, &, +#-$ ++!+, &, +#-$ . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, %!$$ -$ %!$$ -$ - & - & & ! *+ & * ! * +#-$ . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, ''% , ''% ,! ! &%- * " &%- * " ++!+, &, *& ++!+, &, *& %!$$ -$ - & ++!+, &, +#-$ . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, , &$ / '-# , &$ / '-# ++!+, &, *& ''% , ! &%- * " ++!+, &, *&

- ')). #+,

- ')). #+, ' * / '* ' * / '* $ ! * +#-$ $ ! * +#-$ . $ & ')). #+, , &$ / '-# ++!+, &, *&

-$,-*

-$,-* -*!,0!' * &' -*!,0!' * &' -+!## ' #-$,-*+#-$ $ * * -+!## ' #-$,-*+#-$ $ * *

- ')). #+, ' * / '* $ ! * +#-$

-$,-*

-$,-* & 4 (* !& *(/ & & 4 (* !& *(/ & -+!## ' #-$,-*+#-$ $ * * -+!## ' #-$,-*+#-$ $ * *

-$,-* -*!,0!' * &' -$,-* & 4 (* !& *(/ & -+!## ' #-$,-*+#-$ $ * * ! ! tilsett " ! " ! '%&($ Kommunen har og tre nye lĂŚrlingar '%&($ frĂĽ hausten 2013: ! " ! '%&($ -+ , -+ ,

*'$!& (/+

*'$!& (/+ *$!& #'&,'* *$!& #'&,'* . $ & ')). #+, . $ & ')). #+, $!& , . *+, $!& , . *+, *$!& *& 4 ' *$!& *& 4 ' -+ ,

*'$!& (/+ *$!& #'&,'* -& '%+ * ! * , -& '%+ * ! * , . $ & ')). #+, $!& , . *+, *$!& *& 4 ' ) & '%+'* !& * ) & '%+'* !& * ''& " &! ''& " &! *$!& *$!& $+ $+ -& '%+ * ! * , !, !, %) * & , %) * & , & & ) & '%+'* !& * ''& " &! *$!& $+ !, %) * & , & LMB 10


Intervju med lærlingane på rådhuset Namn: Kjetil Hauge Alder: 24 Sivilstatus: Singel Er født og oppvaksen på Hauge i Bremanger, og bur for tida i Bremanger. Kjetil har gått VG1 Service og samferdsel på Flora vidaregåande og VG2 Sal, Service og Sikkerheit på Eid Vidaregåande Skule. Han har no jobba som lærling i kontorfaget på Servicekontoret sidan 1. september 2012. 1. oktober skal han vidare på løn- og personalkontoret og seinare innom både økonomikontoret og teknisk avdeling. På fritida liker han å lese bøker, gå på fjellet, være med venar. Namn: Karoline Røys Alder: 23 Sivilstatus: Sambuar Er født og oppvaksen på Eikeset i Bremanger, men bur no i Berle med sambuaren hennar og hunden deira. Karoline flytta heim frå Stavanger i 2009 og er akkurat ferdig med VG1 Service og Samferdsel og VG2 Sal, Service og Sikkerheit på Eid Vidaregåande Skule. Ho har sidan juni i år jobba som ferievikar på servicekontoret og startar som lærling i kontorfaget her den 1. oktober. Fritida brukar ho ilag med venar og sambuaren. 11


Prest i Indre Bremanger

Kirsti Sørnes frå Måløy tok 15. august til i eit års vikariat som sokneprest i Bremanger, i sokna Rugsund, Davik, Ålfoten og Midtgulen. Kirsti bur i Måløy og tek sikte på å pendle. Ho vart ferdig med teologistudia no i sommar og vart ordinert til presteteneste 16. juni i Follnes kyrkje på Sotra av biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug. Vi ønskjer Kirsti hjarteleg velkomen til Bremanger og lukke til i det arbeidet ho skal utføre. Vi vil og be folk til å ta vel i mot Kirsti. Kanskje ho då får lyst til å vere lenger i Bremanger enn det eine året ho no er tilsett for.

Kyrkjelydspedagog og familiearbeidar i Frøya og Bremanger Sokneråda i Bremanger og Frøya, og har i lang tid hatt eit sterkt ønskje om å starte opp igjen arbeid som tidlegare vart drive for barn og unge. Indremisjonen, og mange andre i desse bygdene, har og hatt det same ønskje. Arbeidet som i hovudsak vart drive av friviljuge, har lege nede i mange år. Ein tanke om å opprette ei stilling for å realisere dette ønskje har etter kvar teke form og ført til at Sogn og Fjordane Indremisjon, saman med sokneråda og Bremanger kyrkjeleg fellesråd, har oppretta ei prosjektstilling som kyrkjelydspedagog og familiearbeidar i full stilling i desse sokna. Laila Haugland Storstrand er tilsett i prosjektstillinga frå august fram til sommaren 2014, men det er eit sterkt ønskje og både tru og håp om at dette er noko som skal fortsette i mange år framover. Laila er utdanna kateket og har frå tidlegare m.a. erfaring både som barne- og ungdomssekretær Nordhordland Indremisjon og som kateket i Den norske kyrkja. Ho har såleis ei brei og god erfaring å ta med seg inn i det arbeidet ho her tek fatt på. Men som dei fleste andre stader, så er ein her og 12

avhengig av friviljuge, skal ein få dette til. Vi håper difor at det er mange som ønskjer å still opp og hjelpe til. Vi vil ønskje Laila velkomen til Bremanger og ønskje ho lukke til i det arbeidet ho tek fatt på.


