Ă…rsmelding 2012
Årsmelding
2012
FORMÅL Opplæringskontoret sitt formål er å planlegge, gjennomføre og koordinere fagopplæring innan prosess og mekanisk industri i Sogn og Fjordane i samsvar med Opplæringslova, med forskrifter. Opplæringskontoret skal dessutan legge til rette og bistå med gjennomføringa av generell kompetanseutvikling i medlemsbedriftene innanfor dei områda som er aktuelle. Kontoret skal vere ein møteplass i opplæringsspørsmål for medlemsbedriftene. Opplæringskontoret skal vere koordinator og pådrivar i informasjonsarbeidet ovanfor elevar, lærarar, rådgjevarar og foreldre som er knytte til grunnskulen og vgs. Opplæringskontoret sitt virkeområde er alle fag som det har godkjenning for å drive fagopplæring i. Opplæringskontoret skal vere organisert som ei stifting. Stiftinga er ideell. FØLGJANDE BEDRIFTER HAR VORE MEDLEM I PRO 2012 BIS Production Partnar, Årdal Elkem ASA Bremanger Smelteverk BIS Production Partnar, Svelgen BIS Production Partnar, Høyanger EWOS AS Florø Klausen Industrier Svelgen AS Havyard Ship Technology Vik Ørsta Peterson Linerboard AS Ranheim Cermac ASA WISS WIS LMI – Luster Mekaniske Industri Solund verft Petal Fjordpipe ERAS Metall AS Nomek AS Jostedal Industrier Førde Mekaniske Teekay Petrojarl ASA Stryvo AS Solheim Diesel Hellenes AS SafeClean Sunnfjord Industri og Sveiseservice Nesseplast Hagen AS KMI Norway Pelagic, Kalvåg I.O.S Tubular Managements
NYE BEDRIFTER I 2012 Haliburton AS Avery Dennison NTP AS Rørlegger R. Nigardsøy TESS Swire Oilfield Service Saint Jean Wheels Norway Pelagic, Florø STIFTINGA HAR HATT FØLGJANDE STYRESAMANSETTING, 5 medlemmer Bente Nesse, leiar Kjell Nesse Jan Tore Hauge Astrid Henden Trudi Vågene Styret har hatt 2 styremøte, og behandla 17 saker. Det vart utbetalt styrehonorar til styret med kr. 15.000,- til styreleiar og kr. 10.000,- til øvrige styremedlemmer. Styremedlemmer som ikkje har delteke på styremøte får ikkje utbetalt honorar. Medlemskontingent er lik basistilskott. Det vart ikkje kravd anna kontingent.
DAGLEG LEIAR I 2012 Jorunn Eide Kirketeig. Administrasjon og opplæringskonsulent og lærling har i 2012 utgjort 4 årsverk. Det er fire fulltidstilsette, her av ein lærling. REVISOR BDO BANKFORBINDELSE Sparebanken Sogn og Fjordane. REKNESKAP Regnskapssentralen.
Egil Søby og PRO tilsette frå lærling Kick-off
2
PLASSERING AV ULIKE KURS I VIDAREGÅANDE SKULE I SF I 2012 har Sogn og Fjordane hatt tilbod om Teknikk og industriell produksjon ved 9 vidaregåande skular. I 2012 fekk bedriftene stort sett det antall lærlingar dei hadde planlagt. Unntaket er innanfor kjemiprosess, der vi må rekruttere frå Hordaland. I 2012 gjennomførte PRO full kurspakke for alle lærlingar i dei kurs som ligg naturlig til det enkelte fag. Både lærlingar og bedriftene ser positivt på dette. Det er fleire positive sider ved felles kurs for lærlingane, nettverksbygginga, den faglige dialogen som skjer når folk møtast gjentatt gangar for felles fagleg påfyll. Målet må være at alle lærlingane i PRO deltek på eit eller fleire felles lærlingkurs. Etter at den siste lærlingen var gitt læreplass i desember meiner vi at bedriftene hadde fått dei lærlingane dei skulle ha og det var ikkje fleire ledige kandidatar, som hadde fullført VG2 – kvalifisert seg for læreplass. Det kan likevel være slik at om det hadde vore fleire godt kvalifiserte kanditatar, så hadde bedriftene truleg tatt inn fleire. Det viser igjen på fag- kursa som vert sett i gang for dei som er tatt inn med «feil» bakgrunn, logistikk, kjemi prosess og industrimekanikar. Framleis skaper Kunnskapsløftet utfordring med ulik bakgrunn blant lærlingar i same fag, som kjem frå ulike skular. Som i fjor merker vi at elevane har hatt mindre fordjuping i skulen, noko som medfører at vi må gjennomføre teori opplæring i læretida.
riundervisning av lærlingar i repr. tunge køyretøy har vore gjennomført av bilbransjen sitt opplæringskontor. PRO opprett held sitt medlemskap med BOK.
