Tema olje- og energi 2018

Page 1

fredag

firdaposten.no

70 år

1948–2018

7. desember 2018 Nr 111 • veke 49 Årgang 70 l au ssal kr . 35.00

14 sider Tema energi

Gourmetane vil ut på gata

●●Kinnaspelet

Tek over regien

Ho har vekse opp med Kinnaspelet og har spelt ei rekke roller. No tek skodespelar Oda Alisøy regien. Side 27 ●●Tema Olje

TIL BORDS: Ekteparet Laila Alice Skorge og Ken Petter Skorge Kristiansen opner snart sin femte filial av Colonialen. Foto: BA

PÅ fleire HYLLEr: I restaurantbyen Bergen driv Laila Skorge frå Florø og

ektemannen hennar Ken Skorge Kristiansen restaurantar på øvste hylle. No prøvar dei eit meir tilgjengeleg konsept også. Les historia deira på helgesidene. side 26-27

Gjøa har eit langt liv i horisonten

Neptune Energy vil bygge ut Cara-funnet med ei subsealøysing mot Gjøa, og forlengar dermed plattforma si levetid. Side 16

Julegåvehandel på aMFI Florø Opningstider i desember:

Velkommen!

SøndagSope kl 14-18 9., 16. og 23. desember

kvardagar

kl 10-20(16) FLORØ

Følg oss på #amfifloro

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Svinekoteletter

Familieribbe

Tynnribbe

19

pr kg, SPAR

krydret m/rutet svor, pr kg, SPAR

frosne, pr kg, Folkets

90

Partivare! Vi selger så langt beholdningen rekker. Tilbudene gjelder t.o.m 9/12. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. kun til private husholdninger.

49

90 Fast pris frem til julaften!

69

90


10

tema

Firdaposten

Saga Fjordbase-direktør Erlend Toftesund (39):

– Eg har blitt ein flor

TEMA: Miljøet på Fjord Base har eit stort potensial for vekst, meiner direktøren.

energi

TEMA

Fredag 7. desember 2018

David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

INC Gruppen og Saga Fjordbase er ikkje redd for å ta sjansar, og finne moglegheiter der det ikkje ser ut til å vere openberre moglegheiter. PGS sin etablering på basen er eitt konkret døme på denne strategien: INC gruppa med Fjord Base og Saga Fjordbase tok opp konkurransen med internasjonale selskap når dei valde å melde sin interesse for seismikkgiganten – med eit tilbod dei ikkje kunne seie nei til. Den ferske direktøren i Saga Fjordbase, med reint sunnmørsblod pumpande gjennom årene, er så definitivt på rett hylle. – Når eg skulle ta valet knytt til å byte jobb, var eg oppteken av verdiane selskapet står for. Og etter snart 13 år i ulike operatørselskap på basen, av dette 8 år hos Equinor, kjenner eg verdibasert leiing og verdiane til INC veldig godt. INC har ein sterk eigarskap, og dei er framoverlente og grip moglegheitene. Det å vere med på å dyrke dette vidare gir meg energi. Direktørjobben i Saga Fjordbase har vist seg å vere ein veldig interessant jobb, mykje fordi vi er eit basemiljø i vekst. Og så er målet mitt å levere gode resultat dei neste åra. Her skal eg vere, smiler seier administrerande direktør Erlend Toftesund i Saga Fjordbase AS. Han tok over roret etter Leif Stavøstrand 1. oktober i år.

INC har ein sterk eigarskap, og dei er framoverlente og grip moglegheitene. Det å vere med på å dyrke dette vidare gir meg energi.

"

Erlend toftesund Adm. dir. Saga Fjordbase

Han har funne tid til ein prat med Firdaposten innimellom eit møte og lunsj. Han er tydeleg og konsis i språket. Det blir lite utanomsnakk. Erlend er ein handlingens mann. Rett disponering av tid er veldig viktig for han, og kanskje er det ikkje så rart at han har ein mastergrad i industriell informatikk og logistikk i bagasjen. Og selskapet sin visjon om å vere framoverlent, er også noko han brenn for på eit personleg plan. – Her på Vestlandet kjem ingenting gratis. Vi må jobbe knallhardt, og vi må aktivt søke nye relasjonar med nye selskap, i staden for å vente til dei kjem til oss. Kort sagt, vi må tore å vere framoverlente, seier Erlend. Men 39-åringen frå Gursken på Sunnmøre meiner vi godt kan vere meir framoverlente her i Florø enn det vi har vore til no. – Då eg jobba for Aker BP i Trondheim var Florø eit blankt punkt på kartet: Informasjon om at Florø faktisk har ein av Norges største næringsklynger på Fjord Base, og at det er Norge største forsyningsbase, har ikkje nådd godt nok ut over fylkesgrensa. Det har rett nok blitt betre marknadsført dei siste åra, men vi må ut og marknadsfø-

DIREKTØREN: – INC har ein sterk eigarskap, og dei er framoverlente og grip moglegheitene. Det å vere med på å dyrke dette vidare gir meg energi. Erlend Foto: David E. Antonsen Toftesund i Saga Fjordbase.

MØTE: Erlend Toftesund med økonomileiar Snorre Klungsøyr og controller Leni Foto: David E. Antonsen Nyvoll Olsbø i Saga Fjordbase. re oss meir. Vi har heilt klart ein salsjobb å gjere, seier sunnmøringen. Erlend held hardt på at vi må slutte omtale Fjord Base berre som ein oljebase. – Vi er ikkje berre ein base, men ein av Norges største næringsklynger med

60 ulike bedrifter og 700 tilsette. Vi er utruleg effektive og konkurransedyktige. Og vi er eit ekspansivt miljø som tar eigarskap til det vi held på med, seier Erlend og tek ein kort tenkepause: – Men vi må bli flinkare til å snakke


Firdaposten

tema

Fredag 7. desember 2018

orøpatriot EN TRYGG LEVERANDØR RING OSS PÅ 57 75 39 11 Torgrim Larsen Transport AS ble etablert i 1993. Med tett kommunikasjon og oppfølging har vi oppnådd svært gode kundeforhold og kundetilfredshet. NOEN AV VÅRE TJENESTER • Langtransport Faste køyreruter • Kranbil • Budbil • Ekspressgods • Stykkgods

Besøksadresse Florø: Industrivegen 20 post@t-larsen.no Torgrim Larsen: torgrim@t-larsen.no 959 89 510

25 år med kunden i fokus!

