Mitt Hjelmeland nr. 02/2015

Page 1

FEKTAR I NOREGSTOPPEN

ILLUSTRATØR MED SÆREIGEN STREK

2. utgåve, desember 2015 | 3. årgang

Mitt Hjelmeland gratis lokalmagasin – 100 % Hjelmeland


Avskjed

Museumstun

04

05

Tryggleik

Ordførarar

09

11

Reklametrykk

13

Me gav deg dei gode historiene! 100 % Hjelmeland

Vegard Terøy

Morten Hetland

Nazir Safi

Mitt Hjelmeland 2 |

Christian L. Munthe

Mitt Hjelmeland 2. utgåve, desember 2015 | 3. årgang Lokalmagasin for Hjelmeland i Ryfylke. Utgjeve i samarbeid mellom:

Hetland Media

Geir Magne Staurland

| desember 2015

Adresse: Prestagarden, 4130 Hjelmeland Telefonnummer: 938 47 794 E-post: chlamu77@gmail.com

FAKTURA


ANSVARLEG REDAKTØR OG JOURNALIST Vegard Terøy

DAGLEG LEIAR, JOURNALIST, GRAFIKAR OG MARKNADSSJEF Morten Hetland

Fekting

På bygdebesøk: Jøsenfjorden

16

20

Blomsterhandlar

Julesegn

22

25

Mekkeklubb

Illustratør

26

29

POSTADRESSE

Mitt Hjelmeland v/Hetland Media Eikehaugen 41 4139 Fister

E-POST

post@mitt-hjelmeland.no

JOURNALISTAR

Geir Magne Staurland Nazir Safi

NETTSTAD

ILLUSTRATØR

TELEFON

mitt-hjelmeland.no

Christian Laugaland Munthe

Redaksjon: Marknad:

92 48 72 77 45 43 69 05

Mitt Hjelmeland er trykka etter svært strenge miljøkrav. Papiret er svanemerka og 100 prosent resirkulerbart.

Innhaldet i Mitt Hjelmeland er verna av mellom anna lov om opphavsrett. Tekst og bilete kan ikkje kopierast, reproduserast, republiserast eller brukast på nokon annan måte utan skriftleg førehandsgodkjenning frå dei respektive opphavspersonane. Trykkeri: LaserTrykk.no – Opplag: 2.000 eksemplar

desember 2015 | Mitt Hjelmeland

| 3


AVSKJED

TAKK FOR OSS!

I JANUAR 2013 SKAPTE VEGARD TERØY OG MORTEN HETLAND IDÉEN OM MITT HJELMELAND. ETTER TRE ÅR KJEM VÅRT 8. OG ALLER SISTE MAGASIN. Idéen var enkel: Eit magasin for folk og bedrifter i Hjelmeland kommune. Visjonen var «100 % Hjelmeland», og det har me sanneleg greidd å halda: Alle annonsørane, alle skribentane og alle me har skrive om har nær eller fjernare tilknyting til Hjelmeland Litt surt var sjølvsagt då magasinet Mitt Ryfylke, med liknande namn og tilsvarande konsept, kom ramlande ned i postkassane i distriktet berre nokre veker etter vårt første blad. Meir enn éin gong har redaktøren vår klødd seg i hovudet av at Mitt Ryfylke publiserte reportasjar som me helst ville vera først med. Når me no legg inn årene, ynskjer me sjølvsagt Mitt Ryfylke lukka til vidare.

Me har fått med oss mange minnerike opplevingar, som å kjøra land og strand rundt for å distribuera magasinet i kvar krik og krok i kommunen. Me har fått eit spanande innblikk i kvardagen i ulike bedrifter i Hjelmeland, og me har kome litt tettare innpå folket som bur her. Takk til alle som ville snakka med oss!

Vegard Terøy

Morten Hetland

Det har vore utfordrande å kombinera full jobb og/eller studier med å skriva, fotografera, illustrera og utforma Mitt Hjelmeland, men me har gjort det for deg som lesar, og ikkje minst fordi det har vore eit spanande og lærerikt prosjekt for oss fem har stått bak «to the bitter end». TAKK FOR OSS!

Nazir Safi

Christian L. Munthe

Geir Magne Staurland

Rutetrafikk og charterturar

Frisør – Healer – Refleksolog Osa bru – 4130 Hjelmeland Jorunn Alvær Hauge Tlf. 51 75 22 10 / 905 71 332

Tlf. 901 03 555 www.helgoy.no

Ta k k f o r o s s ! 100 % Hjelmeland

Partnerregnskap AS - Autorisert Regnskapsførerselskap Avdeling Jørpeland, telefon +47 51 74 14 00. Avdeling Årdal, telefon: +47 51 75 42 50 E-post firmapost@partnerregnskap.no - www.partnerregnskap.no

Mitt Hjelmeland 4 |

| desember 2015

Dei gode historiene ligg framleis i arkivet på mitt-hjelmeland.no


MUSEUMSTUN

Ærverdige Vigatunet Tekst og foto: Morten Hetland Foto: Vegard Terøy

«FURET, VÆRBITT…»: Eldhuset i Vigatunet blei restaurert i 2009–2010, men er framleis sterkt prega av tidas tann. Foto: Morten Hetland desember 2015 | Mitt Hjelmeland

V

RYFYLKEMUSEET SITT MUSEUMSTUN I VIGA HAR HØG KULTURHISTORISK VERDI. DEI FLESTE MUSEUMSBYGNINGANE I VIGA DANNAR EIT TETT TUN, SOM HAR STÅTT SLIK SIDAN 1821.

| 5


TETT TUN: Viga var éin av dei største gardane i Hjelmeland, sjølv om det var trongt mellom bygningane. (Foto: Vegard Terøy)

MANGE GJENSTANDAR: I Vigatunet finn ein om lag 2.000 gjenstandar som er knytt til livet på garden, mellom anna desse mjølkespanna. (Foto: Morten Hetland) Museumsanlegget i Viga består av seks bygningar i eitt tett tun, i tillegg til tørkehus, kvernhus og naust utanfor tunet. I løpet av 2014 var det snautt 500 besøkande i Vigatunet. I skriftlege kjelder kan ein følgja garden tilbake til 1500-talet, men slik tunet står no blei det sjåande ut etter den siste utskiftinga i 1821. Mitt Hjelmeland 6 |

– Bygningane i Viga representerer høg aldersverdi, og syner utviklinga av tradisjonshandverk og byggjeskikk over fleire hundre år. I tillegg representerer bygningane ein typisk lokal byggjetradisjon med lafta stover, fjos og mathus, med stavkonstruksjon i uthusbygningane og med helletekte tak, fortel bygningsantikvar Grete Holmboe.

| desember 2015

FRUKT-GARD: Vigatunet har rike frukttradisjonar. (Foto: Morten Hetland) Museumsbygningane i Viga var lenge nedprioriterte av Ryfylkemuseet, men i 2009 sette museet i gang eit omfattande restaureringsarbeid etter gammal byggeskikk og gamle metodar. Trass i at ein del av bygningsmateriala er skifta ut i restaureringsarbeida, vitnar Vigatunet framleis om korleis ryfylkingane levde i farne tider.


