Ei framtid i Gloppen
Haugen Foto: Siv K.
Gloppen kommune – vi er gode pü kultur! Glo
Gloppen kommune - ein jordnær og livskraftig samarbeidspartnar Gloppen kommune er – til liks med andre kommunar – ein stor arbeidsgjevar, som kan tilby eit mangfald av stillingar. På kommunen si heimeside – gloppen.kommune.no – finn du oversikt over alle ledige stillingar i kommunen.
F
Gloppen kommune, her representert ved ordførar Anders Ryssdal og hans Volvo Amazon 1969-modell, ønskjer også å vere ein aktiv medhjelpar for dei som ønskjer å etablere seg som sjølvstendige næringsdrivande i Gloppen. Her samarbeider vi tett med Sandane Næringshage. Du finn kontaktinformasjon på siste sida i denne brosjyren, og sjølvsagt også på kommunen si heimeside.
ik Hugv ndré
-A Edvin Foto:
Varme hender
Foto: Cecilie M. Helgheim
Frydenbø Bilsenter
Foto: Edvin-André Hugvik
Lokal mat
Foto: Siv K. Haugen
På jakt etter arbeid? Sjølv om Gloppen kommune er det største arbeidsgjevaren i Gloppen, har vi fleire store private og andre offentlege verksemder, som jamt er på jakt etter nye medarbeidarar. Her er nokre av dei: • Bano på Sandane (www.bano.no) • Bolseth Glass på Sandane (www.bolseth.no) • Brødrene Aa i Hyen (www.braa.no) • Eurofoto på Reed (www.eurofoto.no) • Firda vidaregåande skule på Sandane (www.firda.vgs.no) • Frydenbø Bilsenter på Sandane (www.frydenbobilsenter.no) • Nordfjord Folkehøgskule på Vereide (www.friluftslivskulen.no) • Sogn og Fjordane Energi på Sandane (www.sfe.no) • Sparebanken Sogn og Fjordane på Sandane (www.sff.no) • Tine Meieriet Vest på Byrkjelo (www.tine.no) • Økonor Gloppen på Sandane og på Byrkjelo (www.okonor.no) Du finn linkar til alle desse på nettsida www.gloppen.no
Sogn og Fjordane Energi
Foto: Ronny Solheim
Henriette Møll adm. leiar ved Bano Sndane Foto: Magnar Heimseth
Kva vil du gjere på fritida? Telemarksforskning kåra i 2011 Gloppen til den beste kulturkommunen i heile landet. Sjølv om vi «berre» vart nummer tre i den same kåringa i 2012, er glopparane utan tvil gode på kultur. Her er nokre «smakebitar» frå kulturlivet i Gloppen og kva du kan bruke fritida di på her hos oss. Særleg vil vi no trekkje fram det nye Trivselsbadet, som vart opna i 2012. Kom og bad!
www.gloppen.no Dette er ei nettside som ønskjer å marknadsføre Gloppen og glopparane på ein positiv måte. Legg sida inn som favoritt, og følg med på kva som skjer… Foto: Siv K. Haugen og Runar Kleppe
Foto: Siv K. Haugen og Edvin-AndrĂŠ Hugvik
Foto: Siv K. Haugen
Foto: Siv K. Haugen
Foto: Breim barnehage
Foto: Anne Lise Gjengedal Lotsberg
Foto: Breim barnehage
Barnehageplass til alle Vi har full barnehagedekning og tilbyr barnehageplass i alle bygdelag. Den nye barnehagen på Reed vart teken i bruk i 2012. Barnehagetilbodet i Gloppen er både kommunalt og privat. Dei private barnehagane finn du rundt Gloppefjorden, medan kommunen har sine plassar i Hyen og på Sandane, i tillegg til den nye barnehagen i Breim. Ta kontakt med servicetorget i kommunen som hjelper deg vidare, eller sjekk nettsidene til barnehagane som du finn link til på www.gloppen.kommune.no
Kare nausen. Foto: Jan Utsikt frå Høge
Kvar vil du bu? Vi har ledige og byggeklare tomter i fleire delar av Gloppen. Kva med å busette seg på Høgenausen rett ovanfor Sandane sentrum? Her er ledige tomter i privat regi. På kommunen si heimeside finn du ei oppdatert liste over ledige tomter, med prisar og oversiktskart. Servicetorget i kommunen hjelper deg vidare. Med jamne mellomrom er det hus og eigedomar til sals i Gloppen. Dette har dessverre kommunen ikkje noko samla oversikt over. Viss ikkje husa blir selde privat, er det som regel Sparebanken Sogn og Fjordane og Advokatane Lothe, Mardal & Gjengedal som meklar hussal i Gloppen. Du finn link til begge desse på www.gloppen.no
Fure
Besøksadresse: Postadresse: Telefon:
Heradshuset, Grandavegen 9 Grandavegen 9, 6823 Sandane 57 88 38 00
E-post: Heimeside:
post@gloppen.kommune.no gloppen.kommune.no
Direkteadresser:
Ordførar Anders Ryssdal Telefon: 977 06 880 E-post: anders.ryssdal@gloppen.kommune.no
Kom til Gloppen!
Rådmann Marit Elisabeth Larssen Telefon: 997 24 798 no E-post: marit.elisabeth.larssen@gloppen.kommune.no
Sandane Næringshage Besøksadresse: Postadresse: Telefon: Fax:
Sandane Senter, Krånavegen 5 Postboks 300, 6821 Sandane 57 00 92 00 57 00 92 01
E-post: Heimeside:
post@sandanenh.no www.sandanenh.no
Foto: Siv K. Haugen
Prøv oss!
Følg oss på Facebook!
Solglimt Trykkeri, 6823 Sandane
Gloppen kommune