CV – Erlend Toftesund Utdanning: ■■ Chartered Institute of Procurement and Supply (CIPS) sertifisering (18 mnd). ■■ Master of Science innen industriell informatikk og logistikk (5 år). ■■ Bachelorgrad i systemutvikling. Arbeidserfaring: ■■ Equinor avdeling Florø, avdelingsleiar og assisterande forsyningssjef. ■■ Logistikksjef DNO (Det norske oljeselskap, no Aker BP) i Trondheim. ■■ Forbetringsrådgjevar i Forbetringsteam Aker BP Trondheim. ■■ Regionsjef Fjord1 Sunnmøre/ Romsdal / Turistsegment / Passasjerbåtar. ■■ Administrerande direktør Saga Fjordbase.

fram ringverknadene denne næringsklyngen produserer for florøsamfunnet. Alle desse 60 bedriftene og 700 tilsette ber med seg ringverknader lokalt. Eg er sikker på at minst 10 prosent av folk i Flora har ei direkte tilknyting til basen på ein eller annan måte. Men, strekar han under, og sjølvsagt utan å sløse med orda; det å berre prate om salsjobben er langt frå nok.

– Vi skal ikkje berre prate om at vi skaper vekst her på kysten, vi må vise det kvar dag ved å vere betre på kvalitet, HMS og samhandling. Og vi må vere flinkast i klassen til å implementere nye løysingar, dyrke fram effektive prosessar både når det gjeld teknologi, standard produkt og når det gjeld «grøne løysingar». Det grøne er også viktig for han på eit personleg plan: Han vaks opp i Distrikts-Norge, med tilgang på både fjell og fjord på alle kantar, og lærte fort å nytte seg av dette. – Eg er veldig interessert i friluftsliv, og har difor alltid likt meg her på Vestlandet. Eg vaks opp med, og dreg framleis på fisketurar til små fjellvatn og på sjøen, og eg er veldig glad i å gå på ski. Florø har veldig mykje å tilby innan naturopplevingar, så så lenge eg har tilgang på sjø og fjell klarer eg fylle fritida mi med meining, seier Erlend. Men at det vart akkurat Florø, var meir tilfeldig. Kona hans, Weronica Nilsen Toftesund, er nemleg frå Hovden. Saman har dei ein liten gut på to år. Og her i Florø trivest den vesle familien. – Eg treff hyggelege folk uansett kor eg er i Florø, så eg har definitivt blitt ein florøpatriot, seier Toftesund.

Norges ledende bedrift innen Inspeksjon, klargjøring og overflatebehandling av olje og gass produksjonsrør. Ramco Norway AS Botnaneset 61, 6900 Florø Tlf. 57 75 43 00 www.ramco.no

11


12

tema

Fredag 7. desember 2018

Firdaposten

Vilde og Trond er PGS sine folk i Florø:

– Vi har blitt som eit gamm

TEMA: Vilde Halland og Trond Midtbø skal jobbe på PGS sitt lager i Florø. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

9. november opna PGS Geophysical AS sitt nye lagerbygg med kai heilt vest på Fjord Base. I minst ti år framover skal Saga Fjordbase AS drive det globale hovudlageret for PGS sine seismikkskip. Reint konkret snakkar vi om materialforvaltarane Vilde Karoline Halland og Trond Midtbø i Saga Fjordbase.

Side om side Allereie 2. mai i år byrja dei to materialforvaltarane arbeidet sitt for PGS. Og i løpet av den tida har dei blitt gode kollegaer. – Vi sit no side om side her på kontoret når vi ikkje er ute på lagera. Vi har ein god kjemi og mykje humor oss mellom. Og vi veit kva den andre tenker, vi er nesten som eit gammalt ektepar, ler Trond. Her ute ved L-kaia, i PGS sitt nye bygg, skal dei to handtere materialordre til og frå PGS sine seismikkskip. Dei får bestillingar via e-post frå skipa, med ei liste over det utstyret dei måtte trenge til kvar og ein tid. Det er Vilde og Trond sin jobb å skaffe dette til veges, eller gjere det klart på lageret for henting. Deretter blir dette frakta ut til skipa med støtteskip – dersom seismikkskipa ikkje kjem innom for å hente utstyret sjølv. Når dei gjer det, assisterer Vilde og Trond med lasting og lossing.

Spennande jobb Men dei er på ingen måte nye i gamet. Trond har jobba på basen sidan 2012, medan Vilde har jobba der sidan 2013. Og denne jobben gjer dei ein sikker jobb i minst ti år framover. Meir kan det bli, for det ligg inne ein klausul om at kontrakten med Saga Fjordbase kan forlengast om naudsynt. Det skal du ikkje sjå bort frå blir aktuelt, for einskilde underleverandørar til PGS

har hatt avtalar med selskapet i meir enn ti år. Trond og Vilde håper på mange fine år for PGS. – Det er ein veldig spennande jobb. Og oppfører du deg, så har du denne spennande jobben i minst ti år framover. Men det krev at du er skjerpa heile tida, og at du gjer ein innsats, seier Trond. Dei to var også med på heile PGS sin flytteprosess frå Bergen til Florø. Hovudansvaret for denne massive flytteoperasjonen hadde derimot prosjektleiar Asle Hammerseth i Saga Fjordbase.