Solide skuleresultat i Bremanger Kommunal Rapport sitt kommunebarometer for 2013 viser at Bremanger kommune på nytt har oppnådd eit av dei beste skuleresultata i landet. Av 429 kommunar er Bremanger på 11. plass. I snitt har vi vore åttande beste kommune dei siste tre åra!

Denne konkrete planen skal vere med å sikre at alle barn får nytte av den felles kunnskapen vi har om det å satse på å gjere den første språkopplæringa og leseog skriveopplæringa så kvalitativt god som råd for alle.

Dette er resultata av mange års målretta arbeid i barnhage og skule – og truleg og ikkje minst eit resultat av det store Språkprosjektet barnehagane og skulane gjennomførte frå 2007 – 2009. Dette arbeidet var med å få våre tilsette til å fokusere enno meir på den første språkopplæringa i barnehagen og i barneskulen.

Det vi i Bremanger investerer i auka satsing i denne delen av oppvekstsektoren, vil vonleg også føre til, at færre elevar vil trenge spesialundervisning i åra som kjem.

Oppveksteiningane i Bremanger har siste skuleåret arbeidd vidare med å følgje opp Språkprosjektet ved å lage ein felles kommunal plan for «Tidleg innsats» - ein plan som vert teken i bruk dette skuleåret. Dyktige representantar frå alle barnehagar og skular har delteke i dette arbeidet.

Vi ser og at så å seie ingen elevar frå Bremanger kommune droppar ut av vidaregåande skule – og det til trass for at dei fleste av dei også må vere hybelbuarar. Vi har difor på nytt all grunn til å rose våre tilsette i barnehagar og skular for å ha gjort ein svært god jobb! Kommunalsjef for oppvekst Gro Bakke Abildsnes

Informasjon frå Demensteamet • PÅRØRANDESKULE Vi har i vinter/vår gjennomført pårørandeskule for familie til personar med demens, både i Bremanger og i Svelgen. Påmeldinga og interessa var overveldande. Takk til pårørande som kom, og for gode tilbakemeldingar. Takk også for lån av lokale på Haugetun og Keipenstova. Vi vil starte ei ny runde med Pårørandeskule på nyåret 2014. Håper fleire pårørande har interesse for dette. • TEMAKVELDAR Til hausten (2013) vil vi arrangere temakveldar om demens. Første målgruppa vert pensjonistforeningar rundt om i kommunen. Tid og stad for dette vil bli annonsert

seinare. Dersom det er andre lag/organisasjonar som ønsker å ha slike temakveldar, kan de ta kontakt med oss i teamet. Ytre: Aud Grotle mob 90116912 Indre: Linda Førde mob 91658527 • DETTE JOBBAR VI MED VIDARE: - Meir kompetanseheving blant tilsette i kommunen - Pårørandeskule vinter/vår 2014 - Temakveldar - Utredning/kartlegging - Jobbar for å få i gong dagaktivitetstilbod for demente i kommunen Demensteamet i Bremanger

13


Om Gunnar sine gode år i Bremanger kommune

Snart har Gunnar Skjølberg vore tilsett i skuleverket i Bremanger i 45 år! Når han no sluttar, er han kommunalsjef for oppvekst. Då han begynte var han studentlærar på Ryland skule frå 1968 til 1970 – der han etter avslutta lærarskule i Stavanger i 1972 heldt fram som barneskulelærar i 25 år. Nokre opphald på både Frøyen og Hauge hadde han og før han vart tilsett med tittel skulesjef i 1994. I løpet av desse åra har det skjedd mykje i oppvekstsektoren i Bremanger. Gunnar har vore ein svært aktiv skulemann. Han starta tidleg å engasjere for skulesamarbeid, både innad i kommunen og interkommunalt. Han vart for mange kjent som han som stadig produserte nytt materiell innan faga norsk, matematikk og ikkje minst o-fag. Hefte om det fargerike (han er fageblind..) og mangfaldige plantelivet i Rylands- og Grotlesandfjæra, om forskjellen på ulike skjell og andre fjæredyr etc 14

kom på rad og rekke. Tid til å vere medforfattar av læreverk og nokre fagbøker har han og hatt. Mange lærarar har fått del i kompetansen hans på den måten og. Ryland skule der han vart administrasjonslærar, vart nærast ein institusjon for fådelte og udelte skular. Alltid kompromisslaus i front i kampen om å styrke og behalde dei små grendaskulane - aktiv som han var i ei årevis i Landslaget for Nærmiljøskolen. Men tid til etterutdanning fekk Gunnar og: I norsk (les nynorsk), samfunnsfag, lokalhistorie, EDB (IKT), arbeid i udelt og fådelt skule - for å nemne noko. Dette arbeidet førte han og inn i ei bistilling som fagrettleiar i mange år – med besøk og ikkje minst med eigne kurs både på lokale skular og skular over heile landet. Gunnar vart og «oppdaga» av Forsøksrådet og vart leiar for lokalt prosjekt der frå 1981 til 1983, og han med i rettleiargruppa til


