«Paradisspelet» av Kirsten Barka (utdrag)

Page 1

Kirsten Barka

PARADISSPELET

Tidsbilde frå åra 1957–1962



Kirsten Barka

PARADISSPELET Tidsbilde frå åra 1957–1962 ROMAN

2015


© Glytte Forlag/Kirsten Barka 2015 Innhaldet i denne boka er verna av åndsverklova. Utan skriftleg avtale med forlaget, er utskrift og anna kopiering bare tillatt når det er sikra i lov eller avtale med Kopinor. Utnytting av materialet i strid med dette, kan medføre erstatnings- og straffeansvar. ISBN 978-82-303-3002-9 1. utgåve, 1. opplag Framsidefoto, utforming og ombrekking: Morten Hetland/Hetland Media Trykk og innbinding: LaserTrykk.no Boka er gitt ut med støtte frå Ryfylkefondet. Kontaktinformasjon: Glytte Forlag v/Kirsten Barka Bergflettevegen 3 4100 Jørpeland Telefon: 962 35 962 E-post: barkakirsten@gmail.com Nettstad: kirstenbarka.no Nokre av replikkane til den lokale originalen Krokhølsmeden er autentiske, men har blitt sagt i ein annan samanheng. Referatet frå Knut Johannesen sitt 10 000-meterløp i Squaw Valley, er frå NRK radio, og utdraget frå Slagerparaden er frå eit program som blei sendt i fjernsynet den 29.04.1961. Enkelte replikkar frå Veien til Agra av Aimée Sommerfelt er tatt frå Lørdagsbarnetimen i NRK.

2


Til Erle og Imre 3


4


1 I butikkane nedover langs Vågabakken opnar dei seg for dagen som så vidt har begynt. Ekspeditrisene stel seg ut og lyftar ansiktet mot den tidlege vårsola før dei første kundane skal komme, og i butikken til Konrad Berge tar Krokhølsmeden det første rikset i døra og glir inn og spør etter skruer. Nokre dører lukkar seg for at karane skal gå ned til kaien og drøse og spytte skrå og sjå på dei som skal reise, og i gardane blir det hengt ut vask som skal få tørke seg i vårsola. Ester har hast og sleper med seg sonen. Ho vil ned og sjå på passasjerane, men skoen er laus, og guten kjenner forskrekka at beina ikkje når bakken i farten til mora. Ho strekkjer hals då ho nærmar seg kaien, for noko kan skje som ho ikkje får med seg: Ein kan aldri vite om nokon har komme før henne, og vasken kan ho vente med. Dei som startar heimanfrå og går lause og utan ærend, bare for å drøse, har komme heilt ned i Vågen. Dei sit på ein stokk med ein attgløymt hatt oppå hovudet og ser på dei som skal reise. Dei høyrer til i eit samfunn som dei sakte forlèt, og spyttar skrå og ristar på hovudet over det nye dei ser, og over det som dei har sett forsvinne, og som dei ikkje kan gjere noko med. 5


– Det går så fort alt nå, seier dei. – Og så dyrt som alt er blitt. Ja, ja. På Stålverket over sundet står arbeidarane ei stund og dreier jern inn i store omnar og stirer ut over fjorden, før dei blir skifta ut av dei som kjem etterpå. Dei er som inni ein motor som heile samfunnet kviler på, lukka inne i store hus med vindauge av glas som dei ikkje kan sjå gjennom. Når dei kjem ut igjen, er dei svarte og går med stumme ansikt med ein blikkboks under armen. Men nokre kjem etterpå, med tøy som er pressa, og slips stukke ned i jakkeslaga: eit etterslep av skrivebord og tørre pennar og vesker som strammar, spent over matboksen. Dei har hovud med plass til tankar, og ruslar sakte med nedbøygde fjes og auge som ser ned i grusen. Dei kjem frå kontora, der dei strekar opp det nye, og grunnar over svarte tal og ordrar som ikkje stemmer. Frå butikkane kjem det ekspeditørar som lukkar dørene til nesten same tid, og som stansar og kryssar gata og sig ned til den same staden med kjerrer som det skal vere varer på. Dei stiller seg opp for seg sjølv og ser ut i lufta og raslar med papir som dei skal vise fram. * Synne får lov til å sitje heilt inst ved kaien når det er fint vêr. Då har ho snøret sitt med, og stinter sym rundt og bit så forsiktig i agnet at gleda iler i ho. Det er heilt grunt inne ved stranda, så mora treng ikkje 6


å passe så mykje på henne når ho sit der. Ho opnar bare vindauget av og til for å sjå til henne. Det er bare ho og fiskane, og det er så kjekt, for då kan ho leike at dei smett rundt og gøymer seg for kvarandre. Av og til kjem det små bobler opp frå dei. – Tjihi, seier ho då, for ho trur at dei snakkar eit fiskespråk, og det kan jo ikkje ho forstå. Ytst ved kaien kan det godt vere at det er store fiskar, men der får ho ikkje lov til å gå. Mora pressa stemma høgt opp då ho snakka til henne om dette. Det var liksom ho skar i kaien og sette eit merke midt på som ho ikkje klarer å trø over, sjølv om ho skulle ønskje det. – Du må være forsiktig, sa ho tynt. – Vi har bare deg, må du huske. Og så må du komme rett hjem. Og aldri gå på tuppen av kaien! Etterpå tok ho på henne ei lue, trekt med skinn, så ein mest skulle tru at ho var Raudhette som skulle til bestemora sitt hus, bare at ho har eit spann i handa, og ikkje ei korg. På jumperen har ho border på kryss og tvers, og sikksakk-saumar som skal tette igjen for lufta frå sidene og halde trekken ute. Synne tenkjer seg at dei fiskane som er ytst ved kaien, kanskje er mora og faren til dei fiskane som er inne på grunna. Og så har dei kanskje bare sumt ut der litt for å hente litt mat til dei, og det skulle ho gjerne ha sett. Men føtene er rare og vil ikkje heilt lystre henne når ho går bortover mot kanten, og under kaien kan ho høyre lydar frå bølgjer som slår og gjer det nifst. Ho kjem til å tenkje på at det kanskje er noko farleg der 7


nede i sjøen, for eksempel haiar, for fiskane har kanskje ete seg så store når dei har vore langt ute på havet. Og når ho har tenkt på det ordet, så grøsser ho, og ho klarer mest ikkje å bøye seg over kanten. Det ho ser under seg er først ingenting, men så klarnar det, og ho kan sjå tydeleg. Bilane som tutar, og menneska ho har gått forbi, blir med eitt så langt borte, for der nede er det ikkje nokon botn, bare noko grønt som vellar fram, endå lenger enn ho kan sjå, og det ser ikkje ut til å stanse nokon stad. Dei kan dø viss dei kjem nedi der og søkk og søkk, det har mora sagt til henne, og det er annleis enn å vere levande og puste, for då ligg dei heilt stille og kan ikkje røre på seg meir. Beina hennar kjennest brått veike, så dei knapt klarer å bere henne. Ho ser seg om etter nokon som kan trøyste, men dei folka som ruslar sakte mot kaien, legg visst ikkje merke til at ho har sett noko fælt, for dei går bare og snakkar koseleg saman. Borte ved pakkhuset står dama i posten og myser på henne, for ho er visst nærsynt. Synne skyndar seg bort og gir seg til å sjå opp i ansiktet hennar, for ho har roser i kinna; små, tynne årer som sprett fram når ho frys, men då ser ho bare rett fram, og ikkje på Synne. – Ahrr… Kjem ikkje den båten snart? Kaldt er det òg, seier ho, for å sleppe unna blikket til Synne. Ho gnir føtene mot kvarandre og skuttar seg. Synne synest det er som ho endeleg blir redda inn på fast grunn då ho høyrer henne snakke. Det er ei trøyst å få høyre vanlege ord. – Det er farleg å stå ute på tuppen, seier ho alvorleg. 8


– Ja, men me går ikkje heilt ut der, veit du. Me får halde oss her inne, seier dama. – Eg får lov til å stå her. – Ja, du må bare halde deg her, seier dama igjen. – Ja, for elles så kan me falle uti sjøen, og då kjem me ikkje opp igjen. Og då må me ha bøye, seier Synne og grøsser. Ho ser for seg livbøyen som heng bak ei glasrute like ved henne, klar til å leggjast om ein kropp som er i ferd med å drukne. – Og då må dei knuse glaset òg. – Ja, det må dei, seier dama blidt og trippar med føtene sine. * Då Fjordbris kjem, blir alt brått fullt av bråkande lyd. Dekka som skal ta imot støyta, kvin og skrik, og flokken som står på kaien, begynner å gjere seg smal i midten, så det blir ei opning der landgangen skal vere. Dei er statistar i ein scene med ein einaste aktør, ein koloss i full storleik, som må temjast på plass av ein ekspeditør som spring fram og tilbake og regisserer trossa fast og drønna til ro. På innsida av båten kan dei sjå folk som drar seg fram bak slørete glas, og som sig sakte mot utgangen bakarst. Sløve, av dirr frå motorane, får dei dagslyset på seg, og er ufrivillig i fokus for dei som skal sjå på dei. Nå tar ekspeditøren til med å veifte med armane og blåse i fløyta. Dei første passasjerane skal ut, og det er ein svær klump av folk som stengjer vegen og ikkje vil flytte seg. 9


– Her! Kom igjen, nå. Trekk dykk lenger vekk, seier han, og skyv på dei som står nærmast. Synne skyndar seg å smette inn mellom dei som står der, slik at ho kjem til å stå ved sida av Ester og sonen. Ester sveittar og er blank i ansiktet, for sonen drar for å komme seg laus og vil visst springe vekk viss ikkje passasjerane kjem snart. – Ah, kan dei ikkje komme snart, stønner ho.– Eg forstår ikkje at det skal ta så lang tid!… Nå må dei komme! – Eg såg ein mann i glaset, seier Synne ivrig; glad for å sjå nokon ho synest ho kan snakke til. – Ah, seier Ester bare, oppgitt. I eit røyr i den eine sida av Fjordbris er det vatn som renn og renn, og det tar visst aldri slutt. Det er visst vatn der inne som skal ut heile tida, og det har sikkert samla seg ein masse. Synne kan ikkje ta auga frå den vesle strålen som brusar og fossar, men det er ingen rundt henne som stussar over det, som ho kan sjå. * Framfor landgangen i Fjordbris står fru Petersen i pels og er reie til å redde seg over med eleganse med posane frå Marnburg og veska med blomar frå torget. Ho har kresne vanar frå Stavanger, og ein mann som kjem frå Stålverket i dress, ein time etter dei andre. Ho hadde tenkt å gå over landgangen med korte skritt og gjere raske nikk, men det er festa plankar på tvers, som lagt ut med list, for at noko skal skje, så ho må stige over med skrevande bein og helse mens ho styrer med 10


ei hand ut til sida. – Nei, men!… Oi!… God dag, seier ho tamt. Det er som om stemma sklir då ho skal til å seie noko, så orda kjem ut i ein heilt annan tone enn ho hadde tenkt seg, og ho må redde seg inn igjen med ei stram mine. Det er ein sfære av sosietet og parfyme og byluft då ho passerer, som får dei nærmaste til å stikke hovuda saman og streve hardt for å sjå kva ho kan ha i posane frå Marnburg. – Det er sikkert noko av silke, mumlar Ester for seg sjølv. – Det er heilt sikkert silke. – Eg såg blomar òg, seier Synne trygt. – Ja… ja…, seier Ester svevande. – Sjå på Olsen! seier ho brått. – Han har visst tenkt å dette ut i sjøen! Olsen ser ekstra tom ut, fordi han kjem frå Stavanger og ikkje har noko med seg; bare restar av eit skrått smil og vekslepengar som raslar laust i lommene. Han stig ut i ein dunst av øl frå ein fest i salongen på Fjordbris, og tar seg tid og hoiar over skuldra til nokon som kjem bak. – Det er verken politi eller lensmann her. De kan trygt komme ut! skråler han. Olsen er ein lokal Krøsus og har brukt pengane i eit res ved borda på Alstor, og er høgrøysta på veg tilbake til voksduken og Stavanger Aftenblad og ettermiddagsskift på Stålverket. Han har ein slitt eleganse; eit forsøk på å vere fin i klede som moten har passert, som han har felles med kompisane som kjem bak. – Her må me vere forsiktige, seier han til seg sjølv då han står framfor landgangen. Han svaiar litt først og tar 11