5250 pallar utstyr – Det er ein heftig logistikk som må til for ein sånn operasjon. Men eg har lang erfaring med logistikk og systemteknikken som skal til for å få dette til, seier Hammerseth. Alt som var i PGS sine lager på Herdla, Hanøytangen og hovudlageret på Hegraneset utanfor Bergen skulle vere på plass på det nye hovudlageret i Florø innan 9. november. Dei største delane gjekk med skip. Resten vart sett på pallar og transportert med trailer. Det var Hammerseth som sat med ansvaret for å legge transporten ut på anbod. Og hovudanbodet for transport over land var det T. Larsen Transport i Florø som fekk. – Det er viktig for INC og for meg at vi sørger for verdiskaping lokalt her i Florø. Vi er oppteken av å få aktivitet og sikre eit mangfald i næringslivet lokalt. Og når tilbydaren er meir enn kvalifisert, som T. Larsen Transport er, var dei det naturlege valet, seier Hammerseth. I løpet av vel eitt år, fram til PGS opna anlegget sitt på basen 9. november, har T. Larsen Transport køyrt kring 150 vogntog, eller 5250 pallar med gods frå PGS-basane utanfor Bergen til Florø.

Imponert PGS sjølv er ganske nøgde med å vere på plass i Florø. – Valet av Florø som base kom kanskje litt overraskande

SIKRA JOBB I TI ÅR: Dei har blitt nære kollegaer, og mindre vil dei ikkje bli. For i minst ti år framover skal Vilde Karoline Halland og Trond Midtbø jobbe for PGS på deira hovudbase i Florø.

på for mange, men det er ikkje så overraskande når ein veit at Florø har hatt ein god forsy-

alle foto: David E. Antonsen

ningsbase for oljeindustrien i Nordsjøen i lang tid, seier visepresident Per Arild Reksnes i

PGS. Han er rask til å legge til at florøbasen har eit godt rykte på


Firdaposten

tema

Fredag 7. desember 2018

13

malt ektepar

KOLLEGAER: – Vi sit no side om side her på kontoret når vi ikkje er ute på lagera. Vi har ein god kjemi og mykje humor oss mellom, seier Trond Midtbø.

seg. – Fjord Base og Saga Fjordbase er ein profesjonell aktør med flinke folk. Og dei held det dei lovar. Det som er gjort på anleggssida på eitt år er rett og

slett imponerande: Rett leveranse til rett tid. PGS-folka seier også at dei er blitt veldig godt mottekne i Florø, og det set vi stor pris på. Difor har vi og høge forventningar til Fjord Base

framover. Eg trur vi vil få eit langt og godt samarbeid med Fjord Base og Saga Fjordbase, som vil vere til glede for begge partar.

Prosjektleiar: Asle Hammerseth i Saga Fjordbase.

Støttes av Norwegian Innovation Clusters gjennom:

Ocean

Hyway Cluster


14

tema

Firdaposten

Fredag 7. desember 2018

Wellesley tok sjansen der ingen andre våga – og vann:

Grosbeak blir truleg utbygd TEMA: Grosbeakutbygginga kan bety meir arbeid på Fjord Base.

sar på å passere DG1 (Den første «Decision Gate» der dei skal evaluere funnet og marknaden, for å sjå om det er lønsamt, journ. anm.) i slutten av 2019, tidleg 2020, seier Østhus.

David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

Godt nytt for Florø?

Alle meinte Grosbeak-funnet 84 kilometer sørvest av Florø var ulønsamt – alle utanom operatørselskapet Wellesley Petroleum AS, som fortsette å bore. Og det lønte seg: Tidlegare meinte ein at det låg mellom 1.8 og 16 millionar standard kubikkmeter (sm3) utvinnbar olje og mellom 0.2 og 2.5 milliardar sm3 utvinnbar gass. Då boreriggen Transocean Arctic avslutta boringa i oktober i år, var tala heilt annleis: Førebelse utrekningar peikar på at det ligg mellom 7 og 17 millionar sm3 utvinnbar olje og mellom 1.1 og 2.7 milliardar sm3 utvinnbar gass der. Dette gjer at det «nye» Grosbeak-funnet, som no viser seg å vere på storleik med Wintershall sitt Nova-funn, er det største funnet på norsk sokkel så langt i år.

Men det er for tidleg å slå fast ein gong for alle at det blir ei utbygging av Grosbeak. Det vil vi ikkje vite før Wellesley har passert DG2 i byrjinga av 2021. Og det er dermed for tidleg å seie om det blir med ein produksjonsbåt som på Knarr, eller med ei oljeleidning frå feltet til Gjøaplattforma like ved. – Vi må først få ei betre forståing av funnet, før vi gjer noko konseptval, seier Østhus. Her er det mykje som kan spele inn. Kva har Gjøa kapasitet til å ta imot av olje og gass? Er funnet stort nok til å forsvare eit produksjonsskip? Eller skal dei selje funnet, slik at andre kan utvinne det? Det å utvinne det sjølv krev ein heilt anna organisasjon enn det Wellesley er i dag, men det er ingen umoglegheit, seier Østhus.

Skal analysere funnet I slutten av september vart det

GROSBEAK: Omriss av Grosbeak og brønnane Wellesley har bora i området det siste halvåret (3 brønnar + 2 sidesteg). Mørkeblå område er områder Wellesley opererer. Foto: Wellesley Petroleum

NORGESSJEF: I Wellesley Petroleum AS Kari Langvik Østhus. Foto: Thor Oliversen

klart at Wintershall får lov av staten til å bygge ut Nova-feltet like nord for Grosbeak. Og med tanke på at Grosbeak er om lag like stort, er det stor sannsyn for at Wellesley også ønsker å bygge det ut. Dette vil ein måtte vurdere framover. Det seier norgessjef Kari Langvik Østhus i Wellesley. – Slik vi ser det no, er det vel-

dig lite sannsynleg at Grosbeak ikkje er kommersielt, så vi ser det som sannsynleg at det blir ei utbygging, seier Østhus og legg til at dei no skal bruke tid på å analysere data over feltet. – Vi kjem no til å inkorporere data alle data frå dei nye brønnane, og oppdatere modellane våre slik at vi får eit endå klårare bilde av kva vi har her. Vi sat-

