Kinn kommune

Page 1

Kva skjer ved ei deling av Kinn kommune? Den 7. september skal kommunestyret avgjere si uttale om deling til Statsforvaltaren. Etter kommunestyret gir si uttale om deling vil dette bli avgjort av Kongen i statsråd etter tilråding frå Statsforvaltaren. Dette har skjedd så langt Kommunestyret søkte Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) om utgreiing av deling av Kinn kommune i februar 2022. Med bakgrunn i søknaden, satt KDD i gang ein prosess som kan ende med deling. KDD godtok arbeidet med førebuing til nye kommunar i mai 2022. Statsforvaltaren vart bede om å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensar av ei deling. Kunnskapsgrunnlaget blei lagt fram den 14. juli, og er tilgjengeleg på kommunen si heimeside. I juni 2022 vedtok kommunestyret å gjennomføre ei rådgjevande folkerøysting, og organisering av folkemøte i midten av august.

Når kan du stille spørsmål? Kommunen vil halde folkemøter. Dette skjer på følgande datoar, på desse plassane: • 15. august kl. 18.00–20.00, Florø kulturhus • 16. august kl. 18.00–20.00, Parken kulturhus på Raudeberg.

Rådgjevande folkerøysting og vedtak i september Frå 2. august kan alle som er manntalsført i Kinn kommune røyste ved den rådgjevande folkerøystinga. Alle som fyller 18 år i 2022 og

eldre har røysterett. Det er førehandsrøysting frå 2. til 30. august, og valdagen er 1. september. I kommunestyremøte 7. september skal politikarane ta stilling til si uttale om delingsspørsmålet. Resultatet frå den rådgjevande folkerøystinga, kunnskapsgrunnlaget og prosessen så langt, vil kommunestyret ta med seg i si handsaming av delingssaka. Kommunestyret si uttale om deling vil bli lagt fram for Kongen i statsråd, etter tilråding frå Statsforvaltaren. Statsforvaltaren vil også hente inn merknader frå Vestland fylkeskommune og nabokommunane (Stad, Bremanger, Sunnfjord, Gloppen og Askvoll).

Kven avgjer spørsmålet om deling? Etter at Statsforvaltaren har levert si tilråding til KDD, er det opp til Kongen i statsråd å gjere endeleg vedtak om delingsspørsmålet. Vi veit ikkje kor lang tid prosessen vil ta før det endelege vedtaket er på plass. Kommunal- og distriktsdepartement har i brev til kommunen bedt om å sende uttale til deling som skissert over, dersom kommunen skal kunne rekke ei deling 1.1.2024. Ved kommunevalet i 2023 skal det derfor vere mogleg å velje kommunestyrerepresentantar for to kommunar om delinga vert godkjend.

Kva skjer om kommunen blir delt? Dersom kommunestyret sitt vedtak tilrår deling vil arbeidet med å førebu to nye kommunar ta til. Kommunestyret vil nemne opp underutval som førebur to nye kommunar. To nye organisasjonar må etablerast, og ny politisk organisering må vedtakast. Avtale om tilsette sine oppgåver og stillingar må etablerast på nytt for dei delane av Kinn kommune som vert endra. Nytilsettingar må til der kommunane ikkje har tilstrekkeleg kapasitet og bemanning. Kommunestyret tar også stilling til korleis involvere lokalsamfunnet, og kva retningsliner og forskrifter som gjeld for ein mellombels periode inntil dei nye kommunane har gjort nye vedtak. Dette kan til dømes vere interkommunale samarbeid, avtalar, planar, gebyr, eigedomsskatt og meir.

Kva er konsekvensane av ei mogleg deling? Rådgjevingsselskapet BDO har lagt fram sin rapport om konsekvensutgreiing av ei mogleg deling av kommunen. Rapporten finn du på www.kinn.kommune.no.

Kva alternativ røystar eg på?

Kvar kan eg finne informasjon om delingssaka?

Kommunestyret har bestemt at du får tre alternativ når du skal røyste, fordelt på tre ulike røystesetlar. Du må velje ein av dei:

All informasjon om delingssaka og den rådgjevande folkerøystinga finn du på vår heimeside: kinn.kommune.no

• Kinn kommune skal delast i to kommunar. • Kinn kommune skal halde fram som ein kommune. • Blank.

