24
1
Ă˜ M E R KE T ILJ
9 Trykksak 6
9
M
Utgjevar og utbyggar Arkitekt Tekst og grafisk design Trykk
| | | |
Drage as Xform Arkitektar Rein Design Molvik Grafisk
atrium|hage – hage i konsentrert låg budstadsamling avgrensa av bygningar eller gjerde som er høge nok til å skjerme mot innsyn utanfrå. {Nynorskordboka/Universitetet i Bergen i samarbeid med Språkrådet}
Di eiga verd
Meir enn nokon gong treng vi ein stad å dyrke vårt indre rom. Ei frisone, der du kan bruke tid på det som er viktig for deg. Familie. Venner. Åleinetid. Ein stad å trekke seg tilbake til – eller dyrke fellesskap (eller grønsaker for den saks skuld). Alle hus treng gode rom. Det trur vi så sterkt på at vi skapte eit ekstra rom til alle dei tolv husværa i Atriumhagen. Alle får sitt eige atrium. I eit atrium får du det beste av to verder: Privatlivet, stillheita og roa i eit uterom som gjev ei barriere mot verda rundt deg. Samtidig får du kvalitetane ein søker ut for: Lys, sol og frisk luft. Vi har skapt eit heit spesielt rom der du og familien din vil trivast. Ein stad å trekke seg tilbake til. Den perfekte staden for seine kveldar i gode venners lag, eller tidlege sommarfrukostar. Her kan du nyte ei god bok – eller noko godt frå grillen.
Atrium
Eit atrium er eit ope parti i midten av et hus. Utvikla som fast element i romerske by-einebustadar, der atriet delvis var overdekka av framskote takflater på alle sider, og var forsynt med eit oppsamlingsbasseng for regnvatn i midten. Atriet var det viktigaste rommet i italienske hus i oldtida. Opphaveleg bestod bondehusa då av eitt rom, atriet, som både var daglegrom og staden ein åt og sov. Her kokte ein maten, og her ofra ein til gudane. Atriet fekk luft og lys frå ei opning i taket. Seinare byrja ein å legge til rom rundt, som fekk lys og luft frå atriet. I romersk keisartid, var atriet rommet der ein tok imot gjestar. Vi har ikkje tenkt å legge føringar for bruken av atriet ditt. Du skal få bruke det til akkurat som du vil.
Arkitekten sine tankar
Atriumhagen er eit bustadområde beståande av 12 bustader i Førde sentrum, Lysthaugen. Alle husværa får eit skjerma atrium i sentrum av bustaden. Atriumhagen vender seg vekk frå trafikk og støy, og relaterer seg til sin eigen private sfære – atriet. Uteromma er intime, private og beskyttande. Bustadane er bygd opp med ein klar og enkel struktur både i plan og snitt, og gjer orientering lettfatteleg. Den arkitektoniske tilnærminga er kompakte småskala-volum tilpassa situasjonen. Bustadane har eit sakleg, pragmatisk og moderne uttrykk, er skjerma i forhold til støy og opne til det grøne og stille. Bustadane er plassert i to parallelle rekker. Inngangspartia er frå Hafstadvegen og frå intern samleveg i Lysthaugen. Det er parkering og gjesteparkering i felles carportanlegg. Alle opphaldsromma vender seg mot det stille atriet, som er sjølve hjartet av bustaden. Christina Kvamme
Gjennomtenkt
Ein moderne, god bustad har plan- og interiørløysingar som gjer livet enklare. Difor har vi har planlagt romslege hus, på høvesvis 120 og 140 kvadratmeter, med løysingar som familiar har behov for. Husværa får parkering i carport, og på framsida av husa er det lagt opp til overbygg, som blir ein fin plass å parkere sykkelen. Den trur vi kjem til å bli brukt flittig – så det er greitt å ha den klar. Atriet skaper eit fantastisk, skjerma uterom, der du vil trivast. I tillegg til atriet har alle husværa eigen takterrasse i andre etasje. Det seiest ofte at det er det indre som tel, men vi har likevel valt å gjere litt ekstra ut av det ytre også. All utvendig kledning i tre får den varme og vakre tresorten sedertre. God bukvalitet gir god livskvalitet.
