LOKALPROGRAM 2015 – 2019 MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
GRØNE GLOPPEN – EIN KLIMAKOMMUNE
Grøn politikk er basert på rettferd og likskap for alle, for oss som lever i dag og for framtidige generasjonar. Målet er eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, slik at vi ikkje overlet urimelege kostnader til etterkomarane våre. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer eit samfunn der livskvalitet vert sett framfor økonomisk vekst. Det er eit samfunn der det materielle forbruket går ned, og der folk har meir tid til kvarandre. Eit samfunn i solidaritet med andre menneske, med framtidige generasjonar, med dyr og natur.
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
POLITISKE PRIORITERINGAR Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere Gloppen kommune til den fyrste grøne kommunen i landet. Vi må ta verda sine klima- og miljøutfordringar på alvor, og då må kvar einskild kommune ta sin del av ansvaret. Forholda ligg særs godt til rette i Gloppen for å skape ein kommune som tenkjer grønt og miljøvenleg i alle ledd og i alle prosessar. Målet til MDG er at Gloppen skal verte ein føregangskommune når det gjeld klimasmarte løysingar, bustader, næringsutvikling, sjølvforsyning av mat og straum, og bygge opp eit solid grønt næringsliv med grøne arbeidsplassar. Denne grøne satsinga vil vi gjennomføre ved å arbeide med følgande punkt:
• • • • • • • • •
Setje omsynet til økologisk berekraft fyrst Grønt arbeids- og næringsliv Eit berekraftig landbruk Stimulere til grøne innkjøpsordningar i kommunen Eit breitt og inkluderande kulturliv Gjere Gloppen kommune til ei sykkelbygd Betre kollektivtilbodet Vere sjølvforsynte med straum og varme Samarbeide med skular, barnehagar og næringsliv og strekke ein grøn tråd gjennom alle kommunale prosessar • Vere best på busetjing og integrering av flyktningar • Miljøvenleg bustadpolitikk
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
BEREKRAFTIG RESSURSBRUK Miljøpartiet Dei Grøne er eit miljøparti. Dette tyder ikkje at miljøsaka er vår einaste sak, men at vi meiner at omsynet til klima og miljø skal vere styrande for korleis kommunen legg opp politikken sin. Vi ynskjer at den langsiktige miljøplanen i kommunen ikkje skal begrense seg til å vere fagre ord og lovnader, men å vere kongstanken og det overordna målet i all planlegging. Dette kan ikkje verte trumfa av kortsiktige næringsinteresser. Gloppen kommune er fjell og fjord, innmark og utmark og store ressursar. Desse skal vi leve av og hauste frå, men det skal skje utifrå ein overordna tanke om at vi vil skape eit samfunn som også har ressursar til overs til komande generasjonar og resten av verda. Det er dette som er berekraft. Gloppen MDG vil:
• Seie nei til cruisekai av hensyn til miljøet i og kring fjorden • Verne den lokale sildestammen i Gloppefjorden • Stenge Gloppefjorden for kommersielt fiske • Ha ein sterk kommunal klima- og miljøplan, og sjå til at denne vert følgd • Sikre natur- og landskapsvernområde mot trugsmål frå kommersielle aktørar
EIT GRØNT ARBEIDS- OG NÆRINGSLIV Miljøpartiet Dei Grøne vil at Gloppen skal vere ein føregangskommune i landet når det gjeld å ta steget ut av fossilsamfunnet og inn i fornybarsamfunnet. Her er ei grøn omstilling i næringslivet sentralt. Gloppen kommune treng eit kreativt og nyskapande næringsliv med fleire grøne arbeidsplassar enn i dag. Då er det viktig å fyrst og fremst halde på naturressursane og verdiskapinga lokalt og styrke vilkåra for lokale bedrifter. Gloppen MDG vil:
• Legge til rette for fleire grøne arbeidsplassar og skape eit kommunalt •
grønt skifte Støtte grøne gründarar
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
• Halde fast ved søndagen som handlefri dag • Setje omsynet til natur og miljø framfor omsynet til kortsiktig profitt
