Kinn Arbeiderparti

Page 1

KINN AP – sterkare kystfellesskap


Kinn for kysten Kinn skal vere attraktiv og raus med både eigne innbyggarar og våre naboar. Vi skal skape for å dele og vektlegge berekraft i alt vi gjer. Kinn kommune skal vere ei drivkraft på kysten, både for kommunane rundt oss og det nye Vestland fylke. Aldri har kysten av Sogn og Fjordane stått sterkare enn no. Arbeidarpartistyrte Flora og Vågsøy har skapt eit tyngdepunkt på kysten som vil styrke vår region. Med regionsenterstatus skal Kinn skape verdiar for næringsliv og tenester for innbyggarane som er til det beste for kommunen og kysten av Sogn og Fjordane og nye Vestland fylke. Vår nye posisjon skal vi bruke aktivt for å skape arbeidsplassar og verdiar innanfor dei områda vi er sterke. Fiskeri, havbruk, petroleum, turisme, verftsindustri og fornybar energi er våre største næringar.

Helse og velferd Gode helse-, omsorgs- og velferdstenester til alle innbyggarane i kommunen, frå dei yngste til dei eldste, skal vere eit offentleg ansvar. Kinn Arbeidarparti ønsker å prioritere helse- og omsorgssektoren. Trygge og likeverdige tenester, med merksemd på kvalitet, og at ein skal få hjelp der ein bur, er viktig for oss. Kinn er ein heimetenestekommune, og innbyggarar som treng hjelp frå helseog omsorgstenesta skal få det i eigen bustad eller i ein omsorgsbustad med heildøgnbemanning. Kinn Arbeidarparti vil også ha og utvikle førstelinetenester slik som legekontor og sjukeheimar i begge delar av kommunen. Gruppa eldre blir stadig meir samansett. Kinn Arbeidarparti sitt mål er å gi dei eldre ein verdig og god alderdom, og tidleg innsats og førebyggande arbeid vil vere viktig for å nå målet. Vi må tenke nytt og langsiktig, samarbeide med friviljuge organisasjonar og satse på ein auka bruk av velferdsteknologi for å kunne gi innbyggarane den hjelpa dei treng.

Kinn Arbeidarparti vil: • Sikre ei god bemanning i helse og omsorgssektoren • Satse på kompetanse og tilsette for å vere ein god heimetenestekommune • Sikre nok heildøgnomsorgsplassar og institusjonsplassar i begge delar av den nye kommunen • Satse på velferdsteknologi • Sikre at innbyggarane får rådgjeving om korleis tilpasse eigen bustad slik at ein kan bu heime så lenge som mogeleg • Jobbe for at kommunen skal ha nok kapasitet på dagsentertilbod av god kvalitet, noko som kan motverke einsemd, avlaste og sikre eit tilbod til demenspasientar og andre som treng det • Ruste kommunen for behova innan rus og psykiatri ved å etablere døgntilbod og utvide tiltakstenesta til å gjelde heile den nye kommunen • Arbeide for at vi skal ha desentraliserte spesialisthelsetenester i kommunen, og at Kinn kommune som regionsenteret på kysten får etablert avtalespesialistar • Satse på kvardagsrehabilitering • At barnetrygda ikkje skal telle med som inntekt ved utrekning av sosiale stønadar


Verdiskaping, næringsutvikling og arbeid Målet er å bli den sentrale utviklingsaktøren på kysten mellom Ålesund og Bergen, og å sikre at verdiane som blir skapte kjem heile kysten og regionen til gode. Vi vil også jobbe for at fleire regionale og statlege arbeidsplassar blir lagde til Kinn kommune. Arbeid til alle er jobb nummer éin. Kinn kommune skal vere ein god og attraktiv arbeidsgjevar. Retten til fast stilling og heiltid står høgt, så difor skal arbeidsoppgåvene tilpassast heile stillingar.

