Kommuneprogram 2019–2023

Page 1

GRØNE GLOPPEN – ​FOR MENNESKE OG MILJØ

valprogram 2019 – 2023 ​miljøpartiet dei grøne i gloppen Grøn politikk er basert på rettferd og likskap for alle, både oss som lever i dag og for framtidige generasjonar. Målet er eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, slik at vi ikkje overlet urimelege kostnader til etterkomarane våre. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer eit samfunn der livskvalitet vert sett framfor økonomisk vekst. Det er eit samfunn der det materielle forbruket går ned, og der folk har meir tid til kvarandre. Vi skal bidra til at kommunen og Noreg når dei klimamåla som vart sett i Paris-avtala, og som tek vare på naturmangfaldet. I tillegg skal Gloppen kommune vere ein føregangskommune for å nå FN sine berekraftsmål. Kommunen vår skal verte ein nullutsleppskommune og eit samfunn i solidaritet med andre menneske, med framtidige generasjonar, med dyr og natur.


VÅR POLITIKK Miljøpartiet Dei Grøne​ er eit miljøparti. Dette tyder ikkje at klima- og miljøsaka er vår einaste sak, men at vi meiner at omsynet til klima og miljø skal vere styrande for korleis kommunen legg opp politikken sin. FN sine rapportar om klimaendringar og tap av biologisk mangfald er noko vi må ta på alvor, og vi som kommune må gjere vårt for å løyse desse utfordringane. Vi ynskjer at den langsiktige miljøplanen i kommunen ikkje skal begrense seg til å vere fagre ord og lovnader, men å vere det overordna målet i all planlegging. Dette kan ikkje verte trumfa av kortsiktige næringsinteresser. Gloppen kommune er fjell og fjord, innmark og utmark og store ressursar. Desse skal vi leve av og hauste frå, men det skal skje utifrå ein overordna tanke om at vi vil skape eit samfunn som også har ressursar til overs til komande generasjonar og resten av verda. Målet til MDG er at Gloppen skal verte ein føregangskommune når det gjeld klimasmarte løysingar, bustader, næringsutvikling, sjølvforsyning av mat og straum, og bygge opp eit solid grønt næringsliv med grøne arbeidsplassar. Denne grøne satsinga vil vi gjennomføre ved satsing på følgande punkt:

Vi vil: ● Setje omsynet til natur og miljø framfor omsynet til kortsiktig profitt ● At den nye klimaplanen for Gloppen styrer mot klimanøytralitet, med konkrete mål og fristar. ● At kommunen skal prioritere å bruke nødvendige ressursar på å sette opp klimarekneskap og -budsjett*. ​Dei må årleg brukast til å vidareutvikle klimamåla i planen, slik at vi raskt får radikale klimakutt. ● Ha eit grønt arbeids- og næringsliv ● Eit bærekraftig landbruk ● Stimulere til meir økologisk landbruk i Gloppen ● Stimulere til grøne innkjøpsordningar i kommunen ● Ha eit breitt og inkluderande kulturliv ● Gjere Gloppen kommune til ei sykkelbygd ● Betre kollektivtilbodet ● Vere sjølvforsynte med straum og varme ● Samarbeide med skular, barnehagar og næringsliv og strekke ein grøn tråd gjennom alle kommunale prosessar ● Seie nei til cruisekai og cruiseskip av hensyn til klimaet og miljøet i og kring fjorden ● Ha ein sterk kommunal klima- og miljøplan, og sjå til at denne vert følgt.


● Sikre natur- og landskapsvernområde mot trugsmål frå kommersielle aktørar ● Vere best på busetjing og integrering av flyktningar ● Miljøvenleg bustadpolitikk og arealpolitikk som alltid tek omsyn til det biologiske mangfaldet. * Kva er eit klimarekneskap? ​Eit klimarekneskap er ein oversikt over korleis kommunen si drift påverkar klimaet - altså kommunen sitt klimafotavtrykk. Ved å lage eit klimarekneskap får kommunen handfast dokumentasjon som kartlegg korleis dei ulike aktivitetane i kommunen er med på å påverke klimaet, og kvar det er effektivt å sette inn tiltak.

