2 minute read

Trenerens betraktninger A-lag damer

Next Article
med Troms FK

med Troms FK

Vinteren er på hell, og like sikkert som at snøen smeltar kjem og eit nytt opplag av Grøn Genser. Og sjølvsagt ein ny fotballsesong.

Av Kristian Gangsø, hovedtrener A-lag damer

Sidan førre sesong er det mange spelarar som har tatt steget opp frå aldersbestemt til seniorfotball. Det gir oss, til forskjell frå fjoråret, ein stor tropp å jobbe med inn mot sesongen.

Veldi G mye un G t Som normalt er stallen hovudsakleg beståande av unge jenter med mange som framleis går på vidaregåande skule. Dette ispedd nokre meir rutinerte spelarar. Stammen i laget er likt som fjoråret med dei ru- tinerte spelarane som går foran og set standarden, både i trening og kamp. Det ser vi at dei yngre nyt godt av, med fleire som både bankar på og er på full fart inn døra til førstelaget. prestasjonar og resultat, der laget ofte vil bestå av spelarar med få kampar på seniornivå. Dette blir ein lærings- og utviklingsarena, der spelarane både vil få oppleve utfordring og meistring, avhengig av motstandar. For denne gjengen vil og treningane med laget vere viktig. Med ei samla treningsgruppe er det i treningskvardagen dei vil møte dei beste spelarane, heller enn i kampane. Med det sagt, det fins gode spelarar i alle lag.

G O dt i rute Vinteren er lang, men gir gode muligheitar for å førebu seg godt til sesongen. I skrivande stund er vi godt i rute til seriestarten, godt hjelpt av ei veke i sydligare strøk og med gode forhold for å jobbe både med system, struktur og relasjonar. Å ha alle samla og tilgjengeleg ei heil veke har gjort godt, både på og utanfor bana. Med så mange unge som tar steget opp har det vore spesielt fordelaktig for å bli betre kjend med kvarandre på tvers av alder og gir eit samhold som forhåpentlegvis også gir utslag resultatmessig.

Framleis er det ein samla serie for Troms og Finnmark, men i år med berre eitt Finnmarkslag, Alta. Både Polarstjernen, Bossekop og Tverrelvdalen har trekt seg frå spel i divisjonen. Men vi vil framleis få god matching, der spesielt TIL 2020 2 og Krokelvdalen utmerka seg som sesongens tøffaste motstandarar.

Her vil det nok variere i både d i V isj O ns O mle GG in G For «førsterekka» er 2. divisjon bytta ut med 3. divisjon som følgje av divisjonsomlegginga i seriesystemet.

På hø G de med dei beste Fjorårssesongen viste at vi er heilt på høgde med dei beste laga, noko ein ubeseira heimestatistikk kan vitne om. Den ønske vi å beholde, samtidig som vi er avhengig av å ta fleire poeng mot laga bak oss på tabellen. Det var nemleg her den største bøygen låg, å ta kontrollen i kampar mot lag vi skal slå. Klarer vi det skal vi gi TIL 2020 2 og Krokelvdalen kamp om dei øverste plassane.

Vi ser fram til ein spennande sesong, forhåpentligvis med godt med publikum i ryggen!

Midnight Sun Marathon

Mizuno Halvmaraton

COOP Mila 10 km iTromso Minimaraton 4,2 km

Barnas Maraton

This article is from: