Vagsoy FRP

Page 1

VÅGSØY FRP 2015-2019 - Ditt val,di framtid


Framstegspartiet sin ideologi

Framstegspartiet sitt ideologiske grunnlag, liberalismen, tek utgangspunkt i at folk sjølve er i stand til å bestemme kva som er best for seg og sine. Vi trur ikkje at formynderi og sentraldirigering er eigna til å skape velstand eller lykke for einskildmennesket. Eitkvart menneske er unikt, og ein kan difor ikkje finne fellesskapsløysingar som passar alle. Vi ynskjer difor stor grad av fridom og ansvar for einskildmennesket, og eit statsapparat som i minst mogeleg grad styrer kvardagen til innbyggarane. Grunnlova med rot i norsk kulturarv og god kristen etikk, er basen til eit godt og stabilt samfunn. Paritet erkjenner at ein må ha ein sunn økonomisk utvikling for å kunne skape velstand og trivsel for innbyggarane. Ein treng då eit lønsamt næringsliv som investerer og sysselset innbyggarane for å få til. God offentleg infrastruktur, framtidsretta planarbeid og rask og positiv sakshandsaming er ein føresetnad for trivsel og eit godt og stabilt arbeids og næringsliv.

www.gulen.frp.no www.vagsoy.frp.no


Hogne Bleie i møte med politisk leiing i samferdsledepartementet

Utøvande politisk makt

Då Framstegspartiet endeleg fekk regjeringsmakt for to år sidan, fekk FrP både i fylket og lokalt innverknad på politikken i som førast i landet. Vågsøy FrP har tett kontakt med fleire av våre folk i regjeringsapparatet. Kystvegen og Stadt Skipstunell er mellom sakene vi då drøftar. Ein må og nemne landsmøtevedtaket våren 2014 om at FrP skulle seie nei til ein statleg garanti på nær 40 milliardar kroner til vinter-OL i Oslo. Det var Sogn og Fjordane FrP, med Frank Willy Djuvik og Hogne Bleie i spissen, som føreslo og kjempa gjennom standpunktet som sparte landet for ein pengebruk som kunne finansiert heile Kystvegen åleine! Vågsøy FrP og fylkespartiet har vidare vore ein pådrivar for fornying av skattepolitikken. Fjerning av arveavgifta og nedbygging av den næringsfiendtlege og heimlandsdiskriminerande formuesskatten er viktige milepælar.

FrP si liste til kommunestyrevalet i Vågsøy 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7.

Hogne Bleie Sølvi Grov Kjell Bjørn Refvik Ronny Mobakken Louise Vikanes Julian Filipowicz Borys Sukhanyk

f 1967 f 1948 f 1971 f 1975 f 1973 f 1958 f 1972

www.vagsoy.frp.no


Vågsøy FrP har synt at vi er til å stole på

Vågsøy FrP har i kommunestyreperioden vore prinsippfaste og tydelige Vågsøy FrP har vore løysingsorientert og fremma politisk samarbeid FrP i kommunen var ein pådrivar for å få vedteke kommunedelplanen for oppvekst, der det går fram at en skal ha fem barneskuler i kommunen. Kapitalkostnadane ved å utvide mottaksskulane vil overstige den økonomiske driftsgevinsten ved å legge to skular Vi har gjennom politisk samarbeid makta å stå imot ei auke av den udemokratiske og usosiale eigedomsskatten, som burde vore fjerna Vågsøy FrP har saman med andre gått inn for oppussing av dei eksisterande ungdomsskolebygga på Gotteberg. Om dette ikkje kan gjennomførast, ønskjer vi å bygge ein ny ungdomsskule på Tennebø, der ein kunne nytte eksisterande idrettshall, kantiner og komande symjehall Vågsøy FrP har vore mot bygging av et nytt ungdomsskolebygg på Gotteberg, som vil medføre store unødvendige kostnader med ukjent sluttbeløp. Rådmannen ynskjer å finansiere auka kostnader med maksimal eigedomsskatt, ei auke frå 4 til 7 promille Vågsøy FrP har alltid vært positive til private tiltak i kommunen, slik som private barnehager Stadt skipstunnel har Vågsøy FrP kjempa for sidan midten av 1980-tallet Vågsøy FrP har tala varmt for ein ny og slagkraftig kystkommune FrP har bidrege sterkt til finansiering av Måløyraidsenteret Sølvi Grov 2. kandidat

www.vagsoy.frp.no

Kjell Bjørn Refvik 3. kandidat


FrP ynskjer i kommande kommunestyreperiode Ei strukturendring i kommuneleiinga for effektiv saksgang, gode tenester og trygge arbeidsforhold for dei tilsette Kommandolinjer, ansvarsområde og stillingsinstruksar skal være tydelige Openheit om pågåande prosessar der politikarane skal være delaktige Meir makt frå byråkratiet til folket. Kommunestyret skal bestemme på vegne av veljarane og ikkje styrast av kommuneadministrasjonen Ein ordfører som er synlig, handlekraftig og fokusert på at kommunen skal fungere godt Ordføraren er innbyggjarane sin ombodsmann og ikkje ein del av administrasjonen Fornying av kommunedelplan for arealbruk, som ikkje har vore rullert på mange år Tilbod til dei unge, også dei som ynskjer utradisjonelle aktivitetar slik som motorsport God eldreomsorg, der det er ein balanse mellom heimetenester og nok institusjonsplassar Eit robust helsestell for alle Vågsøy FrP ynskjer ein kystkommune, der ein har felles historie, lik kultur og eit næringsliv knytt til virke ved og på sjøen Vågsøy, som ein av dei mest folkerike kommunane i fylket, må gå føre i denne prosessen Kjempe for eit framleis allsidig tilbod ved Måløy Vidaregåande skule Kystvegen som ein samanhengande riksveg, der strekninga Florø – Måløy – Ulsteinvik med bru over ytre Nordfjord vert prioritert Oppstart av bygging av Stadt skipstunell med parallell bilvegtunell