LÆRLING KICK-OFF - «BLI BEST PÅ DET DU KAN» Vegvesen og politi stilte opp med forelesing og veltepetter , samt promillebrille. Jølster Rafting gjennomførte teambuilding med mange ulike oppgåver, som krev både samarbeid, felles konsentrasjon og individuell innsats. Egil Sørby hadde eit seminar som hadde overskrifta «Bli best på det du kan». Fleire lærlingar gjekk og takka han personlig for å ha gitt dei ei god aha-oppleving.
Lærling kick-off Teambuilding.
LÆRLINGSAMLING PRO har gjennomført oppfølgingsmøtar og halvårlege vurderingar med kvar enkelt lærling i samsvar med plan, kvar åttande veke, og tettare for dei som har behov for det. Kandidatar for avklaring til læreplass og lærekandidatar får minst så tett oppfølging. Det har vore gjennomført vintersamling på Hemsedal og Årø. Teoriundervisning for lærlingar i elektrikarfaget og repr. tunge køyretøy. Teoriundervisning for lærling i elektrikarfaget har vore kjøpt av opplæringskontoret for elektrofag, som har nytta E-lærlingen. Oppfølging og teo3
INTERNASJONALISERING Utveksling 2012 vart gjennomført i januar og februar med reell utveksling . Vi mottok først lærlingar frå BASF før våre lærlingar reiste til BASF i Ludwigshafen og Münster . Det er etablert kontakt med København Tekniske skule, for eventuelt utvekslingsprogram. Det er avtalt å gjennomføre studietur for instruktørar og faglige leiarar i 2013, med spesielt interesse for CNC. STUDIETUR Styret og tilsett ved Pro opplæringskontoret var i Riga på studietur. Der besøkte vi ein vidaregåandeskule og ei bedrift. Bedrifta er eit trykkeri som er heilautomatisert og har ein så god rekrutteringspolitikk og personalpolitikk for sine tilsette at dei kan velje blant dei beste når dei skal ta inn både fast arbeidskraft og ungdom. Dei hadde samfunnskontrakt med skulen vi besøkte, samt andre skular. Skulen vi besøkte var med tanke på framtidig utveksling og rekruttering. SAMARBEID SKULE NÆRINGSLIV I 2012 er TIP VG3 nettverket etablert. Rektor ved Stryn vidaregåandeskule er valt til prosjekt leiar. Det er planlagt første nettverkskonferanse hausten 2013. I Trøndelag er det samarbeidspartnar, OTEK kontoret i Sør Trøndelag som ivareteke nettverksdeltaking. FRAMTIDS PRO Opplæringskontora må drivast i samsvar med lov om opplæring som setter rammer for den aktivite-
Liftkursgjengen
Utveksling Tyskland 2012
4
ten eit opplæringskontor kan ha for og tene pengar. Det kan sjå ut til at det bør arbeidast med ein modell som sikrar jamt inntak av lærlingar utan vesentleg påverknad av aktiviteten i bedriftene. I 2012 har vi starta arbeidet med og følgje opp funn i framtids PRO, blant anna være tettare på leiinga i dei medlemsbedriftene som ønskjer det, samt gå meir ut til aktuelle nye lærebedrifter i industrien i fylket.
INSTRUKTØR KURS Som del av og følgje opp Framtids PRO har vi hatt høg fokus på instruktør opplæring, for å sikre at alle er godt kjent med nye læreplanar etter Kunnskapsløftet. I 2012 har hovedfokus vært å få på plass gode bedriftsinterne opplæringsplaner i alle bedriftene. Her er det framleis litt å gå på. Samarbeid skule - næringsliv er lagt inn som del av instruktørkursa. Det er starta arbeid med å utvida instruktørkursa til å også omhandle to nye moduler, Rekruttering og Implementering av lærling i bemanningsplan på kort og lang sikt, viser det igjen på botn linja ? PRØVENEMNDER PRO meiner det er viktig at instruktørar, opplæringskontor og prøvenemnder er på same arena og utviklar felles forståing for læreplaner og fagleg kompetanse.