Folkehelse Vi ynskjer at vi i Gloppen skal ete meir plantebasert kost og røre oss meir. Det er betre både for helse og miljø. Vi vil: ● Prioritere førebyggande helsearbeid ● Utvide helsesystertilbodet i skulen til å gjelde kvar dag i veka, og gjere psykologtenesta meir tilgjengeleg for alle ● Styrke Aktiv UNG-tilbodet i kommunen ● Tilrettelegge for at ein går og syklar når avstandene er korte ● Prioritere friluftslivet, ta vare på viktige friluftsområde, merke turstiar, lage turvegar og naturmøteplassar for alle ● Tilby vegetariske alternativ kvar dag i kommunale​ ​kantiner og institusjonar og gje eit godt tilbod av frukt og grønt. Prioritere lokal og økologisk mat

Eldreomsorg Eldre og uføre må få dekka sine behov for samvær og trygg omsorg når helsa sviktar. Vi vil legge til rette for at pårørande og frivillige kan bidra. Dei grøne vil sikre eit sterkt offentleg helse- og omsorgstilbod i alle delar av kommunen. Ideelle og private aktørar kan på nokre område gje større mangfald og vere eit positivt supplement, men vi ønskjer ikkje ei utvikling der betydelege offentlege velferdsmidlar går til å finansiere privat profitt. Mange eldre og uføre er einsame, og einsemda kan bli forsterka av mål om effektivitet dersom tilsette blir erstatta med velferdsteknologi. Velferdsteknologi kan bidra til at eldre kan bu heime lenger. Dei grøne vil ta i bruk velferdsteknologi tilpassa det enkelte menneske, for å sikre betre omsorgs- og behandlingstilbod.


Vi vil: ● Styrke heimetenesta ● Syte for nok institusjonsplassar og omsorgsbustadar ● Ha forsvarlege arbeidstider for helsepersonell og arbeide for å ha lågt sjukefråvær i omsorgstenesta

EIT GRØNT ARBEIDS- OG NÆRINGSLIV Miljøpartiet Dei Grøne vil at Gloppen skal vere ein føregangskommune i landet når det gjeld å ta steget ut av fossilsamfunnet og inn i fornybarsamfunnet. Her er ei grøn omstilling i næringslivet sentralt. Gloppen kommune treng eit kreativt og nyskapande næringsliv med fleire grøne arbeidsplassar enn i dag. Då er det viktig å fyrst og fremst halde på naturressursane og verdiskapinga lokalt og styrke vilkåra for lokale bedrifter. Samstundes er det mange som flyttar til kommunen vår, og desse treng arbeidsplassar. Vi ønsker at kommunen skal legge til rette for at dei som ønsker å starte opp grøne bedrifter og arbeidsplassar skal få til dette, og vi ønsker at krav om bærekraft og omsyn til miljø skal vere kriterium som må oppfyllast frå dei som søker på det kommunale næringsfondet. Vi vil: ● Legge til rette for fleire grøne arbeidsplassar og skape eit kommunalt grønt skifte ● Krav om bærekraft og omsyn til miljø skal vere kriterium som må oppfyllast frå dei som søker på det kommunale næringsfondet. ● Støtte grøne gründarar ● Turismen i kommunen skal vere økologisk berekraftig ● Halde fast ved søndagen som handlefri dag ● Kommunen skal kunne hjelpe til med gode og rimelege lokale til dei som startar bedrifter. ● Setje omsynet til natur og miljø framfor omsynet til kortsiktig profitt

EIT BEREKRAFTIG LANDBRUK Landbruket er Gloppen og heile distrikt-Noreg si hjørnesteinsnæring. Fell landbruket, fell bygdene. MDG vil samarbeide med næringa lokalt og arbeide for å styrke rammevilkåra.


