Svikta av Bente Bratlund

Page 1


Š Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Sats: Mangschou Sett med: Adobe Garamond 14/18,5 Papir: 80 g Holmen Book Cream 1.8 Trykk og innbinding: Livonia, Latvia 2017 ISBN 978-82-8238-160-4 www.mangschou.no


Bente Bratlund



I

Pappa vil ikkje koma! Det dunkar hardt og vondt i brystet mitt. Eg knyter hendene. Framfor meg ligg dikteboka mi. Ho er oppslått på ei blank side. Eg skulle skriva ned ei historie eg hadde i hovudet. Eg diktar ofte historier og skriv dei ned. Men så ringde pappa. Han har valt meg bort. – Eg skulle så gjerne kome, Iris, sa han. Han snakka så høgt at eg måtte halda telefonen ut frå øyro. Det var musikk bak han i rommet. Han hadde vel besøk også. – Noko har kome i vegen. Eg er så lei meg for det, sa han. 5


Eg berre trykte telefonen av. Eg ville ikkje høyra meir. Han ringde ein gong til, men eg tok ikkje telefonen. Han ringde til mamma også, og ho kom inn på rommet mitt og sa pappa ville snakka meir med meg, men eg nekta. Det hjelpte ikkje kor mykje mamma masa. Ho måtte berre gje seg og gå inn att i stova. Han trong ikkje forklara meg at han var lei seg. Eg veit godt kva som er kome i vegen. Det er garantert Lise, den nye kjærasten hans. Det er alltid ho. Det brenn varmt bak augo mine. Eg tar opp pennen. Skriv med store bokstavar over heile den blanke sida i dikteboka: «Eg hatar pappa.» Så angrar eg. Og får kjempevondt inni meg. Fort rablar eg over. Eg hatar ikkje pappa. Eg er utruleg glad i han. Det er difor eg er så lei meg. Pappa har svike meg. – Du lova jo, pappa, kviskrar eg lågt. – Du lova! Han gjorde det. Då eg ringde til han og fortalde om framsyninga vi skulle ha på skulen, og at eg 6


skulle ha to hovudroller, då var han heilt sikker. – Klart eg kjem, sa han. Han var så ivrig i stemma. – Dette vil eg ikkje gå glipp av, Iris. Eg trudde på han. Eg har gledd meg slik. Vi har øvd og øvd, eg skal både dansa og syngja solo. Eg ser ned på arket framfor meg. Ser på orda eg har rabla over, og som nesten er usynlege bak rabbelet. Det ser stygt ut. Svart, stygt, slik det er inni meg. Eg riv ut sida. Kanten som står att der sida er riven ut, er ujamn og skeiv. Det får vera som det er. Eg krøllar arket til ei papirkule, klemmer henne saman, og så hiv eg kula i veggen. Papirkula dett ned på golvet ved døra, men eg gidd ikkje reisa meg og henta henne. Det brenn og dunkar i meg. Kvifor har pappa valt meg bort? Kunne han ikkje kome viss han ville? Kva er viktigare enn meg? Mamma slamrar med ei skapdør på kjøkkenet. Og så blir eg så forferdeleg sint på henne også. Det var ho som ville skilja seg frå pappa. Endå dei aldri krangla eller noko slikt. 7


– Folk veks frå einannan, sa ho. – Men de er jo venner, då kan de vel like godt vera gifte, protesterte eg. Mamma ville ikkje høyra. – Det er vel bra at vi er venner, sa ho. Og i starten var alt greitt nok. Eg budde litt hos mamma og litt hos pappa, og pappa budde like ved oss, så eg kunne gå til han når eg ville. Men så fekk mamma jobben her, og vi måtte flytta. Ingen spurde meg. Eg skulle vera hos pappa annakvar helg, og i byrjinga var det litt spennande. Eg reiste med tog eller med buss, og pappa venta på meg. Vi fann på noko, eller vi berre koste oss og gjorde ingen ting. Men så møtte pappa Lise. Og etter kvart var ho der alltid når eg kom. Eg fekk aldri ha pappa aleine lenger. Og så skulle dei ting så vi måtte byta om på helgar, eller helgar gjekk vekk. Det blei berre surr. Når eg er hos pappa no, kjenner eg meg på eit vis utanfor. Lise er alltid blid. Altfor blid. Ho er så sukkersøt at det er til å spy av. – Det er koseleg å vera saman med deg, Iris, seier ho og smiler og smiler og smiler. 8