TIDSVITNE: I Vigatunet er det nesten som om tida har stått stille, i alle fall om ein skal tru dette timeglaset. (Foto: Morten Hetland)

ELDHUSET: Etter restaureringa kan Eldhuset brukast til steiking av syrekaker og potetkaker. Anna Sæbø viser korleis det skal gjerast. (Foto: Morten Hetland)

HOGGESTABBE: Øksa og hoggestabben står klar i vedskuten i Stovehuset. Bak ligg Sissela-stova. (Foto: Vegard Terøy) MATLAGRING: Stabburet står som eit vitne på tidlegare tradisjonar med langtidslagring av mat i eigna mathus i gardstunet. (Foto: Vegard Terøy)

FRUKTHISTORIE: Ein gammal steingard skil hovudhuset på garden frå den frukthistoriske hagen, som blei opna i 1990. (Foto: Vegard Terøy)

GAMMALT OG NYTT: Både Løa (nærast) og Stovehuset har blitt restaurert av handverkarane til Ryfylkemuseet i nyare tid. (Foto: Vegard Terøy)

desember 2015 | Mitt Hjelmeland

| 7


Arbeidsglede. Forberedt. Ryddig. Effektiv.

RYFYLKE

www.tsmaskin.no

Vi er glade og stolte over å ha fått nye kollegaer fra tidligere Magnar Ur AS og Brødrene Jørmeland AS med på laget.

Mitt Hjelmeland 8 |

| desember 2015


TRYGGLEIK

VELKOMMEN TIL VÅRT HJELMELAND

EIN KLOK MANN SA EIN GONG: DET ER BERRE ÉIN STAD SOM ER EIN VERKELEG HEIM: DET ER DER EIT MENNESKE KJENNER SEG HEILT TRYGG. Tekst: Vegard Terøy Illustrasjon: Christian L. Munthe

Eg trur det byrja då me gjekk på barneskulen, og det varte i alle fall til godt inn i ungdomsskulealderen. Kanskje lenger. Eg veit ikkje heilt korleis det byrja. Det berre blei slik. Me sykla heimefrå om morgonen, langs Hetlandsvatnet og ned til Fister. Me stansa hos Dagfinn og kjøpte brus og litt å gomla på. Etterpå sykla me opp bakken, til fotballbanen ved skulen. Me spelte i timesvis. Skaut, dribla, sprang og herja. Når me var varme nok, sykla me ned igjen til Dagfinn, kjøpte ein is, og så vidare til Stemmen, badeplassen i enden av Hetlandsvatnet. Me plaska rundt ei stund, dei tøffaste hoppa frå treet, og så var det på an igjen. Butikken, fotball, bading. Om og om igjen. Slik gjekk somrane. Det er slike ting ein hugsar. Alle stader er ei saleg blanding av folk og geografi, hendingar og handlingar. For meg er Årdal sand og sauer. Randøy er brua og Krambulemmen. Hjelmeland sentrum er laurdagshandel og den kleine ungdomsskuletida. Nesvik er ferjekaien. Det kvite huset vårt i Hetlandsbygda er heime, sjølv om eg har flytta ut og vekk. Slik kan ein halda fram: Kvar stad har sitt særpreg. Om ein ser Hjelmeland kommune under eitt, er det lettare å skildra ein heilskap. Kommunen vår er laks og kveite, frukt og samfunnshus,

Tomstad og Magnhild Meltveit Kleppa, ferjelemmar og bedehus, landbruk og jordbruk, fjell og fjord. Alle desse tinga er «mitt» Hjelmeland. Dersom ein skreller vekk alle dei saklege tinga, som handlar om krig og fred og sånt, så må det å koma heim vera det mest komplekse kjenslesamansuriumet i eit menneskesinn. Berre tanken på å koma heim kan fylla ei sliten sjel med ro. Det er som om me har vedteke at ordet «heim» skal vera assosiert med nyvaska flanellsengetøy og lukta av kjøtkaker. Det dreier seg om minne, og om tilhøyrsle. Å koma heim skal vera å koma i tryggleik. I barndommen pleidde eg å gå på oppdagingsferd på ekrer i Hetlandsbygda saman med ein god kamerat. Det var berre to ting me frykta: Jerv og vêrar med store horn. Høyrde me rasling bak ein steingard, så sprang me heim i tryggleik så fort me kunne. Me visste godt kva me var redde for, og det var truleg difor me høyrde det. I verste fall var det ein sau bak gjerdet. Som regel var det ingenting.

Ofte er det slik, at me fryktar det verste, og tenkjer det verste om situasjonar – og om folk… Me har ein utprega tendens til å generalisera, og til å frykta det ukjende. Det er nye tider i verda, og Ryfylke er ikkje unntatt. Hjelmeland kommunestyre har vedteke å busetja 15 flyktningar i 2015 og 25 flyktningar i 2016. Dei har reist frå det kjende, fordi det kjende var farleg, og inn i det ukjende: Inn i «vårt» Hjelmeland. Dei veit ikkje kven Dagfinn eller Magnhild er, kor samfunnshuset ligg, kor ferja går eller korleis komle smakar. For dei er ikkje å koma til Hjelmeland det same som å koma heim. Men det kan bli nettopp det: ein heim. For dei fleste av oss er det stas at nokon synest det er koseleg å koma heim til oss. Me gjer oss flid for å ta vare på gjestene våre. På same måte bør det vera med bygdene me bur i. Me kan alle gjera litt meir for at heimstaden vår skal vera god å koma til, ikkje minst for dei som har barndomsminna sine på ein annan kant av verda.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland

| 9


Entreprenør

Lokaltransport

Langtransport Kva kan me hjelpa deg med?

Ullestad og Jansen Transport AS, Viganeset sør, 4130 Hjelmeland | tlf. 51 75 00 55

www.ujtransport.no | lars.gunnar@ujtransport.no

VIGANESET BIL, BÅT OG L ANDBRUK AS

Godkjent bil-og traktorverkstad • Service og reparasjon på alle bilmerke, båtar, traktorar og landbruksutstyr • EU-kontroll opp til 7.500 kg • Reparasjon/lakkering av småskadar på karosseri • Dekksal + utstyr for TPMS + dekkhotell • Pressing av hydraulikkslangar • Oljer og batteri til konkurransedyktige prisar • Diagnose på dei fleste bilmerke, nye som gamle Opningstider: Måndag‒fredag 07:30–15:30

Telefon: 908 13 998 post@viganeset.no www.viganeset.no Mitt Hjelmeland 10 |

| desember 2015


ORDFØRARAR

ORDFØRARKLUBBEN FIRE MENN OG ÉI DAME HAR HATT ORDFØRARVERVET I HJELMELAND I DEI SISTE 25 ÅRA. Tekst: Geir Magne Staurland

Mitt Hjelmeland har gjort ei rundspørjing blant dei fem som har vore ordførar i Hjelmeland dei siste 25 åra. 1. Kva er du mest stolt over å ha utretta som ordførar? 2. Kva er Hjelmeland kommune si største utfordring i dag? 3. Kva er det flottaste med Hjelmeland kommune?

