Elvetorget
- mykje meir enn eit kjøpesenter
40
BUTIKKAR
CARLINGS | BIK BOK | GYNGEHESTEN | LEIKEBUTIKKEN YES | NORLI FØRDE | TELENORBUTIKKEN | VIKEN | MORE WOMAN STORM | SUNNFJORD APOTEK | LINDEX | KID INTERIØR | FLOKE | SYBUTIKKEN STING FOR STING | DAYS LIKE THIS | NILLE LUNSJKAFÉ | NON STOP SKO SKORINGEN | VÅPENLOFTET | CUBUS | DRESSMANN | CENTRUM SALONG | SPORT1 FØRDE SPORT1 FØRDE | BOKUBEN |HJELPEMIDDELHUSET | YRKESKLÆR AS – JOBB OG FRITID | ERDAL SPORT | VITA EXCLUSIVE FØRDE GLASSMAGASIN | OLEFINE – NAUSTDAL DAMPBAKERI | SPECSAVERS | LINK BINGO DERMIA | BOKUBEN | POWER GULLSMED & URMAKAR H. BRÆNDMO & J. PETTERSEN | ABA’S INN | REMA 1000 | NAPRAPATSENTERET | FJORDPROFIL
Elvetorget er eit kjøpesenter som består av alle butikkane
Vi har eit samla forretningsareal på over 18.000 m2 i tillegg til parkeringsgarasje på 4.600 m2 og kontor på om lag 7000 m2. Her er det samla over 40 butikkar, samt andre offentlege og private verksemder.
Vi har lokale huseigarar som satsar på Elvetorget og utvikling av sentrum, og som med sitt engasjement er med på utvikle Førde som by. I løpet av året er fasaden på Elvegården skifta ut og det gjev bygget ein heilt ny stil. Vi har ein godt tilrettelagt Torgplass, og langs elva er det opparbeidd grøntareal med benkar og bord. Den siste tida har det vore store oppussingar for å gjere klar butikken til Power, og vi er veldig stolt over resultatet, seier Jonny Tjønn.
Her er gode parkeringsforhold med 2 garasjar i tillegg til oppmerka parkering rundt bygga. Det er sjølvsagt gratis parkering!
som ligg i Elvegården og Førde Torg. Desse lokale selskapa er leia av Jonny Tjønn, som også representerar mange andre store bygg og selskap i Førde sentrum.
Torgplassen vår på om lag 1000 m2, er tiltenkt til bruk for alle som ynskjer det så langt det let seg gjere. Bondens Marknad er fast hos oss gjennom året, i tillegg til eigne aktivitetar som vi har. Huseigarane er med på å legge tilrette for, og aktivt med på å utvikle handel og aktivitet i sentrum, seier Jonny Tjønn
Elvetorget - myje meir enn eit kjøpesenter
Med nål og tråd Innimellom garn, stoff, symaskiner og alt av syutstyr du kan tenke deg på Sybutikken Sting for Sting, finn du dyktige fagarbeidarar. Dei utfører reparasjon og retting av klede, som t.d bytte av glidelås, inn- og utsying, opplegg av bukser og kjoler osv. Dei hjelper òg til med retting av dressar, brudekjoler og festkjoler. Ashraf set midt i butikken og utfører det meste av syarbeidet. Han kjem frå Syria, og gjekk si lære hos ein skreddar i heimlandet. Han er ein enorm ressurs for meg, fortel Sari som eig og driv butikken. Dette er eit handtverksfag som er av stor verdi i ei tid der vi har fokus på den bærekraftige utviklinga i verden.
Dei arrangerer også kurs i ulike handarbeidsteknikker, som strikking, hekling, hakking, og nybegynnerkurs i saum på symaskin. I tillegg tek dei service og utfører reparasjon på symaskiner, mykje av dette er det Sari som utfører sjølv. Ved kjøp av ny maskin får du tilbod om gratis opplæring i bruk av di nye maskin. På bunadsavdelinga til Viken finn du Liv Solveig, Ane, Ann og Bodil som blant anna syr dei ulike Sunnfjordbunader Alt blir gjort her, både tilpassing, klipping, sying og brodering. Men skjortene får dei laga ein anna stad. Vi er bevisst å velje norske og aller helst lokale materiell og produsentar.