En ny stjerne på norsk sokkel

Bra for basen Uansett kva ein landar på, så lenge det blir ei utvinning, kan

det vere godt nytt for Florø. Fjord Base ved Saga Fjordbase har nemleg drifta forsyningsbase for Wellesley i leiteperioden på Grosbeak. Grunnen til at Saga Fjordbase vart vald, er Wellesley si gode erfaring med servicen frå Saga Fjordbase og andre Fjord Base-selskap. Østhus kan sjølvsagt ikkje love noko framtidig arbeid dersom Grosbeak blir bygd ut, men stadfestar at dei er svært nøgd med Florø. Saga Fjordbase står i alle fall klare, dersom behovet skulle melde seg. – Ein potensiell utbygging av Grosbeak ønsker vi og heile næringsklyngen på Fjord Base velkommen, og vi håper det blir ein realitet. Saga Fjordbase og resten av INC-gruppen er klare til å gripe moglegheiter og skape verdi, seier administrerande direktør Erlend Toftesund i Saga Fjordbase.

Ein potensiell utbygging av Grosbeak ønsker vi og heile næringsklyngen på Fjord Base velkommen, og vi håper det blir ein realitet.

"

Nova er et oljefelt ca 50 km vest for Florø. Wintershall er operatør for feltet som vil gi mye aktivitet i området. Nova skal bygges ut med to havbunnsrammer som blir knyttet til den nærliggende Gjøa-plattformen.

www.wintershall.no


Firdaposten

tema

Fredag 7. desember 2018

FELTET: Grosbeak ligg ikkje langt utforbi kysten vår, og kan bli ein viktig faktor for meir arbeid på basen i Florø.

Kart: OED/oljefakta.no

Tuboscope Norge A/S Avd Florø. Tuboscope har 20 ansatte ved anlegget i Florø. Tuboscope driver med inspeksjon/klargjøring av Casing/Tubing før forsendelse og ved retur fra Offshore. Tuboscope inspiserer også løst borreutstyr samt drillpipe onshore og offshore. www.nov.com

15

Vil du jobbe som ingeniør i havrommet? Spennande jobbar ventar innan energi til havs og havbruk! Kom til Florø og ta utdanning i HAVTEKNOLOGI

Søknadsfrist: 15. april 2019 (Samordna opptak).


16

tema

Fredag 7. desember 2018

Firdaposten

Neptune Energy er eitt steg nærare utbygging:

Cara skal koplast til Gjøa TEMA: Det går mot ei utbygging av Neptune Energy sitt Cara-funn. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no 947 80 313

Operatøren Neptune Energy har, på vegner av Cara-lisensen, levert rapport for konseptval, «Beslutning om vidareføring» (BOV), til Olje- og energidepartementet. Prosjektet går nå over i defineringsfasen, der partnarskapet skal gjennomgå tekniske og økonomiske detaljar, før ein endeleg investeringsvedtak blir tatt. Det skriv Neptune Energy i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Ved å kople seg til eksisterande infrastruktur i området, har partnarskapet valt den beste løysinga for å utløyse maksimal verdi frå feltet.

"

Anne Botne Neptune Energy Norge

Like ved Gjøa Cara-funnet 6 kilometer nordaust for Gjøaplattforma og 60 kilometer frå Florø, vart det største olje- og gassfunnet i 2016 og er rekna til å innehalde 3,7 millionar Standard kubikkmeter (Sm3) olje, noko som svarar til mellom 56–94 fat olje. I tillegg er det rekna til å inne-

GJØAPLATTFORMA: Cara-funnet skal utvinnast ved hjelp av undervassteknologi, og koplast saman med Gjøaplattforma. Arkivfoto halde 8,1 Sm3 med gass. Konseptet Neptune Energy har landa på er, kanskje ikkje overraskande, ein subseainstallasjon med tilknyting til Gjøa for prosessering og transport vidare. Gjøa vil også gi gassløft til feltet. – Ved å kople seg til eksisterande infrastruktur i området,

har partnarskapet valt den beste løysinga for å utløyse maksimal verdi frå feltet, skriv Neptune Energy i pressemeldinga.

Langsiktig perspektiv – Med avgjeringa om vidareføring av Cara signaliserer vi at Neptune Energy har et langsiktig perspektiv i Norge. Dette er

den andre utbygginga på norsk sokkel der vi er operatør, og vi bruker kunnskapen og ressursane våre til å finjustere konseptet for Cara. Neptune Energy er overbevist om at vi har valt den mest økonomisk robuste løysinga for feltet, og de neste månadene vil vi jobbe tett med partnarane for å lage ein plan

som tar Cara framover, seier dagleg leiar Anne Botne i Neptune Energy Norge. Fleire studiar skal nå fullføres før den endelege investeringsvedtaket blir tatt, og ein plan for utbygging og drift (PUD) sendast til Olje- og energidepartementet i første halvdel av 2019.

Gjøa vil vere her etter 2030 Neptune hadde så smått byrja tenke på å lage ein avslutningsplan for Gjøafeltet, før Cara kom og snudde alt. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

FLORØPATRIOT: Leiar Anne Botne i Neptune Energy Norge AS.

Det sa leiar Anne Botne i Neptune Energy Norge AS under

Vekst i Vest i Florø. – Slik det såg ut for nokre år sidan, så måtte vi tenke på ein avslutningsplan for Gjøa om ikkje så mange år. I seg sjølv har ikkje feltet så lang levetid. Vi hadde ikkje lyst til å gå i gang med eit sånt arbeid, for Gjøaplattforma er ein fantastisk plattform sjølv etter åtte år i produksjon, sa Botne.

