Sunnfjord Energi 100 år

Page 1

100 år i Jølstra


100 år med kraftproduksjon i Jølstra

Redaksjonelt // Rein Design v/Roy Sunde, Joachim Vie og Kristine Slettehaug

100-åringen i dag

Layout // Rein Design

Side

Trykk // Bodoni

4

Småkraftpioneren

Side

20

Kraft og fisk – hand i hand?

Side

30

Jølstra – i minst 100 år til

Side

2 // 100 ÅR I JØLSTRA

42

Nybrotstider

Side

12

500 GWh småkraft

Side

24

Samarbeid i Jølstra

Side

34

Kraftlinjer i stadig utvikling

Side

46

24 år med småkraftutbygging

Side

16

– Ikkje sel fallrettane

Side

26

Det var ein gong ein foss

Side

36

Den viktigaste fornybare ressursen vår

Side

48

Førde Elektrisitetsverk vart skipa 16. mars i 1914 og i desember same år stod Brulandsfossen kraftverk og linjenettet til Førde ferdig. Kristian Ulltang skreiv i ein avisartikkel 29. januar 1915 at «Dei hev prøvekøyrt maskinorne siste vika, og den 27. januar um kvelden lyste det elektriske ljoset for fyrste gong. Det er soleis paalag eit «jubileumsværk» meddi det hev vore bygt i 1914», og i Sogningen skreiv dei «Det var stor jubel i Førde torsdag aften da den store vakre bygd for første gang laa «overstraalet» av det elektriske lys». Tenk deg for ei verd som opna seg for dei som fekk tilgang på elektrisk kraft? Og med det starta ei modernisering av Sunnfjord som har ført oss fram til der vi er no. Tidsbiletet // I år markerer Sunnfjord Energi at vi snart har produsert kraft i 100 år i Jølstra-vassdraget. Det finst mange kjelder som fortel om utviklinga i desse åra. Med jubileumsheftet du no held i handa ynskjer vi å vise deg – kunden vår – korleis det står til med kraftproduksjonen og distribusjonen i Sunnfjord, i det vi nærmar oss 100 år sidan elektrisiteten for første gong lyste opp stovene i Førde. I heftet har vi samla intervju med personar som har prega utviklinga i seinare tid. Desse gjev eit tidsbilete av Sunnfjord

Energi, og den lokale kraftbransjen, i 2014. Slik skaper vi også ei ny kjelde for framtidas historieforståing. Den lokale drivkrafta // Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft ved å sikre moderne elektrisitetsforsyning i dei sju kommunane der selskapet har sitt virke. I tillegg har vi tatt vare på arven og held eldre kraftstasjonar godt i hevd. Dei siste åra har vi også utvida kraftproduksjonen. Det største løftet her var Kjøsnesfjorden Kraftverk som kom i drift i 2010, og dobla kraftproduksjonen i selskapet. I dag er vi eit mellomstort energiverk i Norge: «Vi er små blant dei store og store blant dei små», og vi driv vår verksemd moderne og framtidsretta. Vi er inne i ei tid med rivande utvikling som stiller store krav til kompetanse og vilje til å vere tidleg ute med løysingar. I Energihuset har vi samla mykje kompetanse. Ikkje berre i eige selskap, men også i dotterselskap som Enivest og hos leigetakar som Serit Fjordane IT og Geomatikk. Tilsette jobbar i eit arbeidsmiljø med stor spennvidde innan kompetanse, alder og oppgåver. Slik er vi moderne i ei tid der utviklinga går raskare enn nokon gong.

Foto // David Zadig

Ansv. utgjevar // Sunnfjord Energi

over er heilt avgjerande for å klare det. Fornybarsamfunnet stiller nye krav som gir mykje større innslag av avanserte dataog kommunikasjonsløysingar enn det vi har hatt tidlegare. Høg tryggleik, god beredskap og rasjonell drift er eit avgjerande fundament for å planlegge framtida og gjennomføre strategien. Vi har bak oss snart 100 spennande år med vekst og utvikling i Jølstra. No ser vi fram mot dei neste 100 åra. Den reisa gler vi oss til, saman med kundane og lokalsamfunnet vårt. Fredrik Behrens adm. dir.

Med blikket retta framover // Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane, eigarar og tilsette. Det å ha blikket retta fram100 ÅR I JØLSTRA // 3


100-åringen i dag 18. desember 1914 var Brulandsfossen kraftverk klart til å levere straum, og framtida kom til Førde. 100 år seinare har den krafta modernisert indre Sunnfjord på vis dei neppe såg for seg då. Men filosofien bak er den same: Å bidra til eit slagkraftig, moderne samfunn.

Namn: Olav Osvoll Alder: 49 Yrke: Produksjonssjef i Sunnfjord Energi Kommune: Førde

– DET BYRJA MED ei enkel linje ned til Førde sentrum. Året etter gav denne straum til 1807 lyspærer, 34 strykejern. 27 omnar og 3 elektromotorar. Sidan har Sunnfjord Energi og Førde vakse i takt med samfunnsutviklinga i Sunnfjord. Første turbin var på 2 x 175 HK ( 257 KWh) mindre enn effekten i ein moderne bilmotor. Brulandsfossen har vore oppgradert to gongar, i 1935 og 1989. Dagens Brulandsfoss yt 12 MW og produserer 55 GWh i året. I 1914 var det 450 innbyggarar i Førde, no er det 13 000. Innbyggartalet er 30 gongar høgre no enn i 1914, det same gjeld produksjonen i Brulandsfoss. Det seier noko om utviklinga i Førde og Sunnfjord Energi i desse åra, seier Olav Osvoll, produksjonssjef i Sunnfjord Energi. – Forbruket i Sunnfjord Energi sitt område er 390 GWh, og vi produserer 517 GWh. I tillegg er det 47 mindre kraftverk i området, som leverer ytterleg 210 GWh, seier Fredrik H. Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi. Han fortel at perspektivet for selskapet er det same som i starten. – Primærønsket er å gje kundane gode energiløysingar. For å klare det må vi vere konkurransedyktige og levere overskot til eigarane. Sunnfjord Energi starta som eit «bygdelag», som ville løfte bygda inn i moderniteten og levere straum lokalt. No er det ikkje viktig om straumen vert brukt i Førde eller austafor, så lenge vi bidreg til utvikling lokalt. Investeringar // Sunnfjord Energi har vore gjennom store omveltingar, og fleire er på veg. – Vi har hatt ein periode med stor vekst, der Kjøsnesfjorden kraftverk er sentralt. Det kosta mykje pengar, så vi må leve nøysamt til vi har betalt ned på det. Vi går no inn i ein periode med utvikling av linjenettet, som krev mykje pengar, og kraftbransjen

4 // 100 ÅR I JØLSTRA

er inne i store omleggingar. Det vil føre til store investeringar, også på område vi ikkje kjenner til enno. I tida framover vil satsing på infrastruktur på nettsida dominere for vår del, men vi skal halde fokus på kraftporteføljen vi alt har og utvidingar av anlegga. Den store satsinga der er å få konsesjon for utviding av Stakaldefossen oppover Jølstra. Vi rustar også opp gamle kraftverk. Stakaldefossen er nyleg opprusta, og Øvre Svultingen står for tur, seier Behrens. Neste år står den nye 420 Kv-linja klar i Sogn og Fjordane. – Linjenettet i fylket er ein flaskehals, men nytt sentralnett med god kapasitet knyt då saman Sogn og Fjordane, austlandet og Møre og Romsdal til eitt område, fjernar lokale «proppar» og gjev fornybar kraft ein god veg ut til andre marknader. Det gjer at ein kan levere meir kommersiell produksjon, seier Behrens. Debattar rundt «monstermaster» og traséval, har sinka prosessen. – Det er meir debatt rundt dette lokalt enn i større byar. I Oslo har dette ikkje vore noko problem, sjølv om det råkar langt fleire. Blant anna i Bremanger har det vore problematisk. For å sette dette i perspektiv: På 28 mil med 420 Kv-linje her omkring, er det åtte hus innan 100 meters grensa. Det kallar eg godt planlagt, seier Osvoll, men ein får ofte det vi kallar NIMBY-effekten: Not in my backyard. Alle er samde om at kraft og gode kraftlinjer er viktig for regionen, men ingen vil ha linja nær seg. For mykje straum // – Produserer ein for mykje straum i dag? – Eg får svare som eg gjorde på eit folkemøte i Solund, om vindkraft. Vindkraftmotstandarane argumenterte med at vi produserte for mykje energi i

Foto // Joachim Vie

Namn: Fredrik Behrens Alder: 63 Yrke: Administrerande direktør i Sunnfjord Energi Kommune: Førde

100 ÅR I JØLSTRA // 5


Foto // Joachim Vie

Bilkortesjen syner litt av utviklinga innan arbeidsbilar i verksemda. Veteranbilen til høgre er ein Oldsmobile 1926modell. Den vart kjøpt i 1946 av Kjell Øvrebø, som var linjeformann i everket frå 1942 til 1967. E-verket leige bilen av Karl, og fekk derfor namnet «Karlsvogna». På stigtrinnet sit dagens eigar, Kjell Åsen, som også har restaurert den vakre bilen. Til venstre står Vidar Halland med den nyaste «arbeidshesten» Sunnfjord Energi har i stallen sin. I midten står Geir Lothe med ein velutstyrt Volkswagen Transporter. Biletet er teke ein regnfull vårdag på Vassenden ved Jølstravatnet.

6 // 100 ÅR I JØLSTRA

100 ÅR I JØLSTRA // 7


Uregulert kraft // Den uregulerte krafta, vind- og solkraft, har stort potensiale til å levere billeg straum. – Og solkraft leiar an, kostnadene raser nedover. Ei liknande teknologiutvikling som innan datateknologi, vil gjere den billegare, til slutt vil prisen på solkraft nærme seg null. Men lagring av krafta er 8 // 100 ÅR I JØLSTRA

utfordringa. Om vi tek den elektriske ferja over Sognefjorden som døme har den eit stort batteri, som blir lada om natta når ferja legg til kai. Eit elegant system, som fungerer, men det krev stort batteri. Det gjer det krevjande å nytte i stor skala. Vi har eit lite kraftverk, Fossheim, der ujamn produksjon er ei utfordring. Eg rekna på kor stor batterikapasitet vi må ha for å lagre ein dags produksjon av kraft. Det ville krevje 2400 tonn batteri! Så batteriteknologien heng etter. Her har vasskraftverk med magasin sitt fortrinn: Dei kan lagre kraft i form av vatn. Batteriteknologien vil utvikle seg og på sikt kan det bli ein metode for å styre produksjon og regulere marknaden betre. Uregulerte Vasskraftverk har ei utfordring i høve sommar/vinter, og ein må utnytte vasskraftverka med magasin betre. Vi har mange magasinverk i Norge, men bygger nesten berre uregulerte småkraftverk. Om politikarane forsto dette betre og klarar å forme ein berekraftig politikk for kraftforsyning, klimapåverknad og naturmangfald vil det verte potensiale for betre styring av produksjonen gjennom året. Sunnfjord Energi, til evig tid? // – Kjem Sunnfjord Energi til å bestå som sjølvstendig selskap i 100 år til? – Det er vanskeleg å svare på. Vi er sjølvstendige så lenge eigarane ønskjer dette! Det har både med om vi evnar å tene pengar over tid og om eigarane har vilje og evne til å stå saman med oss gjennom krevjande oppgåver. Kraftbransjen endrar seg stadig, med nye krav og reguleringar. Kvar gong det skjer må vi spørje oss kva betyr dette for oss, eigarane og kundane våre? Endrar råmebetingelsane seg, må vi vurdere kva som er det beste for selskapet. Eg kom inn i Sunnfjord Energi etter at eit fusjonsforsøk stranda. Oppgåva var då å sette ein ny retning, som eit sjølvstendig selskap. Men det er ikkje vår ideologi at vi skal vere sjølvstendig. Det er berre eit verkemiddel. Skal vi fusjonere må det vere for å gje kundane og eigarane våre ein fordel. Men endring i selskapsstrukturen ligg i tankane våre, i takt med endringar i samfunnet elles. Blir ting for stort og komplisert må vi søke kompetanse og musklar til å handtere det. Og Sunnfjord Energi har vore flinke til å plukke opp endring tidleg, og gjere noko ut av det, seier Behrens. Til tider har kraftselskap nærast vore ei setelpresse. I dag er situasjonen meir krevjande. – Sunnfjord Energi sin utbyttepolitikk går på at vi skal vere eit lønsamt selskap, som gjev utbytte til eigarkommunane. For tida har vi sett tak på utbyttet, for å sikre eigenkapitalen i ein periode med store investeringar. Vi håpar å igjen kunne betale ut gode utbytte, men nivået vi hadde ei tid var nok vel høgt fordi ein samstundes investerte tungt. Kraftselskap har historisk blitt sett på som varige penge-

Foto // Sunnfjord Energi

Fornybar kraft er ei vare verda treng og etterspør

Norge, og ikkje trengte vindkraft. Då spurte eg dei: Et de all fisken de fiskar sjølv i Solund? Eller er det glade for at de kan selje overskotet ut av kommunen? Fornybar kraft er ei vare verda treng og etterspør, vi kan ikkje berre sjå på det lokale behovet, seier Osvoll. Noreg er verdast rikaste land fordi vi produserar langt meir olje, aluminium, fisk og kraft en kva vi treng sjølv. Og det er ikkje noko teikn til at behovet for straum minkar. – Ein typisk norsk husstand nyttar 20.000 KWh elektrisk straum i løpet av eit år. I Tyskland brukar den 4.000, resten av forbruket er gass og olje, seier Osvoll. Eg personleg føretrekk el produsert av fornybare kjelder framfor oppvarming og koking på olje og gass. Det totale straumforbruket til hushaldningane har ein fallande tendens, sjølv om vi bur på stadig fleire kvadratmeter og fyller husa med moderne teknologi. Dette skuldast betre hus og ei noko større bevisstheit på bruk av straum. – Vi ser ingen openberr energisparing i Norge. Subsidiering av fornybar energi gjer straum billeg. Ein blir ikkje «pirra» til å spare straum. På 50-talet kosta straumen mange øre mindre per KWh, men no tek straumen mykje mindre av folk si inntekt, seier Behrens. – Er straum for billeg i dag? – I kort perspektiv kunne ein ønskje den var dyrare. Sunnfjord Energi må drive god økonomisk verksemd, i høve eigarar, tilsette og kundar, for å sikre vekst og tene pengar. Det er naudsynt for at vi kan gjere ein nyttig jobb i høve samfunnet sin infrastruktur, utvikle oss og bidra i eit moderne samfunn. Men bak økonomien ligg klimaproblematikk, naturmangfald og naturen si evne til å overleve. Blir fornybar straum for dyrt gjev det ikkje insentiv til å gå vidare inn i den fornybare energiverda, som er naudsynt for ei bærekraftig utvikling for menneska. Fokuset på klima vert då lite populært og den politiske støtta vert borte. – For nokre år sidan såg ein for seg at straum kom til å bli dyrare, og at dette var naudsynt om ein skulle få folk til å spare straum, men det har ikkje skjedd, seier Behrens. Det var subsidieringa på kontinentet som fikk fart på fornybarsatsinga. – El-sertifikat flyttar pengar ut av dei etablerte kraftverka. Det er pengar som vi kunne trengt til investeringar i ny fornybar kraft. Det kjem truleg fleire virkemiddel også.

maskiner. Men i dag hoppar og dansar kraftprisen, og dette er meir krevjande. Slik liknar no kraftbransjen på oljeindustrien: I periodar tener ein mykje, i andre mindre. Ein må avpasse utbyttet slik at ein får utvikle selskapet vidare. Den norske energipolitikken legg opp til at produsent skal selje kraft på børs, men det er vanskeleg for oss å forlate arven vår, som er å bygge viktig og solid infrastruktur i lokalsamfunnet. Kraftutbygging og naturvern // – Korleis er forholdet mellom kraftselskap og naturvernar i dag? – Blanda! Naturvernarar er ikkje ein type menneske, det har ulike folk, med ulike vinklar og synspunkt. Vi i Sunnfjord Energi føler oss også som naturvernarar, som jobbar for å skape naturvennlege energiløysingar. Utfordringa innan naturvern/kraftutbygging går på å prioritere rett og sjå konsekvensar av det ein gjer. Vi har eit omfattande system for konsekvensutreiing før vi bygger. Det er to hovudfelt innan naturvern: Eit går på klimaeffekten og eit på naturmangfald. I Norge ligg ofte striden mellom kraft og vern på dette med å bevare naturmangfald. Vernesida ønskjer ikkje at naturmangfaldet skal påverkast i nokon grad. Eg føler vi manglar ein gjennomgripande filosofi. I dag er det ofte litt unyansert kamp for kvar stein, og kraftselskap får skeivfordelt «skuld», seier Behrens og utdjupar:

– All utbygging er i konflikt med naturen. Men kraftbransjen står ikkje for dei største inngrepa og bandlegging av areal. Landbruket påverkar mest areal. Så kjem husbygging for bustader og næring. Her er ikkje konfliktnivået på langt nær så høgt. Vegar mellom gardar, hus, næring, bygder og byar kjem på tredjeplass. Vegar legg alt daudt under seg. Ei linjeutbygging påverkar ikkje naturen på langt nær like mykje. Kraftutbygging, kraftlinjer og kablar kjem først på fjerde plass i arealbruken. – Alt i alt har kraftbransjen eit godt forhold til miljørørsla. Vi er einige om at fornybar energi er ein del av løysinga på miljøutfordringane, seier Osvoll. – Forholdet har til tider vore prega av støy, men det har ført til at kraftbransjen løyser ting betre no, og ein har fått betre utbyggingar som følgje. – Ein skal respektere klima og naturmangfaldet, finne gode løysingar og prioritere riktig. Elles stoggar verda opp, seier Behrens.