så steget over. Han slår seg til hos dei som står fremst, og spreier dosar av spøk som er til overs frå turen. Spøken er grov og sprungen ut av gammal rus, og får nokre av dei til å slå handa for munnen og sjå på kvarandre. – Kva er det Sophia Loren har, som ikkje Tjukke-Berta har dobbelt så mykje av? Heh? høyrer dei han flåse. * Etter kvart begynner folk å trengje seg på rundt Synne, for Olsen får selskap av kompisane frå Fjordbris og Tjukke-Berta, som slår frå seg mot ein ufin kommentar. Ho har ein stor kropp som ho stiller opp til forsvar for det dei måtte ha å seie, og ei klyse med Toy som ho rullar rundt i munnen, klar til å smellast. – Kva er det du glor på? Har du ikkje sett folk før? Flytt det stygge trynet ditt, seier ho, og brøyter seg forbi ein mann som står der. Etterpå kjempar ho ein ordlaus kamp med tyggegummien som våpen. Ho tøyer han langsamt og lèt han kroke seg i munnvika til ho er sikker på siger. Bak seg har ho ein fyr ho har støytt på og som absolutt ikkje skulle ha vore der, og som prøver å presse seg inn i massen og smyge seg usett forbi. Han blir klemt ut igjen heilt ytst og står og ser seg forvirra rundt og tar steg ut i feil retning, men summar seg og begynner å gå den vegen han skal. Kanskje Ester har lyst til å høyre at ho har sett TjukkeBerta før, for det er ikkje sikkert at ho veit det, tenkjer Synne. 12


– Eg òg har sett ho, seier ho så. – Kven då? Tjukke-Berta? seier Ester mens ho strekkjer på hovudet. Synne nikkar. – Ja, det er nå ikkje akkurat vanskeleg å få auge på ho, seier Ester med ein liten lått. – Eg har sett ho i bussen, held Synne fram. – I bussen? spør Ester, med eitt interessert. – Kven var det då ho hadde med seg? Olsen? Synne bare ristar på hovudet. – Kven då? Krokhølsmeden? Synne ristar på hovudet igjen. – Ahrr, seier Ester og snur seg frå henne; arg over å bli snytt for det ho måtte ha å seie. * Då Asta kjem ut, er tilskodarane på veg bort, og Fjordbris som eit dorskt dyr, tamt leidd inn i båsen; alle lyster sløkte, og taumen i ei laus løkke ved sida av seg. Asta er soldat i Frelsesarmeen, og har lese Krigsropet og brynt seg på lausmunna tale i salongen på Fjordbris, så bonetten har dratt seg forfjamsa til side og hekta henne opp i eit stivt smil. Då ho ser Synne, nikkar ho til henne, og Synne neier, for ho har sett henne fleire gonger på sundagsskulen. Eit stykke frå båten står ekspeditørane som ein tropp piratar, med kjerrene parat og papir stukke ned i bukselommene. Då det er deira tur, strøymer dei over dekket, kvar til sitt gods, nappar i merkelappar og studerer adresser og noterer med blyanten som dei har 13