Men så kom Cara. Oljefunnet 14 kilometer unna var det største funnet på norsk sokkel i 2016. Det er venta at plan for utbygging og drift kjem i løpet av 2019. – For Gjøaområdet snudde Cara heile situasjonen på hovudet. Gjøaplattforma skal ikkje leggast ned i den næraste framtid, eg trur den kjem til å

Sparer miljøet ved å samarbeide No byrjar dei store energiselskapa å sjå fordelane av samarbeid. I Florø har fleire av selskapa på basen samarbeidd i fleire år. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no 947 80 313

Våren 2017 byrja Equinor, Neptune Energy (Tidlegare Engie) og Norske Shell å dele på dei same helikoptera ut til sokkelen, og knapt eit år etter gjekk dei same tre selskapa i gang

med samsegling frå Florø med dei to forsyningsfartøya «Havila Charisma» og «Rem Eir». Det har vore eit produktivt samarbeid, skriv INC Nytt: Resultatet er at dei har utnytta helikopterkapasiteten betre, i tillegg til lasteplassen om bord dei to forsyningsskipa. Det sparar også miljøet. – Vi går saman fordi vi ser at alle aktørane på norsk sokkel vinn dersom vi klarar å gjere sokkelen meir konkurransedyktig gjennom effektive operasjonar. Samstundes reknar vi

med å spare 6800 tonn i CO2utslepp i året ved å segle saman ut frå Florø, seier basesjef Sigurd Øistein Døsen i Equinor. 6800 tonn Co2 svarar til utslepp frå over 3500 bilar. – Heile bransjen er oppteken av å styrke samarbeidet, og vi Florø har vi demonstrert at vi jobbar godt saman. Når vi gjer det tek vi ut stordriftsfordelar som hadde vore vanskeleg å ta ut på eiga hand, seier Knarr onshore manager Aksel Plener i Shell.

Samsegling: F.v.: Sigurd Øistein Døsen i Equinor, Aksel Plener i Shell og Oddvar Aarberg i Neptune. Foto: Karen Nilsen/INC Nytt


Firdaposten

tema

Fredag 7. desember 2018

HAVLANDET: Dei tilsette på Havlandet Forskningslaboratorium skal snart flytte til Foto: David E. Antonsen større lokale på Botnastranda.

Havlandet Forskingslaboratorium utviklar seg. No jaktar dei på kundar i oljenæringa TEMA: Dei analyserer allereie badevatn, fiskefôr og mat. No vil dei også ha fleire kundar i oljenæringa. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

– Oljenæringa er ein del av vår kundegruppe i dag, men det utgjer dessverre berre mellom 10 og 12 prosent av alle arbeidsoppdraga våre. Vi har kanskje ikkje marknadsført så godt at vi faktisk tilbyr analysar som kan vere relevant for dei. For vi skulle gjerne hatt endå fleire jobbar for oljenæringa, og dette er noko av det vi ønsker å satse på framover, seier dagleg leiar Quynh Le ved Havlandet Forskningslaboratorium. Og Quynh Le trur at dei skal klare få fleire kundar innan oljen. Då ho byrja arbeide i Havlandet i 2014, såg dei eit behov for deira tenester i oljenæringa. Og dei investerte i verktøy og instrument. For innimellom har selskapet oppdrag som til dømes går ut på å analysere drikkevatnet om bord i båtar som går til sokkelen. Om ikkje drikkevatnsprøvane blir godkjende, får ikkje skipa forlate

EIN VERDSLEIANDE PIONÉR I

DET GRØNE SKIFTET

hamna. Men så kom nedturen i næringa. No når oljenedturen ser ut til å vere over, trur Le at dei kan plukke opp att tråden med oljenæringa. Det som kan bli ein viktig faktor oppi dette er at forskingslaboratoriumet på Trolleskjæret, med sine ni fast tilsette, ein vikar og tre lærlingar frå TAF-linja, om ikkje lenge er på flyttefot til oljebasen på Botnastranda. Då går dei frå i overkant tronge 400 kvadratmeter med areal til det dobbelte. Dermed får selskapet som i hovudsak driv med fôr-, vatn- og matanalyse meir plass til å gjere andre typar oppdrag, som til dømes for oljenæringa. – Då har vi moglegheita til å utvide kapasiteten vår etter det som er behovet i marknaden. Vi har også moglegheita til å investere i nye analyseinstrument som vi ikkje har plass til i dag. I tillegg til å satse meir oljerelatert, skal vi satse meir på fiskehelse, seier Quynh le og presiserer: – Det er viktig at vi utviklar oss heile tida, vi kan ikkje stagnere.

B E S T PÅ M I L J Ø V E N N L E G O G PÅ L I T E L E G T R A N S P O R T ”Verdas største GRØNE REVOLUSJON skjer i Flora”, ifølgje Deon Mortensen, sikkerheit- og maritim teknisk direktør i Fjord1. • Fjord1 har vunnet 9 kontraktar med til saman 24 samband dei siste to åra. • Vi byggjer nærare 30 nye ferjer til ein verdi for om lag fem milliardar kroner; alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda! • Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag, og dei siste to åra har vi tilsett 30 nye fantastiske kollegaer på land!

Equinor får bore meir utanfor Sognefjorden Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/11-22 S søraust for Florø. David E. Antonsen

Det er boreriggen Deepsea Bergen som skal bore undersøkingsbrønnen på oppdrag frå Equinor. Prospektet har fått kallenamnet Bergand, og lig i utvinningsløyve 248C. Området ligg 9 kilometer vest av Framfeltet, og direkte i sørleg retning frå Vega-feltet (sjå kart). I løpet av fjerde kvartal skal Transocean Artctic bore Songesand-prospektet (35/4-2) for Wellesley. I samme tidsramme skal Transocean Spirtsbergen bore Presto (36/1-3) for Equinor.

Kart: Bergand ligg geografisk sør om Vega-feltet. Ill: OED

Frequency.no

david.antonsen@firdaposten.no 947 80 313

17


18

tema

Fredag 7. desember 2018

Firdaposten

Nova og Vega vil skape mei

TEMA: Wintershall vil ha base i Florø under boringa av deira to felt. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

1. oktober vart det klart at Wintershall får løyve frå staten til å bygge ut Nova-feltet 17 km sørvest for Gjøaplattforma. Det er godt nytt for oss i Florø, men ikkje berre for selskapa på basen.