– All utbygging er i konflikt med naturen, men kraftbransjen står ikkje for dei største inngrepa og bandlegging av areal, seier adm. dir. Fredrik Berens. Biletet syner Kjønesfjorden i Jølster.

Fjordvarme // Skjebnen til fjernvarmeanlegg i Førde skal snart avgjerast. – Prosjektet har vore i ein modningsprosess, der ein landa på ei løysing med ein sentral ved Førdefjorden. Vi jobbar med å få på plass store aktørar lokalt som kundar. Bindande kundeavtalar om straumlevering er eit steg i prosessen mot ei avgjersle om satsing. Vi er også avhengig av større støtte frå Enova, seier Osvoll. 100 ÅR I JØLSTRA // 9


Straumbruken her til lands har auka jamt og trutt, knytt til mellom anna straumkrevjande teknologi og elbilar. Sistnemnde krev mykje effekt når den ladar, og ladar mange på same tid blir det press på straumnettet. – I framtida blir det nok slik at ein må betale meir for krafta i pressperiodar, seier Fredrik Behrens.

I Norge ligg ofte striden mellom kraft og vern på dette med å bevare naturmangfald

Foto // Thor-Aage Lillestøl

” – Ein tredje variabel er utviklinga av energiprisar. Det har vore eit stort skifte på feltet dei siste tre åra, grunna overproduksjon av kraft, subsidieringa av fornybar energi og vekst i uregulert kraft. Vi må og ta omsyn til korleis utgiftene på nettsida utviklar seg. Og det er ikkje alt ein kan rekne seg til. Til sist handlar det om kva vi trur om utviklinga. Det er det siste punktet som gjer dette vanskeleg, seier Behrens. – Fjordvarmeanlegg er riktig måte å tenke på. Krafta har eit veldig lokalt omland, frå Brulandsvellene til fjorden. Fortetting er energiriktig. Eit slikt anlegg vil vere ein konkurransefordel for Førde sentrum, og TEK 10 i byggeforskriftene krev at alle bygg i dag må ha ei varmepumpe. Ei stor pumpe på deling er betre enn at alle bygg har si eiga. Men per no er fjernvarme dyrt. Det er ny teknologi, og krev nedgraving av mykje rør. Når det er gjort har ein 100 års horisont på infrastrukturen. Det talar for utbygging. På kortare horisont talar nedgang i straumprisen mot. I konsesjonsvilkåra står det at fjernvarme skal vere billegare enn alternativet, altså straum pluss nettleige. Sogn og Fjordane har høg 10 // 100 ÅR I JØLSTRA

nettleige, som talar for utbygging av fjernvarme. Kanskje aukar nettleiga også som følgje av store investeringar i nettet. Men kjem fellestariff på nettleige, som det har vore snakka om, slår det bein under fjordvarme i mindre byar som Førde. Vi har ingen fasit, seier Osvoll. Du skal vere med og styre forbruket // – Straumbruken i Norge har vakse jamt og trutt, knytt til folketalsauke, ny straumkrevjande teknologi og elbilar. Datasentralar er den raskast veksande kraftkrevjande industrien i verda. Og forbrukarane brukar mykje kraft på same tid, som legg press på linjenettet. Elbilar krev for eksempel mykje effekt når den lader, så om alle gjer det på same tid pressar det straumnettet. Sjå føre deg følgjande scenario: Om nokre få år set elbileigarane på Oslo vest seg i bilane, køyrer til hytta på Hvaler og pluggar inn 4000 elbilar til uttaka på hyttene ein fredag kveld. Då slit kraftselskapet i Fredrikstad. Dette vil skje her i fylket også. I framtida vil ein måtte betale meir for krafta om ein ønskjer å nytte kraft i pressperiodar. Er du villig til å flytte straumbruken din til andre

tider blir den billegare. Alle må bidra, og kunden kjem nærare kraftselskapet. Slik blir framtida. Det kjem ikkje ei enkelt løysing på kraftbehovet i framtida, men eit mangfald av løysingar og tilbod som spelar saman, seier Behrens. – Ein ting som er på veg, er at kunden sjølv skal vere med og regulerer kraftbruken sin, via ny målarteknologi i heimane – AMS-målarar – ein avansert straummålarar, kopla opp mot ein database. Dei registrerer løpande data frå heimane, som gjev forbrukar høve til å sjølv regulere straumbruken sin, og opnar for nye tenester til forbrukarane på sikt. Målarane minnar om fellesmålarar som ein har i enkelte burettslag, men er langt meir avanserte, seier han, og fortel at meir bevisst forbruk av kraft, og kor tid ein nyttar den, blir viktig. Vasskraft er framtida // – Framtida er elektrisk, seier Osvoll. – Og vasskraft vil vere ein del av miljøløysinga på framtidas kraftbehov. Vasskraft er lett å regulere, er fornybar og har store miljøfordelar i høve anna teknologi. Vasskraft har fortrinn i høve sol- og vindkraft. Vatn er 1000 gongar tyngre enn

luft, og treng såleis mykje mindre areal for å produsere kraft enn vindkraft, og infrastrukturen i eit vasskraftverk har nær uendeleg levetid. Krafttunnelane er den store kostnaden i eit vasskraftverk. Desse ligg i fjell, og lever evig. Slitedelar i kraftverket representerer ein liten del av kostnaden. Ei vindmølle har til samanlikning maksimalt 25 års levetid. – Vasskraft er på eit veldig modent nivå, og representerer varige verdiar. Dei som eig desse verdiane bør tenkje over dette når dei skal styre investeringane sine. Vi ser døme på at nokre kommunar er villige til å kvitte seg med dei, for å klare eit enkelt års budsjett. Det er kortsiktig. Men eigarane av Sunnfjord Energi er i stor grad kommunar, som har interesse av å ha moderne infrastruktur i samfunna sine. Då er det viktig å eige selskapa og linjenettet, for å ha påverknadskraft. Energiverka gjev også stor verdiskaping i lokalsamfunn, og store inntekter til vertskommunen, både i form av eigedomsskatt, konsesjonskraft, utbytte, arbeidsplassar og næringsverksemd, avsluttar Behrens.

100 ÅR I JØLSTRA // 11


Foto // Roy Sunde

Nybrotstider Då Per Storegjerde vart direktør for Sunnfjord Energi 1. januar 1994 var kraftbransjen i ei brytningstid. Den nye energilova av 1990 hadde snudd om på alt.

Namn: Per Storegjerde Alder: 70 Yrke: Pensjonist Kommune: Førde/Naustdal Rolle: Direktør i Sunnfjord energi 1994-2008.

12 // 100 ÅR I JØLSTRA

– PÅ 80-TALET leia Einar Hope, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøgskule, ei gruppe som på førespurnad frå myndigheitene utarbeida eit opplegg for ein marknadsbasert kraftmarknad. Det låg til grunn då dåverande olje- og energiminister Eivind Reiten la fram forslag til ny Energilov i 1990. Før energilova møttes dei gamle, sindige kraftverkstyra og direktørane ein gong i året, la fram ønskjer om investering og fastsette kraftprisen for neste år. Den nye lova braut monopolet. No kunne mindre aktørar levere kraft til linjenettet. Det skapte høve, men også ulukke for mange. Den verste ser ein i Troms Kraft, som tapte milliardar. Kraftbransjen er eit samansurium av offentlege og private samarbeid, seier Per Storegjerde, og fortel om den nye røynda. – Vi måtte tilpasse oss den nye røynda. Noko av det første dei mange kraftselskapa gjorde var å tilsette marknadssjefar og konsulentar. Den nye kraftmarknaden opna høve for enkelte å tene store pengar på kraft. Når nokon tener stort, er det andre som tapar pengar. Mange av marknadssjefane hadde gått på skule og lært børsspekulasjon, som dei gamle e-verksjefane ikkje hadde peiling på. På 90-talet vaks det fram «kraftoligarkar», som vart mangemillionærar. I Sunnfjord tapte vi heldigvis ikkje ei krone på slikt, slår han fast. – Energiverka skulle bli aksjeselskap og slått saman til større einingar. Her vart det vedteke at Sunnfjord Energi skulle slåast saman med Svultingen, Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk, i 1997. Ein fordelte aksjekapital i det nye selskapet ut frå folketal i kvar eigarkommune. Før aksjeselskapa kom hadde ein ikkje høve til å ta utbytte. Vedtektene slo fast at overskot skulle gå til nyinvesteringar. Men i aksjeselskap har ein høve til utbytte, og då vart eigardelane i selskapet verdt noko. Mange kommunar selde delar av aksjane dei fekk. 100 ÅR I JØLSTRA // 13


Pionerar // Som leiar av Sunnfjord Energi hamna han midt i den nye bølgja av småkraftverk på 90talet. – Den nye småkraftverkbølgja i Norge byrja i Haukedalen. Sommaren 1993 vart eg invitert dit, av Gunnar Jan Gjerland. Han og naboen hadde bygd kvar sitt kraftverk, som forsynte dei to bruka og ønska å utvide og levere til nettet når dei hadde straum til overs. Dette hadde dei ikkje fått lov til før, sjølv om endringa av lova opna for slikt. Eg møtte dei, og sa: – Klart vi skal ta i mot straumen de lagar. Det gav nettgutane våre utfordringar. Det elektriske utstyret vi omgir oss med er følsamt for variasjon i frekvens og spenning i elektrisitetsnettet. Det som skal innpå nettet må vere nøyaktig. Den gongen fanst det lite erfaring med kva krav til teknisk utstyr som måtte til for påkopling av småkraftverk. Det gjekk ikkje liv i prosessen, men det var nære på. Under ei mørklegging i Haukedalen stengte vi straumforsyninga, og sende folk for å sjekke nettet. Men småkraftverka gjekk for fullt, og det var straum i linjene. Heldigvis var lukka betre enn forstanden, smiler han. Etter kvart såg mange fallretteigarar høvet til utbygging. 14 // 100 ÅR I JØLSTRA

– Nokre av dei nytta tidleg høvet og bygde sjølve, medan andre let seg lokke av rosenraude kontraktar frå pågåande utbyggarar, og nokre har hamna i ulukka som resultat. Sunnfjord Energi var ikkje frekke og pågåande seljarar. Vi var audmjuke, og lokka ikkje med gull og grøne skogar, som mange andre, seier han. – Og eg veit ikkje om nokon bransje der det offentlege har røva til seg større verdiar frå private grunneigarar enn i kraftbransjen. Grunneigarar får ikkje lenger høve til å vere med på større utbyggingar. I motsetnad til jakt- og fiskerettar, som ikkje lenger kan skiljast frå ein eigedom, må fallrettane overførast til offentleg eigde selskap for å få konsesjon. Dei kan ikkje lenger leigast ut. Politikarane skuldar på EU-krav, men det er feil. Denne endringa kom for berre få år sidan. Ikkje kan dei sitte med eigardelar heller. Då tek formueskatten knerten på dei etter ein merkeleg kapitaliseringsregel, som berre skattefolk og revisorar kan forstå. Slik reglane er no må grunneigarar berre nøye seg med å eige i og drive små kraftverk. Såg moglegheiter // Sunnfjord Energi har heile tida vore på utkikk etter moglegheiter til nyskaping. – Det irriterer meg at ikkje lokalpolitikarar skjønar at om det skal bu folk i dette landet, så må vi tene pengar på eit eller anna. Elles går det ad undas. I det biletet bør kraftverka bidra. Sunnfjord Energi sitt motto er at energiverka skal vere ei lokal drivkraft. Vi skal levere straum, men også ta initiativ og støtte bedrifter som dukkar opp, og kan bli til noko. Eit døme er Enivest, som no har 40 tilsette. Det byrja med at kraftselskapa i Norge gjekk saman i selskapet Enitel, for å bygge ut eit nasjonalt fibernett i straumnettet. Eg trudde Enitel ville bruke høvet til å levere internett i lokalsamfunna våre. Men så fort fiberen hang på stolpane våre byrja dei å snakke om 2. og 3. generasjonsmobiltelefoni, og skulle tene pengar i sentrale strok. Dei brydde seg ikkje om oss. I rein protest danna vi Enivest, for å bygge ut fiber og internett lokalt. Etterkvart pusta Enivest Telenor i nakkehåra, slik at dei fekk farta litt opp her i fylket også. No samarbeidar dei om å bygge ut fibernettet. Eg hadde aldri trudd Enivest skulle bli så store. Vi brukte å kalle dei ungdomslaget. Dei er utruleg flinke, har stått på som berre det, og har blitt ein reell konkurrent til dei store. Men eg blir provosert når ein snakkar om 4.generasjons mobilnett, utan å ha tilby vanleg mobildekning alle stadar det bur folk fast her i landet, seier han og går vidare. – I gamle dagar var det nokre vindmøller i ytre delen av forsyningsområdet. Når den nye vindmøllebolken kom, heiv vi oss rundt som første elverket her i fylket, og starta vindmålingar i Solund og på Lutelandet. Begge plassar var forholda gode, men i Solund vart det eit styr når konsesjonssøknaden skulle handsamast. Slik forholda ser ut no, blir det

Tidlegare direktør i Sunnfjord Energi, Per Storegjerde, ved kraftstasjonen i Brulandsfossen. – Eg har sterk tru på framtida til vasskraft, seier han. Foto // Roy Sunde

Eg veit ikkje om nokon bransje der det offentlege har røve til seg større verdiar frå private grunneigarar enn i kraftbransjen

Rasjonalisering // – Når kraftverka skulle slåast saman dukka ordet rasjonaliseringsvinstar opp. For oss vart dette utrekna til 10 årsverk. Det er aldri kjekt å seie opp folk, så vi valte ein annan veg, og vart ei entreprenørbedrift: Vi rekna anbod og tok oppdrag for andre aktørar, som Statkraft. Det gjekk så bra at vi aldri sa opp nokon. Tvert om tilsette vi fleire. Berre ein person i desse tre selskapa måtte flytte oppmøteplass, men mange måtte endre arbeidsoppgåver. Dei tilsette i Sunnfjord Energi har hatt ei fantastisk evne til tilpassing, og stor interesse for det vi driv med. Styresmaktene byrja også å måle det dei kalla effektivitet, som hadde lite å gjere med det som folk flest oppfattar med ordet. Det kom ei hærskare av nye krav, som førte til at det ytre apparatet, der selskapet både tener kundane og pengane, måtte reduserast, mens det indre, administrasjonen, vaks. Som el-verkssjefen i Hornindal sa: – Du snakkar om effektivitet. Før var vi tre mann ute, og ein inne. No er det omvendt. Det kallar eg ikkje effektivitet! – Kva var dei største utfordringane i di tid som leiar for Sunnfjord Energi? – Eg føler ikkje vi hadde nokre store utfordringar. Vi hadde ei fantastisk tid og oppnådde mykje. Eg prøvde å drive leiaroppdraget mitt med mottoet: Walking, talking, smiling and no writing. Mange leiarar stenger seg inne og skriv direktiv, det blir feil for meg. Og eg irriterer meg grenselaust over alle desse leiarkursa og seminara rundt omkring. Og ikkje minst leiarar som snakkar om sine tilsette: Det heiter våre tilsette, seier han.