Håkon Helgøy

Terje Borgen

Ordførarperiode: 1990–1991

Ordførarperiode: 1992–1995

Foto: Morten Hetland

Foto: Magnar Riveland

1: Eg minnast best at me fekk på plass ferjesambandet HjelmelandNesvik-Skipavik. Ikkje minst ferjeleiet på Ombo kravde gode politiske grep. Eg må òg få nemna at Fister fekk ny skule i denne perioden. 2: Å få fleire til å ynskja å busetja seg i kommunen. Det krev arbeidsplassar, gode kommunikasjonar og god tilgang på bustadtomter.

1: Den viktigaste oppgåva til ein ordførar er å syta for gode tenester til innbyggjarane. God økonomi og eit variert og godt næringsliv er avgjerande for å få dette til. Difor er eg stolt over at me fekk etablert Hjelmeland Næringsutvikling AS, som ein viktig faktor i så måte! 2: Ein sunn og god økonomi. 3: Folk og natur.

3: Trygt og godt oppvekstmiljø!

Terje Thornquist

Trine L. Danielsen

Bjørn Laugaland

Ordførarperiodar: 1995–1999 1999–2003 2003–2007

Ordførarperiode: 2011–2015

Ordførarperiodar: 2007–2011 2015–2019

Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Foto: Morten Hetland

Foto: Morten Hetland

1: Behovet for ein kommunal idrettshall var nok hovudårsaka til mitt politiske engasjement, så eg er svært stolt over at eg kunne oppfylla valløftet og opna idrettshallen i januar 2000. 2: Å vera ein pådrivar og medspelarar i arbeidet med å ta vare på og skapa fleire arbeidsplassar. 3: Det naturen, frå fjord til hei til høgfjell, byr på i all si prakt gjennom dei fire årstidene.

1: Eg er mest stolt av å ha sett i gang ei omstilling av den kommunale drifta, for å gå i økonomisk balanse. Og så er eg stolt av fiber til folket, to ferjer over Jøsenfjorden og det nye sentralidrettsanlegget. 2: Å få unge til å etablera seg her, og både sikra eksisterande og skapa nye arbeidsplassar.

1: Eg var og med på å landa og realisera Ryfast og Svotunellen, og Hjelmeland kommune er framleis ein sjølvstendig kommune. 2: Å få orden på økonomien, utvikla lokaldemokratiet og få i gang arbeidet med næringsutvikling igjen. 3: Folka som bur her er det flottaste. Deretter naturen vår.

3: Vakre bygder, utan forureining, og ein god og trygg stad å bu.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 11


Velkommen innom til ein hyggeleg handel!

Hjelmeland Me har heimelaga sylteflesk, delfiakake, sursild og tomatsild i butikken nå før jul. Me vil ynskja alle våre kundar ei fin julehøgtid og eit godt nytt år!

Måndag–fredag: 08:30-20:00 Laurdag: 08:30-18:00

Coop Marked Årdal Måndag–fredag: 09:00-20:00 Laurdag: 09:00-17:00

Coop Marked Vadla

Opningstider: Måndag–fredag: 08:30-20:00 Laurdag:

Coop Prix Hjelmeland

08:30-18:00

Måndag: 09:30-17:00 Tysdag: 09:00-17:00 Onsdag: 10:00-17:00

Torsdag: 09:00-17:00 Fredag: 10:00-1900 Laurdag: 09:00-15:00

tlf. 51 75 04 11 spar.hjelmeland@spar.no Prestagarden 1, 4130 Hjelmeland

FYLL TANKEN HOS

Leading the blue revolution Fremtiden ligger i havet - rett under overflaten

tlf. 920 51 661

post@randoyolje.no

Mitt Hjelmeland 12 |

D D 95 D

www.randoyolje.no

| desember 2015

HAVNEVIK

Viganeset Sandetorjå

www.marineharvest.com


REKLAMETRYKK

– Det handlar om

å vera synleg Tekst og foto: Morten Hetland

I TJUE ÅR HAR FREDRIKSEN SILKETRYKK PÅ VIGANESET HJELPT STORE OG SMÅ BEDRIFTER MED REKLAMETRYKK, REKLAMEARTIKLAR OG ANNA FIRMAPROFILERING.

V

MANGE FARGAR: Målingsspanna står på oppstilte på rekkje og rad i fabrikken til Fredriksen Silketrykk. Det må mange spann til for å trylla fram alle tenkjelege og utenkjelege fargar. Foto: Morten Hetland desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 13


STØRST I NOREG: Den eine silketrykkmaskinen til Fredriksen Silketrykk er blant dei største i Noreg, og kan trykkja inntil tolv fargar om gongen. Jan Henrik og Inger Fredriksen kontrollerer kvaliteten på trykket, før T-skjortene blir pakka og leverte.

Fredriksen Silketrykk er svært fleksible i produksjonsmåtar, og tilbyr langt fleire teknikkar enn berre silketrykk. – Me har utstyr til brodering, silketrykk, folieskjering, digitaltrykk og tampotrykk, noko som gjer at me kan levera reklametrykk på alt frå flasker, koppar og kulepennar, til bildekor, baggar, capsar og T-skjorter, fortel dagleg leiar Inger Fredriksen, som eig bedrifta saman med mannen Jan Henrik. REKLAMETRYKK I TJUE ÅR I 1995 flytta Jan Henrik Fredriksen til garden Solbjør, om lag 300 meter over havet, i fjellsida over Hetlandsvatnet utanfor Fister. Då byrja han å klargjera fabrikk-lokala til å starta Fredriksen Silketrykk. Inger hadde jobb i Stavanger, men frå sommaren 1996 har både ho og Jan Fredrik budd fast på Solbjør, medan dei har arbeidd i fabrikken på Viganeset. Mitt Hjelmeland 14 |

Eitt snautt år etter oppstarten fekk Inger og Jan Henrik med seg Grete Meltveit, som framleis er éin av dei tre tilsette i bedrifta. Medan Jan Henrik har hovudansvaret for trykkinga, og Grete for broderinga, tek Inger seg stort sett av kontorarbeidet. – Eg gjer førearbeidet klart på PCen, og Jan Henrik og Grete tek seg av trykking og brodering, så me går godt saman, smiler ho. Fredriksen Silketrykk leverer det meste av trykk, brodering, reklameartiklar og bil-dekor til bedriftene i Hjelmeland kommune, men er òg underleverandør til ein større aktør i Stavanger-regionen. – Innan tekstiltrykk har me faktisk éin av dei største silketrykkmaskinane i Noreg, og får difor kundar kringom i heile landet. Maskinen vår trykkjer opptil tolv fargar på likt, for å få den rette effekten på trykket, forklarer Inger.

| desember 2015

MARKNADEN SVINGAR Inger, Jan Henrik og Grete har merka at det no er ein stagnasjon i oljebransjen. Marknaden har svinga veldig i løpet av dei siste 20 åra, noko som sjølvsagt pregar arbeidsdagane på fabrikken. – På det meste hadde me åtte tilsette, og nokre av oss jobba nesten døgnet rundt, for å fylla lasterommet i godsruta til topps nokre gonger i veka. No er me inni ein roleg periode, og har berre tre tilsette igjen, forklarer Inger. – Kvifor merkar dokker denne nedgangstida no? – Det er nok ein kombinasjon av at marknaden generelt er tilbakehalden, samtidig som fabrikkane i Kina har «kome nærare». Dei blir stadig større konkurrentar, og leverer mykje meir til den norske marknaden enn tidlegare, trur Inger. – Men me er nok endå meir fleksible i produksjonsmåtar og har relativt kort leveringstid, legg ho til.


