Per Gynt

Page 1

Per Gynt Segna om Per Gynt tilhøyrer Asbjørnsens samling Norske HulderEventyr og Folkesagn (1870). Asbjørnsens dikteriske evner kjem til uttrykk i rammeforteljinga. Henrik Ibsen brukte denne segna i det lyriske dramaet sitt Peer Gynt.

Per Gynt og Bøygen. Bildeadresse: http://digitaltmuseum.no/folder/1467

No kom ikkje Anders på meir som han meinte det var verdt å tale om. Eg bad derfor Per Fuggelskjellet om å fortelje noko. Før på kvelden hadde han på ein livleg og særmerkt måte fortalt eit par jakthistorier. Han talde svært fort, av og til stotra og stamma han litt, så flaut talen raskare igjen. Minespelet var levande, og tonefallet følgde nøye innhaldet i forteljinga. "Ja, eg kunne nok fortelje deg nokre stubbar", svarte han og la hovudet litt på skakke og myste med auga." Eg kunne fortelje historier som gamle folk trur på, og som dei seier har gått for seg i gamle tider. Men du trur vel det er berre løgn, og derfor vil eg fortelje deg ei soge som heller ikkje vi trur på." Per Gynt og Bøygen "Det var ein skyttar i Kvam i gamle dagar", tok han til, "og han heitte Per Gynt. Han låg støtt inni fjellet, og der skaut han både bjørn og elg. For i dei tidene var det meir skog på fjellet. Der heldt det til slik styggedom. Så var det ein gong seint på hausten, lenge etter at folk hadde flytta frå setra for året, at han Per skulle til fjellet. Alt folket hadde reist heim att frå fjellet så nær som tre budeier. Då han kom opp imot Høvringen – for der skulle han vere i ei seter om natta -, var det så mørkt at han kunne ikkje sjå ei hand framfor seg, og hunden tok til å stormgøy så det var reint fælt. Rett som det var, kom han innpå noko, og då han tok bortpå det, var det både kaldt og sleipt og stort. Han trudde ikkje han var kommen av vegen heller, så han kunne ikkje vite kva det var. Men uhyggeleg var det. "Kven er dette?" sa han Per, for han kjende det røyrde på seg. "Å, det er Bøygen", svarte det att. Med det var han Per Gynt like klok, men han gjekk utmed det eit stykke, "for ein stad lyt eg vel komme fram", tenkte han. Best det var, kom han innpå noko att, og då han tok bortpå det, var det både stort og kaldt og sleipt. "Kven er det?" sa han Per Gynt. "Å, det er Bøygen", svarte det att. "Ja, enten du er rett eller bøygd, så lyt du sleppe meg fram", sa han Per, for han skjønte at han gjekk i ring og at Bøygen hadde ringa seg om selet. Dermed lea Bøygen litt på seg, så vidt at han Per kom fram til selet. Då han kom inn, var det ikkje lysare der enn ute. Han fór og fomla omkring veggane og skulle sette frå seg børsa og legge ned skreppa, men best han gjekk og trivla seg fram, kjende han dette kalde og store og sleipe att. "Kven er det?" ropte han Per Gynt. "Å, det er den store Bøygen", svarte det. Og kor han tok, og kor han baud til å gå, så kjende han ringen av Bøygen. "Her er det nok ikkje godt å vere", tenkte Per Gynt, "sidan denne Bøygen er både ute og inne. Men eg skal saktens få skikk på denne tverrbleigen!" Så tok han børsa og gjekk ut att, og trivla seg fram til han fann skallen på han. "Kva er du for ein?" sa han Per.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.