ikkje bygd fleire vindmøller i Norge utan endring i støtteordninga. På Lutelandet førte målingane til at selskapet støtta den politiske prosessen med å føre landstraum til Gjøaplattforma. Det førte ikkje fram, sjølv om eit samla Storting var for. Så Statoil måtte, for å sleppe klagehandsaming som dei ville tapt, ut med pengar til høgspentframføring frå Hålandsfossen og midlar til planering og kaibygging på Lutelandet, seier han og held fram. – Fjernvarme, først og fremst i Førde, har Sunnfjord Energi greia ut fleire gongar siste 15 åra. Det er no gjeve konsesjon på eit fjordvarmeanlegg som gjev varme om vinteren og kjøling om sommaren, seier han og fortel at selskapet tidleg kasta seg på elbilbølgja. – Vi kjøpte den første elbilen i fylket for rundt ti år sidan. Den var populær hos våre tilsette. Dagen vi fekk den var dåverande marknadssjef i selskapet ivrig på å køyre bilen. Og inviterte ein Firda-journalist med på tur. Elbilar køyrer gratis gjennom bommar, så som eit spit til meg, som var styreleiar i bomselskapet Naustdalstunnelen AS, ville dei teste dette. Dei la spente i veg, men når dei kom til bommen berre smilte jenta i bomstasjonen og slapp dei gjennom. Det hadde dei ikkje venta, ler han. – Då vi fekk elbilen snakka ingen om offentlege ladestasjonar. Dei kom for 3-4 år sidan. Liv Signe Navarsete gav statsbevilling til ladestasjonar for elbilar, som var så romslege at det var rein vinst å bygge dei. Vi heiv oss rundt og bygde 48 ladepunkt i våre sju forsyningskommunar. Ein konsekvens av energilova // – Før den nye energilova var Norge delt inn i om lag 20 område, med forsyningsplikt. Denne fungerte slik at kraftverka i kvart område hadde plikt til å kunne levere nok straum frå eigne anlegg til allmenn forsyning, sjølv i turrår. Med berre vasskraftverk, der nedbøren varierer pluss/minus 20 prosent frå år til år, måtte ein ha vatn på lur. Dette kalla ingeniørane for turvande reservar. Økonomane fann ut at det var eit kraftoverskot som kunne flyttast. Og i fall turrår kunne ein importere frå utlandet. Dette førte til at dei store kraftutbyggingane stoppa opp. Politisk vart det uttala at den tida var forbi. Men forbruket berre auka, trass alle Enøk-tiltak. Skal opplegget

fungere, krev det eit linjenett med stor nok kapasitet. Det har ein ikkje. Difor ser ein no ei kraftig opprusting av dei grove linjene, kalla sentralnettet. Politisk har ein vedteke at linjeleiga i sentralnettet skal vere lik over heile landet. Slik er det ikkje. Mellom anna skal krafttap i nettet betalast til marknadspris av den som gjer seg bruk av det. Dermed må den som har dei dårlegaste sentralnettslinjene i periodar betale 5-6 gongar sentralnettstariffen. Staten tek og ut store overskot, så mange selskap hadde ikkje lenger kapital til nyinvestering. Mange stader vart det bråstogg på linje- og kraftutbyggingar. Ein fungerande marknad må ha logistikken på plass, men etter 45 år med nasjonal dugnad for å bygge nett og gje heile landet straum, klarte ein ikkje å halde nettet ved like. Det var ei skam, seier han. Satsa og vann // Sunnfjord Energi gjekk andre vegen. – Vi tok fylkets høgaste nettleige, lånte pengar og brukte det til å fornye nettet vårt, som var dårleg mange stader og gav overføringstap og mange linjeutfall. Vi investerte i nett som om vi var galne, ler han, og i ny produksjon. Sunnfjord Energiverk dekka Jølster, Naustdal, Gaular og Førde, og hadde ein produksjon på 50-60 GWh, medan kraftbehovet var 250 GWh i året. Gjennom samanslåingar og utbygging av blant anna Fossheim Kraftverk, Mo Kraftverk og Kjøsnesfjorden Kraftverk, kom årsproduksjonen opp i 500 GWh i året. I dag er kraftforbruket i dekningsområdet på 350 GWh, så i normalår er Sunnfjord Energi no netto eksportør av kraft, seier han, og fortel at han har sterk tru på framtida til vasskraft. – Eg merkar meg at saueflokken spår låge kraftprisar framover grunna utbygging av sol-, vind og atomkraft i Europa. Det trur eg ikkje på! Sol- og vindkraft er sterkt subsidiert. Det treng ikkje vasskraft å vere. Grøne sertifikat for vasskraft er heller ikkje naudsynt. Det gjev ein meirpris for forbrukaren, og større inntekter til statskassa. Over 60 prosent av det du betaler for straum ender der. Min spådom er at når Europa blir lei av å subsidiere sol- og vindkraft får vasskraft frå Norge tilbake sitt gamle prisnivå.

100 ÅR I JØLSTRA // 15


24 år med småkraftutbygging

Namn: Ivar Sægrov Alder: 72 Yrke: Pensjonist Kommune: Jølster Rolle: Tidlegare overingeniør, seniorrådgjevar og fungerande regionssjef i NVE.

16 // 100 ÅR I JØLSTRA

– EG JOBBA I NVE då småkraftbølgja kom på 90talet, og var involvert i ein stor del av alle saker NVE har hatt på småkraftverk på Vestlandet fram til 2010, seier Sægrov, som eigentleg var utdanna til forvaltaragronom, med plan om å ta over garden i Jølster og bli bonde. I staden vart det tileggsutdanning på Landbrukshøgskulen i Ås, utdanning innan administrasjon og leiing, og spesialkurs i vassdragsrett, følgt av sju år på Fylkeslandbrukskontoret i Førde. Så fekk han jobb i NVE i 1977, der han vart karrieren ut. Dei søkte ein tilsynsmann som skulle følgje kraftutbygginga i Aurland, med kontorstad på regionkontoret til NVE i Førde, som dekker Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, og Hordaland. – Der jobba eg med tilsyn og oppfølging på dei store kraftutbyggingane på Vestlandet frå 70-talet og framover. Eg har lært kraftbransjen godt å kjenne etter 37 år.

parallelt med utbygging av linjenett, for å sikre meir stabil kraftforsyning. – Var det ei tid prega av konfliktar, når små kraftverk vart fasa ut til fordel for store? – Nei. Folk trengte kraft. Småkraftverka var ikkje i stand til å sikre stabile leveransar av nok straum. Så grunneigarane gav grunn til linjenettet utan kompensasjon, eller protest. Dei såg dette som positivt, det ville sikre lokalsamfunna straum. Store utbyggingar var og er kapitalkrevjande. Grendene makta ikkje å byggje ut sjølv. Dette var ei naturleg og gradvis utvikling frå 2. verdskrig. Det var nok meir konfliktar i dei små kraftverk, mellom grunneigarane og falleigarane. Vassdragslova, frå 1941, spegla situasjonen, med detaljerte reglar i høve til korleis ein skulle regulere rettane til dei som hadde fallrettar for å sikre deira interesser, og aktuelle prosedyrar for å gjennomføre utbygging i tilfelle der det var usemje mellom falleigarane.

Mange små // Småkraft er ikkje eit nymotens fenomen. – Frå 1. verdskrig og framover var småkraftverk vanleg i bygder på Vestlandet. Grender gjekk saman om småanlegg for å forsyne grenda med straum. Naustdal hadde på 50-talet rundt 60 småkraftverk, med lokale smånett, fortel Sægrov. – Så auka kraftbehovet. Dei små verka var ustabile, leverte lite og var ikkje råd å knytte saman. Det var også større kraftverk som leverte til nærområdet, som Brulandsfossen kraftverk i Førde, og Svultingen, eit interkommunalt selskap i ytre Fjordane. Høyanger, Årdal og Svelgen hadde tidleg store kraftverk. På 50-talet kom det fleire større selskap, gjerne kommunale og etterkvart fylkeskommunale,

Debatt om ny energilov // Tida frå 60-talet var prega av store kraftutbyggingar på Vestlandet og småkraftverka vart fasa ut. – På 80-talet byrja sterke politiske diskusjonar rundt ny energilov. Då var kraftprisen i stor grad fastlagd av myndigheitene, og prisen på kraft i det vesentlege lik over store område. Nokre ville ha frislepp og ein friare kraftmarknad, andre framleis streng politisk styring. Statssekretær i Olje- og energidepartementet frå 1986-89, Astrid Nistad, var sentral i debatten, og sto for sterk offentleg styring. Så vart Eivind Reiten olje- og energiminister. Han er spesielt knytt til energilova av 1990. Den liberaliserte kraftmarknaden innførte eit marknadsbasert system for kraftpris og lovfesta reglar, som

Foto // Roy Sunde

Ivar Sægrov har følgt utviklinga i kraftbransjen tett gjennom eit langt yrkesliv i NVE, og med det dei siste 24 åra med småkraftubygging.

100 ÅR I JØLSTRA // 17


Ei ny bølgje med småkraftverk // Men det tok tid før folk byrja å kontakte NVE for å få avklart om utbyggingar var mogleg å få til. – Det gjekk nokre år før folk «oppdaga» høvet den nye energilova gav. Det var lite debatt rundt dette. Nokre få såg moglegheitene til å hive seg på. Ein del grunderar kom på bana og byrja bygge eigne kraftverk. Det hadde skjedd ei teknologisk utvikling innan turbinanlegg, og ein kunne få tak i slike blant anna frå Italia, Slovakia og Østerrike. Ein del tusenkunstnarar bygde òg eigne turbinanlegg i Norge. Parallelt kom ei ny støtteordning på statsbudsjett, med romslege midlar til oppgradering av kraftverk. I tillegg var det også midlar til bygging av nye kraftverk, som fekk ein del grunneigarar til å satse. Eit døme på eit slikt prosjekt er Fossheim Kraftverk i Jølster. Det var godt med midlar, og gode bevillingar til rådvelde i høve søknadsmassen. Og pionerar på småkraftverk i Haukedalen, blant anna naboane Nils Gjerland og Gunnar Jan Gjerland, var tidleg ute. Dei var blant dei første i fylket som bygde småkraftanlegg igjen. Litt motstand i systemet // Både i forvaltninga og kraftbransjen vart småkraftverka møtt med lunken haldning i starten. – Kraftbransjen var ikkje begeistra for småkraftverka. Dei syntes det var noko herk med småtteriet, seier Sægrov. – Litt det same gjaldt i NVE. Vi jobba stort sett med store kraftverk, og omfattande regulering i større vassdrag , og hadde ikkje laga saksbehandlingsprosedyrar for småkraftverk. Det var utfordrande, og det var ein del debatt om sakshandsaminga skulle desentraliserast til kommunalt nivå. Ein stor del av småkraftprosjekta låg på Vestlandet. Ei ressurskartleiing NVE gjorde tidleg i perioden viste at om lag 50 prosent av Norge sitt potensial for småkraft ligg i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi vart sterkt involvert i saksbehandlinga av småkraftverk og aktiviteten auka mykje på kontoret i Førde. – Kor mykje av det potensialet er teke ut no? – Ein stor del av det er bygt ut, fleire saker er ferdig behandla og mange er i søknadsfasen. Når desse er bygd ut, er nok ein vesentleg del av potensialet, som er økonomisk interessant, teke ut. Men ressurskartlegginga er relativt skjematisk, så det kan ligge større ressursar der enn utgreiinga seier. Ein byrja med veldig små kraftverk, så vart det større og større kraftverk med overgang til dei som blir definert som småkraftverk. Som samleomgrep for mikro-, mini-, og småkraftverk blir alt små kraft-

18 // 100 ÅR I JØLSTRA

verk. Ser ein framover kan det kanskje vere rom for fleire mikro- og minikraftverk. Litt strengare tider // – Er det vanskelegare å komme i gang med eit småkraftverk no enn i starten? – I starten var stemninga veldig positiv, men det har vore eit konstant konfliktområde mellom naturvern og utbygging. I klassisk naturvern er det nok generelt betydeleg skepsis til vasskraftutbygging. I dag synest det å vere slik at NVE i sterkare grad har teke opp i seg ei litt strengare haldning til småkraftverk enn før. Og ein skal jo så godt som råd er ta omsyn til naturen i kraftutbygging: Dempe tekniske inngrep i terrenget, og legge vekt på gode landskapsmessige løysingar. Verknader på landskapet er ei side, vidare har ein dette med økologi og biologisk mangfald. Det er ofte der konflikten no ligg mellom utbygging og naturvern. Kraftverket skal ikkje forstyrre eller øydelegge biologisk mangfald, eller t.d. vere i konflikt med fiskeinteresser. Eit døme er Brulandsfossen kraftverk, der mediebiletet har synt at det i driftssituasjonen har vore betydelege konfliktar med fiskeinteressene. Naturvernsynspunktet er at du skal kunne oppleve den urørte dynamikken i naturen. Der er jo vassdrag eit sentralt element. – Er det råd å bygge ut eit vassdrag utan å komme i konflikt med dette? – Eit vassdrag har ofte svært store variasjonar i naturleg vassføring, som ein ikkje klarar å handtere på same vis med ei kraftutbygging. Men vassdragslova frå 2001 seier at om ikkje elva går tørr naturleg, oftare enn kvart tiande år, har du heller ikkje lov å tørrlegge elva etter ei utbygging, utan at det ligg føre ein konsesjon som gir løyvet til å nytte alt vatnet. I praksis vert det nok ikkje gitt løyve til tørrlegging av elvestrekningar med årssikker vassføring ved nye utbyggingar. Det gjev tryggleik i høve økologi og biologisk mangfald. – Er det for mykje byråkrati knytt til etablering av småkraftverk i dag? – Det er mange instansar som skal meine. Om ein skal desentralisere dette vekk frå staten må ein ha sterkare kommunar, og eg trur nok større og meir robuste kommunar hadde handtert småkraftsøknadar med glans. Det er eit tungt felt med mange impliserte fagområde, der småkommunar ikkje har høve til å ha fagfolk i full breidde. Ein treng fagleg innsikt og tyngde for å gjere dei rette vurderingane. Har ein ikkje folk med nok kompetanse, stansar det av seg sjølv. Det kan og nemnast at det for kraftlinjer blir gitt områdekonsesjon for anlegg med spenning opp til og med 20 kV. Då blir grønt lys for utbygging av lokalt forsyningsnett gitt av det lokale nettselskapet og då eventuelt etter arealplanar godkjent av kommunen. Det er eit lite paradoks, i og med at

Foto // Roy Sunde

Både i forvaltninga og kraftbransjen vart småkraftverka møtt med lunken haldning i starten

sa at så sant det var ledig kapasitet i nettet, skulle produsentar få høve til å levere straum, seier han. – Det var i praksis startskotet for ei ny bølgje småkraftverk.

mange meiner at det for natur og miljø er like mange utfordringar med mange kraftlinjer som det er med små vasskraftanlegg. Grøne sertifikat // – Kva rolle spelar grøne sertifikat for småkraftbransjen? – Miljødebatt, fokus på ny fornybar energi og aktuelle verkemiddel utløyste store forventingar til innføring av grøne sertifikat, som gjev ein tilleggsverdi på elektrisk kraft. Sverige innførte grøne sertifikat i 2003, og då vaks forventingane til at dei skulle komme her også, men ordninga vart stadig utsett og var først på plass i 2012. Dei betyr mykje for dei som blir omfatta av ordninga, fordi kraftpris ut frå kraftstasjon er låg; og ser ut til å bli det framover. Sertifikata gjeld for nye anlegg som kjem i produksjon innan 2020, seier han. Ei utfordring for småkraftverk er å styre produksjonen vekk frå toppane. – Mange av dei har ikkje magasin, og vil køyre for fullt når det er mykje nedbør. Det gjev stort press på nettet når alle produserer mykje på same tid. Det gjer det vanskeleg for dei som sel krafta. Ein veit ikkje alltid kor mykje og lenge det skal regne, så det er krevjande å regulerer kraftsektoren. Det er lettare å regulerer produksjonen når ein har magasin. Småkraftprodusentane må sette si lit til at dei «store», med god magasinkapasitet, aktivt brukar magasina for å utjamne produksjonen over tid. Sårbart // Linjenettet er ei anna svakheit som råkar ein del småkraftverkprosjekt i dag. – Delar av det har ikkje kapasitet til å ta i mot straum frå nye prosjekt, så mange prosjekt ventar no på at nettet skal byggast ut. Mange meinar at det gjekk for lang tid før det kom politiske føringar på styrking og utbygging av stamnettet. Ei styrking

av det er viktig om Norge skal bli ein større aktør på fornybar kraft, via auka eksport, for å bidra til reduserte klimautslepp. Kraftigare linjenett gjer at ein kan produsere meir kraft, og få mindre straumtap i transport. Mykje av linjenettet er gammalt, og orkanen «Dagmar» visste kor sårbart mykje av det er. Når ein veit at det blir spådd meir ekstreme vêrtilhøve i framtida, er det er svært viktig å styrke linjenettet, seier han. – Alt for mange linjer går i tett skog som stadig blir større og i uver med storm ofte fell over linjer. Eg meiner det bør ryddast langt meir enn vi har sett i seinare tid. Dette kjem lett i konflikt med naturomsynet, som helst vil ha så små inngrep som råd, men vi bør tole meir opne felt rundt linjene. Diverre får grunneigarane dårleg kompensasjon for å ta vekk meir skog inn til kraftgatene. Om ein betalar dei betre for å rydde skog rundt linjenettet, ville ein blitt mindre sårbar når stormane rasar. Om ein hadde sagt nei til småkraftverk? // – Kva hadde skjedd om ein ikkje opna for småkraftverk i 1990? – Ein hadde nok ikkje fått utbygging av småanlegga, men hadde truleg fått fleire mellomstore anlegg. Utviklinga ville blitt ei anna, men presset om å levere meir fornybar energi ville vore like sterkt. Vindkraft er eit alternativ, som byr på mange av dei same ulemper og konfliktar som vasskraft i form av naturinngrep. Ein ville nok fått ein skjerpa kamp om å frigje ein del av potensialet i verna vassdrag. – Har småkraftverk ein samfunnsverdi? – Ja. Samfunnet har lagt til rette for utbygging fordi dei ser verdi i dette. Det er brei politisk semje om at vasskraft er ein ressurs som bør nyttast til å styrke næringsgrunnlaget i bygdene, og det er politisk vektlagt at småkraftverk gir eit viktig bidrag til ny fornybar energi. Utbygging av småkraftverk gjev ringverknader i form av arbeidsplassar, med alt frå konsulentar og leverandørar av utstyr, til lokale entreprenørar som byggjer dei. Mange fallrettseigarar har store fordelar av småkraftverk som gjev ei viktig attåtnæring, og bidreg til å oppretthalde spreidd busetnad. Så eg vil påstå at småkraftverk har ein stor samfunnsverdi.