Følg oss også på sosiale media: Instagram – kinn.kommune Facebook – Kinn kommune Kunnskapsgrunnlaget frå BDO kan du få utlevert i papirformat på servicetorga i Florø og Måløy.

Hjemmeside

Facebook

Instagram


Dette er utfordringane og fordelane ved deling BDO vart engasjert av Statsforvaltaren i Vestland for å greie ut konsekvensar av ei eventuell deling av Kinn kommune. Basert på økonomiske analysar og ei rekke intervju med kommunale leiarar, folkevalde og næringslivsaktørar, er BDO si samla vurdering at ei kommunedeling vil gi fleire utfordringar og enkelte fordelar. Auka kostnader

Omstillingsslitasje

Kinn kommune er i ein alvorleg økonomisk situasjon. Dersom Kinn skal unngå å bli ein ROBEK-kommune, må kommunen redusere driftsutgiftene eller auke driftsinntektene betydeleg innan 2025. Ei deling av Kinn kommune vil ikkje betre den totale kommuneøkonomien, og vil medføre at både nye Vågsøy og nye Flora sannsynlegvis må føreta ytterlegare reduksjonar i drifta enn det som til no er vedtatt i Kinn. BDO si vurdering er at dei vedtatte innsparingane i Kinn vil vere vanskelegare å realisere i Nye Vågsøy og nye Flora, fordi reetablering vil medføre auka kostnadar. Dei økonomiske utfordringane vil sannsynlegvis bli størst for nye Vågsøy.

For det tredje viser intervjua ein tydeleg omstillingsslitasje i kommuneorganisasjonen. Mange gir uttrykk for manglande motivasjon til ny omstillingsprosess, og at kommunedeling medfører ein betydeleg risiko for gjennomtrekk i sentrale posisjonar i organisasjonen.

Utfordringar For det andre kan kommunedeling gi utfordringar knytt til investering og utvikling, fagmiljø og kvalitet i tenestene. Intervjua personar gir uttrykk for bekymring for at ein delingsprosess vil gi mellombels stopp i viktige investerings- og utviklingsprosjekt og reduserte moglegheiter for investeringar for dei nye kommunane. Vidare meiner det store fleirtalet av dei intervjua at tid og ressursar bør nyttast på kommunen sine kjerneoppgåver og utvikling av tenestene heller enn omstilling. For fleire tenester vil to nye kommunar gi mindre fagmiljø og moglegheit for sparring i organisasjonen, noko som gir risiko for redusert kvalitet i tenestene.

Positive konsekvensar Positive konsekvensar av ei kommunedeling er knytt til lokaldemokrati og innbyggarane sin opplevde nærleik til beslutningstakarar. Ei kommunedeling vil vidare kunne gi ein mindre effektiviseringsgevinst ved å redusere reisekostnader og arbeidstid brukt på reising for kommunetilsette, gitt at det er behov for fysiske møte. Innanfor enkelte tenesteområde kan også ei deling bety forenkling, ved at alle tilsette er samla på same geografiske område, og ikkje spreidd på fleire lokasjonar.

For å lese heile rapporten til BDO, besøk vår heimeside www.kinn.kommune.no.


Førehandsrøysting Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 1. september, kan du førehandsrøyste i perioden 2. august til 30. august. Du kan røyste på den staden som passar best for deg. Du som er manntalsført i Kinn kommune, er over 18 år eller fyller det i løpet av 2022, har røysterett.

Førehandsrøystinga går føre seg i opningstida 09.00–15.00, frå 2. august til 30. august på: • Informasjon og service (servicetorget) i Florø, Markegata 51 • Informasjon og service (servicetorget) i Måløy, Måløy rådhus, Gate 1 Hugs gyldig legitimasjon med bilde!