Absolutt alt
Atriumhagen har absolutt alt du treng for å trivast i din nye bustad. I tillegg til topp kvalitet og praktiske løysingar, får du din heilt spesielle atriumhage. Den kan du planlegge og innreie akkurat som du vil. Best av alt er at den blir ein del av både kjøkkenet og stova, og den kjensla av friheit å spasere frå sofaen og ut i hammocken ein mild vårdag – ja, den kan ingen ta i frå deg. Det er lagt stor vekt på romkjensla. Her skal ein ikkje føle seg inneklemt, uansett kvar ein vil opphalde seg i huset. Alle husværa har derfor fått store og gode rom – i begge etasjane. Mellom anna er hovudsoveromma på minimum 14 kvadratmeter, og i første etasje er det heile 2,6 meter takhøgde for å gje ekstra romkjensle. Atriumhagen får gjennomgåande høg kvalitet. Du skal kunne flytte rett inn utan å bruke mykje pengar på oppgraderingar. Oppgraderingane har vi allereie tatt for deg. Her får du mellom anna topp kvalitet på golv: 1-stavs parkett i første og andre etasje, med vassboren varme i heile første etasje, samt bad i andre etasje. Gangen er flislagt, og på bad er det flisar på golv og veggar. Inneklima er ivaretatt med balansert ventilasjonsanlegg, og vi har sjølvsagt lagt inn sentralstøvsugar.
Midt i sentrum
Heimen er viktig for oss. Men sjølvsagt ønskjer vi også å ha eit aktivt sosialt liv, trene, gå turar og møte andre. Når du buset deg i Atriumhagen får du kort veg til dei aller fleste fritids-, kultur-, handels- og idrettstilboda i Førde sentrum. Du går til det meste på 5-10 minutt, og som ein bonus bur du innom bomringen rundt Førde.
Kjøkken og bad
Kjøkkenet er av typen Athena frå HTH-kjøkken, i prisklasse 3/6. Skuffer med demping og fulluttrekk og softpush skåp. Ein velje mellom fleire ulike frontar. Fritthengande avtrekksvifte heilintegrerte ledspottar under overskap. Kvitevarer, beståande av platetopp, innbyggingsomn, oppvaskmaskin, kjøl / frys og ventilator frå Siemens. Bad blir levert med dusjhjørne, servant med to skuffer, høgskap og speglskap med lys i. Begge bad blir levert med golv- og veggflis, vegghengt toalett, dusjveggar og baderomsinnreiing med speglskap. Spottar i tak på begge bada.
Illustrasjonsbilete som viser eksempel pü kjøkken-frontar og reell baderomsinnreiing.
Nær gode opplevingar
I Atriumhagen har du nærleik både til naturen og det urbane. Det går skogssti frå Hafstadhagen, gjennom området som på folkemunne kallast cowboyskogen, ein fin arena for born å leike i. Vegen går vidare opp til toppen av trappa på Hafstadkleiva, der den møter stien som går heilt opp til Hafstadfjellet sin topp. Om ikkje fjellet freistar, er Atriumhagen eit perfekt utgangspunkt for ein gåeller joggetur rundt i sentrum, eller ein kan spasere til ein kafé for ein kopp kaffi eller noko anna forfriskande. Du veit at heimen din ikkje er langt unna når du vil heim att.
Vi har skapt eit rom der du og familien din skal trivast. Ein stad ĂĽ trekke seg tilbake til, anten det er snakk om seine kveldar i gode veners lag, eller tidlege sommarfrukostar. Du kjem til ĂĽ elske atriet.
Planteikningar og prisar
Hus 1 - 3
2
3
1
Nr 1 BRA 140 m² – P-rom 134,8 m² – i tillegg takterrasse på 20,5 m² og atriumhage på 32,0 m² – Pris kr 5.750.000,Nr 2 BRA 140 m² – P-rom 134,8 m² – i tillegg takterrasse på 20,5 m² og atriumhage på 32,0 m² – Pris kr 5.750.000,Nr 3 BRA 140 m² – P-rom 134,8 m² – i tillegg takterrasse på 20,5 m² og atriumhage på 32,0 m² – Pris kr 5.750.000,-
Inn
Bod/ vask
Bad
4,7 m2
5,8 m2
Gang Gang/ bod
14,9 m2
8,8 m2
Soverom 15,1 m2
Soverom
60,3 m2
7,9 m2
Bad
Soverom
5,9 m2
9,6 m2
20,5 m2
glastak
glastak
Terrasse
32,0 m2 disp soverom
Atrium
beplantning
Stove/kjøken
BRA 01. etg.