HMS kurs
”TENNING PÅ TEKNOLOGI” ”Tenning på teknologi” er lagt inn i ordinær drift og blir brukt til rekruttering og kurs til eigne lærlingar i kjemiprosess, automasjon og CNC. Det er ledig kapasitet på bruken av tenning på teknologi. De skulane som har tatt den i bruk, fortsetter å bruke den. Traileren, ”Tenning på Teknologi”, er eit godt verktøy i rekrutteringsarbeidet til Teknikk og Industriell produksjon, ”Tenning på teknologi” skal til ei kvar tid være utstyrt med oppdatert utstyr, som lærlingar kan nytte til å forsterke si opplæring i kjemiprosess, automasjon og CNC. Prosjektet knytt til å utvikle læringspakker vert avslutta i 2013.
Instruktørkurs.
5
NORSK INDUSTRI – NI PRO er medlem i Norsk Industri, med ordinært medlemskap. PRO har delteke på alle samarbeidsmøte mellom opplæringskontora i regi av NI. PRO har delteke på NI sin årlege konferanse – opplæringsledelse. Vi deltok med alle tilsette. OKSU OKSU- opplæringskontora sitt samarbeidsutval Det er lagt opp til felles møter – dialog møter mellom arbeidsutvalet i fagopplæringsnemnda og OKSU. FATEK FATEK - Fagopplæring i Teknologi-industrien (eit samarbeidsorgan for opplæringskontor i industrien) PRO v/ dagleg leiar deltok på FATEK sin årlege samling. SKULAR PRO har gjennomført informasjonsmøte ved 10. klasser, samt delteke på andre arrangement i samband med programfag til val for 8., 9. og 10. klasse. PRO har delt ut utstyrspakke, kjeledress og vernesko til alle elevar ved Teknikk og industriell produksjon, kjemiprosess og Industriteknikk for skuleåret 2012 til 2013. Dette kostar oss i overkant av 300.000,PROFILERING Ny heimeside, bedrifts og fag katalog i papir og nettutgåve. Det er utarbeidd materiale til ny nettside og bedrifts- og fag katalog, med Ung side til bedriftene. Materialet er produsert i 2012. FACEBOOK PRO er på facebook. Vi likar oss på facebook og treff aktuelle framtidige lærlingar, samt ein del bedrifter. Dette er det sosiale mediet der vi kan være litt uhøgtidelege og kan vise både morosame bildar frå lærling aktiviteter og fagstoff. PRO-AKTIV Det vart gitt ut 2 PRO aktiv i 2012. PRO-Aktiv er ei avis i papir og nettutgåve, som tar for seg relevant stoff om fagopplæring i industrifag og små og store hendingar i våre lærebedrifter. Avisa kjem ut i samband med søkeprosessen til læreplasser og søknadsfrist for å søke skuleplass, samt om hausten i samband med at elvane skal velje prosjekt til fordjuping og begynne å tenke på framtidig læreplass. PRO PRO har jobba i tråd med dei krav som er sett opp gjennom vedtektene og i samsvar med fatta årsmøtevedtak og styrevedtak. PRO har gjort sitt for 6
å få ei positiv vinkling på sine eigarbedrifter som gode lærebedrifter. Arbeidsmiljø, styret og dagleg leiar vurderer arbeidsmiljøet til å være godt. Betring av arbeidsmiljø er eit kontinuerleg arbeid, alle står fritt til å ta opp aktuelle saker og det vert vektlagt trygt arbeidsmiljø. Sjukefråvær, det er registert tilnærma 0 % sjukefråvær 2012. Det er ikkje registrert skader. Likestilling, det er tilsett ei kvinne som dagleg leiar, ei kvinne som administrasjonssekretær og ein mann som opplæringskonsulent og ei dame, som lærling i kontor- og administrasjonsfaget. PRO har ivaretatt både indre og ytre miljø.