Kinn Arbeidarparti vil: • Arbeide for heiltidskultur for alle tilsette, likelønn og likestilling i arbeidslivet • Seie nei til privatisering og anbodsutsetting av velferdstenester i offentleg regi • Ha minst 2 lærlingar pr 1000 innbyggarar og sikre bruk av lærlingar i alle kommunale prosjekt og anbod • Støtte opp om utdanningsinstitusjonane våre frå grunnskule til vidaregåande opplæring, fagskule og høgskule • Handle mest mogeleg lokalt og syte for gode innkjøpsavtalar som sikrar dette • Ha ein tiltaksplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Oppvekst og utdanning Tidleg innsats er avgjerande for at framtida vår skal få ein trygg og god oppvekst. Barn som får ei trygg og utviklande tid i barnehagen, står betre rusta til å takle skule og resten av livet. Kinn Arbeidarparti vil sikre at vi har god kvalitet i barnehagen og på skulane våre. Vi har to vidaregåande skular i kommunen med gode og viktige opplæringstilbod for ungdom og næringsliv. Vi vil bygge vidare på dei opplæringstilboda vi har, og legge til rette for at alle kan fullføre opplæringa si der dei bur.

Kinn Arbeidarparti vil: • Ha nok og rett bemanning i barnehagane og på skulane våre, og sørge for at elevar som treng ekstra oppfølging får kvalifisert hjelp så tidleg som mogeleg • Jobbe for å få til eit mattilbod både i barnehage og skule • Jobbe for nok ressursar til at alle barn og unge får ei tilstrekkeleg svømmeopplæring • Ha gode skulebygg, og utbetre skulebygg som treng det • Sikre barnehageplass til alle så raskt som mogeleg. • Sikre midlar til skulehelsetenesta, og arbeide for at det skal vere helsesjukepleiar til stades på skulane • Ha helsestasjon for ungdom i begge delar av kommunen • Arbeide for at fleire fagskule- og høgskuletilbod vert lagt til kommunen.


Tove Lill Refvik Volle 2. kand. 2. Refvik kandidat Tove Lill Volle

1. kand. Ola teigen

Florø, f. 1973

Raudeberg, f. 1971

Ødegård Standal 4.Silje kand. 4. kandidat Silje Ødegård Standal Eikefjord, f. 1983

Leif Magne Gil 3. kand. 3. kandidat Leif Magne Gil Holvik, f. 1977

Ronny Cassells 5. kand. kandidat Ronny5.Cassells Florø, f. 1973

Sterkare fellesskap


Hugs å stemme på Anne Gine og Karianne ved fylkestingsvalet

1. kandidat Anne Gine Hestetun

5. kandidat Karianne Torvanger

Kinn i Vestland Kinn kommune vil vere den 8. største kommunen i Vestland fylke. Den posisjonen skal vi bruke til å utvikle oss vidare. Med Florø som regionsenter og Måløy sin dominerande posisjon som fiskerihamn vil vi vere attraktive for utvikling i statleg og fylkeskommunal regi og frå kommersielle aktørar. Strategisk plan for kysten vil gi Kinn eit ansvar for å nå målsettingar om betre næringsutvikling, betre kommunikasjonar og betre samarbeid langs kysten. Kysten av Sogn og Fjordane skal bli ein vekstregion med Kinn kommune som flaggskip.

Berekraftig utvikling, klima og miljø Kinn Arbeidarparti tar utfordringane med menneskeskapte klimaendringar på høgste alvor. Vi bur veldig tett på naturen i Kinn og alle endringar vil råke oss hardt om vi ikkje tek signala frå forskarane på alvor. Vi skal utvikle næringslivet i kommunen vår på ein berekraftig måte som står seg for framtida.

Kinn Arbeidarparti vil: • Vere aktiv pådrivar i høve hydrogenprosjektet i Florø og gjere politiske val som bygger opp under satsinga • Satse på nullutsleppsteknologi • Fase ut bensin- og dieselbilar til bruk i kommunal drift og gå over til nullutsleppsbilar • Få til miljøstasjon for innbyggarane i begge delar av kommunen • Få på plass hurtigladestasjon for elbil i Måløy, og legge til rette for lading av elbilar ved bygging av nye parkeringsplassar • Få til meir landstrøm og med det elektrifisering for båtar og skip ved våre hamner • Søke om å få Florø også med på prosjektet «Fishing for litter» (handtering av marint avfall)


Samferdsle og infrastruktur Arbeidarpartiet vil sikre ein framtidsretta og heilskapleg samferdsle- og infrastruktur i heile Kinn. Det skal vere gode tilhøve for pendling i Kinn, samstundes som infrastrukturen tar vare på næringslivet sitt behov for gode transporthøve på veg og til sjøs. Eit klart satsingsfelt er å velje meir miljøvenlege løysingar. Kinn Arbeidarparti meiner den digitale infrastrukturen er ein viktig del av samfunnsutviklinga, og aksepterer ikkje at ein i distrikta har høgare prisar og dårlegare tilgang til nettet enn i dei større byane. Vi vil jobbe for å sikre den digitale infrastrukturen og lik nettilgang slik at alle får eit likeverdig tilbod.