Gje oss ny tillit, stem FrP! www.vagsoy.frp.no


Sogn og Fjordane FrP sine viktigaste saker Auka verdiskaping

Verdiar og arbeidsplassar oppstår ikkje av seg sjølv, og dei oppstår aldri ved å kjempe for at alt skal være som det alltid har vært. FrP er oppteken av at Sogn og Fjordane skal utnytte dei moglegheitene som ligg i samfunnsendringane, og utnytte alle dei fortrinna fylket har både når det gjeld naturressursar og skaparkrafta i det private næringslivet.

Vekst i folketal

Folketalsauke er den viktigaste enkeltfaktoren for å kunne sikre gode lokale tenester for innbyggjarane. Den manglande politiske evna og viljen til å skape attraktive bu- og arbeidsregionar, og til ikkje å satse på rammevilkår for det private næringslivet må snu, om vi skal snu folketalsutviklinga. Attraktive lokalmiljø med varierte arbeidsplassar, og større satsing på infrastruktur langs kysten, er avgjerande faktorar for å lukkast.

Gode skuletilbod

Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er blant landets beste. Men ein førestenad for at det skal være slik i framtida er at skulestrukturen er dimensjonert etter elevtalet, at skulane er attraktive for elevane, og at studietilbodet er tilpassa næringslivet sine behov i fylket. FrP vil sikre at elevar får høve til å velje den skulen og det utdanningsløpet dei sjølv ynskjer, også over fylkesgrensene. Politiske og byråkratiske grenser skal ikkje hindre ungdommane i å forfølge draumane sine.

FRIDOM


Vi tek fylket inn i framtida

Velferd før innvandring

FrP er det einaste partiet som er tydeleg på at overdriven innvandring svekker samfunnet si bæreevne og framtidas velferdsstenester. FrP vil arbeide hardt for å begrense asyl- og flyktningtilstrømminga til Norge, og vil heller betre integreringa og byggje velferdssamfunnet. Som nasjon kan Norge hjelpe mange hundretusen fleire flyktningar i nærområda enn ved å ta nokre få til Norge.

Betre infrastruktur

Infrastruktur er heilt avgjerande for å skape vekstkraftige bu- og arbeidsregionar, som igjen gjer auka verdiskaping og folketal. Sjølv om det aldri har blitt løyvd mer pengar til samferdsle enn etter at FrP kom i regjering, så er eit sterkt FrP på fylkestinget heilt avgjerande for at vi skal få realisert prosjekt som Kystvegen Ålesund-Bergen og Stad Skipstunnel. Ei sterk satsing på infrastruktur langs kysten av fylket vil gjere fylket attraktivt, og sikre auka verdiskaping og folketal. Ein viktig del av infrastrukturen, som FrP vil satse på, er fullverdige og godt utbygde breiband- og mobilnett i heile fylket. Gjennom den tette dialogen våre representantar har med det sentrale regjeringsapparatet, har FrP dei største førestnadane for å påverke slik at løyvingar til samferdsleprosjekt i vårt fylke vert prioritert i åra framover.

TRYGGLEIK


Dei politiske partia har forskjellige løysingar på samfunnsutfordringane, og slik skal det være i eit demokrati. Forskjellen på FrP og dei andre partia er likevel i hovudsak at våre politikarar har handlekraft nok til å settje politikk ut i livet, og ikkje drive lange byråkratiske prosessar. I regjering, og i ein lang rekke norske kommunar og fylkeskommunar, så har FrP og våre politikarar teke tak og gjennomført politikk til beste for innbyggjarane. Det kan og verte ein realitet i Sogn og Fjordane etter valet. Det er få fylke som treng FrP meir enn Sogn og Fjordane. Fylket treng tydelege, ærlege politikarar, som både har evne og vilje til realisere det potensialet Sogn og Fjordane har. Om du gjer oss sjansen 14. september, så kjem våre kandidatar garantert ikkje til å skuffe deg. Godt val! FrP sine 10 øvste kandidatar til fylkestingsvalet 1. Frank Willy Djuvik Flora 2. Marita Gunn Aarvik Selje 3. Rita Navarsete Sogndal 4. Kristine Lie Førde 5. Anders Magne Vik Stryn 6. Britt Dalsbotten Førde 7. Hogne Bleie Vågsøy 8. Turid V. Borgund Eid 9. Bjarne Holme Flora 10. Gjert Knarvik Gulen

Følg oss på Sogn og Fjordane FrP

På våre facebooksider finn du mykje meir info om FrP sine saker og kandidatar. Blant anna vårt fylkesprogram, videopresentasjonar og mykje meir.

HANDLEKRAFT


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.