RYFYLKE-BRODERI: Inger viser at med kreativ brodering har slagordet «RYFYLKE HEILT NATURLIGT», fått dobbel betyding.

LOKALE KUNDAR: Fredriksen Silketrykk har mange lokale kundar. Her inspiserer Jan Henrik korleis bil-dekoren blei på ein av dei nyaste lastebilane til Ullestad og Jansen Transport AS. Det er Inger som har utforma dekor-elementet deira, medan Jan Henrik har skore ut folien og montert den på lastebilen.

– MÅ SKILJA SEG UT Sjølv om marknaden ikkje nyttar seg av Fredriksen Silketrykk i like stor grad som før, tvilar ikkje Inger på at det framleis er behov for tenestene deira. – Jobben vår handlar om å hjelpa kunden med å profilera seg så godt som mogleg, tenkjer Inger. Bedrifter i heile verda har for lengst forstått behovet for å vera synlege i marknaden. Inger trekk særleg fram reklamen på klede og kjøretøy. – Dess fleire gonger folk ser ein logo, dess lettare hugsar dei den. Då er det ikkje nok med ei avisannonse som ein ser berre éin gong. Det handlar om å vera synleg, heile tida, for å skilja seg ut i marknaden, konkluderer Inger Fredriksen i Fredriksen Silketrykk. TRUFAST: Grete Meltveit har i snautt tjue år hatt hovudansvaret for både sytrådar og broderingsmønster.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 15


FEKTING

Drøymer om OL Tekst og foto: Morten Hetland

Foto:| Morten Hetland Mitt Hjelmeland 16

TOMAS KRASIKOVAS (30) ER BLANT DEI FIRE BESTE FEKTARANE I NOREG. – OL ER EIN STOR DRAUM FOR MEG, SEIER TOMAS TIL MITT HJELMELAND.

| desember 2015


V

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 17


Men då trenaren fortalde at laget skulle delta i ei fekteturnering utanlands den same sommaren, bad Tomas om å få bli med igjen. – Reisinga blei nok ein avgjerande motivasjon for å starta med fekting igjen. Etter kvart blei det mindre fokus på reising og meir fokus på fekting, og sidan den sommaren har fekting vore ein viktig del av livet mitt, forklarer Tomas. – FEKTING ER LIVET! Då Tomas var i toppform, trena han minst éin time før skuledagen starta, og gjekk rett på trening etter siste skuletime. Med to treningar kvar dag frå måndag til laurdag var det berre treningsfri på sundagen. I tillegg reiste han ofte rundt for å delta i ulike konkurransar og turneringar nesten kvar veke.

Eg slo Rubén Limardo,

vann gull i London-OL i 2012.

som seinare

Tomas Krasikovas (30) er utdanna fekte- og symjetrenar frå Lithuanian Sports University, men jobbar til dagleg som driftsteknikar på Fister Smolt. Han har tidlegare vore aktiv på det litauiske fektelandslaget, og er no blant dei beste fektarane i Noreg. – Eg er ranka på 4. plass blant 89 norske kårde-fektarar, forklarer Tomas, som drøymer om ein billett til i OL i Rio de Janeiro. – Viss eg slår ca. 30 andre fektarar i kvalifiseringskonkurransen i mars, har eg ein sjanse til å koma blant dei to beste, som får delta i OL, legg han til. Mitt Hjelmeland 18 |

SLUTTA ETTER TRE MÅNADER Fektekarrieren til Tomas starta heime i Litauen, då Tomas var 13–14 år gammal, og ein fektetrenar besøkte skulen hans. – Han spurde om nokre av oss ville trena fekting. Eg hadde ikkje peiling på kva det innebar, men blei likevel med. Etter tre månader med kjedeleg teknikktrening kutta eg ut fektinga, smiler han.

Eg hadde ikkje peiling på kva det innebar, men blei likevel med.

| desember 2015

– Då eg var på topp kom eg på 8. plass i juniorklassen i EM i 2003, fortel Tomas stolt, og fortel vidare om gullmedalje blant 283 deltakarar i ein stor, internasjonal fektekonkurranse i Tyskland i 2010. – Då slo eg venezuelanaren Rubén Limardo, som seinare vann gull i OL i London i 2012. I mai 2015 deltok Tomas i Nordisk Mesterskap for seniorar i Malmö, der han slo Bartosz Piasecki i semifinalen, og til slutt enda opp med delt 3. plass blant 103 deltakarar. FYSISK OG MENTALT KREVJANDE Tomas har ein veldig aggressiv fektestil, og går heile tida til angrep på motstandaren, for å vinna kampane så fort som mogleg. – Det er fullt mogleg å vinna ein fektekamp i løpet av drygt ti sekund, men då må ein halda hovudet klart når det gjeld, forklarer Tomas.


– I fekting er det ikkje berre teknikk og fysisk trening som avgjer resultata. Det er først når ein greier å slappa av og behalda roen at ein kan oppnå gode resultat. Då nyttar det ikkje å stressa, slår han fast.

Det er først når ein greier å slappa av og

behalda roen at ein oppnår gode resultat. Med over halvparten av livet sitt som aktiv fektar, deler Tomas velvillig erfaringane sine med neste generasjon fektarar. Dei siste to åra har han trena kadettane og juniorane i Stavanger Fekteklubb to dagar i veka. – I starten var nivået lågt, sidan klubben hadde mangla gode trenarar over lengre tid. Etter at eg tok over, har nivået gradvis gått oppover. Dei unge fektarane har no blitt så flinke at dei kan delta i turneringar og konkurransar. – Det er utruleg kjekt for både vaksne og barn, som får treffa likesinna og nye venner. Fektemiljøet er godt, sosialt og inkluderande, skryt Tomas.