Skuledirektøren under innføringa av Mønster-planen i - 87. Ut på pedagogisk tur - aldri sur – må ha vore mottoet! Den fådelte skulen stod og står han som sagt nær – grendaskulen. Saman med lærar Bjarne Bjørkevoll arrangerte han t.d. i ti år på rad sommarkurs for lærarar i fådelt skule. Etter fleire års motstandskamp måtte og Gunnar sjå at Ryland skule vart lagt ned. Men det skjedde først når elevtalet vart så lite at foreldra søkte ungane over til Hauge skule. Då Berle skule vart lagt ned i 2007, skjedde det og på same måte. Ingen har fått lov å leggje ned livsdyktige grendaskular i Gunnar si «regjeringstid» - sjølv om strukturendringstankar har sveva i den politiske lufta dei seinare åra – ettersom elevtalet diverre synk fleire stader i kommunen og Terrasaka kom. Ja, han har undervist ! Men han har og vore aktiv tillitsvald i Norsk Lærarlag og i Ryland Grendalag for å nemne noko. Gunnar er og ein ivrig friluftsmann – alltid på fjelltur – ofte ut i kajakken langs strender og klipper der ute med havet. Han er aktiv i Sogn og Fjordane Turlag og – og med i arbeidet med å lage nyttige og kjærkomne turbøker for oss vanlege turgåarar, store som små. Ut på tur i vakker Bremanger-natur gjer deg ikkje sur - ser ut til vere eit anna motto. Aktiv SV-poltikar har han og vore før han vart skulesjef. Han har sete både i K-styret og formannsskapet, i råd og utval Ja, han har vore i vanleg arbeid og – om nokon skulle lure på det. Gunnar er gift med Eli. Dei har fem barn og elleve barnebarn. Men no er det på tide å gje ordet til den vordande pensjonisten sjølv:

takt med einingane og å setje meg inn barnehagesektoren. Det viktigaste for meg har vore at det skal vere god kvalitet på det skular og barnehagar står for. At vi har fått oppvekstsenter, synest eg er positivt. Andre kommunar ser ut til å ville følgje etter oss på det området. Eg har elles vore fornøgd med at Bremangerskulen dei siste åra ofte plasserer seg svært høgt på nasjonale rankingar. - Men du gir deg ikkje heilt. - Nei, eg har teke på meg ei 30 % stilling som koordinator i Nordfjordregionen sitt skule- og barnehagesamarbeid. Difor vil eg få ei gradvis avrunding av livet knytt til å arbeide med kommunal oppvekst. Eg vil framleis ha nokre faste kontordagar på rådhuset. At eg slik får delta på møte i regionen vår vidare, ser eg og fram til. For Gunnar, den spreke pensjonisten, er i alle fall alderen berre eit tal! Vi takkar deg for innsatsen i Bremanger kommune og håpar du og får tida – saman med Eli – til å nyte nokre avslappande timar på stranda i Hellas – der vi veit de har vore ofte - midt blant alle fjellturane dine der og.. -Til slutt, Gunnar, kva hugsar du best frå den tida du har vore tilsett i Bremanger kommune? -Eg vil ikkje nemne noko enkeltsak. Det er den totale opplevinga av å bu og arbeide i Bremanger som har vore berikande. Eg har hatt glede av å ha hatt eit arbeid eg har trivast med og kollegaer det har vore gjevande å samarbeide med. Alt i alt: Eg har hatt det godt i Bremanger! AAEK

- Gunnar, Flora-gut - kvifor Bremanger? - Eg skulle berre vere her i eitt år.. - det treivst så bra at eg no har hatt 45 gode år her. - Kva har du som kommunalsjef sett på som di viktigaste oppgåve? - Eg har vore oppteken av å ha god kon15


Byggeskikkprisen 2013

Kulturprisen 2013

Også Byggeskikkprisen 2013 vart utdelt under festen i Svelgen Idrettshus 1. juni. Som ved utdeling av kulturprisen var det ordførar Karl Vidar Førde som stod for prisutdelinga.