BRA 02. etg.
84,7 m2
55,3 m2
Hus 4 - 6
6
Nr 4 BRA 140 m² – P-rom 134,1 m² – i tillegg takterrasse på 21,0 m² og atriumhage 32,0 m² – Pris kr 5.850.000,Nr 5 BRA 140 m² – P-rom 134,1 m² – i tillegg takterrasse på 21,0 m² og atriumhage 32,0 m² – Pris kr 5.750.000,Nr 6 BRA 140 m² – P-rom 134,1 m² – i tillegg takterrasse på 21,0 m² og atriumhage 32,0 m² – Pris kr 5.900.000,-
beplantning
disp soverom
Stove/kjøken
Gang/ bod
60,5 m2
4,3 m2
Terrasse
Soverom
Gang
10,1 m2
15,0 m2
21,0 m2
Bad Bad
5,0 m2
5,7 m2
Bod/ vask
Soverom
5,2 m2
7,4 m2
Atrium
Gang
glastak
glastak
32,0 m2
Soverom
4,8 m2
Tegning
15,1 m2
BRA 01. etg.
BRA 02. etg.
84,9 m2
55,1 m2
Prosjektnr.
Dato opprettet
Gnr./Bnr./Festenr.
Mål A4
Tegningsnr.
5
4
Hus 7 - 9 9
Nr 7 BRA 120 m² – P-rom 114,8 m² – i tillegg takterrasse på 16,5 m² og atriumhage på 19,0 m² – Pris kr 5.100.000,-
8
7
Nr 8 BRA 120 m² – P-rom 114,8 m² – i tillegg takterrasse på 16,5 m² og atriumhage på 19,0 m² – Pris kr 5.100.000,Nr 9 BRA 120 m² – P-rom 114,8 m² – i tillegg takterrasse på 16,5 m² og atriumhage på 19,0 m² – Pris kr 5.100.000,-
Inn
Bod/ vask
Bad
4,7 m2
5,2 m2
Gang
Gang/ bod
13,4 m2
6,7 m2
Soverom 14,0 m2
50,2
7,3
m2
m2
Bad 4,4 m2
Soverom 7,5 m2
16,5 m2
glastak
Terrasse
19,0 m2
glastak
Atrium
beplantning
Soverom
Stove/kjøken
BRA 01. etg.
BRA 02. etg.
71,7 m2
48,4 m2
Hus 10 - 12 Nr 10 BRA 120 m² – P-rom 115,9 m² – i tillegg takterrasse på 16,0 m² og atriumhage 19,0 m² – Pris kr 5.150.000,12
Nr 11 BRA 120 m² – P-rom 115,9 m² – i tillegg takterrasse på 16,0 m² og atriumhage 19,0 m² – Pris kr 5.100.000,-
11
10
Nr 12 BRA 120 m² – P-rom 115,9 m² – i tillegg takterrasse på 16,0 m² og atriumhage 19,0 m² – Pris kr 5.250.000,-
beplantning
Soverom 7,5 m2
Gang/ bod 3,7 m2
Terrasse
Gang
16,0 m2
13,4 m2
Bad
Bad
4,4 m2
5,0 m2
Stove/kjøken 50,1 m2
Soverom 7,1 m2
Bod/ vask Atrium
3,5 m2
Gang 4,4 m2
glastak
glastak
19,0 m2
Soverom 14,2 m2
BRA 01. etg.
BRA 02. etg.