Kårde-fekting • Den største av dei tre greinene innan sportsfekting (kårde, florett og sabel). • Utøvaren får poeng ved å støyta kården i motstandaren med ei kraft på 750 gram. • Heile kroppen er gyldig treff-flate. Det blir altså poeng dersom ein treff både tåa, underarmen og hjartet. • I innleiande rundar blir det fekta i 5-støytskampar (først til fem poeng), eller i tre minutt effektiv tid. • I turneringsrundar og i finalane blir det fekta i 15-støytskampar over 3×3 minutt, med eitt minutt pause mellom kvar omgang. Kjelde: The International Fencing Federation

SIGRA OVER OL-VINNAR: Tomas (t.v.) gjekk til topps blant 283 deltakarar i den internasjonale turneringa Weisser Bär i Berlin i 2010. Her fektar han mot Rubén Limardo frå Venezuela, som to år seinare vann gull i OL i London.

POLSK TURNERING: I 2010 blei Tomas (t.v.) éin av finalistane i den polske turneringa Puchar Barbakanu. Her støyter han kården i polske Zawrotniak Radoslav.

FÅR ALLTID NYE SJANSAR Med kona som manager og støttespelar, og ekstrajobb som trenar for Stavanger Fekteklubb, greier Tomas å behalda fektinga som hobby. – Då eg kom til Noreg i 2011 var kona og sonen igjen i Litauen, mens eg leita etter jobb og bustad. Alt var nytt for meg, og fektinga blei lagt på hylla. Etter to år sa kona mi at eg måtte starta med fekting igjen, så ho melde meg på eit fektestemne i Oslo. Der greidde eg å oppnå ein førsteplass blant om lag førti deltakarar, så det viste seg at teknikken framleis var på plass, smiler Tomas. Men det stoppar ikkje der: I fjor kom Tomas på 21. plass blant 89 deltakarar i EM, og på 70. plass blant 248

deltakarar i verdscupen. Når han i tillegg er blant dei fire beste fektarane i Noreg, kan ein trygt slå fast at Tomas verkeleg tek hobbyen sin på alvor. – Når eg vinn små konkurransar, får eg òg motivasjon til å vinna i større konkurransar. Men så er det heller ikkje så farleg om eg tapar, for eg får alltid nye sjansar, konkluderer Tomas Krasikovas.

Eg oppnådde ein

førsteplass etter to års pause frå fektinga, så teknikken var framleis på plass.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 19


PÅ BYGDEBESØK: JØSENFJORDEN

Mellom bakkar og berg… og Facebook…

IDYLL: Jøsenfjorden er ei lita, idyllisk bygd, lengst nordaust i Hjelmeland. Her ligg Hauga nærast, medan bustadfeltet Mælandsmoen ligg på flaten under Åsen oppe til høgre.

BYGDA LIGG VAKKERT TIL, LIKE VED FJORDEN OG VED FOTEN AV FJELLHEIMEN. MEN NATUREN ER IKKJE DET MEST IMPONERANDE MED JØSENFJORDEN: DET ER FOLKA DER SOM UTGJER FORSKJELLEN. Tekst: Vegard Terøy Foto: Morten Hetland

Ikkje la deg lura av storleiken. Vesle Jøsenfjorden har mykje å by på: Eigen butikk, barnehage med SFO, bustadfelt med ledige tomter, badeplass, båthamn, skytebane og bedehuskapell. Dugnadsanda står sterkt, og folk står på og dreg lasset, anten det skal byggjast grendahus eller arrangerast loppemarknad. Faktisk har «Me får det te!» blitt bygda sitt offisielle slagord. ENGASJERTE INNBYGGJARAR Haldis K. Nilsen er ei av dei som har engasjert seg i bygda. Ho fortel at slagordet kom frå ei gruppe unge som etablerte seg nokolunde samtidig for få år sidan. – I tillegg er det nok eit resultat av tilbakemeldingane me ofte har fått om at «det skjer så mykje hjå dykk», og «dokke får til så mykje». Me har funne vår form, og er glade i tiltak som både er kjekke for folk, og som genererer midlar Mitt Hjelmeland 20 |

til andre gode tiltak, fortel Haldis, som for tida er engasjert i mellom anna fritidsklubben og bedehusstyret. I løpet av berre ei veke i november i år markerte bygda opninga av Moldbakkbrua, i tillegg til at det blei ferdigstilt nytt inngangsparti på bedhuskapellet. – Prislappen var om lag 150.000– 200.000 på kvart av tiltaka, og beggje var finansierte av frivillig innsats og velvillige sponsorar. Då føler me at me får det til, smiler Haldis. NY GIV MED DIGITALE HJELPEMIDDEL Gjennom åra har det svinga både opp og ned i Jøsenfjorden, men etter nokre treige år rundt tusenårsskiftet, er bygda no i siget igjen. Folk flyttar til bygda, nye hus er bygde og fleire ungar blir fødde. Bak ligg hardt arbeid – ikkje berre på soveromma, men òg i digitale flater: Engasjerte innbyggjarar har teke ansvar for å gjera bygda si kjend, og snakka ho opp. Med eigen nettstad og stor aktivitet på Facebook, har bygda gjort ein kjempejobb med å by seg fram til alle som lengtar etter eit liv på landet.

| desember 2015

– Det viktigaste er å ha ein rimeleg og effektiv informasjonskanal til alle som bur eller har tilknyting til fjorden. Me satsar på eit godt forhold til hyttefolka, og dei er ofte deltakarar på det som skjer. Så har me jo lyst til å fortelja omverda at det er fin natur og eit aktivt miljø her. Det er bygdautvalet som har ansvar for den offisielle nettstaden, og så er det interesserte elles som driftar Facebook-sida vår, fortel Haldis. HJELMELAND ELLER SULDAL? Det er særleg eitt spørsmål som har prega debatten i Jøsenfjorden den siste tida: Kva kommune skal dei tilhøyra?

BIDREG I BYGDA: Haldis K. Nilsen tek gjerne eit tak for Jøsenfjorden.


Bygda Jøsenfjorden ligg geografisk nærare Erfjord og Suldal enn Hjelmeland. Ei spørjeundersøking, som blei gjennomført sist vinter viste at eit klart fleirtal av fjordbuane ville til Suldal. – Synspunkta er truleg noko meir samansette, og svara blei nok prega av at Hjelmeland var i samtalar med Strand og Forsand, med mål om å bli éin ny storkommune. Det ville ikkje fjordbuen. Det blir for langt med ei reisetid på 90 minutt mellom Jøsenfjorden og eit nytt kommunesenter på Jørpeland. Likevel er det truleg spørsmålet om skulekrinsar som er viktigast, meiner Haldis. Nabobygda i nord, Erfjord i Suldal kommune, har den næraste skulen, og foreldra i Jøsenfjorden har bede om at ungane kan få bruka nærskulen sin. – Viss skulesaka ikkje løyser seg med ein frivillig avtale, er det berre ei overføring til Suldal som vil hjelpa. Mange vaksne i Jøsenfjorden pendlar nordover på jobb, og då er det mest praktisk å knyta seg til Suldal. Ny bru over Sandsfjorden talar i same retning, meiner ho. MYKJE Å BY PÅ Enn så lenge er folk i Jøsenfjorden ein del av Hjelmeland kommune, og folket der har mykje å visa fram. – Får me framandbesøk, så er ein tur til utkikksposten på Seglet eit must. Så er det kjekt å dra til Førre og til Ulladalen, eller ein tur på butikken og kaien. Og så kjem det an på kva tid på året det er: Bading i elva om sommaren, eller skitur på Gullingen og basar på bedehuset i påsken? Eller kva med ein tur til Ramsfjell, føreslår Haldis. Ho meiner at alle som er på flyttefot bør undersøka bygda hennar nærare. – Jøsenfjorden er ein triveleg plass, der det er lett å koma i kontakt med folk. For arbeidsfolk er det enkelt å pendla til både Hjelmeland og Suldal, og me har kort avstand til både fjord og hei. Og så har me bruk for alle! Er du interessert i å delta i lokalsamfunnet, har me varierte oppgåver å by på, frå skyttarlag og julatrefestkomite til strikkekafé og fiskefestival, avsluttar fjordbu Haldis K. Nilsen.