Import av kraftfôr er miljøfientleg og trekk ned sjølvforsyningsgraden i Noreg, og MDG ynskjer difor meir grovforutnytting, samt lokal kraftforproduksjon. For å produsere mat med så låg belastning på natur, klima og ressursar som råd, vil MDG særleg støtte beitebruk og frukt-, bær- og grønsaksdyrking, og arbeide for omlegging til økologisk drift og sikre god dyrevelferd. MDG vil støtte nisjeproduksjon, men er samtidig klar på at dei fleste bønder er og må vere masseprodusentar. Matjorda er ein verdifull, ikkje-fornybar ressurs som må vernast av omsyn til matbehovet både i Noreg og i verda. Vi vil: ● Leggje til grunn at landbruket hovudsakleg skal vere basert på små og mellomstore bruk ● Ha totalforbod mot nedbygging av matjord ● Føre ei streng handheving av bu- og driveplikta ● Stimulere til berekraftige tilleggsnæringer i landbruket ● Arbeide for at landbruksjord som ligg brakk vert teke i bruk ● Arbeide for ei innkjøpsordning i kommunale bedrifter som sikrar lokal mat på lokale fat ● Støtte beitelaga slik at det lokale fôrgrunnlaget vert fullt utnytta ● Gje bøndene gode høve til rettleiing og rådgjeving ● Stimulere til oppretting av andelsbruk ● Stimulere til lokal kraftfôrproduksjon ● Leggje til rette for omlegging til økologisk drift ● Arbeide for betre dyrevelferd ● Støtte tiltak for å ta vare på kulturlandskapet ● Auke støtta til ordinær ny- og gjendyrking av matjord og grøfting, innan rammene til klimaomsyn og Naturmangfoldsloven.

LOKAL MAT PÅ LOKALE FAT Gloppen kommune er den største landbrukskommunen i fylket, og bøndene våre produserer eit stort utval matvarer. Dersom Gloppen kommune for alvor skal verte ein gjennomført grøn satsingskommune må vi arbeide fram mot å vere mest mogleg sjølvforsynt med lokale produkt Dette tyder at kommunen må legge til rette for at lokale produsentar og bedrifter skal finne ein naturleg marknad for sine varer i sin eigen kommune ved å gå inn for innkjøpsordningar som prioriterar lokal mat.


Vi vil: ● Stimulere til ei grøn innkjøpsordning i skular og kommunale kjøken med utganspunkt i lokale produsentar ● At ein i kommunale anbodsrunder legg betre til rette for at lokale bedrifter og småskalaprodusentar kan gje tilbod ● Gjennomgå alle sider ved kommunane sin aktivitet og innkjøpsrutiner med formål å redusere forbruket og redusere mengda avfall ● Gje støtte til bønder som ynskjer å opprette andelslandbruk ● Innføre ein kjøtfri dag i kommunale kantiner og storkjøken

EIT BREITT OG INKLUDERANDE KULTURLIV Miljøpartiet Dei Grøne ser på det å kunne uttrykke og engasjere seg i kulturlivet som ein menneskerett. Eit samfunn som er tufta på grøne verdiar er eit samfunn der opplevingar og møte mellom menneske er meir verdifulle enn økonomisk vekst og materielle goder. Vi ynskjer at den kommunale kulturpolitikken skal støtte opp om og legge til rette for kultur og idrett, slik at desse på best mogleg måte kan vere sjølvgåande, frie og uavhengige. Eit fritt og aktivt idretts- og kulturliv skaper møteplassar og opplevingar på tvers av samfunnslag og nasjonalitet, stimulerer til mangfald og bidreg til eit inkluderande samfunn. Gloppen har i fleire år lege i toppsjiktet på kåringar av Noregs beste kulturkommunar, og har eit rikt kulturliv innan både idrett, musikk og anna. MDG vil bygge vidare på dette grunnlaget, og styrke Gloppen som ein mangfaldig kulturkommune. I tillegg har kommunen fleire kulturminne som treng kommunal stønad og merksemd for at så mange som mogleg skal få oppleve dei også i framtida. Vi vil: Arbeide for å oppretthalde og styrke musikk-, dans- og dramalina ved Firda VGS Gje gode vilkår for festivalane og kulturskulen i Gloppen Seie nei til bruk av gummigranulat Arbeide for at distriktsmusikerstillingane i kommunen vert oppretthaldne og styrka ● Syte føre at bevaringa av Holvikjekta og senteret kring denne vert realisert ● Få sett i gong arbeidet med Eidegarden ● ● ● ●