1. juni var ein stor dag for Bremanger kommune med markering av tunellopning på dagtid og ikkje minst med ein flott fest om kvelden. Mykje fin og spennande underhaldning var med å setje ei ramme både rundt markering av tunellopnina og seinare prisutdeling i Svelgen Idrettshus. Overrekking av prisen var det ordførar Karl Vidar Førde som stod for. Før ordføraren hadde fullført grunngjeving for tildelinga vart det trampeklapp i salen. Ingen tvil om at folket gjenkjente prisvinnaren og var storleg fornøgd med valet.

Byggeskikkprisen dette året gjekk til STIF sitt nybygg ved kunstgrasbana i Svelgen. Under arbeid med byggeskikkprisen forje år var det semje i formannskapet om at STIF sitt nybygg ved kunstgrasbana i Svelgen ville vere ein god kandidat ved neste års prisutdeling (2013). Då ville bygget truleg vere heilt ferdig. Bygget ligg med hovudfasaden mot kunstgrasbana med kommentarbua i andre etasje som eit viktig element. Bygget er godt tilpassa ein vanskeleg tomt der arealet er effektivt utnytta. Dimensjonering og plassering av bygget på tomta er med å løfte Idrettsanlegget til ein heilskap, og vil saman med ny sjukeheim vere med å løfte den delen av Svelgen sentrum som så langt har vore noko uryddig. Det er flott at STIF har valt å gjere såpass mykje ut av eit bygg som ligg så eksponert for ålmenta. Bygget er teikna av arkitekt Kjell Hareide i Florø og oppsett av firma Plan og Bygg v/ Karstein Leirvik. Arkitekten har på ein god måte klart å tilpasse bygget slik at det både er nyskapande og annleis, men også vel proposjonert og godt materialtilpassa. I tillegg har STIF lagt ned ein formidabel dugnadsinnsats hovudsakleg med pensjonistar som har delt arbeidsdagen inn i eit føremiddagsskift og eit ettermiddagsskift. Stor ros til STIF for engasjement, dugnadsinnsats som saman med arkitekt og byggefirma har gjort ein kjempejobb.

I grunngjevinga for tildelinga vart det vist til at Norvall er kjent ikkje berre i Bremanger, men også langt ut over kommunegrensene som kulturskulerektor, gitar og musikklærar og ikkje minst som vokalist i bandet Spik Adel. Han har lagt vekt på at ungdom skal få spele saman og har tatt initiativ til mange band både i kulturskulen og i musikklivet elles. Kulturskulen i Bremanger er kjent både for bredde og kvalitet noko som har inspirert unge frå kommunen til å utdanne seg innan musikk. Norvall har og tatt initiativ til MUSIKKAFE og oppstart av eit volleyballag der han er trenar. Konklusjonen i framlegget er at «Norvall er ein person som gjer noko i staden for å berre tenkje på det …» I saksutgreiinga til formannskapet går det fram at «Å sjå behov for nye tilbod innan organisasjonslivet eller endring i eksisterande er ein viktig føresetnad skal ein oppretthalde levande bygder som gir barn og unge utfordring og mestringskjensle». Årets kandidat innehar desse eigenskapane. Vi ynskjer Norvall lykke til med vidare kultursatsing i Bremanger kommune. Kulturkontoret

Lykke til med bygget og aktiviteten rundt dette. Kulturkontoret

16


Om demens Delt ansvar for omsorga?

skal skje, td via møter eller telefonkontakt. Det er ein stor overgong både praktisk og kjenslemessig når han flytter. Det er nyttig å dele erfaringar med andre pårørande.

I løpet av ein demenssjukdom er det umogleg å sitte aleine med ansvaret heile tida. Av mange grunnar er det ønskeleg at fleire deler ansvaret. Tenk over kva som går bra og kva som er problematisk for deg som pårørande. Det vil hjelpe deg å verte klar over kva slags hjelp du treng.

Det kan vere ei utfordring å kome inn i ny rolle som pårørande til ein som bur i sjukeheim. Det er mange tilsette, og du treff kanskje ikkje dei same i dag som du gjorde i går. Be om å vite kven som er primærkontakt. Dette kan gjere det enklare for deg som pårørande.

Drøft med andre familiemedlem om dei har høve å yte praktisk hjelp, eller støtte deg psykisk. Det er ikkje alltid dei greier å forstå kva du strever med dersom du ikkje gjev klart uttrykk for det. Kan hende beskytter du dei frå innsyn i problema av lojalitet: du vil ikkje utlevere han som er sjuk. Kanskje har han ein så god fasade overfor andre at der er vanskeleg å forstå kor sjuk han er.

Ved å gje sjukeheimen opplysningar om hans livshistorie, bidreg du til at det vert lettare for personalet å møte han som medmenneske, sjølv om han ikkje lenger er i stand til å fortelje om seg sjølv. Opplysningar om familieforhold, yrkesbakgrunn, interesser, favorittmusikk og liknande, kan vere viktige. Du kan ta med favorittplatene hans, viktige fotografi og gjenstander til rommet hans, og bidra til at han får det mest mogleg som heime.