SANDINDUSTRI: NorStone sender sand frå Jøsenfjorden ut i verda.

BADEPLASS: Sommarstid er det mange kjekke badeplassar i elva Ulla.

MØTEPLASS: Coop Marked Vadla er ein naturleg, uformell møteplass i bygda. Butikkmedarbeidar Olaug Østerhus ekspederer Wenche Natland.

NÆRBARNEHAGE: Bente Tednes Gjil og Svein Carlos Nilsen Gjil set pris på at barna deira får gå i den lokale barnehagen i Jøsenfjorden. Marit Dale (t.v.) takkar Ola Rodrigo og David for i dag. Storesøster Norah har begynt på Hjelmeland skule.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 21


BLOMSTERHANDLAR

JULEPYNT: I adventstida bognar det av juleblomar og julepynt hjå Blomsterhjørna på Sandetorjå. Butikksjef Reidun Larsen er oppteken av at vareutvalet skal følgja sesongane gjennom året. Foto: Morten Hetland

Gåver og blomar

til alle høve Tekst og foto: Morten Hetland Tekst: Vegard Terøy

Viss du har bruk for blomar, og er innanfor kjøreavstand til Hjelmeland sentrum, så er det berre éin plass som gjeld. Anten det er orkidear, roser eller liljer som står på handlelista, så er Blomsterhjørna det naturlege valet. Her kan du i tillegg kjøpa med deg ei gåve. Reidun Larsen har drive blomster- og gåvebutikken i Sandetorjå på Hjelmeland sidan 2003. Mitt Hjelmeland 22 |

– DET ER KJEKT AT FOLK BRUKER OSS I ALLE LIVETS ANLEDNINGAR, SEIER REIDUN LARSEN, SOM DRIV BLOMSTERHJØRNA HJELMELAND AS. – Det er kjempekoseleg å jobba med både blomar, gåver og folk, utbryt Reidun, når Mitt Hjelmeland spør om kva som er det kjekkaste med jobben som blomsterhandlar. Blomsterhjørna Hjelmeland AS har fem tilsette, og er medlem i Interflorakjeden. Blomsterbutikken blir flittig brukt av både innbyggjarar, bedrifter og hyttefolk i Hjelmeland, og Reidun

| desember 2015

og medarbeidarane hennar hjelper deg gjerne med blomar til alle livets høve, frå dåp til bryllaup til gravferd. – Alt kan seiast med blomar, anten ein vil takka for innsatsen, gratulera med dagen eller oppmuntra nokon. Me hjelper folk i oppturar og nedturar. Sjølv om det til dømes aldri er gildt å jobba med ei gravferd, så må det òg gjerast, konkluderer Reidun Larsen.


^ Reidun Larsen fortel at det er viktig å snitta blomane rett for å få dei til å halda lengst mogleg. Roser treng mykje vatn, og må difor skjerast på skrå for å laga ei størst mogleg snittflate. Storleiken på snittflaten avgjer kor mykje vatn og/eller næring blomen greier å ta opp.

<

Maria Førre har jobba som ekstrahjelp hjå Blomsterhjørna i godt og vel eitt år. Ho trivst godt mellom blomar, gåver og folk, og pakkar gjerne inn blomsterbuketten for deg. Viss ein besøker Blomsterhjørna i førjulstida, kjem ein ikkje utanom sesongvarer som julepynt, julelys, julestjerner og julegåver. Her er noko for ein kvar smak.

^

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 23


Foto: Hetland Media

JULEGÅVETIPS: Småstubbar I sal på SPAR Hjelmeland

redigert av Morten Hetland og Vegard Terøy illustrert av Christian L. Munthe

JULETID på Familisøndag

Julebuffet med ribbe og pinnekjøtt hver søndag fra 22. november til 20. desember kl. 13–16.

tlf. 920 51 661

post@randoyolje.no

www.randoyolje.no

Julegaver

Besøk vår nettbutikk for gavekort på www.hjelmelandspa.no eller stikk innom oss. Vi har også mange kjekke gavepakninger med spaprodukter.

Spabehandlinger

Stress ned i førjulstiden. Vi tilbyr behandlinger fra topp til tå. Sjekk vårt nye tilbud om Venninnespa og Damenes Aften på www.hjelmelandspa.no.

Gjestehavn

kr 200 per døgn inklusive strøm

Varierte tenester til ein fornuftig pris:

Bordbestilling/kontakt Tlf. 480 50 600 post@hjelmelandspa.no

Foto

Trykksaker

Nettstad

Følg oss på Facebook

Grafisk formgjeving

www.facebook.com/hjelmelandspa

Sjekk vårt nye nettsted www.hjelmelandspa.no

Logo og grafisk profil

Tekstproduksjon

Digitalisering av film/bilete

Trubadur og underhaldning

tlf. 45 43 69 05 | post@hetlandmedia.no hetlandmedia.no

Mitt Hjelmeland 24 |

| desember 2015


JULESEGN

HULDREJUL PÅ

KVAME

I GAMLE DAGAR KOM HULDREFOLKET UT AV FJELLET I STORE FLOKKAR KVAR JULAFTAN FOR Å FEIRA JULEHØGTIDA I GARDSHUSET PÅ KVAME. Kvame ligg lunt og vakkert under ein bratt fjellvegg på nordaustsida av Steinslandsvatnet, eit stykke ovanfor Hjelmelandsvågen. I denne fjellveggen budde huldrefolket, men kvar julaftan måtte Kvame-folket flytta ut av sitt eige hus, og bu med dyra i fjøset, slik at huset var ledig til huldrene kom. Der festa og dansa dei, og bråka så mykje at heile huset rista. Det er forståeleg at Kvame-folket var misfornøgde med å stå på bar bakke i den kalde desembernatta, men kva anna kunne dei gjera? Ingen av dei våga å ta opp kampen mot trollskapen, og kva kunne dei gjort viss nokon hadde tort? Eitt år hadde folket på Kvame fått seg ein gardsgut som var uvanleg modig. På julaftan, då dei andre byrja å flytta ut av huset, ville ikkje gardsguten vera med. Han lada heller børsa si, og sette seg til rette i stova. Då det byrja å bli mørkt, gjekk gardsguten opp på hemsen, og gøymde seg bak noko vedrask der. Det var daudstille i huset – ikkje ein gong rottene gnog nokon stad. Berre austavinden kvein i husnova no og då. Timane gjekk, og det blei seint for gardsguten, men utpå kvelden kunne han høyra at nokon kom labbande utanfor døra. Døra gjekk opp, og huldrefolket tiska og kviskra. Først stakk ein gamal huldregubbe med langt skjegg nasen sin inn. – Huff, huff… Kristenmanns lukt i huset, sa han. Snart kom heile flokken inn, og det yrte med huldrer i stova.