71,6 m2
48,4 m2 ULLSENTRALEN | 28 – 29
Overordna situasjonsplan
Situasjonsplan 61/223
E39
61/223
X = 119 431,42 Y = 1 384 348,51
Gj
9
1
3
Gj
8
7
3
2 Gj
2
5
1
3 Gj
9
75,0 m2
leik
Gj
8
10
61/444
7
0,0 m2 boss
11 12
12
61/207
11
10 6
5
61/444
4
2
4
30
32
34
28
6
36 26
Inspirasjon
Til høgre har vi lagt inn nokre eksempel på korleis ein atriumhage kan sjå ut. Du kan velje om den skal vere japansk-inspirert, romersk, gresk eller vestlandsk med skiferheller eller trykkimpregnerte terrassebord. Det er berre din eigen fantasi som set avgrensingar for korleis du vil at sluttresultatet skal bli i denne fantastiske delen av husværet. På dei neste sidene har vi laga til ruteark, der du allereie no kan byrje å skissere din heilt personlege atriumhage. Og treng du fleire ark, kan vi kopiere opp fleire til deg :)
... inspirasjo
O. Drage AS
DrageAS AS O.O.Drage
Vår atriumhage – 32 kvm (hus nr 1-6)
Alternativ 1
Her kan du skissere din eigen, fantastiske og heilt spesielle hage. Tips: Kunstgras, heller, rosebusker, klatrevegg, peis, grill, sofagrupper, utemøblar, fontene, hengekøye, minigolf, jaccuzzi…
5,7 meter
eller fyll inn dine eigne tankar:
= 10 cm
5,7 meter
= 10 cm
5,7 meter
Alternativ 3
5,7 meter
Alternativ 2
5,7 meter
= 10 cm
5,7 meter
Vår atriumhage – 19 kvm (hus nr 7-12)
Alternativ 1
Her kan du skissere din eigen, fantastiske og heilt spesielle hage. Tips: Kunstgras, heller, rosebusker, klatrevegg, peis, grill, sofagrupper, utemøblar, fontene, hengekøye, minigolf, jaccuzzi…
4,4 meter
eller fyll inn dine eigne tankar:
4,4 meter = 10 cm
4,4 meter
Alternativ 3
4,4 meter
Alternativ 2
4,4 meter = 10 cm
4,4 meter = 10 cm
Forbrukarinformasjon
• Alle bod skal vere skriftlege eller skriftleg stadfesta og skal oversendast signert, på mail, faks eller levert til meklar. I tillegg skal det være kopi av legitimasjon. • Bodskjemaet skal utfyllast så nøyaktig som mogleg og skal innehalde oversikt over finansiering av kjøpet. • Ifølge forskrift om eigedomsmekling §6-4 vil kopi av bodjournalen bli oversendt kjøpar etter bodaksept. • Seljar tek atterhald om rett til å endre prisliste utan varsel på uselde bustader. • Kjøpar er kjend med at det ikkje er angrerett ved sal/kjøp av fast eigedom.
MEKLAR Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS, Postboks 113, 6801 Førde Org.nr. 929 014 642 mva Pål Anders Kårstad Eigedomsmeklar MNEF mob. 992 33 855 pak@ssf.no Camilla Kaland Olset Eigedomsmeklar MNEF mob. 970 13 478 cko@ssf.no SELJAR Drage as Sanderplassen 13 6800 Førde Org.nr. 984 892 780 ADRESSE Adressa vert fastsett av Førde Kommune etter at seksjoneringa er tinglyst.
MATRIKKEL Gnr. 41 bnr. 444 i Førde kommune. Den delen av tomta som ligg vest for vegen inn til Lysthaugen skal delast ifrå. Dette arealet utgjer ca. 740 m2, og tomta til Atriumhagen utgjer då ca. 3 200 m2. Bustadane vil få tildelt seksjonsnummer ved seksjonering. Kontakt meklar for ytterlegare informasjon. LOVVERK Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997, nr. 43 (Bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997, nr. 31. (Eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette. GARANTIAR Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot frå meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47. EIGARFORM TOMT OG AREAL Sjølveigartomt, felles for sameiget. Arealet vil vere omlag 3 200 m2 for heile prosjektet. Kontakt meklar for ytterlegare informasjon. AREALOPPLYSINGAR Viser planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvart rekkehus. Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse. Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene. LOKALITET Atriumhagen ligg svært sentralt til med gangavstand til alle sentrumsfasilitetar i Førde.