● ● ● ● ● ● ● ● ● ●

Setje opplevingar og mellommenneskelege møte framfor profitt Styrke musikk- og kunstfaga i barnehagar og skular Ha fokus på mangfald i kulturpolitikken; flest mogleg skal oppleve mest mogleg Prioritere støtte til frivillige organisasjonar og frivillegesentralar Prioritere tilrettelegging av friluftsliv Setje fellesskapet framfor kortsiktig næring ved å arbeide mot utbygging som øydelegg verdifulle kulturminner og / eller friluftsområde Innføre ei utlånsordning for sports- og friluftsutstyr Realisere babysymjing Sikre gode lågterskel fritidstilbod til alle aldersgrupper og for alle sosiale lag Ivareta og styrke bibliotektilbodet i heile kommunen

GRØN TRANSPORT Gloppen har gode føresetnadar for å syklande og gåande. Mange bur i relativt kort veg frå sitt sentrum, og med elsyklane sitt inntog er heller ikkje tunge bakkar og stor last til noko stor utfordring. Ulike spesialtilpassa syklar gjer det også stadig enklare for menneske med nedsett funksjon å kome seg frå a til b på eiga hand. Likevel er det store trafikale utfordringar å løyse om sykkelen skal vere eit aktuelt framkomstmiddel for fleire enn i dag. Vegen inn til tettstadane må gjerast sikre med eigne sykkelvegar og betre tilrettelegging for mjuke trafikkantar og det er naudsynt å sjå på køyremønsteret i sentrum. I landet vårt har klimagassutsleppa den siste tida auka. Vi veit at utsleppa må ned, og med det bilbruken. Samstundes er fedme og manglande aktivitet hjå born og vaksne eit stadig aukande problem i kommunen vår. Vi ønsker at den transporten som skjer i kommunen vår skal vere så miljøvenleg som mogleg. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ein viktig del av løysinga på desse utfordringane er å legge til rette for auka sykkelbruk i kommunen. Samstundes er det mange som er avhengige av å bruke bil eller buss til og frå ulike aktivitetar og i jobb. Difor ønsker vi at alle kommunale tenestebilar skal vere fossilfrie innan 2025. Vil vil og jobbe for eit mangfaldig kollektivtilbod, slik at alle kan ha eit reelt alternativ til bilen, og arbeide for å opprette ei kommunal tilskotsordning til kjøp av transportsykkel. Vi ønsker også å opprette eit kommunal bilkollektiv, slik at ein har bil lett tilgjengeleg ved behov utan at ein treng å eige ein sjølv. Ved oppretting av nye byggefelt må ein og opprette gang- og sykkelfelt frå byggefeltet til skule og sentrum. Alle skal kunne gå og


sykle trygt til ulike aktivitetar. Vi ønsker mindre parkering og meir tilrettelegging for mjuke trafikantar i sentrum.