Dei snusa og leita etter kristenmannen, men dei fann ikkje gardsguten, som låg musestille på hemsen. – Her er det ingen kristenmann. Det berre luktar etter han endå, sa dei andre. Huldrene samla seg rundt huldregubben, som heitte Trond, og så dansa og hoia alle som om dei var galne. På bordet bar dei den finaste julematen som kunne tenkjast, og sølvtøyet og gullstasen skein i månelyset. Gamle Trond sette seg i den eine enden av bordet, og dei andre slo seg ned der det var plass. Før dei byrja å eta, skjenka dei vin i drikkehornet. Trond fekk drikkehornet først. — No skålar me for Trond, sa ein av dei styggaste huldrene. Dette høyrte gardsguten på hemsen, så han sikta på huldregubben med børsa og ropte «Eg skålar for Trond, eg òg!», før han skaut. Skotet trefte godt. Gamle Trond seig daud ned i stolen. Huldrene blei så skremde at dei skvatt opp frå bordet og sette i eit veldig skrik. Det blei eit forferdeleg rabalder; gråt, jammer og forbanningar over kristenmannen som hadde overfalla dei på denne lumske måten. Som ein vind var dei alle ute av huset. Dei hadde det så travelt at dei ikkje ein gong tok med seg gullet og sølvet dei hadde sett fram på bordet. Berre gamle Trond tok dei med seg. Dei fór av garde tilbake til Valafjellet, så fort at dei berre brukte nokre få steg. Dei jamra og bar seg over huldregubben som dei hadde mista, og då dei kom opp i fjellet skreik dei:

– Stussleg jul på Kvame i år! Stussleg jul på Kvame i år! Før dei smatt inn i fjellet slengde dei tre store steinar ned mot Kvame, men heldigvis nådde dei ikkje fram til husa. Steinane blei liggjande i utkanten av bøen, der dei framleis ligg. Då det nærma seg jul året etterpå, torde ikkje huldrene å feira jul på Kvame før dei hadde spurt om lov. – Kan me få feira jul på Kvame som før, men i fred, spurde dei. – Nei, svarte gardsguten, som no hadde slått seg ned på Kvame for godt. Då kom ein huldremann fram i døra i fjellveggen og sa: – Denne døra har vore oppe mange gonger før, men etter denne dag skal ho lukkast. Så kasta han gullnøkkelen i ura under, som i dag blir kalla Torur, og låste døra innanfrå. Sidan er det mange som har leita etter gullnøkkelen i ura, men ingen har funne han. Kvame-folket har ikkje hatt vanskar med huldrene sidan denne gongen, og dei har feira jul heime hjå seg sjølv i ro og fred. Den modige gardsguten kom godt ut av det. Han fekk alt gullet og sølvet som huldrene hadde sett igjen. Ingen har sidan sett noko til huldrene i Valafjellet, men i fjellet kan ein framleis sjå den kvite døra som dei gjekk gjennom. Kvame-folket kallar ho for Huldradørå, og ho vert nok ikkje opna før dommedag. Fleire historier og segner frå Hjelmeland finn du i boka «Småstubbar».

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 25


MEKKEKLUBB

– Sosialt og kjekt Tekst og foto: Morten Hetland

ANNANKVAR MÅNDAG MØTEST 15–25 UNGDOMMAR PÅ FISTER BEDEHUS FOR Å MEKKA, DRØSA, SPELA TV-SPEL, ETA LAPPAR OG DRIKKA BRUS.

Mitt Hjelmeland 26 |

| desember 2015

SPANANDE: – Det er minst like spanande å følgja med på kva andre gjer, meiner Niklas Svendsen (nærast), som studerer kva Kristoffer Sylthe Hanaset jobbar med i verkstaden. Foto: Morten Hetland


NYSTEIKTE LAPPAR: Johannes Våge syt for at lukta av nysteikte lappar breiar seg godt rundt i lokala.

STØDIG: Med stø hender opererer Vegard Bø verkstadkrana utanfor verkstadbrakka.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 27

V

DRØSEKLUBB: Sjølv om laget heiter Mekkeklubben, er det minst like mykje drøseklubb i Fister bedehus på måndagane.


TÅLMOD: Ein må vera tålmodig om ein skal mekka på ein firhjuling. – Eg får det nok til, meiner Markus Moen Hausken.

ryfylkebanken

ryfylkebanken

Mitt Hjelmeland 28 |

| desember 2015


I L L U S T R ATØ R

Teikningar med særpreg Tekst og foto: Morten Hetland

– GROTESK, LUN, VARM OG EKTE, SEIER HILDE THOMSEN (31), NÅR HO SKILDRAR SIN EIGEN STREK; SITT SÆRPREG SOM ILLUSTRATØR.

V

I TEIKNESTOVA: Hilde Thomsen trivst svært godt i Tegnestuen, rett nedanfor Valbergtårnet i Stavanger. Foto: Morten Hetland desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 29


STØ HAND: Hilde Thomsen jobbar konsentrert med stø hand for å få fram alle nyansane og særprega i ansiktet til STN-kua (sida trønderfe og nordlandsfe). MF «Ryfylke» klappar til kai i Stavanger. Eksoslufta stikk i nasen til journalisten frå Mitt Hjelmeland. Så nært Hjelmeland, men likevel så fjernt. Målet er illustratør Hilde Thomsen si teiknestove i oljebyen. Gatene er nesten folketome i den kalde, klåre novemberkvelden. Rett ovanfor krysset mellom Breigata og Kirkegata badar Valbergtårnet i blått og raudt lys, for å minnast tragedien i Paris. Noko av lyset blir reflektert ned på Tegnestuen; Hilde Thomsen sin arbeidsplass. Målet er nådd. – MEIR INTERESSANT ENN FINT Sjølv om Hilde no er busett og jobbar i Stavanger, har ho røtene godt planta på Fister i Hjelmeland. Det var der ho lærte å bli glad i dyra og naturen, det var der teikneinteressa blei vekt, og det var der viktige førebilete konkluderte med at teikningane hennar var meir interessante enn fine. – Eg har alltid hatt teikneinteressa i meg – det har jo alle barn – men eg var i tillegg heldig å ha ei mor som var interessert i teikning og maling, og difor hadde eg alltid utstyr tilgjengeleg rundt meg, fortel Hilde. Då alle dei raude strekane i norskstilane tok livet av skriveinteressa hennar, fann Hilde ut at det var mykje Mitt Hjelmeland 30 |