bak øyra. Dei sirklar om eskene og forskar på usikre beskjedar i følgjesetlane og gjer samanlikningar med dei andre som står der. – Det skal nå vere tre kassar her. Ikkje to. – Ja… Me får sjå her borte. – Og følgjebrevet til denne ? – Jo… Det er visst her. Eit stykke lenger borte er det menneske som virrar litt og stansar framfor døra til Forbruken, og nokre med faste steg som veit kvar dei skal og som forsvinn oppover bakkane. Synne tar eit godt tak i spannet sitt og skyndar seg bortover mot mjølkebutikken. Ho har vore opptatt med å sjå på onkelen som lempa ein stor kasse oppå ei kjerre, og la ikkje merke til at ho nesten var aleine att på kaien. Midt framfor huset til Synne sin farfar i Vågabakken står Olsen og stirer nærsynt på myntane han har i handa, og som han treng til Rigabalsam og ein Rød Mixture. I etasjen over trekkjer farmora gardinet til side; rykkjer forsiktig i den eine fliken og drar seg nok fram så ho kan sjå dei som står utanfor. Ho strekkjer på hovudet og strever med å plassere føtene og berekne blafringa i gardinet så ho får med seg alt. – Og så midt på ein måndag. Han eig ikkje skammevett, seier ho lågt til seg sjølv. * I mjølkeutsalet finn Synne seg ein plass like ved døra. Ei stund etter smett fru Petersen inn, med posane frå 14


Marnburg og veska med blomar frå torget. Ho slår seg ned saman med karar som nettopp har røykt pipe på kaien, og snusar inn karva tobakk og grove mannshender og prøver å styre seg. Ester står ikkje stille, men travar fram og tilbake med sonen sin. Ho har spørsmål ho ikkje har fått svar på, og leitar etter nokon ho kan spørje, og rører seg slik at ho blir ståande ved sida av Synne. Bak disken står det ei dame og gliser med svære tenner. Ho har stått i ein straum av mjølk frå morgonen av og slamra med spann og rikka på lokka, så håret er blitt kvitt av det, og kinna raude, og det står ein rå damp ut av munnen på henne. I kassen skrapar det av myntar som ho tel hastig opp, og som singlar ned i handflater og blir lukka med eit knepp ned i pengepungar. Det blir ein larm ved døra då Krokhølsmeden trør inn, og ein brå stank som får Synne til å rygge. Fru Petersen slepp opp for luft, og Ester flyttar på seg, så ho kan sjå betre. Krokhølsmeden er ein person som dei kan vente seg leven av – ein lovlaus i somme auge – som har tatt seg til rette i elva han bur ved, og demt opp vatn til smia si. – De må jo begiba at eg stel ikkje vatnet. De får det jo igjen når det renne ud onna kadelen, seier han til karane som står der. Hos han finst orda bare i rå form; pusta opp i smia og herda som stålet han lagar knivane av, med kvass egg. Han blottar med lyst trasane sine, og finn glede i skrekken han manar fram i ansikta; uhyggja ved tanken på rønna han bur i, og skiten som aldri blir vaska bort. 15


Han har terga pene fruer før, og ser at det ligg til rette for ein scene då han ser pelsen til fru Petersen. Parfyme i nasen rører ved farlege strenger, ei lyst til å vise den grimme baksida; det heslige ho er spart for. Nå står ho i eit hjørne og skyv lufta opp rundt seg, så ho blir som ein mur, og møter ikkje auga til dei som står rundt. – Eg må få meg litt sure melk, seier Krokhølsmeden høgt, vendt til fru Petersen. – Då fis`eg så hugjeligt, legg han til. – Du sko gå hjem og vaske dei litt, du Karlsen, svarer fru Petersen med ord som er «fine» i klem mellom dei stadlege, for å auke distansen, for plassen der ho står, har skrumpa inn, og ho har ikkje noko meir å verje seg med. * Synne snur seg mot døra då Krokhølsmeden kjem og stengjer for lyset og lagar ein lang skugge innover lokalet. Ho lurer på om han kan vere eit menneske, for han er ikkje som dei andre. Han ser ut som han kan rykkje opp røter med nevane sine, for dei er så store, men nå heng dei bare og sleng og daskar på låra hans. Håret er rusket, og det ser ut som om kvistar og halm har lagt seg i det, og i kinna veks det grå tustar av skjegg. Stemma er grov og raspar i strupen når han snakkar, og der nasen skulle ha vore, er det bare eit djupt søkk. Ho tenkjer med eit grøss at han kan vere eit troll, og at han kanskje har komme heilt frå skogen for å sjå til dei. Mora vil aldri tru at det går troll rundt omkring. Ho 16