Det har vore eit konstant konfliktområde mellom naturvern og utbygging

” 100 ÅR I JØLSTRA // 19


Småkraftpioneren Då småkraft vart tema på 90-talet, var det eit kjent fenomen for Gunnar Jan Gjerland, som er fødd i 1951, og godt hugsar bestefaren sitt vesle likestraumsverk.

Foto // Roy Sunde

– DEI FØRSTE SMÅKRAFTVERKA i Haukedalen kom like etter 2. verdskrig, fortel Gunnar Jan Gjerland. – Bestefar sitt gav straum til lys i stova og fjøsen, og dreiv ei kokeplate. Det var fire verk på Gjerland i dei dagar, og to på Grøneng. Ustabile greier, som i periodar leverte dårleg spenning. På sommaren fungerte dei greitt, det var verre på vinteren. Og det var mykje arbeid å halde dei ved like. Ein hadde straum til lys og koking, men det var ikkje nett moderne greier. Punkta som var kopla til ytte motstand på generatoren. Hadde du på mykje lys, gjekk effekten på kokeplata ned. Du måtte følgje med på voltmeteret, og regulerer med å slå av og på ting, smiler han. – Primitivt, men eit enormt steg fram i høve oljelamper og vedomn. – Var det spennande med elektrisk lys for de som var ungar? – Ja, men eg var jo fødd inn i det. Det var nok meir spennande for dei som ikkje hadde det heime. Vi hadde ikkje elektrisk lys i alle rom, så vi hadde oljelamper også, som var meir spennande. For dei hadde vi ikkje lov å røre, ler han.

20 // 100 ÅR I JØLSTRA

Namn: Gunnar Jan Gjerland Alder: 63 Yrke: Bonde Kommune: Førde Rolle: Ein av dei første som bygde småkraftverk, og leverte straum til Sunnfjord Energi.

På nett // I 1958 vart Haukedalen kopla på straumnettet, og dei små likestraumsverka fasa ut. – Mykje av straumnettet i Norge vart bygd ut etter 2. verdskrig. Filosofien var å gjere det så billeg som råd: lange strekk og tynne linjer. Så på 80-talet var mykje av linjenettet i dårleg stand. I Haukedalen var det dårlege greier om vinteren, med snø på linjene og mykje utfall. Det var knapt ei veke utan brot. Vi kunne vere utan straum i dagevis, og det gav 100 ÅR I JØLSTRA // 21


Den viktige velvilja // Så kom den nye energilova i 1990. – Mitt anlegg vart innhenta av tida, men det gjekk nokre år før eg gjorde meir ut av det. Folk såg ikkje inntektspotensialet i den nye lova før rundt 1992/93. Både eg og naboen, Nils Gjerland, byrja snakke om større minikraftanlegg i 92, seier han. – Skal ein levere kraft er ein avhengig av velvilje frå netteigaren, for oss Sunnfjord Energi. Vi gjekk i møte med dei, for å høyre om dei ville kjøpe kraft frå oss. Dei var skeptisk. Dåverande e-verkssjef, Odd Nes, sa: – De kjem og vil selje kraft til oss? Det er vi som skal selje kraft til dokke! Han hadde motførestillingar, blant anna på tryggleiken til nettfolka deira, og var motvilleg. Det synet spreidde seg til resten av selskapet. Vi kom ut av møtet nedslåtte og litt deprimerte. Men det hadde kome ei stortingsmelding som peika på den store energiressursen i gamle, nedlagte kraftverk. Eg ringte Olje- og energidepartementet, og fortale dei om møtet med Sunnfjord Energi: – «Du får gje dei litt tid, så dei får sette seg inn i dette. Vi skal få det til.» Dei var optimistar, seier Gjerland, og fortel at dei tok opp igjen kontakten og la saka fram på nytt då Per Storegjerde kom inn i Sunnfjord Energi i 1993. Eg fortalte kva vi tenkte å gjere, og så tok Storegjerde ordet: – Vi kjøper straum i marknaden, så vi kan like gjerne kjøpe av dokke. Så lenge det tekniske er i orden, og anlegget blir godkjent. – Han var positiv, og det spreia seg i selskapet. Ting gjekk i orden. Vi forhandla pris og kontraktar, 22 // 100 ÅR I JØLSTRA

og byrja å levere i 1994. Eg og Nils kom på nett på same tid, han med eit nytt anlegg, medan eg utvida mitt gamle med nye maskiner. Det byrja å røre seg rundt om i landet på småkraft og haldninga var ei heilt anna. – Var det vanskeleg å komme i gang? – Nei, men det var nybrotsarbeid, som ein ikkje var heilt fortruleg med. Simens planla anlegget og Sunnfjord Energi tok seg av det praktiske. Det gjekk stort sett utan problem. Utvida // Første småkraftverket var på 35kW, som han stegvis utvida. – No er kraftverket på 200 kW, med lenger fall og røyrgater, og leverer 690 volts straum. Om eg skulle laga større måtte eg ha gått over i høgspentnettet, som krev 22000 volt. Då måtte eg bygd eit mykje større kraftverk, samt ein kilometer med høgspentlinje. Det hadde medført store kostnadar. Vassdraget her er freda vassdrag, med krav til minimumsvassføring og avgrensing i kor mykje du kan ta ut. Eg brukar så lite av vassføringa at eg produserer jamt året rundt. Då får du og betre pris på krafta, og eg er nøgd med det eg har, fortel Gjerland. Han gjekk inn som kraftleverandør med små forventingar til pris. – Den uregulerte krafta var ikkje verdt mykje før energilova. Eg vart førespegla nokre få øre per kWh, men første kontrakten var på 13 øre per kWh. Det meinte eg var ein fantastisk god pris. Første året eg dreiv var eit relativt tørt år i kraftbransjen, så prisen fauk over 30 øre per kWh, og medieinteressa for småkraft tok av. TV2 var her og laga reportasje. Det vart sagt at straumprisen aldri skulle under 20 øre igjen! Sommaren etter leverte eg til 2 øre per kWh. Så det svingar. I fjor var snittprisen 27-28 øre per kWh, men eg har hatt år med 41 øre per kWh. Eg leverer 1,5 GWh i året, (forbruket til 75 hushald), så inntektene på verket ligg mellom 300.-500.000 i året, seier han. – Du sa du hadde eit uanstendig forhold til straum når du laga berre til deg sjølv. Endra det seg når du byrja å levere til marknaden? – Då byrja eg å fyre med ved igjen, ler han. – Då fekk jo straumen ein verdi! Og eg slutta med å ha varmeomnen på i garasjen om sommaren. Ville samarbeide lokalt // I utgangspunktet kunne han levert kraft til kven som helst. – Eg har alltid levert til Sunnfjord Energi, ut frå ein filosofi om at eg ynskjer å bruke lokale alternativ. Kanskje kunne eg tent eit halvt øre per kWh på å levere til andre i blant, kanskje ikkje. Men i blant treng eg å spørje dei om noko, og då er det greitt å ha eit forhold. Dei har alltid stilt opp på kort varsel om det har vore noko, så etter at Storegjerde kom har vi hatt eit godt forhold. Det har vore nokre tak

Foto // Roy Sunde

bøndene problem. Både mjølkinga og lagringa av mjølka kravde straum. Ein måtte ha dieselaggregat, eller traktoraggregat for å klare seg, fortel han. – Eg hadde rikeleg med vatn med bra fall i, og tenke at det måtte gå å lage eit lite kraftverk, som kunne levere til garden. Dette var i 1988-89. Ein kunne ikkje levere straum til nettet. Likevel hoppa han i det. – Eg kom i kontakt med ein kar som jobba med energi i Nordsjøen. Han hadde planar om å lage små kraftverkanlegg. Eg kjøpte eit, som kom i drift i 1990-91, på 35 kW med eigenregulering etter forbruk. Vintertid, med høgt forbruk, takla anlegget greitt. Om sommaren, når straumbruken gjekk ned, takla det ikkje reguleringa det. Jo meir eg brukte, jo betre fungerte det. Eg kunne ikkje selje overskotet, så løysinga var å bruke mykje straum om sommaren. Å bruke 35 kW i eit hus på varme sommardagar er ikkje lett. Men eg hadde ein 10 kW varmeomn på i garasjen for å halde reguleringa i gang. Ein håplaus måte å bruke straum på, ler han. – Eg fekk eit uanstendig forhold til straum.

om tariffar og prisar i åras løp, men det er jo rein forretning. Dei må ta i vare sine interesser, og eg mine, seier Gjerland, og fortel at han også har hatt eit godt forhold til NVE. – Ivar Sægrov var sentral i høve det formelle. Han var viktig for småkrafteigarar og veldig positivt til småkraft. Det smitta over på heile NVE. Han var genuint interessert i småkraft og såg potensialet. Det var det ikkje alle som gjorde. Eg minnast ein gong eg var innom, og han var litt oppskjørta etter ein intern debatt om småkraft på NVE. Nokre av dei meir skeptiske til småkraftverka hadde sagt at dette var noko grunneigarane gjorde berre for å tene pengar. Som han sa: – Det er vel berre vel og bra at dei tener pengar på dette i bygdene! Han gjorde mykje for småkraft. På 90-talet organiserte han blant anna synfaring her på garden, for hovudkontoret til NVE. Generaldirektøren i NVE, Erling Diesen, kom med eit heil busslast og var her ein halv dag for å sjå på kraftverket. Gode tider // Mot slutten av 90-talet byrja ein god epoke for småkraftverk. – Eit år var småkraft tema for bygdenæringsdagane i Stardalen på Jølster. Per Storegjerde haldt føredrag, og Ivar Sægrov frå NVE, Sparebanken Sogn og Fjordane snakka om finansiering. Eg skulle halde foredrag om praktisk erfaring med småkraftverk. Det møtte opp kollossalt med folk, den vesle salen var fylt med fleire hundre frammøtte. Det var reine hallelujastemninga. Etter det tok småkraft av på Jølster og i Gloppen, seier han. Og som ein av pionerane vart det mange telefonar frå folk som ville byrje sjølv. – Det var mykje mediefokus ei tid. Då ringte folk frå heile landet. Ei tid var det så ille at kona min bad meg stenge telefonen etter klokka 20, det gjekk ikkje lenger, seier han.

Det er framleis stor interesse knytt til småkraftverk, men ikkje som for nokre år sidan. – Interessa er der, men eg trur det har bikka litt over no. I dag held dei grøne sertifikata liv i bransjen. Siste utbygginga eg gjorde kosta meg 90 øre per kWh. No kostar ei utbygging 3-4 kroner per kWh. I dag har ein høge utbyggingskostnadar, og lågare straumpris, som nok hadde ført til at dette stogga opp om ikkje ein hadde grøne sertifikat. Dei er nesten eit vere eller ikkje vere for nye prosjekt. Og aukande kraftmengde pressar prisen ned. I dag er det rikeleg med straum i marknaden. Fram til 2010 tente ein meir. I 2009-10 hadde eg inntekter på kraftverket på 50.-60.000 kroner i månaden. Nivået er nok sunnare no.

– I starten var det slik at eigenreguleringa ikkje takla overskotet av straum eg produserte, noko som førte til at eg fekk eit uanstendig forhold til straum, seier Gunnar Jan Gjerland.

Fridom og næringsgrunnlag // – Kva har småkraft betydd for deg som bonde? – At eg kan vere bonde utan å måtte ha andre inntekter, og kan drive med det eg sjølv vil. Eg hadde nok vore bonde utan småkraft, men måtte truleg hatt jobb utanom også. – Og no kosar du deg når regnet høljar? – Med tida får ein eit avslappa forhold til dette. Eg brukar så lite av vassføringa at eg har stort sett alltid nok vatn til jamn produksjon. Så eg set no i grunn mest pris på godvêr, seier han. Gunnar Jan er 63 år gamal, og har fem born. Han reknar med at garden kjem til å bli driven vidare når han ein dag gjev seg. – Eg driv med ammekyr, sau og vatn. Det er min filosofi. Det eg har mest av er vatn og utmark, så då må ein nytte seg av det. Kraftverket gjev ei god, stabil inntekt, så det ville vere rart om ikkje dei tok over. Utan krafta ville det ikkje vore like interessant. Eg skal bygge nytt driftsbygg, til rundt tre millionar. Utan kraftverket hadde det vore uaktuelt.

100 ÅR I JØLSTRA // 23


500 GWh småkraft Øya Kinn er kanskje ikkje det du tenkjer på når ordet småkraftverk dukkar opp. Men, ein av innbyggarane, Hermod Seim, har hatt handa på rattet på rundt 70 småkraftutbyggingar dei siste 17 åra, to av dei i Jølstravassdraget.

24 // 100 ÅR I JØLSTRA

KARRIEREN SOM vasskraftutbyggar starta hos Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) i 1972 med bygging og planlegging av store kraftverk, blant anna Åskåra i Bremanger og Mel Kraftverk i Balestrand. Men på 90-talet vart utbyggingsaktiviteten mindre og Jens Stoltenberg sa i nyttårstalen i 2001 at dei store kraftutbyggingar si tid var over. Eit småkrafteventyr // Så dukka det opp eit par grunneigarar som ville bygge to små kraftverk. Og Seim var i gang med småkrafteventyret. – På den tid var kraftprisane rundt 13 øre per kWh, og det var så vidt det gjekk rundt økonomisk. Det var om å gjere å bygge så billeg som råd. Bankane var lite interessert i å yte lån, men Sparebanken Sogn og Fjordane vart med. Det kom stadig fleire grunneigarar og ville bygge småkraftverk, blant andre nokre frå Jølster. Det vart så omfattande at eg måtte redusere til halv stilling ved SFE. I 2003 hadde eg så mange småkraftprosjekt at eg slutta i SFE etter å ha jobba der i 31 år. Det var kjekkare å lage småkraftverk enn å flytte papir, smiler han og fortel at det fort balla på seg. – Eg har vore involvert i 60-70 småkraftverk på Vestlandet, flest i Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre. I Sunnfjord Energi sitt dekningsområde har det blitt utbygt 12, og det er gitt konsesjon til eit par prosjekt som ventar på nettkapasitet. Dei utbygde kraftverka har ein samla årsproduksjon på

Foto // Roy Sunde

Namn: Hermod Seim Alder: 68 Yrke: Tidlegare ingeniør i SFE. No sjølvstendig næringsdrivande Kommune: Flora Rolle: Jobba tidlegare med utbygging av store kraftverk i SFE. Men dei siste 17 åra har han vore sentral i utbygging av mellom 60-70 småkraftverk på Vestlandet.

100 ÅR I JØLSTRA // 25


Lite byråkrati i starten // – I starten var det mykje mindre byråkrati med søknader og godkjenning. Det tok gjerne berre eit par år frå ein tok til med eit prosjekt til det sto ferdig. Det starta gjerne med eit forprosjekt og heldt fram med konsesjonssøknad, prosjektering med anbod og kontraktar, bygge- og prosjektleiing og litt oppfølging i drifta. På det meste bygde eg seks kraftverk i året. Ut over 2000talet kom det stadig fleire fallretteseigarar, og det største problemet vart å halde dei unna. Eg måtte seie nei til halvparten. Det toppa seg i 2005/06 etter at kraftprisen steig til 40-50 øre per kWh. Då var det nærast Klondyke-stemning og konsesjonssøknadene strøymde på til NVE. Dei hadde alt for liten kapasitet, slik at handsamingstida gjekk opp til fire-fem år. Så gjekk det nedover. No er byggeaktiviteten liten. Det er over 300 prosjekt som har konsesjonar, og er klare til å byggjast ut, men søkjarane torer ikkje å gå i gang grunna låg kraftpris og høge byggekostnader. Og den omfattande småkraftbygginga har medført at linjenettet er sprengt mange stader, og mange utbyggingar må vente på forsterking av nettet. Nokre blir millionærar // Lønsemda i småkraftbransjen er variabel og svært avhengig av kraftpris og byggekostnad. – Ein del har blitt kraftmillionærar, spesielt blant dei som bygde tidleg og fekk med seg dei gode åra. Andre slit økonomisk grunna høge byggekostnader, spesielt dei som bygde før ordninga med el-sertifikat. Dei som får slike sertifikat får eit pristillegg på ca 15 øre per kWh, slik at dei ender på rundt 40 øre per kWh no for tida. Sertifikatordninga er tidsavgrensa og gjeld berre for dei kraftverka som er ferdigbygd før 2021, seier han og fortel kva som kjenneteiknar eit godt prosjekt. – For å få til eit godt kraftverksprosjekt må dei naturgitte føresetnadane vere på plass. Det må vere bra med vatn i elva, fallhøgda må gjerne vere 100300 meter og terrenget må ikkje vere for ulendt, osv. Med dagens rammevilkår er det svært få småkraftverk som er lønsame utan el-sertifikat, i alle høve for private utbyggarar, seier han. Eit småkraftverk som er godt planlagd og utført er enkelt å halde i drift i høve til tidlegare tiders småkraftverk. – Anlegga er fullautomatiserte og styrer seg sjølv. Du kan i praksis ligge på stranda i Syden og følgje med kraftverket på PC’en og styre anlegget derifrå. Dei fleste har avtale med leverandør om årleg service og online backup. Skjer det noko kan dei gå inn via internett og feilsøke. Det er lite feil på anlegga,

26 // 100 ÅR I JØLSTRA

oppstår det noko, har det som regel samanheng med feil på linjenettet. Dagens småkraftverk er meir avanserte enn dei store kraftverka vi bygde tidlegare.

utbygde, og ein må rekne med at både miljø- og byggekostnader vil auke. Dette vil medføre at det vert vanskelegare å få konsesjon og at fleire prosjekt vert ulønsame. I enkelte område, som Jølster og Gloppen, er det svært få gode småkraftprosjekt att, seier han.