Viktig kontrakt Saga Fjordbase AS har sikra kontrakt på å levere alle basetenester til Wintershall under produksjonsboringane for Nova, Vega og eventuelle leitebrønnar i same område. Berre Vega- og Nova-boringa er med på å auke aktivitetsnivået på basen i bortimot 18 månader. I denne perioden vil all lagring av materiell og forsyning av røyr og materiell til boreriggen gå frå Florø, og forsyningsbåtar kjem til å gå i skytteltrafikk mellom Fjord Base og boreriggen heile tida. Det igjen fører til auka behov for overnatting for mannskap i Florø, i tillegg til at det kjem fleire passasjerar via lufthamna her. Saga Fjordbase har allereie byrja rekruttere fleire som følge

brønnar. Samstundes startar Subsea7 å lande utstyr her på basen. I den perioden vil det vere seks til åtte fartøy i området, seier Ildgruben. Når Nova-brønnane er ferdig bora, planlegg Wintershall å flytte «West Mira» attende til Vega-feltet for å bore dei to siste brønnane der.

av denne kontrakten. Den gjer også at Saga Fjordbase vil gå til innkjøp av tredjepartstenester hos andre underleverandørar i byen. – Under boreperioden blir det mellom tre til fire fartøyanløp ved Fjord Base kvar einaste veke. Desse tek kvar månad i snitt 500 tonn gods over kai. I tillegg kjem fartøya som driv med installasjon. Stor aktivitet i ein lang periode fordrar ein god og effektiv base, og det veit vi at vi har her i Florø, seier kommunikasjonssjef Svein Ildgruben i Wintershall AS til Firdaposten.

Forlenger levetida til Gjøa

Under boreperioden blir det mellom tre til fire fartøyanløp ved Fjord Base kvar einaste veke. Desse tek kvar månad i snitt 500 tonn gods over kai.

"

Svein Ildgruben Wintershall

Frå Vega til Nova Allereie om eit år byrjar boreutstyr som skal til Vega og Nova å komme til lageret på Fjord Base. Men der skal dei ikkje ligge så lenge. For tidleg i januar 2020 planlegg Wintershall å starte boringa av den første av inntil tre brønnar på Vega. Fø-

Kommunikasjonssjef: Svein Ildgruben i Wintershall.

remålet er å auke produksjonen og reservane på gass- og kondensatfeltet Vega. Boreoperasjonen er det Seadrill-riggen

Foto: David E. Antonsen

«West Mira» som står for. – Etter dette flyttar vi riggen til Nova, der den skal bore seks produksjons- og injeksjons-

Oceaneering Asset Integrity AS i Florø, har en lokal forankring og er med å bidrar, både mot lokal næring og Offshore næringen i vår region. Antall ansatte i Oceaneering Asset Integrity Norge er 330 ansatte og totalt over 1000 ansatte i Oceaneering Norge.

Oceaneering kan bidra med blant annet følgende;

Leveranse av NDT tjenester; Vi har lokalt, alle konvensjonele NDT metoder som er i markedet. Vårt personell har bred erfaring med ulike prosjekter i vårt distrikt.

Største prosjekter i den senere tid er; • Dalsfjordbroen • Førde Fjernvarme • Osstrupen bru

• Martin Linge (Westcon) • Ivar Aasen (Westcon) • Havyard (Flere båter)

Leveranse av Engineering; Høy kompetanse innenfor beregning, design og tegning. Bruk av programmer som; • Staad.Pro • MathCad • SolidWorks

Leveranse av Kraner og Løfteredskap Vi har avtaler med flere av de største leverandørene av kraner og løfteutstyr. • Luft / El. Kraner • Luft / El. taljer • Luft / El. løpekatter

• Nødvendig EX godkjenning iforhold til eksplosjonsfare. • Leveranse av alle typer løfteredskaper

Leveranse av vedlikeholdsstyring I sammarbeid med våre andre avdelingskontor i Trondheim og i Bergen, utarbeider vi vedlikholdstyringsprogram for større bedrifter.

Leveranse av tekniske tjenester / Sakkyndig bedrift Oceaneering Asset Integrity As er en sakkyndig bedrift med godkjenning fra Norsk Sertifisering AS. Vi innhehar de nødvendige godkjenningene til å kunne kontrollere kraner på båt og land, Truck og løfteredskaper. Alle våre inspektører har personlig godkjenning innefor den kontrollgruppen de utfører arbeidet i.

Saga Fjordbase har allereie avtale på lagring og vedlikehald av utstyr til Vega, og om det blir det same for Nova er noko Wintershall skal vurdere i tida framover. Den godkjende utbyggingsløysinga for Nova består av to havbotnsrammer som blir knytt opp mot Gjøa-plattforma. Her blir oljen prosessert før den blir transportert til Stureterminalen og terminalen i St. Fergus. Gjøa skal også levere straum, løftegass til Nova-feltet og vassinjeksjon. Med dette er Wintershall si Nova-utbygging med på å forlenge levetida for Gjøaplattforma også. Første olje er venta i 2021. I alt er feltet rekna til å innehalde kring 80 millionar fat olje og noko gass. Forventa levetid for feltet er kring 10 år. Utbyggingskostnadene ved Nova er rekna til 9,9 milliardar kroner.


Firdaposten

tema

Fredag 7. desember 2018

19

eir aktivitet på basen i 2020

NOVA: Slik ser Wintershall føre seg at Nova-utbygginga kjem til å bli.

Komplett navigasjon og kommunikasjonsutrustning til off-shore og handelsfartøy

Komplett styring, Autopilot, Joystick og DP - Dynamisk Posisjonering

Sikkerhetssystemer for havn- og kystområde

Elektronisk merking og registrering av aktivitet i havner og sjøområder ved hjelp av VHF radio, lukket radiosamband, AIS, Aton, radar, kamera, internett, alarm, lys, sirene osv.

