Tarjei Vesaas (1897−1970)
Fall Nattoget stilnar etter kvart. Ikkje farten, den er like hissig heile tida – små blå lyn sprett frå luftledninga i den våte, svarte seinkvelden, og det syng i hjula og dirrar i heile toget – nattoget går som ein veldig foss. Men inne i dei lange vognene stilnar det. Nattkonduktøren har dregi ned gardinene i gangen, til teikn på at det er sovetid. Gangen var nyleg full av folk. Tollarar og passembetsmenn hadde silt dei reisande og funni alt i orden, men sidan stod dei reisande i gangen endå eit tak, kvar utfor sin kupé. Las aviser, stirte. Røykte, stirte. Tala med villframande kupékameratar, eller tagde og granska dei. Så vart den eine etter den andre borte bak klikkande glidedører – og no er der tomt i gangen, den siste reisande har gått inn. Han går inn og er sist, men endå ein gong må han sjå mot døra for enden av gangen. Døra ut. Det er ingen ting særs å sjå. Dei svære messinghaspene og handtaka står i dei vinklane dei skal. Utanfor er natta. Døra slår ut når ho blir opna, han får ikkje auga frå henne. Denna døra som stuper rett ut i døden. Det er det nervøse hjartet mitt, tenker han. Hald no fred. Han høyrer korleis det dunkar. Det held ikkje fred. Kva i verda skulle eg inn på dette nattoget etter! Korleis var det eg kom her? Han tenker etter. Eg hadde slett ikkje vilja reist. Men i siste liten kjøpte eg billett og sprang innpå. Og billett fekk eg med ein gong, endå det er stortrafikk. Det var ikkje rett. Så så, det er nervane, detta. Du tenkte på å reise, det er ingen ting å ta i veg for. Skal du ikkje inn til køya di? Dei andre der ventar sikkert på deg, for å få ro og fred til å sova. Han tvikar. Står med hand på dørgrepet. Den øyde vogngangen slingrar. Lampene lyser forlatne. Det skvalpar i ein vasskaraffel. Under ein slamrar og høgg det mot skjenene. Toget går med høgste fart. No er det den visse død å falle av. Still no – Det må falle ein av toget i natt.
− − − − kom i hug at det er nervane. Men det kan ikkje forklarast. Du kjenner at ein må falle av. Du kan då vel rope opp, om nokon vil ta deg! Det er ikkje visst. Kva har dei gjort dei andre? Ingen har høyrt eit rop. Det har vore reint for stridt i det siste, tenker han. Det har teki meg inn til beinet. Du får bremse. Gå inn og legg deg som eit anna menneske. Men det kan ikkje forklarast. Trur du ikkje dei tenkte på det dei andre her òg i kveld? Høyrde du ikkje kor dei haspa og stengde seg inn. Og høyr toget. Det er underleg med toget og med natta. Ja, gå inn og legg deg. Sjå det! Valnande ser han at det er ingen der inne. Han blir åleine i kupeen. Han har en tredjeklasses kupé med tre køyer. Dei er tomme alle saman.