Sunnfjordingar blir einige, møringar kranglar // I eit vanleg småkraftprosjekt er det gjerne mange grunneigarar og fallrettseigarar. – Der utmarka ikkje er utskifta kan heile bygda vere med på prosjektet, som til dømes på Folkestad i Volda. Der var det 37 fallrettseigarar og aksjonærar i eit lite kraftverk. Ofte er fallrettane ulikt fordelt: Nokre få eig mykje, andre berre nokre promille, og det kan vere problematisk å semjast om utbygging. I tidlege år måtte eg ofte fungere som meklar og fordele fallrettar og eigardelar. I seinare tid går dei fleste prosjekta til jordskifteverket, som fastset eigedomsgrenser, måler høgdemeter og fordeler fallrettar. I ein del saker har jordskifteverket si avgjerd blitt anka både til lagmannsretten og til høgsterett. Det er tidkrevjande og kan forsinke utbygginga i årevis. Når kraftprisen var på det høgste vart det mange «slåsskampar» om fallrettar, seier Seim og fortel om geografiske skilnadar. – Sunnmøringane protesterer på det meste. Sunnfjordingane er meir sidrumpa, snille og greie. Felles for dei fleste småkraftbyggarar er at dei er flinke til å søke informasjon og sette seg inn i sakene, men dei er også lette å påverke med «gode» råd frå useriøse aktørar i bransjen. Framtida // – Korleis ser framtida ut for småkraftbransjen? – Usikker! Vidare utbygging er avhengig av kraftprisen. På kraftbørsen Norpool ligg framtidskontraktane på rundt 25 øre per kWh for uregulert kraft og forstå-seg-på-arane meiner det er dårlege utsikter for særleg stigning, seier Seim og fortel at han er meir optimist. – Eg trur prisen på vasskraft vil stige. Den globale økonomien har vore svak, spesielt i Europa, men er no på veg oppover. Med større økonomisk vekst vil energiforbruket auke. Det er dessutan stor vilje til omlegging til meir miljøvenleg energi, noko som vil medføre høgare pris på den reine vasskrafta. Det er ikkje sikkert det går fort, seier Seim, men eg tippar at om fem til sju år er kraftprisen dobla i høve no. Låge kraftprisar er ein bremsande faktor, og høge utbyggingskostnadar ein annan. – Dei første prosjekta eg var med på kosta rundt ei krone per kWh å bygge. I dag ligg tilsvarande prosjekt på to-tre kroner per kWh. Auken skuldast strengare miljø- og tryggleikskrav og generell prisauke, fortel Seim. Ein annan bremsande faktor vil vere tilgangen på lønsame utbyggingsprosjekt. – Etter kvart har dei beste prosjekta blitt

Det som aldri vart // I SFE var Seim med på planlegging og bygging av mange store kraftverk, også eit som aldri vart noko av. – I 1975 flytta eg til Viksdalen for å førebu utbygginga av Gaularvassdraget, eit kjempeprosjekt med sju store kraftverk og årsproduksjon 1200 TWh, tilsvarande to Alta-kraftverk. Det var søkt om konsesjon etter at fylkespolitikarane hadde sortert på vassdraga i Sunnfjord. Dei vurdert Jølstervassdraget som det mest verneverdige og Gaularvassdraget som best eigna til utbygging. SFE forhandla med Hydro om sal av krafta frå Gaularvassdraget, men aluminiumsprisane gjekk nedover og Hydro forsvann ut døra. Inn kom den nyvalde komiteen for vern av Gaularvassdraget som slett ikkje ville ha utbygging. Eg vart sittande å prosjektere 1. byggesteg (Vallestadfossen I og II) og laga 50 store teikningar og to tjukke bøker med spesifikasjonar medan utbyggingsmotstandarane gjekk langs elva og sette opp verneskilt Vern om Gaula, eller gaul om vern som vi kalla dei. Med aukande forståing for vern av natur og miljø gjekk dette slik det måtte gå. Den tungrodde og politikarstyrde SFE-skuta evna ikkje å navigere i det ureine farvatnet som oppstod og kom alt for seint på bana med reduserte og meir miljøtilpassa utbyggingsalternativ. Gaularvassdraget vart omsider verna i 1993 (Verneplan IV). Som eit apropos: Den mest ihuga motstandaren av utbygginga bygde for nokre år sidan eit småkraftverk i Viksdalens finaste foss, seier Seim og held fram. – Etter fadesen med Gaularvassdraget planla eg Kjøsnesfjorden kraftverk og SFE forhandla med grunneigarane om fallrettane, men her kom Sunnfjord Energi på bana og sikra seg prosjektet. Men vi fekk no bygt ut to mindre kraftverk i Hyen (Sagefossen og Skogheim) og Mel kraftverk i Vetlefjorden, for ikkje å snakke om dei mange store transformatorstasjonane.

Foto // Roy Sunde

” ”

På det meste bygde eg seks kraftverk i året

ca 500 GWh. Første tida var det stor interesse for mikro- og minikraftverk, men dette tok fort slutt og utviklinga har gått mot stadig større småkraftverk.

Ein del har blitt kraftmillionærar, spesielt blant dei som bygde tidleg

– Den globale økonomien har vore svak i Europa, og som ei følgje av det trur eg prisen på vasskraft vil stige, seier Hermod Seim. 100 ÅR I JØLSTRA // 27


Foto // Thor-Aage Lillestøl

– Ikkje sel fallrettane! Rune Nydal frå Holsen har lang fartstid innan småkraft. I følgje han er det fornybar energi som er framtida, og du må ikkje finne på å selje fallrettane.

NYDAL BYGDE SJØLV, saman med naboar, småkraftverk på i Nydalen på Holsen i 2004. Han vert rekna som ein av småkraftpionerane i fylket, og jobbar i dag som konsulent for andre som ønskjer bygge. – Men det var i Haukedalen dei først begynte å spekulere i dette – rundt 1993. Dei kontakta Sunnfjord Energi og ville selje straum til dei. Då lo dei, for det var jo dei som skulle selje straum til kundane, og ikkje omvendt, ler han. I dag er fylket suverent best på småkraft. Sogn og Fjordane toppar klart oversikta over tal småkraftverk – uansett om ein måler i produksjon, effekt eller tal kraftverk i drift. Godt forarbeid // Naboane i Nydalen hadde lite kunnskap om drift av småkraftverk då dei begynte på eit forprosjekt i 2000. Dei kontakta difor Hermod Seim, som jobba som konsulent på feltet. Planane vart då lagt på is, men i 2003 var det tørt og prisane for til himmels. Nydal og naboane meinte tida kunne vere inne, og tok igjen kontakt med Seim, som starta prosjektere. Konsesjonssøknad vart sendt, og ni månader seinare fekk dei svar. – Det er andre tider no. Vi fekk kjapt svar, men i dag kan du rekne med at dei brukar ni månader på å legge søknaden i ei skuff, smiler han, og siktar til aukande byråkrati. – I tillegg bygde vi rimeleg. Det er ikkje like lett i dag. Kraftverket sto ferdig i 2004, og var i drift frå 2. februar 2005. – Det var mykje å rekne på, før vi kunne sette i gang. Vi sette opp kalkylar og reknestykke, vurderte svingingar og berekna produksjon. Det er mange tal, 28 // 100 ÅR I JØLSTRA

og banken skal vere einige. I tillegg var vi aktive i prosessen under røyrlegginga. Nydal og naboane hadde gjort godt forarbeid, danna aksjeselskap, og starta tidleg tene pengar på prosjektet. – Vi gjekk i overskot frå første året, og skjøna fort at vi hadde gjort det rette. Kraftverket har hatt stabil drift, og det har vore lite tull med anlegget. I tillegg tok han som grov og la røra lite betalt. Vi har nok vore litt heldige. – Vi har heller ikkje hatt store utlegga i etterkant. Det einaste vi har lagt ut for er smådelar og anna småtteri.

Namn: Rune Nydal Alder: 53 Yrke: Småkraftkonsulent, bonde og småkraftpioner Kommune: Førde Rolle: Leiar av Småkraftforeninga i Sogn og Fjordane og eigar av eit småkraftverk.

Utfordrande å bygge i dag // Han meiner det ikkje vil vere like enkelt i dag som for ti år sidan å bygge småkraftverk. – Behandlingstida til konsesjonssøknaden er mykje lenger, kanskje fem år. Vi bygde rimeleg, men det klarar du nok ikkje i dag. Han anbefaler dei som går med planar om å bruke ein konsulent. – Leit opp nokon som kan prosjektere eit småkraftverk. Set deg inn i småkraftbransjen, og studer kart over området. Kor mange høgdemeter er fallet på? 500 meter fall er naturlegvis mykje betre enn fem meter. Er det stor høgdeforskjell frå toppen, vil det kanskje ligge brear der, og i vertfall snø. Det er ein stor fordel. Har du høge fjell rundt deg varar snøen lenger. Difor har indre strøk fordelar. Ein svært viktig faktor er tala. – Om forprosjektet viser raude tal, er det berre til å pakke det vekk og la vere. Viser tala god lønsemd, kan det vere fornuftig å søke konsesjon. Reknestykket må alltid ligge i botn. Tapar du pengar i 10-15 år, 100 ÅR I JØLSTRA // 29


Småkraft er ei langsiktig investering, for røyrgatene kan ligge i 60 til 100 år

Foto // Thor-Aage Lillestøl

bør du la det ligge. Med mindre du har veldig god eigenkapital og klarar dekke tapet, men det har vel dei færraste. Verdiskaping på gardane // Nydal meiner grunneigarar ikkje må la seg sjarmere av selskapa som kjøper opp fallrettar og byggjer ut småkraftressursane. – Ikkje sel fallrettane, for ressursane ligg der på sikt. Dersom ein gjer som enkelte kommunar, at ein sel det ein eig, vil pengane komme ein gong og ikkje meir. Om du sel fallrettane, vil du få eit eingongsbeløp og etter det ingenting. Han ser på vatn som ein verdi på gardane. For bønder kan småkraft vere ei god biinntekt. – Småkraft er ei langsiktig investering, for røyrgatene kan ligge i 60 til100 år. Om du klarar bygge billeg og halde rimelege driftskostnader, kan småkraft vere ei kjelde til verdiskaping på gardane. Men ein må tenke langsiktig, og ikkje forvente overskot frå dag ein. Legg det på eit realistisk nivå, og bli heller overraska av pluss, enn omvendt. Eit anna alternativ kan vere leige ut ressursane. – Du må ikkje bygge sjølv. Det finns selskap som bygger ut elver, men dei skal ha ein stor del av kaka. Du kan leige ut fallrettane, men du sit att med lite. Vatnet tek ikkje slutt // Nydal ivrar for fornybar energi, og er sikker på at gardane sit på ei viktig energikjelde. – Vi må tenke langsiktig. Det vi tappar i Nordsjøen vil ta slutt, og tek vi klimaet på alvor må vi redusere klimagassutsleppa. Fornybare energikjelder kan bidra til sikrare energiforsyning, fordi det er ein evigvarande ressurs. Det blir som skreien i Lofoten: Den kjem tilbake kvart år, mens oljen tek slutt før eller seinare. På lang sikt vil rein energi som sol, vatn og vind utan Co2-utslepp ha eit stort konkurransefortrinn. Sats på fornybar energi, det er garantert framtida!

– Dersom du ønskjer å gå i gang med eit småkraftverk, bør du finne nokon som kan prosjektere det. Viser forprosjektet raude ta, er det berre å legge prosjektet på hylla, seier småkraftpioneren Rune Nydal. 30 // 100 ÅR I JØLSTRA

100 ÅR I JØLSTRA // 31


Kraft og fisk – hand i hand? I Jølstravatnet har fisk og kraft stort sett levd i fred og ro saman sidan Stakaldefossen kraftverk starta i 1954, med Jølstravatnet som «magasin».

ÅRET ETTER VART Harald Sægrov fødd. Han vaks opp på Jølster, men visste nok ikkje då kor mykje yrkeslivet hans skulle dreie seg om Jølstravatnet og Jølstra. Som biolog med fagområde fisk, i firmaet Rådgivende Biologer, har han forska på Jølstravassdraget i 35 år. – Dei færraste tenkjer på Jølstravatnet som regulert, sidan reguleringshøgda berre er 1,25 meter, seier Sægrov. – Og det er når ein tappar vatnet for lågt ein skaper problem for det biologiske mangfaldet i eit vassdrag. Då ein regulerte Jølstravatnet på 50-talet, var eit av vilkåra at ein skulle halde seg innan yttergrensene for normal vasstand, seier han. – Kvifor vart Jølstravatnet så lite regulert? – Det skuldast fleire faktorar. Jølstravatnet er så stort at 1,25 meter reguleringshøgd utgjer mykje vatn. Truleg kunne ein ikkje nytta stort meir i produksjonen. Og ein tok omsyn til biologien i vatnet. Fiske var viktig då, og ein ønskte å bevare dette. Låg reguleringshøgd sikrar faunaen // – Kvar går grensa for kor stor variasjon i vasstand ein kan ha før det skaper problem? – Biologar reknar med at inntil tre meter regulering av vasstanden i ein innsjø ikkje gjev store endringar for faunaen. Men andre ting kan påverke, for eksempel å demme av utløpet. Ofte ligg gyteplassar for stor fisk nedanfor utløpet. Storauren i Jølstravatnet vandrar eit stykke ned i Jølstra for å gyte, så ei demning ville hindra den i gyte. Og reguleringshøgde på 4 meter og oppover kan ha stor effekt på faunaen. I Jølstravatnet gyt auren i strandsona, på 2-8 meters djupne. Ei så stor reguleringshøgd her kunne øydelagt gyteplassar. Men kombi-

32 // 100 ÅR I JØLSTRA

nasjonen av lite regulering og fri vandring ut i Jølstra gjer at kraftutbyggingane ikkje påverkar fisk og andre organismar i påviseleg grad her, seier han. Einaste magasinet i Jølstravassdraget ligg i Trollevatnet over Kjøsnesfjorden. – Utbygginga i Kjøsnesfjorden gav litt mindre vatn i tilførselselvene. Dei er ikkje like fine fiskeplassar som tidlegare. Elles ser det ikkje ut til at kraftutbyggingane her har gitt målbare uheldige effektar på fiskebestand eller andre organismar. Jølstravatnet er etter måten lite regulert. Det blir halde igjen lite vatn sentralt i vassdraget, seier han, og fortel at ein i moderne kraftutbyggingar møter strenge krav til kor mykje vatn ein kan nytte. – No er det strenge krav til minstevassføring i vassdrag ved kraftutbygging, for å unngå tørrlagte elver. På 60- og 70-talet var det berre unntaksvis krav til minstevassføring, og ein kunne få lange, tørrlagte elvestrekk. No krev EU sitt vassdirektiv god økologisk status i vassførekomsten. Direktivet slår fast at sikring av biologisk mangfald er eit vesentleg element i ei utbygging, og at ein bør ha liten regulering av vasstanden for å sikre god økologisk status. Ofte går nedtapping så sakte at mobile artar vil kunne flytte seg i høve reguleringa. Regulerer du vasstanden for mykje kan nokre artar forsvinne. Men så langt vi veit har det ikkje vore tap av biologisk mangfald i Jølstravassdraget som følgje av kraftutbyggingar. Meir problem i Jølstra // I sjølve Jølstra har det vore nokre komplikasjonar som følgje av kraftutbygging. – Stakaldefossen har ikkje hatt noko særleg effekt på elvestrekket nedanfor. Men med opprus-

Foto // Roy Sunde

Namn: Harald Sægrov Alder: 59 Yrke: Biolog Kommune: Bergen Rolle: Har forska på faunaen i Jølstravatnet og Jølstra i over 35 år.