Men eg veit at det er pappa ho vil vera saman med. Eg er garantert berre ei ho må finna seg i. Helst ville ho nok hatt pappa aleine. Og pappa flirer det tåpelege fliret sitt og berre ser på henne. Sjølv om dei snakkar med meg, så er det liksom dei to og så meg. Dei må heile tida halda hender, og så ser dei på kvarandre og flirer så dumt. Dei vekslar blikk heile tida, til og med når dei snakkar med meg. Det er nesten så eg gruer meg til å dra til pappa, sjølv om eg lengtar enormt etter han. Eg har lyst å ha han for meg sjølv. Eg har ikkje lyst til å ha kjærasten hans der heile tida. Eg prøvde å seia det til pappa. – Kan ikkje vi finna på noko aleine, berre du og eg? Han forstod ingen ting. – Men Lise synest det er så kjekt å vera saman med deg. Ho vil bli lei seg om vi ikkje tar henne med, sa han. Han såg forvirra og rar ut. Men kva med meg, ville eg spørja han, gjer det ikkje noko om eg blir lei meg? Men eg sa ikkje noko. Eg berre nikka og sa det var greitt. Endå eg 9


kjende den vonde klumpen i magen. For eg var redd for at viss eg sa til pappa at ho ikkje fekk bli med, så ville eg få sjå pappa endå sjeldnare. Alt er blitt annleis etter Lise. Likevel hadde eg aldri trudd han ville la vera å koma til framsyninga. Eg ser ned på dikteboka mi. Der eg diktar historier og skriv inn ting eg tenkjer på. Eg elskar å dikta. Eg skal bli forfattar når eg blir vaksen. Det berre veit eg. Men no er alle orda borte. Eg er berre lei meg. Lei meg. Lei meg. Eg lukkar boka.


2

Eg sit i klasserommet og har den ekle klumpen i magen. Eg greier ikkje slutta å tenkja på at pappa ikkje vil koma til framsyninga. Det knyter seg i meg. Eg ser ned i boka framfor meg, men orkar ikkje å skriva noko. Eg må på do, men knip igjen. Det er snart friminutt. Eg ser på klokka. Ho går så uendeleg seint. Eg blæs håret bort frå panna og sukkar lågt. Eg skulle gledd meg no, til framsyninga og til øvingane, men eg kjenner meg ikkje det minste glad. Eg bestemmer meg for at eg vil finna på ei historie, resten av timen vil eg berre dikta. Når 11


eg diktar, blir eg alltid glad inni meg. Det hjelper same kva det er eg er lei meg for. Det har vore slik så lenge eg kan hugsa. Eg byrjar å tenkja på ein ting, og så berre flyg eg bort i mi eiga verd. Historier kjem heilt av seg sjølve i hovudet mitt. Dei fossar fram. Eg hugsar då eg var hos farmor som lita. Ho hadde eit lite rosemåla skrin med knappar i. Eg elska å leika med desse knappane. For meg var knappane folk, og eg visste godt kva for ein knapp som var gut, og kva for ein som var jente, og kva for nokre som var vaksne og gamle. Eg kunne sitja i timar og dikta kva som skjedde med dei. Var eg ute og skulle leika, så plukka eg steinar i vegkanten og dikta at dei var folk. Eg fann meg ei trapp, og så var trappetrinna etasjar i eit høgt hus der knappane budde. Ofte blei eg irritert når nokon kom og ville vera i lag med meg. Eg ville mykje heller finna på historier sjølv enn å leika med andre. Eg var vel litt rar alt då. Eg er rar no også. Eg diktar heile tida, same kor eg er. Eg ser meg rundt i klasserommet. Eg har ikkje 12