PARKERING Kvart rekkehus vil få ein parkeringsplass. Sjå situasjonsplan som syner oversikt over parkeringsareal. SERVITUTTAR/RETTAR/PLIKTAR Utbyggjar har rett til tilknyting frå eigne og andre sine eigedommar til dei private vegog leidningsanlegg som er opparbeida av utbyggjar. Eventuell refusjon for tilknyting til slike anlegg tilfell utbyggjar. Utbyggjar har også rett til å knyte nye bustadfelt til anlegget. Tomteselskap, kommune, elektrisitetsverk mm., har tilgang til utan vederlag å leggje leidningar for vatn, overvatn, avlaup, kablar mm. på sameiget sin eigedom, og til å plassere naudsynte hydrantar og sluk på tomta etter dei til ei kvar tid gjeldande planar. Dei leidningar mm. som ligg i tomta kan når som helst og utan vederlag gravast opp for reparasjon og vedlikehald. PRISAR Pris på kvar enkelt rekkehus går fram av prospekt. Seljar står fritt til å endre prisar på uselde rekkehus.
KOSTNADER I tillegg til kjøpesum kjem: Dokumentavgift av tomteverdi kr 9 370,Tinglysingsgebyr skøyte: kr. 525,Tinglysingsgebyr pantedokument: kr. 525,Gebyr sluttpanteattest: kr. 172,Tinglysingsgebyr skøyte: kr. 525,Tinglysingsgebyr pantedokument: kr. 525,Gebyr sluttpanteattest: kr. 194,BETALINGSPLAN 10%* Ved signering av kontrakt. 40%* Ved tett bygg 40%* Ved bygg klart til måling 10%* Ved overtaking *av kjøpesum AVBESTILLING Kjøpar kan i samsvar med bustadoppføringslova (bufl) kapittel IV, avbestille bustaden/ leilegheita inntil overtaking har funne stad. Dersom avbestillinga skjer før det er gjeve igangsetjingsløyve, skal avbestillingsgebyret utgjere 5% av vederlaget/kjøpesummen inkl. mva. Ved seinare avbestilling gjeld bestemmelsen i bufl.§53, slik at utbyggar i eit slikt tilfelle skal ha dekka heile sitt økonomiske tap. Bestilte endrings- og tilleggsarbeid skal betalast i si heilheit.
REGULERING/ OFFENTLEG GODKJENNING Området er regulert til bustadføremål/blokkbebyggelse i følgje reguleringsplan med plannamn: Leirdalen B1, planid:20050003.
VEG, VATN, KLOAKK Privat internt på eigedommen/fellesarealet, vidare knytt til offentleg anlegg.
SEKSJONERING Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Totalt utbygd vil feltet/ sameiget bestå av 12 rekkehus. Det kan imidlertid skje ei omprosjektering for andre byggjetrinn som kan medføre endringar i tal bueiningar som vil inngå i sameiget. Om det som følgje av dette vert naudsynt å føreta ei reseksjonering av sameiget i seinare byggjetrinn, er kjøpar pliktig til å godta dette. Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjend av Førde kommune.
ENERGIMERKING Energiklassen vert B. Energimerking av bustaden vil bli ein del av sluttdokumentasjonen for rekkehusa. Informasjon om energimerking finn ein på www.energimerking.no.
SAMEIGE Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidsseksjonar) i eit sameige. Sameiget har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
KOMMUNALE AVGIFTER Det vert fakturert standard kommunale avgifter med utgangspunkt i storleiken på bustaden. Kommunale avgifter går ikkje inn i fellesutgiftene EIGEDOMSSKATT Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt fram til 1. Januar året etter overtaking.