EIT BEREKRAFTIG LANDBRUK Landbruket er Gloppen og heile distrikt-Noreg si hjørnesteinsnæring. Fell landbruket, fell bygdene. MDG vil samarbeide med næringa lokalt og arbeide for å styrke rammevilkåra. Import av kraftfôr er miljøfientleg og trekk ned sjølvforsyningsgraden i Noreg, og MDG ynskjer difor meir grovfôrutnytting, samt lokal kraftfôrproduksjon. For å produsere mat med så låg belastning på natur, klima og ressursar som råd, vil MDG særleg støtte beitebruk og frukt-, bær- og grønsaksdyrking, og arbeide for støtte til økologisk drift og god dyrevelferd. MDG vil støtte nisjeproduksjon, men er samtidig klar på at dei fleste bønder er og må vere masseprodusentar. Matjorda er ein verdifull, ikkje-fornybar ressurs som må vernast av omsyn til matbehovet både i Noreg og i verda. Dette vert særleg ei viktig sak når tunnellen under Utvikfjellet vert planlagt. Gloppen MDG vil:
• Handheve eit forbod mot nedbygging av matjord • Føre ei streng handheving av bu- og driveplikta • Arbeide for ei innkjøpsordning i kommunale bedrifter som sikrar lokal mat • • • • • • • •
på lokale fat Støtte beitelaga slik at det lokale fôrgrunnlaget vert fullt utnytta Gje bøndene gode høve til rettleiing og rådgjeving Stimulere til oppretting av andelsbruk Støtte omlegging til økologisk drift Støtte tiltak for betre dyrevelferd Støtte tiltak for å ta vare på kulturlandskapet Støtte tiltak for å forebygge konflikt mellom husdyr og rovdyr Auke støtta til ordinær ny- og gjendyrking av matjord og grøfting, innan rammene til klimaomsyn og Naturmangfoldsloven.
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
LOKAL MAT PÅ LOKALE FAT Gloppen kommune er den største landbrukskommunen i fylket, og våre bønder produserer eit stort utval matvarer. Dersom Gloppen kommune for alvor skal verte ein gjennomført grøn satsingskommune må vi arbeide fram mot å vere mest mogleg sjølvforsynte. Dette tyder at kommunen må legge til rette for at lokale produsentar og bedrifter skal finne ein naturleg marknad for sine varer i sin eigen kommune ved å gå inn for innkjøpsordningar som prioriterer lokal mat. Gloppen MDG vil:
• Stimulere til ei grøn innkjøpsordning som tek utgangspunkt i lokale • • • •
produsentar, sjølv om kostnaden er større enn ved dagens innkjøpsrutiner At ein i anbodsrunder legg betre til rette for at lokale bedrifter og småskalaprodusentar kan gje tilbod Gjennomgå alle sider ved kommunane sin aktivitet og innkjøpsrutiner med formål å redusere forbruket og redusere mengda avfall Gje støtte til bønder som ynskjer å opprette andelslandbruk Ein kjøtfri dag i kommunale kantiner og storkjøken
EIT BREITT OG INKLUDERANDE KULTURLIV Miljøpartiet Dei Grøne ser på det å kunne uttrykke og engasjere seg i kulturlivet som ein menneskerett. Eit samfunn som er tufta på grøne verdiar er eit samfunn der opplevingar og møte mellom menneske er meir verdifulle enn økonomisk vekst og materielle goder. Vi ynskjer at den kommunale kulturpolitikken skal støtte opp om og legge til rette for kultur og idrett, slik at desse på best mogleg måte kan vere sjølvgåande, frie og uavhengige. Eit fritt og aktivt idretts- og kulturliv skaper møteplassar og opplevingar på tvers av samfunnslag og nasjonalitet, stimulerer til mangfald og bidreg til eit inkluderande samfunn. Gloppen har i fleire år lagt i toppsjiktet på kåringar av Noregs beste kulturkommunar, og har eit rikt kulturliv innan både idrett, musikk og anna. MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
MDG vil bygge vidare på dette grunnlaget, og styrke Gloppen som ein mangfaldig kulturkommune. Gloppen MDG vil:
• Arbeide for å oppretthalde og styrke musikk-, dans- og dramalina ved • • • • • • • •
Firda VGS Setje opplevingar og mellommenneskelege møte framfor profitt Styrke musikk- og kunstfaga i barnehagar og skular Ha fokus på mangfald i kulturpolitikken; flest mogleg skal oppleve mest mogleg Prioritere støtte til frivillige organisasjonar og frivillegesentralar Prioritere tilrettelegging av friluftsliv Setje fellesskapet framfor kortsiktig næring ved å arbeide mot utbygging som øydelegg verdifulle kulturminner og / eller friluftsområde Sikre gode fritidstilbod til alle aldersgrupper Ivareta og styrke bibliotektilbodet
GLOPPEN KOMMUNE – EI SYKKELBYGD Trass i at Gloppen er omkransa av høge fjell ligg forholda godt til rette for sykling. Vi må få ned klimagassutsleppa i verda, og bilbruken må ned. Samstundes er fedme og manglande aktivitet hjå born og vaksne eit stadig aukande problem. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ei naturleg løysing på desse utfordringane er å legge til rette for auka sykkelbruk i kommunen. Gloppen MDG vil:
• Gjere det mogleg og attraktivt for alle aldersgrupper å nytte sykkel eller • • •