100 ÅR I JØLSTRA // 33


Brua påverka mest // Eit anna naturinngrep enn kraftutbygging har påverka vatnet mest. – Brua over Kjøsnesfjorden har stor påverknad på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Den ville truleg ikkje blitt bygd på same vis i dag, slår han fast og fortel kvifor. – Det er stor skilnad i fargen på Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden i sommarhalvåret. Jølstravatnet er blått, medan Kjøsnesfjorden er grøn-grå. Kjøsnesfjorden får tilførsel av brevatn, som er rikt på leirepartiklar. Desse er så fine at dei kan flyte i vekevis i overflata. Før brua hadde ein stor utveksling av vatn mellom Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, og Kjøsnesfjorden fekk tilført meir klårt overflatevatn. Det gjev ulike næringsvilkår. Jo meir leire i overflata, jo mindre lys trengjer ned i vatnet. Det gjev mindre produksjon av algar og fisk. Derfor har Jølstravatnet finare fisk enn Kjøsnesfjorden, seier han, og fortel at ein i bygginga av kraftverket i Kjøsnesfjorden prøvde å avbøte dette. – Reguleringsmagasinet i Trollevatnet samlar mykje av vatnet frå breane rundt, og reduserer 34 // 100 ÅR I JØLSTRA

Foto // Roy Sunde

For å sikre god gytebestand og biologisk mangfald har ein laga strengare reglar

tinga av Brulandsfossen kraftverk i 1989 oppsto ein del problem. Når kraftverket stoggar er det meining at ei luke skal opne seg og sleppe vatn ut i fossen. Men luka reagerte seint, og det tok tid før vatnet nådde elva nedstraums. Ved stans i kraftverket vart mykje av elva tørrlagt, med stranda fisk som resultat. Dette var problematisk lenge. Vi har ikkje sikre tal på kva dette betydde for fiskebestanden i Jølstra, men reknar med 20-30 prosent nedgang i bestanden dei ti første åra etter utbygginga, seier han. – Vidare laga ein eit styringssystem med omlaupsventilar som gav betre kontroll. Ved turbinstopp no senkar luka seg raskt, og vatnet renn forbi. Dette har stort sett fungert bra. Ein hadde utfall i 2009 og uhell i januar 2013 og i februar 2014. Desse var korte, og det gjekk under ein time før normal vassføring var tilbake. Botnen av Jølstra er også prega av grov stein og mose, og fisk kan klare seg lenge om den ligg i fuktig mose, seier han og held fram. – I dag har ein gode system for å unngå tørrlegging, og utanom problema har det vore omtrent normal vassføring. Eit unntak er at reguleringa gjev mindre flaumar enn før. Men problema førte til streng regulering av laksefiske. Frå 1992 sette ein ut all villaks ein fanga. No har ein byrja å sleppe opp litt, i fjor var det ein kvote på 60 laks i elva. Samtidig har ein generelt blitt strengare på uttak av villaks i Norge, blant anna fordi laksen har fått dårlegare overleving i havet. For å sikre god gytebestand og biologisk mangfald har ein laga strengare reglar, og jobbar målretta for å bygge opp bestanden av gytefisk.

vassføringa i elvane til Kjøsnesfjorden. Magasinvatnet vert ført ut på djupare vatn i Kjøsnesfjorden enn det ville blitt naturleg, for å skape klårare overflatevatn. Det ser ut til å ha ein effekt, men vi har for korte måleseriar til å seie det sikkert. Leiremengda varierer nemleg frå år til år naturleg også. Men vona er at ein kompenserer ein del av endringane som følgje av brubygginga med dette. Betre enn før? // Sægrov fortel at Jølstravatnet framleis er eit viktig fiskevatn. – Jølstravatnet har godt rykte, og eg brukar å kalle det eit av dei viktigaste vatna for aurefiske i NordEuropa. Det er ikkje mange vatn att med eit så viktig fiske av aure som her, og fiskekvaliteten er høg. Sjølv jølstringar blir overraska når eg fortel kor mykje aure det blir teke opp av Jølstravatnet. Vi snakkar om totalt 15 tonn fisk per år. Det er like mykje som all laksen som blir fiska i alle elvene i fyl-

ket vårt. Det seier noko om kor mykje fisk det er i vatnet, seier han. – Før hadde ein eit levande innlandsfiske i Norge, men når oppdrettsnæringa kom vart laks og aure billeg. Det var kroken på døra for innlandsfiske som næring. Men i Jølstravatnet held det stand, grunna høg kvalitet på fisken, og eit godt fungerande fiskemottak drive av Finn Årdal, seier han, og fortel at kvaliteten på fisken har auka i løpet av desse 60 åra. – Eg trur fisken er finare no enn på 50-talet. Då fiska ein ofte etter gytefisk. Når flytegarnfiske breia om seg på 60- og 70-talet fekk ein eit meir effektivt fiske, og tek meir fisk før den blir gammal. Det gjev ein yngre bestand og høgare kvalitet. Normalt stoppar fisken å vekse når den har gytt for første gang, og kvaliteten søkk med alderen. I eit vatn er det ofte mange om beinet. I Jølstravatnet har auren herska åleine lenge.

– Jølstravatnet er eit av få eksempel vi kjenner med ein kannibalsk storaurebestand. I nyare tid har det blitt sett ut øyrekyte, som ein var redd skulle skape problem, men så langt har den ikkje gjort det, seier Sægrov og fortel at den siste istida har sett sitt preg på artsutvalet i Jølstravassdraget. – Nedst i Jølstra har ein laks, aure og røye, og dei to siste tok seg også inn i Movatnet i sluttfasa av siste istid. Då gjekk den marine grensa, altså havnivået, om lag ved Stakaldefossen. Men over fossen kom fisken seg aldri. – Men kvifor er det aure i Jølstravatnet då? – Den trur vi er hjelpt inn dit av menneske, seier Sægrov. – Elles burde det vore røye der også. Vi veit at folk byrja å flytte aure mellom vassdrag for 6000-7000 år sidan. Men vi veit ikkje om den kom frå Movatnet, eller andre vegen frå Breimsvatnet, avsluttar Sægrov.

– Eg brukar å kalle Jølstravatnet eit av dei viktigaste vatna for aurefiske i NordEuropa, seier Harald Sægrov.

100 ÅR I JØLSTRA // 35


– God dialog mellom dei som driv kultiveringsarbeid i elvene er viktig og nyttig for dei ulike interesseguppene, seier fiskeoppdrettar Ola Sveen.

Samarbeid i Jølstra Utbygginga av Brulandsfossen i 1989 førte til år med uro mellom

Namn: Ola Sveen Alder: 63 Yrke: Fiskeoppdrettar Kommune: Flora Rolle: Styremedlem i Svanøy Havbruk

I samband med utfall som førte til tørrlegging av elva vart det funne daud yngel. Etter dette oppsto eit konfliktfylt forhold mellom grunneigarar og kraftselskapet på omfanget av problemet. Sunnfjord Energi sette opp betre kontrollanlegg, som klarte å regulerer raskare ved utfall, men konflikta haldt fram i mange år og gjennom to rettsakar. Grunneigarane fekk medhald og erstatning for dei første ti åra, mens retten ikkje fann grunn til erstatning for dei neste ti åra. Direktoratet for naturforvalning og NVE påla utbyggar å produsere og sette ut 10.000 laksesmolt årleg i Jølstra. Men kvaliteten på setjefisken vart eit problem. Sunnfjord Energi kontakta Ola Sveen i Svanøy Havbruk, ein oppdrettsveteran med fartstid heilt tilbake på 70-talet. – Sunnfjord Energi kontakta meg for fire år sidan, og bad meg komme og sjå på yngelen og vurdere kvaliteten. Dei hadde problem med finneslitasje, ujamn vekst og auka utgang av fisk i periodar. Eg besøkte anlegget for å vurdere situasjonen, og fann at problemet deira var samansett. Besøket vart grunnlag for ein rapport der eg føreslo ulike tiltak, og rapporten danna også grunnlag til eit budsjett for ei oppgradering av anlegget, fortel Sveen. – I eit møte mellom dei som har driftsansvar for anlegget, og tilsynsveterinær Inge Kaada, diskuterte vi dei føreslegne tiltaka. Dei gjekk blant anna på å gje fisken meir plass, vatn og lys. Rusta opp klekkeriet // Mot slutten av 2011 løyvde Sunnfjord Energi 350.000 kroner til å ruste opp klekkeriet og setjefiskanlegget til Førde Elveeigarlag, og inviterte Sveen inn som fagleg ansvarleg for oppgraderinga. Målet for Sunnfjord Energi var å legge konfliktane bak seg ved å invitere til samarbeid. «Eg trur det vil gje god effekt også å alliere oss med solide fagfolk på klekkeri og setjefisk i laksebransjen», sa produksjonssjef Olav Osvold i Sunnfjord Energi i starten av prosjektet.

36 // 100 ÅR I JØLSTRA

– Haldninga har endra seg både hos oss i Sunnfjord Energi og i elveeigarlaget og vi har dei siste åra hatt ein god dialog, understrekar han. Arne Høisæther i Førde Elveeigarlag var også nøgd med det nye samarbeidsklimaet. «Skilnaden er at Sunnfjord Energi no tilbyr oss nye tiltak dei ikkje har blitt tvinga til. Og når ein skal vidareutvikle klekkeriet og setjefiskanlegget, er vi glade for å ha fått med ein verkeleg ekspert, Ola Sveen, på dette Sveen. Vi set pris på at ein fagmann tek ansvaret for at oppgraderinga og vidare drift av anlegget skal bli vellykka» uttalte han til Firdaposten. – Grunnlaget for settefiskanlegget er å kompensere for ein mogleg effekt frå kraftverket på reproduksjon av fisk i elva. Etter at Sunnfjord Energi sette meir fokus på å støtte kultiveringa, også med fagleg ekspertise og teknisk hjelp, har forholdet betra seg. Framleis er det eit følsamt tema, men samarbeidet er konstruktivt og godt, seier Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi. Betre yngel // Samarbeidet mellom desse tre partane hadde som målsetnad å auke kvaliteten på yngelen. – Sunnfjord Energi finansierte ei større oppgradering av anlegget med større kar, nytt røyropplegg og tilgang til å sette på meir vatn. I tillegg sponsa Gjølanger Bruk i Fjaler større kar. Mykje av grunnarbeidet og montering av utstyr vart teke på dugnad av dei som hadde oppfølging av anlegget, eleveeigarane og sportsfiskarar, seier Sveen. – Større kar med meir volum bidreg til å lage større og meir robust laksesmolt. I tillegg måtte ein legge om røyrsystemet og organisere klekkerenner og småkar meir effektivt. Oppgraderinga vart vellykka, og det speglar seg i kvaliteten på fisken no. – Kva kan ein overføre av kunnskap frå oppdrett til kultivering av villaks? – Erfaringar som kan overførast frå oppdrett til kultivering er både av teknisk, driftsteknisk og bio-

Foto: Privat

Sunnfjord Energi og Førde Elveeigarlag.

logisk art. Settefiskanlegg sit ofte på mykje utstyr som kultiveringsanlegga kan overta, som eit bidrag i dette arbeidet. I vår region har fleire villaksklekkeri fått overta utstyr frå settefiskanlegg som kjem til stor nytte. Dette er noko vi oppdrettarar svært gjerne er behjelpelege med. Slike samarbeid gjev også gode kontaktar. Godt samarbeid // Sveen syns det har vore kjekt å kunne bidra. – Vi i laksenæringa har ei genuin interesse for at villaksen skal ha gode forhold. Det er den eigentlege norske laksen, medan vi innan havbruket har gjort den til husdyr. Så det er kjekt at vi som profesjonelle fiskefolk kan få lov å hjelpe til, seier han og held fram. – Samarbeidet har fungert veldig bra, og for meg har det vore interessant å halde kontakten vidare med dei som driv anlegget. Etter mitt syn er det viktig med god dialog mellom dei som driv kultiverings-

arbeid i elvene – anten det er elveeigarar eller sportsfiskarar – og oppdrettsnæringa. Oppdrettarar er profesjonelle i arbeidet med laks, og kan bidra i mange samanhengar til arbeidet som vert drive i elvene. Spesielt dei som driv settefiskanlegg, som kan nyttast i kultiveringssamanheng. Det er viktig å bringe interessegrupper saman, for gjensidig informasjon. For eigen del er det kjekt å få delta og bringe saman dei som jobbar med dette, anten det er i Jølstra, Nausta, Gaula eller Osen, seier Sveen, som gjerne bidreg meir i framtida. – For meg som oppdrettar har det vore veldig interessant og givande å få bli med på kultiveringsarbeidet i elvene i distriktet vårt. Eg håpar å få endå meir tid til dette framover. Eg har også stor interesse av å kunne få tid og høve til filme og dokumentere korleis laksen har det i elvene våre. Laksen er ein spesielt spennande og flott skapning, som ein blir meir og meir fasinert av til oftare ein jobbar med den. 100 ÅR I JØLSTRA // 37


Det var ein gong ein foss Utbygginga av Svultingsfossen var ein viktig del av den moderne kraftutbygginga i Sunnfjord. Den kulminerte i ein stor fusjon mellom Svultingen, Sunnfjord Energiverk og Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk (YSSE). I dag kjenner vi det som Sunnfjord Energi AS.

Foto // Joachim Vie

«DET VAR EIN GONG ein foss», startar diktaren Jakob Sande, om kor dramatisk ein foss kan vere. I boka 50 år med L/L Svultingen blei Svultingsfossen omtala som «fri, majestetisk uhemja». L/L Svultingen skulle i følgje skipingsdokumenta vere «eit ålmennyttig lutlag med føremål å byggje ut eller overta kraftstasjonar og kraftleidningar med sikte på å forsyne dei lokala kraftlag med turvande energi til ålmen elektrisitetsforsyning i bygdene, herunder også elektrisk energi til industri og arbeidslivet. Føremålet er og å samkøyre med andre kraftstasjonar og kraftlag, og det kan seljast energi også til lag eller samskipnader utafor distriktet». Skipinga blei gjort i Dale den 22. desember 1939. – Grunnen til at det skjedde 22. desember 1939, er at leverandøren på grunn av krigsutbrotet måtte ha bestilling før årsskiftet om ein skulle greie å levere utstyret, fortel Atle Stubhaug, som jobba i Svultingen frå 1982 og var direktør frå 1986 til 1997. – Som så ofte elles når det gjaldt kraftutbygging i fylket, sto det ein sterk person bak. Gjert Raae var styreformann då selskapet blei skipa og jobba sterkt for utbygginga av Svultingen. – Dessutan hadde Ytre Fjordane Kraftlag, som etter skipinga var største eigar i Svultingen, stort behov for meir kraft, fortel Stubhaug. I staden for å bygge ut Nedre Markevatn blei det bestemt at ei utbygging av Svultingfossen var meir hensiktsmessig, så kunne ein hente ut overskytande kraft derifrå. Pådrivaren // – I starten eigde kommunane nesten 38 // 100 ÅR I JØLSTRA

ingenting i kraftverka. Men med store investeringar i samband med linjeutbygging, blei kommunane invitert inn som eigarar, for å skaffe kapital. Det blei bestemt at kommunane skulle opprette lokale kraftlag som igjen skulle eige i Svultingen. Frå oktober 1939 vart det skipa ei rekke lokale kraftlag, som igjen realiserte L/L Svultingen, fortel Stubhaug. Skiparane i Svultingen var: Ytre Fjordane Kraftlag, Dale sogns Elektrisitetsverk, Gaular Kraftlag, Hyllestad Kraftlag, Lavik Kraftlag, Holmedal Kraftlag og Sogn og Fjordane fylke. På grunn av krigsutbrotet opplevde ein ei rekke leveranse-utfordringar av materiell. Dette fekk overingeniør P. Aug. Hysing til å skrive fleire brev til både bank og byråkrati, der han forsikra at alt gjekk etter planen, og at det uansett ville bli dyrare å ikkje fullføre. P. Aug. Hysing var ein sterk pådrivar for elektrisitetsutbygginga i Sogn og Fjordane i om lag 40 år, og må tilskrivast stor ære for utbygginga som skjedde i Svultingsområdet.

Namn: Atle Stubhaug Alder: 68 Yrke: Pensjonist Kommune: Førde Rolle: Direktør i Svultingen 1986-1997. Produksjonssjef i Sunnfjord Energi 1997-2008.

Nybrottsarbeid // Mange var skeptiske og meinte at Svultingen kom til å bli eit konkursføretak, noko dei raskt motbeviste. – På slutten av 1941 kunne ein prøvekøyre anlegget, og allereie frå starten viste det seg å fungere som ein god leverandør til dei andre kraftlaga, med god inntening. I 1948 auka behovet for meir kraft i Svultingen-området, og ein byrja rekne på nye utbyggingar. I samband med utbyggingane, måtte ein også oppgradere linjenettet som distribuerte krafta frå stasjonen ut til brukarane. Etter krigen vart det bygd veldig mykje linjenett. 100 ÅR I JØLSTRA // 39


Transportane til Svultingen-anlegget var store og tunge. Her er det aggregatet til Øvre Svultingen som skal bukserast på plass. BDS (Bergenske Dampskibsselskap) stilte med robust lastebil med tilhengar. Dei lokale bilane vart for lette. På bruene vart det plassert solid plank til forsterking, for ein frykta at dei ikkje tolde belastninga. Arbeidsmannen på biletet er Alfred Birkeland. Foto: Sverre Engen. Biletet er frå boka «50 år med L/L Svultingen», av Ingemar Nordstrand.