FELLESKOSTNADER Felleskostnader vil normalt dekkje drift av fellesarealer, rekneskapsføring, snømåking/ strøing, felles utebelysning og felles utstyr, eventuell vaktmeister og eventuell byggforsikring. Storleiken på felleskostnadane er ikkje fastsatt, og kor store desse vert vil avhenge av kor mange ytingar sameiget rekvirerer. Erfaringsmessig vil desse liggje på mellom kr. 500-1200,- pr. mnd. for denne typen sameige. Kvart rekkehus får eigen energimålar som målar forbruk av energi slik at kvar seksjon vert fakturert for sitt forbruk av vannboren oppvarming. Kommunale avgifter og eigedomsskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameiga sitt konstituerande sameigemøte. Sameiget er ikkje knytt til sikkerheitsordning for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadane etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameiga pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
VEDTEKTER Det er utarbeidd vedtekter for sameiget. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøtet evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal i sameiget. Iflg. vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det. Kontakt meklar før inngåing av bindande bod for å få tilsendt vedtekter. FORRETNINGSFØRAR Det er ikkje valt forretningsførar for sameiget. Utbyggar vel forretningsførar for ein kort periode ved etablering av sameiget. Vidare må sameiget ta stilling til val av forretningsførar når det er etablert. LIKNINGSVERDI Likningsverdien for leilegheitene er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gongs kjøpesum. FORSIKRING Bygg og eigedom vil vere forsikra av utbyggar fram til overtaking. Deretter teiknast fullverdiforsikring gjennom eigarseksjonssameiget. Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring.
FERDIGSTILLING Forventa ferdigstilling er om lag 12-15 månader frå byggjestart. Planlagt byggjestart er fjerde kvartal 2017 under føresetnad om sal av 4 einingar og offentlege godkjenningar vert gjeve innan 1. November. Meklar vil informere kjøparar om framdrifta. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det ligge føre midlertidig bruksløyve, og ferdigattest vil først ligge føre når heile prosjektet er ferdig. Kjøpar pliktar å overta mot midlertidig bruksløyve, og har rett til å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille vanleg sjølvskuldnar garanti som sikkerheit for dette høvet, og tek atterhald om å stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedommen og har ikkje krav på dagmulkt etter overtaking. Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/ firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
ENDRINGSARBEID Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte med utbyggar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standardleveranse vert det skrive endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar. MEKLARPROVISJON Meklar sitt vederlag og utlegg vert betalt av seljar, og utgjer: Meklarprovisjon og oppgjersgebyr: kr. 41 875,- per eining. Marknadsføring og utlegg vert dekka i samsvar med eigen avtale. FINANSIERING Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering. Meklar mottek ikkje godtgjering for dette.
ATTERHALD Byggjestart er avhengig av at minimum 4 av rekkehusa er selde. Vidare er byggjestart avhengig av at ramme- og igangsettingsløyve vert gitt frå myndigheitene i god tid før byggjestart.
parkering og boder på den måten som han ser som mest hensiktsmessig, til dømes som ein del av sameiget sitt fellesareal med dertil tilhøyrande bruksrettar, seksjonert som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskilt anleggseigedom.
Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si saksbehandlingstid og eventuell justering i framdrift for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette.
Seljar står fritt til å endre leilegheitsnummer i prosjekteringsprosessen. Seljar tek òg atterhald om eventuell endring av tal eigarseksjonar i bygningane. Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eit kvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag.
Det kan førekome avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne. Bustadane vert levert i byggereingjort stand. Kjøpar må pårekne nedvask før innflytting. Alle opplysingar i denne salsoppgåva er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan prisjustering at utbyggjar har rett til å føreta slike endringar. Døme på slike endringar kan vere innkassing av tekniske anlegg, mindre endring av bustaden sitt areal eller liknande. Seljar tek atterhald om retten til å organisere
Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre forholde seg til kjøpar. Seljar gjer merksam på at kjøpar må pårekne byggearbeid i samband med oppføring av seinare byggetrinn. Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema. Seljar tek atterhald om å føreta justeringar i kontrakten som følgje av offentlege krav mm. Vidare har seljar høve til å avvise bod
frå interessentar som måtte motsetje seg å bruke eller krevje endringar i standard kjøpekontrakt. Skøyte vert tinglyst i kjøpar sitt namn. Dersom kjøpar ikkje ønskjer tinglysing av skøyte, må han ta atterhald om dette i mellombels kjøpsavtale/bod. Ved eventuell endring i eigarskap/namneendring frå kjøpar si side etter bod/aksept vil det påløpe administrasjonsgebyr til meklar på kr. 15.000,- inkl. mva som innbetalast til meklar sin driftskonto. Eventuell endring krev utbyggjar sitt samtykke. Seljar tek atterhald om retten til å føreta kredittvurdering av kjøparar. Eigedomsmeklar er underlagt Lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om evt. mistenkelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank. Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransespesifikasjon og prospekt. Teikningar, bilete, animasjonar mm er av illustrativ karakter, og er i tillegg nedfotografert.