Det er ekstra stas at forklea vert handvevd av lokale vevare i området. Dette er ekte handtverk! Bunaden vert nøye tilpassa kunden og sydd etter hundre år gamle tradisjonar. Vi er strenge på oppskrifter, så kunden får ikkje velje fritt. Vi må hugse at dette er bygd på svært gamle tradisjonar, og vi har ei stor og respektfull oppgåve å ivareta det, er dei heilt einige om. Om du treng reperasjon av bunaden din hjelp dei deg med dette og
Vi tek vare på helsa di I 3.etg på Elvetorget finn du napratat, røntgenlege og hudlegar. Naprapat Alexander Øen Ask og Ultralydpraksis ved røntgenlege Marit Tepstad, har eit tverrfaglig medisinsk fysikalsk samarbeid med sine respektive spesialfelt som behandlarar. Hovudfeltet til Naprapetsenteret er musklar, ledd, nervar, idrettsskadar og rehabilitering. Som naprapat og aktiv idrettsutøvar har eg lang og brei erfaring og målet er å etterstrebe ein smertefri kvardag med god funkjson, seier Alexander. Med ultralyd kan ein undersøke kroppen og få svar med det same, fortel Marit som nyttar ultralyd til helsesjekk og diagnose-
ring, samt til undersøking av gravide. Det er mange som går og kjenner på noko og som ynskjer ein heilsjekk med ultralyd av kroppen Dei deler også venterom med Daniel og Ane i Dermia. Dei jobbar til dagleg ved Hudpoliklinikk, men har også har sin private praksis som hudlegar på Elvetorget. Dei tilbyr utredning og behandling av hud sjukdomar samt kosmetisk dermatologi. Hege og Anders som eig og driv Specsavers på Elvetorget er begge optikerar og kan såleis foreta synsundersøkelser og avdekke synsfeil, foreskrive hjelpemiddel og følge opp syn og auge helse. Med mistanke om augesjukdomar kan dei henvise til helsepersonell. Såleis er det også eit nært samarbeid mellom dei og augelege Bolstad som har kontor i 3.etg. Sureeporn, Tamara og Kjersti er farmasøyter på Sunnfjord Apotek. I lag med apotektekniker Sanja og medarbeidar Charlotte er vi er ofte det første møtet folk har med helsevesenet, og vi er opptatt av å tilby hjelp så langt som vi kan. Ofte kan også hjelpa vere å henvise videre til lege
når det er behov for det. Det er også ei viktig oppgåve å passe på at kunden fårriktig medisin med riktig dosering som ikkje passar dårleg saman med andre medisiner. I tillegg hjelper vi kunden med enkel egenomsorg og plager som han har. Vi leverer medisin til legevakta, og køyrer også varer heim til folk som har eit ekstra behov for det.
” Fordelen med å ha sin praksis på eit kjøpe senter er nærheten til kundane. Her kan vi nå dei som vanligvis ikkje ville oppsøkt helsevesenet på dette tidspunktet, og det vert såleis ein lavare terskel for å oppsøke fag personar på desse ulike områda. Fordelen er sjølvsagt også at ein ikkje treng henvisning for å benytte seg av tilbodet ”
Meir enn sport Sport 1 er eit av dei få godkjende Shimano Service Center i Norge, med fleire godkjende Shimano servicemekanikarar, fortel Roger Aase. Tilbodet er unikt i området, og du må til Trondheim eller Bergen for å få same servicen. Med mindre du skal ha tak i ein spesiell del, vil du få sykkelen tilbake innan 48 timar. Vi har også direktelinjer til Shimano og får derfor raskt svar på tekniske spørsmål. Med verkstaden vår plassert midt i butikken, er vi lett tilgjengeleg for kundane våre. Det er ekstra kjekt å få bekrefta vår kompetanse ved å vere leverandør av syklar til det nye El-sykkel utlånsprosjektet til Førde Kommune. I tillegg til dette har dei satsa stort på klubbsamarbeid i fylket og er den største klubb-butikken i Sogn og Fjordane, med stor fagleg kompetanse på fotball, løp og anna breiddeidrett, med eige trykkeri. Hos Erdal Sport Intersport finn du to lidenskapelege fiskeelskarar! Deira erfaring og kompetanse innan faget brukar dei i sin kontakt med kundane som kjem i butikken. Sjølv konkurrerer eg i flugekasting, fortel Tom.
