Test

Page 1


TANKER I DIKT

Bjørg Hilda Stemland av

Havet

Skulle tru havet var blåøygd

så blått som det kan vera

Men det blå blikket vik ikkje

når eg stirer på det

Augo mine når ikkje til botnar til gøymestadene til løyndommane

For havet er vatn med mange røyster som syng evige songar for menneska i ei verd som er i spel

Januar

Sol på nakne greiner med løynd liv

søv no.

Januar er bleike dagar

sølvblå netter i ro.

Landskap

Myrulla sitt fagre teppe

gøymer skjulte skattarligg over berget.

Fotstega mine

kjæler med myrstråa der pust og hjarteslag er nærare jorda eg er av.

Gullsko

Et broderi av tiriltunge

smykker vår veikant i juli

En flyktig lykke

som gjemt i tanken

blir gull i sinnet

når høsten rusler

mot vinter

Naust

Kven sa at naustet ikkje lengtar til ei anna årstid?

Kven sa at naustet er ei båtbu utan draumar?

Kven sa at naustet ikkje huser minne om dagar meir venlege enn desse?

Kven sa at naustet ikkje kan vere ein ørliten lysbrikke for dei gløymde borna i den dødelege leiken som kallast livet?

Anne

Jeg savner Anne og Annes hage

Fargene og duftene

Sansefesten

som gav gledesrus.

En uforlignelig oase av

Livets fargerike krydder.

Når jeg ser regnbuen, tenker jeg på Annes hage.

Spinn

Jeg henger

i min egen ariadnetråd

mot solnedgangen

Det er lenge til høsten

spinner min tid og min tråd

Henger ikke med hodet - ennå

Røsslyng

Vakkerblomst på nakne berg

rødmer mot min himmel

lyser varlig vei mot høst

trosser vind fra hav

brenner uredd midt imot

fargeekte sjelebot

Haust

No er det fargespelet si tid med det gylne sløret

No er det skuggane si tid med løv som dansar

No er det den gullraude gløden si tid med mangfald av sommarminne

No er det hausten si tid før vinteren kallar alt – til kvile.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.