Konstruksjon
Husa vert oppførte med tradisjonelt bindingsverk, etasjeskilje, tak og bjelkelag i tre. Fasadar: Fasadane vert kledde med det varme og elegante treverket sedertre. Platekledning vert kvite cembrittplater. Vindauga vert leverte med aluminiumskledning utvendig og tre innvendig (kvit farge). Takterrassar vert levert med impregnert terrassebord. Atriet: Leverast i tre utføringar: 1. Kunstgras med betongheller, kunstig tre (tårepil 270 eller 350 cm), og glasoverbygg over sitjegruppe. 2. Kunstgras med terrassebord, kunstig tre (tårepil 270 eller 350 cm), og glasoverbygg over sitjegruppe. 3. Valfritt; design din eigen atriumhage. Alle atrium vert levert med glastak over sitjegruppa. Utomhusanlegg: Tilkomstveg, carportar og gangstiar fram til inngangspartia vert asfalterte. Leikeplass er plassert, men ikkje utforma enno. Leikeplass vil innehalde to benkar, eitt bord, disse og sandkasse. Postkassar vert plassert ved felles carport. Kvar bueining får ein carport og ei utvendig bod. Andre utomhusanlegg, som plenareal, vert planert og sådd. Kvar utebod vil vere på
5 m², i tilknyting til bilplassen. Innvendig bod vil få ubehandla betonggolv og osb-plater på veggane. Innvendig: På hovudplan (1. etg.) vil det vere 2,6 meter takhøgde. Dette gjer at alle romma vil vere ekstra luftige. Spesielt vil dette komme fram i stove/kjøkken, der vindauga til atriumet går nesten heilt opp i taket. Innvendige veggar vert i gips. Lydveggen har dobbelt stenderverk, med to lag gips på kvar side. Andre skiljeveggar inne har ordinært bindingsverk med eitt lag gips på kvar side. Innerdører er slette og kvite. I himlingane vert det måla gipsplater med innfelte spottar. Det kan vere enkelte innkassingar inne i huset for teknisk føringsveg. Installasjonar på lydvegg vert synlege. Golva vert einstava parkett. Inngangspartiet vert flislagt. Bada får flislagde golv og veggar, medan vaskerom/ bod får flislagd golv. Alt av listverk vert levert fabrikkmalt kvitt, med synlege spikarhol. Trappa har kvite vangar og eikebeisa trinn, t.d. Stryntrappa, type Fauna. Vindauga i stova vert levert i aluminium. Innvendig glashjørne i stova vert levert utan bruk av ramme. Stove/kjøkken får 12 spottar og stikkontaktar. Det vert lagt opp til fiber og felles antenneanlegg. Kjøkken: HTH-kjøkken av type Athena prisklasse 3/6
med med demping og fulluttrekk, fritthengende avtrekksvifte i flott design og heilintegrerte ledspottar under overskap. Front modell Athena hvit. Kvitevarer frå Siemens, (platetopp, innbyggingsovn, oppvaskmaskin, Kjøl/frys og ventilator). Bad: Bad vert levert med dusjhjørne, servant med to skuffer, høgskap og speglskap med lys i. Bad nr. to, har ikkje høgskap. Begge bada vert leverte med golvflis og veggflis, vegghengt toalett, dusjveggar og baderomsinnreiing med speglskap. Det vert spottar i tak (fire pluss to spottar, bad 1 og bad 2). Gang: Flis på golv, to spottar i taket. Det er ikkje med skap i gangen. Trappa vert levert lukka, slik at det vert mogleg å gjere denne om til ei lita bod. Soverom: Det er skyvedørsgarderobe på hovudsoverommet, eitt takpunkt pr. soverom og 3 vegguttak. Bod/vask: Heildekkande benkeplate med innfelt skyljekar. Flis på golv, og eitt lyspunkt i taket. Her vert tekniske ting samla, som sentralstøvsugar, ventilasjonsanlegg etc. Det vert lagt opp til vaskemaskin og tørketrommel (kondenstørketrommel).