UTTALE FRÅ TILSETTE Tilsette har uttalt kva som motivera dei med jobben i PRO Wenche Tollefsen, administrasjonssekretær seier, referert «Det er alltid kjekt når vi klarer å skaffe lærlingar læreplass dei trivast i» Magne Nordeide, opplæringskonsulent, seier, referert «I min kvardag hos PRO treff eg mange flinke ungdommar. Dei er lærlingar i like mange prima lærebedrifter! Hmm.. knall jobb eg har» Malin Skeie, lærling i kontor og administrasjonsfag hos PRO, seier, referert «Det er ein fantastisk følelse og sjå at når eit opplæringskontor seiar dei kvalitetssikrar lærlingtida di, så meina dei verkelig det, og enda betre er det at dei lar deg og dei andre lærlingane få være med på det» Jorunn Eide Kirketeig, dagleg leiar, seier, referert «å jobbe med ungdom er fantastisk, å jobbe med gode kollegaer gjer arbeidsdagen til ein leik, å jobbe med lærebedrifter er inspirerande og utfordrande nok til å forstå kvifor vi gjer ein viktig jobb. Det fins alltid ei ny lærebedrift og lærling, som skal bli fagarbeider. Verden har bruk for oss!» PRO har i alt teikna 62 nye lærekontraktar. Det har vore 132 lærekontraktar knytt til PRO i 2012. Det har vore heva 2 lærekontraktar. Dei 2 kontraktane som vart heva var etter ønske frå lærling og i forståing med bedrift og skyldast «feil val», 1 lærling vart overført til ny lærebedrift hos oss og den andre flytta til anna fylke . 71 lærlingar har gått opp til fagprøve, av desse var det 31 som fekk bestått mykje godt, 39 som fekk bestått og 1 som fekk ikkje bestått, men besto den andre gangen. Rekneskapen viser eit underskot på kr. 599.452,-. Styret fekk tilslutning frå årskonferansen til å budsjettere med underskot for rekneskapsåret 2012 for å styrke PRO gjennom prosjektet, Framtids PRO, samt sette i verk kurs for alle lærlingane
betalt av PRO. Det var budsjettert med eit underskot på 600.000,Rettvisande oversikt over utvikling og resultat I 2012 vart driftsinntekter kr 4.672.509,-. Styret og dagleg leiar er tilfreds med eit underskot på kr. 599.4542,-. Eigenkapitalen er pr. 31.12.12 på kr 7.994.169,-. Styret og dagleg leiar ser den solide eigenkapi-
talen som ein sikring for at ein kan fortsette og vidareutvikle drifta av opplæringskontoret. Den likvide stillinga er også svært tilfredsstillande. Styret og dagleg leiar meiner det er rett å leggje forutsetting om fortsett drift til grunn ved avlegging av årsrekneskapen. Styret har oppnådd årsmøtet sitt intensjonar for driftsåret 2012.
Førde, den 15. mars 2013
Bente Nesse –styreleder –
Astrid Henden
Jan Tore Hauge
Kjell Nesse
Trudi Vågene
Jorunn Eide Kirketeig - dagleg leiar -
7
Årsrekneskap 2012 Resultatrekneskap
NOTE
2012
2011
4 081 125 399 939 165 957 25 488 4 672 509
4 845 284 555 621 43 740 5 444 645
936 805
866 824
1 746 230 433 399 62 578 55 000 39 759 299 030 86 966 111 570 606 003 83 144 39 520 324 437 576 530 4 464 166
1 796 877 426 891 195 928 75 000 74 137 389 481 220 493 106 010 414 460 161 660 24 369 53 830 426 902 519 900 4 885 938
-728 462
-308 117
129 010
126 066
Årsresultat
-599 452
-182 051
Overførast frå egenkapital
-599 452
-182 051
Inntekter Lærlingetilskot Lærlingetilskot Trøndelag Andre driftsinntekter Gevinst v /sal bil Sum driftsinntekter Utgifter lærlingar Utgifter lærlingar Administrasjonskostnader Personalkostnader,lønn Arbeidsgiveravgift og pensj kost Andre personalkostnader Styret, styrehonorar Styret, andre kostnader Kontorkostnader Honorar for framande tenester Kostnader kontorlokaler Rekruteringskostnader Kunnskapscontainer,drift Tenning på Teknologi Andre driftskostnader Reise, diett og bilkostnader Ordinære avskrivninar Sum administrasjonskostnader Driftsresultat Netto finansinntekter Netto finansinntekter
8
2 2 2
3
3
3 3 1
BALANSE PR 31. DESEMBER
NOTE
2012
2011
1 1 1 1 1
40 902 335 000 564 000 1 000 940 902
34 201 440 000 68 000 363 000 905 201
292 238 238 968 30 982 16 031 6 475 049 7 053 268
167 157 344 081 36 837 12 422 7 019 579 7 580 076
Sum eige
7 994 170
8 485 277
Eigenkapital Fri kapital 1.1. årets resultat +/Sum fri kapital 31.12. Total eigenkapital
8 099 557 -599 452 7 500 105 7 500 104
8 281 607 -182 051 8 099 556 8 099 556
25 375 154 830 4 326 187 096 122 437 494 064
-68 352 199 854 31 697 192 522 29 999 385 720
7 994 169
8 485 276
Eige Anleggsmidlar Datautstyr Sveiserobot. Kjøp 2011 Bil Volvo TV 72267 Container m trekkvogn Sum anleggsmidlar Omlaupsmidlar Uteståande fordringar Kompensasjon MVA Forskotsbet. Kostnader KLP eigenkap.innsk Bankinnskot Sum omlaupsmidlar
Kortsiktig gjeld Leverandørgjeld Skyldig offentlege avgifter Påløpne kostnader Påløpne feriepengar Annan kortsiktig gjeld, Sum kortsiktig gjeld
3
3 3 3
Sum gjeld og eigenkapital
Førde,den 10.3.2013
Bente Nesse –styreleder –
Astrid Henden
Jan Tore Hauge
Kjell Nesse
Trudi Vågene
Jorunn Eide Kirketeig - dagleg leiar -
9
Notar til årsrekneskapen for 2012 Rekneskapsprinsipp og verknad av prinsippendringar Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk for små foretak. Inntekter Inntektføring av tilskot skjer på tildelingstidspunktet. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omlaupsmidlar vert vurdert til det lågaste av anskaffelseskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Anleggsmidlar vert vurdert til anskaffelseskost. Varige anleggsmidlar vert avskrivne etter ein fornuftig avskrivingsplan. Andre fordringer er tekne med i balansen til pålydende.