gått i denne klassen så lenge, ikkje eit år eingong. Eg ville ikkje flytta hit. Eg grudde meg til ny skule og ny klasse. Heime hadde eg venner som eg hadde kjent alltid. Då eg gjekk inn i klasserommet for første gong, var eg berre sur og gretten på alt. Særleg på mamma, som hadde tvinga meg til å flytta hit. Eg såg rundt på dei nye klassekameratane mine og tenkte at dei kjende kvarandre alle saman. Berre eg var framand. Det var ikkje det minste kjekt. Men læraren i den nye klassen min, Grethe, var heilt topp. Ho ønskte meg velkomen, og så brukte vi ein heil time der vi alle snakka saman. Vi sette oss i ein ring, og alle måtte seia etter tur kva dei heitte, og kva dei likte best å gjera på. Alle gjorde det, endå det berre var eg som ikkje visste noko om dei andre. Då turen kom til meg, hadde eg alt gløymt kva dei første hadde sagt. Det var så mange på ein gong. – Eg er Iris, sa eg. Og så berre plumpa det ut av meg. – Og eg skal bli forfattar. Eg kunne bite av meg tunga. Alltid måtte eg 13


snakka før eg tenkte. Men Grethe berre nikka til meg. – Så du likar å dikta og skriva, du, sa ho. – Ja, sa eg. – Spennande, sa Grethe. Så gjekk turen til neste i ringen. Det var Erle. Ho smilte til meg, og eg pusta ut og tenkte at det kanskje ikkje blei så ille å gå på ein ny skule likevel. I friminuttet etterpå kom Nora, Isa og Erle bort til meg. Dei stod tett inntil kvarandre og såg på meg. – Så du skal bli forfattar, sa Nora. Ho himla med augo, og så flirte ho. Isa stod ved sida av og flirte ho også. Men Erle tok eit steg mot meg. – Eg likar bøker, sa ho. Ho smilte og tok enno eit steg nærare. Eg trur det var då Erle og eg blei venner. Akkurat då. – Fortel ei historie, sa Nora. Ho hadde framleis eit flir om munnen. Ho trudde nok eg skulle bli flau og ikkje seia noko, og at det berre skulle bli pinleg for meg. Men eg stirte henne rett inn i augo. Og så fortalde eg ei historie. Det var ei eg hadde dikta opp før, men det visste 14


ikkje dei. Eg fortalde slik eg hadde gjort til vennene mine heime, orda berre rann ut, og eg snakka heilt til det ringde inn. Nora og Isa stod tett saman. Dei kom ikkje nærare, men dei følgde med. Eg merka godt at dei lytta nøye. Då vi gjekk tilbake til klasserommet, tok Erle meg i armen. – Du blir garantert forfattar, sa ho. Eg blei varm og glad inni meg. Seinare ville alle i klassen høyra historiene mine. Dei stilte seg rundt meg i friminutta, og eg fortalde og fortalde. Eg elskar å fortelja. Når dei står rundt meg slik og lyttar, så skjer det noko i meg. Eg blir varm i heile meg, og eg kunne halde på med å fortelja ei heil æve. Men morfar har lært meg at det er lurt å slutta mens dei enno er ivrige, for då vil dei høyra meir sidan. Eg skriv ned alle historiene mine i dikteboka mi. Eg skriv ikkje på PC, endå alle dei andre i klassen gjer det. Eg vil gjera det på gamlemåten, slik forfattarane gjorde det før. Eg har sett bilde av dei gamle bøkene dei skreiv i, med skrå fin skrift. 15


Mi skrift er ikkje like fin, men eg prøver. Eg plar få mamma til å kjøpa bøker til meg med liner i, og så skriv eg historiene mine i dei med penn. Dikteboka mi er snart full, så eg må ha ei ny. – Iris! Eg vaknar opp av stemma til Grethe. – Kor er du no, Iris? spør ho. – Eg er her, seier eg. Dei andre i klassen ler. Grethe smiler. Ho er snill. Ho veit veldig godt at eg diktar meg bort. Alle i klassen veit det. Eg prøver å følgja med. Men no må eg så på do at eg knip låra saman. Endeleg ringer skuleklokka. Eg er den første som spring ut døra.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.