Utvida moglegheit for førehandsrøysting Følgjande dato har vi utvida opningstid for førehandsrøysting på Informasjon og service (servicetorga): • Torsdag 25. august kl. 09.00-18.00. Kjøpesenter Laurdag 27. august kan du røyste ved kjøpesenter i Florø og Måløy, mellom kl. 11.00–15.00. • AMFI i Florø • Måløy Stormarked • Måløy Brygge

Røystebåt I veke 34, torsdag 25. august, kjem røystebåten til øyane i Florø. Ruta ser slik ut (med atterhald om endringar): • • • • • • •

Årebrot kai: kl. 09.00–10.00 Barekstad: kl. 10.15–11.15 Batalden: kl. 11.30–12.30 Skorpa: kl. 12.45–13.45 Rognaldsvåg: kl. 14.00–15.00 Askrova: kl. 15.15–16.15 Svanøy: kl. 16.30–17.30

Ta med gyldig legitimasjon med bilde!

Røysting på institusjonar og skular • Furuhaugane omsorgssenter, tysdag 23. august, kl. 09.00–11.00. • Docen I, tysdag 23. august, kl. 11.30–12.30. • Markegata 55 (Docen II), tysdag 23. august, kl. 13.00–14.30. • Allhuset i Eikefjord, onsdag 24. august, kl. 09.00–10.30. • Havrenesvegen 28, onsdag 24. august, kl. 11.30–12.30. • Flora vidaregåande skule, fredag 26. august, kl. 09.30–14.00.

• Måløy vidaregåande skule, torsdag 25. august, kl. 12.00–13.00. • Florø omsorgssenter, onsdag 24. august, kl. 13.00–14.30. • Kulatoppen omsorgssenter, tysdag 23. august, kl. 15.30–17.00. • Skaretun omsorgssenter, onsdag 24. august, kl. 15.30–17.00. • Gate 2, omsorgsbustader, onsdag 24. august, kl. 11.00–12.00. • Selstadgården, omsorgsbustader, onsdag 24. august, kl. 13.00–14.00.

Heimerøysting Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime. Du kan fram til fredag 26. august kl. 10.00 søke om å røyste heime. Då ringer du valansvarleg på telefon 57 75 60 00 eller sender skriftleg søknad til: Kinn kommune, Valstyret, Postboks 294, 6701 Måløy Eller per e-post til post@kinn.kommune.no.

Kva alternativ røystar eg på?

Kvar kan eg finne informasjon om delingssaka?

Kommunestyret har bestemt at du får tre alternativ når du skal røyste, fordelt på tre ulike røystesetlar. Du må velje ein av dei:

All informasjon om delingssaka og den rådgjevande folkerøystinga finn du på vår heimeside: kinn.kommune.no

• Kinn kommune skal delast i to kommunar. • Kinn kommune skal halde fram som ein kommune. • Blank.

Følg oss også på sosiale media: Instagram – kinn.kommune Facebook – Kinn kommune Kunnskapsgrunnlaget frå BDO kan du få utlevert i papirformat på servicetorga i Florø og Måløy.

Hjemmeside

Facebook

Instagram


Røysting på valdagen På valdagen 1. september kan du røyste på følgjande stader som går fram av tabellen nedanfor. Du kan røyste i den krinsen du sjølv ønskjer. Du som er manntalsført i Kinn kommune, er over 18 år eller fyller det i løpet av 2022, har røysterett.

Måløy Krins

Stad

Klokkeslett

Måløy Skavøypoll Raudeberg

Vågsøy folkebibliotek Skavøypoll skule Raudeberg skule

11.00–19.00 11.00–19.00 11.00–19.00

Krins

Stad

Klokkeslett

Florø Eikefjord Stavang Norddalsfjord

Florø kulturhus Allhuset Stavang skule Solheim skule

11.00–19.00 11.00–19.00 14.00–18.00 14.00–18.00

Florø

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon når du skal røyste! (førarkort, pass/ID kort, bankkort med bilete).

Kva alternativ røystar eg på?

Kvar kan eg finne informasjon om delingssaka?

Kommunestyret har bestemt at du får tre alternativ når du skal røyste, fordelt på tre ulike røystesetlar. Du må velje ein av dei:

All informasjon om delingssaka og den rådgjevande folkerøystinga finn du på vår heimeside: kinn.kommune.no

• Kinn kommune skal delast i to kommunar. • Kinn kommune skal halde fram som ein kommune. • Blank.

Følg oss også på sosiale media: Instagram – kinn.kommune Facebook – Kinn kommune Kunnskapsgrunnlaget frå BDO kan du få utlevert i papirformat på servicetorga i Florø og Måløy.

Hjemmeside

Facebook

Instagram


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.