Elvetorget iforde

Page 1

Aktiv fritid Er du interessert i friluftsliv og aktive dagar ute, finn du mange likesinna i staben på Elvetorget. Her deler vi råd og tips til gode opp­levingar.

TOUR DES FØRDE – kortreiste opplevingar Kai Ytterhaug er sykkelmekani­kar hos Sport1 Førde, som er god­ kjend Shimano Service Center. Det betyr at sykkelen din kan få profesjonell og kjapp service i 3. etasje på Elvetorget. Og når sykkelen er klar for tur, har Kai mange tips til kor turen kan gå. KORTREISTE OPPLEVINGAR Sykkelbyen Førde byr på utallege mulegheiter for sykkelturar. Her kan du sykle på gang- og sykkelstiar frå sentrum. Ta turen innom Hafstadparken og la ungane boltre seg i BMX-løypa. Vidare kan turen gå på mindre traffikerte vegar på Tefre og innover mot Angedalen. Dette er gode opplevingar med heilt vanlege syklar meint for asfalt og lett grus, og passar også flott for sykkelvogner. Heile familien på tur!

Kai Ytterhaug, sertifisert Shimano sykkelmekanikar.

LITT VÅGALT? Dei meir vågale og spennings­ søkande vil kanskje ynskje å sykle på eit av dei mange fjella vi har rundt oss. Ein grei start på slike opplevingar kan vere vegen frå Bruland til toppen av Hafstad­ fjellet. Her er det greit å bruke ein

Turar i skog og mark gjev deg ei annleis oppleving på sykkel. Foto: Sport1

ter­reng­sykkel med god demp­ing. Ned att kan du sykle på grus­ veg, før du køyrer inn i skogen og kjem inn nedst i Bystien. Då kan det nok vere lurt å ha investert i ein fulldempa sykkel, fortel Kai Ytterhaug hos Sport1 på Elvetorget. TOUR DES FJORDS Løypa til Tour des Fjords viser den fan­tastiske naturen vi har rundt oss, og dei flotte opplevingane ein kan ha med landevegssykling. I etterkant av Tour des Fjords 24. mai, har vi Jølster Rundt 28. mai som for mange kan vekke sykkel­interessa. Kanskje kan vi så spirer hos komande deltakarar til neste Tour des Fjords? Lande­ vegs­sykling vil garantert gje mange fine søndagsturar, seier Kai. På Elvetorget finn du syklar i alle prisklassar og for alle aldrar.

FISKING I FØRDE – tips frå nordisk mester i flogekasting Jølstra er kjent som ei av verdas beste lakseelvar, og har troll­ bunde flogefiskarar frå heile verda. Erdal Sport har ei av Vestlandets største fiskeavdelingar. Der kan du møte Kim Andre Storehaug Herstad og Nordiske mester i flogekasting, Tom A. Wangensteen. Dei er til ei kvar tid oppda­ terte på fiskemoglegheiter og fiskeforhold i området, og deler gjerne av sin kompe­tanse. Jølstra, som renn gjennom Førde og like bak Elvetorget er heilt spesiell for dei.

Tom har fanga storlaksen i Jølstra ved Elvetorget. Foto: Privat.

URBANT FLOGEFISKE - Frå fossen og ned til fjorden byr elva på det meste av natur og fiske­opplevingar. Frå heftige stryk i idyllisk vestlands­natur, via stilleflytande draumestrekningar, til urbant flogefiske i sentrum av Førde, seier Wangensteen, og fortel vidare kvifor laks- og sjøaurefiske er så spesielt. – Spenninga når du ser storlaksen stige opp i overflata for å bite i floga di. Den enorme skuffelsen når draumelaksen rasar ned stryket og tømmer snella di. Den ubeskrivelege lukka du føler når ditt livs sjøaure ligg i håven etter ein hard kamp nattes­ tid. Usikkerheita når snøret uventa strammar seg opp og du kjenner at det er noko tungt i den andre enden. Gleda av å sjå fisken svømme tilbake i elva for å spre sine gener vidare til framtidige generasjonar. Jølstra er ei elv som Jølstra er ei elv spelar på heile kjensle­registeret ditt du aldri gløymer! på godt og vondt, men ein ting er – Tom A. Wangensteen, alle som har vore der einige om: Erdal Sport på Elvetorget – Jølstra er ei elv du aldri kjem til å gløyme! GODE RÅD På Erdal Sport i Førde får du dei tipsa og råda du treng for at ditt opphald i Førde og omegn skal bli så vellukka som mogleg fiskemessig. Anten du er ute etter storauren i Jølster, laksefiske i Gaular, Nausta eller Jølstra. - I vår fullsortimentsavdeling finn du alt frå fjord til fjell. Vi hjelper deg gjerne med å tilpasse utstyret du allereie har, eller set saman utstyrssett tilpassa dine ønske og ambisjonar. Ta turen innom, oppmodar Tom A. Wangensteen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.