NOTE 1 VARIGE DRIFTSMIDDEL Bil- Container
Datauts.
Inventar,utst.
Totalt
Kostpris 1.1. Tilgang Avgang,salgssum Kostpris3 1.12.
2144589 635 001 -68 000 2 711 590
299 250 45 230
49712
233 088
344 480
49712
0 3 105 782
Akkumulerte avskriv Balanseført verdi pr 31.12
1 811 590 900 000
303 577 40 902
49712 0
353 289 940 902
538 001
38 528,00
Avskriviniger i år
NOTE 2 LØNNSKOSTNADER,TAL TILSETTE,GODTGJERSLE TIL DAGLEG LEIAR M.V. Lønnskostnader 2012 Lønninger 1 746 230 Arbeidsgivergvgift 231 891 Pensjonskostnader 201 508 Andre lønnsrelaterte ytelser 62 578 Sum 2 242 207
576 529
NOTE 3 SPESIFIKASJONAR AV TAL I REKNESKAPET
2011 1 796 877 236 580 190 311 119 072 2 342 840
Bankinnskudd Sparebanken Sogn og Fj. 15.91119 Sparebanken Sogn og Fj. 05.02253 Sparebanken Sogn og Fj. 15.94754 (bunde innsk.) Sum
Gjennomsnittlig antall tilsette i løpet av regnskapsåret har vært 3 tilsette I tillegg 1 lærling Selskapet har pensjonsavtale for alle tilsette i KLP, premie betalt i 2012 kr. 201.508
Anna kortsiktig gjeld Påløpne kostnader Anna korts gjeld, tilskot til bedrift Skyldige feriepenger Sum
Ytelser til ledende personerDagleg leiar Lønn 724 390,00 Styrehonorar Pensjonsutgifter 85 567,00 Andre lønnsrelaterte ytingar, fri bil,telef 152 288,00
Kontorkostnader Kontorrekvisita,trykksaker Kjøp og vedlikehald av maskiner og utstyr Telefon,porto Sum
Styret 55 000,00 -
Det er ikke gitt lån/sikkrhetsstillese til forretningsfører,styreformann eller andre nærstående parter. Det er ingen enkelt lån/sikkerhetsstillelser som utgjør mer enn 5% av selskapets egenkapital. Revisor Kostnadsført revisjonshonorar i 2012 var kr. 23 500 Herav honorar andre tenester kr. 13 200
10
Andre kostnader Markedsføring (inkludert i rekruteringskost) Bilkostnader inkl. leasing Reiseutgifter Gaver og kontigenter Forsikringar Andre kostnader Sum
2012 2011 3 688 661,00 162 896,00 2 709 491,00 2 650 230,00 76 898,00 206 454,00 6 475 050,00 7 019 580,00
4 326,00 122 437,00 187 096,00 313 859,00
31 697,00 29 999,00 192 522,00 254 218,00
165 273,00
265 678,00
29 786,00 103 971,00 299 030,00
32 797,00 91 006,00 389 481,00
25478,00 141269,00 183168,00 10210,00 22954,00 6356,00 389435,00
14 708,00 340 816,00 86 086,00 9 700,00 23 077,00 4 586,00 478 973,00
11
• 2013
PRO Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri Concordbygget Firdavegen 6 Postboks 492 6803 Førde Telefon: 57 83 22 60 Telefax: 57 83 22 45 Organisasjonsnr.: NO 980 026 655 www.pro.sf.no