Kinn Arbeidarparti vil: • Vere pådrivar for å få bygd Kystvegen frå Måløy til Florø, for Stad skipstunnel, og for å få hurtigbåt frå Bergen til Ålesund, med stopp i Florø og Måløy • Jobbe for eit betre båtsamband som gir rom for å reise mellom byane i kommunen både på dag- og kveldstid, og tilrettelagt transport for ungdom • Arbeide for at Kinn kommune skal leggje til rette for eit framtidsretta og godt rutetilbod ved Florø Lufthamn • Arbeide for å få Måløy med i forsøket med «hent meg»-ordning • Krevje at dei rasutsette riks- og fylkesvegane blir sikra • Vere pådrivar for gang- og sykkelvegar, både som sikringstiltak nær skular og barnehagar, men også som folkehelsetiltak i Kinn kommune


6. kand. Stine Kråkenes Øvrelid Raudeberg, f. 1984

7. kand. Lars Terje Standal Eikefjord, f. 1957

9. kand. ANDERS Ole Sunnarvik Eikefjord, f. 1963

8. kand. Terese Gjerde Holvik, f. 1984

10. kand. Bente Nygård Florø, f. 1971

Kultur, idrett, fritid og folkehelse Kinn Arbeidarparti vil ha eit rikt kulturtilbod i kommunen som skapar aktivitet og engasjement hos våre innbyggarar. Kinn kommune skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, og bidra til å jamne ut miljø- og samfunnsforhold av betyding for helse. Det skal vere enkelt å finne fram til gode fritidstilbod og aktivitetar i heile kommunen.

Kinn Arbeidarparti vil: • Gjennom folkehelsetiltak aktivisere eldre, einsame og innvandrarar til mosjon og fysisk aktivitet • Spele på lag med idretten og sikre gode tilhøve for eit allsidig idrettstilbod ved å bygge hallar og anlegg • Legge til rette for folkebad i Måløy til alle brukargrupper, og rehabilitere og bygge ut badeanlegget Havhesten i Florø med universell utforming • Sikre at alle barn får delta på minst ein fritidsaktivitet • Jobbe for at det skal vere eit tilbod om ungdomsklubb i begge delar av kommunen


Våre kandidatar ved kommunevalet i kinn 2019

/arbeidarparti-Arbeidarparti /kinn-Arbeidarparti

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. 32. 33. 34. 35. 36. 37. 38.

Ola Teigen Tove Lill Refvik Volle Leif Magne Gil Silje Ødegård Standal Ronny Cassells Stine Kråkenes Øvrelid Lars Terje Standal Terese Gjerde Anders Ole Sunnarvik Bente Nygård Hilmar Kråkenes Thea Louise Esp Kim Gunnar Jensen Nina Merete Gjerdset Petter Refsnes Doris Christensen Geir Nygård Inger Strand Kvalheim Janne Kaarbø Roy André Berg Åge Larsen Helen Hjertaas Harry Arvid Øvstedal Laila Schult Holger Aasen Karin Fjære Majed A. Alkhaldi Kari Morvik Ralf Einar Johannessen Endre Sekse Turid Strand Per Christian Kjørlaug Elvida Grabus Per Grov Elna Berge Asbjørn Kjell Sørdal Linda Helgås Roger Silden

Florø Raudeberg Holvik Eikefjord Florø Raudeberg Eikefjord Holvik Eikefjord Florø Deknepollen AUF, Eikefjord Florø Florø Florø Deknepollen Deknepollen Måløy Florø Florø Florø Holvik Måløy Måløy Florø Holvik Florø Deknepollen Florø Måløy Måløy Florø Måløy Florø Florø Eikefjord Svanøy Måløy

f. 1973 f. 1971 f. 1977 f. 1983 f. 1973 f. 1984 f. 1957 f. 1984 f. 1963 f. 1971 f. 1978 f. 2000 f. 1982 f. 1977 f. 1954 f. 1969 f. 1951 f. 1975 f. 1969 f. 1974 f. 1946 f. 1967 f. 1942 f. 1946 f. 1956 f. 1955 f. 1982 f. 1952 f. 1955 f. 1962 f. 1952 f. 1974 f. 1971 f. 1948 f. 1956 f. 1954 f. 1970 f. 1948


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.