12 Onsdag 8. februar 2012
Regionavisa
Regionavisa
«Fame» møter Idol
Premiereklare: Hovudrollene i årets musikal ”Fame” er frå venstre: Oscar Lewe, Simon Eiksund, Mathilde Orlien, Mathias Engeset, Maria Aylin Barstad, Kjetil Hallaråker, Ingvild Beate Skogly, Simen
– Vi kan love at årets musikal blir den beste nokon gong, seier lærarar og elevar ved Volda vidaregåande. – Ingen har sett ”Fame” på denne måten tidlegare, seier manusforfattaren.
Det blir lange dagar. Søndag var vi her i 13 timar, men det er berre kjekt. Anna Elise Vadset (18)
Premiera av musikalen i Ørsta Kulturhus er berre ei veke unna, men førebels har elevane nervane under kontroll. – Eg kjenner dei ikkje heilt enno, men nervane kjem når det nærmar seg. Det er venta fullt hus til første framsyning, seier eleven Anna Elise Vadset (18). Ho skal spele ei av hovudrollene i karakteren ”Coco” og har i likskap med dei andre elevane ved musikk-, dans- og dramalinja hatt travle dagar der også kveldar og helgar har gått med til øving. – Det blir lange dagar. Søndag var vi her i 13 timar, men det er berre kjekt. Vi gler oss veldig til premiera, fortel elevane som altså har premiere 15. februar.
Elevsamarbeid
Felles for dei snaue 100 elevane som aktivt skal ta del i den to timar lange musikalen, er at dei skal vere vel så mykje skodespelarar som dansarar og songarar. Musikalen er nemlig bygd opp i tett samarbeid med skulen si media- og kommunikasjonslinje som lagar TV-program om deltakarane. 23 elevar skal mellom anna fungere som eit TV-crew frå elevane sin eigen fiktive kanal ”TV9” som skal følgje konkurrentane og framføringane deira tett. Musikalen er basert på blockbustaren ”FAME" frå 1980, men det er altså ein høgst moderne versjon publikum kan vente seg i Ørsta.
Rotevatn, Siri Austnes, Anna Elise Vadset. Foto: Fotogruppa på medielinja.
– Ingen har sett ”Fame” på denne måten tidlegare. Publikum skal få opplevinga av at dei er med på reelle studioopptak av eit slags Idol med Fame som ei ramme, forklarar læraren Jan Terje Eidset som også er manusforfattar bak skulen sin 16. musikal. – Det er også relevant og praktisk trening for alle partar. Musikalen krever mykje av både elevane og lærarane, legg han til.
”Proft”
– For Volda vidaregåande skule er musikalen årets store happening og den blir større og betre for kvart år. I år har den ein kostnad på over 200 000 kroner, men vi har fått med oss fleire velvillige sponsorar på laget. Det er eit proft stykke arbeid som vert vist under den to timar lange musikalen, fortel musikklærar Kjetil Eiksund. Han legg til at også musikken er det elevane sjølve som står bak. – Det blir ingen playback. Vi har øvd mykje og det begynner å sitte som det skal, seier musikkeleven og bassisten Henrik Dalen som er ein av ti elevar som skal syte for musikken under dei fire framsyningane. Ein 20 kvadratmeter stor LED-skjerm skal stå som eit bakteppe og vise deltakarane sin veg fram til finalen med audition og det heile. – No er det berre å hive seg rundt å skaffe seg billettar. Vi kan love det blir den beste musikalen nokon gong. Vi skal alltid toppe den føregåande musikalen, fastslår lærarane. Tid: 15.-17. februar Stad: Ørsta kulturhus Tekst og foto: Roger Oldeide
Livemusikk: – Det blir ingen playback. Vi har øvd mykje og det begynner å sitte som det skal, seier musikkelevane Henrik Dalen og Gunnar Aurdal som er blant elevane som skal syte for livemusikk under dei fire framsyningane av ”Fame”.
Simon Eiksund (Bruno) og Anna Elise Vadset (Coco) i aksjon. Foto: Randi Nordnes.
Gler seg: – Musikalen er årets høgdepunkt ved Volda vidaregåande skule, meiner lærarane som er med å skipe årets musikal. (F.v) Stein Henrik Vartdal, Siv Kristin Aurdal, Håvard Krøvel-Velle, lærar og manusforfattar Jan Terje Eidset,Yngvil Birkeland, Kjell Dale, Synnøve Moltudal, Gunnar Sigve Aurdal, Hildur Sandstad Dalen og Kjetil Eiksund er nokre av dei.
Onsdag 8. februar 2012 13