gå til og frå skule og jobb Gje naudsynt trafikkopplæring frå barnehagealder Bygge ut gang- og sykkelvegnettet med særskild fokus på flaskehalsane inn mot dei ulike sentra i kommunen. Finne løysingar som gjer det meir attraktivt å sykle og køyre kollektivt enn å køyre privatbil MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
DER DET ER HJARTEROM Flyktningstraumen til Europa aukar no enormt. Krig, naud og fattigdom råkar hardt og urettferdig dei som allereie har minst, og driv menneske på flukt frå heimane sine. Flyktningane har rett til tryggleik, husvere og helsehjelp, dei skal lære norsk og dei skal integrerast i dei lokalsamfunna der dei vert plasserte. Å ta imot flyktningar og asylsøkarar er ein utgiftspost. Trass dette meiner vi i Miljøpartiet Dei Grøne at vi skal ta imot fleire flyktningar enn vi gjer i dag. Partiet går inn for å ta imot 10 000 syriske kvoteflyktningar i tillegg til å handsame raskare dei asylsøkarane som allereie ventar på å få sine søknader handsama. Vi i MDG meiner Noreg – verdas rikaste land – er betre rusta til å løyse desse utfordringane enn noko anna land i verda. Innvandringa til Noreg kan ikkje sjåast på som ei isolert sak, men er uunngåeleg eit resultat av eit større globalt bilete. Å måtte gjere prioriteringar som kanskje går ut over andre felt i kommuneøkonomien er naudsynt for å hjelpe medmenneske som treng umiddelbar hjelp. Ein må også ta med i reknestykket at dette er menneske som trass i flyktningstatus også sit på kompetanse og arbeidskraft som på sikt vil kome kommunane til gode. Gloppen MDG vil:
• Ta imot, inkludere og sysselsetje flest mogleg flyktningar trass i at det ikkje • • •
vil vere umiddelbart lønsamt for kommunen Sjå på alternative løysingar for sysselsetjing av flyktningar Skape fleire møteplassar mellom innfødde Glopparar og tilflyttarar av alle slag Arbeide mot rasisme og diskriminering
STYRKA LOKALDEMOKRATI Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer eit sterkt lokaldemokrati, med kort veg frå innbyggar til avgjersletakar. Det gjev den einskilde innbyggar auka sjanse til å påverke, og høve til å følge med i avgjersleprosessane. Forsking syner at innbyggarar i små kommuner er dei mest nøgde, og MDG er difor sterkt kritiske til store deler av kommunereforma, som set udefinerte omgrep som MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
“robuste kommunar” framfor innbyggjarane sin trivsel. Ei eventuell kommunesamanslåing må vere frivilleg. MDG meiner at lojaliteten til dei folkevalgte og tilsette i kommunen fyrst og fremst skal gå nedover til innbyggjarane, og ikkje oppover til sjefar og kommunal leiing. MDG vil lytte til innbyggjarane og ta grunneigarar med tidleg i avgjersleprosesser. MDG meiner Gloppen fyrst og fremst vert meir attraktiv for tilflyttarar ved å gjere kommunen til ein betre plass for dei som allereie bur her, og å prioritere innbyggjarar framfor utbyggjarar. Gloppen MDG vil:
• • • • •
Arbeide for opne prosessar i politikk og byråkrati Ha lojalitet til kommunen sine innbyggjarar fremfor leiinga Lytte til innspel frå lag og foreininger, så vel som einskildpersonar Ikkje ta avgjersler over hovudet på innbyggjarane Ja til folkeavstemming om kommunesamanslåing
MANGFALD I SKULEN Gode høve til utdanning, opplæring og studiar er viktige rettar som Miljøpartiet Dei Grøne vil ta vare på og styrke. Både den einskilde borgar, demokratiet og samfunnet som heilskap blir styrka gjennom kunnskap og kompetanse. Skulen sine primære mål er å formidle kunnskap, men det er viktig at elevane også lærer om sosiale verdiar og sosial dugleik. Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er behov for å sjå kritisk på mengda av oppgåver som skular og lærarar er pålagde. Lærarar skal først og fremst bruke tida si på opplæring. Opplæringa skal vere framtidsretta og basert på forsking og kunnskap. Berekraftig utvikling må vere eit grunnleggande perspektiv i skulen sine læreplanar og undervisninga. Vi ønskjer eit skulesystem som inkluderer og motiverer, og som motverkar mobbing og utstøyting. Skulen må vere fleksibel nok til å møte barn og unge på det nivået dei er, og ha lærarar med nok fagkunnskap og pedagogisk kompetanse til å løyse dei komplekse utfordringane i skulen.