Eg bitter fluge til eige bruk, men gjev også råd og hjelp til kundane ved å anbefale gode mønster og anna nyttig informasjon. Dette er både kunst og handtverk, smiler han. Eg er også sertifisert kasteinstruktør, og vil kunne tilby kurs i flugekasting. Når vi har funne det riktige utstyret til kunden og montert stanga, blir vi gjerne med kunden i elva bak butikken og prøver kasta. Med eigne maskiner kan vi også vedlike halde og reparere utstyr. Vi merkar at Førde er strategisk plassert i forhold til gode fiskeelvar og fiskeavdelinga til Erdal Sport har fått eit nasjonalt namn. Vi har godt etablerte fiskarar som søker oss i forbindelse med at dei er på fiske i Lærdalselva. I 2. etg på Erdal Sport Intersport finn du Våpenloftet. Det er ikkje mange butikkar som kan måle seg med den allsidigheten og kompetansen som du finn her. Herman Erdal er børsemakar og reparerer og vedlikeheld alt av våpen. Han er også jegerprøveinstruktør og har stor kompetanse innan det meste av jakt og
våpen, også konkurranseskyting. Dei som jobbar her er alle lideskapeleg interessert i yrket sitt og kombinerer dette med e igne aktivitetar på fritida. Som følgje av jakt og skyteinteressa er dei også engasjert i ettersøk av skadde dyr. Dei har også stor kompetanse på hund, både når det gjeld eigne hundar til ettersøk, konkurranse og utstilling, og råd og veileiing av fór og utstyr til hundeeigarar. I tillegg har dei eige fullverdig mekansik verkstad, med tilsett som har fagbrev som plate,- og sveisearbeider og kan reperere vakumeingsmaskiner og anna tilsvarande utstyr. Her finn du også tilsette med fagbrev som kokk og derav parteringskompetanse.
Elvetorget har eiga profileringsbedrift på huset. Trond Aase i FjordProfil hjelper bedrifter, lag og organisasjonar til å profilere seg på best mogleg måte. Han har også eit tett samarbeid med Sport 1 og Erdal Sport Intersport på store mengder drakter og klede med trykk. Her får kunden alt på ein stad! Trond hjelper også bedriftene med utformingar, og veiliing i ulike valg dei skal ta i denne samanheng.
Gamalt blir nytt Meir enn 70 års fagkunnskap og erfaring er samla under eitt hos Gullsmed & Urmakar Brændmo & Pettersen. Henning er gullsmed og Jannicke er urmakar, og saman hjelp dei kunden med reperasjon og vedlikehald av verdifulle gåver og gamle minner som ein ofte har i smykker og klokker. Det fleste kjem for å regulere ringar og reparere smykker. Vi hjelp kundane også
med vedlikehald av blant anna bunadssølv, som kanskje kan vere vanskeleg å greie sjølv. Ei klokke er også eit smykke for mange. Som urmakar kan vi reparere klokker, så langt det let seg gjere, fortel Jannicke. Vi kan skifte glas/krone og andre delar i klokka, samt gjere lenkereperasjonar. Vi rensar lenker og klokker, lommeur og vegg klokker. Kanskje har du arva ei fin klokke du vil ta vare på, då kan vi sette den i stand. Det er godt å ta vare på minnene, er dei begge einige om.
dre reperasjoner på mobil, pad og pc, for eksempel skjermbytte, batteribytte osv. I tillegg har vi eiga bedriftsavdeling som samarbeidar med kommunane og næringslivet i fylket også på telefoni. Vi har kommunikasjonsutstyr til næringslivet og entreprenørvirksomhetene i fylket, og sel kommunikasjonsutstyr også til jakt. Vi har kyndige personar som programmerer industri,- og jaktradioer og legg inn frekvensar og hjelper kundane med å søke om nye frekvenser. Dette er vårt unike fortrinn og til det aller beste for kunden.
Den godt etablerte familiebedrifta Magne Aase AS satsar stort på framtida og fører butikken vidare i lag med Power. Nesten 70 års erfaring innan eit fagfelt som er i enorm utvikling er eit stort fortrinn for denne familiebedrifta som no vert leia av Steinar Aase, son til handelsmannen Magne Aase. Verkstaden er unik for vår butikk, seier Steinar. Dei reiser også heim til kundane og reparerer kvitevarer om kundane treng det. Vi leverer varer til store deler av fylket, og bring varene heilt inn i huset og monterer det opp slik at alt er klart, om kunden ynskjer det. Her er også verksted for min-
Elvetorget - myje meir enn eit kjøpesenter
Her har vi presentert berre litt av det vi har på Elvetorget. Vi er opptatt av å gje kundane våre mykje meir enn ei vare. Her skal du finne fagkunnskap og ekspertise i alle butikkar. Fleire av våre tilsette vil i løpet av året ta fagbrev i salsfaget som eit ledd i å kvalitetsheve det faget vi utøver. Vi er opptatt av at Elvetorget og Torgplassen skal vere den gode møteplassen og det er ein styrke for oss at vi har gode matplassar som legg vekt på kvalitet og lokal tilhøyrighet. Vi har eit lokalt bakeri i Naustdal Dampbakeri, eit «godt gamaldags» gatekjøkken med over 30 års drift med same eigar, og ein kafe som lagar alle mat frå grunn av. Vi anbefaler eit besøk hos Olefine, Aba`s Inn og LunsjKafe. Velkome på Elvetorget!
Anne Karin Steen -senterleiar-