Bremanger høgre valprogram

Page 1

Program 2015 – 2019

BREMANGER HØGRE

eh ile R E G N A M E BR

Saman skal vi gjere Bremanger betre!


BREMANGER HØGRE VIL UTIFRÅ SINE GRUNNVERDIAR • Fremje personleg fridom og sosialt ansvar • Respektere og lytte til den einskilde • Yte tenester av god kvalitet i heile kommunen • Tenke heilskap og stimulere til eit inkluderande fellesskap Vi vil at Bremanger kommune skal vere eit godt val for etablerarar, reisande og fastbuande!

INNBYGGJARANE ER VÅR STØRSTE RESSURS HØGRE sin politikk skal ha som mål å styrkje trua på framtida hos innbyggjarane i Bremanger kommune. Utan den enkelte si tru på «det gode liv» i bygdene våre, vil ein ikkje kunne bryte den negative trenden med fråflytting. Vi må ha noko å leve av, og noko å leve for. I tillegg må det verte lettare å reise, både i kommunen og mot omverda. Å LEVE AV

HØGRE vil ha sterkt fokus på næringslivet sine vilkår i kommunen vår, både nyetablerarar og dei som allereie er her. Det kommunale næringsapparatet skal vere både støttespelar og tilrette-leggjar, samstundes som kommunen må syte for tenleg infrastruktur og gode tenester. Til dømes er ei liberal praktisering av strandsonelova (100 m beltet), etter HØGRE si meining naudsynt for vekst og utvikling i ei kystkommune som vår. Å LEVE FOR

HØGRE vil at Bremanger kommune skal vere attraktiv for menneske som ønskjer ein livsstil der verdiar som naturrikdom, deltaking og mellommenneskeleg omsorg står sentralt. Dette er kvalitetar som kan vere mangelvare i byen, og som vi må hegne om og framelske. Som middel til å styrke samhald og identitet vil HØGRE særleg stimulere til mangfald og aktivitet i ulike delar av kulturlivet. Å KUNNE DELTA

HØGRE meiner det er viktig at innbyggjarane får dekka dei fleste av dei daglege servicebehova sine der dei bur. Likevel vil det vere viktig for folk å kunne reise lettvint, både innan kommunen og mot omverda, anten dei skal på arbeid, utdanning, ferie eller shopping. Den planlagde kystvegen mellom Bergen og Ålesund, der 45 min.regionen er ein viktig del, vil styrkje kysten som lokomotiv i næringsutviklinga på Vestlandet. Eit felles bu- og arbeidsområde på kysten av fylket vil lette samarbeidet mellom kommunane, samstundes som innbyggjarane i Bremanger vert knytt nærare til dei regionale sentra.


SAMFERDSLE «Ein skal kunne bu og arbeide kvar ein vil i kommunen» Høgre vil arbeide for:

• • • • • • • • •

Rask bygging av kystvegen Måløy – Florø Utbetring av vegen mellom Isane og Kolset Null hol – Betre vegdekke i heile kommunen Rask utbetring av fylkesveg 616 Kalvåg – Klubben Fleire avgangar for båtskyss mellom Florø, Smørhamn og Måløy Oppretthalde ferja Stårheim – Isane Realisering av kystvegen Ålesund – Bergen som riksveg Bygging av gang- og sykkelstiar Oppretthalde ferjekaiene Kjelkenes og Smørhamn som beredskapskaier

ØKONOMI OG KOMMUNALE TENESTER «Mangfald og valfridom» Høgre ønskjer:

• • • • • •

Effektiviserte offentlege tenester gjennom auka konkurranseutsetjing Vedlikehald som del av driftseiningane sine budsjett God styring av personalressursar Auke fagleg kompetanse og serviceerklæringar for alle tenesteområde Ingen eigedomskatt på private eigedommar Auke investeringane til IKT i alle sektorane

OPPVEKST «Bremanger skal ha den beste skulen i landet» Høgre vil:

• • • • • • • • •

Behalde ein desentralisert skulestruktur Innføre to-pedagogordning i barnehagane Stimulere til desentralisert skuletilbod for etterutdanning. Rehabilitere og halde opne eksisterande badebasseng Auke rammetimetalet til nivået før «Terra» Aktiv rekruttering av fagfolk til oppvekstsektoren Nok barnehageplassar i alle bygder Ruste opp uteareala ved oppvekstsentra Auke plantida for barnehagelærarane


MILJØ «Til HØGRE på grønt» Høgre vil:

• • • • •

Opprette miljøfond for å stimulere til miljøtiltak Betre utnytting av miljøvennlege energikjelder i alle kommunale bygg Bevisstgjere den einskilde sitt ansvar for miljøet Utnytte potensialet vårt til fornybar energi Plassere ut fleire offentlege søppelbøtter

UNGDOM «Det skal vere attraktivt for ungdom å vere i heimkommunen, også i feriar» Høgre vil arbeide for:

• • • •

Heilårsopne idrettshallar Kommunale sommarjobbar også for ungdom under 18 år Fleire ungdomsklubbar med lengre opningstid Aktivt samarbeid med ungdomsrådet

KULTUR «Kulturkommunen Bremanger» Høgre vil:

• • • • •

Støtte frivilleg lagsarbeid Gjeninnføre kulturmidlane Styrke kulturskulen Utvikle kulturminna som reisemål Ha møteplassar i alle bygdene

NÆRMILJØ «Levande bygder og trygge lokalmiljø» Høgre arbeider for:

• • • • • • • •

Fleire kommunale byggjefelt Oppgradering av det visuelle inntrykket av bygdene Utnytte varmtvatn fra Elkem til å varme bygg, vegar og fortau i Svelgen sentrum Fullføring av ny gymsal ved Frøyen oppvekst Betre vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og uteområde God standard på offentlege toalett og bossoppsamlingsplassar Kommunale gjennomgangsbustadar Vidare fornying av Svelgen sentrum


PLEIE OG OMSORG «Hjelpa må vere der når ein treng den» Høgre vil ha:

• • • • • • •

Nok institusjonsplassar Samarbeid med frivillege organisasjonar Betre legedekning med omsyn til lokal legevakt Gode, heimebaserte tenester Tilrettelagde omsorgsbustadar i bygdene Valfridom innan pleie- og omsorgstilboda Aktiv rekruttering av fagfolk til helsesektoren

NÆRINGSLIV «Vekst – Entrepenørskap – Kompetanse – Samarbeid – Trivsel» Høgre går inn for:

• • • • • • • • • •

Aktivt og målretta arbeid for at Svelgen skal få del i ny industriell utvikling Ein aktiv «Smørhamn Industripark» for ny næring Kommunen som tilretteleggjar for næringslivet ved eit sterkt næringsapparat «Vår del» av arbeidsplassar som vert skapte ved interkommunalt samarbeid Ingen vindmøller på fiskefelta nær land Sjølvråderett over eigne ressursar Betre språkopplæring for arbeidsinnvandrarar Full utbygging av fiskerihamna i Kalvåg Avgrensing av område for taretråling Fjerning av eigedomskatten for servicenæringane


Kandidatane våre 1. Audun Åge Røys Ordførarkandidat

2. Evy Dombestein

3. Roger Mulelid

4. Ann Irene M. Gulestøl

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29

Audun Åge Røys Evy Dombestein Roger Mulelid Ann Irene Myrheim Gulestøl Helge Bakke Inger Rise Hallset Per Røys Elisabeth Birkeland Hatlenes Ståle Martin Dyrstad Bente Svanevik Frøyen Knut Erlend Dombestein Are Kjelkenes Wenche Frimannslund Ole-Bjørn Førde Helene Hessvik Karstein Bakke Oddvar Hauge Martine Røys Fosse Per Gulestøl Bjørn Are Yttrehus Jorunn Petrine Frøyen Jostein Clausen Mangerøy Are Håkon Aarseth Sindre Røys Pedersen Ilona Langeland Johnny Røys Jan Andrè Bolset Roar Førde Hans Bakke

1957 1984 1967 1968 1966 1960 1960 1980 1956 1955 1981 1965 1972 1971 1981 1965 1964 1994 1956 1948 1954 1960 1956 1995 1970 1984 1983 1943 1936

Kalvåg Dombestein Svelgen Kalvåg Davik Svelgen Kalvåg Davik Svelgen Kalvåg Davik Svelgen Svelgen Davik Svelgen Davik Bremanger Kalvåg Kalvåg Svelgen Kalvåg Svelgen Davik Kalvåg Kalvåg Svelgen Kalvåg Davik Davik

5. Helge Bakke

GLØYM IKKJE Å BRUKE Ordførarkandidat

Audun Åge Røys Mobil: 91 58 65 09 audroey@online.no

FYLKESTINGSLISTA! 3. kandidat BJØRN HOLLEVIK, Flora

NAT VIK, FLORØ

BREMANGER


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.