Anna: Alle husa vert klargjort for smarthusteknologi. Alle golva i 1. etg. og bad i 2. etg., har vassboren varme. Dette er miljøvenleg og økonomisk gunstig. Dette vert levert frå eit felles varmepumpeanlegg, med energimålar til kvart atriumhus. Det vert lagt inn fiber. Byggespesifikasjon: Denne spesifikasjonen er utarbeidd for å orientere om bygget sine viktigaste delemne og funksjonar. Det kan førekome avvik mellom byggespesifikasjonane og planteikningane. I slike tilfelle er det byggespesifikasjonen som er retningsgivande. Enkelte illustrasjonar i teikningsmaterialet kan vise forhold som ikkje er i samsvar med leveranse, som møblering, kjøkken/ bad, innreiingar, fargeval, dør- og vindaugsform, bygningsmessige detaljar, til dømes fasadedetaljar, fellesareal, materialval, blomsterkassar, beplanting, fargesetting etc. Vindaugsplassering i den enkelte leilegheit kan endrast som følgje av m.a. den arkitektoniske utforminga av bygget. Det kan bli naudsynt med mindre innkassingar av tekniske installasjonar som ikkje går fram av planteikningane. Prosjektet vert byggjemeldt i samsvar med Plan og Bygningsloven 2010, TEK 10.
Romskjema
Rom
Golv
Kvalitet
Vegg/type
Kvalitet
Himling
Diverse
Gang
Betong
Flis
Gips
Strie
Gips
Vassboren varme
WC
Betong
Flis
Flis
Gips
Vassboren varme
Stove/kjøkken Betong
Parkett 1-stavs
Gips
Strie
Gips
Vassboren varme
Bod/vask
Flis
Gips
Strie
Gips
Vassboren varme
1. etasje:
Betong
Atriet Glastak
2. etasje: Gang
Sponpl.
Parkett 1-stavs
Bad
Betong.
Sov 1
Sponpl.
Sov 2 Sov 3
Gips
Strie
Gips
Flis
Flis
Gips
Parkett 1-stavs
Gips
Strie
Gips
Sponpl.
Parkett 1-stavs
Gips
Strie
Gips
Sponpl.
Parkett 1-stavs
Gips
Strie
Gips
Vassboren varme
Takterasse
Diverse: Sentralstøvsugar Balansert ventilasjonsanlegg Vassboren varme på alle rom i 1. etg + bad 2. etg. Trapp:
Stryntrappa, type Fauna (lukka)
Listverk gulv: Eikelister Listverk dører: Slette lister kvitmåla Listverk tak: Listefritt
Unnskyld
Som utbyggar ser vi oss nøydde å seie unnskyld til enkelte. Til drosjenæringa: Bebuarane i Atriumhagen vil nok ikkje vere storforbrukarar av drosjer, sidan Førdehuset, Pikant, hotella, museum, butikkar og alt det andre sentrum byr på ligg berre 10 minutt unna til fots. Til dei som sel kvitevarer: Kva skal ein med ein stor fryseboks når næraste butikk med kjøl og frys og ferske matvarer ligg ca 400 meter unna? Til Førdepakken: Det er ein god ting at det skal byggjast nye gang- og sykkelvegar, samt betre vegnett i og rundt sentrum, men bebuarane i Atriumhagen vil kunne gå til det meste, så dessverre blir det ikkje så mykje å hente frå dei. Til bilforhandlarane: Med så sentral beliggenheit, er behovet for meir enn ein bil kraftig redusert, og sykkel blir nok eit pent supplement til bil nummer to. Til venner av dei som kjøper: Det er lett for at mange vil bli misunnelege på dei som skal bu der, sidan dette blir det mest spennande bustadprosjektet i Førde, ja kanskje til og med i heile fylket. Ja, unnskyld. Det var ikkje meininga. Det berre vart sånn.
Utbyggar:
Arkitekt:
Drage AS
Xform AS
Sal av Atriumhagen skjer via Eigedomsmekling Sogn og Fjordane v/PĂĽl Anders KĂĽrstad, tlf. 992 33 855
www.atriumhagen.no