Vener og naboar kan vere villige til å hjelpe berre du tør spørje dei og sette dei inn i situasjonen. Hjelp blir ofte ikkje tilbudt når pårørande ikkje ber om noko, eller ikkje er tydeleg nok på korleis situasjonen er. Ver mest mogleg konkret når du ber om hjelp. Lag gjerne ei liste av oppgåver som vener og familie kan få når dei tilbyr si hjelp.

Overgang til sjukeheim Dei fleste kjem til eit punkt der det ikkje lenger er mogleg at personen med demens bur heime. Mange motstridande kjensler, som sorg, sakn og dårleg samvit kan vekkast når institusjonsinnlegging vert naudsynt. Mange har problem med å klare å ta ei slik avgjerd og bestemme kortid tida er inne for å be om fast plass ved institusjon. Det kan vere til stor hjelp å drøfte dette med andre, td familiemedlem, andre pårørande, legen eller heimetenestene. Ver nøye med å fortelje om korleis du sjølv har det, for at andre skal kunne forstå.

Ofte er det vanskeleg å føre ei samtale med ein person som har kome langt i sjukdomsforløpet. Då kan det vere betre å gjere noko saman. Dette kan vere å gå tur, lese høgt eller lytte til musikk saman. Det kan også vere hyggeleg for pårørande å delta på fellesaktivitetar på sjukeheimen.

Kjelde: Nasjonalforeningen for folkehelsen

DEMENSLINJEN: 815 33 032

Demensteamet i Bremanger

Du har fortsatt ei viktig rolle. Sjukeheimen plikter å samarbeide og gje informasjon. De kan saman finne ein strategi for korleis dette 17


Keipen Turlag Ei lita oppsummering av turåret så langt: Martinbu, kvilehytta til turlaget på Sandsegga, har i sommar fått opprusta/sikra uteområdet framfor hytta med ein plattng og rekkverk. Arbeidet er planlagt og utført av Martin Hennøy,- på dugnad. Stor takk til Martin for ein imponerande arbeidsinnsats!! Martin/KT har også hatt mange som har hjelpt til med å få material og utstyr på plass. Stor takk til alle! Foto: Svenn Petter Kjerpeseth.

På tur til Sandsegga er det tre kvilebenkar. På kvar av benkane er det hengt opp ein kasse med kikkert i. Kikkertane er ei gåve frå Tore Myklebust. "Tore prest" har gjennom mange år nedlagt eit stort arbeid med tilrettelegging av stien til Sandsegga. Takk til Tore for gåva og dugnadsarbeidet! "No er det lov å bruke lang tid på vegen opp. Det er berre å skulde på at ein nyt utsikta". Orienteringstrimmen vart avslutta 1. september og postane er tekne inn. Hugs å levere inn startkorta! Turboktrimmen. Dette opplegget er nytt av året. Turboka til kommunen er inndelt i ti soner. I kvar av sonene er det utlagt ein trimpost. Litt av ideen til trimopplegget er at den skal gje folk lyst til å verte betre kjende i heile kommunen. Turboktrimmen vert avslutta 1. november. Hugs å levere inn startkorta!

Foto: Svenn Petter Kjerpeseth.

Foto: Svenn Petter Kjerpeseth.

18

Helgaturane, med turleiar, som Keipen Turlag har hatt i år har hatt litt varierande oppslutnad. Nokre har vorte avlyste på grunn av veret. No driv vi med turplanleg-


Foto: Svenn Petter Kjerpeseth.

ging for neste år. Har du forslag til turmål/plassar du har lyst til å gå, så kom med forslag. Merking av stiar og vedlikehald er eit tidkrevjande arbeid. Fleire av turane som er oppsette i Turboka er enno ikkje merka. Desse turane har vi lyst til å få merka. Vi har også planar om å merke ei rute frå Ålfoten til Gjegnen/Blånibba (høgste fjellet i Bremanger kommune). Har du lyst/høve til å vere med å merke, så ta kontakt! Hytter til leige. Keipen Turlag driftar to hytter; Moldahytta og Knekkevasshytta. Desse hyttene er det høve til å få leige for over-

natting. Hyttene er ikkje DNT hytter, men går godt an å overnatte i. Knekkevasshytta er no nymåla og har fått uteplatting på tre sider. Stor takk til Steinar Isene og Jarle Frøyen som har organisert/utført dugnadsarbeidet. Svelgen Turn og I.F. eig Moldahytta og SFE/Elkem Kraft eig Knekkevasshytta. Oddmund Leirvik er hyttesjef for Moldahytta og Steinar Isene er hyttesjef for Knekkevasshytta. Ta kontakt med dei dersom du ynskjer å leige hyttene. Keipen Turlag Arne Loftheim

Foto: Svenn Petter Kjerpeseth.

19


Informasjon om satsinga i Bremanger kommune

Yi og Yu og Marit Sanner – Forandringsfabrikken.

