M책lretta kreativitet -metodar for verdiskaping
Invitasjon til kveldsseminar onsdag 1.oktober 2014
Kreativitet og prosessleiing
Vi inviterer næringsliv og offentlege aktørar til kveldsseminar der temaet er kreativitet og prosessleiing. Føremålet er å gje deltakarane ei innføring i verkty for strukturert planlegging, optimalisering og beslutning. Dette er metodar som organisasjonar kan ha stor nytte av i prosess- og prosjektarbeid. Typiske bruksområde: • Produkt- og tenesteutvikling • Spore prosjekt inn på økonomiske og optimale løysingar • Etablere brukardeltaking, forankre prosjekt og prosessar • Få i gang prosjekt som har "låst seg" • Etablere grunnlag for beslutning
Program 1.
Innleiing ved Jan Støfring (SNU) og Kjell Inge Solhaug (Norconsult)
2.
Kreative prosessar og prosessleiing - Foredrag av Ph.d. Sebastiano Lombardo frå Norconsult
3.
Pause - enkel servering
4.
Eksempel frå aktuelle prosessar - Ph.d. Sebastiano Lombardo
5.
Oppsummering ved Jan Støfring og Kjell Inge Solhaug
6.
Samtalar og drøftingar mellom deltakarane.
Om dette skulle vere av interesse for dykkar organisasjon vil Sebastiano Lombardo vere tilgjengeleg for vidare samtalar og drøftingar torsdag 2.oktober. Ta kontakt med Lars Vegsund på telefon/e-post i forkant eller direkte på seminaret om de ønskjer å avtale ein time.
Praktiske opplysningar Tid: 1.oktober 2014, kl. 17:30 til 21:00 Stad: Rådhuset - Bystyresalen, Førde. Seminaret er gratis, påmelding ved å sende ein e-post til: Jan Støfring:
jan@sunnfjord.no
eller Linn Grepstad Nes:
ligne@norconsult.no
Kontakt: Lars Vegsund er tilgjengeleg på tlf. 45 40 46 86 eller e-post laveg@norconsult.no om de ønskjer meir informasjon om arrangementet.
Internett: www.snu.sunnfjord.no
Sunnfjord Næringsutvikling AS er tiltaksapparatet til kommunane Førde, Gaular, Jølster, Naustdal og næringslivet i dei fire kommunane. Næringsselskapet har som føremål å ta initiativ til næringsprosjekt og medverke til større næringsaktivitet i regionen gjennom utvikling av eksisterande næringsliv og hjelp til etablerarar. Norconsult er Norges og eitt av Nordens største tverrfaglege rådgjevande firma innan samfunnsplanlegging og prosjektering. Firmaet bidrar til eit bærekraftig samfunn gjennom forankra og målretta rådgjeving, frå idéutvikling og overordna planar til prosjektering og driftsstøtte. Norconsult har eit solid fotfeste både nasjonalt og internasjonalt, verksemda blir driven ved 49 kontor i Norge og gjennom dotterselskap i Norge, Sverige, Danmark, Afrika, Asia og Sør-Amerika. Sebastiano Lombardo er leiar for seksjon for Innovasjonsledelse og har sidan 2009 vore leiar for Innovasjonsprogrammet i Norconsult, med særleg fokus på bruk av kreativ metodikk i prosjekt- og organisasjonssamanheng. Han har sidan 2005 designa og leia ei rekkje store og komplekse innovasjons- og strategiprosessar for selskapet i ulike bransjar i inn- og utland. Han har ein Ph.d. frå Handelshøgskulen BI og er gjesteførelesar ved fleire høgskular og universitet.
Norconsult AS v/Kjell Inge Solhaug
Sunnfjord Næringsutvikling v/Jan Støfring