Design og levering av bropulter sammen med komplett elektronikk

Vi påtar oss oppdrag i inn- og utland. Service og ny-installasjoner

Ocean Electronics med avdelingene Måløy Radio og Sigurd Solberg

www.oceanelectronics.no


20

tema

Firdaposten

Fredag 7. desember 2018

Hydrogen for dummies Dei første hydrogenbilane kom i 2014, frå Huyndai.

Batterikraft har 5 prosent energitap frå kraftnett til propell. For hydrogen er talet 60 prosent, og diesel mellom 55 og 60 prosent.

Målt på propellen får du ut kring fire gonger så mykje energi frå 1 kg hydrogen enn 1 liter diesel.

For korte bilreiser er elbilar meir energieffektive enn hydrogenbilar. Til langtransport og tungtransport blir batteri for tungt. Hydrogen er lett og gir lang rekkevidd.

Hydrogen får vi anten gjennom elektrolyse ved å spalte vatn til oksygen og hydrogen ved hjelp av straum, eller ved å varme opp vassdamp og naturgass til høg temperatur i ein reaktor. Den første er den «grøne» måten å produsere på. Den andre kallast den «grå» fordi denne prosessen også skapar forureinande CO2. Dersom ein deponerer denne CO2₂-ein i t.d. tomme oljebrønnar, blir produksjonen CO2₂nøytral.

Det kostar meir å produsere hydrogen enn å produsere diesel.

Hydrogen er ein enkeltdel av vatn, og er det vanlegaste grunnstoffet i universet. 75 prosent av det består av hydrogen.

Målt på propellen får du ut kring fire gonger så mykje energi frå 1 kg hydrogen enn 1 liter diesel.

Brenslecella er hydrogenframdrifta sin versjon av forbrenningsmotoren. Dei har ei levetid på mellom 30.000 og 50.000 timars bruk, men inneheld platina, så dei er dyre å produsere.

Batterikraft til skip fungerer betre enn hydrogen på korte strekningar. Hydrogen passar til lengre strekningar, i og med at hydrogen er lett og du kan lagre store mengder av det om bord.

I og med at tankane er lufttomme, er det ikkje fare for at hydrogen tek fyr i tanken. Om det går hol på Rutebåtar den, og hydrogenet tek fyr, brenn har jamleg vedlikedet som ein stikkflamme ut av hohald av motorane. Det let. Hydrogen er 14 gonger lettare er dyrt. Brenslecellene på enn luft, dermed hydrogenbåtar krev mindre brenn den alltid oppvedlikehald. Så om kiloover. Men det Sjølv prisen for hydrogen er eksploderer om hydrogen høg, blir vedlikehaldsaldri. er brennbart, kostnaden desto er det ikkje lågare. eksplosivt. Hydrogen blir Du lagra i lufttomme kan køyre tankar. Dei toler at eit 100 km på 1 kg 50 kilos lodd blir sleppt hydrogen, som gjer ned på den frå 10 meters eit forbruk på 9 kr mila. høgde. Om tanken blir for Men testar har vist at varm, blir hydrogenet hydrogenbilar bruker ventilert trygt ut. ned mot 7 kr mila.

Er ein fargelaus, luktfri og svært brennbar gass.

For å køyre ein 30 meter lang passasjerbåt 115 nm treng du 380 kg hydrogen. Om du skulle brukt batteri, hadde det kravd 54 tonn batteri om bord.

Bensin kostar 16 kr literen, diesel 15 kroner. Marin diesel er billegare. Hydrogen for bilar kostar i dag kring 90 kroner kiloen.


Firdaposten

Fredag 7. desember 2018

tema

21


22

tema

Firdaposten

Fredag 7. desember 2018

Fjord1 har baugporten vidopen for miljøvennleg teknologi:

– Om fem år er det få diesel TEMA: I 2019 skal Fjord1 vere på plass ved 23 nye samband. David E. Antonsen

david.antonsen@firdaposten.no

– Eg bruker å seie at den største grøne revolusjonen innan ferjedrift i heile verda skjer i Florø, og vi er eit selskap som setter spor oss langt utover landets grenser – og det i seg sjølve er heilt fantastisk, seier tryggleiks- og maritim teknisk direktør Deon Mortensen i Fjord1 og smiler. For det børsnoterte selskapet med hovudkontor i vesle Florø har så definitivt sett sitt merke på ferjemarknaden både i Norge og i utlandet, med sine miljøretta ferjer.

Færre dieselferjer Hordaland var først ute med å vekte miljø ekstra mykje i anbodsgrunnlaga på ferjestrekningar. Dei siste to åra har det nesten vore ein konkurranse vestlandsfylka mellom i å lyse ut anbod der klimatiltak tel ein stor del av anbodsgrunnlaget. Det legg eit ekstra press på reiarlaga i å tenke meir miljøvenleg transport. Mortensen trur vi ikkje snakkar mange år før dieselferja er historie. – Eg trur det knapt er dieselferjer att i Norge om fem år. Når denne runden vi er inni no er over, reknar eg med at mellom 80 og 90 prosent av ferjeflåten vår er elektrisk. Det er vi stolte over; vi er ein gjeng som er svoltne på ny teknologi, og nye måtar å gjere ting på, seier Mortensen men strekar samstundes under at det ikkje berre er viktig med ny, miljøvennleg teknologi. – Vi må også ha ein bedriftskultur der alle frå matrosen og skipperen til oss i administrasjonen tenker miljø i måten vi utfører arbeidet vårt på, og korleis vi kan få ned energiforbruket når vi opererer ferja. For om ikkje alle gjer det, har miljøfokuset i selskapet ingen effekt. Han legg også til at det er viktig at fylka og staten krev miljøvennlege løysingar når dei legg ut ferjestrekningar på anbod. – Hadde ikkje dei sett så strenge krav, hadde ikkje marknaden sett ut slik den gjer i dag. Og i tillegg til at vi har fått meir miljøvennlege ferjesamband, har dette også ført til at vi har fått nye, viktige næringsaktørar innan grøn energi, strekar Mortensen under.