seier at Synne bare vasar når ho seier slikt, og at det bare er noko ungar finn på. Nå vrengjer Krokhølsmeden auget mot Synne, så det kvite kjem til syne. Det blinkar og skin i det, så ho rykkjer skremt på seg. – E’ det nasen min du ser på? spør han bryskt. – D-nei-h! svarer ho, og drar pusten langt inn, så det ikkje er plass til fleire ord i halsen hennar. – Høh! seier han bare. Han ser eit lite fjes og to forundra, blå auge under seg, og veit visst ikkje noko meir å svare. Etterpå slår han seg på brystet og viser fram ein vest han har laga av katteskinn. Endåtil ein sole i skoen drar han fram. – Kattaskinn hjelpe mod gikt, opplyser han. – Ska du ha deg ei flyssa, seier han litt lågare og bøyer seg ned mot Synne. Synne ser forskrekka inn i eit stort gap i fjeset hans, med blanke gummar og bare ei tann. – Den tånnå brug’eg te å åbna melkeboksen med, seier han og brettar ut leppene. Ester snur seg mot Synne: – Ikkje bry deg om Krokhølsmeden. Han bare gjers på, seier ho og blunkar til henne. – At han kan bu i eit sånt skur, seier ho litt lågare. – Og så alle dei kattane som fyk ut og inn. Så breier smeden ut armane og fortel dei som står der om ein svær torsk han drog opp då han fiska inne i fjorden. Etterpå gir han seg til å fortelje om kor svært det er å få selt alle øksane og knivane han lagar. – Eg måtte sei te ei kåna at maen hadde bestilt di, unn17


skylder han seg. Og då ler karane så stygt at Synne mest blir redd. Plutseleg ser ho Krokhølsmeden gå mot døra og hytte med neven til hunden sin, som står og gøyr utanfor. – Hold kjeft, Bussi, brøler han. – Stå ikkje der og ber deg sånn, på ein dag med fint vêr og adle ting. Fisk he du òg fått, din gabkjeft. Nå drar Ester Synne til side mens ho strekkjer på hovudet. Ho ser ingen å spørje elles, og kviskrar nesten når ho snakkar. Ho festar auga i hårrota og under nasen på dei ho snakkar med, og stiller upresise spørsmål som ho liksom ikkje har tenkt heilt over, og leitar skarpt etter svaret som finst bak orda. – Såg du kva ho hadde i veska si? spør ho og nikkar mot fru Petersen som er på veg ut av døra. – Det var ikkje ei flaske, var det det? – B-blomar, trur eg, stotrar Synne. Ho såg tydeleg nokre blomar som stakk opp frå veska hennar då ho kom ut frå Fjordbris. – Jah, blomar, ja, seier ho oppgitt. – Men elles? – Eg veit ikkje, seier Synne spakt og ristar på hovudet. * Ei stund seinare er det glissent i mjølkeutsalet. Ester og fleire andre har fått sitt og gått igjen. Det er ei emmen lukt etter smeden i rommet, som borar seg inn i nasen til Synne og gjer henne søvnig. Bak disken fossar mjølka ned i spanna når dama dreier på handtaket. Etter kvart blir strålen mindre, og ho må gå ut for å 18


