Tung start for SkoleArena I haust har Volda vidaregåande blitt pålagt eit nytt fråværsysstem av fylket. Det har vore mange klager og mykje frustrasjon rundt dette fråværssystemet, både frå lærarane og elevane. Mange opplever det nye systemet som innvikla og vanskeleg å få oversikt over.
SkoleArena er eit datasystem for registrering og uthenting av informasjon for grunn- og vidaregåande skule. Det gir faglærarar og kontaktlærarar moglegheita til å registrere og hente data frå det skuleadministrative systemet 24 timer i døgnet. Rektor ved skulen, Margaret Alme, seier ho forstår frustrasjonane rundt SkoleArena, men ho meiner problemet er at ein ikkje kan systemet skikkeleg. -Kvar gong ein startar på noko nytt så skal avlære det gamle og så skal du lære det nye, og det kan vere vanskeleg. Eg trur veldig mykje av frustrasjonen kjem av at vi ikkje kan å bruke det. Eg trur vi er like intelligente her som på andre skular, dei klarer godt å bruke det der, så då skal vi klare å bruke det her også, seier Margaret. Dårleg Innføring Margaret meiner det har vore alt for dårleg innføring av SkoleArena, og at dette er noko dei burde ta sjølvkritikk for. -Då skulen skulle innføre SkoleArena undervurderte vi problemet, og det er kanskje det dummaste vi gjorde. Det synest eg vi skal ta sjølvkritikk for. Vi trudde at vi hadde så god oversikt at vi tok det mykje lettare enn det vi har gjort, og dei mentale førebuingane var ikkje gode nok, seier Margaret.
4
Tidlegare brukt For eit par år sidan vart det bestemt at ein skulle gå over til SkoleArena, fordi det kobla mot det administrative systemet som skulen hadde frå før. Det hadde også ein del funksjonar som gjorde at det var mykje meir kompatibelt, men skulen gjekk etter kvart tilbake til Fronter. -Det var ein del feil og manglar med SkoleArena då, og frustrasjonane var store den gongen òg. Vi valde difor å gå tilbake til Fronter i staden for å ta kampen den dagen. Det burde vi kanskje gjort når vi ser kva vi veit i dag, fortel Margaret. Ny læringsplattform I dag brukar skulen fortsatt Fronter som læringsplattform der vi får utdelt lekser og informasjon, men det er ikkje sikkert den vil bli verande på lang sikt. -Det finst ein elektronisk læringsplattform som heiter It´s Learning, som mange fylker brukar. Det har vore snakk om at skulen kanskje skal skifte ut læringsplattformen som vi brukar i dag, og då kan det skje at vi må skifte til It´s Learning fordi det blir vurdert som billigare og betre, seier Margaret. Komen for å bli Sjølv om mange lærarar og elevar grammar seg over SkoleArena, kjem ikkje skulen til å gå tilbake til Fronter. Fylket har sagt opp avtalen, og er ikkje interesserte i å betale for det meir. -Det er heilt uaktuelt å gå tilbake til Fronter. Vi er eigde av fylkeskommuna, og vi er ein del av eit stort konsern. Vi må klare å innrette oss etter dei bestemmelsane dei gjer. SkoleArena er komen for å bli, og vi må berre gjere det beste ut av det, avsluttar ho.
Rektor Margaret Alme seier at ho også har problem med å mentalt omstille seg til SkoleArena, men at det er noko vi alle berre må lære oss.
Positiv innføring ved Ulstein vidaregåande Skule På Ulstein vidaregåande vart Skole Arena innført for to år sida. Der var innføringa langt meir positiv enn her ved skulen. Tor Petersen som er assisterande rektor ved skulen fortel at motagelsen var god frå fyrste stund. - Både lærarar og elevar opplevde omsetjinga som ei forbetring frå fråværsføringa i Fronter, og vi har ikkje fått nokon klager verken frå elevar eller lærar. Eg tykkjer SkoleArena fungerer bra fordi det er intuitivt greit å forstå. Det er viktig for oss at elevane kan ha ein dialog med lærarar og kontaktlærarar, og sjøl kan føre sitt eige fråvær. SkoleArena har også ein vurderingsmodul som fungerar godt. Tekst: Ingrid Beate Foldal Foto: Ingrid Telset Heltne