MILJØVENNLEG: Fjord1 sin nye, elektriske ferje MF Gloppefjord er ein del av den elektriske revolusjonen i ferjemarknaden, som Fjord1 frontar. Og det blir fleire slike: 30 nye ferjer er under bestilling. foto: David E. Antonsen

– 2019 blir eit vilt år Dei siste to åra har Fjord1 sine miljøvennlege, elektriske ferjeløysingar ført til at dei har vunne ni kontraktar med til saman 24 samband. I alle desse anboda er måleparametra som oftast energiforbruk, Co2- og Noxutslepp og kostnader. Ein av desse kontraktane er på landets

ENGASJERT: – Om fem år er det få dieselferjer att i Norge. Det spår

Fjord1-direktør Deon Mortensen. Pressefoto første heilelektriske ferjesamband Anda-Lote. I januar i år vart den heilelektriske ferja «Gloppefjord» sett i ordinær

drift på sambandet. Men 2019 blir eit langt travlare år for Deon Mortensen og resten av Fjord1. Før 2019 er

omme skal dei resterande 23 rutesambanda som dei vann vere i drift. I dag har Fjord1 70 ferjer. Om eitt til to år er talet nærare 100. – Vi har ein stor jobb føre oss. Vi har bestilt bortimot 30 nye ferjer til ein verdi av om lag 5 milliardar kroner. Alle desse er topp moderne, og har den fremste teknologien i verda. Så er de i ulike kontraktane rigga slik at det er operatøren som må få på plass eit kaiområde som har nok straum, autopassløysninger og andre nye fasilitetar. Totalt er det om lag 40 nye kaier som skal førebuast for elektrisk lading av ferjene. Og samstundes skal vi prate med kring 20 ulike kraftselskap, for å sikre straum til kaia. Vi står også overfor ei verksemdsoverdraging på kring 350 personar

som har jobba på ferjene for andre ferjereiarlag, som no skal no inn i falden vår. Alle desse må lærast opp i alt frå den nye teknologien til selskapet sine verdiar. Så vi har ein enorm oppgåve føre oss, det blir ganske vilt, smiler Mortensen.

Vi har ein stor jobb føre oss. Vi har bestilt bortimot 30 nye ferjer til ein verdi av om lag 5 milliardar kroner.

"

Deon Mortensen Fjord1

Blir i Florø I dag har Fjord1 sine nye ferjer autopilotfunksjonen «autocross», som tek ferja over


Firdaposten

tema

Fredag 7. desember 2018

lferjer i Norge

VI RENGJØR

RASKERE, RENERE OG TRYGGERE! For både offshore og onshore industri leverer vi prosessoptimaliserings-tjenester som gir våre kunder bedre driftsøkonomi. MINDRE NEDETID Redusert nedetid betyr bedre produktivitet og lønnsomhet. Med SafeClean`s metoder, vil produksjonskritisk utstyr raskt tilbakeføres til design nivå. SafeClean har unike konsepter for optimalisering av separatorer, varmevekslere, vannsystem , filtersystemer og større produksjonsprosesser.

RENERE RENGJØRING SafeClean`s metoder fjerner 99,9% av prosessens avsetninger, gjennom egenutviklet prosess-optimaliseringsvæsker som er høy-effektive både på organiske og uorganiske avsetninger.

MINDRE GIFTIG AVFALL Avsetninger klassifisert som farlig avfall, vil gjennom Safeclean´s avanserte separasjonsprosesser redusere avfallsmengder med opptil 95% – med tilhørende kostnadsreduksjon på avfallsdeponering. fjorden til fastsette tider og i eit fastsett mønster både når det gjeld fart og navigasjon. I framtida vil dei også legge til kai av seg sjølv. Om ein ser ti år inn i framtida, er mannskapet vekke frå ferjene? – Det er vanskeleg å seie. Teknologien går nok i den retninga. Vi er til dømes med i eit prosjekt som heiter ROMAS, der vi ser om det frå ei teknologisk side er mogleg å flytte maskinsjefen på land, seier Mortensen. Men så er det store, ekle spørsmålet om Florø har blitt for lite for å ha hovudkontoret i Fjord1. Det er trass alt lettare å rekruttere i store byar som Bergen og Stavanger. – Det er ikkje aktuelt for oss å flytte no, og det er heller ikkje eit samtaletema på eigarnivå. Vi har ingen problem med å rekruttere, sjølv om hovudkontoret ligg i Florø. I fjor hadde vi bortimot 6000 søkarar på jobbar i Fjord1konsernet. Så langt i år er talet 7134.

350 av desse vart tilsett. Og i 2017 og 2018 tilsette vi 30 nye tilsette på land. Og dette er folk med veldig høg kompetanse. For oss er det viktig at vi gjer oss attraktive som arbeidsgjevar, og viser dei potensielle jobbsøkarane at vi er eit framoverlent selskap som tilbyr eit godt arbeidsmiljø der alle får plass til å vere med på å forme framtida, seier Mortensen og strekar under at dei framover også vil lyse ut interessante jobbstillingar i floraregionen.

Det er ikkje aktuelt for oss å flytte no, og det er heller ikkje eit samtaletema på eigarnivå. Vi har ingen problem med å rekruttere, sjølv om hovudkontoret ligg i Florø.

"

Deon Mortensen Fjord1

BEDRE PERSONELL–SIKKERHET Vår lukkede non-entry-rengjøring reduserer risikoen dramatisk for ditt personell.

Ta kontakt dersom du vil vite mer om hvordan din bedrift kan få økt inntjening, med enda høyere fokus på sikkerhet og miljø.

GEIR KVALHEIM

Sales Manager +47 91 15 83 90 • gkv@safeclean.no • safeclean.no

23


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.