Sjumilssteget - eit fylkeskommunalt prosjekt for barn og ungdoms sitt beste, handlar om å få alle kommunar til å følgje opp SN sin Barnekonvensjon. Sjumilssteget skal hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i Barnekonvensjonen, slik at desse kan brukast til å planlegge og kvalitetssikre tenestene til barn og unge - og ta barna og dei unge med på råd, høyre deira røyst i ulike samanhengar og i lokaldemokratiet. Vi meiner vi alt er komne «nokre mil» på veg med dette arbeidet i Bremanger kommune, men i mål kan vi ikkje seie vi er enno. Det siste stykket på vegen må vi gå i lag for å gjere ein enno betre jobb overfor alle barn og unge. God tverrfagleg og tverretatleg førebygging og samhandling er suksessfaktoren – saman med barna, foreldra og andre samarbeidspartnarar. For å bli flinkare til å koordinere dette viktige arbeidet i kommunen vår, treng vi å vite «kor skoen trykker» - ut frå partane sin ståstad. Vi spør oss kva vi alle kan gjere betre – kvar for oss og i lag.

eige sjumilsstegsprosjekt med det mål å kvalitetssikre arbeidet vårt på dette området. Vi er enno i startfasen av prosjektet. Vi hadde eit inspirasjonsseminar for om lag 40 kommunetilsette og nokre samarbeids-partnarar 6. september. Vi skal og kalle inn til eit møte med leiarane i friviljuge lag og organisasjonar som har med barn og unge å gjere. Dei er og viktige bidragsytarar og samarbeidspartnarar i dette arbeidet. Ungdomsrådet er og ein viktig partnar. Vi kartlegg no dei utfordringane dei ulike partane ser i denne samanheng – for å finne fram til kva tiltak som kan gjere at vi vert så gode vi kan verte til å etterleve Barnekonvensjonen sine over førti artiklar – ein del av det norske lovverket. Rådmann Tom Joensen er prosjektansvarleg og Aage Kvendseth er prosjektleiar. I prosjektgruppa sit elles kommunalsjef oppvekst Gro Bakke Abildsnes, kultursjef Espen Frøysland og kommunalsjef helse og omsorg Randi Ytrehus. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om prosjektet undervegs. For prosjektgruppa AAEK

Langtidsvarsel:

Romjulsdans …på Svelgen Samfunnshus måndag 30.12.13 Arr: Svelgen Samfunnshus

Bremanger kommune har difor starta eit 20


Barnekonvensjonen og Sjumilssteget: Om å høyre barn og unge si røyst i Bremanger KONKURRANSAR: A) VI VIL OG SKAL VERE MED Å FORME FRAMTIDA! Bremanger kommune ønskjer å høyre KLART OG TYDELEG kva de som er barn og unge meiner om det lokalsamfunnet de lever i, den barnehagen, skulen de er i, den klubben, den organisasjonen, det laget de er med på. Vi ber dykk gå saman om å lage nokre klare bodskap med dykkar meining til dei som styrer kommunen, kommunestyret og den kommunale administrasjonen. Det er og fint om de tek med noko om det de meiner er bra i tillegg til det de meiner kan eller må gjerast betre – sett med dykkar augo. De kan t.d. teikne/male/skrive eller velje anna uttrykksform. Bidraga vert t.d. publiserte i eit eige hefte/eigen utgåve av BremangerNYTT/på kommunen sine nettsider/presenterte på nettet/via utstillingar/ i kommune-styret - i samband med at det er 200 år sidan Noreg fekk sin første grunnlov. Dette vil vi gjere i god tid før 17. mai 2014.

B) 17. mai-talen 2014 Vi lyser og ut ein konkurranse om å skrive ein 17.-maitale knytt til dette jubileumet, til barnekonvensjonen og til dei unge sin situasjon i vår tid i verda og i Bremanger. Kanskje det vert nett du/de som skal halde denne talen i di/dykkar heimbygd! Dei beste bidraga vert premierte. Frist: Medio mars 2014. Kontaktperson: aage.Kvendseth@bremanger.kommune.no

21


: Nytt

Røde Kors Sogndal Røde Kors Sogndal Svelgen-Bremanger Hjelpekorps Hjelpekorps Frå 07.03.2013 er Bremanger Røde Kors og Svelgen Røde Kors slått saman til ei lokalforening, SvelgenBremanger Røde Kors.

Har du lyst til å gjere ein innsats for Svelgen-Bremanger Røde Kors – har vi alltid plass til og bruk for fleire hender.

Vi har eit styre som består av 5 faste medlemmer + lokalrådsleiarane for Hjelpekorps og Omsorg.

Ta gjerne kontakt med oss!

