Soga om Tristram og Isond (utdrag) Straks etter blei det gjort drustelege førebuingar for reisa til jomfrua og Tristram. Og dronninga gjorde i stand ein hemmeleg drikk, omhugsamt laga av mange slags blomstrar og urter, og med magisk kraft. Ho laga han slik at han vekte så sterk elskhug at ingen levande mann som drakk av han, kunne unngå å elske den kvinna så lenge han levde, som drakk saman med han. Dronninga fylte denne drikken på ein liten kagge, og sa til den jenta som skulle vere i jomfru Isonds teneste, og som heitte Bringvet: "Bringvet, ta godt vare på denne vesle kaggen. Du skal følgje med dotter mi. Og fyrste natta kongen og ho ligg saman og han bed om vin, då skal du gje dei begge to av denne drikken." Bringvet svara: "Gjerne, mi frue, slik som De bestemmer." Så drog dei vel budde og utstyrte ned til skipa, og kongen og dronninga følgde dottera si. Floda gjekk då opp i elva. Det var då mange som gret fordi ho drog bort, både menn og kvinner, som var barnefødde i nærleiken. For Isond var omtykt og godt lika av alle fordi ho var høvisk og smålåten. Då jomfru Isond var komen om bord, heiste dei segl og sette til havs med den beste bør. Men jomfrua gret og klaga over at ho på grunn av ukjende folk hadde mist frendar, vener og fedreland, og dessutan den store kjærleiken ho hadde hatt frå far sin og mor si. Ho lika dårleg desse skifta, sukka av heile sitt hjarte og sa: "Eg ville mykje heller vere død enn komen hit." Men Tristram trøysta henne venleg. No segla Tristram over havet, og det var fagert og varmt ver. Han blei tyrst, og bad om vin til å drikke. Ein av tenarane hans sprang straks opp og fylte begeret fra den vesle kaggen som dronninga hadde gjeve Bringvet til å ta vare på. Tristram tok imot begeret, og drakk halvparten. Så lét han jomfrua drikke det som var att i begeret. Dei blir no begge svikne av den drikken dei naut, fordi tenaren gjorde feil. Slik blei dei dømde til eit liv i sorg og plage, og ei lang sut med kroppsleg lyst og æveleg lengt. Heile Tristrams hug blei no vend mot Isond, og hennar hug mot han, med slik brennande kjærleik at det ikkje fanst boteråd mot det. No segla dei med alle segla oppe beine vegen til England, og snart sa riddarane at dei såg land stige opp av hav. Alle blei glade, bortsett fra Tristram, som var fylt av kjærleik, for dersom det hadde vore slik
1/2