Ein var forsiktig med utbyggingane og hadde god dekning for at det var økonomisk lønsamt

” 40 // 100 ÅR I JØLSTRA

Det eksisterte knapt linjer frå før. Mellom anna fekk ikkje Holsen/Haukedalen straum før slutten av 1950-talet. – Det var krevjande og utfordrande å byggje ut linjenettet i området. Og det vart nytta dei midla ein hadde til rådvelde. Til dømes i Solund, der ein nytta mellom anna kasteblokkar og lettbåtar for å få materiellet opp i linjetraseane. Industriframveksten førte også til stort behov for kraft, og ein opplevde fleire periodar med rasjonering og kraftunderskot, før kraftverk og linjenett blei utbygd og samankopla. I 1989 bestod Svultingen av: • Øvre Svultingen, i drift 1941 (Nordstrandsvatn) • Stakaldefossen I og II, i drift 1954-56 (Jølstervatn) • Nedre Svultingen, i drift 1965/66 (Nordstrandsvatn og Espelandsvatn) Mange forsøk på fusjon // – Svultingen har alltid vore eit aksjeselskap. På den måten fekk ein effektiv drift. Ein har føreseielege og greie kommandolinjer og eit gjennomarbeida regelverk som ein styrer etter. Ein var forsiktig med utbyggingane og hadde

god dekning for at det var økonomisk lønsamt, seier Stubhaug. – Det var mange forsøk på å få til ein fusjon i Svultingen-området, fortel Atle Stubhaug, som jobba i Svultingen frå 1982 og var direktør gjennom fusjonsprosessen i 1997, mellom Svultingen, Sunnfjord Energiverk og Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk. – I dag kjenner vi selskapet som Sunnfjord Energi AS. I jubileumsboka, «50 år med L/L Svultingen» (Red.anm: L/L, eller lutlag, er det som i dag kallast aksjeselskap), kjem det fram at det allereie i 1964 vart konkludert med at «det ville vere formålstenleg å få skipa ei eining for kraftproduksjon og energiomsetnad i fylket…» NVE var ein sterk pådrivar for dette. I 1969 blei det konkludert med at det beste ville vere full samanslåing av L/L Svultingen og alle kraftlaga i området. Deretter kom det ei rekke utgreiingar om samanslåing. Når arbeidet med boka vart avslutta i 1989 var ein framleis ikkje nærmare ein samanslåingsprosess. – Det var i denne perioden fleire samanslutningar mellom dei totalt 13 kraftlagseiningane i området. Det enda med to distribusjonsverk i området, Sunn-

Velnøgde karar etter prøvekøyring av generator og turbin i Stakaldefossen I. Frå venstre driftsstyrar Henry Brügger-Sandnes, elles ståande bak hjelpearbeidarane Sverre Nordbø (t.v.) og Nils Grimsbø (halvt skjult). Dei andre er montørar og ingeniørar frå fabrikk og firma Sønnico. Foto: Reiakvam. Biletet er frå boka «50 år med L/L Svultingen», av Ingemar Nordstrand.

fjord Energiverk og YSSE. For Svultingen sin del kom ein saman og diskuterte alternative samanslutningar, men så sa det stopp, fortel Stubhaug. Endeleg fusjon // – Den endelege fusjonsprosessen føregjekk i åra 1995 til 1997, etter påtrykk frå staten, seier Stubhaug. – Svultingen fusjonerte med Sunnfjord Energiverk og YSSE, og vart til Sunnfjord Energi AS. Alle måtte søkje på nye stillingar, og eg vart tilsett som leiar for produksjon og visedirektør. Per Storegjerde heldt fram som direktør for det nye selskapet. – Det var nok mange årsaker til at vi ikkje kom i gong med fusjonen tidlegare, seier Stubhaug om fusjonsprosessen, og fortel vidare om ankepunkta. – Ein veit kva ein har, ikkje kva ein får. Og så er det noko med å styre i eige hus! Men når avgjersla endeleg kom var ein moden for det, og fusjonen gjekk veldig bra, fortel Stubhaug som såg mange fordelar ved ein fusjon. – Ansvar fordelt på fleire, større leiargruppe og fleire å diskutere med. Fordelane ved å drive som eit AS blei meir tydeleg, framfor å vere til dømes eit kommunalt eller interkommunalt føretak.

FAKTA:

P. August Hysing P. August Hysing (1885-1967) utdanna som ingeniør i Berlin 1910, og arbeidde først som konsulent hos fossespekulanten Ragnvald Blakstad ved Auraanlegga på Nordmøre. Tilsett som driftsleiar i Ålfotselskapet 1919 (sjå Ålfotsaka). Busett i Ålfoten fram til 1931. Då flytta han til Florø og var driftsleiar i Ytre Fjordane Kraftlag til 1947. Overingeniør Seinare flytta han til Sandane, og arbeidde som overingeniør med elektrisitetsutbygginga i fylket heilt til han var 77 år gamal. Heidra for utbyggingane Hysing er rekna som den personen som har gjort størst innsats for utbygging av ålmennforsyning av elektrisitet i Sogn og Fjordane. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Kjelde: NRK Fylkesleksikon

100 ÅR I JØLSTRA // 41


Jølstra – i minst 100 år til Sunnfjord Energi og Jølstra-vassdraget har eit forhold som fyller 100 år i år. Og planlegginga for dei neste 100 åra er godt i gang.

– HISTORIA TIL Sunnfjord Energi i Jølstra byrja i 1914: Då stod kraftverket Brulandsfossen I ferdig. Det var ein stor milepåle for Førde kommune. Ordføraren slo på stortromma: – No har vi kraft nok til evig tid, slo han fast. Men slik gjekk det jo ikkje, seier produksjonssjef i Sunnfjord Energi, Olav Osvoll. – Alt i 1934 hadde ein alt for lite kraft, og bygde ut Brulandsfossen II. Dermed gjekk ein frå 256 kW til 1000 kW i installert effekt, seier han, og fortel at det heller ikkje skulle vise seg å stille det veksande behovet for kraft i indre Sunnfjord. – I 1952 søkte ein om løyve til å regulere Jølstravatnet, for å løyse utfordringar knytt til låg kraftproduksjon i Brulandsfossen vinterstid. Og i 1954 vart Stakaldefossen kraftvert sett i drift. Deretter gjekk det nokre år før neste utviding. – I 1989 vart igjen Brulandsfossen utvida, til dagens 12.500 kW. Så kom Mo kraftverk, som utnyttar fallet frå Gravvatnet ned i Movatnet, i 2000. Den største utbygginga vi har hatt er Kjøsnesfjorden, som kom i drift i 2010, og tilførte Sunnfjord Energi nye 84 MW i effekt, noko som omlag dobla den totale produksjonen vår. I dag produserer vi 400 GWh årleg i Jølstravassdraget etter å ha investert ca. 1,2 milliardar kr dei siste 30 åra i vassdraget. – Vi føler vi har ei viktig rolle i det å sikre lokal verdiskaping frå kraftproduksjonen, slik at verdiane kjem lokalsamfunnet til gode. Difor har vi også stimulert og lagt til rette for småkraftutbyggingar der grunneigarane eig anlegga, og vi fungerer som konsulentar som legg til rette for at dei skal kunne realisere planane sine. Det viktigaste for oss er at verdiane blir liggande att lokalt, seier Osvoll. Vil utvide for framtida // Med Kjøsnesfjorden kraftverk kunne utbygging av Jølstra-vassdraget vore ført til ende, og Sunnfjord Energi ha nådd

42 // 100 ÅR I JØLSTRA

produksjonstaket sitt. Men ikkje om det går som Sunnfjord Energi håpar. – Vi er i den situasjon at det meste av vassdraga rundt oss er verna. Gaularvassdraget er varig verna, og det same er Naustdal/Gjengedal. Det einaste vassdraget vi har spelerom i er Jølstra. I dag utnyttar vi 40 av 160 høgdemeter av fallet i Jølstra frå Jølstravatnet og ned til Movatnet. Vi har i dag ein situasjon med stort flomtap og liten utnytting av fallet. Difor har vi lenge hatt lyst å utvide kraftverket i Stakaldefossen. – Det nye prosjektet Jølstra Kraftverk i Stakaldefossen er tenkt i storleiken 60 MW, og skal produsere 209 GWh. I dag produserer Stakaldefossen 60 GWh, men vil etter utbygging av det nye anlegget produsere 33 GWh, då mykje av vatnet blir leia inn i det nye anlegget. Det vil auke totalproduksjonen i selskapet med 30 prosent, slik at vi i staden for 517 GWh endar på 690 GWh i årleg middel produksjon. Etter utbygginga vil vi nytte 131 høgdemeter av fallet. Framdrift // For tida jobbar Sunnfjord Energi på høggir, for å lande prosjektet i høve tidsfristen for å komme inn under el-sertifikatordninga. – Vi byrja eit samarbeid med grunneigarane til fallrettane ovanfor Stakaldefossen i den aktuelle delen av Jølstra i 2008, og leverte første melding til NVE i 2009. Det vart fort klart at den øvste delen av Jølstra, frå Vassenden og ned til Flugelona ved Kvamsfossen (nedanfor golfbana), var prega av så sterke frilufts- og fiskeinteresser at den ikkje var aktuell for utbygging, seier Kjell Johnny Kvamme, prosjektleiar for Jølstra Kraftverk. – Vi leverte konsesjonssøknad i desember for behandling hos NVE og Olje- og Energidepartementet. 16. juni vert det folkemøte om Jølstra Kraftverk. Vi forventar at konsesjonen kjem

Foto // Thor-Aage Lillestøl

Namn: Kjell Johnny Kvamme Alder: 31 Yrke: Prosjektingeniør Kommune: Førde Rolle: Prosjektleiar Jølstra Kraftverk

100 ÅR I JØLSTRA // 43


Viktig for framtida til Sunnfjord Energi // Jølstra har vore sentral for Sunnfjord Energi i 100 år, og vil halde fram med det i 100 år til. Det er her vi har handlingsrom for utviding, så om Sunnfjord Energi skal halde fram med å vekse i kraftproduksjon, er det i Jølstra det må skje. Det føreligg ein samla plan for alle vassdrag i Norge, der dei er katalogisert og prioritert. Kategori 1 betyr at dei kan byggast i, medan kategori 4 er varig verna vassdrag. Jølstra er i kategori 1, så vi ser det naturleg å halde fram utviklinga vår her, seier Osvoll. Selskapet Nordkraft har også planar om å bygge ut i Jølstra. – Vi har hand om cirka halvparten av fallrettane. Dersom vi skulle få konsesjon må vi forhandle med grunneigarane oppstrøms Stakaldefossen om overtaking av deira fallrettar. Vi vonar på ei rask avklaring av desse spørsmåla når konsesjonsaka er avklara. Vi hadde ikkje kunne bygd ut kraftverket i Kjøsnesfjorden utan å ha brei støtte lokalt og eit godt forhold til grunneigarane. Vi føler vi har støtte for planane om Jølstra Kraftverk i Førde og Jølster. Grunneigarane har lyst på utbygging også, det handlar mest om at dei ønskjer gode prisar for fallrettane. Og vi har respekt for deira ønskje i saka, og god tru på at vi skal komme i mål med ein avtale som gir ei balansert avkasting etter kva ein stiller opp med av fallrettar, kapital og risiko i prosjektet. Verdiskaping frå dag ein // Det er ikkje småtteri som skal til for å bygge eit kraftverk som Jølstra Kraftverk. – Kostnadsramma er på 704 millionar kroner. Av dette reknar ein med at cirka 20 prosent vil falle på lokale leverandørar og entreprenørar. Då er ikkje andre ringverknadar teke med, til dømes mat og losji til gjestearbeidarar og slike ting. Byggearbeidet

44 // 100 ÅR I JØLSTRA

er rekna til 125 årsverk, noko som betyr rundt 50 personar i arbeid i to og eit halvt år fordelt på ulike fagfelt, og sjølvsagt med ulike toppar i kor mange som er i drift på same tid. Det skal blant anna lagast 5,75 kilometer med tunnelar, samt ein stor kraftstasjonshall. Prosjektet vil legge igjen mykje pengar lokalt i byggefasen. Og når det kjem i drift vil det gje store inntekter til stat og kommune, samt utbytte til eigarane, seier Kvamme. Garantist for lokal verdiskaping // – Vi har vore ei lokal drivkraft i Sunnfjord i 100 år, og står for lokal verdiskaping. Konkurrenten vår om fallrettane held til i Narvik, og vi synest jo det ville vere synd om verdiskapinga krafta utgjer skal ende der. Vi er ein garantist for at verdiane blir her, seier Osvoll. – Sunnfjord Energi er ein langsiktig forvaltar av verdiane i Jølstra, og skal i alle fall vere her i 100 år til. Vi er eigd av blant anna kommunane Jølster og Førde, og er den reiskapen kommunane har til å ta vare på og forvalte desse verdiane, seier Osvoll. – Med kommunale og lokale eigarar vil også utbytte frå selskapet ligge igjen lokalt, seier Kvamme. – Og det handlar ikkje berre om kroner og øre. Kraftverk og linjenett er viktig infrastruktur for samfunnet. Difor er det viktig å ha lokal beredskap og kunnskap, og den er det dei lokale kraftselskapa som utgjer. Ein lærte av orkanen Dagmar kor viktig slik beredskap er for samfunnet, så den bør takast vare på, avsluttar han.

Foto: Sunnfjord Energi

Sunnfjord Energi er ein langsiktig forvaltar av verdiane i Jølstra, og skal i alle fall vere her i 100 år til

på plass i 2017, og det er naudsynt om vi skal komme i mål i høve el-sertifikatordninga, som prosjektet treng for å realiserast. Då må kraftverket vere i drift innan 2020, seier Kvamme. – Byggetida på Jølstra Kraftverk er to og eit halvt år, så det skal gå bra. Men vi har ikkje meir enn tida og vegen føre oss. Får vi byggestart i 2017 skal vi klare det, og det er avgjerande for prosjektet, seier Kvamme, og fortel at dei køyrer parallelle prosessar for å sikre dette. – Normalt byrjar ein detaljplanlegging, innhenting av tilbod frå entreprenørar og slike ting etter at konsesjon er på plass. Men skal vi komme i mål innan 2020 er vi nøydde å starte tidlegare med slike ting. Difor køyrer vi to prosessar på same tid no: Det eine er løpet mot myndigheitene i høve konsesjonssøknad. Parallelt har vi byrja detaljplanlegging av sjølve kraftverket, og etter kvart byrjar vi å hente inn tilbod frå entreprenørar, seier Kvamme.

Stakaldefossen Kraftverk i Jølstra, som er planlagt utvida. Kartet til venstre viser det planlagte Jølstra Kraftverk.

FAKTA:

Jølstra Kraftverk Årsproduksjon 209 GWh Ny energi 176 GWh Prosjektkostnad 704,5 mill. NOK Utbyggingspris 3,37 kr/kWh Utb.pris ny energi 4,00 kr/kWh 2 aggregat med installert effekt 60 MW Minstevassføring sommar 12 m³/s Minstevassføring vinter 4 m³/s Min slukeevne 3,5 m³/s Maks slukeevne 55 m³/s Fall 132 m Tunnelar 5,75 km

d " )

Tegnforklaring

jolstra-kraftverk.no

Inntak

Kraftstasjon

Kabel i grøft

Moskog Statnett

Terskel

Industriområde

Tunell 12

100 ÅR I JØLSTRA // 45


Foto // Thor-Aage Lillestøl

Kraftlinjer i stadig utvikling Dei siste seksti åra har det vore ei enorm investering i linjenett i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde. Og det er ei utvikling som berre vil akselerere inn i framtida.