Vi har eit hjelpekorps – lokalisert i Svelgen To besøkstenester – ei gruppe i Svelgen og ei gruppe i Bremanger Etter samanslåinga har vi hatt ei bøsseinnsamling til barna i Syria og ein basar. Bøsseinnsamlinga gav eit godt resultat – kr 49860. Dei innsamla midlane gjekk uavkorta til aksjonen. Vi er takknemmelige for givergleda i kommunen vår. Til basaren fikk vi inn over 70 gevinster til hovedlotteriet fra alle deler av kommunen. Her vil vi takke alle giverane, både firma og private. Den årlige basaren er eit sosialt samlingspunkt med kaffi, kaker, hyggelig prat og ikkje minst, vårt populære åresalg. Loddsal i alle delar av kommunen gav eit godt resultat som bidrar til at vi kan drive foreininga sine aktiviteter i Bremanger Kommune.

Leiar lokalforeninga: Inger Beate Valberg – mobil 91572927 Leiar lokalråd hjelpekorps: Leo Cirotzki – mobil 95030381 Leiar lokalråd omsorg: Anita Nygård – mobil 94374541

Julebord og dans med Wåges ! Ryland Grendalag arrangerer julebord og dans i Strandhall 23. november 2013

Dørene åpnar kl. 19.00. Pris kr 400,Lukka lag med bindane påmelding. Åpen Nissebar Påmeldingsfrist: 18. november 2013 Therese: 95 02 93 00 Charlotte: 48 00 05 79 PS: Begrensa plasser!

22


Takk til Saniteten Bebuarar og personale på Svelgen Bu- og Servicesenter (SBS) vil sende ein stor takk til Sanitetsforeningane i Svelgen, Midtgulen og Davik for den flotte fotpleiestolen vi har fått. Fotterapeut er allereie komen i gong med behandlingar. Resten av gåva går til stolvekt. På biletet er det Alma Sande som prøver stolen.

På vegne av alle Linda Førde -driftssjef-

Kulturnatta 2013 Kulturnatt er eit internasjonalt konsept som starta opp i København i 1993. Kulturnatt har etter det spreidd seg til mange byar og tettstader rundt om i Europa, og ikkje minst i Noreg. I 2007 starta kulturleiarane i Nordfjordkommunane opp Kulturnatt i ein heil region, noko som er heilt unikt i denne samanheng. Det er altså for sjuande gang vi arrangerar Kulturnatta, og i år blir den arrangert den 8. november. Intensjonen med Kulturnatta er å tilby innbyggjarar og tilreisande ein "smakebit" av det rikhaldige og varierte kulturlivet som vi har i kommunen. Kulturnatta vert ein flott arena for deltaking og oppleving av kultur i mange ulike former. Planlegginga er i full gang i kommunane og det ser ut til å bli mange flotte arrangement i år også. I Bremanger vil det vere aktivitet i Svelgen frå ettermiddagen og ut i dei små timar. Vi gjentar suksessen frå i fjor, og arrangerar open scene. I tillegg blir det aktivitetar i biblioteket og i sentrum elles. Har du innspel til aktivitetar på kulturnatta, er vi interessert i å bli kontakta! Meir informasjon om kulturnatta kjem på kommunen si heimeside, i lokalpressa og via plakatoppslag. Kultursjefen

23


Bussrute: Kalvåg-Bremanger-Oldeide-Rugsund-Svelgen MÅNDAG-ONSDAG-FREDAG Skal du ta turen må du bruke buss

Bussen ventar i Svelgen til avgang

frå Kalvåg Grotle Hauge Smedvik Oldeide Rugsund Svelgen

frå Svelgen Rugsund Oldeide Smedvik Hauge Grotle Kalvåg

kl kl kl kl kl kl kl

08:40. 08.30. 08:40. 08:50. 09:10. 09:25. 09:50.

kl kl kl kl kl kl kl

13:15. 13:40. 13:57. 14:07. 14:15. 14:35. 14:50.

Vi har korrespondanse med ferge frå Måløy til og frå Svelgen, så passasjerer frå Måløy kan nytte denne ruta. Der er korrespondanse med buss vidare frå Svelgen kl 10:30 til Florø og Førde. GODSEKSPRESS Etter det nye sambandet mellom Ytre og Indre Bremanger vart opna 16. mai i år, køyrer vår godsekspress gjennom Svelgen tysdagar til fredagar (4 dagar) rute frå Bremanger til Førde/Florø. Og retur. Onsdagar er vi ikkje i Florø. Kontakt Rutebilane for pristilbud og avtale om henting av varer. Vi henter /leverer varer både til private og firma i Svelgensområdet på rutestrekkja. Rutebilane i Bremanger AS Tlf 577 96880 Mailadresse: firmapost@rutebilane.no Heimeside: www.rutebilane.no

24


SKULERUTE 2013-2014 Følgjande skulerute for grunnskuleelevane i Bremanger er gjeldande for skuleåret 2013-2014: Månader:

Tekst:

Tal skuledagar:

AUGUST

Første skuledag: Måndag 19. august.