kjekkare å fortelja historier ved å teikna. – Eg teiknar aldri noko berre fordi det skal vera fint. Det må ha eit innhald; noko eg vil fortelja, slår ho fast. SOSIONOMEN SOM BLEI ILLUSTRATØR Hilde er eigentleg utdanna sosionom, men reiste til Australia for å studera til bachelorgrad i illustrasjon. Ved sida av studia byrja ho å jobba som frilansillustratør for gatemagasinet Asfalt, og endeleg fekk teikningane hennar eit større publikum. Sommaren 2011 fekk ho eit sommarvikariat som avisteiknar i Stavanger Aftenblad, sjølv om Stavanger Aftenblad ikkje hadde nokon avisteiknar å vikariera for. – Då eg skulle tilbake til Australia, for å studera vidare, lengta eg så mykje til Noreg at eg kom tilbake den same hausten, smiler Hilde. Hilde fekk stadig fleire frilansoppdrag for Stavanger Aftenblad, og for to år sidan flytta ho frå frilanspulten i eit kontorlokale ved Domkirkeplassen til Tegnestuen, der ho framleis held til. – No har eg hatt teikning som fulltidsjobb i fire år, og det har eigentleg gått overraskande greitt. Det går mykje opp og ned, med mange ulike oppdrag. Av og til kan eg bli livredd for at eg må finna meg ein «skikkeleg» jobb.

| desember 2015

SAUE-FEBER I 2014 For eitt år sidan blei Hilde og streken hennar vidkjent for plakaten «Smale: Norske saueraser». – Eg reiste rundt frå gard til gard og teikna karikaturar av norske sauerasar. Prosjektet var i eigen regi og på eige ansvar, og eg tok ein kjempestor risiko for å gjennomføra det, forklarer Hilde. Denne hausten var både Hilde og sambuaren Tommy sjuke, og då november kom, hadde ho ikkje pengar til å trykkja plakatane. – Eg ringde til far for å spørja om eg skulle trykkja 200 eller 500 plakatar, sjølv om det berre var snakk om nokre tusen kroner. Eg var svært nervøs, og tok ein stor risiko, men så tok det så av at salet av plakatar dekte trykkinga og vel så det, smiler Hilde fornøgd. I tillegg til opning og utstilling i Tegnestuen, har Hilde turnert med saue-teikningane sine i Galleri Hagalid i Hjelmeland, Møllehagen på Tau og i Ål kulturhus i Hallingdal. – Det er noko med nordmenn og sauer, legg ho til. UTRYDDINGSTRUGA HUSDYRARTAR I år har Hilde satsa på kyr, og teikna karikaturar av dei seks norske storferasane, som er truga av at den norske bonden har gått over til produksjon av NRF (norsk rødt fe). Storfe-plakaten blei ferdig i november, og tidleg i desember inviterte Hilde til juleutstilling i Tegnestuen. – Det blei ei blanding av skulpturar av døde dyr, plakatar av bevaringsverdige storférasar i Noreg og andre teikningar, så det var ikkje akkurat som utstillingsvindauget hjå Brødrene Pedersen, smiler Hilde. Karikaturane av sauer og kyr er berre starten på eit større prosjekt som Hilde har sett i gang av eiga interesse: Å teikna alle dei 36 bevaringsverdige husdyrartane i Noreg. – Til slutt skal det bli eit lite bibliotek av karikaturar av utryddingstruga husdyrartar, alt frå sauer og kyr, til geiter, hestar, hundar og bier, utdjupar Hilde. Oppveksten på eit gardsbruk på


Fister, blant sauer, høns, kyr og gris, får mykje av takka for at Hilde teiknar karikaturar av dei utryddingstruga husdyrartane i Noreg. – Sjølv om eg ikkje blei bonde, har verdene mine møtt kvarandre på denne måten. Eg kjenner til livet og dyra på garden frå før, og difor vågar eg å tulla med det. Dessutan tykkjer eg det er fint å få vera med på å framsnakka landbruket i Noreg. STOLT MED SÆREIGEN STREK Den særeigne streken til Hilde blir ofte satirisk, uansett kva tema og medium ho illustrerer for. Det blir berre slik, og det er då det blir bra. – Teikningane mine er groteske, men lune. Samtidig er det noko varmt og ekte med dei, og det kjem nok av den lidenskapen, kjærleiken og respekten eg må ha for å kunna teikna noko. Hilde er stolt over det ho har gjort som illustratør dei siste åra. – Eg har ikkje vunne nokon pris, og er heller ikkje verdsberømt, men eg likar vegen det har tatt. Eg er fornøgd med at eg kan ha ei teiknestove i Stavanger, og at eg kan reisa rundt til bønder og teikna dyra deira når eg sjølv vil, samtidig som eg får teikna for store norske aviser, fortel Hilde. – Kva er nøkkelen til suksess? – Mykje handlar nok om å ha overskot og vilje til å gjera ting betre enn berre «godt nok», konkluderer teiknar og illustratør Hilde Tomsen.

Hilde Thomsen • Alder: 31 år • Sivilstatus: Trulova og sambuar med Tommy Ellingsen • Bustad: Stavanger (kjem frå Fister) • Utdanning: Sosionom og illustratør • Yrke: Frilans teiknar og illustratør for mellom anna Dagens Næringsliv, Cappelen Damm, VG Helg, Stavanger Aftenblad, Gatemagasinet Asfalt og ei rekkje andre publikasjonar.

desember 2015 | Mitt Hjelmeland | 31


Julegaver fra Mikals Laks 2015 Basert på tradisjonsrike oppskrifter og kun naturlige ingredienser.

269,299,-

299,-

pr. kg

pr. kg

• Einerrøykt laks hel side • Einerrøykt laks skivet hel side

NM GULL 2013!

319,-

319,-

pr. kg

499,stk.

Gaveeske med 2 eller 3 småpakninger. Pakningsstr. à ca. 400-500 gr.

249,-

pr. kg

• Cognacmarinert laks skivet hel side • Gravlaks skivet hel side

• Varmrøykt pepperlaks hel side • Einerrøykt pepperlaks hel side

pr. stk

• Einerrøykt pepperlaks skivet

• Einerrøykt laks - loins ca. 300 gr.

199,stk.

Gaveeske med 1 stk. laks ca. 400-500 gr. og 1 glass sennepssaus eller 1 glass einerbargele

319,-

Gaveeske stk. med 2 eller 3 småpakker. Total mengde ca. 1 kg

Gaveeske med 1 stk. laks ca. 400-500 gr.

159,stk.

Produktene er pakket i gaveesker. (Inkl. i prisen). Alle priser er eks. mva.

www.kingmikal.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.