Kinn kommune

Page 1

Kva skjer ved ei deling av Kinn kommune? Den 7. september skal kommunestyret avgjere si uttale om deling til Statsforvaltaren. Etter kommunestyret gir si uttale om deling vil dette bli avgjort av Kongen i statsråd etter tilråding frå Statsforvaltaren. Dette har skjedd så langt Kommunestyret søkte Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) om utgreiing av deling av Kinn kommune i februar 2022. Med bakgrunn i søknaden, satt KDD i gang ein prosess som kan ende med deling. KDD godtok arbeidet med førebuing til nye kommunar i mai 2022. Statsforvaltaren vart bede om å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensar av ei deling. Kunnskapsgrunnlaget blei lagt fram den 14. juli, og er tilgjengeleg på kommunen si heimeside. I juni 2022 vedtok kommunestyret å gjennomføre ei rådgjevande folkerøysting, og organisering av folkemøte i midten av august.

Når kan du stille spørsmål? Kommunen vil halde folkemøter. Dette skjer på følgande datoar, på desse plassane: • 15. august kl. 18.00–20.00, Florø kulturhus • 16. august kl. 18.00–20.00, Parken kulturhus på Raudeberg.

Rådgjevande folkerøysting og vedtak i september Frå 2. august kan alle som er manntalsført i Kinn kommune røyste ved den rådgjevande folkerøystinga. Alle som fyller 18 år i 2022 og eldre har røysterett. Det er førehandsrøysting frå 2. til 30. august, og valdagen er 1. september. I kommunestyremøte 7. september skal politikarane ta stilling til si uttale om delingsspørsmålet. Resultatet frå den rådgjevande folkerøystinga, kunnskapsgrunnlaget og prosessen så langt, vil kommunestyret ta med seg i si handsaming av delingssaka. Kommunestyret si uttale om deling vil bli lagt fram for Kongen i statsråd, etter tilråding frå Statsforvaltaren. Statsforvaltaren vil også hente inn merknader frå Vestland fylkeskommune og nabokommunane (Stad, Bremanger, Sunnfjord, Gloppen og Askvoll).

Kven avgjer spørsmålet om deling? Etter at Statsforvaltaren har levert si tilråding til KDD, er det opp til Kongen i statsråd å gjere endeleg vedtak om delingsspørsmålet. Vi veit ikkje kor lang tid prosessen vil ta før det endelege vedtaket er på plass. Kommunal- og distriktsdepartement har i brev til kommunen bedt om å sende uttale til deling som skissert over, dersom kommunen skal kunne rekke ei deling 1.1.2024. Ved kommunevalet i 2023 skal det derfor vere mogleg å velje kommunestyrerepresentantar for to kommunar om delinga vert godkjend.

Kva skjer om kommunen blir delt? Dersom kommunestyret sitt vedtak tilrår deling vil arbeidet med å førebu to nye kommunar ta til. Kommunestyret vil nemne opp underutval som førebur to nye kommunar. To nye organisasjonar må etablerast, og ny politisk organisering må vedtakast. Avtale om tilsette sine oppgåver og stillingar må etablerast på nytt for dei delane av Kinn kommune som vert endra. Nytilsettingar må til der kommunane ikkje har tilstrekkeleg kapasitet og bemanning. Kommunestyret tar også stilling til korleis involvere lokalsamfunnet, og kva retningsliner og forskrifter som gjeld for ein mellombels periode inntil dei nye kommunane har gjort nye vedtak. Dette kan til dømes vere interkommunale samarbeid, avtalar, planar, gebyr, eigedomsskatt og meir.

Kva er konsekvensane av ei mogleg deling? Rådgjevingsselskapet BDO har lagt fram sin rapport om konsekvensutgreiing av ei mogleg deling av kommunen. Rapporten finn du på www.kinn.kommune.no.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.