Vi vil: ● Lage ein kommunal gå- og sykkelplan. ● Gjere det mogleg og attraktivt for alle aldersgrupper å nytte sykkel eller gå til og frå skule og jobb. ● Legge til rette for gåande og syklande i tettstadane i kommunen – Reed, Byrkjelo, Hyen og Sandane. ● Arbeide for eit godt ringbusstilbod i kommunen. ● Gje naudsynt trafikkopplæring frå barnehagealder. ● Bygge ut gang- og sykkelvegnettet med særskild fokus på flaskehalsane inn mot dei ulike sentra i kommunen. ● Sjå på betre løysingar for gåande og syklande, til dømes fleire fortau og heva gangfelt og reduserte fartsgrenser for køyrande. ● Finne løysingar som gjer det meir attraktivt å sykle og køyre kollektivt enn å køyre privatbil. ● Arbeide for at heile bilparken til Gloppen kommune skal vere nullusleppskøyretøy. ● Stille el-syklar til disposisjon for kommunalt tilsette til bruk på korte tenestereiser. ● Opprette ei kommunal tilskotsordning for kjøp av transportsykkel. ● Setje omsynet til mjuke trafikkantar fyrst i all arealplanlegging, og søke å løyse nokre av dagens utfordringar

DER DET ER HJARTEROM Flyktningstraumen til Europa er framleis stor. Krig, naud og fattigdom råkar hardt og urettferdig dei som allereie har minst, og driv menneske på flukt frå heimane sine. Flyktningane har rett til tryggleik, husvere og helsehjelp, dei skal lære norsk og dei skal integrerast i dei lokalsamfunna der dei vert plasserte. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at vi skal ta imot fleire flyktningar enn vi gjer i dag. Partiet går inn for å ta imot fleire kvoteflyktningar i tillegg til å handsame raskare dei asylsøkarane som allereie ventar på å få sine søknader handsama. MDG meiner Noreg – verdas rikaste land – er betre rusta


til å løyse desse utfordringane enn noko anna land i verda. Innvandringa til Noreg er eit resultat av eit større globalt bilete der vi ber vår del av ansvaret. Å måtte gjere prioriteringar som kanskje går ut over andre felt i kommuneøkonomien er naudsynt for å hjelpe medmenneske som treng umiddelbar hjelp. Vi vil: Ta imot, inkludere og sysselsetje flest mogleg flyktningar Sjå på alternative løysingar for sysselsetjing av flyktningar Skape fleire møteplassar mellom innfødde Glopparar og tilflyttarar av alle slag Sjå på moglegheiter for å stimulere til meir integrering i frivillige lag og organisasjonar. ● Arbeide mot rasisme og diskriminering ● Opprette fleire arbeidstreningsstillingar for innvandrarar ● ● ● ●

STYRKA LOKALDEMOKRATI Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer eit sterkt lokaldemokrati, med kort veg frå innbyggar til avgjerdsletakar. Det gjev den einskilde innbyggar auka sjanse til å påverke, og høve til å følge med i avgjerdsleprosessane. Eit fleirtal i Gloppen vår stemde nei til kommunesamanslåing, og det set oss i posisjon til å styrke og bygge vidare på nærleiken mellom innbyggjarar og politikarar og administrasjon. MDG meiner at lojaliteten til dei folkevalde og tilsette i kommunen fyrst og fremst skal gå nedover til innbyggjarane, og ikkje oppover til kommunal leiing. MDG vil lytte til innbyggjarane og ta grunneigarar tidleg med i avgjersleprosesser. MDG meiner Gloppen vert meir attraktiv for tilflyttarar ved å gjere kommunen til ein betre plass for dei som allereie bur her, og å prioritere innbyggjarar framfor utbyggjarar. Vi vil: ● ● ● ●

Arbeide for opne prosessar i politikk og byråkrati Ha lojalitet til kommunen sine innbyggjarar framfor leiinga Lytte til innspel frå lag og foreiningar, så vel som einskildpersonar Lytte til barn og unge, og gje dei utan stemmerett betre høve til å spele inn meiningane sine