10 dagar

SEPTEMBER OKTOBER

21 dagar Haustferie: Måndag 7. til 11. oktober (veke 41)

NOVEMBER

18 dagar 21 dagar

DESEMBER

Siste skuledag før jul: Fredag 20. desember

15 dagar

JANUAR

Første skuledag: Torsdag 2. januar

22 dagar

FEBRUAR

Vinterferie: 17. februar – 21. februar (veke 8)

15 dagar

MARS

21 dagar

APRIL

Lærarstemne og elevfri dag 4. april Siste skuledag før påske: Fredag 11. april Første skuledag etter påske: Tysdag 22. april 15 dagar

MAI

Elevfrie dagar: 2. og 30. mai

18 dagar

JUNI

Siste skuledag: Fredag 20. juni

14 dagar

Sum skuledagar

190 dagar

25


Barnehagerute 2013-2014 Følgjande barnehagerute er gjeldande for barnehageåret 2013-2014 i Bremanger kommune: Månader:

Tekst:

AUGUST

Måndag 12.: Planleggingsdag Torsdag 15.: Første barnehagedag

OKTOBER

Måndag 7. og tysdag 8: Planleggingsdagar/kurs. Barnehagane er stengde.

DESEMBER

Tysdag 24.: Barnehagane er stengde Måndag 30.: Planleggingsdag. Barnehagane er stengde. Tysdag 31: Barnehagane er stengde

JANUAR

Torsdag 2.: Første barnedag etter nyttår

APRIL

Onsdag 16.: Barnehagane er stengde

MAI

Fredag 30.: Planleggingsdag. Barnehagane er stengde.

JULI

Veke 29. og veke 30: Feriestengde barnehagar.

TAKK ! Svelgen Sanitetsforening rettar ein stor takk til alle som bidrog med gevinstar til basaren 2. mars - 13 privatpersonar, forretningar og bedrifter. Takk til alle som kjøpte lodd, på Coop og på Samfunnshuset. Inntekta for basaren blei i år kr. 43.400,- brutto. Eit flott resultat! Svelgen Sanitetsforening har i mange år støtta nærmiljøet, m.a. Svelgen Skulemusikk, Psykisk hels, Ungdomsklubben, Realen, Helsestasjonen og Svelgen Samfunnshus. Solveig Myren Leiar 26


Teknisk vakt: 959 82 999

VIKTIGE TELEFONNUMMER:

Flora/Bremanger likningkontor og folkeregister

MEDISINSK NAUDHJELP: 113

Avdelinga i Svelgen vart nedlagt ved nyttår og alle telefonar og henvendingar må gå til:

800 800 00. OPNINGSTIDER PÅ BREMANGER FOLKEBIBLIOTEK: http://websok.mikromarc.no/bremanger-fb

Legevakt heile døgnet:

57 79 33 13

Legevakt i kontortida (frå kl. 08.00 til 15.00): Svelgen legekontor: Helsestasjon i Svelgen: Hauge legekontor: Bremanger Helsestasjon: Astrid Polden, miljøarb.:

57 57 57 95 95

79 79 79 98 98

64 64 66 29 29

00 07 70 64 35

Heimesjukepleien i Svelgen: Mobil: 95 98 29 32 Heimesjukepleien i ytre: Mobil: 95 98 87 14

Hovudbiblioteket Tlf. 916 65 053 og 916 57 271 Hovudbiblioteket i Bremanger er flytta til første etasje på Svelgen hotell og i det høvet har vi fått nye og utvida opningstider: Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag

11.00-14.00 og 15.00-19.00 11.00-14.00 15.00-19.00 11.00-14.00

Hauge filial Tlf. 916 58 526 Tysdag 15.00 - 18.00 Torsdag 11.30 - 15.00

Biblioteket sin katalog er tilgjengeleg på nett Du kan sjølv søke i bibliotekkatalogen, for å sjå kva vi har på biblioteket og om det er utlånt eller ikkje og følgje med på det nye vi kjøper inn. Du kan også reservere bøker du ønskjer å låne og fornye det du har heime. http://websok.mikromarc.no/bremanger-fb

FYSIOTERAPITENESTA: Timebestilling etter tilvising frå lækjar.

Bremanger Fysioterapi, (Det nye) Helsesenteret, 6723 SVELGEN Tlf: 57 79 64 10 • Mobil: 994 18 919 Fysioterapeut: Asle Jonny Førde

Hauge Fysioterapi, Helsehuset, Hauge, 6727 BREMANGER Tlf. NB! NYTT: 57 79 35 63 Mobil: 41 50 52 46 Fysioterapeut: Johnny Rosø

Davik Fysioterapi, Sølvi Joensen 6730 DAVIK, Tlf: 57 79 15 50 • 918 38 585 Psykomotorisk fysioterapi

Førs Fysioterapi, 6727 BREMANGER Fysioterapeut: June Førde tlf. 57 79 15 20 Ann`s Fotterapi, 6723 SVELGEN v/ Ann Kristin Ryland Gulhaugen Mobil: 415 50 532 ERGOTERAPEUT Tlf. 57 79 66 22 • Mobil: 941 95 434. Judith Ekerhovd, Haugetun, 6727 BREMANGER 27


INFORMASJON

Bremangernytt ynskjer alle ein fin haust!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.