Namn: Oddvar Hatlem Alder: 56 Yrke: Nettsjef Sunnfjord Energi Kommune: Hyllestad

– I byrjinga var Sogn og Fjordane seine med å få straum ut til alle husstandane. I 1940 var omtrent 40 prosent av befolkninga kopla på nettet, mot 75 prosent i resten av landet. Det var det fleire årsaker til, men mykje handlar om geografien vår og busetnadsmønsteret. Vi har òg fleire tettstadar som vart bygde opp på grunn av kraftproduksjon og kraftkrevjande industri. Det var eit hardt og tungt arbeid å bygge linjenettet her i fylket. Før var folket i forsyningsområdet sjølv med og bygde linjene, i eit enormt dugnadsarbeid. Og i 1960 var så godt som alle innbyggarane kopla til straumnettet, fortel nettsjef i Sunnfjord Energi Oddvar Hatlem. 200 millionar kroner // Moderniseringa av samfunnet aukar stadig behovet for kraft og styrking av linjenettet. Saman med strengare krav til leveringskvalitet har det ført til store investeringar. – Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert 200 millionar kroner i utbygging av linjenettet. Utbetringstakta må faktisk auke, så investeringane må opp i åra som kjem. Vedlikehald og drift av eksisterande nett er det mest like stor kostnad med som det vi investerer for. Vi ser det som viktig å ha eit linjenett som taklar klimautfordringar vi står føre, og er veldig bevisste på leveringtryggleik, seier han. Difor har dei blant anna bygd ut doble linjer i det meste av forsyningsområdet. – Slik at vi har minst to innfallsportar til alle kommunane våre. Om ei linje fell vekk, har vi høve til å rute rundt og få inn straum likevel. Meir robust nett og dobbel linjeføring fordyrar nettet vår, og det same gjeld naturen vår. Vi har mykje øyer og høge fjell, som ein må over eller rundt. Det er krevjande å bygge ut og halde ved like nett her, seier Hatlem. – Sunnfjord Energi ønskjer å vere ein spydspiss for å få fiber ut i distrikta, og har investert 65 millionar kroner der dei siste åra. Og i tillegg har vi investert rundt 25 millionar kroner i å bygge koplingspunkt i nettet, som vi knyt til driftssentralen vår via

46 // 100 ÅR I JØLSTRA

radio eller fiber. Dermed kan vi styre kvart enkelt knutepunkt i straumnettet via driftssentralen, for å få straumen tilbake til kundane så raskt som råd ved eventuelle brot. Her har vi lagt ned eit stort arbeid, som har gjeve godt resultat. Motorvegen på 420 kV // Neste åra står den nye 420 kV-linja klar gjennom Sogn og Fjordane. Ein «motorveg» med lokal «påkøyring» på Moskog, i Høyanger, Svelgen/Åskora og Sogndal. – Den har alt å seie for området vårt! I utgangspunktet var ikkje Moskog tenkt som eit knutepunkt på linja. Men lokale krefter klaga, og fekk Statnett til å sjå kor viktig dette var for vår region. Utan den motorvegen for kraft som dette blir, hadde vi vore veldig låst framover. Vi ville hatt små høve til utvikling i området vårt innan kraftutbyggingar, men også når det gjeld industriutvikling. Og ikkje berre lokalt. Det nye stamnettet er vesentleg for utvikling innan industri og kraftutbygging i heile vest- og midt-Norge. – Kva ville vore konsekvensen om ein ikkje fekk 420 kV-linja? – Då måtte vi bygd om heile linjenettet vårt, og fordelt krafta utover i linjer med lågare kapasitet. Det hadde vore håplaust. Heldigvis såg NVE og Oljeog energidepartementet kor viktig dette var. Det vart lagt ned eit godt arbeid for å få Moskog som knutepunkt. – Vi hadde heller ikkje fått krafta ut av fylket og vidare nedover Europa, og vi hadde vore meir sårbare på kalde vintrar. For 5-6 år sidan trudde ein at høge kraftprisar skulle sikre god utbygging av linjenettet, men det slo ikkje til. Kraftprisen gjekk ned, og innteninga var meir marginal. Det hemma linjeutbygging og la lokk på kraftutbygging. Men neste år forsvinn hovudproblemet i høve til å transportere krafta dit den trengs. No må vi berre bygge ut «tilførselsvegar» til «motorvegen», seier Hatlem og fortel at kapasiteten vil overstige behovet langt fram.

– Når 420 kV-linja er utbygd, vil ein ha den kapasiteten ein kan tenkast å ha bruk for i lang tid. Ein kan nesten ikkje tenkje seg at ein skal fylle kapasiteten 420 kV-linja gjev, seier han og held fram. – Inntil den kjem har ein ikkje høve til å sende meir straum inn på linjenett. Så mange småkraftverk har måtte avvente utbygging. Berre i Førde, Askvoll og Naustdal ligg det småkraftverk på vent med samla estimert produksjon på 132 GWh og effekt på ca 42 MW. For desse er det viktig å starte produksjon innan 2020, for å komme inn under el-sertifikatordninga. Om ein ikkje gjer det, kan det føre til at mange av desse ikkje blir lønsame å bygge ut. 430 millionar til dei neste 10 åra // – Kva investeringar må til i nettet dykkar for å stå klar til å møte framtidas krav? – Om all planlagt småkraftutbygging kjem må vi bygge ut og ruste opp linjer for 430 millionar dei neste fem åra. Og uansett må vi bruke 30-50 millionar kroner i året berre for å fornye dagens nett, seier Hatlem, og fortel at utgiftene til fornying av linjenettet har auka monnaleg dei siste åra. – Blant anna grunna strengare krav til leveringstryggleik og kvalitet, som gjer linjene meir robuste og tjukke. Det verkar som vi har ei utvikling mot meir ekstremt vêr, som vi må ta høgde for, seier Hatlem, og fortel at ein får betaling for investeringane.

– Sunnfjord Energi har veldig god leveringstryggleik i dag. 99,97 prosent. Dette er på god høgd med landssnittet. – Kor viktig er eit godt linjenett for eit energiselskap? – Dårlege linjenett gjev store overføringstap, som går rett på lønnsemda vår. Og NVE straffar oss med bøter om vi ikkje møter leveringskrava. Ein får òg misnøgde kundar. Sunnfjord Energi ønskjer å vere ein spydspiss for utvikling av næringsliv og industri i vårt område. Men har ein ikkje linjer som møter krava frå desse, så blir ein i staden ein hemsko. Det har vi på alle vis prøvd å unngå, gjennom tunge investeringar i linjenettet vårt. Derfor er det så viktig for oss å ha dyktige fagfolk som er villige til å stå på, og ikkje er redde for ver og vind. Montørane våre er ansiktet vårt utad, og dei gjer ein fantastisk innsats for at alle til ei kvar tid skal ha straum. Vi har også svært observante kundar som ofte varslar oss om feil i nettet. Det gjer at vi kan løyse problema raskare enn vi sjølv kunne klart utan tilbakemelding. I tillegg samarbeider vi godt med naboenergiverka våre, slik at ikkje grensesnitta mellom oss skulle bli nedprioritert. Tvert om har dei blir prioritert opp, takka vere gode samarbeid, slik at vi har sterkare linjer inn i området vårt.

– Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert 200 millionar kroner i utbygging av linjenettet, seier nettsjef Oddvar Hatlem.

100 ÅR I JØLSTRA // 47


– Vår viktigaste fornybare ressurs er folk, seier personalsjef i Sunnfjord Energi, Marit Moene. I bakgrunnen står studentane Vanessa Cristal Salvador Eide og André Gjesdal Håkonshellen i elkraftlaboratoriet på Kronborg i Førde.

Folk er den viktigaste fornybare ressursen vår Det er lett å tru at vasskraft er den viktigaste ressursen til Sunnfjord Energi. Men utan kloke hovud og flinke hender til å forvalte vasskrafta, så vitrar verdiane bort. Jakta på desse kloke hovuda var kimen til eit nytt høgskulestudium i Førde i 2012.

DEN LOKALE kraftbransjen var nemleg sentrale i å få eit nytt el-ingeniørstudium opp og gå på Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde. – For vår del dukka tanken opp i eit møte vår tidlegare nettsjef, Helge Robert Midtbø og eg hadde. Sunnfjord Energi søkte etter folk med bachelor i elkraft, men vi sat att med eit så tynt søkjargrunnlag til stillingane at vi byrja å diskutere korleis vi skulle løyse rekrutteringsproblemet. Ein av tankane vi gjorde var at vi skulle hatt ei lokal el-ingeniørutdanning, seier Marit Moene, personalsjef i Sunnfjord Energi. Og den tanken var det fleire i kraftbransjen som hadde. – Ideen sprang ut frå kraftselskapa i Sogn og Fjordane, som såg eit veksande behov for elkraftutdanna ingeniørar. Og det er ikkje berre vår bransje som vil ha tak i desse ingeniørane, det er ein hard kamp om folk med slik kompetanse, seier Moene. Brei støtte // Eit potensielt elkraft-ingeniørstudie fekk raskt brei støtte i næringslivet. I 2011 var Sunnfjord Energi og SFE blant aktørane som garanterte for 12 millionar kroner, som skulle bidra til å skaffe arbeidskraft på eit felt som skrik etter ingeniørar. – Første kullet byrja på studiet ingeniør elektroenergi, elkraft og miljø i 2012. Forkurs og første året er felles på alle ingeniørutdanningane i Førde, så kan ein dei to siste åra spesialisere seg innan energiforsyning, seier ho. – Sunnfjord Energi og andre kraftselskap bidreg

48 // 100 ÅR I JØLSTRA

finansielt. Men vi er også inne på andre vis: Vi bidreg med gjesteforelesarar, støtte til fagleg utvikling av programmet, vi tilbyr studentane sommarjobb, og bidreg med prosjekt- og bacheloroppgåver. I tillegg er vi aktivt inne i rekruttering av så vel lærekrefter som studentar til studie, fortel ho. Etterkvart kom fleire aktørar til for å hjelpe med finansiering. Hausten 2013 kom lovde kunnskapsminister Kristin Halvorsen finansiering av 20 nye studieplassar til bacheloren i el-fag over statsbudsjettet. Og for å gjere studiet så relevant og attraktivt som mogleg, gjekk ein og til anskaffing av den mest moderne el-laben i Norge. – El-laben gjev studentane god og relevant trening for arbeidslivet. Den kosta åtte-ni millionar kroner, og vart gjort mogleg blant anna med støtte frå kraftbransjen og Sparebanken Sogn og Fjordane. Ellaben vart etablert på Fagskulen i Førde, og vert nytta både av Fagskulen og Høgskulen i undervisninga. Planen er at den også skal kunne nyttast til kursing, slik at våre tilsette lettare kan få vedlikehalde kunnskapane sine, seier ho. Styrkar kjernekompetansen // Moene er ikkje i tvil om verdien av studiet. – Elkraft er Sunnfjord Energi sin kjernekompetanse, ein kompetanse vi har bygd opp gjennom 100 år. Skal vi vere her i 100 nye år er det kritisk å ha personar med fagkompetanse innan fagfeltet vårt: Produksjon og distribusjon av elkraft. Sunnfjord Energi og andre kraftselskap må ha kloke hovud og flinke hender, slik at vi kan utnytte

Foto // Roy Sunde

Namn: Marit Moene Alder: 48 Yrke: Personalsjef Sunnfjord Energi Kommune: Førde

100 ÅR I JØLSTRA // 49


Dei som har røter her, blir også meir stabil arbeidskraft, og erfaring er viktig i kraftbransjen

ressursane som ligg utom stovedøra vår på ein god og bærekraftig måte, og som både bidreg til verdiskaping og tek i vare naturen, seier ho. Sunnfjord Energi har 25 ingeniørar på ulike fagområde. Behovet for nye er konstant. – Snittalderen til ingeniørane er relativt høg, så i løpet av ein ti års tid vil nok mange av desse måtte erstattast, i tillegg til at vi treng fleire om vi skal halde fram å vekse som selskap. Vi har nok av regn og vatn. Men det er essensielt å ha menneske som kan forvalte krafta, maskinene og linjenettet vårt. Utan dei blir det inga verdiskaping. Folk er vår viktigaste ressurs. Den må vi ta vare på, foredle og vidareutvikle. I det perspektivet er elkraftstudiet viktig. Vi sår der no, i håp om å hauste i framtida, seier ho, og fortel kvifor det er så viktig å ha ein lokal rekrutteringsarena. – Det er hard kamp om ingeniørar, frå mange bransjar, og det er ikkje like enkelt å lokke folk hit frå andre stadar i landet. Lokal forankring er ein viktig faktor for å lette rekrutteringsarbeidet. Det er lettare å få personar med røter her i frå til å ønske ei karriere her. Vi tenkjer at når lokal ungdom får utdanninga på heimebane, blir det lettare å få tak i dei som arbeidskraft. Det er årsaka til denne satsinga, seier ho. – Dei som har røter her blir også meir stabil arbeidskraft, og erfaring er viktig i kraftbransjen. Difor er lokal ungdom vår viktigaste ressurs. Sunnfjord Energi driv med langsiktig perspektiv, så kombinasjonen av folk med lokalkunnskap og fagkunnskap er viktig for oss. Veksande behov // Studiet har eit stort potensiale for rekruttering framover. – Utdanninga er treårig. Kvart kull har 15-20 studentar. Totalt er det 60 potensielle elkraftingeniørar i studiet per no, og første kull blir uteksaminert neste sommar, seier ho, og fortel at dei alt har byrja bli kjent med studentane. – I år kjem fem studentar frå det første kullet på studiet inn som sommarvikarar i Sunnfjord Energi. Nokre av desse kjem frå yrkesfagleg utdanning, andre frå allmennfagleg retning frå vidaregåande skule. Vi legg opp til at dei som kjem utan praktisk yrkesutdanning i botn får vere med montørane ut i felten først, og så jobbar dei i lag med ingeniørane på ulike prosjekt etterpå. Målet er å lage kombinasjonar av erfaringar dei kan nytte seg av vidare i studiet. – Kva kjem desse el-ingeniørane til å jobbe med når dei skal ut i arbeidslivet? – Framover ligg det store utfordringar for Sunnfjord Energi i form av utvikling i nettet. Vi går mot eit meir fleksibelt straumsystem, og teknologisk utvikling vil medføre store endringar i korleis vi utnyttar ressursane. Mange av framtidas ingeniørar vil jobbe med planlegging knytt til dette arbeidet. Vi

50 // 100 ÅR I JØLSTRA

skal både bygge nytt nett, vedlikehalde det gamle nettet, og samstundes gå mot eit meir «smartare» nett, Vår oppgåve er det vi kallar «lys i pæra»; alle skal ha straum til ei kvar tid slik at samfunnet og all infrastruktur fungerer. Vi skal først og fremst sikre bustader, næringsbygg, sjukehus, industri og kommunikasjon. Ikkje minst telekommunikasjon som telefon, datanett, radio og TV skal fungere. Og vi skal unngå brot eller forstyrringar på forsyninga så samfunnet ikkje stoppar opp eller det oppstår skade på folk og utstyr. Sunnfjord Energi har høg oppetid i nettet. Bak dette ligg ein sterk innsats og eit kontinuerleg fokus på stabil forsyning og beredskap. Ingeniørane har difor også ei viktig rolle i beredskapsorganisasjonen vår avsluttar Moene.

Sunnfjord Energi AS Vanlege kraftuttrykk: Kilowatt (kW) er den mest bruke måleeininga for effekt: 1 kW er tusen watt, eller 1,360 hestekraft. Kilowattime (kWh) er ei eining for måling av energimengd, og tilsvarar eit effektforbruk på ein kilowatt over ein periode på ein time. Eininga blir nytta for å måle elektrisk energi, produksjonsmengde eller forbruksmengde. Kilowattime er den vanlegaste eininga for straumforbruk. Kostnaden blir gitt opp i kroner per kilowattime (kr/kWh). Ein vanleg norsk einebustad brukar mellom 16.000 og 25.000 kWh per år.

1997 Sunnfjord Energi 1992 Gaular Kraftlag 1939 Sunnfjord Elektrisitetsverk 1985 Jølster Kraftlag 1949 Driva Kraftlag Førde og Naustdal Elektrisitetsverk 1975

Megawatt (MW) er ein million watt. Megawatt er ein mykje brukt måleining for effekt, og nyttast blant anna til å angi effekten til mindre kraftverk.

Naustdal komm. Elektrisitetsverk 1933 Hovefossen Elektrisitetsverk 1915

Megawattime (MWh) vert brukt til å angi større straumforbruk, for eksempel årleg forbruk i bedrifter og årleg produksjon i mindre kraftverk. Gigawatt (GW): 1 milliard watt. Gigawatt nyttast blant anna til å angi effekt i store kraftverk. Den korresponderande eininga for energi er gigawattime (GWh), som er ein million kilowattimar. Ein gigawattime (GWh) tilsvarar omtrent det årlege forbruket til 50 norske hushald. 1 GWh er lik 1000 MWh. Terawatt (TW): 1 billion watt. Ein terawatt representerer ein så stor effekt at eininga nyttast lite. Den korresponderande energieininga Terawattime (TWh) brukast til å angi for eksempel straumforbruket i byar og nasjonar. Til dømes er ein terawattime forbruket til ein by på storleik med Drammen i løpet av eit år. Norge sitt totalforbruk var i 2008 til dømes 135 TWh.

Førde Komm. Elektrisitetsverk 1914 Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk 1984 Solund Kraftlag 1945 Hyllestad Kraftlag 1939 Fjalerkraft 1951 Dale Sokn Elektrisitetsverk 1916 1980 Fure og Våge Kraftlag 1939 Sørsida Kraftlag 1945 Gjølanger og Hellevik Kraftlag Guddal Kraftlag 1945 Svultingen 1939 100 ÅR I JØLSTRA // 51


Sunnfjord Energi AS Energihuset Firdavegen 5, 6800 Førde Postadresse: Postboks 123, 6801 Førde Telefon 57 72 23 00 firmapost@sunnfjordenergi.no sunnfjordenergi.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.