MANGFALD I SKULEN Gode høve til utdanning, opplæring og studiar er viktige rettar som Dei Grøne vil ta vare på og styrke. Både den einskilde borgar, demokratiet og samfunnet som heilskap blir styrka gjennom kunnskap og kompetanse. Skulen sine primære mål er å formidle kunnskap, men det er viktig at elevane også lærer om sosiale verdiar og sosial dugleik. Dei Grøne meiner det er behov for å sjå kritisk på mengda av oppgåver som skular og lærarar er pålagde. Lærarar skal først og fremst bruke tida si på opplæring. Opplæringa skal vere framtidsretta og basert på forsking og kunnskap. Berekraftig utvikling må vere eit grunnleggande perspektiv i skulen sine læreplanar og undervisninga. Vi ønskjer eit skulesystem som inkluderer og motiverer, og som motverkar mobbing og utstøyting. Skulen må vere fleksibel nok til å møte barn og unge på det nivået dei er, og ha lærarar med nok fagkunnskap og pedagogisk kompetanse til å løyse dei komplekse utfordringane i skulen. Dei fleste skulane i Gloppen har i dag store plass- og bemanningsutfordringar. Dette skaper problem for elevar og lærarar, og kjem i vegen for å skape eit godt arbeids- og læremiljø. MDG går inn for å få ei snarleg løysing på dette. Vi vil: ● Styrke skulehelsetjenesta, spesielt “Team for psykisk helse” og “Team for tidleg innsats” ● Arbeide for at alle barnehagar og grunnskular får eigen skulehage eller tilgang til gratis leige av parsellar i nærområdet. ● Gje elevane større tilgang til praktiske og estetiske valfag, og fag med fordjuping i språk og matematikk. ● Grønt entrepenørskap inn i skulen ● Skulen i Gloppen skal fremje berekraftige vanar og forbruk, og bidra til naturglede, respekt for naturen og klima- og miljøbevissthet. ● Arbeide for å styrke og behalde linjene ved Firda VGS. ● Legge aktivt til rette for utvikling av ei klima og miljø-linje ved Firda VGS ● Søke å finne ei løysing på plass- og bemanningsutfordringane i skulane ● Nye bygg skal vere berekraftige og med grøne løysingar ● Alle skal kunne gå eller sykle trygt til sin skule. ● Utgreie bilfrie “hjartesoner” rundt skular og barnehagar. ● Ha fokus på uteskule, fysisk aktivitet etc.


● Jobbe for at alle skular og barnehager skal bli Grønt flagg-sertifisert. ● Ha kompetanse og rutiner i helsevesen, barnehagar og skular for å oppdage og førebygge vald, mobbing og overgrep mot barn

BUSETNAD Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer at alle som flyttar til kommunen skal få høve til å bu på den måten dei vil, samstundes som ein held omsynet til miljøet som rettesnor for all utbygging i kommunen. Bygging av bustader og busetjing er tett samanvevd med landbrukspolitikk og sentrumsutvikling, og mange av Dei Grøne sine haldningar til dette går fram i dei kapitla. Vi vil: ● Gjere grep som opnar og gjer bustadmarknaden i Gloppen meir tilgjengeleg for unge som ynskjer å etablere seg i kommunen ● Setje omsynet til det biologiske mangfaldet fyrst i arealplanlegginga ● Legge til rette for at heile kommunen skal busetjast; også kommunedistrikta. ● Opprette “prøvebustad” i kommunedistrikta. ● Gje stønad til “plusshus” – bygningar som produserer meir energi enn dei forbruker. ● Syte føre ei heilskapleg sosial og miljøvenleg planlegging der det skal anleggast nye bustadfelt, og desse skal ha tilknytta gang- og sykkelveg. ● Utvikle eit grønt sentrum med vekt på bustader og trivsel for alle generasjonar ● Vektlegge estetikk i utbyggingsplaner, spesielt i sentrum

STEM FOR FRAMTIDA​ – STEM PÅ DEI GRØNE


Våre fire på topp til lokalvalet 2019: ​(f.v.) Lars-Bjarte Osland – 3. plass,​ Martin Eikeset Koren – 4. plass, ​Mariel Eikeset Koren – 1. plass, ​Jørgen Dølvik Husbyn – 2. plass.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.