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
Dei fleste skulane i Gloppen har i dag store plass- og bemanningsutfordringar. Dette skaper problem for elevar og lærarar, og kjem i vegen for å skape eit godt arbeids- og læremiljø. MDG går inn for å få ei snarleg løysing på dette. Gloppen MDG vil:
• • • • • • •
Arbeide for å styrke og behalde linjene ved Firda VGS Legge aktivt til rette for utvikling av ei klima og miljø-linje ved Firda VGS Søke å finne ei løysing på plass- og bemanningsutfordringane i skulane Styrke PP-tenesta med det mål å lettare og raskare fange opp elevar som treng det Arbeide for at alle grunnskular får eigen skulehage eller tilgang til gratis leige av parsellar i nærområdet Gje elevane frå og med femte klasse større tilgang til valfag, både praktiske og estetiske fag, og fag med fordjuping i til dømes språk og matematikk. Gje tilbod om “Ungt entreprenørskap” for alle elevar
BUSETNAD Miljøpartiet Dei Grøne vil vende busetnadstrenden frå by til bygd, og vil ynskje flest mogleg tilflyttarar velkomne til kommunen. Vi ynskjer at alle som flyttar til kommunen skal få høve til å bu på den måten dei vil, samstundes som ein held omsynet til miljøet som rettesnor for all utbygging i kommunen. Bygging av bustader og busetjing er tett samanvevd med landbrukspolitikk og sentrumsutbygginga, og mange av Dei Grøne sine haldningar til dette går fram der. Gloppen MDG vil:
• Gjere grep som opnar og gjer bustadmarknaden i Gloppen meir •
tilgjengeleg for unge som ynskjer å etablere seg i kommunen Legge til rette for at heile kommunen skal busetjast; busetjing i kommunedistrikta
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015
• Gje støtte slik at alle nye bustadhus og alle bustadhus som vert renoverte • • • •
vert “plusshus” – bygningar som produserer like mykje energi som dei forbruker Syte føre ei heilskapleg sosial og miljøvenleg planlegging med grønt fundament der det skal anleggast nye bustadfelt Utvikle eit grønt sentrum med vekt på bustader og trivsel for alle generasjonar Vektlegge estetikk i utbyggingsplaner, spesielt i sentrum Undersøke tilhøva for oppretting av ein økolandsby i kommunen
LISTETOPP I MILJØPARTIET DEI GRØNE GLOPPEN Marièl Eikeset Koren (27) kjem frå Sandane og flytte i 2014 attende frå studiar i Trondheim for å gjere Gloppen grønt. Ho er MDG Gloppen sin listetopp, er leiar i lokallaget og sit i fylkesstyret for MDG Sogn og Fjordane. Ho er tilsett i kyrkja i Gloppen som kantor og trusopplærar og har arbeidd som dirigent for Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening og som klokkar i Nidaros domkyrkje. Ho sit i styret i Norsk hymnologisk foreining, representantskapet i Stiftinga Nasjonalt Landstadsenter og har tidlegare vore i styret i Nidaros domkor og Syklistenes landsforbund Trondheim. Ho er brennande engasjert for økologisk berekraft og eit samfunn på naturen sine premissar, der livskvalitet ikkje vert målt i pengar.
MILJØPARTIET DEI GRØNE | LOKALPROGRAM | 2015