hente ny mjølk til å fylle i kara. Synne stiller seg inntil disken og bankar på spannet med myntane sine, og då er det som om heile spannet skin. Frå kranene høyrer ho drypp som blir forstørra av metallet i karet under, så det lyd som drypp i ei hole langt inne i eit berg. Men det er ikkje eit berg, tenkjer ho trøystefullt; bare eit rom med ein svær disk, som strekkjer seg heilt bort til veggen på den andre sida. Snart syng og kling det i botnar igjen; mjølk flyt og skvulpar over og renn nedover sidene, og lokk blir pressa på med lette klaps. – Og så var det deg, seier dama endeleg til Synne. – Skal du ha to liter eller ein? – To, seier ho, nesten utan låt. Litt etter går Synne ut med eit spann som sneier ned i grusen, og som veks og blir meir digert for kvart skritt ho tar. Straks ho ser mora utanfor huset deira i Vågabakken, set ho i med å gråte. – Spannet er så tungt, skrik ho, nesten før mora kan høyre henne. – Eg kan mest ikkje lyfte det! Ho busar på med ilske ord; sår, fordi mora ikkje ser korleis ho lir. – Ja, ja, ja, seier mora bare, og tar henne med seg inn på kjøkkenet.

* 19


– Hva er det nå, da? roper mora inne frå stova, seinare om kvelden. – Eg er tørst! roper Synne frå soverommet. Det fæle djupet ho såg tidlegare på dagen, står brått for henne. Ho har vore der ho ikkje skulle, og må sjå dei fælslege auga til eit troll som stig opp frå sjøen, kvar gong ho skal til å sovne. Straks etter må mora komme inn til henne igjen. Slik brekkjer ho opp den mørke skuggen som ligg over rommet, med små lysglimt frå sprekken i døra, kvar gong ho kjem inn. – Dyna er skeiv! sutrar Synne. – Ja, men nå må du snart prøve å sove, seier mora trøytt. – Eg skal ikkje gå ut på tuppen av kaien, seier Synne med ein skjelv i stemma. – Eg går ikkje på isflak heller. – Nei, du må bare gjøre sånn som mamma og pappa sier, vet du, svarer mora. – Men eg ville jo bare sjå på fiskane! sutrar Synne. – Har du vært ute på tuppen! seier mora skremt og grip tak i henne. – Vil du at vi skal miste deg! Vet du ikke at du kan drukne! Orda hennar fossar fram, som om dei er i kav i eit stryk, og ikkje klarar å stanse. – Og så der som det er så dypt òg! – Ja… men… me skal ikkje miste meg, snufsar Synne. – Eg vil ikkje ha bøye! – Hvis du ikke lyer, så kan det skje fæle ting, held mora fram, utan å høyre henne. Brått synest Synne det er som om alle dei skremslene ho har høyrt om, samlar seg i det grøne djupet: ville og 20


farlege stup, og bilar som køyrer på ungar. – Stup òg er farleg. Og bilar, snufsar ho. – Ja, hvis du ikke passer deg, så kan du skade deg for livet, seier mora opprørt. – Du kan komme på sykehuset!

21


Av redsle for at noko fælt skal skje med dottera deira, Synne, har mora og faren laga klare grenser for kva ho får lov til å gjere; «eit paradis med tjukke strekar, som ho må vite å halde seg innanfor; som dei ventar at ho skal halde seg innanfor. Og dersom ho går over strekane, så gapar dei og ber seg, og drar ho fort inn igjen.» Fordi Synne veit at mora og faren og andre vaksne vil det beste for henne, prøver ho å gjere som dei seier. kaste seg ut med, viss det skulle begynne å brenne.

og har på seg kjolar som glinsar, og hos mormora som blinkar med auga for å vise at alt er bra. Det er derfor dei syng songane sine på ny og på ny, og begynner på galne stader, Kirsten Barka (f. 1950) er utdann a adjunkt , med norsk og fransk mellom fag og teatervitenskap grunnfag. Fram til hausten 2009 arbeidde ho som lærar ved Jørpeland ungdomsskole. «Paradi sspelet » er debutboka hennar.

mandolinen; tanta lèt som ho er med i og onklane tar svære slurkar av drikken dei har med seg i veska ved sida av sofaen. rundt landgangen når Fjordbris kjem, så dei kan få noko kjekt å ta med seg heim båt som står ute i hagen.

ISBN 978-82-303-3002-9

9 788230 330029


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.